søndag 23. januar 2011

Seine laurdagskvelden....

Det er laurdags kveld og det er jaggu meg ikkje lenge før augene treng å kvile seg i nokre timar. I morgon er det sundag og med tankane om at eg skal ein tur på skulen for å arbeide friskt i minne, trur eg ikkje eg skal la det bli seine nattetimar før eg legg meg. Dagen har allereie vore meir enn lang nok. Det er lenge sidan sist eg har syntes at dagen går altfor sakte. Sannsynlegvis noko som feilar når ein syns at fridagane blir for lange. Kanskje det er mangelen på aktivitet inne i mitt ellers så kreative hovud som er problemet. Ikkje lett å seie:=)

Torsdags kveld kom eg heim frå arbeid litt over sju. Min kjære sønn hadde leita fram ei oppskrift på ei kake han hadde sterk tru på. Etter å ha lese oppskrifta, saumfarte han skapa for ingrediensar og fann fort ut at det var enkelte ting som mangla. Det ville han ikkje ha noko av, spesielt ikkje når han såg for seg at han skulle bake. Han leita seg to lapper....... Ein for det som eksisterte i skapa og ein for det som mangla.
Det første som møtte meg då eg kom heim, var ein gut som ba meg snu i døra........ Eg måtte jo skjønne at det var viktig å ta handlelappen hans og ta turen innom butikken! Han skulle jo bake!! Joda......... Baking er jo ok, men berre ikkje etter leggetid!
Snill som eg er, dro eg opp og handla det han trengte. Eg syntes jo eigentleg at det var litt komisk og "rørande" på sin måte at han hadde fått til alt dette. Berre så synd eg måtte skuffe han då eg kom heim. Noko kakebaking seint på kvelden blei ikkje aktuelt. Han blei djupt skuffa og eg måtte love han at han skulle få lov dagen etter. (Og eg lova........).

Fredagen kom og eg håpa eigentleg mest på at han hadde gløymt heile kaka. Uansett skulle vi på hytta for helga, og kanskje kunne vi "gløyme" ingrediensane heime??! Så lurt!!! Nope, det gjekk ikkje som venta, det.
Det er ikkje alle som er like når det kjem til vèret.... Eg er ikkje så vèravhengig av meg, men det var det to andre som var akkurat denne dagen. "Vi skal ikkje på hytta likevel, mamma". Iveren lyste i augene på han. Han hadde slett ikkje gløymt kaka, for rett etterpå fulgte han opp med "Det e faktisk ganske bra det, for då kan jo vi bak den kaka du veit". Tja......
Han baka ikkje kake den dagen...........
Mødre er vel ikkje dei beste å ha med å gjere om ein ikkje oppfører seg. Småkranglete som han var heile ettermiddagen, resulterte i at han måtte sjå skuffelsen i auget på nytt. (Mora får aldri dårleg samvit i slike saker!!! )

Laurdagen kom no eingong den også...... Trur kanskje første kommentaren som blei sagt på morgonen var " Kan vi gå på kjøkkenet og bak kaka nu?". Sukk.......Særleg oppløftandes take på morgonkvisten. Eg hadde vel lyst til alt anna enn akkurat det. Aller helst ville eg vel at det enno skulle vere midt på natta, slik at det berre var å tre dyna over seg og sove att. Den gong ei.....
Joda, kake skal bli...... Etter lange forhandlinger (det er rart kor god ein seksåring kan vere til å forhandle...Eg blir heilt svett!), blei vi einige om etterniddagsbaking. For eit mareritt!! For kvart femte minutt kom spørsmålet "Er det ettermiddag nu?". Eg holdt på å gå ut av mitt gode skinn. Han klarte ikkje å tenke på noko anna heile dagen.
For å slippe litt unna sneik eg meg til ein liten trimtur. Det har vel aldri vore så godt med "frisk" luft som då.
Det blei kake! Som vaksen må eg jo også skjønne at om ein baker kake, så må ein jo også invitere kakegjester! Han fekk viljen sin. Så etter at han blei ferdig med bakinga, leita han fram telefonen og inviterte til kake. Kaka blei god den:=)
Likevel.....eg håper det blir ei stund til neste gong han får samme innfall!!

