søndag 30. juni 2013

Himmel og hav. Til trass for at 99% av alle musklane har gått på minimalt av maskineri idag, så er denne jomfrua faktisk ganske trøytt. Noko ho oppdaga allereie for eit par timar sidan.
Av rein høflegheit blei det ikkje nemnt med eit ord, då, av hensyn til at det var midt i middagen.
No er eg allereie hamna i senga, om enn ikkje under dyna, så oppå. Derifrå kan eg tenke meg til at vegen ikkje er lang for å hamne på rettsida av den.
Litt lesing i min engelske roman før augene glipper for mykje, er slett ikkje så dumt, det heller!

Klokka 07.30. Sundags morgon. Det er berre å sove så lenge eg vil...........Joda....... Høyres flott ut det. Ved sida av meg, ligg to slakt og sover. Eg er vaken for lengst. Eg treng å besøke ein "nødvendig" plass, men ventar i det lengste. Det plagsommelege lengste.
Opp og hopp!
Sjøvann kan vere ein bra ting påmorgonkvisten. Kanskje litt keisamt heilt åleine, men litt saltvann har vel aldri skada? Heller tvert imot....
But......fy farsken......kven er det som har vore ute og salta det så dyrisk på morgonkvisten?
Eg trudde Gud også sov på den tida av døgeret?! Kanskje han bomma litt med saltbøssa si igår då han gomla litt pommes og flirte av alle mistaka vår i går......
Jaja.....Det fekk eg svi for idag, for havet var salt!! (Og augene var "blide" på resten av jomfrua ei stakket lita stund etterpå. But who cares?)

Klokka 08.30. Kvifor skal andre få sove bort sundagen viss ikkje eg får "lov"? "Kom dåke opp og ut av senga!" Hahahahahaha......... Minstemann er trøytt i småaugene, men smiler som vanleg til mora og seier "God morn, mamma." Herleg blid og forventningsfull til kva denne dagen skal bringe med seg av aktivitetar.
"Vi må ikkje gløm å før ned og sei ifrå korsn sang æ ska søng på idol på tirsdag. Æ har besteæmt mæ nu.. Det bi den dær Euphoria!" 
Jaujau....... Det kan jo bli gøy, det....... Spørs kven som må øve tekst i lag med han. (Svaret er vel innlysande).

Klokka 09.30. Godvèr og uteseng! Her skal alle musklar kvile! Bicepsen prøvde å løfte seg litt opp, om enn litt halvhjarta, men blei raskt stoppa og slengt ned att. "Prøv deg.....her skal du motstand finne!"
Ingen prater til meg. Lykke!
Etterkvart føler ein seg som eit slakt. Ei einaste stilling i fleire timar og utan at musklane får bevega seg noko som helst.
Sørgeleg nok, treng ein mat i skrotten. Det spørs berre om tarmsystemet virker når det er null aktivitet?!
Det er vel berre å hive innpå.

Klokka 14.45. Tør eg ligge meir i ro? Er det heilt helsebra? (Eg bryr meg vel strengt tatt ikkje, mensavitet vil i alle fall at eg skal tenke tanken......)
Klokka nærmar seg tre og tar eg ikkje mykje feil, står namnet mitt på tennisbaneblokka til nett den tida. Berre eit kvarter til..... Musklane må aktiviserast!

Tennis er jo gøy og har alltid vore det. Også i dag......... Godt det er høge gjerder rundt bana, for det er slett ikkje alle slaga som treff eitt hundre prosent (for å seie det slik....). Det hender seg at det er litt kult, det også..... Litt fliring og livet er forlenga nokre skarve sekundar! Ikkje så ille det.

No er det vel trygt å gå attende til "kvilestilling"? Tarmsystemet har fått rista seg litt og maten er kasta litt rundt om i magen. 232 kaloriar er borte (eg er god på å anslå - men det er sikkert eigentleg tuuuuusen....hahahaha....)og eg kan fylle på nye.
Herleg!

Klokka 17.00. Tanken er "Er det lov å legge seg no?" Eg seier det sjølvsagt ikkje ut høgt, men tanken er så definitivt til stades. Vel........fem? Hmm. Litt tidleg. Eg står han vel a.

Kven dusjer først?
Alle skal dusje og for å få ei rettferdig rekkefølge på køen, foreslår eg som alltid at den yngste går først og den mellomste sist.
Til no er det ingen som har reagert på at den mellomste alltid får slappe av og styre med sitt til det blir hennar tur. For sanninga er at ingen vil vere først.
Når musklane har kvilt seg i time etter time, ja kven vil vel då plutseleg byrje å bruke dei unødvendig? Sjølv om det er høyst nødvendig.......

Klokka er 19.00. Endeleg tid for å vere matvrak att! Barbeque! Det er godt, det!
Tennisen har sørga for at ein ikkje treng å vere blyg når ein lastar på tallerkenen. Nam............
Unge jomfru Marita skulle sett bordet! Då hadde det ikkje lenger hamna noko dagens mattips på facebooksida mi. For ho skulle slitt lenge med å lage til ein slik tallerken! Hahahahaha.........
(No ventar eg i spaning på neste tips! Eg skal titte innom face´n kvar dag framover.) :=)

Klokka 20.00. Jomfru Knutsen ber nesten på sine knær......... "Er det ikkje leggetid no?"
"Mamma?? Hallo? Æ e ju ikkje trøtt nu! Æ har jo ferie! Gje mæ heller litt pænga og så kan jo bære du gå og legg dæ." (Gliiiiiis og dådyrauge!!)

Som sagt har eg jo allereie hamna oppå dyna og er under ganske straks. Berre eg får gjort meg ferdig her inne.
Eg måtte jo sjølvsagt innom Vg ein tur og det første som møter meg er følgande setning.
Hun har frarøvet identiteten min som mann. Fikk livstid i fengsel for å ha skåret av ektemannens penis. 
Viss ikkje menn får vondt av å lese den setningen, skjønner eg ingenting. For det gjer eg. Unge Knutsen kjenner det godt i magen berre ved tanken på hendinga.

Det er sjølvsagt i USA det skjer. Det er alltid det. Vi er aldri så heldig at vi opplev slikt i nær krets. Vi får berre klare oss med å sjå over til statene. Kanskje like greit.......

Penisen blei faktisk kasta i ei avfallskvern. Oida!! Det betyr vel med enkle ord at det ikkje er mogleg å sy den på att i ettertid?! Kjipe greier...... Ja, då er vel identiteten eit hakk skada. Ikkje noko å seie på det.
Ein kan vel ikkje berre seie "slutt å bæs" til noko slikt.

Skilsmisse kan visst føre til såmangt. Sinne er ikkje alltid like lett å hanskes med! Det er jo denne saka eit prov på.:=)

Det er ikkje så alvorleg lenge sidan ein annan mann fekk penisen avkutta med ein kjøkkenkniv. Det skjedde i statene, det også!

Det er kanskje ikkje så lurt å lese VG på ein slik kveld? I fare for å bli påverka, må ein vel berre slutte av....Hahahaha..........:=)
Neida.........

Uansett. Ha ein fin fortsettelse på kvelden. Sjølv har eg vel allereie avsløra at den skal fortsette med augene godt attlukka og aller helst med gode draumer. Om kvite riddarar, eller noko sånt.

Hasta luego!

IWALY!


torsdag 27. juni 2013

Adrenalin? Kva er det? Eg reknat med at adrenalin er det som gjer seg gjeldande når du heng og dinglar ein plass mellom 400-800 fot oppe i lufta. Sånn rundt rekna mellom ca 132-264 m. Med tanke på at det kjæraste ein har i livet, ein herleg niåring, heng ved sida, trur eg at eg trygt kan seie at ein har litt av kvart i kroppen som jobbar for fullt.
Eg veit ikkje om ein kan kalle det ekstremsport? For då spørs det om forsikringa gjeld....... Eg vil tru at alle reiseforsikringane har forbehold om ekstremsport. Det må ein betale litt ekstra for.
I fjor var det ein 12-åring som falt......... Det trengs vel ikkje yttarlege kommentarar!?!

Eg har mange fine bilete frå denne "herlege" (hahahahaha) turen, men dei ligg på ein CD og utan CD-rom tilgjengeleg, kan eg ikkje vise noko her. (Det kjem seinare....)
Ni-åringen var "redd", mora var "redd"....... Likevel, opp skulle ein.
Stakkars gut som sa "Æ gjorde det kun førr di skyld, mamma!" Åååååh, trossa sin eigen frykt for å tilfredsstille mora. (Kanskje eg bør punge ut med litt meir lommepengar....)

Idol. Bombo - Adelen. Ei som sonen min "diggar". I alle høve låta! Tysdag stod han på scenen foran masse born og vaksne og dansa og song seg gjennom songen.
Skulle tru han er scenevant! Dommarane sa at han eigde scenen og det var ein stolt gutunge som kom til mora for å vise det flotte provet på at han hadde vore med.
Mora har sjølvsagt foreviga det heile på film.

How much? Too much! Smaller? Bigger? Ord som flittig blir bruit, om att og om att. Stor som liten må lære seg kunsten å prute. Slikt blir det mengder av varer av. (Og kven kan vel seie nei til dei flotte augene gutungen set i dei som skal ha pengane.
Ikkje berre pruting........ Han er jo så sær, gutungen. Han veit kva han vil ha og det kan gå ein butikkrbeidar på nervane.
Når dei leitar fram og leitar fram varer i håp om at han skal falle for dei, svarar han berre "No, I don´t like it".
Han nektar å godta det når dei seier at akkurat DEN skoen ikkje lages i storleikar under 36. Han saumfarar samtlege skoforretningar og nektar å gje seg. Han vil ha nett dei og då SKAL han ha dei. Til no har han i alle fall vore innom 25 skobutikkar og mora er temmeleg lei!
Heldigvis nemnte han i stad at han kanskje skal vurdere nokre andre sko. Eg folder hendene og håpar han der oppe høyrer meg og sørger for at det snart blir sko på guten så mora kan slippe irritasjonen som ho til ein viss grad føler.

5 spatimar på 5 dagar! Det er herlege greier det. Sånn bortsett frå at eg seier at eg vil ha alle timane klokka ni på morgonen. Då må eg jo opp klokka åtte kvar dag når eg eigentleg kan sove så lnge eg berre ønsker.
Jaja, ingen fare for at eg ikkje skal få dagen med meg.

Det er slett ikkje berre på hytta at det fins mygg! Det har i alle fall eg erfart desse siste dagane.
Eg har ikkje sett ei einaste mygg, men føtene mine er uansett full av myggstikk og det klør akkurat like mykje som mygga på Korsnes! Ingen fare for noko anna. Jippi!

Ellers irriterer eg meg litt over Jo Nesbø. Kvifor treng han å skrive så bra at ein ikkje klarar å legge bøkene hans bort? EIt par dagar på ei bok eg antok ville ganske mykje lenger tid. Plutseleg var eg utan lesestoff'.........og kryssord.
Heldigvis hadde hyttenaboen min ei bok, men den las eg ut på ein dag. (350 sider), så no er eg boklaus att.
Til alt hell kom eg over eit kryssordblad i butikken i stad (og det hadde eg aldri trudd), så no er vel dei neste dagane også berga. Flott for meg! :=) (Eg er ikkje heilt sikkert på at 100% av dei andre sys det same)......

Betal 20 000  - få speletid i engelsk fotball. Hahahahahaha...... Det står at om ein har ein draum om å spele i England, så kan dette vere sjansen.
Det er berre å sjå for seg at denne unge jomfrua spring på sida av David Jones eller Steven Gerrard og ropar "Hit! Sentre til meg! Få ballen!" Og sjølvsagt vil dei ikkje tore noko anna enn å få ballen over til føtene mine. For tenk berre kor bitch eg kan bli om eg ikkje får viljen min. Nådelaust.........og for ei stjerne eg ville blitt!! Thihihi....... (Det står ingen stader at ein må vere mann!)

Ekorn går til brutalt angrip på slange. (Lang.........) Hahaha......Eg trur eg vil finne ut kven som vann den kampen. Vi veit jo alle korleis det gjekk i kanpen David mot Goliat.
Spørs om ekornet har nok kampvilje. Ingenting er umogleg. (Trur eg).

Kampen varte i ein heil halvtime. Eg har sett litt på opptaket. Ekornet er ikkje riktig rett! Hadde ein slange glefsa etter meg, hadde eg ikkje tatt igjen. Definitivt ikkje!
Ekornet brukr tenna sine og spis på slangen veldig mange gonger. Innimellom høyrer vi lyden av tenna mot skinnet. Creepy.........
Slangen blei berga av brannmannskapet og satt ut i ørkenen og ekornet er like uskadd som før hendinga og har sannsynlegvis hatt ei knakande kjekk oppleving for livet.
The winner is........

Stjal undertøy for ein kvart million. To tyvar..... Dei må nok slite mykje med laus mage sidan dei treng så mange truser?!
Viss det er dyre truser til 250 kroner stykket, tilsvarar det 1000 truser. Eg vil tru dei var litt billegare, så då stig vel antalet med same forholdet.
To tyvar - tre truser kvar per dag. Ingen trusevask. Det er berre å kaste dei etterkvart. Livet er herleg, eller?

Nei....Klokka er meir enn seint og jomfrua byrjer å få tunge augelokk. Kanskje ikkje så rart med tanke på at ho står opp grytidleg for å bli handsama av kjekke menn? Thihihi..............
Ha ei kjempegod natt! Sov godt!!

Hasta luego!

IWALY!

mandag 24. juni 2013

Kva skal eigentleg til for å gjere ein dag perfekt?
Ikkje veit eg, men det eg faktisk veit, er at dette har vore ein rimeleg innhaldsrik dag! (Eg kunne likesågodt ha putta 14 utropsteikn bak for å statuere i kva grad eg meiner innhaldsrik er).
Sånn går det når ein har ein ivrig 9-åring til son og som syns det er kult å delta på "stuff".

"Mamma, mamma, du må kom med en gång! Det e vektig!" Augene var nesten ville og eg lurte sjølvsagt på kva det var som var så viktig.
"Æ træng ei mamma som kan syng en ABBA-sang. Skyndt dæ førr vi træng poenga."
Joda........... Eg kan vel ein eller ABBA-låt utenat, men........

Konkurranseinstinktet har han vel etter mora, sjølv om han ikkje er like kjapp i vendinga alltid.
Superivrig ropte han berre "Æ har ei mamma som kan søng. Æ har ei mamma som kan søng! 
Oppstilling. Mamma mia. Godkjent! 40 poeng til team Herøyvika.

"Mamma! Vi træng et ektepar som kan kyss kværainner!! Han pappa må kom så du kan kyss han! Vi får 60 poeng vess dåkker gjær det." Oioioioi......... Var det ikkje det eine, så var det det andre.
Dei to yngste på laget sørga for å bringe ein "kyssemann" fram til stadion og innkaserte veldig stolt 60 poeng.
But, but, but..........Tredje og siste deltakar på laget, ei jente, såg forsiktig på meg og spurte fint "Eeeh, Beathe, har du en bikini-bh tell? 
Eg må ærleg innrømme at eg verkeleg lurte på kvifor ho lurte på det. 
"Jo, du skjønna det at vi får 100 poeng (som er det meste) om vi får en mann tell å gå med bikinioverdel og så tænkte æ at kanskje du kunne skaffe en tell han......." og peika på ein viss kar.
Hahahahahaha........ Som om eg skulle gidde å gå opp i leiligheita for å skaffe ein bikini til......
Jomfrua var rask i vendinga og vips så var ho sjølv fri for bikini og vips var det ein heilt annan som hadde fått på seg bikini (til bornas store begeistring!) 
Jomfrua sjølv måtte berre gjere sitt beste for å dekke seg til med dei nevane Gud  tileigna ho ved fødselen. Dog ikkje raskt nok til å hindre at ein 13-årig gut fekk seg eit lite puppesyn og kanskje blei "skada" for livet. 
Stakkars......han visste ikkje kor han skulle sjå etterpå. Han stod som klistra fast både i alt av musklar og syn og tenkte sikkert at dette måtte vere ei gal mamma!! (Han har vel kanskje litt rett i det uansett...)

Jaja......Ingen skal påstå at ein ikkje ofrar seg! Dei fekk i alle høve sanka seg nokre poeng og då var det vel sikkert verdt det.
Like etterpå bar det til "green-room" og "backstage" med gutungen og ei venninne som hadde øving til morgondagens idol-tilstelning. Vi vaksne måtte halde oss laaaangt unna, for vi skal ikkje få sjå noko som helst før "performance" i morgon kveld. Spent gut, spente foresatte! 
Så då var det berre å leite fram tennisrackettane og vere litt sportsleg medan idol-øvinga stod på. 
Trim har vel aldri vore å forakte - ei heller i dag. 
(Eg fekk meg no ein liten sniktitt i det eg skulle levere rackettane og det eg såg var ganske bra, så eg gler meg til morgondagen. 

OG kva gjer ein når hyttenaboen ligg der og halvsover og ein sjiraff plutseleg koser "øyret" sitt mot nakkehåra hennar? 
Kanskje ikkje så vanskeleg å forutsjå korleis dei første sekunda fortona seg då ho såg opp? Til ho skjønna at "there´s no danger".......... Artig var det lell! :=)

Å ta drosje kan i for seg av og til vere ei prøving for dei fleste (om det er bykøyring). Når sjåføren strenar ned gatene i nitti (minst) når det er snakk om at det er tett trafikk......då er det fleire som folder hendene sine eller stryker mora forsiktig på låret, som for å seie at "mamma, æ e litt redd". 
I slike situasjonar er det også ein lærer at lyskryss, der ein ser nedtellinga i antal sekund til lyset skal skifte, slett ikkje er ein bra ting!! 
Eg har fleire gonger tenkt at DET må vere ein smart ting. Heilt til i dag...... No syns eg ikkje det lenger. Enkelt og greit av di eg veit kvifor det ikkje er så lurt likevel. 
Det er nedtelling. 10 sekundar att. Vi står midt i rundkøyringa (eller på tur inn i ho). Lyskryssrundkøyring! 
Seks sekundar att. Kva skjer?? Drosja gassar på for fullt i denne trafikale tida! Wow.......Om vi ikkje var redd ifrå før av, så blei vi det i alle høve då! 
Raudt lys betydde plutseleg ikkje noko lengre. Han visste at det snart kom til å skifte og då var det berre "tut og køyr"! 
Sannsynlegvis er det praksisen til fleire og ein dag vil det gå galt. SMASH!! 

Nei, eg kan trygt seie at eg gler meg meir til å sjå guten danse og synge "Bombom" (Adele) i morgon kveld enn til neste drosjetur (med mindre den foregår på ruta Bakkanvegen - Varmannsvei, eller noko i det høvet. (For det er jo stor sjanse for at eg nokon gong kjem til å trenge drosje på den biten. 
Føtene er ikkje lagd for å gå på.........

Så inhaldsrik dag avsluttes no med eit herleg ønske om ei fantastisk fin natt (usj.......så klisjeaktig!! Poff.)
Uansett, det er snart midnatt og eg skal rulle meg rundt (dog ikkje i rytme) og om eit lite kvarter har eg nok funne den magiske roen som dryssar sovestøv over den venstre hjernehalvdelen og seier "sov søtt" og mest sannsynleg "pass deg for kva du drøymer om. Det er ikkje alt som passar seg!!" Hahahahaha....... 

Hasta luego! 

IWALY!

lørdag 22. juni 2013

Harry Hole!!

Aldri har eg vel nokon  gong vore så forelska som eg var i han Harry Hole. Den fordrukne politietterforskaren som på eitt eller anna vis klarte å få både frelsesarmèberta og leiaren for AA til sengs. (Og halve stokken av bekjentsskapskretsen hans også, for den del.......) Så noko må det vere med han og det er vel då heller ikkje rart at ein går hen og forelsker seg hovudstups i han. Denne rå mannen som har ei løysing på det meste. Han som set prikken over i´en. (Så skulle det stått mange flotte superlativ her!)

Sorga var til å ta og føle på då Jo Nesbø turte å gjere det vi alle ikkje ønska at han skulle gjere. Ingen "rører" Harry Hole og aller minst tar livet av han. Likevel var det nett det Jo Nesbø lot oss tru. Han lot oss kjenne på sorga over å miste ein trofast ven i livet. Vi skulle ikkje få lese meir om han. Han blei tatt av dage.
Eller..........?

Tida går, presset blir for stort. Jo Nesbø ser seg nøydd til å skrive ei bok til. Harry Hole.
Når det endeleg er tid for å legge sorga på hylla, tar han oss på ny med til høgda. Harry Hole er slett ikkje daud! Han lev i beste velgåande.
Kunne han ikkje latt vere å seie at det ikkje skulle kome fleire bøker? Kvifor må alt vere så spanande?
Så spørs det kva ein legg i ordet velgåande.
For det første så lar Nesbø oss tru at Harry Hole ligg i koma og kan døy. Identiteten hans skal vere hemmeleg for alle på sjukehuset og det er politi som vaktar over han til ei kvar tid. Trur "vi".......

Harry Hole ligg ikkje på noko sjukehus. Han underviser ved politihøgskulen. Det er ein heilt anna mann som ligg på sjukehuset og døyr....
Harry Hole har fått eit liv som familiemann. Han "vil" ikkje lenger etterforske. Han vil satse på ekteskapet.
Kan dei tidlegare kollegaene akseptere det? At denne geniale mannen ikkje skal sørge for å halde prosentandelen på oppklarte saker oppe?
Ikkje lett......
Og aller sist......Klarer Hole å stå imot presset då dei byrjar å presse på for å få han til å hjelpe?

Ein mann som Harry Hole treng spaning i livet. Ein mann som han er født til å leve med livet som innsats og å bruke det ekstremt smarte hovudet sitt.
Han er til og med blitt så snusfornuftig at han klarer å la andre kvinnfolk i fred. Faktisk blir han berre irritert over at ei studine er så håplaust forelska i han (læraren sin) og ho gjer alt for å fange interessa hans. Han står imot og det er det slett ikkje sikkert han ville gjort tidlegare.
No veit han at skal han halde på sin elskede, er det nett det han må gjere. Halde seg sjølv i skinnet. Ingen andre kvinnfolk og ingen alkohol.
Ingen alkohol av di han ved å smake på det, risikerer å hamne på kjøret att. Ruskjøret. Akkurat som politietterforskning gjer han rus. På akkurat same måte som alkoholen......
Det er difor det er lett å seie at han er født til å ta kriminelle. Født til å gjere oss kvinnfolk geleaktig i føtene. Kjenne at han er "hot" og det utan å ha møtt han.

Eg er ikkje ferdig med boka "Politi" enno, men i løpet av eit par dagar har eg fått unna over 200 sider. Det er litt meir enn planlagt.
Tanken var å fordele den ut over dei neste tre ukene, men det lar seg rett og slett ikkje gjere. Boka må lesast og det er vanskeleg å leggje ho ifrå seg. Så på måndag må eg vel prøveå skaffe meg ei ny bok. 300 sider att å lese, men reknar med det går fort!

Forskjellen på Nesbø og andre forfattarar er at Nesbø skriver så bra at ein berre må lese kvart einaste ord han skriv.
Joda, eg les sjølvsagt det meste i kvar bok eg les, men av og til hender det at ting blir for detaljerte og du berre veit kva dei neste to linjene seier utan å lese dei.
Dette er ikkje mogleg når det gjeld Nesbø. Ein må berre lese ALT! Det er ingen linjer å hoppe over. Er det rart ein blir bitt av Nesbø-basillen? Er det rart at det er så mange som diggar han? Til og med fleire som ikkje les bøker til vanleg.
Eg har sjølv vore vitne til dei siste dagane at ein kompis som nesten ikkje les til vanleg har saumfara kvart eit ord i Nesbø-boka. Nokre få dagar brukte han på å lese heile boka.
Når ein mann som sjeldan les, ikkje klarar å leggje ifrå seg ei bok, ja, då er ho vel bra, då?!!

Så har du ikkje lest boka eller ikkje eingong summa deg ferdig til å kjøpe ho......løp og kjøp!
Eg kjøpte ho same dagen som ho kom på markedet. Eg har "spara" ho til denne helga (noko som har vore vanskeleg). Kven vil vel utsetje ei lesing om Harry Hole?
Det holdt hardt, men no er eg igong! (Kanskje litt kjedeleg for dei rundt meg, but who cares?)

Ha ein fantastisk kveld!
Hasta luego :=)

IWALY!

tirsdag 18. juni 2013

Til no har dette vore ein innhaldsrik dag, noko som har sørga for at denne jomfrua ikkje har så mykje av dagens energi att. Kanskje eg burde vurdere ein time på sofaen. Det er jo ikkje sikkert at det berre er oppskrytt (at det er så deileg........).
Det er vel kanskje ille når ein sit og fører ein samtale og midt i eine setningen berre sovnar! Hyggeleg selskap, liksom.

Det har vore "Tinestafett" og fotballkampar i dag. Stafetten var forbeholdt dei søte små, men fotball inkluderte alle aldrar.
For ei middelaldrande jomfru var det ikkje lite slitsamt. Eg reknar med stilen var upåklageleg. Eg netta i det minste! Ikkje dårleg, berre det.
Gøy, men slitsamt! (Og sikkert mange betre halvdelar som sit heime med utslitte "kailla" i dag. Innsatsen til dei fleste var upåklageleg.
Ein vellykka dag som ei stakka lita stund såg ut til å ikkje ende bra, vèrmessig. Heldigvis letna det opp og temperaturen steig eit lite hakk.

Når energien først skulle brukast opp, var det berre å guffe på. Så då har eg likesågodt konfrontert enkelte som eg har vore litt "irritert" på i over ei uke. Det gjekk jo over all forventning, så det må ein visst gjere oftare! (Eller........får vel heller satse på at det ikkje blir nødvendig.)
Enkelte treng å høyre litt av kvart innimellom og enkelte gonger kan det faktisk føles bra av å få sagt det.

Har du gått i oljefella? Jepp, det kan eg garantere at eg har gjort, og det utan å vite kva fellene er.
Så lenge det er feller å gå i, kan eg vel rekne med at eg trør i enkelte av dei.
Så spørs det....... Kva feller kan ein gjere med olje?

For det første går det stort sett i olivenolje og rapsolje. At det fins andre typar, er vel ikkje akkurat ukjent, men eg ser berre ikkje heilt vitsen med og sette meg inn i kva den og den olja passar til.
Hahaha.......... Det beste er at no når eg opnar saka,så står det følgjande: Du trenger bare to oljer. Slik bruker du dem riktig.

Steiking, grilling, salater, kakebakst, dressing.......you name it. Er det rart ein kan bli forvirra?
Det er då det er herleg at ein kjem langt med to oljer (og berre to!)
Det er dog ikkje sikkert at eg har dei rette to, men eg reknar med at eg straks finn ut av det.

Rapsolja tronar på toppen. Så jomfru Knutsen kan klappe seg sjølv på skuldra der. :=)
Olivenolja er mest helsebringande.
Sjå der, ja!! Eg overgår meg sjølv. Eine olja mi tronar på toppen og den andre fremjar god helse. Så fantastisk!! Hahaha........ Korleis går det an at denne knetta har klart det? Olje er olje, liksom. Eller......... Jaja, når tilfeldigheitene rår, så er det mykje som går an. Eg plukkar ut frå kva som ser mest innbydande ut og denne gongen klaffe det faktisk på ein bra måte. Supert!

11-åring ble far etter sex med kameratens mor. Ja, det er vel til å bli svett av. Stakkars unge. New Zealand vurderer å endre lova og det burde dei faktisk gjere.
Denne 36 år gamle kvinna blir ikkje straffeforfulgt for valdtekt, noko ein såvisst kan kalle det når ein har fokus på gutens alder. (Sånn sett er det litt rart at guten allereie er kjønnsmoden).

På New Zealand er det faktisk slik at kvinnfolk ikkje kan bli tiltalt for valdtekt. Eg går sterkt ut ifrå at då dei laga lova, ikkje heilt såg for seg at det skulle gjelde overgrip mot born.
At ei vaksen dame kan slippe unna så billig...........
Då er det verkeleg noko som er galt med systemet, spør du meg. (Og sjølvsagt det kvinnemennesket som sørger for at slikt skjer).

Våknet opp fra koma og hadde fransk aksent.  Hahahaha........ Så "bra". Viss eg nokon gong hamnar i koma og skulle vakne med ein annan aksent, håper eg det blir noko anna enn fransk.
Litt kjipt med ein aksent som tilfaller eit språk eg ikkje kan. (Med mindre det følger med eit heilt språk i denne oppvåkninga).

Kva betyr eigentleg dette? Betyr det at reinkarnasjon er svaret?
For dei som no blei litt usikker, så betyr reinkarnasjon at ein blir gjenskapt/født på ny.  Så spørs det kva karma ein har hatt........
Viss reinkarnasjon faktisk har noko sanning i seg, kan ein jo då anta at kvinna har levd som fransk i eit tidlegare liv.
Det er ikkje fritt for at det innimellom føles som om at ein faktisk har levd tidlegare. Kanskje det ikkje er innbilning likevel?

Det er tysdag og klokka er faktisk ikkje halv sju enno. Det betyr at det framleis er eindel timar å halde seg vaken på. Om det er så ønskeleg, er ein ting. Ein annan ting er at ein er "pukka nødt". Kan jo ikkje risikere at natta skal kortast inn svevnmessig pga at ein går i "sove-på-ettermiddagen"-fella. Ikkje denne knetta.

Uansett.... ha ein fantastisk kveld!
Hasta luego!

IWALY!!





lørdag 15. juni 2013

Skuespiller sovnet bakfull på scenen........ i en barneforestilling. Det kan vel trygt kalles for flaut, ja!  Kanskje ikkje så artig etterpå når ein har fått mediedekning for å ha gjort det. Likevel, mediedekning er vel kanskje å forvente når ein gjer slikt.

15 sexy badeshorts til gutter og menn. På biletet ser eg åtte og ingen av dei er særleg sexy eller fine. Kanskje det er eg som er sær i smaken?
Sånn sett burde eg vel ta og leite opp bilete av ein badeshorts eg syns er kul og poste det her på veggen. Ikkje liker eg speedo-truser, ikkje liker eg dei som VG klassifiserer som mest sexy, så kva er vel eigentleg dugandes då for denne jomfrua? (Gudane veit........... )
Hadde eg visst det, skulle eg kjøpt ein viss kar ei slik!

Kvinner, skjerp dere. Det holder ikke å blogge om hus og hjem.  Hahahahaha......... Føler meg skikkeleg truffen der!! For eg bloggar stort sett berre om hus og heim......
Joda, det kunne sikkert vore gøy det. Hus og heim........, men eg trur kanskje enkelte vil tru at denne knetta har fått solstikk om det skulle vere tilfelle.

Brutalt vakkert da Nick Cave forettet svart messe. En renselse av en konsert.  For eit ordspel!! Brutalt vakkert! Hmm.......Slettes ikkje dårleg, med andre ord. Svart messe - vakkert? Renselse........ Synd for meg at eg ikkje har fått oppleve denne konserten.
Så spørs det kva svart messe betyr. Er det snakk om "mørk og dyster" musikk? Så dyster at ein går ut av sitt gode skinn og kallar det vakkert......
Eg tvilar på at eg har gått glipp av noko. Nick Cave er sikkert dyktig, men eg lyttar heller til andre.

Hevder Messi må ut med 180 millioner for å slippe fengsel. Jeeeeeezes!! ( x 1000).
Viss han har gjort noko kriminelt som tilsvarar 180 millionar i straff, ja då må det vere noko ille! 180 millionar!! Hallo.........
I og med at eg ikkje har lest sjølve saka, veit eg ikkje heilt kva det dreiar seg om, men eg må ærleg innrømme at det høyrest "sjukt" ut.
Han er rik og kan betale seg ut av noko han har gjort.
Mest sannsynleg kunne eg ha gjort det same kriminelle som han og sluppe unna med ei bot som ville vore på under millionen. For det må jo vere at dei har lagt den summen til grunn av di han er styrtrik? At ei straff må vere så høg at den merkes.
Viss ikkje må han jo ha tatt livet av 100 menn.........og eg tvilar på at det er det som er saka!

No veit eg svaret.......... Det er skattesvindel! Beløpet er på sånn ca 30 millionar. (4 mill euro). Så då vil eg no påstå at det likaste hadde vore betalt skatten med glede.
Frå 30 til 180 millionar? Tvilar på at det er verdt det. (Eller kva tsyns du, Messi?? Godt du ikkje er min mann. Då skulle øyrene dine få slitt...........)

Knekt av kulda! Gladmelding!! Hurra!! Brunsneglen......... Periodane med barfrost blei for tøff for dei. No er det mindre snegler enn normalt. "Lykke på jord"! (Dei er jo rett og slett heslig ........... sjølv om eg i utgongspunktet har ein gamal, ståande avtale med ei kvinne her om at ho skal tilreie dei for meg som ei delikatesse om eg tar nokre av dei med meg nordover!)

Nei, jomfrua er stuptrøytt i augene, så det er vel berre å tusle seg under dyna. Kanskje ho blir hakket meir kreativ i morgon. Det er jo lov til å håpe.
Uansett må du ha ei god natt og sov fantastisk godt på favorittputa di.

Hasta mañana!

IWALY!

mandag 10. juni 2013

Popcorn! Eg spis popcorn og eg kan diverre ikkje seie at det er ei sjeldan hending. Popcorn er popcorn og då blir det berre slik. Popcorn må ein ha......ofte!
Så då fann eg ut at eg burde lese meg litt opp på kva eg puttar så ofte i kjeften. Liksom sjekke at det ikkje er ei farleg "bombe" eller noko sånt.

Sjølv seier eg til dei som er framtida at dei ikkje kan stole heilt på Wikipedia. Det handlar om å vere kritiske til det dei les på nettet. Wikipedia er moglegvis ikkje den nettstaden som er mest til å lite på. Det er likevel der eg er no. Eller var.......i stad.
Eg er sjølvsagt ferdiglest, så no skal eg områ dei små grå for å sjå om eg kan bruke noko av det.
Eg fann i alle høve ut at eg ikkje kjem til å døy av det, sjølv om det inntas minst fire gonger i uka.

Kva kan eigentleg vere galt med tørka maiskorn som eksploderer?
Viss du veit kva tid Columbus hamna i Amerika, ja då veit du kva tid dei første europearane spiste popcorn. Han var vel framme i 1492, så det betyr at lille meg var alt anna enn planlagt (om ikkje han der oppe hadde ein plan med meg frå jordas opprinnelse).

Wikipedia kan berre seie meg at popcorn er meiskorn som kan poppast og etast. I tillegg trur dei at dei treng å informere meg om at det ofte inntas når ein er på kino!!
Joda...... Så ofte som eg er på kino......
Popcorn med smør og salt........
Ellers er det viktig at du følger bruksrettleiinga. Viss ikkje, risikerer du at heile kjøkkenet blir fyllt av popcorn!
Hahaha........ Då veit eg kva eg skal gjere neste gong. For kven vil vel ikkje ha eit heilt kjøkken fullt av popcorn? (Sjølv om kjøkkenet ikkje akkurat er av dei største). Det vil i alle fall vere nok til eit par ukers forbruk! :=)

Så Wikipedia var visst berre skit. Ingenting å lese om når det kjem til kva grad ein bør la vere å spise det eller ikkje.

Popcorn er sunt!! Eg fann det, eg! Endeleg nokon som kan overbevise meg om at eg gjer det rette. Endeleg ein som gjer sin velsignelse til å ete denne herlegdomen. Flotte greier......
Det har faktisk fleire helseinnbringande effektar. Og kva er vel betre enn det i denne verda vi lev i?
Vi blir proppa full med informasjon om kor bra det er med antioksidantar. Vel...... Popcorn er antioksidantar. Så spis i veg!
Popcorn beskyttar celler, dei hjelper til mot kreft og hjartesjukdomar. Eit vidundermiddel med andre ord, vil eg tru.
Det er i alle fall fullt ut på høgde med både frukt og grønsaker. Då kan det i alle fall ikkje vere så ille.
Så då er rådet rett og slett: La popcorn bli ein av dine "fem om dagen"! Herleg!! Dette kan eg like!!
Det skal berre kome fleire slike studiar.
Eg skal i alle fall fortsette med å gjere det eg gjer. Spise popcorn. Både godt og sunt!! :=)

Det byrjer å bli seint. Så då skal denne knetta spise opp popcornet sitt og kravle seg i seng.
I morgon tidleg ser eg nok sola og det blir deileg!
Du får ha ein fortsatt fin kveld og ei fortreffeleg god natt.

Hasta mañana!

IWALY!

søndag 9. juni 2013

Korpsmiljøet har mange nerder!!! Hahahaha...............men du dyre kor mange "flotte" nerder det er.
Ei triveleg korpshelg er over, men Jomfru Knutsen syns nok det var godt å kome heim til normale forhold att.
Smilebåndet har fått strekt litt på seg (for alle er jo ikkje like mykje riktig rett) og for første gong på maaaaaaange år har ho fått sove på skumgummimadrass att! (Ikkje at det er djupt sakna, men berre tanken på at det faktisk eksisterer enno enkelte stader....)
Jomfrua har fått bekrefta at dei fleste kvinnfolka i korpset ikkje snorker og ergo blei det akkurat nok svevn til å ha det gøy.
At ei av deltakarane kom reisande heilt til Sortland med både uniformsbuksa og jakka hengande heime i skapet (eller ein annan stad) gjekk ikkje upåakta hen. Med ei bukse som hadde plass til tre deltakarar, var det berre å stramme beltet. Ei stor bukse var jo betre enn ingen...........og nei, det var ikkje denne jomfrua som hadde reist ifrå herlegdomen heime.

Slik vil vi se ut om 100 000 år. Augene vil vekse!! Drastisk mykje!! But, but.......så herleg å vite at eg ikkje lev då. Lenge før den tid er både du og eg komen under tela, og godt er det! 
Det er slett ikkje noko vakkert syn å sjå dersom biletet dei viser til i avisa stemmer, men kven kan vel vite kva som skal skje så langt fram i tid? 
Så om det er til å stole på eller ikkje......I don´t know. 

Enkelte vil faktisk trekke det så langt som å seie at det er "vakkert". Eg ser ikkje heilt det same...... Eg syns ikkje det ser så alt for estetisk ut. Så er vi då alle ulike........
Andre seier sience fiction. Kanskje eg kan tilnærme meg og vere einig der. Sånn med eit halvt hovud (om det går an). 

Det beste med det heile er at hovudet skal vekse seg mykje større. Årsak??? Joda, vi treng meir plass til kunnskap! Hahhahahahaha........ Dagens beste. 
Større plass betyr vel ikkje nødvendigvis at plassen blir fyllt opp?! Eller........ 
Det burde jo det, men då må ein jo vere litt meir villig til å søke kunnskap. Det er ikkje nok å vite at kunnskapen svirrar rundt om i verda om ein ikkje gjer eit godt nok forsøk på å skaffe seg den. 
Så kan det vel hende at om 50 000 år fram i tid, at samfunnet endrar seg dit at ein aldri får nok av kunnskap. At alle vil opp og fram. 

Om 20 000 år vil mennesket sjå sånn høveleg likt ut som "oss". Berre det at panna vil vere blitt litt større. (Ikkje av di det skal bli lettare å headde ballen. Langt ifrå!)
Det er genmanipulering som skal gjere det lettare å imøtekome nye omgjevnadar. 
Blant anna skal større auge sørge for at det skal bli lettare å tilpasse seg det mørke lyset i verdsrommet. 
Med enklare ord, kan ein skildre framtidas auge som "katteauge" eller "hundeauge". Dei skal rett og slett skinne på same viset som hos dei. 
Hodetelefonar blir "ut". Det skal implanterast ting og tang som sørger for den biten. 
Joda, det er mykje å sjå fram til. Lykke til med å skjære i alle saman. (Det må vel litt arbeidskraft til på det området, så det er jo bra. Då blir det løn til fleire.....)
Kanskje ein bør sette det "området" ut på anbud? Privatisere det........Kven kan skjære i "skoltane" for den billegaste pengen? (Kan bli spanande.......)

Ikkje rart at det kan kassifiserast som kvalifisert gjetning!?! Eller.......

Svenske lokførere bruker skjørt på jobb. Herleg!! Det er av di dei ikkje får lov til å bruke shorts. Kvinnfolka får bruke skjørt, så då hiv menna seg med på det same. Sånn for å statuere eit eksempel.......
Svenskane har med andre ord forstått det! Menn i skjørt er sikkert skikkeleg hot, det?! Skjørt og hårete leggar. 
Kanskje dei kan vurdere å vokse leggane sine? Ikkje veit eg, men skjørt og langhårete leggar er vel ikkje heilt forenleg, men for all del........ Eg trur eg skal be ein viss kar om å teste det ut. Sånn berre for å ha sett det "for real". 
Sjå for deg alle norcemkarane liggande og "svømme" i olja med eit lårkort skjørt på seg. Utsikta går rett i.......... Fysj.......det egnar seg ikkje heilt på trykk. 
Heile mekanisk verkstad......... Berre om at dei ikkje misforstår og fell for kvarandre heile hurven. 
Så viss du får heim ein viss kar med stjerner i augene..........don´t tell us!!

Nei, nei, nei........klokka spring raskare enn hovudet mitt. Eg må ha skjønnhetssvevnen min. Ny uke om litt (forhåpentlegvis ei til å bli brun av) og difor er det berre å seie god natt! 
Ha ei fortreffeleg natt. Ikkje drøym om menn i skjørt......

Hasta mañana! 

Dagens song......Withney Houston....... All at once. 

onsdag 5. juni 2013

Ikke skjul for mye av rompa!!! Neivel? Eg går sterkt ut ifrå at det er snakk om bikini, eller noko liknande.
Då må eg nesten seie meg einig! Det heile handlar jo om å bli brun og ei ung jomfru som eg er veldig oppteken av nett det. Så det så!

Ateismens katedraler. Det er tydlegvis like vanskeleg å ikkje tru på Gud som det er å tilbe "han". Difor bygges det katedraler i fleng både av dei truande og dei som ikkje er det.
Heilt naturleg......... Det er klart at dei som ikkje er truande må få ha ein stad der dei kan ta ut alt dei syns som er ille med Gud og ein stad dei kan samlast for å vere einige om at han ikkje fins (eller noko i den dur). Jadda!
Ei logisk verd, med andre ord!

Snusbruken eksploderer. Antalet unge nordmenn som snuser har auka veldig. Tenk det!! Før i tida var det visst ikkje så mykje å snuse på. I alle høve ikkje kvinnfolk!
Heldigvis, vil mange seie med tanke på alt stresset denne snusinga som er i dag følger med seg.
Litt snusing på ei berte og du er solgt, liksom....... Hahahaa..... Stakkars menn!

Eg går ut ifrå at det er det dei meinar?! Dei skriv jo antal som snuser. Å snuse er jo eit verb som betyr at ein snusar inn det ein kjenner av lufta rundt seg. Lukte......eller noko slikt.
Ein eigenskap, med enklare ord.
At det er nokon som har døypt ein som brukar snus om til snusar, er ikkje mitt problem. Han brukar snus, han snusar ikkje. Med mindre det er snakk om at han kjenner den kraftige og "gode" lukta frå kjeften sin som er fullstappa med snus.
DET er deileg det!! Ei herleg stor og fin snusleppe. Gjerne med litt av snussafta sivande nedover. Litt snus i mellom tenna. Ein svær bulk som seier at her er det ikkje dårleg ande å oppspore, så det er berre å kysse meg. Eg er bakteriefri akkurat i den sona. Kyss meg og nyt det! Viss du klarar å tilpasse deg dei usymmetriske leppene som snusen sørgar for å danne medan dei bur i overkjeften (aller helst)............

Det er forskjell på folk som snusar. Dei som overdriv "klysene" dei puttar på ein viss plass er alt anna enn eit "hot" syn! (Eg håpar ikkje Clooney brukar snus!!)

Nytt protein gjør hjertet yngre. Spoler tilbake aldringsprosessen. Joda, det må jo vere lykken for mange. Likevel, tenk berre på dei som er i motsatt ende og ser på det som alt anna enn lykke.
Endeleg skal den sure kjerringa under telen og så kan ho berre sørge for å få hjartetida forlenga med eit visst antal år!
Det er det eg har sagt. Menna har inga framtid her på kloden. Det blir berre verre og verre.
Er det rart det er så mange menn som oppfører seg som ei kjerring??
Dei maskuline menna som var i gamledagar skal ein leite lenge etter. No blir det fleire og fleire tøffelheltar som veks fram. Tøffelheltar som lar oss kvinnfolk styre alt, berre for å få litt stakket husfred.
Alt på grunn av ein misforstått likestilling. Likestilling som betyr lik løn for likt arbeid.
Det er nok av menn som seier "Jammen, dåkker ropa jo høyt om likestilling". Mangel på kunnskap.......
Nei, vi ropar ikkje om likestilling på "livets" skole, berre løn.

Viss eg får velje, skal eg sørge for å spole attende heilt til tenåra, for då får eg heile bitch-tida på ny. Det må jo vere lykken?!!
Sjå for deg ei 85 år gamal kjerring som dansar disco og samba til den store gullmedaljen. Rullatoren kastes i det Metallica strøymer ut av høgtalarane på i stova i gamleheimen. Det er berre utsjånaden som vitnar om alder. (Med mindre botox`en sørgar for noko anna). Hjartet er berre 17 år og har enno lang fartstid før det tek kveld. Hahaha...... Eg ser det for meg!
Headbanging og greier (med dei hårstråa som enno ikkje er falt av). Litt løfting på skjørta så dei eldre gubbane skal få "gløtte" litt, men utan løfte om noko meir. Berre litt tirring............
Gud, eg skulle ha ønska å jobbe der då!! :=)

Ha ein fortsatt fin kveld! :=)
Hasta mañana!

IWALY!!

mandag 3. juni 2013

Jeg fikk kreft av oralsex. Hahahahaha............Joda......
Berre så det er sagt, så ler eg ikkje av at nokon har fått kreft. Langt ifrå. Kreft er vel kanskje det i livet som er minst "lovleg" å fleipe med. I alle fall så er det nett kreft som er det som eg har vansklegast med å forhalde meg til når det gjeld mitt eiga liv.
Eg ler heller ikkje av Michael Douglas........ I og med at han er sjuk, så er det jo synd i han.

Eg ler av di eg gjekk forbi avishylla i butikken og i forbifarta såg eg denne overskrifta på forsida av eine hovudstadsavisa. Eg gjekk vidare og plutseleg tenkte eg "Stod det det som eg trur det stod?" Litt meir tankeverksemd og så hamna eg på "Nei, det går ikkje an at det stod det!" 
Eg kunne sjølvsagt ikkje vere sikker, så eg tusla attende for å sjekke kva som stod eller ikkje.
Joda............ Det var visst det som var teksten! (Så feil kan ein ta.....)
Akkurat der og då blei det heile litt komisk og ergo er det nett det som ligg bak "hahahahaha...`en" min.

Headinga er jo då ganske spesiell sjølv om saka i seg sjølv er ganske dyster.
Eg har ikkje lest om saka enno. Eg skal gjere det, men ikkje før eg er ferdig med å skrive. Enkelt og greitt forklart betyr det at dersom eg les sjølve saka først, vil eg få med meg den seriøse biten og då er heile poenget borte. Då blir det berre ei ny sørgeleg sak om eit sørgeleg tema.

Det første som slo meg var at dette ikkje er noko å brette ut på ei framside av ei hovudstadsavis (sjølv om den norske hovudstaden er liten i målestokk samanlikna med storbyane "over there". Likevel, det er nok mange menneske som les Vg og Dagbladet, så det er rimeleg rett å kalle det for å bli utlevert.
Mest sannsynlegvis er han utlevert av eigen fri vilje av di det står "Jeg fikk kreft.........."
I alle fall er ordet "jeg" ganske definerande på det området når det kjem til MITT hovud. Så får du velje sjølv kva du skal meine.

Ut ifrå framsida, kan det verke som at godeste Douglas har vore riktig så aktiv på ein viss front (sjølv om det strengt tatt berre trengs eitt kvinnfolk for å "smitte" han. Smitte han med ein kjønnssjukdom, formoder eg. For det høyres litt rart ut om ein seier at ein har smitta med kreftviruset.
Ergo er det sikkert mange fleire også som har smitten i seg utan å vere klar over det.

Eg var litt mindre smart nokre få sekundar........for tanken streifa meg......om kven som gjorde kva på kven.
Heldigvis hadde ikkje ALLE dei små grå tatt kvelden (nokre få var enno vaken), så etter desse sekunda klarte eg å områ tankane mine og skjønne at det må vere han som har utført diverse greier på ho.
Hmmmmm......... Ser du kor god eg er på å gå rundt grauten?? Eg føler liksom ikkje heilt for å snakke rett frå levra når det kjem til måten ting har blitt utført på. Så då høyres det så mykje betre ut med "diverse greier" (sjølv om det kun innbefattar ei einaste handling).
Tankane klarer du godt å tenke sjølv!

Kva tid hadde Douglas sin "høydare" i livet? Sikkert på 70-talet. Det magiske tiåret. Ein kjent mann som han hadde sikkert mange lekre kvinnfolk på slep med tunga langt nedover knerne (til trass for at han ikkje er like hot som Clooney`en).
Så an blei sikkert smitta allereie då. I form av kjønssjukdom........
No har eg ikkje høyrt så mykje om dette før, så eg tippar namnet på kjønnssjkdomen er noko eg ikkje kjenner til om eg høyrer det.

Eg veit ikkje om eg ville ha gått ut offentleg med årsaka til at eg har kreft om eg ikkje hadde vore kvinnfolk og årsaka er det den er. I alle fall ikkje med tanke på at mannen faktisk er gift.
Det må jo nesten påverke livet deira ........
Eg trur i alle fall ikkje at eg ville ha ønska at alle andre skulle visst kva årsaka bak er om eg hadde vore i same situasjon som Zeta-Jones.

Så spørs det kva moralen i det heile er......... Kvifor står han fram?
Kanskje det er for å statuere eit glimrande eksempel på at ein bør halde seg langt unna kvinnfolk. Det følg aldri noko bra med seg med dei!! Hahaha...... Litt sant i det, då!
Med alle dei tinga vi veit om kvinnfolk frå før, og så dukkar dette opp i tillegg.
Mannfolk.......Det er berre å passe på!! Watch out..........

Sånn....... Det er no eg skal opne saka og lese den verkelege verda. Der ein blir tatt ned på jorda att og skjønner at dette berre blei tull.
Jaja..... Det beste er i alle fall at eg har klart å skrive om eit tema som eg "hatar" og det utan å bli påverka på noko som helst måte. Ikkje dårleg berre det.
Så får heller alle menn lære noko av alle hyrdestundane til Douglas og håpe at dei ikkje har fått same smitten i seg (sjølv om ikkje det er det same som at ein vil utvikle kreft).
Berre så kjipt om det faktisk gjer det, for då blei sexen rimeleg kostbar!!!

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta mañana.

IWALY!

søndag 2. juni 2013

Skamfølelsen..... Kva tid kjenner vi på denne kjensla? Kva tid er det eigentleg den oppstår?
Aller helst trur eg at det vil variere grasalt frå menneske til menneske. 
Dei fleste har vel sikkert høyrt utrykket "Eig du ikkje skam i livet?", anten retta mot seg sjølv eller at ein har høyrt det blitt brukt mot andre. 

Som menneske er vi ganske ulike, alle saman. Sjølvkjensla til mange kan vere heilt på topp, medan hos andre er den i motsatt ende. Uansett kor ein er på denne "stigen", føler ein på det å føle skam. Ein eller annan gong........ I form av anger eller i form av skamkjensle over andre menneske som er rundt deg.

Blant anna er det dei som har veldig lett for å tru at alle andre ikkje vil dei vèl. Ei kjensle som ikkje er bra og som med stor sikkerheit forsurar livet til dei det gjeld. 
Om du går rundt og trur dette kvar dag, ja då trur eg du har eit slitsamt liv. For då blir det jo brukt så mykje negativ energi på noko som det mest sannsynleg ikkje er grunn til å gjere.

Kva er eigentleg skam? Fins det ein definisjon på det? 
Om eg skal gjere eit forsøk på det så må det jo kanskje ha med blottlegging å gjere (til dømes). Om du får blottlagt svakheitane dine og ellers problema du har, då er det lett å føle skam. Du ønsker du kan synke ned i jorda, men veit at ikkje det går an. Skam........
Årsaka bak kan vere så mangt. Millionar av eksempel på det, så det er ikkje vits i å lage ei liste! (Skal jo sove i natt også). 
Skam......... Det kan vel i visse tilfelle bety det same som flau (også). 

Litt kjipt å buse rett inn i eit viktig møte, for å ta eit eksempel. Snubler inn døra, eller noko liknande..... Flaut! 
Å føle seg latterleg, udugeleg, patetisk, verdilaus, dum, ubetydeleg.......you name it....... Lite oppløftande og alle orda er uttrykk for ein fellesnemnar.....skam. ( I alle høve om ein skal tru på psykologar og psykoterapeutar).

Dette temaet har eigentleg i stor grad vore tabubelagt. Det er liksom ikkje noko ein vil snakke om. Sjølv om det kjem meir og meir opp i dagen. 
Det siste kan vi vel "takke" terapeutane for. Dei har jo byrja med det å sjå nærmare på ordet skam og kva som ligg bak ordet. 
Dette av di det ligg ei historie bak ordet skam. Historien som seier at det tidlegare blei fokusert på skuld. 
Skuld........ 
Skam undergrev sjølvkjensla, medan skuld går meir på handlinga som ein sjølvsagt angrar på. 

Korleis reagerer vi eigentleg på skam? Ganske ulikt vil eg tru! 
Enkelte kjenner ei form for å bli lamma, andre flyktar medan vi også har den gruppa som rett og slett går til motangrep. 
Utan at eg veit det, antar eg at den siste gruppa er ganske så stor. Eg trur rett og slett det er mange som ikkje heilt taklar skam på ein bra måte og så går dei til motangrep istadenfor å gå inn i seg sjølv og finne ut kor kjerna eigentleg ligg. 
Dessutan skjuler vi nok skammen, ikkje berre for andre, men også oss sjølve. Noko som kanskje kan sjåast på som eit prov på at vi ikkje er heilt bevisst på kva skammen eigentleg betyr for livet vårt.


Så kjem eg til det eg eigentleg tenkte på då eg starta med å skrive. Det med at ein trur at ingen andre vil deg vèl. At ein heile tida er mistenksam.......
På grunn av at det på ein måte blir uuthaldeleg/umogleg å leve opent med skamkjensla, utviklar fleire ein overlevelsesstrategi som seier at omverda i alle høve ikkje må finne ut kor udugeleg eg er. 
Ein strategi som i mange tilfeller sørger for at du handlar på ein slik måte at ingen skal avsløre deg og ergo klarar du heller ikkje å uttrykkje behova dine tydeleg nok. Noko som på andre sida kan gjere deg litt einsam i sosiale relasjonar. Så då handlar det om å prestere det perfekte........som på si side er ganske så umogleg. (For kven klarar å prestere det perfekte heile tida?)
Så då føler ein seg meir mislykka enn før og skammen vil då følgeleg bli reprodusert. 
Ganske trist................

Viss du kjenner på skamkjensla store delar av tida di, er det lett å bli mistenksam overfor andre når dei prøver å vere grei. 
For mange er det så ille at sannsynlegvis er terapi det einaste som vil hjelpe. 

Så spørs det...... Korleis ønsker du å bli oppfatta av omverda? Er du bevisst på korleis du reagerer i situasjonar der det blir litt flaut og du berre vil synke gjennom jorda? 
Utagerer du overfor andre når skamkjensla dukkar opp? (Eg kjenner fleire som gjer det). Det er mange som blir sint når dei blir flau og enkelte er grim med å kjefte opp andre, sjølv om det i utgongspuktet ikkje er noko andre kunne gjort for å avverge det heile. 
I slike situasjoner er det vel ikkje så greit å vere ein humørsjuk mann eller dame. For reagerer du på ein slik måte, er det nett det som blir samtaleemnet i etterkant og då blir skammen omtalt, berre at då er det andre som snakkar om "skammen din" og då utanfor din eigen kontroll.  I tillegg er det fleire som blir innlemma i det heile (får vite om det). 
Dei fleste reagerer på slike som utagerer og då nemner dei det gjerne for mange fleire, medan at dersom ein hadde hatt litt meir kontroll over utbrota sine, så ville det gått i gløymeboka like fort (i dei fleste tilfella). I alle fall ville dei færraste hatt behov for å utlevere den som uttrykker skammen sin i form av å gå til motangrep. 

Ei fantastisk fin helg, vèrmessig, er over. Forhåpentlegvis har ein fått litt farge i løpet av desse dagane. (Eit "must"!!)
No er det snart nattatid og på tide med skjønnheitssvevnen. Så då attstår det eigentleg berre å seie natta og neste gong du "driter deg ut", le heller..... Det er beste sort....Då slepp du billigast unna! :=)

Ha ein fortsatt fin kveld! 
Hasta mañana! 

IWALY!!