søndag 5. januar 2014

Dei som eig Rema 1000 og Jysk i Narvik er redd for at enkelte skal parkere bilen sin utfor hos dei og sette seg ned for å sove i bilen. (Eller noko i den dur………..) Det kan ikkje vere anna årsak til at dei har hengt opp eit skilt om parkering på veggen sin.
Dei har ein svær parkeringsplass der det mest sannsynleg ikkje er av interesse for andre enn kundane deira å parkere. Det er liksom ikkje så hensiktsmessig med tanke på beliggenheita deira. Det er liksom ikkje så mykje anna å sjå der ute. (Med mindre du ska på Europris, eller noko……men då vil det vere fånyttes å parkere så langt unna.)


Som du ser………….. Det er gratis om du parkerer der, men overheld du ikkje det, blir du bortaua! Hahahaha……
Så difor tenker eg dei er redd nokon skal sovne i bilen der og sørge for at dei resterande kundane ikkje skal få plass til bilane sine. Og for kundegrunnlaget si skuld er det jo viktig at det er plass til alle! :=)

Mitt ærend denne dagen var å få fyllt opp bilen med diesel for dei neste ukene, og medan  eg stod ved pumpene såg eg dette skiltet. 
Det var ingen som taua meg bort……………

Foesvaret kutter manndomsprøven. Ikke noe for "dagens ungdom". Eg veit rett og slett ikkje om eg skal le eller skrike. Det er i alle fall bortimot det teitaste eg har høyrt. Vi lev i ei verd som berre blir verre og verre både med tanke på terrorisme og mange andre områder der ein er nøydd til å tenke sikkerheit. 
Dagens ungdom er late og klarer ikkje gjennomføre alle krava som er satt for det millitre. I stadenfor å rope ut eit varsku og på nasjonalt nivå prøve å gjere noko med problematikken. setter dei no ned grensene. Det gjer ingenting at ungdommen ikkje klarar å henge med, for forsvaret rettar seg etter dei. 
Er det rart vi "går" den vegen vi gjer? Eg lurar på (ikkje med glede) kor vi er om nokre tiår. 
Det er trass alt snakk om dei som skal kjempe for oss dersom det blir nødvendig.

Flere mannfolk kommer til å farge håret. Det er snakk om i 2014……. Eg spurte nettopp mannen i huset her om han nokon gong kjem til å gå med på å farge håret. Han nølte ikkje…..trengte ikkje noko tid til å tenke……svarte berre "Nei!" og så var augene like fort attende på tv´n. 
Eg veit ikkje, men av ein eller annan grunn så er det nett det svaret eg ser for meg at dei fleste menna ville gjeve om eg hadde spurt dei. 
Det er sikkert fleire menn som fargar håret, men eg ser det ikkje heilt for meg. 

Menn er byrja å bli meir jåleteog det er fleire ting som no innhentar dei å nett det området. Dette er ein trend som berre vil vekse seg større og større. Så eg lurar på om eg skal tilby min "kompetase" på feltet til mine kjære mannlege kollegaer?! Naturforskaren, inspektøren, gamalinspektøren, "save the world"-forskaren, pussaren……you name it……. Enkelte av dei har litt lite hår, men ikkje mindre enn at det går an å farge det som er der. Ikkje mindre enn at du vil makte å sjå endringa. 
Litt jordbærdram og hårfarge ein fredagskveld. Jomfrua skulle såvisst ha vore i sitt ess. Så kan dei jo også bli voksa i same stunda?! Medan dei ventar på at fargemiddelet skal skyllast ut. 
Det er vel ikkje sååååå vondt å få voksa brystkssa….eller? Thihihi……..og leggene! (Kanskje det blir litt for femi det med leggane?) Ein mann utan hår på leggane……Tja, eg veit ikkje.
Alt er greit, så lenge dei ikkje byrjer å spraye seg med damedufter.

Mann plaget naboene i morgentimene. Hmm……Kva betyr å plage i denne samanhengen. Viss ein skal tippe ut frå kor ein sjølv bur, så har det ved eit par-tre høver vist seg at det er mogleg å vakne til musikk i halv sju-tida ein sundags morgon. 
Som regel er det jo relativt hyggeleg å vakne til musikk, men så alt for tidleg ein sundags morgon, er vel dunkinga av ein eller annan bass det siste ein ønsker å høyre. Akkurat då brukar ein vel aller helst å ønske eigaren av anlegget dit pepparen gror. 
Det vankelegaste å forstå er korleis eigaren sjølv kan sovne til denne musikken når vi som bur såpass langt unna held på å gå i fistel av det. (Eg vil anta at eit par prosentar eller 60 har skulda….) 
Heldigvis er det supersjeldan at det skjer, men kjipt likevel. 

Eg fekk rett……. Denne saka omhandla faktisk musikk i dei første morgontimane. I Bodø. (Får håpe det ikkje var bror min som var den skuldige!! Thihihihihi…….)
Politiet var der faktisk to gonger. Første gongen ga dei han han eit pålegg…….(om det var ost eller skinke skal vere usagt)….. I alle fall…….andre gongen tok dei han med seg i arresten. 
Eg trur han var for full til å kunne bli avhøyrt, men han blir vel edru eingong, han også. 

Jaja…….stoda er no slik at klokka akkurat har passert 01.00 og då er det cel berre rett og rimeleg at ein sluttar av her. Jon Blund har ikkje kome flygande inn vindauget enno,s å då er det vel berre å finne på noko spanande å gjere til han kjem. Det spørs nett kor mange han har å besøke før meg i kveld. 
Eg overlev vel……
Så ha ein fortsatt fin "kveld" om du er enno er vaken. Ellers ligg du vel i djup svevn med fine draumar. 
God natt!

Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar