onsdag 22. januar 2014

I går skreiv eg at eg skulle ta for meg det å trimme…….. Så no nettopp var eg inne på nettet og søkte på akkurat det. Trim! Det er aldri for sent å begynne og trimme! Den første overskrifta som dukka opp.
Selv om du……………(bla bla bla)…………kan du redusere risikoen for hjerte- og karsykdom betraktelig Jauda…… Flotte greier, det! Det var berre det at det ikkje heilt var den vinklinga eg hadde sett for meg. Den er sjølvsagt viktig og "up to date", men det der "up to date"-greiene var no ikkje det som ga den største motivasjonen.
Det er meir den der midtlivskrisa eg tenker på, blant anna. Dilla på trening. Avhengig av trening. Meir ei slik vinkling.
Så då var det visst ikkje ein genistrek å søke på ordet trim.

Eg søkte på midtlivskrise. Hahahahahahaha……. Då kan ein få opp mykje rart! Veldig mykje rart som absolutt ikkje har noko som helst med trim å gjere. (Kanskje eg heller skal bruke ordet trening.) va med midtlivskrise og trim? Det er jo verdt eit forsøk.
Joda……. "På slanker´n". Det er fleire enn eg som bloggar og dette er ei overskrift eg kom over i dn samanheng. Berre så synd at eg blei dratt rett ned på bakken att.
Her sat eg for berre få sekundat sidan og antok at no skal eg få lese noko (i alle fall litt) artig om temaet, og så viser det seg at det dreiar seg om ein hund. Ein hund i midtlivskrise???? På slanker´n? Tja, det er vel neppe sjølvvalgt! (Nedtur…)
Nei, det er vel berre å ta saken i eigne hender og la dei små grå få styre heile greia her. Så slepp eg å kome over sånne småteite innlegg. (Dei er jo ikkje det…..Misforstå meg no rett.) :=)

Eg er jo bra "toskåt" som ikkje har gjort meg opp ei meining om temaet før eg skal skrive om det.
Jaja…. I mitt hovud så er menn og livskrise det same som motorsykkel og tatoveringer. Plutseleg skal ein ta sertifikat og gjere slikt som ein aldri har brydd seg om tidlegare. Vere kul og håpe på mange blikk etter seg når ein passerer dei lekre damene. Hahahaha…………
Eg snakkar då ikkje om dei som har køyrt sykkel lenge før dei kom i midtlivskrisa! Dei gjer det sikkert av di dei brenn for det. Eg snakkar om dei som først kjem på tanken etter at dei har fylt 50.
Når dei ser på kjerringa og plutseleg føler seg gammal. Thihihihi…….Og det til trass for at dagens kvinner på 50 faktisk ser ganske så unge og flotte ut! Det er slett ikkje noko bestemoraktig over dei.
(Ikkje spør meg om kva dette har med trening å gjere! Det er litt lett å skli litt ut.)

Jaja, skal du ha motorsykkel og vil at bertene skal snu seg, er det nok ein føremon om du ser litt bra ut også. DER kjem treninga inn. Store biceps og greier! Hahaha…… Overivrig og med alt for mange kilo på vektene. Vitet som ikkje skjønnar at det ikkje nyttar å stormtrene. Då døyr du før du får sjansen til å sette ræva di ned på motorsykkelsetet. Hjartet vil nok ikkje overleve den plutselege endringa. Nei, gradvis er tingen. (Som om alle menn i midtlivskrisa har skjønna det…….)

Kva med kvinner? Kva skjer med dei i midtlivskrisa si? Eg berre spør. Det kan jo godt hende at eg hamnar der sjølv om ikkje så lenge, og då kan det jo forsåvidt vere greit å vere førebudd.
Har eigentleg kvinnene midtlivskrise? Eg må ærleg innrømme at eg blei litt usikker no.
Overgongsalder, ja, men midtlivskrise? Det er vel ikkje akkurat det same?! (Må den halde seg unna meg i minst 20 år til!)
Kvinner……..

Det her som kjem no, har dåke aldri lest, for eg nektar å innrømme det!! Likevel, det står på nettet at forkning viser at midtlivskrisen rammer menn og kvinner ganske likt. Hahahahahah……. Aldri i verda! Det går eg ikkje heilt utan vidare med på.
Greit nok at midtlivskrise er ein følelsesmessig tilstand og at det levnar ingen tvil om at kvinner kan bli troll i overgongalderen (enkelte av dei  - ikkje alle). Eg tvilar på at eg kjem til å få panikk og løfte puppene ein heil del, trene rompa riktig for at den skal sjå spretten ut og så vidare og så vidare. For ikkje å snakke om låra! Ein må jo ha muskuløse lår!
Kvinner og menn…… Nei, menna er mest drastisk. Kvinner er nok meir bevisst på det dei gjer. Sånn er det berre. (Oppe i mitt hovud, sjølvsagt.)

Eg smugkikka litt på ein forskningsrapport om temaet. Der står det svart på kvitt at hovudårsaka til at kvinner får midtlivskrise er at dei keier seg. Alt er rett og slett for kjedeleg.
Så då har vi fått respeten på korleis vi kan unngå krisa. Start med å gjere ting ein likar straks! Ikkje bruk tida heime for å kjefte på gubben. Då kjem krisa i alle fall……..

Dilla på trening…….. Dei finns…..Dei som har det……dilla. I følge KK er det nye ordtaket "Strong is the new skinny." Akkurat det er ganske forsvarleg. Dessutan er det med på å forebygge. Menn som startar opp med ein innsats som om dei hadde heldt på med det heile livet sitt, dei går rett og slett på ein smell. Kvinner som held seg til mottoet "strong is the new skinny", oppnår faktisk noko. Dei har eit anna mål enn desperasjon som motivasjon.
Dessutan kan kvinner med musklar unne seg mykje meir mat og godsaker enn andre. Enkelt forklart betyr det at du treng fleire kaloriar då.

Sånn eigentleg så står det også at kvinner skal ha høg feittprosent. Spesielt på baken og brystet. Viss ikkje er vi lite fruktbare.
Så spørs det då…….. Kva er viktigast? Musklar eller fruktbarheit? Tja……….

Dilla kan ein jo få av noko så enkelt som eit veddemål. Eit veddemål om å ikkje spise godterier, potetgull og brus over så så lang tid.
For å få tida til å gå og for å gjere det litt lettare, startar ein gjerne opp med litt enkel trening. Så finn ein ut at det faktisk gjer resulatar. Dobbelt så store når kombinasjonen var kutt ut usunt og tren samtidig.
Motivasjonen får seg eit kick og plutseleg har ein både dilla og er avhengig av å få dagens økt på trimrommet eller langs gata.
Så spørs det……. Kva om du ikkje rekk å trene den eine dagen? Blir du eit surt lite monster då? For då er det kanskje likevel eit teikn på midtlivskrise!

Nei, ein kan trene for å føle seg vel, for å slanke seg, for å få betre helse, fordi ein trur at det forventes….osv osv sov…..
Uansett kva vi trur eller meiner, kan vi ikkje krangle på at fysisk aktivitet i størst grad har positiv effekt. (Med mindre du ikkje har spelt fotball på 30 år og trur du er ein Gud på bana enno…. Då kan det fort ryke eit leddbånd eller to.)

Klokka er straks elleve og dei små grå skal få kvile litt. Ha ein fortsatt fin kveld!
Natta :=)

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar