torsdag 28. november 2013

Jomfru Knutsen har hatt husmordag. Sylterullen er akkurat ferdig og er lagt i saltlake for dei neste tre dagane. Den ser riktig så god ut der den ligg. Eplekaka er komen i frysaren og i tillegg har krumkakene kommet seg i boksen der dei høyrer heime.
No er horisontalen inntatt i sofaen og her har eg tenkt å vere dei neste timane til senga overtar.

Arne (90). Då 90-åringen først blei tatt utan å ha tilgjengeleg flytevest i båten, fekk saka mykje merksemd pga at han nekta å vedta bota. Store deler av folket engasjerte seg i denne saka og kommenterte kor kuldei syns 90-åringen er.

No er det slik at det eigentleg blei litt artig og alt det der i den kategorien. Etter å ha lest om det gong på gong no, er eg eigetleg berre mest lei heile saka. Det er til og med oppretta eiga gruppe som talar hans sak.
Det er nett det siste som eg syns blir litt overdrevent. Fleire og fleire heng seg med på dette, og då blir spørsmålet mitt: Kva er det som er så spesielt med denne karen at han skal ha noko særhandsaming i forhold til alle andre? 
Viss han skal få slippe unna, ja då kjem vel aldri eg heller til å akseptere det om eg blir stoppa for det same. At han er 90 år har vel ingenting med saka å gjere. I utgongspunktet skal lova vere lik for alle.

Det som gjorde denne saka artig, til å byrje med, var jo språket og måten han svara politiet på. Han blei sett på som litt kul. Han er jo trass alt 90 år og då er det jaggu meg sprekt at han er ute og fiskar på eigenhand.
Likevel, ein opparbeider seg ikkje fripass hos politiet etter kor gamal ein er. Så difor klarar eg ikkje å henge med når "alle" tar saka til nye høgder.
Mannen har fått eit forelegg og det er jo berre å betale det. Sure pengar, men det er det også om du blir tatt i 10 km/t over fartsgrensa også, eller om du køyrer utan bilbelte.

For all del…Mannen er kul, men sympatien han får blir heilt………
I det augeblikket vi seier til politiet at dei ikkje skal handheve lova…….
Ein treng ikkje alltid vere einig i alt dei gjer, men det er faktisk ikkje våre private meiniger som skal legge grunnlaget for kva dei reagerer på.

Norwegian-fly var nær ved å styrte. Vi snakkar 2.juledag i fjor. Eit heilt år etter kjem det i media. Så kan ein spekulere på kvifor det kjem akkurat no OG kvifor fekk vi ikkje vite om det i fjor?
Det er jo ikkje så tillitsverdig om slikt skjer og det berre blir tidd ihel………

Dei som kun svergar til SAS og Nowegian av den grunn at dei er dei einaste som er sikker å reise med….. Tja, kanskje ikkje heilt rett.

Kjøpte lik-henger for 6000 kr. Bardu sokn skulle kvitte seg med ein likhengar og fekk den solgt ganske umiddelbart. Prisen var 6000, men hadde dei holdt urpittelitt att, ville dei ha oppnådd eit mykje høgare beløp. Hengaren fekk viss bra mykje merksemd og kanskje mest etter at den blei seld.

Kva skal ein liksom gjere med ein lik-hengar? Då tenker eg på vanlege menneske……….for det var ein privatperson som kjøpte den.
Svara kan vere mange. Enkelte av dei står på nettet……..
At enkelte ville ha den som rekvisitt eller til eit gravferdbyrå, er ikkje rart…..MEN det ar ein mann som faktisk ønska å kjøpe hengaren av di han ville innreie den til ein sovehengar med to senger i! (Det fortener vel eigentleg eit tonn med utropsteikn bak, men då blir berre klokka så mykje før eg blir ferdig.) Hahaha………..

Likhengar - sovehengar……so what? It´s just the same. Særleg.
I mitt hovud så betyr det berre at det fins galne menneske i Noreg også. Å kjøpe ein likbil for å sove i den er berre sååååååå ekkelt.
Eg klarar ikkje i min aller villaste fantasi å sjå for meg at eg skulle klare å legge meg til å sove i ein bil som eg veit har vore brukt til å frakte daude menneske i. No way!
Det hjelper fint lite om bilen er nedvaska. Assosiasjonen vil alltid vere der, uansett.
(Berre så det er sagt……I min fantasi går det meste an, så det må jo berre bety at dette er creepy.

Visste du at over 80% av hjernen er vann? Det forklarer jo ein heil del!! Thiihi……… Har du ikkje svømmedyktige små grå, så slit du…
Eller…….at griser ikkje kan svette og at elefanta ikkje kan hoppe? Jaja, takk Gud for den siste!

Kontorpulten din har 400 gonger meir bakteriar enn ei doskål. (Oppløftade, eller?) Det vitat jo berre om at vi må ta kluten over pulten hakket oftare enn det som skjer no. (No er det berre til jul og sommar - på arbeid vel og merke…)

Det er berre tre kongar i kortstokken som har bart! Hjarterkongen har det slett ikkje. (Ja, det er berre å sjekke. Du blir ikkje lurt.)

Nei, når jomfrua byrjer med slike tullesetningar som dette, tyder det i særs stor grad at ho er stuptrøytt. Det betyr med veldig enkle ord på norsk at det er leggetid. Augene har vel hatt ein tendens til å leve sitt eige liv dei siste minutta, så det er nok på tide at eg tar hintet.
Eg skal heller sørge for å slå til på ordentleg i morgon kveld!
Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego!

IWALY!!!



onsdag 27. november 2013

Dagens beste!! Ein viss mann her i huset var litt småfurten på meg i dag og sa følgande: Vess du hadde vorr ei høna i et hønsehus, så hadde hanen kakka dæ i småbetta førr lenge sia! LOL……. Hahahaha….. Eg lo meg nesten skakk ihel. (Berre nesten……)
Så viss målet var å virke streng, så blei målet ikkje oppnådd. Mentalt så vann denne knetta "kampen" i og med at eg berre lo. (Det er jo ikkje akkurat så lett å la vere.)

Mobilen stjeler nattesøvnen din. Ifølge Vegard Haugen bør soverommet vere forbeholdt sex og svevn. Forskninga han fokuserer på er gjennomført blant studentar. (Heldigvis er ikkje eg student, så då gjeld det vel ikkje meg?) Jada…….

Vi veit jo alle at lys kan vere med og påverke dei biologiske mekanismane som seinkar svevnen og sjølvsagt også døgerrytmen vår. Mange blir oppgira når dei speler spanande spel eller ser på tv-program (på sengekanten), noko som gjer det vansklegare å sove. Akkurat det er vel ikkje ein revolusjonerande informasjon.
Så spørs det. Kven går det mest ut over. Mannen eller kvinnfolket? Kven er det som speler mest på sengekanten? Det kjem vel an på kven som er mest og lettast "antennelege av kjønna……….. For kven likar å kome i andre rekke, etter eit spel som ein kan spele med kva som helst anna tid. Når han ligg der og er trengande, er det ikkje oppløftande å bli avvist pga "Candy crush" eller liknande. Likevel, ein er vel då likesågodt over på eit anna tema. For om ein blir lys vaken av mobillyset eller sex (som forhåpentlegvis varar i meir enn to minutt), må jo vere likegyldig med tanke på svevnforstyrrelsar. Så ergo må jo det bety at ein skal halde seg unna sex også når ein legg seg! Hahaha…… Eg tippar på at alle menn er einige med meg i den…..?! :=)

Eit bra alternativ til det heile må vere at ein istadenfor å vere trengande rundt midnatt, heller burde sjå på moglegheita for å starte dagen med å vakne ein time tidlegare og heller få ein herleg start på dagen. Det må jo vere lykke på jord?! Eller……..
HAhahaha…….. Særleg. Det er vel inga tvil om kven som vinn viss det står mellom ein mann og ei varm og god dyne klokka seks på morgonen. No way…..
Med tanke på alle morgongretne kjerringer er det vel til alles beste (i alle fall ditt eiga) at ho får ligge i fred. Amen, liksom!

Viss eg ikkje tar heilt feil, starta eg med at mobilen øydelegg nattesvevnen din. (Det er litt lett å hamne på gale vegar….Thihi…..)
Moralen er altså då at når du legg deg, ta ikkje mobilen med inn i det mest heilage rommet i huset. Det er forbeholdt andre hyggelege ting. Hjernen skal ha fri for lys og inntrykk frå andre ting enn det som er nødvendig for å sove (eller ha sex). OG verda vil sjølvsagt bli x antal gonger meir lykkeleg!! Ikkje minst det siste! :=)

Etterlysning: Synes du det er ubehagelig å være naken foran partneren din? Vi vil gjerne snakke med deg. Ta kontakt. Joda……… Hadde eg vore nett der……..at det var ubehageleg……så tvilar eg sterkt på at eg ville ha kontakta ein journalist for å fortelle om det.

VG nett har den siste tida hatt mykje fokus på at folk skal kontakte dei i saker som angår privatlivet. Om det er kvar uke at spørsmålet endrar seg, eller andre tidsperpektiv for den del, veit eg ikkje, men dei skiftar no spørsmål innimellom og dei fleste omhandlar samspelet mellom mann og kvinne.
Så VG har funne ut at dei må gå nye vegar for å få fleire lesarar.
Som Jesus sa……La de små komme til meg. Som VG seier: La samlivet ditt kome til oss. 
No er det lesarane som skal oppsøke dei og ikkje omvendt.

Viss ein syns det er ubehageleg å vere naken foran den som eigentleg skal vere den du er mest trygg på, så er det jo å tru på julenissen viss ein faktisk trur at ein vil utlevere seg sjølv til ei tabloidavis. (Men idag er det jo ingenting som sjokkerer…så…..)

Ellers er det Jonas Gahr Støre som står for humoren idag. Eg måtte flire godt då eg såg opptaket frå stortingssalen i dag.
Jonas hadde sjølv lagt ut opptaket på Facebook av di han syns et heile blei skikkeleg komisk.
Budsjetforhandlingane hadde foregått til seine kvelden i går (eller ut i dei små nattetimar). Komikken kom då han takka finansministeren for i går kvel, eller i morges……….

Det er inga tvil om at ein god latter forlenger livet. Det gjeld vel også for statsrådane. Dei fekk ein kjempefin start på dagen.
Likevel……å skulde stortingspolitikarane for å ha underbuksehumor, er kanskje ikkje heilt riktig. Det tok i alle fall rimeleg lang tid før det kom noko reaksjon på det han sa. Og når reaksjonen først kom, så kom den skikkeleg. Alle kom samtidig, så det må vel bety at dei er like treige heile hurven. :=)

Støre hadde sjølvsagt vit til å fortsette "spøken" som eigentleg ikkje var meint som det det blei. Ergo skaffa han seg eit hav av nye tilhengjarar i dag.
Han har kropp og utsjånad med seg og jaggu har han humoren også. Kven kan vel motstå det??? Thihihi…..

Jomfrua tar straks kveld, så ha ein fortsatt fin kveld. Hugs å legge att mobilen i stova når du legg deg, så kanskje det fins håp for halm-livet også. Haha….., men då må du skunde deg. Viss ikkje risikerer du at ho seier nei av di klokka er så mykje og ho er "sjølvsagt" suuuuupertrøytt.
Ha ei god natt. Sov godt! Det har eg tenkt å gjere om to straksar. Eg skal berre utvide "kunnskapen" min litt ved å lese litt Marklund-krim.

Hasta mañana!

IWALY!!!!




tirsdag 26. november 2013

Menn er "enkle" vesener som alltid vil hige etter en kvinnes aksept og beundring. (Hehehe……menn…..enkle vesener….) Om du gir han dette vil han elske og ære deg. Jaujau……

Kristin Spitznogle brukar jo å kome med "tema" som legg opp til heftige diskusjonar blant folk (då gjerne innanfor temaet sex og samliv). At menn er enkle, kan lett diskuterast. Det spørs kva ein legg i ordet enkel. Dei er jo definitivt enklare vesen enn kva kvinnfolk kan skryte på seg. 
Om eg legg det til grunn, gjer jo svaret seg sjølv. :=)

Feminisme……..  Ho vil vel ha kvinnfolka attende på kjøkkenet, noko som i alle fall har provosert eit viss antall kvinner som offentleg har gått ut mot Kristin i denne saka. 
Blant anna meiner Kristin at feminismen undergraver kjærleiken, ei setning som set enkelte i fyr og flammer. Eit enkelt utdrag av reaksjonane seier at Kristin er prega av eit svartmalt kvinnesyn, bærer preg av behov for merksemd og at ho er alt for einsidig. Så spørs det om majoriteten er einig i dette eller ikkje.

Det som er sikkert, er at det er "kult" at det fins kvinner som tør å stå for noko, offentleg. Nokon som tør å stå imot, sjølv når ein får kritikk for sine eigne meininger. 
Kristin Spitznogle har nok mange sære haldningar til enkelte ting, men tru for ei kjedeleg verd vi hadde hatt om alle skulle vere einige i alt. 
Kanskje er det feil å seie at ho undergrev feministane. Kanskje det er det motsatte ho gjer?
Når ho tek opp temaer slik ho gjer, skapar ho debattar. Nett det kan jo også vere ein føremon for dei som er ueinige med ho. I slike samanhenger får også dei sjansen til å få fram sitt syn og samtidig vere med og påverke.

Kristin er ingen forkjemper for den militante feminismen. Det er nok ikkje eg heller. Det skal vere ein viss forskjell på det å vere kvinne og det å vere mann. 
Det er jo ein årsak til at menn er lit enklare enn oss damer. Det er jo av di vi i utgongspunktet skal vere ulike. 

Eg har jo fleire gonger tidlegare påpeika at eg syns litt synd på menna som faktisk må uthalde oss kvinnfolk. Hahahaha…… Det er nesten som vi då samstundes blir framheva som store monster!!
Neida, menna er ganske sikkert avhengig av oss, men psyken vår speler dei nok eit puss i ny og ne.
Stakkars den mannen som ikkje forstår oss til trass for at vi eigentleg ikkje seier noko om kva vi meiner. 
Det gjeld å finne sine overlevelsesmetodar. Då går det meste bra. 
Dømer på det kan vere å seie ja til det meste. Så kan det vere lurt å ikkje vere ueinig. Er ein ikkje einig, bør ein berre teie stilt om det (!). Thihihi……

Viss mannen står og stryker gardiner……..ja, då byrjer svetteperlene å renne på meg. Berre synet, nei tanken, får meg til å få spunk i hovudnerva. 
Ein einsleg mann, joda, men ein som er tapt i eit kvinnfolk…….nope. 

Jeg elsker han! Sambuar til mordbrannmistenkt lege. Kven er det som først blir mistenkt når det skjer noko kriminelt i ein heim? Eg er stygt redd for at det er "den betre halvdelen". 
Redd og redd……. Det er sikkert statistikkar som kan nøre opp under slikt, men kva om den som sikta faktisk er uskuldig?

Mange opplev i dag å bli mistenkt for å ha skada sambuaren/ektemaken sin. Då anten ved at det er funne eit daudt menneske, eller som i denne saka at senga stod i full fyr. 
Den kvinnelege legen som er sikta i denne saka, hevdar at ho er uskuldig. Ho elskar sambuaren sin som ligg på sjukehuset, sterkt forbrent, og skjønner ikkje at nokon i det heile tatt kan tenke tanken på at ho har gjort noko så ille. 
Så spørs det…. Er ho ein god skodespelar, eller snakkar ho faktisk sant?

Det som gjer det heile til ei tragisk sak, er at han som blei skada i brannen ikkje er avhørt, så ergo har dei ikkje fått noko opplysning som seier at ho er skuldig. Dei har berre ein mann som kanskje må amputere beina sine og som har ei kjerring som berre ventar på at dei skal oppheve besøksforbodet slik at ho kan få besøke han og støtte han. 

Viss eg skulle ligge avsvimt på sofaen her heime, ja då veit eg kven som ville fått skulda. Det er slik samfunnet har blitt. Det er så lett å mistenke………..men gud betre…….dei treff jo enkelte gonger også. Det er sikkert ein årsak til at dei tenker som dei gjer. Det er berre det at det er ei ganske så stor belastning å bli skulda for noko dersom du ikkje har gjort noko gale. 

Konklusjonen må nok bli at dersom du ikkje ønsker å hamne i ein slik situasjon der du feilaktig blir mistenkt, må ta enkelte hensyn. 
Blant anna må du sørge for at krangling ikkje førekjem! Har du vore så "dum" at du har krangla med "den betre halvdelen" ikkje så lenge før noko gale har skjedd, ja då er det garantert nokon som har fått det med seg og ergo har dei eit motiv. 
Du må aldri vere noko anna enn berre snill og god, og du må ikkje seie eit einaste negativt ord om vedkommande til andre. Aller helst bør du rose han/ho høgt opp i sky. (I ei slik verd kan ein jo klare å skape halleluja-tendensar.) 
Du skal med andre ord aldri trø feil. Sjølv den minste feil kan medføre at dei prøver å bryte deg ned til botnen i håp om at det skal kome ei avsløring. 

Ikkje veit eg om denne legen har tent på sambuaren sin eller ikkje. Ikkje er eg så interessert i å få vite det heller. Eg har stort sett nok med meg sjølv, men det er klart at når ein les om slikt så set det enkelte tankar i sving. 
Kva om……….? Kva om……..? Det kan fort skje kven som helst. 

Det er kanskje ikkje eit sjakktrekk å tenne på mannen din for så å ringe ambulansen dersom du har tenkt å ta han av dage. Så det virker litt søkt…….men ei ung jomfru som meg veit vel ikkje betre. 

Jaja, eg tenker no eigentleg enno på at menn er "enkle" og humrar litt for meg sjølv. Sanninga er nok at dei kan vere ganske vriene å forstå seg på innimellom. I stor grad og utan tvil. Så det er definitivt rom for debatt på det området! 
Når eg no skal røre på meg i retning av nattas tilhaldsstad, skal eg nok gjere mitt for å prøve la vere å tenke på menn. Kanskje Liza Marklund kan hjelpe meg med det. Eg har i alle fall byrja å lese i den nyaste boka som ho har gjeve ut i år. Til no virker den bra. 
Ergo betyr det at eg seier godt natt og "hasta mañana"! Sov godt! 

IWALY!!


mandag 25. november 2013

Joda, den følelsen……..når minstemann venter spent på mora der ho entrar dørstokken etter endt arbeidsdag. "Mamma, i år vil æ ikkje bære ha et sånn dær vanlig pepperkakehus. I år vil ha meir sånn dærrane slott, og så må det gjærne vær med sånn derrane balkong og greier." 
Joda, den følelsen……… Du berre ser forventningane og iveren i augene. "Åsså lurte æ litt på om vi kunne lage sånn togstasjon med nån tog også. Og så nån vanlige hus sjølsagt." Piuuuuh……… Svetteperlene lot vente på seg, men eg trur søren klype meg at dei ikkje var langt unna.
(Kor mykje deig treng ein til dette?? Til no er vi halvferdig med slottet og det er allereie gått med 1,5 kg…….)
Det skal visst gå nokre grisar og tusle litt i snøen, men akkurat den biten skal vel aller helst gå greit. Griseform har eg fleire av i skuffa!

Setter NAVs dårlige rykte i fare. Hahahaha…. Kva betyr det liksom? Dårleg rykte i fare kan vel berre bety at eit godt rykte er på veg…. Kjempefarleg! Plutseleg skal NAV få på seg at dei "funker". (No har ikkje eg noko dårleg erfaring med den etaten, så kva veit vel eg?)

Når det til og med kan refererast til Facebook, i denne saka, ja då kan ein lure……. :=)

Strikkhoppet som sjokkerer verden. Ja, inkludert meg! Idioti på høgt plan.
Kven er det som er så tullete at dei hoppar i strikk med kjæresten klamrande rundt seg? For det skjer jo i aller høgste grad.

Eg skjønte jo raskt at det ikkje kunne vere snakk om nordmenn. Greit nok, vi er eit folkeslag som gjer mykje dumt, men hallo? Ein eller annan stad må det gå ei eller anna form for grense.
Så når det ikkje var nordmenn, så må det jo då vere eit anna folkeslag. Russere! Russere på jakt etter adrenalinkick. Enorme sådan.
At "guten" ikkje er noko gentleman, er noko som glatt kan stadfestas utan problem.

At det kan virke spanande å kaste seg frå eit eller anna høgt oppe i lufta er ikkje vanskeleg å forstå. Det hadde eg sjølv gjort om det ikkje hadde vore for mor mi, som stoppa meg då eg var i 16-årsaderen.
Likevel, det er stor forskjell på nett det og det å stole så blindt på kjøresten din at du tør å hoppe utan sikring. Berre armane dine rundt halsen hans og føtene rundt midjen.
Det hjelper ikkje noko på at han, idet han hoppar, legg armane rundt midja hennar.

Eg har sett klippet frå stuntet og det var ikkje kult i det heile. OG når denne jomfrua syns det er for teit, ja då er det nett det!
Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg er glad i adrenalinkick og tidlegare tok eg alle utfordringane eg fekk. But, this……… It´s just to much!

Sukker gjør IKKE barn hyperaktive. Dette er noko som er stadfesta gjennom studie etter studie. Likevel, det er denne myten som er vansklegast å overbevise det moderne vaksne mennesket om. Likevel, deter slik det er.
Så kan ein heller stille seg spørsmålet om kvifor det er slik at vi faktisk kan sjå effekten sjølv med vårt blotte auge?!
Vel, det er der vi tar feil. Vi ser det av di vi forventar at ein skal ha den effekten. Foreldre har sett effekten gong på gong, men det er likevel fullt ut feil.

Årsaka til at eit born blir meir hyper etter å ha vore i eit bursdagsparty er så enkel som at dei er aktive av di det naturlegvis er meir leik og moro i selskapet enn det ville vore om ein ikkje var i selskap. At det er kaker og andre godsaker representert i desse selskapa, er berre ein tilfeldig variabel. Så det er nok omstendigheitene som gjer utslaget.

Mykje handlar om forventningar. Ein ser og opplev som regel det ein vil sjå og oppleve.
I denne samnahengen er det mange som vil stå steilt på sitt. Mange vil faktisk nekte å gå med på at desse studiene faktisk er sanne.

Eit anna eksempel kan vere at eit born sit roleg i sofaen, med vaksne rundt seg, og koser seg med brus og kaker. Plutseleg byrjer bornet og vere uroleg i sofaen og kanskje til og med starter med å klatre fram og tilbake i sofaen.
Mange tenker då at no byrjer sukkeret å gjere seg gjeldande. Slik er det altså ikkje! Det er jo ikkje akkurat meininga at eit born skal sitte pent og pynteleg med dei andre i sofaen i ukueleg lang tid. Det er klart bornet blir rastlaus. Det er jo eit born, og born likar å halde på med noko.
Å sitte rundt eit bord med andre og ikkje gjere noko spesielt, er direkte kjedeleg. Bornet blir utolmodig og dei andre skuldar på sukkeret og ber bornet om å roe seg.
That´s life!

No er det "Farmen-tid", så då skal eg flytte augene eit lite hakk høgare opp. Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!!

søndag 24. november 2013

Då ørna var mindre enn ein meter unna! Jomfrua har vore "farleg" nær ei ørn i dag. Det var aldri direkte farleg, men nær var ho. (Eller han for den del. Eg er ikkje så inne på ørn at eg kan definere om kva kjønn fuglen har.)
No hadde eg tenkt å lage ei lita fantasy-forteljing her aller først, før eg skulle avsløre at det ikkje var heilt slik som forteljinga seier. (Det er jo trass alt mykje ein kan sjå for seg når det er snakk om ei ørn, ei jomfru og ein avstand på under ein meter.)

No har eg fleire gonger her skrive at det var under ein meter i mellom oss. 10 cm er kanskje litt meir korrekt å seie! Hadde det heile skjedd i ei anna setting, hadde eg nok vore hakket meir redd enn det eg var i dag. Enkelt og greitt fortalt så er det ikkje kvardagskost at ørna stirrar denne knetta rett inn i kvitauget!

Det heile utarta seg på følgjande vis……… Jomfru Knutsen sat i eigne tankar (i bilen) medan ein annan viss kar sat bak rattet og skulle sørge for å halde bilen på vegen. Det siste var kanskje ikkje så vanskeleg når det er på ein "avsides" veg der det ikkje er forsvarleg å halde meir enn 40 km/t.
Uansett…… Plutseleg utbraut han "Sjå ørna!", noko som sjølvsagt fanga merksemda mi og eg stirra rundt meg (lettare febrilsk) utan at eg klarte å fange ørna med synet mitt.
Plutseleg hadde han køyrt rett opp på sida av ørna som sat så fint i vegkanten saman med nokre kråker. Utan at eg veit det, vil eg tippe på at det låg eit eller anna dyr i veggropa som dei forsynte seg av då vi dukka opp på eit ubeleileg tidspunkt for desse krapyla.
Fyren tenkte sjølvsagt ikkje på at han skulle stoppe bilen ein god del tidlegare slik at eg kunne få ta eit supert bilete. Det ville jo ha blitt eit fantastisk bilete om eg kunne fått eit bilete av ein ørn på få meters avstand.
Istadenfor stoppa han opp på sida av ørna og ørna valgte då å lette urpittelitt. Det vil seie at ho steig opp i høgde med bilvindauget på mi side. Noko som gjorde at eg fekk okesterplass! Vingen strauk over sidespegelen og augene på ørna stirra rett på meg. Eg turte sjølvsagt ikkje å opne vandauget. Ikkje av di eg var redd for at ørna skulle fly inn i bilen, for det var den for stor til. Eg veit eigentleg ikkje kva som stoppa meg, men noko var det i alle fall. At mobilen låg i lomma, klarte eg sjølvsagt ikkje å tenkte på før det var for seint. Då eg kopla at eg kunne forevige det heile med mobilen, fann fuglen ut at den likeså skulle ta seg ein liten flytur.
I og med at vi skulle nå ei ferge, måtte eg berre innsjå at det ikkje var tid til å vente på at den skulle kome attende for å gjere seg ferdig med det den var starta på.
Likevel……. Det var berre ruta mellom ørna og meg, og det var eit frydblanda augeblink!

Yngstemann i huset er straks 20 kroner rikare. 20 kroner, som ikkje er all verda til sum, men sjølv ein slik symbolsk sum er lykke på jord. Dette av di desse 20 kronene er vunne eit veddemål mot ei av kollegaene mine.
No skal det også poengterast at det ikkje er første gong at dette skjer. Det same skjedde faktisk på same tida i fjor. Vi snakkar "Skal vi danse" og kven som kom til å vinne heile showet.

I fjor, etter første episode, sa gutungen at Hanne Sørvaag kom til å vinne heile greia. Alle som fulgte med på programmet veit jo at ho gjekk vidare og vidare og vidare.
Så dukka kollegaen min opp og sa at dersom ho Hanne vann, skulle han få 20 kroner og viss ho ikkje vann, skulle han gje ho 20 kroner. Hanne Sørvaag vann og gutungen blei 20 kroner rikare.

I år, etter første episode, sa han at Eirik Søfteland kom til å bli årets vinnar. Kollegaen min inngjekk same veddemålet i år. Viss Eirik kom til å vinne heile skiten, skulle han få 20 kroner.
I føremiddag tok han telefonen min og ringte ho opp. "Æ ska ha tjue krona hos dæ!" Hahaha……. Herleg! Så høyrte eg berre "Ja, det går bra", og reknar med at det blei avtala korleis pengane skulle bytte eigar.

Har ørret hukommelse? Det er spørsmålet som blir stilla på VG sine nettsider. Ikkje veit eg svaret, ikkje har eg tenkt å sjekke opp svaret og eigentleg er berre spørsmålet teit. Teit nok til at eg hengte meg opp i det! :=)
Kva er det eigentleg ørreten treng å hugse? Kva veg kompisen svømte? Viss han ser forskjellen på dei…….

Sier hun kan lese dyrs tanker. Hahaha….. Skikkeleg kul greie å trakte etter. Eg veit ikkje heilt om eg ville ha visst kva ein hund tenker når eigaren brukar "babystemme" til han, eller kva som eigentleg foregår oppi hovudet til ei papegøye når ho seier "Polly vil ha mat".

Nina, som kvinna heiter, påstår at hunden har betrodd seg til henne. Han har sagt at det er ei "jente" han ønsker å tilbringe meir tid saman med.
Vel…… Ein slik ting kunne sikkert eg også klart å tippe meg fram til. Det er jo berre å sjå om hunden lograr litt ekstra når jenta er tilstades. Då skjønner ein jo at noko er på gong blant hormonane til den mest sannsynleg virile hunden.

Hmmm…… Det viser seg visst at hunden er ei guttejente. Ein maskulin type, men i kvinneform.
Det er vel med hundane som med oss menneske. Vi er alle ulike og kanskje er dette ein transvetitthund??? Who knows?
Viss hunden nektar å ta på seg kjole, så får vi kanskje svaret på det.
I alle fall…….om hunden har betrodd at ho vil møte ei anna jente, er det ikkje sikkert at ho er så viril likevel. Så feil kan ein ta!
Når jenta i tillegg er ei menneskejente på fem år, knuses alle tankar denne jomfrua har hatt om saka. Alle argument er smuldra opp og skulle det vise seg at det er ei femårig jente som hunden av og til brukar å vere med, ja så kan vel denne Nina lese hundens tankar også!!

Nei, ei avslappandes helg er over…..I den grad ein kan kalle det å bruke laurdagskvelden til å rette matteprøver og norskinnleveringar for å slappe av. Hyttelivet har vore særdeles avslappande, der høgdepunktet var å fordype seg i boka om hundreåringen som stakk av frå sjukeheimen på sjølvsaste stordagen sin. Ei fornøyeleg bok på 400 sider. Viss du klarar å sjå det heile for deg medan du les, vil du garantert flire fleire gonger.
No er ho ferdiglest og skal plasserast attende i bokhylla, med mindre nokon hyler ut og vil låne den. Den er i alle fall verdt å lese.
Det er inga krimhistorie, sjølv om det at ein hundreåring tilsynelatande tar livet av tre unge vaksne og stikk av med 50 millionar. Tja……. Eg veit ikkje. Kanskje det er litt krim i det likevel. Humorkrim!!

Ha ei fantastisk fin natt med mykje god svevn!

Hasta luego!

IWALY!!



torsdag 21. november 2013

Fant nesten 60 000 pund flytende i elven. Ja, det skulle ha vore meg!
Det er vel då ein kan bruke uttrykket "å bade/vasse i penger".

Er det ikkje slik at "vinnaren er finnaren"?

Verden er gal når barn bruker dyrere klær enn voksne. På nettet raser diskusjonen om luksusklede til born. Når eit skjerf kan koste 1600 kr, ja då er det lov til å reagere.

VG har no annonsert at dei ønsker å kome i kontakt med lesarar som føler seg pressa til å kjøpe dyre klede til borna sine. Den merksemda dette temaet har fått, etter at ein familie frå Tønsberg sa at dei føretrekk å kjøpe dyre klede til borna sine, har gjort til at dei skal lage dette mykje større enn det er blitt til no.
Dette er verkeleg ei sak som engasjerer.

VG har til og med tatt seg tida til å rekne ut kva forskjellen på pris kan ha å seie for framtida. Dømet dei bruker, er at dersom eit skjerf kostar 400 kr og eit anna kostar 1600……… Viss du kjøper det som kostar 400 kroner og set resten inn på sparekonto (til bornet sjølvsagt), vil det med 3 % rente vekse til heile 28 097 kr innan bornet er 18 år. (Og då gjeld det kun beløpet som spares på skjerfet.)

Kva meiner eigentleg folk om denne saka? Eg ser for meg at det er mange som blir provosert av dei som er med på å skape eit synleg større klasseskille allereie frå bornet er baby.
Det er kanskje også med på å skape eit press der ein til slutt kan stille spørsmålet "Kor langt er vi vaksne villig til å gå for å bli sosialt akseptert?".

I utgongspunktet må jo folk, om dei har nok pengar, kjøpe kva dei vil. Så lenge det ikkje kompenserer for andre manglar, er det jo sånn sett ikkje noko galt med det. Likevel, vi som vaksne menneske må nesten tenke over kva signal vi sender ut. Det er mykje vi har høve til å gjere, men lar likevel av di ein vel å ta hensyn til alle rundt oss. (Noko ein ikkje skal gjere for einkvar pris, men av og til kan det også vere greit å gjere.)

Ei Asbjørg Haraldsen har uttalt at ho kjenner til at enkelte born i bornehagen blir kalla "Cubus-ungar". Viss det stemmer, meiner eg at det er eit overtramp av dei vaksne. Då har dei vaksne, kanskje ikkje vondt meint, bevega seg inn på eit område der grensene er lett å trampe på om ein ikkje er forsiktig.
Eg vil tru at dersom ein forelder kjem for å hente bornet sitt heim, og plutseleg kjem over nokon som kallar bornet deira for "Cubus-unge", så vil det stikke i hjartet. Det vil nå rett fram til mottakaren (som kanskje i utgongspunktet ikkje var meint til å høyre det).

Ei anna dame seier at enkelte foreldre krever at borna ikkje skal få mat, maling, skit (you name it) på seg av di klesstoffet er av kashmir. Hahahahahaha……. Dagens dårlegaste, spør du meg.
Viss du som forelder krever noko slikt av ein bornehage, ja då er du rimeleg teit. (Unnskyld språket, men hallo…….) Då vil eg nesten påstå at det grensar til omsorgssvikt. Når kleda blir viktigare enn å få utvikle seg normalt ilag med dei andre borna. Det fins grenser………

Kva eg sjølv meiner om det heile, veit eg faktisk ikkje. Eg trur kanskje eg heller begge veger.
På eine sida meiner eg at ein kan kjøpe det ein sjølv vil. Det er opp til kvar enkelt kva dei vil gje bornet sitt.
På den andre sida ser eg eindel av problematikken det fører med seg når vaksne seier slikt som "Cubus-unge". Samtidig er det så mange som har fokuset på mote og altfor mange føler seg pressa til å kjøpe klede dei i utgongspunktet ikkje har råd til av di dei skal "halde tritt" med det samfunnet som er rundt dei.
Folk skal få kjøpe det dei vil, men vaksne kan i det minste la vere å halde fokus på kor og kva merke dei kjøper. Viss dei har eit meir avslappa forhold til det heile, ja då trur eg det vil vere lettare å få aksept for det.

Det burde ikkje vere eit problem……..å gå i det ein vil. Det er berre det at slik samfunnet har endra seg, sørger det for eindel problemar for mange.

For min del kan folk gå i nett det dei vil. Det eg imidlertid tenker er: Kva når borna blir 18 år og har blitt vant til ein rådyr livsstil? Dei når ein alder der dei skal klare seg sjølv, i alle fall til ein viss grad. Så byr sjansen seg til å få eige kredittkort, noko fleire vel å få av di dei ønsker å oppretthalde den livsstilen dei har hatt fram til då. 
Denne tanken har slått meg fleire gonger og den føles ikkje bra. Er det noko som har vore med på å bidratt til at mange slit økonomisk i samfunnet vårt, så er det kredittkort.
Kor mange er det ikkje som slit med å betale attende kredittkortgjeld? Vanvittig mange!!

Når vaksne innviar dei søte småborna i den eksklusive verda, så burde det vore eit krav om at dei har plikt til å følge det opp når borna blir eldre. I slike tilfeller er det dei vaksne som har skapt behovet og då er dei som bør ta følgene av det også.

Sånn eigentleg hadde eg tenkt å drøfte kval visa menneske. Og amerikanarar! Haha………No lurar du sikkert på kva eg meiner, men då må du kome attende ein annan dag for å finne ut det. Klokka er masse og i dag har vi vore på arbeid heilt til kl.21, så eg kjenner eg er litt sliten.
Det er på tide å snart ta kveld, så då seier eg rett og slett berre god natt og sov godt!

Hasta luego!

IWALY!!!

onsdag 20. november 2013

Jaujau……. Den følelsen når du sit der og speler og kjenner at det er såvidt nok luft til å presse tonane fram. Det er nesten som at det er like før hjarteklapp og likevel kjenner du at det kjem til å gå berre bra.

Eg har vore på øving og det er lenge sidan det har vore så tungt å spele. Ergo betyr det at det er eit par stykk menneske som berre må innfinne seg med tanken på at det dei neste dagane kjem til å vere mykje ulydar i huset, for her skal det øvast. Det er berre "ei uke" til desember og då bør ein i stor grad ha betre amasjør enn det eg har no.

Vant 1,4 mrd i lotto- nå skal de skilles. Hahaha….. Då veit vi årsaka til at dei har holdt saman. Dei kan rett og slett ikkje ha hatt råd til å skille seg. Livet der det materielle er viktigast. (Kanskje…)

Det kan godt hende at det er fleire som har det slik. Der den eine vel å ikkje forlate av di det "kostar" for mykje. Det betyr at ingen kan vel føle seg heilt trygge med mindre enn om dei er gift med ein riking ifrå før.  :=)

For mykje pengar er heilt sikkert ikkje "trygt".

Tidlegare i dag las eg ei overskrift frå ein artikkel i ei avis her nordifrå. Den kan utvilsamt ha ei dobbeltbetydning og forskjellen på dei ulike meiningane ein kan trekke ut av overskrifta er rimelg stor.
Pinnekjøtt av lam med knekte bein. Thihihi…. Kanskje ikkje heilt gjennomtenkt?!
(Den eine er kanskje hakket meir "makaber" …………)

Jeg presenterer været naken hvis Frankrike går til VM.  Ops…..Det gjorde dei! Thihihihihi…… Vèrdame i hardt vèr, med andre ord!

Enke sov i et år ved siden av død enkeman. Autsj…………… Viss ikkje det er makabert, ja så veit ikkje eg.
Joda, ein kan lett skjønne at der er vanskeleg å gje slepp på sin betre halvdel, men ein eller annan stad må det gå ei grense. Å ligge ved sidan av ein daud mann i eit heilt år er berre ekkelt!
Ei natt kan vers mogleg å forstå, men meir enn det………….

Det verste er at det blei avdekka av di husverten kom for å kaste ut leigetakarane. Hadde han ikkje gjort det, ville det heller ikkje ha blitt oppdaga enno. Fisj…..

Det EG ser for meg når eg tenker på denne saka, er at det må jo ha vore ei vanvittig stank! Utan tvil, altså. I tillegg veit eg jo at kroppen endrar seg etterkvart. Berre på ei uke kan det skje bra mykje. Det er jo ei årsak til at ein plasserer kister i ei kald likstove fram til gravlegginga skal finne stad.
I dette tilfellet har ho hatt mannen med seg inne i leiligheita og eg vil tru at det er varme på der.

Kva er eigentleg att av eit menneske etter eitt år? Det er første spørsmålet som slår meg.
Eg har jo inga peiling på kor lang tid det tar før eit menneske råtnar, men eg går sterkt ut ifrå at i løpet av eit år i "varme" så må  prosessen ha komen godt i gong.

Dette er ei sak som er både trist og usmakeleg på ein og same gong. Eg syns synd på kvinna som har takla mannens daud på denne måten, men samstundes syns eg det er makabert.
Difor er det eigentleg litt vanskeleg å forstå at eit menneske kan reagere på ein slik måte.

Kva med alle bakteriane? Sengekleda? Ho må jo ha skifta på senga i løpet av eit år? Eller…….? Har ho då fysisk løfta på han sjølv? Isj……….

Jaja……. Tornerose sov jo i 100 år!

Baby døde etter omskjæring på legekontor. No håpar eg verkeleg at det ikkje er snakk om eit norsk legekontor….. Tar eg heilt feil, eller er det ikkje slik at det er forbode med omskjæring her til lands?
Eg skal i alle fall opne saka og sjå kva det dreiar seg om.

Etter å ha lest artikkelen, må eg ærleg innrømme at eg blir usikker. Eg meiner eg tidlegare har både lest og høyrt at det ikkje er lov til å omskjære små born her til lands. No veit eg eigentleg ikkje.
I alle fall…. Det er her i Noreg dette har skjedd. Faktisk står det at det ukentleg omskjæres over 40 guteborn ved legekontor i Oslo.

Det er jo klart at det er ein føremon at det utføres av kvalifisert personell, ergo ein lege, men likevel…… Stakkars born.
I dette tilfellet gjekk det jo ikkje bra. Ungen blødde i hel og i dag lev den ikkje.

Eindel av årsaka ligg også i arrogansen til legen som utførte inngrepet. Han tok ikkje dei føresette alvorleg nok då dei kontakta han og fortalte om tilstanden til sonen sin.
Det vil seie….Det var faktisk tre legar involvert.
At det kjem til å få konsekvensar for dei tre legane, ja det er vel ikkje noko å lure på.

Ei slik kjønnslemslesting som dette bure verkeleg vore forbode ved lov. Bornet har inga sjanse til å samtykke på det eller ikkje. Ergo blir ein frarøva noko som er ganske så personleg. I mitt hovud er det rett og slett eit stort overtramp/overgrip mot ein liten gut som mange gonger berre har rukke å bli eit par uker gamal før foreldra tar han med seg for å få det utført.
Eg meiner der er ei kriminell handling!!

No har eg prøvd å lese meg opp til reglar i forhold til dette temaet. Eg klarte ikkje slå meg til ro med at det er greit å utføre slike operasjonar. Eg har søkt litt på nettet og om eg ikkje har misoppfatta noko så er det forbode å omskjære jenter her til lands. Altså ikkje gutar.

Ein kropp er "perfekt" frå naturen si side. Det er vi sjølv som skal bestemme over vår eiga kropp. Det er då trist at ein i enkelte kulturar må endre på kroppen sin for å bli ærbar og respektert.

Nei, klokka spring på ein onsdagskveld. I morgon blir det ein lang dag, så då er det vel om å få seg mest mogleg svevn i forkant. Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta! :=)

Hasta mañana!

IWALY!! 


tirsdag 19. november 2013

De elsker ham, lever av sæd og holder kjeft etter fellatio. Er vi i ferd med å bli immunisert mot kvinnehat? Spørsmålet stilles på Dagbladets sider her på nettet.
Sånn umiddelbart må eg innrømme at eg har null snøring på kva det dreiar seg om. Kve er han? Eg ser eit bilete av ein mann og ei kvinne. Kven han (eller ho for den saks skuld) er, har eg null peiling på.
Nokon elskar han, lever av sæd (??????) og holder samtidig kjeft…….. Vanskeleg setning å bli klok på, men det er sikkert eit eller anna smart bak det heile. Så då får eg vel ta å sjekke då.
(For han ser jo ut som ein kjekkas!)

Det er Robin Thickes som er den "heldige". Hiphop er det første som slår meg då.
Det seies at i hiphopens verd har det vore tispenes år. Det er vel i den samanhengen at spørsmålet om kvinnehat dukkar opp.
Forresten er det Lil Wayne som syng om tispene sine. Det er han som blir elska.
Sjølve setninga om sæd blir eg ikkje klok på.
Sjølvsagt kan eg bevege meg inn på ei eller anna forklaring, men eg er redd den vil bli litt einspora.

No er det stort sett slik at det er lite ved hiphop´en som sjokkerer lenger. Det er nok det som ligg bak spørsmålet om kvinnehat. Mange songar er ei gråsone mellom valdtekt og frivillig sex, noko som, i alle høve tidlegare, kan sjokkere mange. I og med at dette med sjokkering er på god veg bort, er det tilsynelatande lett å anta at vi byrjer å bli immunisert mot kvinnehat.

Det er jo ei låt som heiter "The Bitch Sucks Dick".
Det kan nesten bvirke som om at det er greit at kvinnehatet dyrkes så lenge det er snakk om det lyriske (og berre det). "Screen violence" er vel kanskje det næraste uttrykket vi kjem til det lyriske. "Screen violence" er ikkje så sjokkerande som "fysisk" kvinnehat.

Problemet er eigentleg at heilt sidan starten av denne sjangeren, hiphop´ens fødsel, har den vore klassifisert som autobiografisk naturalisme.
Naturalisme er vi nok mest vant til å knytte opp mot Amalie Skram og andre kjente forfattarar. Med andre ord litteraturhistoria.
Autobiografisk naturalisme er ikkje eit ord du kan google og finne ei god forklaring på. Likevel er det ikkje verre enn at ein ser på orda som to sjølvstendige ord.
Autobiografisk er på ein måte det same som sjølvbiografisk. Då er det sjølvsagt snakk om at det dreiar seg om noko personleg.
Ergo vil det vere vanskeleg å påstå at det er lett å sjå at det kan vere eit skille mellom sant og usant i dei tekstane som skrives i denne sjangeren.
Då må det kanskje presiserast at det er hiphop´erane sjølv som har påberopt seg dette med autobiografisk.

Tidlegare var hiphop ein subkultur. No er den gått over til å bli meir ei global og komersiell uttrykksform. Den formar seg etter ei verd som heile tida er i endring.

Det har nok i stor grad blitt slik at vi sosialt aksepterer og ikkje minst finn gleden i musiken til menn som reduserer oss kvinnfolk til blant anna eit dyr, ei bitch. Det einaste vi eksisterer for, er at vi skal tilfredstille og adlyde. Ganske sterke ord, men ein realitet.

Når alt dette er sagt, kan ein jo for såvidt trekke fram "Ffty shades of Grey". Dette er eit litterært verk, så det blir kanskje litt på sidelinja. Det er vel heller meint som at populærmusikken vi høyrer på kan vere ganske råtten. Allmennkulturen står for fall og den vil nok i større og større grad vere med på å sørge for at vi får eit større klasseskille i verda. Sosiokulturelle………men då er vi inne på Vygotski sin læringsteori, og det var ikkje akkurat ei pedagogisk tema dette skulle vere, så vi stoppar der.

Hiphop…… Eg høyrer nok rimeleg lite på den type musikk. Kanskje til og med så lite at det kan klassifiserast som ingenting. Berre så blaff sånn heilt tilfeldig………

Anand ser på Ringenes herre og lyttar til Coldplay. Jaja, viss oppladninga er science fiction……. Sjakkmatch-ane er livets harde realitet og ingen sience fiction.
Greitt nok…… Filmen handlar jo om å forsvare seg, men i overført meining? Neppe  noko god strategi.
Dessutan er det snakk om lange filmar og sannsynlegvis brukar han for mykje tid på å konsentrere seg om desse småkrapyla i triologien. (Viss han då ikkje anser Magnus C for å vere ein slik hobbit og treng å finne formelen for å slå han……… Vel, vi veit jo korleis "storyen" endar, så det er ikkje noko særleg bra sjakktrekk å gå for den metoden!

Jomfrua har vaska og strykt gardinane med julemusikk sivande ut av høgtalarane på tv. Ei stund var det ein som var rimeleg bekymra for om han kom til å få sjå fotballandskamp i og med at julemusikken kom ut av høtalarane som tilhøyrer nett tv´n.
Det er gjerne ikkje det smartaste ein gjer…….. Å be om tv´n når den er i bruk under vasking. Thihihi….. Det var ei litt rusten stemme som spurte om lov og det kunne virke som om at svaret som kom var uventa.
Litt lettare i sjokk blei julemusikken slått av og Høgmo sine staute karar (som enno har til gode å vinne) fekk rule tv-skjermen.
Kva er vel betre enn å nistirre på muskulause menn som spring etter ei lærkule, og då ikkje mindre enn heile 22 stykk?
I og med at det er mest menn som stirrar på slikt, kan ein vel kanskje anta at det er noko anna som driv dei. Tvilen kjem dei til gode og då får vi vel berre seie at det er det taktiske dei er fasinert av! Haha…..

Uansett, fotball eller ikkje. Når ein er så trøytt som eg er no, ja då sit ein i alle fall ikkje oppe og ser fotball. Då er dyna eit myje betre alternativ.
Ikkje det at dyna er så samtalevillig, men det er vel heller ikkje målet når ein mest vil sove.
Så ha ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!!!

mandag 18. november 2013

Smugler dømt for ikke å ha lik i lasten. Jaujau…….
Joda, eg skjønner at det må vere snakk om smugling der ei eller anna kiste må ha vore ein del av det heile. I ei kiste bør det jo aller helst vere eit lik (eller at den er tom - på veg til eit lik).
Likevel……..dommen kjem ikkje av di det ikkje var eit lik i kista.
Eg ser ikkje heilt at det er ulovleg å ha ei tom kiste i bilen. Ergo er overskrifta berre eit ordspel, men likevel eit heller dårleg ordspel av di den er missvisande.

No skal det seiast at kista var full av sprit og sigarettar.

Besittelse av stjålne skiftenøkler. Resultat i USA……..livtidsdom!! Hahahaha…… Dagens beste! I really love this world. La galskapen kome til Noreg!
Eg tvilar ikkje på at den dukkar opp snart, kanskje om 20 år. Det er sirka 20 år vi ligg bak USA på mange andre områder, så det er vel då ikkje så ille å tippe det.
Det blir liksom like teit som om at ein kan gå till sak mot microomn-leverandørar dersom dei ikkje skriv i bruksanvisnings at ein ikkje må tørke katta si i omnen. "Yeah, right!"

Tapping av bensin fra en annen bil. Tjuveri av datamaskin frå eit supermarked. Tjuveri av tre belter frå ein butikk. Tjuveri av to gensrar frå ein sportsbutikk. Innbrot i ein parkert bil og påfølgande tjuveri av ein lunsjpose. Framsetting av truslar mot politiet i berusa tilstand med handjern på seg.
Lista er lang og alle punkta førte til livtidsdommar. Stakkars menneske.

Litt kjipt å ha ein bil og oppdage at du plutseleg er fri for drivstoff og du er langt unna ei drivstoffpumpe. Likevel….. Å få ein livstidsdom for det? Hm…….
Det beste er jo det med lunsjposen! Thihihihi…… No blei jo det gjort samtidig med eit innbrot i ein bil, men det er no nista som fanga merksemda til denne knetta. Kanskje det var nett denne matpakka som gjorde utslaget av dommen?! LOL

Å stele belter eller gensrar…….Livstid! Wow. Eit hardt regime med andre ord. Og her til lands strever vi med å få dømt dei som utfører valdtekter og drap. Tilregneleg eller utilregneleg osv…. Det set ting litt i perspektiv.
Om det er i positiv eller negativ betydning skal vere usagt. Det er slett ikkje så lett å danne seg ei meining hverken den eine eller den andre vegen. Eg ser berre det at systemet er heilt……….tja, kva skal ein eigentleg kalle det? Eg er "ordlaus".

Viss du planlegg ei reise "over there", ja då bør du forvisse deg om at du aldri blir mistenkt for noko som helst. Du må vere supertydeleg på at ryggen din er rein og klar. Litt kjipt å bli verande der av di du blir mistenkt for noko du kanskje ikkje har gjort.

Ho som gjekk til sak mot microbølgjeomn-produsentane vann saka, til trass for at det berre er teit.
Viss ein ikkje skjønner at katta ikkje skal inn i omnen, så bør ein hverken ha katt eller omn.
Lite smart……..

Julekalender til menn - 24 luketips. Hahahahaha…… Skjønnte eg det ikkje? Dei måtte jo følge opp med ei liste for menn dagen etter at kvinnfolktipsa kom. Det er jo berre rett og rimeleg det.

Slips…… Joda, det er jo ei brukbar gåve.
Solbriller! I desember…….Nordland. mørketid.
Magasinet GQ Style. Eg har aldri høyrt om bladet og aller minst sett det.
Little book of moustaches. Tja, med den iveren eg har etter å ha ein bartemann rundt meg, så må jo det vere den ultimate gåva!! Hahaha….Not!
Boxere…..Neppe.

Eg gjekk no lei av heile lista, men det eg kan konkludere med er at den virker litt meir fornuftig enn lista til kvinnfolk.
Det beste med alt er at eg ikkje ønsker meg noko av det som står på mannelista heller, så treng eg ikkje bekymre meg for den biten heller! Thihihihihi………..

Viss eg skal lage adventskalendar, noko eg ikkje skal, så vil nok innhaldet vere litt annleis. Det handlar jo om å lage det slik at det gagnar deg sjølv litt også. Eller??  Det er jo berre såååååå rett og rimeleg det.
Det ligg jo ein plan bak det meste!!

Eg gløymte jo å seie at ei gåve kan vere ei skinnreim til å ha rundt halsen. (Kor creepy er ikkje det?)
Kortholdar i skinn!! Hallo? Aldri i verda. Eg har aldri sett ein mann med skinnkorthaldar og satsar på at eg aldri gjer det heller.
Skinnlommebok er greit, men korthaldar? Metall er tingen!

Etter å ha sett at justisministeren skal sørge for eit trygt Oslo,  ein blødande Farmen-deltakar, osten som skulle importerast utan tollavgift kostar 2000 kr kiloet (løp og kjøp)…….ja, eg trur det er på tide å ta kveld.
Forresten….Kven kjøper ein så dyr ost?
Det kanjo sjølvsagt vere eit kalendertips tips til kjerringa!

God natt!!
Hasta luego!

IWALY!!


søndag 17. november 2013

24 moteriktige kjøp til julekalenderen. Hahahaa……. No heiter det vel eigentleg adventskalender.
Uansett, jul eller advent, eg tvilar sterkt på at eg kjem til å få noko adventskalender.
Eg ser for meg at ein viss kar hiv seg rudt og lagar ein haug med pakkar til meg. (Hahhahahaa……då trur eg at eg vil byrje å lure….)

Det er vel aller helst borna som får kalender, men det fins vel eit par eksemplar frå den vaksne verda også. Så viss det er menn som vurderer å lage kalender til kjerringa si, så kan det jo vere verdt å gå inn på VG.no og finne artikkelen som omhandlar dette.
Det er jo klart at VG veit kva dei ultimate gåvene er. Akkurat som reklamen som seier "ost er ost"…… Kvinnfolk er kvinnfolk!!

1) Armbånd med daudningehovud på. Jeeeeesez, trur dei verkeleg at eg syns at det er så kult? Først må eg no bli vant med å bruke armbånd i det heile før eg klæsjer på noko med eit daudningehovud. Skikkeleg kvinneleg ifrå før (hahhahahahahaha) og enno meir kvinneleg med eit slikt motiv. (Verda er gal!!)

2) Tang til augevippene mine!! Heilt klart eit førsteønske hos meg, med tanke på at eg kjem til å bli superbrukar av produktet. Særleg………Primadonnaen "Jomfru Knutsen"!!

3) Hårklyper/nåler….. eller whatever det kalles. No er det like før eg går av skaftet her eg sit. For ein rein lykke. Dette er jo supre ting!! LOL

4) Sånn der du har foran augene for å hindre lys å komme inn. Brilleforma tøybit med ein elastisk strikk i (eller noko i den dur).
Eg trur faktisk at eg har ein slik i hus, men eg tvilar å at eg vil klare å finne den om eg prøver. Det seier vel litt om behovet.

5) Gullveske (sånn uten reim - berre den lille firkanten til å ha i hendene). Jomfru Knutsen og gullveske. Yeah, right! eg skal då vel ikkje suge til meg all merksemda heller. Dei fleste vil vel berre sjå rart på meg om eg skulle dukke opp md ei slik ei i handa!

6) Dag seks og til no har eg ikkje fått ein einaste "nyttig" ting. Gud kor eg gler meg til ein slik kalender! Så spørs det. Kva kan ein forvente å få i pakke nummer seks?
Blondeshorts!! Thihihihihi……. Eg trur eg berre skal legge bort heile kalendern. Blondeshorts med sløyfe på. Fantastisk!

7) Neglelakk….. Treng det eigentleg noko kommentar?

8) Svære øyredobbar. Huhuuuuuu………. Eg ville aldri turt å prøve dei i frykt for at øyrene skulle dette av. Eg klarar meg godt med små øyredobbar eg.

9) Ringar. Vel, eg er ikkje interessert i få så mange ringar.
På biletet ser det ut som om at det er snakk om riktig så fine gullringar. Kven er så "tuillåt" at dei gjer gullringar i ein adventskalender? (Eg ser bort ifrå Kjell-Inge Røkke & co.) Ergo må det vel vere snakk om juggel. Juggelringar brukar eg ikkje.

10) Bladet "Vogue". Tja….. Går vel an, men ikkje noko eg blir å sakne om det ikkje dukkar opp. Eg har vel aldri kjøpt mitt eige "Vogue" før, så……… Eg skulle vel klart å lese det, men ville lurt litt på kvifor eg har fått det.

No er ti dagar gått og eg byrjer å lure på om eg eigentleg skulle vore mann??????? Hahahahahahahaha………….
Ikkje ein einaste pakke som har falt i smak og eg lurer eigentleg på kva det kan bety.
Kanskje eg er litt sær? Mildt sagt!

Kva kan ein eigentleg kjøpe til ein kalender der mottakare er meg?
Om eg tenker meg om ville det vore lykke å få fiolin, bassforsterkar, små rytmeinstrumentar, kontrabass……..og så eg vel stoppe meg sjølv. Var det ikkje eg som snakka om desse gullringane og at det ville bli for dyrt?
Ein ok kontrabass kostar nok sånn høveleg 50 000. (No skulle eg visst ha kjent ein Røkke.)
Vel, eg blir vel glad for ein stratos, koselege lappar/meldinger og slike ting. Det betyr nok litt meir enn alle desse dilldall-tinga som foreslås på nettet. (Hahahahah….Ein stratos er viktigare!! Thihihii….. Jaja, den var litt utanfor fokuset, men stratos er digg!)

Det er 24 pakkar som skal lagast. Viss lista fortset på same viset som dei første 10, ja då trur eg heller at eg står over.
Det er jo alltid hyggeleg, uansett innhald, men litt dumt å kaste bort pemgar på noko som eigentleg ikkje vil falle i smak.

Farmen står på i augenkroken…… Eg trur eg skal prøve å få med meg i alle fall litt av innhaldet, så då må eg vel skru av her.
Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta luego!

IWALY!!

torsdag 14. november 2013

Hvis du ikke kan hindre en voldtekt, kan du like så godt nyte det. Hmm……… Javel?!
Det er visst ein politisjef som er ute i hardt vèr. Mildt sagt!
Det er i India at Sinha, toppesjef i Central Bureau of Investigation, har uttalt desse orda som vekker harme blant innbyggjerane.
Kansje forståeleg nok med det fokuset som har vore på valdtekter der nede det siste året. Det er i alle høve ikkje forebyggande arbeid han driv med når han seier slikt.

Uansett bakgrunn for uttalelsen så er det ganske drøyt å slenge ut ein slik påstand.
I ein situasjon som for ei kvinne vil vere truande, krenkande og skummel på ei og same tid, kan ein ikkje forvente at ho skal klare å tenke at det berre er å slappe av og la han gere det. Eg vil tru at det er mange tankar som går igjennom hovudet til ei kvinne under ei valdtekt og eg tvilar på at å nyte det heile er ein av tankane.

Biss ein les ulike reportasjar om valdtekter, er det enkelte ting som går att hos mange. Blant anna er det mange som seier at dei føler seg kvalm av tanken på at det har skjedd. Ikkje så rart…… Det er jo snakk om inbrot i ei kvinnes aller heilagste stad. Det er ikkje gjeve seg sjølv at kven som helst skal ha besøksrett der.
Det er både nedverdigande og fryktskapande. Så at politisjefen frå India har uttalt dette er det same som at han underkjenner begge desse to momenta.
Å nyte ei valdtekt er ganske drøyt.

Dette lyver gutta om i senga. Ja, det kan jo vere fint å vite…..

1) Gutta slenger oftare ut "jeg elsker deg" under akta enn det kvinnene gjer. Då med tanke på at det kanskje ikkje er det dei føler. Statistikken seier at heile 24,5 % av gutta lyg om nett dette. Hjelpes……

2) Menn faker orgasme. Det er visst ikkje berre kvinnfolka som gjer det. "Gentleman", eller??
I enkelte tilfeller er det for ikkje å såre partnaren, eller for å styrke partnarens ego. I andre tilfeller er det rett og slett for at dei kan få avslutte så dei får gå heim og sove. (Hmmm……. Då må det vere dårlege greier!)

3) Menn er alltid klar for lakengymnastikk. Feil! 32,5 % later som dei er i humør til sex av di dei ikkje vil såre partnaren. (Og vi kvinner som trur det berre gjeld oss………….)

For dei som no trudde at menn lyg om andre ting, så må eg skuffe på den fronten. Det er visst berre desse tre punkta som er tilfelle.
Så biss ein mann seiet du er deileg, ja då er det vel sant?! For det er kun det med å elske som ikkje stemmer. (I følge denne statistikken dei viser til. Og statistikk er jo alltid korrekt!) Joda……..

Eg faker aldri og eg lyg ikkje…..Å fake blir berre teit.

Dette er det eneste ordet alle språk har. No har eg akkurat lest denne overskrifta og det einaste eg tenker er "hæ?" Det fins vel ikkje noko ord som blir sagt alle stader i verda? Eller kanskje det er det. Eg tenker så det knaker her eg sit, men eg klarer ikkje heilt å kople kva det skal vere.
Eg skal gje det urpittelitt meir tid før nysgjerrigheita kjem til å ta overhand og sjekke det ut.

Ja? Neppe……. I England er jo det "yes".  Mamma (med ein og to mm´ar), pappa (p, pp)…. Nei, dette blei vanskeleg. Eg blir nødt til å opne sak og sjekke det ut. Så straks veit eg svaret.

Akkurat no døyr eg litt på meg. Hahahahahahaha………. For dei som ikkje veit kva det uttrykket betyr, så betyr det at eg ler så eg griner. Det skal ikkje vere mogleg. Det må vere ein vits.
Eg har jo nett skrive at eg tenkte "hæ?", men det var då sjølvsagt tanken "hæ?" eg meinte, ikkje ordet.
Så er jaggu meg ordet dei skal fram til nett det……"HÆ"!!
Då skjønner du vel kvifor eg ler. Litt komisk i alle fall.
Jeeeezes……….

Er utetrening om vinteren farlig? Nei, det kan eg no ikkje tenke meg……. Det spørs jo sikkert kva trening det er snakk om. Eg vil vel neppe ha råda nokon å svømme over til Storå midt i januar.

Så hadde eg rett….. Det er ikkje farleg. Utetrening om vinteren treng berre litt  meir planlegging. Kva klede ein må ha på seg ut ifrå vèr og temperatur. Kva utfordringar er det? Snø? Osv osv….

Ganske kjedeleg, med andre ord. I og med at det kom ei slik overskrift til eit tema som eigentleg er såpass opplagt, hadde eg ei viss forventning om at eg skulle lære noko nytt. Noko som seier at det ikkje er så bra og at eg har feil om eg trur det er trygt.
Ei sak som eigentleg var bortkasta energi……………

Stod over to timer i kø for å shoppe på Hennes & Maurits. Og der har verda blitt gal…. Eg kan forstå at ein ønsker å stå langt framme i ein kø og at ein dukkar tidleg opp til ein konsert der hovudpersonen er ein superkjendis. Likevel…… H&M? Viss eg må stå to timar i kø for å handle der, ja då lar eg heller vere å handle der.

To timar ute i kulda ein novemberdag for å få handle der når butikken opnar, tja……det er hakket "litt for ivrig" for meg. Då hadde eg fått spasmar i tolvfingertarmen.

Nei, det nærmar seg lalletid. Jomfrua er på betringens veg og ser fram til å få seg ein tur ut i frisk luft.
Så ha ei god natt og draum vidunderlege draumar.

Hasta luego! :=)

IWALY!!!
Henger etter bare hodet. Eg kjenner det blør i mammahjartet mitt. Ein treåring heng etter hovudet heile fire etasjar opp i lufta. Heldigvis har ho hendene sine som ho kan avlaste seg med. Likevel, det er begrensa kor lenge ein treåring kan klare å henge slik.

Kor er dei føresette? Joda, på arbeid. Treåringen er åleine heime, noko som visst nok skal vere ein normal kvardag i den familien.
Som mora seier, brukar ho å vere heime for seg sjølv når dei arbeider. Då søv ho anten, eller ser på film.
Kva foreldre er det som overlet ein treåring åleine heime i mange timar?

Det som bergar denne lille jenta er at det er folk nede på gata som klarar å fange opp lydane av jenta som gret. Dei kan varsle brannmannskapet som kan kome og hjelpe ho, noko dei klarar. (Heldigvis.)

Jenta har tydlegvisa keia seg og klatra ut eit vindauge. Der har ho falt imellom nokre sprinklar som er meint til å gjere det vanskeleg for inbrotstjuvar.

Hadde dette skjedd her heime, ville dei vel mest sannsynleg ha mista omsorgsretten til bornet. Det ville ikkje ha vore aksept for å forlate eit born åleine heime. Spesielt med tanke på at dette har skjedd ofte med denne familien.
I denne saka står det ingenting om konsekvensar. Det står berre at foreldra lovar å ikkje lemne ho heime åleine fleire gonger.

Etterlysning: Fant du den store kjærligheten på julebordet? Da vil VGs reporter snakke med deg.  Dette er esjansen din. Viss du vil bli avbilda i den store mediaverda, treng du ikkje å ha ei større historie enn at du og den betre halvdelen din møttes på eit julebord.

Eg kan ikkje garantere at du får godt betalt, for det står det ingenting om, men du vil definitivt få eindel merksemd retta mot deg.
Det er snart julebordtider og det er vel mest sannsynleg difor dei skal lage ein reportasje rundt dette.
Så spørs det……. Om du traff din betre halvdel i fylla, så er det ikkje sikkert du vil at "heile verda" skal vite det.
Det starta med eit ligg. Eg syns eg ser overskrifta. Hahaha…….moralen blir satt ut til høyring.

Kanskje er nett din kjærleikshistorie noko eg får lese om rett opp under jul. Det ville jo vere kult (trur eg). Heldigvis er eg ikkje i same bås, så eg slepp unna.

Kronprinsesse Mette-Marit skal opereres. Og der tar mange folk heilt av på nytt. Det er flust i folk som har heve seg på bølgja som kritiserer systemet av di ho får bli operert.
Kommentarar om at andre må stå i helsekø medan ho får rask handsaming. Det manglar hverken på superlativer og kommentarar av negativ art.

Kva farsken veit vel vi om ventetid og Mette-Marit? Det er lenge sidan ho falt og skada seg. Ho har vore sjukemeldt to gonger pga hendinga. Det er ikkje slik at ho eine dagen skada seg og neste dag blei tatt inn til operasjon.
Det er fleire eksemplar på folk som har blitt sendt akkutt inn til operasjon for det same som ho har. Dei har kome til lege og blitt sendt direkte til sjukehus og neste dag har dei vore operert.

Det kan virke som om at den einaste måten ein kan få slutt på slik "sladder" og misunning, er at ein får vite alt om livet hennar, dag for dag. La ho få ha null privatliv. Vi har krav på å vite om alt som skjer med ho! Alt!
Det blir berre teit. Like teit som når dei seier "Sjukemeldt? Ho jobbar jo ikkje? Kva skal ho med sjukemelding?" Det viser berre kor trangsynt enkelte er.
Neida, ho arbeider ikkje med noko. Ho søv så lenge ho vil. Så dullar ho litt, tar seg ein liten gåtur i parken, sit seg på Facebook i fem timar (som ikkje er så unormalt i desse dagar - kan det virke som), så drar ho til byen ein tur og shoppar alt ho berre kan vinne å få med seg før ho tar seg ein tur på kafè og drar heim og får massasje hos ektemaken sin (som tilfeldigvis viser seg å vere kronprins - heldige ho).

Nei, eg trur nok at ho sikkert har meir enn nok å fylle dagane med. Det er lett å anta at å vere kronprinsesse ikkje kan vere noko jobb i seg sjølv, men den som veit litt betre enn det, veit at det stemmer ikkje.
Eg trar dei fleste skal vere glad for at dei slepp å vere i ein slik posisjon. Eg trur dei fleste skal vere glad for at dei kan stå opp, gå på arbeid, kome heim til familien sin og innta eit roleg middagsmåltid, halde på med sine aktivitetar og alt dette utan å tenke at ein einaste fotograf har fått med seg noko som helst av kva som har foregått i liva våre i løpet av dagen.
Joda…….det er ikkje alle som har dagarbeid, det er ikkje alle som har det stille rundt middagsbordet pga at dei har "eit tonn" med born og dei same borna skal fraktast hit og dit i løpet av ettermiddagen. Det er ikkje det som er poenget med dette heller.
Viss du ser forbi detaljane, ja då ser du også kor eg veil hen med dette.
Vi har alle ulike liv, men vi har privatliv som i stor grad blir verna om. (Viss ein no ekskluderer bygdesladder bort frå dette.)

Når det er slik at "vi" gidd å irritere oss over at kronprinsessa skal opererast og gidd å bruke energi på å anta at ho ikkje har stått i helsekø………..då har vi verkeleg ikkje mykje å foreta oss.
Eg snakkar ikkje då om alle som kommenterer Mette-Marit, men om dei som "angrip" ho på denne måten. Vi veit jo ingenting om dette…….så "halloooooo"…..


Dette biletet får meg til å lure på om enkelte er riktig rett. Hahahaha…… Eg har lyst til å skrive "tøft", men veit ikkje heilt om eg syns det eller ikkje. 
Det eg kan seie, er at dette er verkeleg ein orginal måte for ei brur å kome seg til brudgomen sin. Eit luftigare kyrkjegolv skal ein leite lenge etter!! 

Dette biletet kom eg over på nettet. Biletet er tatt av ein Ben Horton og han då foreviga eit bryllaup som glatt kan klassifiserast som ekstremsport. Lost Arrow High Spire. Nasjonalparken i California er ei av dei mest krevande klatrerutene dei har. 
Dei lova truskap til dauden skiller dei og i same slengen kan eg jo då seie at dei verkeleg lurar heile dauden her!

1000 m rett ned under ho. Inga sikkerheitsnett. Dei må vereleg vere ute etter adrenalinkick. Det ville blitt "brud i svev" om ho hadde falt. Kanskje brudekjolen ville fungert som fallskjerm? Kven veit? Det fekk vi jo ikkje svar på med tanke på at vi veit at bryllaupet gjekk bra. 
Eg trur eg ville klart meg med litt mindre spaning. 

Ha ein forthast rin torsdag! 
Hasta luego! :)

IWALY!!


tirsdag 12. november 2013

Når dagens høgdepunkt er sjakk!! Hahaha….. Her er det snakk om å kjede seg. Formiddagen har gått med til å sjå på godeste Carlsen visa Anand. Ting tar tid…….

No er det jo eingong slik at eg syns det er gøy å spele sjakk sjølv, men det fins grenser for kor artig det er å stirre på ein skjerm der det tar ein heilv evigheit mellom kvart trekk.
Jaja, det får no dagen til å gå. Skikkeleg kult at det er VM i sjakk når eg er sjuk! (Særleg…….haha.)

Richard (33) giftet seg med et tre. Vi er samlet her i dag for å forene et tre og en mann. Slik innleies "bryllaupet" og det er faktisk tilfelle at eit ekteskap inngås. Buenos Aires - Argentina. Det er byen der folk ikkje er heilt riktig rett.
Når han bøyer seg fram og kysser treet og delvis sleiker stammmen…….Tja, kva skal ein seie?

Han ønsker å vise kjærlighet til naturen i evig tid. Joda, men det fins jo andre måter å gjere det på. Når det til og med er med ein brudebukett som kastes mot "forsamlingen" som er tilstades, ja då kan ein byrje å lure på litt av kvart.
Kva er det neste? Skal mannen sette born på treet. Eit vandrande tre vil bli født! Hahaha……

Slik unngår du å se ut som en grå mus. Pip,pip……

Fyllesex bedre enn kors? Hahahaha…….. NRK skyt seg sjølv i foten så det syng etter. Moralen er på eit lavmål og av og til kan ein lure på kva som rører blant enkelte.

Fortel meg at det er så superkult å sjå på ungdomsfyll til den store gullmedaljen, men ein liten kross på 1,4 cm skal ein føle seg støtt av. Dagens moral er høg, ja….

Sånn eigentleg er eg dritlei heile saka om krossen av den enkle grunn at eg ser ikkje heilt poenget med å nekte nokon å bruke det og at saka har vore så mykje i media no at dei fleste byrjer å bli metta.
Likevel, eg klarte ikkje la vere å kommentere det når "Nettavisen" har denne overskrifta.

«Når man tar med seg en skjønnhet hjem fra fest og dagen etter våkner ved siden av et troll, er det lett å skylde på ølbriller», heter det i NRKs omtale av programmet «Fylla» på NRK3. En setning som aksepterer fyll og forakter kvinner, vi som forvandler oss fra «skjønnhet» til «troll» avhengig av mannens promille. Og videre: «Vi gjør dumme ting i fylla, så vi sier at fylla har skylda. (Sitat frå avisa.)

Så kan ein spørre seg…… Kva tar vi mest skade av å sjå? OG ikkje minst kva er det ungdommen lærer av å sjå eit slikt program? Eg berre spør.
Det er "skadeleg" å bruke kross-smykke, men fylla er heilt greit. Spesielt det som kan hende i fylla. 

Kva med sex? Serien "Trekant"……. Analses og BDSM. (Bondage, disiplin og sadomasochisme. Ei form for  rollespel i lakk og lær med kjettinger.)

I § 14-i står det at «NRK skal gjenspeile Norges religiøse arv og mangfold av livssyn og religion i det norske samfunnet». Så da er kanskje kors greit likevel, selv i en nyhetssending? De som skrev vedtektene har åpenbart ikke samme allergi mot religion som Sællmanns sjef ? De fremhever jo til og med «Norges religiøse arv» spesielt.

Jaja……….

Per Sandberg.Dei som trur at han plutseleg fann ut at han skulle trekke seg attende, skjønner sikkert no at det ikkje er heilt slik.

No har ikkje eg snakka med han Per sjølv, så sånn sett kan eg ikkje påstå at eg har primærkjelde-informasjon. Så nær kjem no aldri Per og eg til å bli. (Håper han overlev det.)
Likevel, det er ikkje vanskeleg at å forstå at dette er ei avgjerdsle som blei tatt i same augeblikk han bestemte seg for å skrive den boka han no har gjeve ut 
Det seier seg sjølv at det ville blitt ganske så vanskeleg å forsette med sentral rolle i FrP etter at innhaldet i boka har blitt gjort kjent for store delar av innbyggjarane i dette landet. 
(Eg ser for meg at Siv Jensen klarar å vere på smilande grunn ilag med denne mannen som meiner at ho har dolka han i ryggen. Det er vel nett det han har gjort med ho, som ein følge av denne boka som eg mest sannsynleg aldri kjem til å bla i. Hint, hint…..Eg håper ingen kjøper den til meg i julegåve!)

Eg veit ikkje….. Eg syns det er så mange som finn ut at dei skal skrive bok. Det har tatt heilt av dei siste åra. 
Og lojalitet? Kor har det blitt av det? 
Eg trur ikkje det er så mange i dette samfunnet som kan føle seg eitt hundre prosent sikker på at dei aldri vil bli utlevert. Er det nokon som betalar nok pengar, ja så dett informasjonen ut som perler på ei snor. 
Viss ein ikkje kan vere politikar utan at ein må gå rundt og vere redd for at dei "næraste" skal gå offentleg ut med informasjon om deg, er det vel ingen som orkar å vere politikar til slutt. 

Lojalitet kan ikkje kjøpast for pengar. Har ein oppnådd tillit hos eit anna menneske, skal ein etterstrebe å vise seg tilliten verdig. Sånn er det med den saken………..

Nei, jomfrua er ikkje i slag, så då er det vel om å slappe mest mogleg av….også blant dei små grå. Så då sluttar eg rett og slett berre av med lojalitetsmoralen. 
Ha ein fantastisk fortsettelse på kvelden og sov godt når den tid kjem! 

Hasta luego!

IWALY!!!



søndag 10. november 2013

Ein litt lang dag er "endeleg" i nærleiken av å finne sitt endepunkt og ein kan leite fram stien som går imot soverommet og ei god pute som seier "velkommen, slå deg ned".
Det spørs om Lisbeth Salander blir via noko tid i dag. Det kan sjå "ille" ut på den fronten.

Gårdagens undertøyskolleksjon ga meg ingen rare draumar (eller traumer) i natta som var, så den har heldigvis ikkje gjort store skaden på meg. Eg hadde jo heilt klart eit par-tre bilete oppi hovudet då eg la frå meg dataen i går kveld, men dei blei heldigvis overskugga av eitt eller anna mystifistisk.
Eg såg i alle fall ikkje for meg hårete blonder eller ei hårete ræv med ein tynn silkestrek på midten.

Sånn i tilfelle nokon no trur at eg har noko imot hårete menn, så kan eg avkrefte det. MEN hårete menn med blonder?! Det er noko heilt anna det.
Hår er som oftast (ikkje alltid) ganske mandig, men med blonder…………. Eg treng vel ikkje utdjupe det meir.)

Abbey Clancey holdt på å begå ein undertøystabbe og det til trass for at ho ikkje hadde undertøy på!! Hahaha…. Neste gong eg skal opp den raude løparen skal eg sørge for å gå utan undertøy! Definitivt!

Det er kanskje ikkje så lurt å legge BH´en og trusa att heime når kjolen er gjennomsiktig. Noko må ein jo la fantasien få ta seg av. Ein kan jo ikkje servere alt på sølvfat.

Voodoo-økonomi. Dagens beste uttrykk! Aldri før har eg høyrt voodoo blitt brukt i ein slik samanheng og kanskje det er difor eg syns det er bra.
Det er Dagbladets leiar som skriv dette om Erna og Siv sitt statsbudsjett.

Viss ein tar høgde for at voodoo-uttrykket sånn bunn i grunn tar utgongspunkt i det ordet står for, vil eg tru at det handlar om at budsjettet tar sikte på å knekke foten (eller noko anna) til landet vårt.
Landet vårt betyr vel aller helst deg og meg.

Derfor bør du få deg en orgasme i dag. Så kan eg jo då kome attende til det med i dag. Kvifor akkurat i dag og ikkje kva dag?  I just wonder………

I følge KK så sørger orgasmen for fleire vesentlege forbetringar av livet ditt. Ta berre dømer som at stressnivået minkar, du får sove betre, motverker smerter, kan forlenge livet, stimulerer hjernen og sist (men ikkje minst) kan ein orgasme få deg til å sjå yngre ut.

På bakgrunn av desse punkta som dei legg til grunn, vil eg påstå at overskrifta heller burde vore: Derfor burde du få deg en orgasme daglig (eller kvar dag).

Dette får oss till sängs. KK har sjølvsagt med ei liste over kVA som får oss kvinnfolk till sengs. I tillegg har dei omså ei liste som gjeld menn. For å seie det enkelt……Listene er ikkje lik!!
Ifølge bladet ser listene slik ut:

Dette gir kvinner lyst:
1. Vekttap
2. Rent sengetøy
3. Å vinne penger 
4. En tur på byen med venninner
5. Et varmt bad
6. Jobbfest eller julebord
7. Ny hårfrisyre 
8. Å sminke seg 
9. Trening på treningssenteret 
10. Få til noe stort på jobb

Dette gir menn lyst:
1. En tur på byen med gutta
2. Rent sengetøy
3. Et varmt bad
4. Å vinne penger 
5. At laget han heier eller spiller på vinner
6. Vekttap
7. Trening på treningssenteret 
8. Å kjøre sportsbil
9. Få til noe stort på jobb
10. Husrengjøring

Legg merke til punkt 10, menn. Husreingjering! 
No står det ingenting om det hans eiga reigjering det er snakk om, eller om det er å vere vitne til at kjerringa går og vrikkar med rompa høgt til vers medan ho vaskar og står på. Det blir kanskje litt sånn der "elle-melle"? (Då har eg det eg skreiv her ein dag om menn som vaskar kontra dei som ikkje gjer det i bakhovudet.)
Ellers er jo då ikkje listene heeeeeilt ulike. Det er vel heller meir rekkefølgen på punktene. 

På kvinnesida kan ein jo trekke fram det med hårfrisyre. Viss det stemmer, så må jo berre menn sørge for at kjerringa går til frisøren minst to gonger i månaden. 
Viss ho i tillegg får ta seg ein tur på byen med gode venninner, ja då stig sannsynlegheita bra mykje. 
Skryt av vekta hennar og gje ho litt massaje og eit varmt bad. Når ho kjem heim frå festen, er ho definitivt klar!! 
Då er det berre om at det ikkje for mannen har gått skeis på arbeid eller at laget hans har tapt. Då kan det jo hende han har "drukna" sine sorger og er lite fungerande når ho kjem brytande inn ytterdøra, klar som eit egg. 

Nei, jomfrua skal slutte av for denne gong. Så ha ei fantastisk god natt og sov godt. 
Hasta luego!

IWALY!!

fredag 8. november 2013

Undertøyskolleksjon for menn, and I have seen it!!! Hhahahahaha…… Det verste er at det ikkje er tull eingong. String og BH. Fantastisk! Tihihihihi…… pesielt med tanke på at det på eine biletet er representert med fargen ros. Say no more……. :=)

Her kan du sjå og vurdere sjølv!!

No er det slik at det ikkje er mitt bilete og ergo skal eg etter retten skrive kven det er sitt.  Det er ikkje berre, berre å finne ut av det, men det eg finn er at det står "Bulls" under biletet. 
Med andre ord er dette eit bilete eg har henta på nettet i ein artikkel om nett dette. (Som Silje Bjørnstad står bak.) 

Dette er berre eitt bilete…. Eg trur kanskje eg skal la vere å kommentere eit  bilete av ein mannepung i ei fin og nett lita rosa stringtruse. Eg seier berre "løp og kjøp". (Hugs no berre å hald det for deg sjølv. Eg vil ikkje vedkjenne at eg kjenner deg om du dukkar opp i slikt!!) Hahahahahaha…….

No er dette biletet som eg har posta, ein "bar overkropp-mann". Korleis ville det sett ut on det hadde stukket ut ein heil del hår blant blondene der oppe? 
Eg berre spør……..

Eg tenkte først å kome med eit par namn som døme (riktignok etter først å spørre dei), sånn for å skape eit bilete oppe hovudet ditt.
Eg lot vere…….. Ein må jo vere snill ein gong i blant også. :=)

Eg trur rett og slett det er nokon som ønsker å feminisere verda og eg tvilar på at nett det er så jysla smart.
Eg går ut ifrå at du er einig i at verda også treng litt maskulinitet.
Eg trur nok aldri eg kjem til å tenne på ein mann i BH eller rosa string eller den drakta som vises på biletet.
Eg trur heller tenninga ville stoppa tvert!

Stå eller sitte? Vi snakker menn og tissing!
Det har jo tidlegare vore artiklar som har sagt kor smart det er å sitte og då av helsemessige årsaker.
Denne gongen er konklusjonen den same, men med anna argument. Forhåpentlegvis eit argument som går inn hos i alle fall nokre få (om ikkje anna).

Det er slik at før strålen treffer "skåla" har den først vore dråpar. Dråpar som i fleirtal hamnar i buksa di før tisset har rukket å bli til stråle.

I følge Dagbladet skal du, dersom du tisser i eit pissoar, ikkje tisse i 90 grader. Då vil veska kome attende på deg og ned på golvet.
Spør du eit kvinnfolk om kva ho syns om det, trur eg du ganske sikkert veit kva svaret er.

Det er rett og slett ingenting som er så "heslig" som å vaske mannfolktoalett på ein utestad. Eit "rom" der berre menn har vore og gjort sitt fornødne……. Det stankar kvar dag, utan unntak.
Det viser berre at det som står over sikkert stemmer bra.
Så mannfolk…..ta hintet og sitt når du tissar. Det er ingen feminimitet bak det! (Dagens moral.)

Det er fredag og jomfrua byrjer å bli rimeleg lei av sofalivet. No skal resten av kvelden nyttast til å sjå ferdig "The Voice" og kanskje snike seg tidleg i seng.
Uansett, ha ein fortsatt fin fredagskveld. God natt når den tid kjem!

Hasta luego!

IWALY!!

onsdag 6. november 2013

Først er det om å kome seg ut av senga og over i sofaen. Der er det å vente på at det skal kome eit eller anna program på tv som er vedrt å sjå.
Det er ikkje så lett å få dei små grå i aktivitet når ein ikkje er i slag, men om eg prøver, i alle fall litt, å tenke etter kva eg såg på tv ein vanleg dag i studenttida, straks 20 år sidan, når det ikkje var vanleg skuledag…………Ja, eg såg vel akkurat det same som i dag! Jippi!! Medieverda har verkeleg gått framover……..
Tar eg ikkje mykje feil, såg eg vel nett dei same episodane då også.

Å ligge på sofaen og ikkje gjere anna enn å sjå tv må vere bortimot det kjedelegaste som fins på denne jorda. Eg skulle mykje heller ha gått ut i hagen og prøvd å planta sommarblomar i desse dagar enn å ligge her som eit slakt. Kanskje det berre er å sende meg til Kuraas?! Hhahahaa……….
Spesielt med tanke på at eg nettopp har sett på eit stand up-show og ikkje ledd ein einaste gong!

Paul (78) har kjøpt 55 000 kjoler til kona Margot (76). Det første eg tenkte ar "ååååh, så søtt",heilt til dei små grå vakna litt og då blei det meir "åååååh, det var mykje pengar!"
55 000 kjolar! Ikkje akkurat lite……..Viss ein fordeler dei utover tja……50 år (?), eller noko sånt, blir det over 1000 kjolar i året og sånn nesten rundt rekna tre kjolar i døgeret.
Så anten har ho eit grusomt høgt forbruk av kjolar, eller så,………….tja. eg blei no litt usikker på kva eg skulle skrive bak denne ellersen.

I følge Paul har ho fått ny kjole til kvar dans dei skulle på. Oi, seier eg!! Det må bety at dei har vore riktig så sosiale og ingen kjole er brukt meir enn ein gong. Akkurat det må no vel vere praktisk umogleg???

Det er det vi kallar romantisk motehistorie!

Om ein tar turen innom  heltnormalt.no finn ein mykje "rart". I dag er det striden om krossen som gjer seg gjeldande. No har dei fleipa litt med det, og eigentleg så har dei truffe ganske bra.
Du kan jo vurdere sjølv.

Kristen Gislefoss!! Sjekk det førenamnet! Er ikkje det forkynnande? Han må nok takast av skjermen om han ikkje skiftar namn. Kanskje Anton eller Albert? Det er dei alternativa han vurderer sjølv.
Kjønnsnøytral profil betyr kjønnsnøytral profil. Då kan ein ikkje gå på lufta med eit støtande namn.

Kva med sonen hans? Kristian Gislefoss…….. Utal namnet på engelsk og vurder sjølv. Christian Borch!
Jokervinnerane! Mange av dei roper "Herregud" i telefonen når dei forstår at dei har vunne mange pengar. NRK kan jo då berre lage regelen om at dersom ein roper det, ja då halverast gevinsten. (Tenk kor mykje pengar som ville blitt spart.)

Så spørs det i framtida…….. Kjem dei til å dekke saker som oppstår i Kirkenes, Gudvangen, Korsvoll, Kristiansand, Kristiansund og Presteveien i Stavanger???
For all del……Vi har jo Prestegårdstunet syke- og aldershjem her i bygda også!!

Kanskje eg skal melde meg som "værmann" på NRK? Er det nokon som veit om det er godt betalt? (PS Eg lovar å melde sol heile tida!!)

Nei, no er det berre å karre seg frå sofaen og i seng. Så ha ein fortsatt fin kveld.
Hasta luego!

IWALY!!