torsdag 23. januar 2014

Det er mange som har delte meiniger om kva som er lykke i livet. Berre så det er sagt, har eg ikkje tenkt å begi meg inn på den "vegen"…….langt ifrå. Likevel, eg vil berre seie at det fins små og store gleder i livet og ein vel sjølv kva ein vil sette pris på eller ikkje. Ein ting er sikkert. Det er dei små tinga som ilag skaper den store lykken.

Eg er så heldig at eg er omgjeven av gode kollegaer. Innimellom ligg det ein koseleg gul lapp på pulten min, og denne uka kom eg faktisk til ein pult med eit wienerbrød!!! Viss ikkje DET kan karve seg inn som eit punkt på ei liste over kva som kan definerast som lykke, ja då veit ikkje eg.

At eg holdt på å sprekke av di eg allereie var så mett, gjekk det ikkje an å ta hensyn til. Eg var så svak for brødet at eg berre måtte spise det. 
Då avsendaren dukka opp, sa eg at "Eg trur du blir nøydd til å spise halve, for eg har ikkje plass." Halvanna minutt etterpå hadde visst heile greia hamna i jomfru Knutsens mage! (Svake menneske….) 
Som om eg nokon gong skulle klare å karre i meg litt middag etter eg kom heim…..Jada…… Hahahaha……. Eg kunne sikkert ha trilla bort etter golvet! 

Eg hadde eigentleg tenkt at eg skulle skrive litt i dag, men etter å ha vore på arbeid heilt til ni i kveld, så føler nok kroppen at den ikkje har så altfor mykje energi å gå på. Det likaste vil vel aller helst vere å traske inn på nattens rom, men akkurat det er lettare sagt enn gjort. 
Hmm….. Plutseleg tikka det inn ei melding her….. Ei venninne som i ein alder av 35 år ønsker seg ein piercing i navlen!! Hallo???? Sømmer det seg då??? Hahahahahaha…….
Eg ser det for meg. Sommaren og greske øyer……piercing i navlen, bikini og lange strender. Thihi….
Piercing…….

Eg tippar at dersom eg hadde kommet heim med piercing i navlen no, ja då trur eg at eg ville fått oppgitte auge mot meg. Då ville eg i alle fall blitt stempla som å vere kommen i midtlivskrisa. 
35 år?? Tja, eg veit ikkje. Det spørs jo om ho har innovernavle eller utovernavle og kva type piercing det er snakk om. 
Jeeeeeezes! Var det nødvendig å sende meg ei slik melding no seine kvelden?! No blir eg jo garantert å sjå det for meg (i mange variantar) før eg sovnar, og då kjem eg garantert til å drøyme om det i natt også. Ikkje snilt gjort! 
Det verste er at ho nettopp faktisk utvida kommentaren sin til at ho faktisk kjem til å gere det! Her er gode råd dyre! 
Då kan ho heller tatovere ein elefant på rompeballen. 

Piercing i navlen…… Er ikkje det sånn der "midtlivskrise" i tenåra? Ein liten sommarfugl eller liknande… 
Skal ho først ha i navlen, ja då bør ho no vitterleg sørge for å få i niplane sine også. Sånn berre for å sette den der berømte prikken over i-en. (Mannen hennar har sikkert ikkje noko imot det.) 
(Eg må no le litt for meg sjølv.) 

Nei, eg var på tur ut herifrå, og no ska eg jaggu meg skunde meg ut før et tikkar inn fleire meldingar her inne. Eg skal då vel ha natta god! 
No blei det berre mykje tull her, så akkurat det er vel eit tydeleg teikn på at dei små grå er utslitt etter den lange dagen. Så ha ei god natt og sov godt!! 

Hasta mañana!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar