mandag 24. juni 2013

Kva skal eigentleg til for å gjere ein dag perfekt?
Ikkje veit eg, men det eg faktisk veit, er at dette har vore ein rimeleg innhaldsrik dag! (Eg kunne likesågodt ha putta 14 utropsteikn bak for å statuere i kva grad eg meiner innhaldsrik er).
Sånn går det når ein har ein ivrig 9-åring til son og som syns det er kult å delta på "stuff".

"Mamma, mamma, du må kom med en gång! Det e vektig!" Augene var nesten ville og eg lurte sjølvsagt på kva det var som var så viktig.
"Æ træng ei mamma som kan syng en ABBA-sang. Skyndt dæ førr vi træng poenga."
Joda........... Eg kan vel ein eller ABBA-låt utenat, men........

Konkurranseinstinktet har han vel etter mora, sjølv om han ikkje er like kjapp i vendinga alltid.
Superivrig ropte han berre "Æ har ei mamma som kan søng. Æ har ei mamma som kan søng! 
Oppstilling. Mamma mia. Godkjent! 40 poeng til team Herøyvika.

"Mamma! Vi træng et ektepar som kan kyss kværainner!! Han pappa må kom så du kan kyss han! Vi får 60 poeng vess dåkker gjær det." Oioioioi......... Var det ikkje det eine, så var det det andre.
Dei to yngste på laget sørga for å bringe ein "kyssemann" fram til stadion og innkaserte veldig stolt 60 poeng.
But, but, but..........Tredje og siste deltakar på laget, ei jente, såg forsiktig på meg og spurte fint "Eeeh, Beathe, har du en bikini-bh tell? 
Eg må ærleg innrømme at eg verkeleg lurte på kvifor ho lurte på det. 
"Jo, du skjønna det at vi får 100 poeng (som er det meste) om vi får en mann tell å gå med bikinioverdel og så tænkte æ at kanskje du kunne skaffe en tell han......." og peika på ein viss kar.
Hahahahahaha........ Som om eg skulle gidde å gå opp i leiligheita for å skaffe ein bikini til......
Jomfrua var rask i vendinga og vips så var ho sjølv fri for bikini og vips var det ein heilt annan som hadde fått på seg bikini (til bornas store begeistring!) 
Jomfrua sjølv måtte berre gjere sitt beste for å dekke seg til med dei nevane Gud  tileigna ho ved fødselen. Dog ikkje raskt nok til å hindre at ein 13-årig gut fekk seg eit lite puppesyn og kanskje blei "skada" for livet. 
Stakkars......han visste ikkje kor han skulle sjå etterpå. Han stod som klistra fast både i alt av musklar og syn og tenkte sikkert at dette måtte vere ei gal mamma!! (Han har vel kanskje litt rett i det uansett...)

Jaja......Ingen skal påstå at ein ikkje ofrar seg! Dei fekk i alle høve sanka seg nokre poeng og då var det vel sikkert verdt det.
Like etterpå bar det til "green-room" og "backstage" med gutungen og ei venninne som hadde øving til morgondagens idol-tilstelning. Vi vaksne måtte halde oss laaaangt unna, for vi skal ikkje få sjå noko som helst før "performance" i morgon kveld. Spent gut, spente foresatte! 
Så då var det berre å leite fram tennisrackettane og vere litt sportsleg medan idol-øvinga stod på. 
Trim har vel aldri vore å forakte - ei heller i dag. 
(Eg fekk meg no ein liten sniktitt i det eg skulle levere rackettane og det eg såg var ganske bra, så eg gler meg til morgondagen. 

OG kva gjer ein når hyttenaboen ligg der og halvsover og ein sjiraff plutseleg koser "øyret" sitt mot nakkehåra hennar? 
Kanskje ikkje så vanskeleg å forutsjå korleis dei første sekunda fortona seg då ho såg opp? Til ho skjønna at "there´s no danger".......... Artig var det lell! :=)

Å ta drosje kan i for seg av og til vere ei prøving for dei fleste (om det er bykøyring). Når sjåføren strenar ned gatene i nitti (minst) når det er snakk om at det er tett trafikk......då er det fleire som folder hendene sine eller stryker mora forsiktig på låret, som for å seie at "mamma, æ e litt redd". 
I slike situasjonar er det også ein lærer at lyskryss, der ein ser nedtellinga i antal sekund til lyset skal skifte, slett ikkje er ein bra ting!! 
Eg har fleire gonger tenkt at DET må vere ein smart ting. Heilt til i dag...... No syns eg ikkje det lenger. Enkelt og greit av di eg veit kvifor det ikkje er så lurt likevel. 
Det er nedtelling. 10 sekundar att. Vi står midt i rundkøyringa (eller på tur inn i ho). Lyskryssrundkøyring! 
Seks sekundar att. Kva skjer?? Drosja gassar på for fullt i denne trafikale tida! Wow.......Om vi ikkje var redd ifrå før av, så blei vi det i alle høve då! 
Raudt lys betydde plutseleg ikkje noko lengre. Han visste at det snart kom til å skifte og då var det berre "tut og køyr"! 
Sannsynlegvis er det praksisen til fleire og ein dag vil det gå galt. SMASH!! 

Nei, eg kan trygt seie at eg gler meg meir til å sjå guten danse og synge "Bombom" (Adele) i morgon kveld enn til neste drosjetur (med mindre den foregår på ruta Bakkanvegen - Varmannsvei, eller noko i det høvet. (For det er jo stor sjanse for at eg nokon gong kjem til å trenge drosje på den biten. 
Føtene er ikkje lagd for å gå på.........

Så inhaldsrik dag avsluttes no med eit herleg ønske om ei fantastisk fin natt (usj.......så klisjeaktig!! Poff.)
Uansett, det er snart midnatt og eg skal rulle meg rundt (dog ikkje i rytme) og om eit lite kvarter har eg nok funne den magiske roen som dryssar sovestøv over den venstre hjernehalvdelen og seier "sov søtt" og mest sannsynleg "pass deg for kva du drøymer om. Det er ikkje alt som passar seg!!" Hahahahaha....... 

Hasta luego! 

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar