tirsdag 14. januar 2014

Israel-Palestina…….Konflikten som ingen ende tar.  Israel-Palestina-konflikten er kanskje det mest brukte begrepet som brukes om nett desse to folka, isralittane og palestinerane. Ein evigvarande konflikt.  
Mykje av problemet ligg i orda anerkjennelse, grenselegging, sikkerheit, vanntilgang, kontroll over Jerusalem, palestinsk røyrslefridom, reglar om flyktningar osv….osv….. Lista kan sikkert lagast enno lengre, men dette er nok dei viktigaste momenta. For ikkje å gløyme israelske busetnadar!

Over ei kjempelang tid har det vore lagt ned arbeid for å prøve finne ei løysing på problemet, berre at det slett ikkje er dei enklaste å megle mellom. Tvert imot.
Målet er ei tostats-løysing som kun er mogleg ved å etblere ein palestinsk stat som er uavhengig og sidestilt med ein jødisk stat, eller ved sidan av staten Israel.
Fleirtalet der nede meiner at dette er mogleg, men pga mistillitsforhold blir det veldig komplisert. Om dei inngår avtalar, er dei begge redd for at den andre parten ikkje skal overhalde sin del av avtalane.
Det verste med denne konflikten er det store tapet av menneskeliv. Ikkje berre millitære liv, men også sivile folk.

Eg skal så absolutt ikkje ta for meg heile den lange historia denne konflikten bygger på, for det vil nok ta meir enn ein kveld å kome gjennom. Staten Israel blei oppretta i 1948 og sidan den gong har det vore mykje blod.
Eg tenker meir slik at eg vil kome inn på korleis det har vore den siste tida og ikkje minst "i dag".
Våpenkvileavtalar har vore gjeldande, men dei har nok ikkje fungert som dei skulle.
Gaza-krigen har satt sine spor. Ein 25 dagar lang krig som la heile området i ruinar.

I 2011 blei det vedtatt at ein stat, Palestina, ville vere levedyktig, noko som er ein forutsetnad for at det skal fungere. FN kjem på banen og ting skjer.
Palestinarane håper at at FN skal sørge for at det internasjonale samfunnet skal anerkjenne den palestinske staten.
Det nærmaste dei er komen dette, er at dei blei tatt opp som medlem av UNESCO i 2011. Dette er noko som underbygger støtte til Palestina.

Noreg har hatt eit engasjement i forhold til denne konflikten, men i dag er den ikkje så stor som den tidlegare har vore. Noreg si rolle er blitt meir beskjeden.
Det fins ei givargruppe til palestinarane og denne er det Noreg som er leiar for. Likevel, det er ikkje lett å vere leiar når ein slit med å oppretthalde støtta frå andre rike land. Tidlegare var det ei større vilje til å bistå med midler til prosjekter og infrastruktur, men dette er ikkje lenger tilfelle. Så i og med at det er blitt slik, speler Noreg ei heller beskjeden rolle i fredsprosessen.

Dette er eit bilete eg har lasta ned frå nettet. Eg søkte på "bilder israel palestina" og dette kom opp. Kven det er som har "laga" det, får eg ikkje heilt tak på, men det er i alle fall ikkje eg som skal ha æra for det. 
Uansett…….Det viser i alle fall tydeleg utviklinga frå Israel blei eigen stat og fram til no. Biletet talar vel sånn sett for seg sjølv. Ikkje vanskeleg å sjå at her er det skjedd ein urett. 
Dersom dette biletet faktisk er eit bilete som viser den reelle realiteten, er det inga tvil om at vegen til det rettferdige er lang!!

Seinast denne uka har det vore ein del skriverier i forhold til Israel. Blant anna av di Ariel Sharon, den tidlegare israelske statsministeren, har gått bort. 
I den samanhengen har den nye statsministeren vår, Erna Solberg, sendt ei helsing der ho utdjupar medfølelse i sakas høve. Dette er det ganske sterke meininger om. Spesielt Karpe Diem sin Magdi. Han går nesten "rett i strupen" på ho. I alle fall kan det klassifiserast som kraftig kritikk. 
At Erna kalte Sharon for ein sterk leiar og ein sentral skikkelse, fekk det til å lyse raudt for Magdi. Han vel å kalle Sharon for ein jævel. "Har du tenkt å gjøre det samme med alle andre jævler som dør?" Eit spørsmål han rettar mot Erna og samtidig kallar han henne for feig. 

Med andre ord er israelsaka (om ein kan kalle den for det) er betent sak. Vegen til fred er lang og det er tvilsamt at det er nokon som vil gje etter i den næraste framtida. 
At det skal måtte vere slik i verda, i 2014, er heilt utroleg. Eg er spent på korleis det ser ut i 2050 (om eg lever då). 

Går på byen for å bli gravid. Er det noko som er sikkert i denne verda, er det at vi menneske er ulike, og det på dei aller fleste områda. Likevel, det er ein ting vi har til felles, alle saman. Alle menneske er født egosentriske. Skilnaden, oss i mellom, er i kor stor grad vi klarer å styre denne egosentriske eigenskapen. 
Enkelte klarer å skyve den til sides, i stor grad, medan andre er heilt i den andre enden. 
Det kan knyttast opp mot mange ting her i livet, men eg tenker akkurat no at eg vil knytte det opp mot èi spesiell sak. Ei sak som verkeleg er passande til dette egosentriske genet vi er fødd med. 
Å bli gravid…….

Å bli gravid og forelder er ingen rettigheit vi har. Dersom vi får born, er det ei gåve! Ei gåve vi skal vere veldig takksame for. Samtidig er det ikkje alle som bør få born. Det er ikkje vondt meint, men slik er det berre.
Enkelte har eit stort ønske om å bli foreldre, men naturen set sin stoppar for det. Andre har inga ønske om det, men tar seg eit ligg og "vips" så er det gjort. Ganske urettferdig, spør du meg, men lite å gjere noko med. 
Så til sakas kjerne…… Det å få eit born er ein egosentrisk tanke. Det er for å tilfredsstille seg sjølv. (I dei tilfella der ein prøver å bli gravid og blir det.)
Å få born krever mykje. Det skal trasss alt følgjast opp i mange år. Difor er det mest tenleg at bornet har både ein far og ei mor. 
No skal eg sjølvsagt poengtere her at eg ikkje tenker på homofili i denne samanhengen. For å få fram poenget burde eg kanskje heller skrive to foresatte, for det er det eg meiner. Det handlar om "tryggleiken" til bornet. Tilhørigheit……. Born veks til og etterkvart lærer dei korleis born blir til og vil ha sine spørsmål. Då er det ikkje så kult å svare "eg tok meg ein bytur og fekk meg eit ligg…….og her er du". 

Det fins dei sjelene som ønsker seg born så sterkt at dei går på "byen" eine og åleine for å bli gravid. No skal ikkje eg sette meg på min høge hest, men eg syns det er feil å gjere slikt. Det er feil overfor det ufødte bornet som kanskje kjem til etterkvart, men også kjempefeil overfor den mannen som blir skuld i denne graviditeten. 
Det er greit nok at alle må vere sitt ansvar bevisst, men viss ei dame bevisst lurer ein mann i fella, ja då er det på ein måte litt ondskapsfullt. Også om planen er at ho ikkje skal informere mannen det gjeld om det. Ei slik haldning som seier at det er greit å gjere det på denne måten, er ikkje akkurat med på å bygge opp landet. 
Det er veldig egosentrisk, for det er berre seg sjølv ein set i sentrum for tankane sine og utfører handlingar som får konsekvensar for så mange fleire enn berre deg sjølv. 
I ei ideell verd, skjer ikkje dette, men diverre skjer det. 

No kan det vere slik at enkelte tenker at det ikkje er dumt at det skjer. Årsaka er at enkelte kan ha problem med å finne seg ein livspartnar og tida for befruktning held på å renne ut. Den biologiske klokka tikkar…..
Joda, det er forståeleg at enkelte tenker slik, men det rettferdiggjer aldri at ein fører andre bak lyset for å oppnå noko slikt. 
Og kva om du plutseleg hamnar i "uføret" og treng økonomisk hjelp? Plutseleg står bornefaren der og får krav om bornebidrag utan eingong å vite om at han er far. Alt av di mora til bornet har lura han og så etterpå komen i ein kjip situasjon. 
Ein kan difor også diskutere om det er rett at det er kvinnfolket som sit med all makt når det kjem til å få eit born når ein er gravid. Eit tema mange har meininger om….sterke meinger. 
Eg skal ikkje bevege meg inn i den diskusjonen. Ikkje meir enn at eg har ei løysing som set ein stoppar for heile problemet……… Vil du ikkje at dama di skal bære fram eit born som vil bli ditt?? Så la vere å gjere ho gravid. Enkelt og greitt. Då har du heller ikkje lagt all makta i hendene på ho. Verre er det ikkje. 

Å gå på byen for å bli gravid er ikkje greitt. Det syns i alle fall ikkje eg. Etiske grenser tøyes ofte, men dette er verkeleg ei etisk grense ein ikkje bør strekke så alt for langt. 
Er ein verkeleg desperat etter å bli gravid……så kan ein gjere som mange andre gjer. Dei reiser til Danmark for å få sæddonasjon. Då er det i alle fall ingen som blir narra ut i "ulykka". 

Følgene av å gå på byen for å bli gravid kan føre til mykje sorg og smerte etterkvart. Det spørs om det er verdt det.

Det blei visst ein superseriøs kveld, denne gongen. Shit happens all the time! Jomfru Knutsen skal straks få besøk av Jon Blund, forhåpentlegvis, og i morgon er det onsdag og midtuke. Det har nett vore helg, og i morgon er det straks helg på ny. Ikkje så ille det! 
No er det i alle fall seine kvelden og uansett om du er på arbeid i natt, eller du er så heldig og får sove i ei deileg seng……Ha ei god natt, på alle måtar! 

Hasta luego! :=)))

IWALY!!


3 kommentarer:

  1. Hei. Ville bare informere deg om kartet du viser til er løgn-propaganda av verste sort. Du må ikke tro på alt du leser og finner på nettet. Du kan lese mer om hvorfor kartet lyver her: http://www.miff.no/Midt%C3%B8sten-konflikten/2012/12/05NatarogsaNRKibrukkartenesomlyver.htm

    SvarSlett
  2. Virker som om du kun lytter til den palestinsk siden og ignorerer israelske argumenter. Bli kjent med Israels beste argumenter! Her vil du finne Israels hovedargumenter på en side, med lenker til mer utførlig stoff: miff.no/kort

    SvarSlett
  3. Takk for innspill :=) Jeg tar eigentleg ikkje parti med noko spesiell side…. Det er difor eg skriv "viss det stemmer". Det står mykje rart på nettet, så det er nok mykje feilinformasjon ute og går der. Sidene eg brukte er frå FN og UNESCO, blant anna, så ein skulle tru at dei i alle fall er litt politelege.
    Biletet klarte eg ikkje finne ut kven som har lagt ut, så et kan godt hende at det er missvisande. Difor skriev eg "Dersom dette biletet er reelt i forhold til realiteten………." Nettopp av di det kan hende at det faktisk ikkje er det.

    Eg kan eigentleg ikkje sjå at eg har skrive noko negativt om Israel?!
    Eg skriv at det er eit mistillitsforhold som går begge veger.
    Det einaste eg sånn sett skriv om Palestina, er at FN og UNESCO anerkjenner dei som eit ledd i å bli ein eigen stat. (Og at dersom informasjonen stemmer er vegen til rettferd lang å gå.)

    Er nok einig med deg at saka har fleire sider. Inga tvil om det!
    Eg syns berre det er trist med all kriginga, når det må gå an å få til ei eller anna løysing. Men det tviler eg vil skje………

    Forøvrig tenker eg at både israelittane og palestinerane vil argumentere ut frå det dei meiner er rett, og at ein difor må vere kritisk til dei begge.

    Ha ein fin kveld. :=)

    SvarSlett