Som seksåring skal ein ikkje tenke på at ein skal ta standpunkt til politiske saker. Ikkje veit eg kor han har høyrt om det, men han har i alle høve fått med seg Maria Amelie-saka på eit vis. Kvar einaste dag denne uka har han masa om kva utfallet av saka vil bli. Han har jo sjølvsagt tatt stilling til saka sjølv også. Maria må jo få bli! Noko anna er utenkeleg....... Ikkje berre har han gjort seg opp ei meining, men han blei faktisk ganske så sint på meg då eg sa at eg syns at ho bør bli sendt ut av landet. Det var ikkje måte på kor "trollåt" eg var. Tenk at eg kunne seie slikt!
Kva svarer ein barn i slike saker?? Eg blei litt rådlaus, men eg stod på mitt. Eg går ut ifrå at det er lærdom i det også......
Han har hatt litt vondt på hennar vegne etter at beskjeden om at ho må ut, kom. Eg satser på at det heile snart er gløymt:=)

Min haldning til saka er ganske klar. Aldri har eg vore så einig med Stoltenberg som i denne saka. Det er klart ho skal ut. Ho er eit ressursterk kvinne med utdanning. Ho vil kunne klare seg uansett kor ho hamnar i verda. Om ho skal få bli, ja då må dei jo la alle dei andre få bli også!??! Det må jo vere ei form for likskap for lova.
Eg må ærleg innrømma at eg har vore litt provosert av alle dei fakkeltoga som har versert rundt om i landet..... Kor var dei samme toga då sjuke born blei sendt ut av landet? Kor var dei då ein av foreldra måtte reise frå dei små borna sine? Svake mennesker som ikkje har samme sjanse til å klare seg i denne verda som Maria. Kor er logikken??
Nei, sann mine ord......Hadde dei gjeve etter i denne saka, vil eg påstå at demokratiet hadde stått for fall!! Det gjer det eigentleg uansett, men det ville ha blitt så mykje tydlegare om utfallet av denne saka hadde blitt annleis.

Lever vi i eit demokratisk land?? Ja, vi gjer vel eigentleg det. Likevel vil eg påstå at det er feil å seie at vi gjer det. Kva er eigentleg eit demokrati?? Eg har då vitterleg lært meg det ordet for eit hav av år sidan, men eg byrjer å tvile på at eg eigentleg veit kva det betyr. I alle høve om det er slik rettstaten Noreg blir driven.
No drar eg det ganske langt ut på kanten, men eg meiner eg kan stå for det.
Det fins nok av eksempler å ta av. Berre for å nemne eitt. Hardangersaka. (Straum). I eit demokratisk land velgjer vi kven vi vil ha til å styre landet. Her i landet fungerer det slik at om vi ikkje er einige i det dei folkevalgte gjer, så går vi i fakkeltog og protesterer høylytt heilt til målet er oppnådd. Målet?? Ja, det er å få regjeringa til å snu.
Kven er det då som har makta?? Når regjeringa ikkje er tøff nok til å stå for det dei vil....... Då kan ein trygt seie at matforholdet har flytta på seg.
Eg har berre nemnt ei sak. Slike saker har det vore mange av dei siste åra. Politikarane blir pressa av vegen og må vurdere saker på ny og på ny.
Uansett sak, så vil det alltid vere nokon som er ueinig. Skal den nye trenden no bli at dei som er usamde skal protestere høylytt i alle saker? Det blir i alle høve fleire og fleire av dei. Det er sikkert og visst.
Nei, om vi skal fortsette å vere eit demokratisk land, må vi skjerpe oss. Vi må la politikarane få styre. Det er viktig at dette ikkje får skli ut. Difor må eg seie eg er glad dei ikkje velgjer å la Maria Amelie bli. (Sjølv om ho sannsynlegvis er attende i landet ganske så snart). Det viser at vi har ei rettskraftig lov. Så får heller diskusjonen om loven bør endres tas. Ho er ingen trussel for landet og det fins mange bra argumenter som taler hennar sak......men ho er her på ulovleg grunnlag! Ja til henne måtte ha betydd ja til alle.
Så får heller dei som støttar ho meine at eg er ein "kald fisk".

You will keep me warm
You will keep me close
I'll sleep in your embrase at last.

søndag 9. januar 2011

Sjalusi......(Kva er det???)

Som eg skreiv i går, skal eg "analysere" den litte KK-reportasjen om sjalusi. Må jo halde ord!
Lett sjalusi, valdsam sjalusi, ingen sjalusi........Eg veit ikkje kva som er det beste. (Joda, eg veit det).
Enkelte mennesker syns det er irriterande med sjalu partnar, medan andre att rett og slett digger det. Eg skjønner ikkje heilt den siste gruppa, men sånn er det vel berre. Ein snakkar litt for lenge med ein annan (snakkar!!).... DET blikket. Joda, det må jo vere irriterande å bli iaugeteken på den måten. Ein må jo kunne snakke med kven ein vil. Eller?? Talking is dangerous....... KK hevdar at dei som påstår at dei er 100% sjalusifri lyg! Så det så. Då er det sagt. Ingen kan no lengre komme til meg og påstå dei ikkje er sjalu:=) "Ingen" må visst innebere meg sjølv også. Kult!

Sjalusi aukar sexlysta....... Wow. Eg trur eg må leggje opp til krangel kvar gong han pratar med eit kvinnfolk, eller OM eit kvinnfolk. Høyres ikkje det ut som ein god plan?? Tru kor mange kaloriar ein då ville forbrent? Verdt å vurdere!!

Enkelte syns det er macho at mannen er sjalu. Jada, kjempe........ Fins ikkje noko meir mandig. Hallo? Macho er vel ikkje rette ordet. Er ikkje sjalusi eit anna ord for usikkerheit?? Det trudde i alle høve eg. Kva har vel då macho med det å gjere? Nei, ser ikkje det poenget her i garden.

Det skiljast sjølvsagt mellom lett og destruktiv sjalusi. (Logisk nok). Den destruktive delen må sjølvsagt knyttast opp til sjølvbiletet sitt. Det er grenser for kor lenge ein held ut med ein som er så sjalu at det blir destrukivt. Ein slik oppførsel kan aldri bli positiv. Terapi!!! Ja, gå i terapi. For all del. Eg trur ikkje terapi åleine vil kurere slikt. Samlivsproblem kanskje, men ikkje sjalusi. Ein får sjølvsagt satt ord på ting, men eg trur nesten sjalusi må vere noko som er medfødt og det er vanskeleg å måtte endre personlegdom.
Eg trur sjølv at sterk sjalusi åleine vil sørge forr at dei reelle følelsane rett og slett blir borte til slutt. Den som er sjalu vil på sikt ikkje få behalde kjærleiken til den andre. (Forståeleg nok).

Kor stort spring har vi innanfor sjalusi idag?? Tja.....Alt frå eit lite stikk til eit sjalusidrap? Ja, det skjer. Heilt uforståeleg, men det skjer. (Ei gal verd). Sjalusi er forsvarsmekanisme på høgt plan! Kva betyr det? (Sett i samanheng med sjalusidrap). Kva forsvarsmekanisme er det som set igong når du drep eksen din laaaang tid etter at forholdet er slutt. Det må jo heller vere noko som er galt med dei små grå (dersom dei eksisterer). Forsvar?? Psykologane skal ha det til å høyres så flott ut.

Det store spørsmålet dei stiller er: "Tør du vere sjalu?" For ei utfordring!! Er det noko å tørre? Eit viktig moment under dette er blant anna at ein ikkje skal vere eiesjuk. Ordrett står det "Husk at mannen, smabuaren eller kjæresten faktisk berre er på utlån, han er ikkje ein eigendel". Ops....Kanskje noko for oss kvinnfolk å tenke på når vi hausar han rundt om kring til vår eiga føremon. Det er vel det vi gjer?? Dei gongane mannen får betsemme, er jo aller helst for at vi lar han tro at han bestemmer. (Vi utelet berre å seie at vi eigentleg vil det samme). Det handlar jo i stor grad om å vere utspekulert.
Så ifølge psykologane må vi vere forsiktig om vi ønsker å fortsatt ha våre bedre "halvdeler".
MEN!!!!!! Om det er slik at dei berre er til utlån........ Kvifor kan det då ikkje vere slik som med bøker (bibliotek). Tenk kor fint det kunne vore om vi berre låner dei og når vi har lært dei nok å kjenne, så kunne vi bytte dei inn i nye!!?!! Glimrande metode, hæ? Om det er ei kjedeleg veke, ja, då er det berre å finne ein meir spanande mann (fram til det er noko anna som lokkar). Thihi..... Eg koser meg med tanken! Eg trur eg skal ta patent på den idèen:=)

Det står "Mange kan ha positive fantasiar om at kjæresten ligger med andre". Gje deg sjølv lov til å ha slike fantasiar". Jeeeses..... Eg trudde det var meir slik at ein hadde fantasier om seg sjølv og andre. Ikkje partneren og andre. Kanskje eg burde prøve det?? Verdt eit forsøk?? Eg klarar ikkje heilt å sjå det for meg. Stakkars....Han vil vel bli superstressa om eg kjem og seier at eg draumer om han og andre.
"Om du har vener av andre kjønn, er det lurt å inkludere kjæresten i dette samveret". Nope....... Ikkje aktuelt! Ein må vel kunne få lov til å ha vener på eigenhand. Kvifor skal ein kun vere saman med dei den andre parten er ilag med? Nei, det er viktig å kunne ha noko for seg sjølv også.

Reportasjen i bladet er rimeleg kort (i mange betydninger). Kort og blond (ops, ikkje meint som provokasjon til lyshåra og fagre jenter). Berre mangel på betre ord:=) Det er grenser for kor mykje det er plass å ta med på den sida og difor endar den opp nokså mangelfull. Ikkje så god journalistikk med andre ord.
Temaet er sjalusi og eg trur det får vere opp til kvar enkelt å avgjere sjølv om det er macho med sjalusi partnar eller ikkje, eller om det kan vere digg at den eine er sjalu og at det piffar opp sexlivet.

Sjalusi ligg nok latent i dei fleste, men det må ikkje gå så langt at det øydelegg. Om sjalusien er sterkt tilstades, er det nok best å vere åleine. Eg vil tru det gjer noko med psyken til den som ikkje får tillitt hos den andre. Om ein heile tida må forhalde seg til slikt, vil eg tru ein blir ganske nedtrykt. For ikkje å snakke om at mange kuttar ut fleire av venene sine berre av di dei er redde for sjalusien til den andre. Då kan ein jo ikkje vere seg sjølv, noko som kanskje er det vikigaste her i livet. Sjansen til å vere den du er.......... (Med alle feil og manglar, for det har vi alle).

Eg er den eg er for det meste. Er ikkje det godt nok, neivel......då må eg få gå:=)

lørdag 8. januar 2011

Nye sjanser:=)

Nytt år betyr nye sjanser! Denne første uka er det ikkje måte på kva hav av moglegheiter eg ser. Eg har grueleg lyst til å gjere noko heilt nytt...... Eg veit ikkje heilt kva det skal vere, men eg veit at i år har eg lyst til å oppleve eindel:=) Eg skal i alle høve bli flinkare til å seie ja når eg blir invitert. Eg er allereie godt i gang. Fekk forespørsel om Trondheimshelg med mange gode vener. Det er nesten 4 mnd til, men eg har allereie bestemt meg. Kvifor ikkje?? Kvifor skal ein halde seg i ro her heile tida? Det blir skøy å treffe att dei andre som vel å komme. Akkurat denne turen blir jo ikkje noko spontantur. Det er eit hav av tid til planlegging....... Kanskje det er nettopp det eg skal gjere i år? Spontanturer?? Ikkje noko dum idè det!!?

Uansett, det er ikkje mangel på draumer, planer, ambisjonar eller intensjonar (for å seie det så fint). Dette skal bli eit år eg vil hugse seinare!!

I går var eg så heldig at det hadde dumpa ei ekstra "julegave" til meg i postkassa. Eg kjente med eingong kva det var (ein cd), men eg lurte veldig på kven det var som hadde sendt meg ein cd no når midten av januar er så nær...... Så stod det Svein på pakken! Så glad eg blei!! Cd'n heiter Lucky Lew og mitt kjære søskenborn har vore i Amerika og fått spelt inn cd. Eg hugser eg sa han måtte seie frå når cd'n kjem i salg slik at eg kan kjøpe den. Så har han liksågodt sendt den som gave til meg. Snille Svein!! Om cd'n var bra? Ja, det syns eg. Det er så gøy når nokon av sine eigne gjer det bra:=)



Ellers så har det vore ein veldig fin dag. Store deler av dagen gjekk med i Elvedalen. Vi var mange som samla oss der for aking, skøyter og grilling. Lure meg hadde lagt att vinterbuksa på hytta, men det gjekk no greit. Skulle ønske eg var like tøff som for ti år sidan. Då var det ingenting som kunne skremme meg....... Det var ein fryd å sjå borna sette utfor den bratte storbakken og eg hadde så innmari lyst å prøve sjølv. Hjelper lite det når ein med åra er blitt den megapingla!! (Trur kanskje eg satte utfor for eit par år sidan..?? ). Jaja......Eg fekk nå litt adrenalinkick, eg også.
I mine yngre dagar var eg ein kløppar på skøyter. Vi brukte å arrangere renn på "Opsongersvatnet" heime. Det var løpsskøyter som gjaldt og eg elska det. I dag veit eg ikkje om det er så lurt å investere i nokre skøyter til meg sjølv (om eg ikkje har eit stort ønske om å ende opp med ei sjukemelding). Det er vel best å la vere. Uansett, det blei ein fin dag.
Resten av dagen gjekk stort sett med til baking. Skulle eigentleg berre bake brød, men sidan eg har bestemt meg for å hive meg ut i ting, så baka eg liksågodt knekkebrød også. Eg har leeeenge tenkt å gjere det, men det har virka så avansert at eg berre har utsett det heile tida. Oppskrifta har lege klar i over eit år, og først i dag tørr eg prøve. Det var visst veldig enkelt. Så frå no av blir det knekkebrødtid kvar einaste uke!!! Definitivt:=)

I morgon ser eg for meg at det kan vere fint å ta seg ein skitur oppover mot skihytta, men lar det vere i same slengen........ Friskt i tankane har eg forrige skitur i løypene. Etter å gått ei stund, traff vi på to elgar midt i løypa. Den eine var ein stor okse, den andre var eg litt usikker på. Jaja...... Problemet som oppstod var at dei nekta å flytte seg ut av løypa!! Med to born på slep, kunne eg jo ikkje akkurat utfordre dei??!!
Eg er eigentleg ikkje noko redd for elg, og var ganske innstilt på å fortsette skigåinga, heilt til ein "band-kollega" av meg kom køyrande og sa at den eine er agressiv. Då var det berre for meg å ta borna med og skli heimover. Agressive elgar skal vi vel ikkje legge oss ut med. Med tanke på morgondagen (sundag), reknar eg med at eg er den einaste som vil gå på ski oppover. Akkurat DET gjer eg ikkje åleine blant desse uredde elgane. Då får heller turen stå over til ein annan gong.


Ellers har ikkje helga bringt med seg så mykje meir spanande, til no, enn kanskje filmen om Gandhi. Eller...... Gandhi er vel ikkje akkurat spaning?? Likevel, det var ganske interessant å sjå den. Akkurat no er det nettopp han eg underviser om på skulen, og det set det heile i meir perspektiv når ein får sjå kva som eigentleg skjedde. Det er ikkje for ingenting at han er ein viktig person i den nyare historien. Gandhi har fått utretta mykje, også etter sin daud. Han har vore eit stort førebilete for mange hinduar (og sikkert muslimar også). Eg lurer på kor India hadde stått i dag om ikkje kolonimakta deira delte dei inn i fire land før dei fekk si eiga sjølvstende. India, Pakistan, Bangladesh og Burma (Mayanmar??). Bangladesh er jo eit grusomt fattig land. Dei slit frykteleg når det blir uvèr og havet slår til for fullt. India er vel glad i dag for at det ikkje er deira ansvar å bygge opp det området etter kriser. Likefullt trur eg dei ville vore kjempeplaga med borgarkrigar........ India hadde jo mange av både hinduar og muslimar. Det er nok ikkje den beste kombinasjonen å ha. Vi veit alle at religion i dei områda alltid har vore vanskeleg å forhalde seg til. Det var nok lurt av Storbritannia å lage blant anna Pakistan som eiga stat. Sjølv om det førte til store flyktningestraumar. Muslimane i India måtte flykte til Pakistan og hinduane i Pakistan måtte flykte til India. Det blei mange liv som gjekk tapt...... For ei smørje!! Det er ikkje lett å bli klok av. Jaja.....Det viktigaste er å hugse at Gandhi kjempa for menneskerettigheitene, var ikkje-valdsforkjempar, sultestreika og gjekk i fengsel for trua si. Trur ikkje eg ville gjort det same!! Han vann fram:=) (Sjølv om han døydde pga vald).

Frå Elvedal og aking til Gandhi??? Ja, ein heilt naturleg overgang. Hehehe.......=)

KK kom visst i går........ Lite interessant å lese om ein ikkje har tenkt å ha nyttårsforsett som innebærer kosthald. . Eg lever supersunt, så då er vel det lite aktuelt. Dog der er ein liten reportasje eg har lyst å drøfte litt. Eg får sjå kva morgondagen bærer med seg av gråe celler til å vri litt på det dei seier.... Kan jo ikkje vere einig med alt dei skriv. Det kan bli bra:=)

Skulle eigentleg nemne i forrige innlegg (noko som er suuuuperviktig) at eg endeleg har fått pianoet mitt stemt. Det finnes jo ingen pianostemmere her nord lenger. Det er ganske krise. Heldigvis har eg ein hyggeleg kollega med ein like hyggeleg pappa som er pianostemmer. Kor var han i jula?? Jooooo, i Kjøpsvik. Eg var rett og slett lykkeleg i mange timar etter at han gjekk herifrå. Så deileg å spele på eit heilt stemt piano!!! Det er faktisk det beste som har hendt på lang, lang tid. Det overgår alle julegåver og snille born og nisse:=) Eg gledde meg like mykje til jula , som born gjer til pakkane, berre for å få stemt dette supre pianoet mitt!! Eg er enno ikkje komen over det. (Veit at det sikkert ikkje er normalt......). Det beste var at eg fekk sjå på alt han gjorde. Eg lærte masse!!!!!

No er det eigentleg natt for lenge sidan. Det er på tide å finne ei god hovudpute og lukke dei fagre augene i nokre timar. Er eg heldig, draumer eg om draumemannen i livet mitt.......

Hasta luego:=)

søndag 2. januar 2011

GODT NYTT ÅR!!!

Så var vi bekka over i eit nytt år. 2011. Tenk det..... Det er ikkje lenge sidan vi byrja på eit nytt år og no er vi her att:=)
Det gamle året slutta i alle høve bra! I år, som i fjor, feira vi nyttårshelga på hytta. Det er rett og slett deileg å dra bort for å slappe av (om snømåking kan kallast for avslapping). Det har jo snødd eindel dei siste dagane. Likevel......Medan eg stod der og måka snø til meir enn den store gullmedaljen (diamant minst!) tenkte eg på kor deileg livet eigentleg var. Eg nøyt kvart sekund. Det var ikkje i fjor at eg var i stand til å måke snø. Etter eit år med mykje smerter og lite rørsle, var det så godt å kjenne på kor deileg det er å berre gjere ein så enkel ting som å måke snø. Eg var ikkje før ferdig med å måke verandaen, før det var å starte på nytt. Håper berre den blir liggjande.
Det er ikkje berre eg som er glad for at snøen kom. Det er jo berre så gøy for borna å få boltre seg i den:=) Det blei bygd både hytter og borger osv (lys i lykt også, sjølvsagt).
Eg må jo ikkje gløyme å nemne forestillinga til borna på sjølve nyttårsaftenen. Sukk......Eit mammhjarte blei kjemperørt! Ikkje berre eitt mammahjarte..... Det har seg slik at 4 av borna, som var i Herøyvika den kvelden, fann ut at dei ville ha ei lita forestilling for oss vaksne om kvelden. Etter å ha øva på eigenhand, var det tid for show. Det heile blei opna med at Steffen sang "Nordnork julesalme" heilt åleine. Etterpå bukka han kjempefint for applausen. Så fulgte to jenter på med ein julesong. Fjerdemann var lysmann.
At ein seks år gammel gut står der så prektig og syng så fint for heile hurven (utan nerver i det heile)....... Lurar på kven han har det ifrå??? (Tenker ikkje då på prektigheita....).

Sjølv trur eg 2011 blir eit kjempefint år. (Det må ein jo ha trua på). Ikkje treng eg å tvinge meg sjølv til å vere glad blant andre lenger. Eg er smertefri og kan vere strålande nøgd utan å leggje ein innsats i det. Mitt "helvete" er over og det skal nytast til det fulle!!
Uansett.....trass alt var det mykje positivt også i året som gjekk. Eg har hatt mange fine opplevingar og seinhausten har jo stort sett vore super.

- Sulitjelma. Hotellet må opplevast:=) Etasjane går nedover!
- Ulvvågskaret i påska (nydeleg vèr).
- Mykje meir øving med bandet enn tidlegare år! :=) :=)
- IKEA!!!!! Kanskje eg er litt rar, men dei siste åra har hovuddraumen min vore å få avleggje IKEA eit besøk (i alle fall på ein plass som god nummer to). Hadde eg ikkje dratt dit i sommar, trur eg at eg ville ha hatt svevnproblemar i dag...... (Sa jo eg er litt rar).
- KK har tatt steget og blitt meir likt dei andre magasina. Hovudvridninga er vel i retning av sex. (Eg har ikkje sagt at det nødvendigvis er positivt). Det har uansett gjeve meg mange artige tankar og idear og tema å skrive om (sjølv om dei er ganske teite).
- Kenneth ventar enno på hevnen. (Det skal gå mange år før den kjem. Når ein minst ventar det!).
- Mallorca. Deilig!! Må bli ein årleg "happening"........
- Har lært mange fine songar.
- Blitt tante på nytt. (Nr.3 i rekka, så no er det berre 4 att før det blir jente! ) Ein vis mann sa eingong at om bror min skal få ei jente, må han få sju born. Jaja..... Det er berre å stå på. Sikkert artig å øve......
- Jordbærdram! Anbefalast på det sterkaste. (Homemade of course).
- Andres er fortsatt like lettlurt. ( Blander dei arktiske strøka med Tysfjord....... Godt gjort!)
- Skulegut.
- Jentehyttetur!!!!!!! Berre så dumt at vi ikkje rakk å bade i år. Hugser ikkje heilt årsaka, men den seier seg vel sjølv:=)
- Julebukk?? Nei....det var feil! Det er jo til neste år (eller i år sjølvsagt) i lekker nissekjole (kort). Hvis Eve stiller opp er eg med!!!
- Seniliteten held på og ta meg..... Så det er berre å gje opp.

Eit spanande år ligg framføre oss. Eg gler meg masse. Eg har ingen nyttårsløfter (for det finnes så mange teite av dei), men eg har mange planar for korleis livet skal nytast til det fulle!!

GODT NYTT ÅR!!!!

Hasta luego:=)

I felt it when the sun came up this morning.