tirsdag 28. januar 2014

Dette er kvelden der eg berre må ta ting som dei kjem. Ikkje det at det har skjedd noko som er nemneverdig, men eg berre konstaterer at om eg hadde hatt tidspress i kveld, ville det ikkje vore rette kvelden til å ha nett det.
Eg skulle køyre til Sætran for å avlevere passasjer til bussen som går til Narvik og hadde sjølvsagt lest at det er følgebil gjennom tunnelen her borti. Så for å vere heilt sikker på at tida skulle strekke til, var eg tidleg ute.
Det var berre det at vegen er opna for fri ferdsel. Eg hadde ikkje fått med meg informasjonen som var lagt ut i dag……..
Det var berre å køyre sakte, for kven gidd vel å sitte ei heil evigheit på Sætran og glo i mørkret? Ikkje denne knetta……….. Eg var uansett framme ein halvtime før det tidspunktet rutetabellen seier skal vere avreisetidspunkt derifrå. Og ingen buss kom……….Ingen andre bilar heller, for den saks skuld.
Berre eit lass med storbilar (vogntog og slikt..) frå ferga heime. Sju i talet! OG gjett om dei sjåførane er glade i fart?! Så glad i det at dei aldri ville fått lappen om det hadde vore oppkøyring på same tidspunket.

Sætran………. Eit vegkryss som i utgongspunktet er ganske så oversiktleg. Det kjem ikkje så mange plums på deg. Likevel……Eg vil tru at eit vogntog har ei viss bremselengde. Når det då ikkje bremsar ned før etter siste avkjørsla til busshaldeplassen, altså få meter før E6, så kan ein jo byrje å lure. For sååååå tidleg får dei ikkje oversikta over trafikken i krysset at dei berre kan ture på. Full fart og vips så er dei i full galopp bortetter E6.
Slike store bilar som dei sju som kom i kveld……Eg skulle "likt" å sjå dei bremse om det plutseleg kom ein bil i krysset. Eg tvilar på at dei ville klart å stoppe i tide! Så er det slik det er blitt? Har dei mista all forstand, eller er tidspresset deira med på å skape dette tapet av forstand? Ikkje veit eg, eg blei berre småredd og aller mest berre glad for at dei nådde fram til krysset før eg skulle attende heim. Då slapp eg i alle fall å møte på dei og hadde berre elgen å tenke på.

Bussen kom ikkje før 20 minuttar etter ruta. Så tru kven som angra på at ho hadde sagt til ein liten kar at han kunne få vente oppe til ho var attende?!
Plutseleg var det Greys-tid og kvelden gått……….. Det var berre å legge seg på sofaen og sjå på dei hyggelege og blodige ofra i serien. Det er alltid digg å sjå makabre bilete samstundes som ein sit og nyt kveldsen sin. Den smaker så mykje betre då!!
"Berre la vere å sjå samtidig, det", tenker du vel, men akkurat det er lettare sagt enn gjort.
Då står jo valget mellom å la vere å sjå serien, eller rett og slett vere halvt ihelsvolten ei lang stund ekstra. To like dårlege alternativer, så då blir det som det blir.

No sit eg her, mutters åleine, minstemann sover og eg burde vel strengt tatt tusle meg i seng, eg også. Lettare sagt enn gjort……..
Først må eg no ein tur innom nettet og sjå om det har skjedd noko spesielt i dag. På Facebook er det jo så grueleg mange som hadde skrive Henrik Kristoffersen i kveld og denne jomfrua har vel null peiling på kve det er……….
Eg måtte no berre google det, for eg følte meg litt teit når vener både nord og sør skreiv namnet hans og hos meg ringte det ingen bjeller.
Det kan hende at eg bør synes det er flaut, men eg gjer ikkje det. Eg har lest meg opp til informasjonen om at han har vunne noko skigreier idag, men utover det må eg seie eg aldri har høyrt om mannen.
Om det betyr at eg er lite "up to date", eller at han rett og slett er ein ny oppkomling av ein som heilt plutseleg stikk seg fram………skal vere usagt. (Eg går for det siste!)

I dag fanga eg opp følgande. Ein gullfisk har ein hukommelse på 3-5 sekundar. Det var ein kollega av meg som hadde denne særs viktige informasjonen å kome med.
For ikkje å få deg til å tenke i feile baner, kan eg informere om at vedkommande ikkje sa det som eit hint til meg. Det var meir slik at det gjaldt ho sjølv.
Du skal ha bra kort kortidsminne om du blir bedt om å gjere noko og fem sekundar etterpå så har du gløymt det.
No har vi googla gullfisk og funne ut at informasjonen ikkje stemmer heilt. Eg trur heller det at ho har eit ønske om å sjå ut som ein gullfisk og difor har overbevist seg sjølv om at ho har liknande eigenskapar som ein slik ein.
Det er nemleg slik at ho trives veldig godt under vann,og for tida trener ho på kor lenge ho kan overleve ved å svømme under vann. Kanskje ho har ein hemmeleg draum om å overvintre under vann ein gong.
Så viss ein koplar det saman med at ho har uttrykt i eit sosialt lag at ho er "lynskarp", så skjønner vi vel teikninga. (Og no kjem eg til å bli kaldkvelt når ho møter på meg. Lykken for meg er at eg skal tilnabokommunen i morgon og satsar på at det gløymt innan torsdag. For det var dette med korttidshukommelsen hennar!)
Forøvrig kan ein gullfisk lære å kjenne att eit menneske som gjer han mat. Noko som slår ihel den der myten om at han berre kan erindre noko i tre sekundar.
Så heiter det jo så fint at vegen til ein manns hjarte går gjennom mannens mage. Mat er altså ganske sentralt i både mannen og gullfisken si verd. Så kan vi finne ein samanheng der???? Mat, intellekt…….whatever……kven ser forskjellen, liksom?! Dessutan kan gullfisken bli opptil tre kilo! Mykje god mat i det…..

Årets matnyheter. Brunost på tube!! Kva er visten med det, då? Greit nok til å ha i saus, men på skiva? No trur eg det er nokon som er litt for useriøs…. Brunosten har jo alltid vore til og skal dei lage tube av den, ja då går det vel med den som det gjekk med sjokoladeosten.
Sjokoladeost var digg!! Plutseleg i løpet av tenåra var den borte. Det var sikkert ingen andre enn eg som likte den…..

Chips med smak av bacon og honning…… Hallo? Det blir like "tuillåt" som ho som baka kake i går med gulrot og sjokolade! For ei blanding!
Bacom og honning? Kvalmt!

Det er 1700 produkter som skal inn blant hyllene i matverebutikkane. Ergo betyr det at nokon må vike…… Påleggsalat med yoghurt! Nye lunsjrettar frå Fjordland. Jaja……….Det betyr no aller helst ikkje noko frå eller til, for eg har då vitterleg aldri kjøpt eit slikt produkt tidlegare, og følgeleg veit eg ikkje kva eg går glipp av.
MEN det var det der med den brunosten! Viss dei no sørger for å ta bort osten i den forma den er no, ja då skal eg personleg lage mitt eiga lille protesttog. Kanskje hamne på framsida til VG og Dagbladet (så seriøse som dei har blitt dei siste to åra).

Det handlar sikkert om at eg er litt konservativ. Mamma brukte alltid å seie at eg var/er det. Eg likar ikkje endringar i samfunnet. (Og då set eg det veldig på spissen….) Det handlar vel aller helst om dei store viktige sakene, men av og til så gjeld dei små sakene nede på golvet også. Sånn som brunosten!! Brunosten er jo litt av identiteten vår?! Eller? (Ingen får "messe" med den!)
(No trur eg enklete vil påstå at dersom vi finn identiteten vår gjennom ein brunost, ja då må vi vere mykje skada. Jajajajajaja……. Kva gjer vel det??) Hahahaha…….

Eg trur kanskje eg ikkje har så altfor godt av å vere åleine. Eg veit ikkje….. Eg ser tendensane som dukkar opp. :=)
Det er i alle fall slik no at klokka nærmar seg midnatt og då skal eg prøve og finne meg sjølv på eit eller anna vis……..for det er ein viss prosents sjanse for at det kan vere lurt med nokre timar svevn på augene. (Ferga går ikkje før åtte, men det kan no vere greit likevel.)
Så difor seier eg så fint god nattog sov godt.

Hasta mañana!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar