mandag 6. januar 2014

I dag er årets største drittdag! (Berre så det er sagt….Det er ikkje mine ord, men ei overskrift.) Blåmåndag!! Blåmåndag er ei kristen benevning på måndagen den uka fasten startar. No har forskarar funne ut at akurat denne måndagen er dagen der flest menneske føler mismot og nedstemtheit. Mange fleire enn normalt føler skuldkjensle i dag og mange klagar på vèret (og då er sjølvsagt menna verstingar!!! Hahahahah…..)

Dagen blir også kalla for den store skilsmissedagen. Etter å ha overlevd jula i lag……… Så kan ein spørre seg "Kvifor akkurat rett etter jul? Kvifor er det i juletider at problemane toppar seg?"
Svaret er nok enklare enn mange vil tru. Årsakene ligger i økonomi, alkoholbruk, irritasjon over svigerforeldre(!!!!) og all førebuinga som må gjerast i heimen.
No er det sikkert mange som sit og ventar på at eg skal skrive utroskap som moment, men nei, det kjem ikkje på lista.
At desse momenta øydelegg forholdet akkurat i jula, er vel ikkje så overraskande?! Det er jo nett då alle momenta smeltar saman  ilag. Med andre ord er dei alle representert til same tid.
Hadde berre eit av momenta regjert åleine, ville nok dei fleste klart å ri stormen av, men ilag er dei nok uslåelege.
Sjølv syns eg jo den om svigerforeldre er litt "artig". (Eigentleg står det vel svigerfamilie, men eg reknar med at dei fleste syns mora er verst?! Det er vel ho som blandar seg mest inn…..)
Sjølv om mange går inn i seg sjølv og lover at sidan det er jul, skal dei strekke seg litt lengre en vanleg for husfreden si skuld, går det likevel gale.
Det er ikkje utan grunn at det er laga så mange komediar om nett svigerfamilie-temaet.
Det brukes utan tvil masse pengar i desembermånaden. For mange…..så alt for mykje. Når ein då i tillegg tar seg "eit par" (fleire) drinkar for mykje……. Er det eigentleg så mykje meir å seie?
Har du i tillegg svigemor på besøk, tja….say no more!! Krig i heimen og skilsmisse på blåmandagen!!

Viss du har overlevd jula og svigermor di, så har du kanskje ikkje den verste dagen i ditt liv akkurat i dag. Då kan eg vel ønske deg ei god natt og samtidig faktisk tru at du får det! Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar