søndag 12. januar 2014

Hvem som helst kan bli Clooneys date på rød løper. Dette er ikkje akkurat ei nyheit av dagen, men likevel…..den er der!! Eg trur ikkje eg tar feil om eg seier det blei publisert på fredag. Då var eg på tur til hytta og ergo kunne eg ikkje sjå nærare på det då. Så no håper eg verkeleg at eg ikkje er for seint ute. Eg er rimeleg sikker på at eg har gode odds, så det vil jo vere litt kjipt viss det toget er godt no.

Einaste aberet er at du må ut med 62 kroner! Hallo…….? 62 kroner… Kva er vitsen med det? Skal han selge seg på billigsalg, eller? Ganske desperat, spør du meg.
Hmm….. Det står visst noko om krig og greier. Organisajon og veledigheit…. Hmm……Hmmm…… Plutseleg blei det ikkje så interessant lenger.
Eg trudde først at her vinn den som speler dei smartaste korta, og så viser det seg at det ikkje er heilt slik.
Nei, takke seg til…. Skal eg date sjølvaste Clooneyen, må eg jo først få sjansen til å sjarmere han og få han i "fella". Noko anna vil jo berre vere kjedeleg.
Kven er det som vil date ein som berre dater pga slikt? Heilaften betyr jo heilaften…og då forventer eg no meir enn det! Jaja…..Då sender eg stafettpinnen oppover til Troms og unge frøken Bu. Kanskje ho vil låne han for ein kveld? Eg kan godt betale dei 62 kronene for ho. (Sånn berre for å ha bidratt til noko som angår Clooney.)

Nei, han burde heller seie ja til ei helg på hytta med jomfru Knutsen. Tru kor interessant det kunne blitt?!

Jomfrua har i dag blitt utfordra til å blogge om noko ho glatt seier nei til. For første gong takkar ho nei. Det har aldri skjedd før.
Samtidig skal eg ikkje innrømme at det har med eit visst "tap" å gjere. Jomfru Knutsen kjem ikkje til å innrømme at ho gjekk på eit aldri så lite "tap" i dag og at ho syns det er ukult. Difor er det jo heilt klart at ho då lar vere å skrive om det også! Ikkje sant??
Konkurranse er ikkje alltid konkurranse, og det gjelds i alle høve ikkje om jomfrua føler seg snurt. Neste gong……..neste gong!!

Titusener droppet buksene på banen. Det er akkurat som om det ringer ei eller anna bjelle. I alle fall litt…..om enn litt langt borte. Droppet buksene…… Det er akkurat som om at eg har skrive om det tidlegare?!

Joda, eg har det! Eg opna akkurat saka, og det viser seg at eg skreiv om det i fjor på denne tida. Dete r nett same saka, berre nye folk. Målet er det same……. Ingenting! "Utan mål og meining!" Hahaha…. Ganske teit eigentleg, men likevel litt kult.
Det handlar berre om å ta t-bana utan bukse. Det starta som eit artig påfunn og har no endt opp som noko verdsomspennande. Heile 62 storbyar er med på "prosjektet".
Dette viser at viss ein vil, kan ein kome opp med ein "god" idè og bli riktig så berømt. Så no skal eg verkeleg inn i tenkeboksen og sjå kva ein kan komme opp med.

17-åring tatt med falsk ID - måtte vaske utested i seks timer. Hahaha….. Passande straff? Spørs om den er heilt lovleg?!
Etter å ha lest kva det dreiar seg om, står saka litt annleis. Ho visste ikkje kva konsekvensane er for å bruke falsk ID, og i samråd med utestaden og konfliktrådet blei dei einige om denne straffa.
Ei straff som på ein måte kan virke grei, men likevel syns eg det blir feil. For kvifor skal ho slippe unna med det når lova eigentleg er ganske klar på dette?

Då eg var i same alderen, fekk vi klar beskjed om kva konsekvensane var om vi overtrådde dei reglane som gjadlt. Falsk ID var særs alvorleg.
I dag er samfunnet blitt slik at ein seier "stakkar" til dei som er så uheldige at dei gjer noko galt.
Visste ikkje om konsekvensane? Hallo….. Ho visste då vitterleg om at det ikkje er lov til å forfalske eit ID-kort?! Eg kan ikkje tenke meg til noko anna. Ergo visste ho at ho gjorde noko ulovleg.
Som 17-åring bør du vite at om du gjer noko ulovleg så medfører det ei form for straff.
Ho har sjølv valgt å prøve seg og bør difor også ta konsekvensen av det. Det var det vi måtte då vi var i den alderen.
Dagens samfunn har ei rar retning……. Eg lurar på kor vi til sjuande og sist ender opp.
Lovverket blir i alle fall latterleggjort titt og ofte ved at det ikkje gjer seg gjeldande når det skal. I dag handlar det om å skåne folk mest mogleg.

Dette har vore den store utehelga! I går, straks etter frukost, bar det rett ut og der blei eg (vi). Eit kaldt, men herleg vèr satte verkeleg preg på dagen. Når mørkret kom, såg eg masse på stjernene. Heilt fantastisk fint. Til og med all etinga blei unnagjort ute. Herleg!!
Eg var nok ikkje så heldig at eg fekk sjå noko stjerneskot slik at eg kunne ønske meg noko, men fint var det likevel.
Med varm og god vinterdress er ein kledd for det meste! Ikkje rart at ein var stuptrøytt på kvelden i går. Det var såvidt at augene klarte å henge med utover kvelden.
Årets første grilling!

Nei, det er ny uke straks og denne knetta har ikkje noko ønske om å strate den i dvale. Difor skal eg trø i retning av soverommet og innta horisontalen med ei god bok. (Som eigentleg burde vore ferdig utlest for lang tid sidan.)
Jaja…..Ha ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar