søndag 30. juni 2013

Himmel og hav. Til trass for at 99% av alle musklane har gått på minimalt av maskineri idag, så er denne jomfrua faktisk ganske trøytt. Noko ho oppdaga allereie for eit par timar sidan.
Av rein høflegheit blei det ikkje nemnt med eit ord, då, av hensyn til at det var midt i middagen.
No er eg allereie hamna i senga, om enn ikkje under dyna, så oppå. Derifrå kan eg tenke meg til at vegen ikkje er lang for å hamne på rettsida av den.
Litt lesing i min engelske roman før augene glipper for mykje, er slett ikkje så dumt, det heller!

Klokka 07.30. Sundags morgon. Det er berre å sove så lenge eg vil...........Joda....... Høyres flott ut det. Ved sida av meg, ligg to slakt og sover. Eg er vaken for lengst. Eg treng å besøke ein "nødvendig" plass, men ventar i det lengste. Det plagsommelege lengste.
Opp og hopp!
Sjøvann kan vere ein bra ting påmorgonkvisten. Kanskje litt keisamt heilt åleine, men litt saltvann har vel aldri skada? Heller tvert imot....
But......fy farsken......kven er det som har vore ute og salta det så dyrisk på morgonkvisten?
Eg trudde Gud også sov på den tida av døgeret?! Kanskje han bomma litt med saltbøssa si igår då han gomla litt pommes og flirte av alle mistaka vår i går......
Jaja.....Det fekk eg svi for idag, for havet var salt!! (Og augene var "blide" på resten av jomfrua ei stakket lita stund etterpå. But who cares?)

Klokka 08.30. Kvifor skal andre få sove bort sundagen viss ikkje eg får "lov"? "Kom dåke opp og ut av senga!" Hahahahahaha......... Minstemann er trøytt i småaugene, men smiler som vanleg til mora og seier "God morn, mamma." Herleg blid og forventningsfull til kva denne dagen skal bringe med seg av aktivitetar.
"Vi må ikkje gløm å før ned og sei ifrå korsn sang æ ska søng på idol på tirsdag. Æ har besteæmt mæ nu.. Det bi den dær Euphoria!" 
Jaujau....... Det kan jo bli gøy, det....... Spørs kven som må øve tekst i lag med han. (Svaret er vel innlysande).

Klokka 09.30. Godvèr og uteseng! Her skal alle musklar kvile! Bicepsen prøvde å løfte seg litt opp, om enn litt halvhjarta, men blei raskt stoppa og slengt ned att. "Prøv deg.....her skal du motstand finne!"
Ingen prater til meg. Lykke!
Etterkvart føler ein seg som eit slakt. Ei einaste stilling i fleire timar og utan at musklane får bevega seg noko som helst.
Sørgeleg nok, treng ein mat i skrotten. Det spørs berre om tarmsystemet virker når det er null aktivitet?!
Det er vel berre å hive innpå.

Klokka 14.45. Tør eg ligge meir i ro? Er det heilt helsebra? (Eg bryr meg vel strengt tatt ikkje, mensavitet vil i alle fall at eg skal tenke tanken......)
Klokka nærmar seg tre og tar eg ikkje mykje feil, står namnet mitt på tennisbaneblokka til nett den tida. Berre eit kvarter til..... Musklane må aktiviserast!

Tennis er jo gøy og har alltid vore det. Også i dag......... Godt det er høge gjerder rundt bana, for det er slett ikkje alle slaga som treff eitt hundre prosent (for å seie det slik....). Det hender seg at det er litt kult, det også..... Litt fliring og livet er forlenga nokre skarve sekundar! Ikkje så ille det.

No er det vel trygt å gå attende til "kvilestilling"? Tarmsystemet har fått rista seg litt og maten er kasta litt rundt om i magen. 232 kaloriar er borte (eg er god på å anslå - men det er sikkert eigentleg tuuuuusen....hahahaha....)og eg kan fylle på nye.
Herleg!

Klokka 17.00. Tanken er "Er det lov å legge seg no?" Eg seier det sjølvsagt ikkje ut høgt, men tanken er så definitivt til stades. Vel........fem? Hmm. Litt tidleg. Eg står han vel a.

Kven dusjer først?
Alle skal dusje og for å få ei rettferdig rekkefølge på køen, foreslår eg som alltid at den yngste går først og den mellomste sist.
Til no er det ingen som har reagert på at den mellomste alltid får slappe av og styre med sitt til det blir hennar tur. For sanninga er at ingen vil vere først.
Når musklane har kvilt seg i time etter time, ja kven vil vel då plutseleg byrje å bruke dei unødvendig? Sjølv om det er høyst nødvendig.......

Klokka er 19.00. Endeleg tid for å vere matvrak att! Barbeque! Det er godt, det!
Tennisen har sørga for at ein ikkje treng å vere blyg når ein lastar på tallerkenen. Nam............
Unge jomfru Marita skulle sett bordet! Då hadde det ikkje lenger hamna noko dagens mattips på facebooksida mi. For ho skulle slitt lenge med å lage til ein slik tallerken! Hahahahaha.........
(No ventar eg i spaning på neste tips! Eg skal titte innom face´n kvar dag framover.) :=)

Klokka 20.00. Jomfru Knutsen ber nesten på sine knær......... "Er det ikkje leggetid no?"
"Mamma?? Hallo? Æ e ju ikkje trøtt nu! Æ har jo ferie! Gje mæ heller litt pænga og så kan jo bære du gå og legg dæ." (Gliiiiiis og dådyrauge!!)

Som sagt har eg jo allereie hamna oppå dyna og er under ganske straks. Berre eg får gjort meg ferdig her inne.
Eg måtte jo sjølvsagt innom Vg ein tur og det første som møter meg er følgande setning.
Hun har frarøvet identiteten min som mann. Fikk livstid i fengsel for å ha skåret av ektemannens penis. 
Viss ikkje menn får vondt av å lese den setningen, skjønner eg ingenting. For det gjer eg. Unge Knutsen kjenner det godt i magen berre ved tanken på hendinga.

Det er sjølvsagt i USA det skjer. Det er alltid det. Vi er aldri så heldig at vi opplev slikt i nær krets. Vi får berre klare oss med å sjå over til statene. Kanskje like greit.......

Penisen blei faktisk kasta i ei avfallskvern. Oida!! Det betyr vel med enkle ord at det ikkje er mogleg å sy den på att i ettertid?! Kjipe greier...... Ja, då er vel identiteten eit hakk skada. Ikkje noko å seie på det.
Ein kan vel ikkje berre seie "slutt å bæs" til noko slikt.

Skilsmisse kan visst føre til såmangt. Sinne er ikkje alltid like lett å hanskes med! Det er jo denne saka eit prov på.:=)

Det er ikkje så alvorleg lenge sidan ein annan mann fekk penisen avkutta med ein kjøkkenkniv. Det skjedde i statene, det også!

Det er kanskje ikkje så lurt å lese VG på ein slik kveld? I fare for å bli påverka, må ein vel berre slutte av....Hahahaha..........:=)
Neida.........

Uansett. Ha ein fin fortsettelse på kvelden. Sjølv har eg vel allereie avsløra at den skal fortsette med augene godt attlukka og aller helst med gode draumer. Om kvite riddarar, eller noko sånt.

Hasta luego!

IWALY!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar