søndag 2. juni 2013

Skamfølelsen..... Kva tid kjenner vi på denne kjensla? Kva tid er det eigentleg den oppstår?
Aller helst trur eg at det vil variere grasalt frå menneske til menneske. 
Dei fleste har vel sikkert høyrt utrykket "Eig du ikkje skam i livet?", anten retta mot seg sjølv eller at ein har høyrt det blitt brukt mot andre. 

Som menneske er vi ganske ulike, alle saman. Sjølvkjensla til mange kan vere heilt på topp, medan hos andre er den i motsatt ende. Uansett kor ein er på denne "stigen", føler ein på det å føle skam. Ein eller annan gong........ I form av anger eller i form av skamkjensle over andre menneske som er rundt deg.

Blant anna er det dei som har veldig lett for å tru at alle andre ikkje vil dei vèl. Ei kjensle som ikkje er bra og som med stor sikkerheit forsurar livet til dei det gjeld. 
Om du går rundt og trur dette kvar dag, ja då trur eg du har eit slitsamt liv. For då blir det jo brukt så mykje negativ energi på noko som det mest sannsynleg ikkje er grunn til å gjere.

Kva er eigentleg skam? Fins det ein definisjon på det? 
Om eg skal gjere eit forsøk på det så må det jo kanskje ha med blottlegging å gjere (til dømes). Om du får blottlagt svakheitane dine og ellers problema du har, då er det lett å føle skam. Du ønsker du kan synke ned i jorda, men veit at ikkje det går an. Skam........
Årsaka bak kan vere så mangt. Millionar av eksempel på det, så det er ikkje vits i å lage ei liste! (Skal jo sove i natt også). 
Skam......... Det kan vel i visse tilfelle bety det same som flau (også). 

Litt kjipt å buse rett inn i eit viktig møte, for å ta eit eksempel. Snubler inn døra, eller noko liknande..... Flaut! 
Å føle seg latterleg, udugeleg, patetisk, verdilaus, dum, ubetydeleg.......you name it....... Lite oppløftande og alle orda er uttrykk for ein fellesnemnar.....skam. ( I alle høve om ein skal tru på psykologar og psykoterapeutar).

Dette temaet har eigentleg i stor grad vore tabubelagt. Det er liksom ikkje noko ein vil snakke om. Sjølv om det kjem meir og meir opp i dagen. 
Det siste kan vi vel "takke" terapeutane for. Dei har jo byrja med det å sjå nærmare på ordet skam og kva som ligg bak ordet. 
Dette av di det ligg ei historie bak ordet skam. Historien som seier at det tidlegare blei fokusert på skuld. 
Skuld........ 
Skam undergrev sjølvkjensla, medan skuld går meir på handlinga som ein sjølvsagt angrar på. 

Korleis reagerer vi eigentleg på skam? Ganske ulikt vil eg tru! 
Enkelte kjenner ei form for å bli lamma, andre flyktar medan vi også har den gruppa som rett og slett går til motangrep. 
Utan at eg veit det, antar eg at den siste gruppa er ganske så stor. Eg trur rett og slett det er mange som ikkje heilt taklar skam på ein bra måte og så går dei til motangrep istadenfor å gå inn i seg sjølv og finne ut kor kjerna eigentleg ligg. 
Dessutan skjuler vi nok skammen, ikkje berre for andre, men også oss sjølve. Noko som kanskje kan sjåast på som eit prov på at vi ikkje er heilt bevisst på kva skammen eigentleg betyr for livet vårt.


Så kjem eg til det eg eigentleg tenkte på då eg starta med å skrive. Det med at ein trur at ingen andre vil deg vèl. At ein heile tida er mistenksam.......
På grunn av at det på ein måte blir uuthaldeleg/umogleg å leve opent med skamkjensla, utviklar fleire ein overlevelsesstrategi som seier at omverda i alle høve ikkje må finne ut kor udugeleg eg er. 
Ein strategi som i mange tilfeller sørger for at du handlar på ein slik måte at ingen skal avsløre deg og ergo klarar du heller ikkje å uttrykkje behova dine tydeleg nok. Noko som på andre sida kan gjere deg litt einsam i sosiale relasjonar. Så då handlar det om å prestere det perfekte........som på si side er ganske så umogleg. (For kven klarar å prestere det perfekte heile tida?)
Så då føler ein seg meir mislykka enn før og skammen vil då følgeleg bli reprodusert. 
Ganske trist................

Viss du kjenner på skamkjensla store delar av tida di, er det lett å bli mistenksam overfor andre når dei prøver å vere grei. 
For mange er det så ille at sannsynlegvis er terapi det einaste som vil hjelpe. 

Så spørs det...... Korleis ønsker du å bli oppfatta av omverda? Er du bevisst på korleis du reagerer i situasjonar der det blir litt flaut og du berre vil synke gjennom jorda? 
Utagerer du overfor andre når skamkjensla dukkar opp? (Eg kjenner fleire som gjer det). Det er mange som blir sint når dei blir flau og enkelte er grim med å kjefte opp andre, sjølv om det i utgongspuktet ikkje er noko andre kunne gjort for å avverge det heile. 
I slike situasjoner er det vel ikkje så greit å vere ein humørsjuk mann eller dame. For reagerer du på ein slik måte, er det nett det som blir samtaleemnet i etterkant og då blir skammen omtalt, berre at då er det andre som snakkar om "skammen din" og då utanfor din eigen kontroll.  I tillegg er det fleire som blir innlemma i det heile (får vite om det). 
Dei fleste reagerer på slike som utagerer og då nemner dei det gjerne for mange fleire, medan at dersom ein hadde hatt litt meir kontroll over utbrota sine, så ville det gått i gløymeboka like fort (i dei fleste tilfella). I alle fall ville dei færraste hatt behov for å utlevere den som uttrykker skammen sin i form av å gå til motangrep. 

Ei fantastisk fin helg, vèrmessig, er over. Forhåpentlegvis har ein fått litt farge i løpet av desse dagane. (Eit "must"!!)
No er det snart nattatid og på tide med skjønnheitssvevnen. Så då attstår det eigentleg berre å seie natta og neste gong du "driter deg ut", le heller..... Det er beste sort....Då slepp du billigast unna! :=)

Ha ein fortsatt fin kveld! 
Hasta mañana! 

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar