lørdag 23. juni 2012

Lykke!!!

Lykke er å vere åtte år, ha skuleferie, vere inni fjorden og ha ei mamma som først klokka halv tolv seier at no er det leggjetid! Fire timar på overtid....... Då er livet herleg!!

Det er sol, endeleg er det sol! Ein liten fjortenfoting med åtte hestekrefter sørger for å ta meg nett kor eg vil......og det er berre ein stad!!
Åtte hestekrefter tilseier ikkje at ein susar bortetter vannet. Ein tur som mange gonger berre har tatt sytten minuttar, brukar femti med farta til denne. Likevel, det er nett det som er deileg! Havet er blikkstille og sola er komen fram seint på ettermiddagen. Det er ferie og ein har all verdas tid å ta av. Då kan ein snakke lykke...... Det å sjå nisa som vakar i vannflata, ein gut som så gjerne vil lære å styre båten, synet av målet i det fjerne. Det er nok til å kjenne at roen senker seg og ein kjenner at det blir fredfullt. Tanken på at den freden skal få gjere seg gjeldande i to heile døger føles godt.

"Kor e fiskekrokan mine, mamma?" Vi er knapt nok lagt til kai. Forventningane om fisk er så store at det er vanskeleg å vere tolmodig nok til at fiske først kan ta til etter at alt er bært på land.
"Det er glatt i trappa! Ver forsiktig!" Ei bekymra mor som er redd for at sonen skal dette i havet...... "Mamma då...Æ veit jo at det er glatt. Æ har nu vel vorr her dør. Det går!" Mora smiler til åtteåringen som er så stolt av å vere sjølvstendig og tenker at livet, akkurat i kveld, er herleg.

Det tar ikkje lange tida før første krok sit fast i havbotnen. Han får den sjølvsagt laus sjølv og akkurat DET er den store lykken! "Tenk, mamma, æ måtte ikkje ha hjelp!" Det var første gongen.......
Så kom fiskane.....ein etter ein. Berre sei. Størrelsen var heilt ok, men eg ser ikkje heilt for meg at eg skal ta vare på eit heilt "tonn" med fisk i løpet helga.
Stortorsken viste seg også. Han kom etter seien då vi dro dei opppå land. Eg trur han var litt ilter på oss som stakk av med maten hans!! Jaja.....shit happens all the time......:=)

Steffen mista faktisk berre EIN fiskekrok i dag! Han har tatt med seg åtte, sånn berre for å vere på den sikre sida. Han "beste" kjøpte jo eit skrin til han som han skulle ha krokane i og det er fint med eit eige skrin til sakene sine!

Sjølv deltok eg ivrig med fotografering. Eg har vel eit tonn bilete av den skjønne sonen min, og eg har sikkert allereie ein heil haug av bilete med nøyaktig same motivet som i dag.....MEN skjønningen sjølv er jo blitt litt eldre, og det må jo forevigast!! (Så mora har noko å sjå på når han må reise bort på skule......og ho kjem til å sakne seg halvt ihel etter han)....

Å kaste flyndre er obligatorisk!! Ein kan ikkje opphalde seg lenge ved havet og ikkje kaste flyndre? (og flyndrer er det mange av her!!)
Tida nede i fjæra ern det ein kallar kvalitetstid! Kven får til den beste flyndra?? (Mora er hakket betre!! Hahahaha......)

Elgskit, reinsdyrskit.........her er nok å ta av! Nokon som treng gjødsel?? Eg trur nesten her har måtta vore nokre reinsdyr som har prøvd å vise styrke mot kvarnandre. I alle fall ligg det strødd rundtom med hår i frå dyra og det kan sjå ut som at det har vore kamp på fære.

Det beste med å vere her, er nærleiken til far min! Eg prater med han fleire gonger og luftar alle dei problema eg ville gjort om han faktisk fysisk hadde vore tilstades. Så prøver eg å tenke kva han ville svart meg og kva råd han ville gjeve. Det hjelper litt...... I alle høve hadde han alltig eit svar av positiv art. Ingenting var så ille at det ikkje var godt for noko. Hadde ein trødd i salaten, sa han berre "Usjda........det e ikkje nåkka å bry sæ med. Det går over. Bærre du å lær av det, så gjær det ingenteng." Så flirte han gjerne til meg og då flirte jo eg også. Då var det ikkje så flaut lenger, uansett kva det gjaldt.

Pappa'n min var verdas blidaste person!!!
Den staden eg er på no, kalla han for verdas perle....... Om ein ser ut vindauget og utover fjorden, er det vanskeleg å motseie det!! Det er verkeleg vakkert!! Heilt utroleg.... Ikkje rart at ein får sjelefred.

"Mamma, skal vi ta ein runde kort?"
Eg kan ikkje anna enn å svare ja. Skal ein først skape dei same gode minnene ein sjølv har fått oppleve, er det berre å stå på. Kortspel i fjorden er eit av dei!! Konkurranseinnstinktet er høgt hos oss begge, så eg trur vi kan seie oss nøgd med at vi avslutta kvelden med uavgjort!!
Så var det stopp!! Det får vere måte på kor herleg det skal vere å ha ferie.... Halv tolv og ein sjettedel av døgeret på overtid.... Gud kor eg håpar at ham søv til klokka ti i morgon tidleg!!
Viss eg vaknar til "Mamma, kan vi gå på kaia og fesk?" klokka åtte, så trur eg at eg må vurdere det der uttrykket om lykke..... I alle fall når eg sit her og skriv og ser at klokka no allereie er passert eitt. Ikkje bra!

Det er natt til laurdag og det betyr sankthansbål i morgon. Pøle i brød i fjæra. Det blir digg!! Koseleg......
Kanskje ein skulle stupe frå kaia og ta seg eit sankhansbad?? Hahahahahaha....... Det er det einaste som er sikkert at ikkje kjem til å skje! Eg skal då vel vitterleg ikkje utsetje ledda mine for det!! No way......
Hadde eg vore tjue år, eg hadde ikkje nølt! Kanskje eg byrjar å bli gamal?? Hmm....... Badenølinga er jo eit sikkert teikn på det!

Nei, eg skal ta kveld. Augene mine skal få slappe av nokre timar før dei skal vakne til lysta av plenklipping. For plenen må klippast og den er ikkje liten! Eg håpar verkeleg at eg får start på det rakkelet som står borti naustet. Eg har i alle høve huska å ta med både bensin og olje, så det skal ikkje stå på det......

Ha ei fin helg alle saman!! Viss dåke i alle fall kjenner halvparten av den "lykken" eg føler av å vere her inne, så vil eg tru at dåke har det bra!
Natta!!

IWALY
Always........