torsdag 16. januar 2014

Fridag! Kva legg vi eigentleg i dette ordet? Fridag…….. Eit ord som kan bety ganske mykje forskjellig, alt etter kven vi er som person og etter kva behov vi har som menneske. 
Berre for å ramse opp noke forslag, kan ein spørre om det er: 
- at ein har fri frå jobb (eller skule for den del)
- at det er noko ein føler
- noko ein bestemmers seg sjølv for om morgonen om at det er
-  kanskje kvar dag kan vere ein fridag
- ein fridag skal vere hyggeleg?

Dette blei eigentleg berre ei lita liste ein kan legge som botn for ein diskusjon rundt temaet. Det kunne jo vore artig og sjå kor mange ulike svar ein kunne få om folk hadde engasjert seg i nett dette spørsmålet…….."Kva er ein fridag?".

For dei aller fleste blir nok assosiasjonane retta mot fri frå arbeid eller skule. Ein dag der dei ikkje treng å møte opp som vanleg og kanskje kan ta seg ei langhelg borte om det høver seg slik. 
Skiftarbeidarar har gjerne fridagane spreidd litt meir slik at dei treff ukedagar, men det er trass alt dagar ein til ei viss grad kan kalle helg. 
I dei fleste yrka har ein som regel fritt to dagar i uka. Det er slett ikkje slik at alle er så heldig at dei alltid har dei akkurat når det er laurdag og sundag…… Så enkelte av oss seier at vi tar helg, seier gjerne skiftarbeidarar at dei har fri. Fri frå arbeid………(i begge samanhengane.)
Betyr det at ein har ein fridag? 

Du er firebornsmamma (ja, eg er klar over at ikkje alle er det) og har fritt frå arbeidet ditt ein onsdag. Du ser fram til det og tenker at du skal slappe av heile dagen og kanskje ta deg eit kafebesøk om det høver slik. Om det høver slik…….. 
Onsdagen kjem, du må tidleg opp av di dei to minste skal i bornehagen og dei to eldste på skulen. Dit kjem dei ikkje av seg sjølv. Det skal smøres niste, dei minste må ha hjelp med kleda sine. Det må køyres hit og dit og gjerne innan ei viss tid. 
Når du forlater bornehagen, høyrer du aloen etter dei to minste som skrik av di dei eigentleg aller helst vil ha kosedag heime med mamma. 
Kom dei to eldste seg på skulen? Du satsar på det og ser fram til fridagen (som starta så alt for tidleg på morgonen). 
Du entrar døra heime og plutseleg hentar realiteten deg. Véret i går var ikkje bra, og var det ikkje slik at minst tre av borna kom inn kjempeskitne av di dei hadde rulla i gjørme og søle osv….? Du kikkar inn på baderommet og ser eit "hav" av klede som burde vaskes (aller helst i går). Det er berre å gyve laus på det, for det einaste som er sikkert, er at haugen ikkje vil minke i løpet av dei neste døgera. Kleda vaskes og henges opp…….
Korleis var det med oppvaskmaskinen? "Tømte eg den i går kveld……før eg slokna på sofaen? Eg hugser ikkje….. " Du kikkar inn i den og i det same sørgelege augeblikket skjønner du at fridagen ikkje vil bli heilt som du hadde tenkt. No rullar alle tankane om alt som må gjerast inn. Vaske huset, handle inn matvarer, lappe hull i klede, gjere dei småærenda som du ikkje har hatt tid til å gjere på dei ellers så travle dagane…….you name it. (Her er det berre om å vere kreativ, for då kan lista bli svært lang.)

Fridag…… Fridagen du trudde du hadde, men kvardagen ville det annleis. Kor mange har ikkje opplevd nett det? Sjølv med berre to born. 
Ein treng ikkje eit hav av born for å oppleve ein slik kvardag. Dei som har mange born, har gjerne gode rutiner, så å ha to born kan vere like "stressande". (Hmmmm……No høyrtes det ut som om at det er negativt å ha born…..For all del…..misforstå meg RETT!)
Uansett…..Kafebesøket blei det aldri noko av. 
Så på slike dager trur eg ikkje ein har hatt følelsen av å ha hatt fri. Ergo er ikkje alltid fri frå arbeid det same som fridag! 

Det skal jo vere deileg med fridag. Mange vel difor å reise bort for å nyte det. Tenk berre på kor godt det kan vere å få reise på hytta heilt åleine. Kunne gjere akkurat som ein vil utan avbrot av andre. 
For enkelte er det luksus. Luksus er ikkje å kjøpe seg noko dyrt, men rett og slett ha ein fridag for seg sjølv og sleppe å ta hensyn til nokon som helst. 

Så nemnte eg jo eit punkt som sa at kanskje fridag er ein hyggeleg dag. Stemmer det? 
Det er slett ikkje alle som ønsker å ha noko som helst fridag. Dei veit ikkje kva dei skal fylle den med og kunne likesågodt gått på arbeid. Det ville gjeve dei meir. 
Dei ville i alle fall følt seg nyttig. 

Kva med ei sjukemelding av di du er sliten? Er det fridagar? Kan du gjere akkurat som du vil då? 
Svaret er jo i utgongspunktet ja. Viss du er sjukemeldt av di du mentalt treng det, kan det hende at du treng å bli frisk ute i naturen. Gjere andre ting enn det du til vanlegvis gjer når du er på arbeid. Det fins dei som treng det ein eller annan gong i livet. 
Då spørs det kor du bur………
Bur du i ein stor by, er det lett å gøyme seg bort. Då kan du gjere nesten kva du vil utan at nokon legg merke til det. 
Bur du derimot i ei lita bygd, forverrar det situasjonen litt. Då har "alle" andre meiningar om det du gjer. Du er ikkje på arbeid, men å gå i fjellet, ja det gjer du. Då kan du ikkje vere mykje sjuk!"
Eg tippar det er fleire som kjenner seg att her. 
Sjølv har eg ikkje vore i akkurat den situasjonen, men eg er ganske sikker på at det skjer. At andre vurderer deg ut frå det du gjer og kva tid du gjer det. 
Så snakkes det……medandre……og plutseleg er det som eigentleg skulle vere med på å bygge deg opp blitt til eit sladder utan like og er med på å bygge deg ned istadenfor og du burer deg heller inne enn å gjere det du burde. 
Sjukemeldinga skulle vere din sjanse til å ha fritt. Fritt til å finne attende til ditt eiga "jeg". Det blei ikkje slik. 
Det er ikkje fridag når ein må sitte inne og sture i frykt for kva andre vil seie. 
Kanskje vi alle er litt for flinke til å bry oss med kva andre gjer og overtolker ting? Sånn satt litt på spissen……..?!

Nei, det er visst ikkje så enkelt å finne ein definisjon på kva ein fridag er. 
For meg er ein fridag sjansen til å få halde på med noko eg har lyst til. Ein dag der eg ikkje treng å ta hensyn til noko plan eller avtalar med andre. Ein dag som berre er. 
Den beste dagen vil nok kanskje slik som dette ut: Vakne tidleg og sjå at sola kjem til å prege dagen. Gå ned i kjellaren og musisere litt før ein et seg eit godt måltid og legg til fjells for å nyte ei god utsikt i finvèret. I sekken er sjølvsagt ei god niste og litt snack så ein kan vere der oppe så lenge ein sjølv vil. Ein går i nett det tempoet ein kjenner ein har lyst til. Akkurat passe fort, med andre ord. 
Kameraet er sjølvsagt med og foreviger turen. 
For andre er det heilt andre ting som er viktig. Kanskje rett og slett så enkelt som å få lov til å sove ein heil dag. Ikkje stå opp! Hahahah……Det er faktisk FRIDAG det, for enkelte. :=)

Eg er glad vi er ulike som personar. Verda ville vore ganske så kjedeleg om alle hadde dei same interessene som eg. Tenk berre på alle dei som då ville okkupere dei same områdene som eg?! Kor mykje fri ville ein då få? 
Det einaste som er sikkert, er at vi må bli flinkare til å akseptere at vi er ulike som menneske og at vi har ulike syn på livet. Det vi sjølv meiner er rett, kan vere totalt galt for eit anna menneske. Slik er det berre. 

Ha ein fantastisk fin kveld! Fri eller ikkje……………..
Sov godt til natta!

Hasta luego! 

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar