lørdag 25. januar 2014

Prosjekt 12 dagar! 

Her i huset har vi starta opp prosjektet "12 dagar". Det betyr rett og slett at i 12 dagar i strekk skal det smakast på noko ein ikkje likar. (No gjeld ikkje dette meg sjølv, men minstemann.) Første produktet som skal til pers er tomat!
Kvar dag i tolv dagar skal han smake ein tomat (av dei som er små i storleiken). Heile skal i munnen og må tyggast. Etter det er det lov til å spytte det ut om det er motbydeleg. 
Første dag…….. Han tygger og smaker på tomaten………Æ spyr!! Og så sprang han på badet! Hahahahaha………MEN forsøket blei såvisst godkjent! No er det berre elleve att! 

Det har seg slik at eg kom over ein artikkel der det stod at ein må smake på ein ting tolv gonger før ein venner seg til smaken. (På produkt ein ikkje sånn umiddelbart liker.) Så no skal vi teste ut dette. Følgeleg er det minstemann som skal til pers, for eg aktar ikkje å vere forsøkskanin. 
Eg skal då vitterleg ikkje plage meg sjølv på den måten! Det handlar rett og slett berre om å vere smart, så då får ein andre til å gjere det. Så spørs det kva neste produkt blir. (Kanskje ananas, for det veit eg at han ikkje liker.)
Så skal eg heller ikkje gløyme å seie at det medfølger ein premie om han klarar det. Altså om han ikkje trekker seg før det har gått tolv dagar. Smakar han alle dagane, så får han hundre kroner. (Og tomat er slett ikkje godt!!!!) 

Det er kanskje eit slikt prosjekt vi skulle hatt med meg og lutefisk. (Aldri i verda!!!) Det prosjektet blei lagt daud det året eg var ni og kjem aldri i verda til å bli fulgt opp på noko som helst område all den tid eg lever her på jorda! (Etterpå blir det kanskje litt vansklegare å få det til…..) Lutefisk og grønerter! 
Grønerter blei også avslutta i ein alder av ni og går med meg i grava. 

I stad sat eg i sofaen og såg på Norske talenter. Det er ikkje ofte at eg blir rørt inn til hjarterota, men det var nett det som skjedde i kveld. Ei trønderjente som hadde laga song sjølv, der temaet var mobbing. Ho var 14 år og hadde sjølv opplevd mobbing og musikken var staden ho hadde til å jobbe seg oppover i kvardagen. 
Gitarspeliga hennar var veldig behageleg og fin å høyre på, og då ho starta å synge, kjente eg det innerst inne. Så fin stemme og så fin formidling av eit slikt tema. Eg kjente plutseleg at eg var litt våt langs eine kinnet. Det kom frå auget…….
Når eit menneke klarar å fange deg sli ja då har det oppnådd noko! 

Den nye trenden!

                                                         (Foto: Steve Rosenberg. Bilete frå Aftenposten.)

Hahahahaha…….. At kvinnfolk slår følge når dei går på do (når dei er i sosialt lag), er vel ikkje akkurat noko nytt. Det skjer heile tida det. Så står den eine utfor døra medan den andre gjer sitt fornødne. 
No har dei funne løysinga på dette problemet. Eit avlukke - to do!! Hahaha….. Eigentleg ganske genialt, men eg tvilar eg nokon gong vil nytte høvet om det skulle by seg. 

Sender du litt toalettpapir? Standardspørsmålet som stilles oftast på dei offentlege toaletta. 
Desse toaletta er frå Sotsji og er meint brukt under OL. Då er det vel nærliggande å tru at eitt do er til deg og eitt til sikkerheitsvakta….. Hahaha…….. Det er jo trass alt snakk om Russland. 

Berre så det er sagt……Det er ikkje kun i Russland dei har slike toalett. Det har jaggu meg Oslobyen også, og det på opptil fleire stader. Det er vel ikkje lenge til før det er meir regelen enn unntaket.
Eg tvilar på at det gjeld begge kjønna. Til o er det stort sett berre på damedo, og eg håpar verkeleg det forblir slik. Aller helst ser eg at dei held seg til eitt do, men viss menn skal gå på do, to og to……. Blæh, det er berre ekkelt.
Eg veit ikkje kva det er, men kvinnfolk som går i lag er meir akseptert i samfunnet enn at menn skulle finne på å gjere det same. Det blir bere kleint………
Jaja…..Dobbeldo……..dobbelt så gøy!!! 

Nei, no tar eg kveld. Sov godt!!
Hasta mañana.

IWALY!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar