mandag 31. desember 2012

Så sit eg her. Det er under eit døger att av dette året. Klokka er bekka midnatt og neste kveld skal året feirast og vi skal inn eit nytt år som skal fyllast opp av det vi kan klare å fylle det med. Det er vel opp til oss sjølve kor godt året vil bli. Det som er sikkert, er at vi alle burde gjere vårt beste for at det skal bli det beste året "ever", sjølv om det er lite sannsynleg.
Når det no eingong er slik at 2012 vender nasen mot slutten, er det jo kanskje på tide å ta eit lite tilbakeblikk på kva som eigentleg har skjedd dette året.
Polistiske urolegheiter og krig, ja det hoppar eg glatt over. Etter å ha skumlest bloggen i all hast, har eg endt opp med nokre "få" punkt.

Det byrja med at eg spurte ein viss kar her i huset om kva det første han tenkte på var om eg sa 2012. Eg tenkte jo då at han ikkje skulle tenke, men berre seie det første som slo han. Fleirbrukshallen! Joda......... Det burde eg jo ha skjønna før eg i det heile spurte. Kva djusie ting kan eg få ut av det ordet, liksom?? Kanskje at eg ser for meg dei halvsvette og halvfeite menna som trener der i dei fagre helsetrøyene sine og får oss kvinnfolk til å dåne!!!!! Sukk <3 p="p">Neida, vi har vel ikkje sett nokre slike enno.... Hahahahaha...........

Litt småskuffa over førstevalet av ord han kom med, spurte eg om eit nytt. Landslaget speler god fotball att! Hahahaha......... Her er det snakk om full misforståelse. Hmm....Har han ikkje lest kva eg brukar å skrive?? Totalt skivebom, liksom..........

Nei, her var det berre å ta saka i eigne hender og rett og slett forstå at det er lov til å tenke sjølv.
Med massen som er oppi skrotten litt her og litt der, er det ikkje berre å fokusere på kva som har skjedd for noko så lenge som over ei uke sidan og i alle fall ikkje fleire månadar!! Hallo??!

Hausten. Den nydelege hausten vi har hatt. Kva har vore mest gjevande, mon tru?
Eg trur ikkje eg vil svare alle dei flotte fjellturane som hovudet tenkte det skulle delta på, men som berre slo til nokre få gonger.
Nei, det må rett og slett vere Fifty shades!! Hausten har jo bli lest opp. 1800 sider med halvporno, felles lesing med millionar av andre kvinnfolk på same tidspunkt.
Legg spesielt merke til at eg skreiv "halvporno". Hahahahahahaha............. Trur ikkje alle er einige med meg der. Dei ville nok trekt streken "a bit further". Thihihihi.......
Ei bok du definitivt bør lese når du er åleine og ikkje om du har ekteskapsproblemar.
Eg viser berre til at ho har sørga for skilsmisser og stor oppstandelse rundt om i verda. Så eitt eller anna må dei no ha lært.dei som har lese boka!! (Eg trur eg lar vere å nemne meg sjølv!!)

Så har vi vår alles kjære Justin!! Hysteri de luxe, spør du meg. Det er ikkje mange av jentene her som ikkje har vore forelska i han Justin i løpet av året. Justin med stoooor J. Bieber!!! 2012 er definitivt eit Bieberår.

Så fann eg jo ut no i desember at vi har fleire aqevittdrikkarar enn kyrkjegjengarar!! Ei viktig oppdatering, det. I alle høve syns media det, så då må det jo vere slik.
Helene Bu har møtt mange fantastiske mennesker (der må jo berre eg vere ein av dei!!!! Hehehehe..........) og ikkje minst det at eg har lært eit nytt ord i dag, faktisk, men som eg med god hjelp av min kjære "franske" ekskollega klarte å finne eit kanskje riktig svar på. Kven veit?? Ordet er i alle høve slabrajø.
Eg tvilar på at det er vits i å google det. Google har neppe oppdaga ordet enno........:=)

Levealderen har auka i løpet av året. Mon tru om det har noko med den der hunden som har lært seg å lukte seg fram til bakteriar på sjukehus å gjere (mest sånne der diarè-bakteriar). Kanskje han bergar liv??

Det viktigaste som skjedde i år, må jo berre vere jordas undergong!! Det fins vel ingen betre saker enn det. Og likevel evnar eg å sitje her og skrive, til trass for at jorda er gått til "fan.........". Hmm...... Kanskje det berre er denne unge jomfrua som ikkje har skjønna at jorda eksisterer enno? Ho er nok litt for godtruande.

Det nærmaste vi kom ein undergong, må vere "the missing winter". Ski blei bytta ut med fotballsko og ball.

Dessutan er det ikkje måte på kva ein kan lære seg om ein berre tar seg tid til å  lese nettavisene! Masse viktig stoff som går tapt om ein ikkje det gjer!! Definitivt! (Du ser vel ironien??)
Ta berre denne saka til dømes. Kvinnfolk er sprengkåte og skinnheilage. Hadde eg ikkje lest nettavisa, ja då ville eg aldri ha lært at dette er tilfelle. Ikkje eingong er det at eg kjenner meg sjølv nok til at eg skal forstå det utan at avisa fortel meg det.
2012 er verkeleg året der dei tar sakene heilt ut!!
I tillegg kan avisa fortelje oss at det er ein drill menn vil ha til jul. Ikkje snille og medgjørlege kjerringer, men ein drill. (Ergo fekk eg ikkje sjansen til å vere snill i år heller).

Michael Douglas er ein fantastisk kysser! Ei opplysning som for vanlege "dødelege" betyr enormt mykje. Spesielt av di vi veit at vi får sjansen til å teste det ut. Like sannsynleg som at eit hodeplagg kan sjå sensuelt ut på hovudet til denne frøkena.

2012 er også året der jomfru Knutsen faktisk innrømte at ho var litt sentimental. Det blir nok ikkje å skje igjen, så det er jo ein milepæl.......
Årets heldiggris blei Odd Eriksen som i følge May Valle har hatt intim kontakt med alle på Fylkestinget. Sprek mann!!

Året har bestått av mykje tidtrøyte, der Waiting on a sunny day aldri har vore langt unna. Jomfrua har vore så roleg at ho er blitt omdøypt til Milde Jesus av korpsets eiga "mor".
Ord som vellydande ubehag har fått inntog i avisa som om det faktisk betyr noko. Den dag i dag ser eg ikkje heilt kva det kan bety, men det har i alle fall versert på nettet dette året og då må det jo vere noko med det.

Det eg ikkje gløymer, sjølv om det er over ei uke sidan, er elgjakta som nesten tok drepen på meg! Takk til Tyson for at han trimma meg meir enn kva som burde gå an!! Kanskje det var han "far" sjølv som sat der oppe og glodde ned på verda og hadde lyst å gjere eit lite sprell mot dattera for å få seg ein god latter?! :=)

Fiskelykka som avslørte det vanvittig dårlege "haillet"!! Skitfiske kan det kallast.............Det hjalp heller ikkje på at AP oppfordra oss alle til å bruke helgene til å lage born. Eg trur ikkje heilt vi forstod korleis det går seg til?!!

Blondina frå Bardu som bekka 40 og ikkje fekk den forventa krisa. Bortsett frå at å danse på bordet for 50 andre vaksne kanskje kan kallast for ei lita krise av di det er eit desperat rop om eit ønske om å vere ung?? (Hmmm.......Kva gjer eg om ho ikkje dansa på bordet?? Då tar ho vel livet av meg etter dette! Thihihihi........ Vær så god, blonde "nabo").

Liverpoll-supporterne har definitivt vore nokre sutrehøner i år. Facebook har bugna over av kommentarar som rett og slett betyr at dei sutrar!! Stakkars........men det kjem alltid ein ny vår! Hahahaha........ (Dei vann jo i dag, då.... Årets siste kamp, så det fins håp i hengande snøre.)

OG tenk....... Eg har faktisk ikkje nemnt George Clooney enno!!

All energien som blei brukt for å finne ut kva ein pessknyting er. Eit ord ein kan gjere mykje ugagn med om ein vil.
Når ein er innom temaet pessknyting, kan ein jo berre ta å vandre over til at det er mindre testosteron hos norske menn og at enkelte menn faktisk har grunn til å sutre. (Ein setning som sluttar med noko denne jomfrua aldri meir blir å innrømme).
Ellers er dette året då sædkrisa er over (utan at det skal drøftast noko nærare) og det skjedde at eit kvinnfolk var forsvunnen og dreiv og leitte etter seg sjølv. (Årets beste?)

Då eg nemnte det med at menn burde ønske seg hyggelegare kjerringer i jula, burde eg jo også ha nemnt følgande. Det er no eingong slik at vi på vårparten må levere denne her artige sjølvmeldinga vår. 2012 er ikkje noko unntak når det gjeld å søke om fridrag frå enkelte litt sære ting. Kjipt å vere mann og få avslag på søknaden om å få fradrag for "troillåt" kjerring.

Eg har også lært at det er heilt normalt å pynte stua si med ein sykkel hengande på veggen eller i taket. Jepp, slik er det faktisk! Det stod i Vg, tidlegare i år, så då går eg sterkt ut ifrå at det er tilfelle. Ergo er det berre eg som er litt sær og har den i garasjen no om vinteren.

Det var vel i haust at det stod at katter kan gå på do som oss mennesker?! Heilt klart genialt at vi skal dele toaletta våre med kattene. Eg skal ikkje utdjupe det noko meir, så viss du lurar på kva det gjeld, er det berre å lese frå litt tidleg i haust, så finn du saka der. :=)
Katter skal gå på do og hunder skal skyte eigarane sine. I alle høve var det ein hundeeigar som blei skutt av nettopp hunden sin. I 2012 går alt an.

Så var vel planen at eg skulle skrive nei til underarmspels, men kanskje 2013 blir det året der barbering er "ut" og masse hår under armane på kvinnfolka blir kalla sexy!!! Hahahahaha....... Aldri om eg kjem til å følge den moten i såfall!!

Så lurer eg kanskje på kor det er blitt av regnet som Iran sine fiendar stjal her tidlegare. Det er i alle fall det avisene påstår. Stjele regnet er vel ikkje umogleg?

Nei, 2012 har sikkert vore innhaldsrikt, både på godt og vondt. Det er kanskje likevel viktig at vi heng oss meir opp i det positive enn det negative, så kanskje er vi så heldige at det komande året blir "flott".

Uansett korleis du har hatt det det siste året, ønsker eg deg eit godt nytt år med berre forbetringer av alt livet byr på. Før den tid må du nok sove denne natta og leve morgondagen (som allereie er påbyrja). Måtte hell og lykke deg alltid........ jajajajajajajaja..........Eg skal ikkje overdrive!! Eg klarte berre ikkje å dy meg. :=)
Ha i alle fall ei god natt no!!

Hasta luego!!

IWALY!!

søndag 30. desember 2012

Ein heilmaks kveld der eg har konstantert at dersom eg skal delta på quiz i ein eller annan samanheng, ja då skal eg ta med meg sonen min på åtte og eit halvt! Ikkje nødvendigvis av di han er så ufatteleg smart, men av di han har evna til å tippe så grasalt riktig.......
Kor mange bein består skjelletet til ein baby av? "Det trur æ må vær 300!"  Hmm........... Eit lite blikk i boka for å sjekke svaret..........Hmmmm, på nytt. Shit, der er jo riktig!!
Korfor er vi avhengige av strupehodet? "For å snakke." ......Vel, litt logisk svar, kanskje, men det er visst du er vaksen. Ikkje så logisk at ein åtteåring skal svare det!
Kor mange millioner lungeblærer har vi i lungene våre? Dette er jo eit spørsmål ingen av oss veit svaret på?! "Mamma, æ trur det e 300!" 
Unnskyld språket, men faen!! Det er pinadø meg rett!! Det er no eg starter med å flire......Flire så tårene triller. Det skal ikkje vere mogleg.

Kor mange cm i sekundet  straumer blodet gjennom hovudpulsåra? "Tja, æ tippa 30!"  Er det vits i å sjekke??.......... Svaret er pinadø rett!
Søstra sa berre "Kan du still nån spørsmål som ikkje innehoill nåkka tall??"

Korsen farge har blodet?  Hahahahahaha..,......... Gud kor eg skulle ønske det var eit lurespørsmål!!!

Kor mange tenner har vi som vaksne? "32!! Æ veit at det er 32!! Ikkje sant??"
Og vips der var boka om kroppen klappa saman.

Med ein som som er glad i å lese, passa det jo perfekt med ei julegåve som inneheldt ei bok om kroppen. "Mamma, då kan jo vi læs boka og så kan vi still de ainner en masse spørsmål!!"
Han har ikkje lese boka enno, så det er ikkje "husken" som gjorde at han svara rett på så mykje. Rein tipping!!
No søv ein overtrøytt unge og "alle" vi andre får ei litt rolegare stund.

Væpnet ran av daligvarebutikk i Oslo, I det humøret jomfru Knutsen er i no, ja då skal det ikkje meir til før ho får spunk i hovudnerven!! Ein daglegvarebutikk gjer vel ikkje eit væpna ran???? Eg berre elsker norske journalistar!!! Smask!!!

Brukerne straffer instagram. Jaja.....skjær no alle over ein og same kam! Eg straffar dei ikkje...... Eg brukar instagram i alle fal EIN gong kvar fjerde månad eller noko slikt...... Hahhahahahahaha........ Jaja, det betyr jo at eg er brukar (sjølv om det ikkje er i så stor grad?!!Eg har det i alle høve nedlasta på mobilen.)

Kvinne arrestert for å dytte mann foran toget. Hahahahaha........Når eit kvinnfolk endeleg tar til vit, så blir ho arrestert???
Obs......No skal visst jomfrua passe seg her........ Kva kan ho ha fått i seg når ho viser slike haldningar?? Hehehehe.........Det seier ho aldri!! (Måtte bruke "hehehehehehe." for "hahahahaha" er litt oppbrukt".......)

Syr klær til Hennes & Maurits - til de besvimer. Hmm....... Er klærne så fine at H&M besvimer av di dei er så imponert?? Thijhihih-......
Kanskje ikkje eit tema å spøke med?!!  (Men i og med at det er forskjell på kor smart vi alle er, så trur eg at kanskje 12 % vil feiltolke overskrifta).

Selger Bieber-børster til dobbel pris. Ja, det er i alle høve ikkje til meg dei blir solgt. Viss han Justin B. ønsker at eg skal bruke børsten "hans", så er det jaggu meg ikkje meir rett enn rimeleg at han betaler meg for å gjere det. At eg skal betale dobbel pris for nok eg kan kjøpe på Cubus til ein femtedel av prisen???? Hallo??????
(No skal det seiast at eg ikkje brukar børste. Det er sikkert minst 10 år sidan det gjekk ein børste gjennom håret mitt! Aldri flokete, med andre ord!!)

At Bieber skal vere så gnien, har ført til at eg no har leita fram potetgullposen og noko godt i glaset, slik at eg kan legge litt til på sidebeina så eg blir litt meir attraktiv for denne flotte ungguten. :=)

Undersøker om svineinfluensa har blitt farligere. Vel, kva kan vel vere farlegare enn dauden?? Ikkje veit eg, så eg ventar i spaning på svaret.

Sånn eigentleg meiner eg at det burde vore ein eigen pris for "beste" overskrift. Det er jo Amandapris, Spelemannspris, Nobels fredspris, Egebergs ærespris......... Kvifor ikkje hedre journalistane som er så geniale at dei sporar oss på ville vegar??
Språk er sikkert ikkje så viktig......

Ha ei fantastisk bra natt! :=)
Sov godt!!

Hasta mañana!

IWALY A YKI



 

fredag 28. desember 2012

Tror død spion låste seg inne i sportsbag. Jaja, dyktig var han! Viss eg hadde vore daud, tvilar eg på at eg hadde klart å gjere det same...........
Dårleg journalistikk på ny!!

Tror levealderen vil øke radikalt. Ja, det trur eg også. Om det er så bra eller ikkje, kjem heilt an på. No har forsåvidt levealderen auka jamnt og trutt leeeenge.
Dersom ein får vere frisk oppe blant dei små grå, er det sikkert fint å leve lenge. Om ein klarar å følgje med på det verda har å tilby, vil eg tru at det er fint å leve. Så kan ein jo samtidig diskutere om dette gjeld dei som har familie i nærleiken eller om det gjeld alle. Eg vil tru at det er håplaust å gje noko fasitsvar på det.....

Dersom ein aldrande mann eller kvinne blir senil, får altzheimer eller liknande. Kven er det verst for? Er det vedkommande som knapt nok veit noko om dei rundt seg, eller er det dei som er etterkommarar som syns det er vanskeleg at til dømes faren ikkje kjenner dei att? Kven syns vi synd på?
I mange tilfeller syns eg synd på begge "endane". No spørs det sjølvsagt i kva grad kvar enkelt er råka, men eg tenker jo aller helst på dei som er hardt angripen.
Når vi ikkje veit kva den "sjuke" får med seg eller ikkje............. Ikkje så lett å vite kva ein skal tenke då.
Når foreldre blir eldre, er det klart at borna skal stille opp. Det meiner i alle fall eg. I den grad det lar seg gjere sjølvsagt. Er du etablert i Oslo og har foreldre i Hammerfest, ja då seier det seg sjølv at det ikkje er lett. Det er ikkje berre berre å få ein heil familie til å flytte, heilt sånn utan vidare. Likevel, det finst dei som ikkje bryr seg og ikkje stiller opp sjølv om dei bur berre få hundre meter unna.

Så skjer det at enkelte faktisk når ein alder som vi idag syns er heilt utroleg. Alderen tilseier at det ikkje er mogleg å klares eg sjølv heime. I alle fall ikkje utan tilsyn titt og ofte.
Sjølv om mange då vel å stikke innom fleire gonger pr dag av di dei meiner at foreldra fortener det, er det faktisk slitsomt i lengden. Ikkje det at ein besøker dei. Eg vil tru at dei fleste syns det er hyggeleg å besøke sine eigne foreldre.......... Det er slitsamt i lengden av di psyken veit at ein er der så ofte av di ein "må". Ikkje av di ein berre stikk innom for gøy. Dei veit at det er heilt nødvendig at dei møter opp. Dei kan ikkje berre ein dag tenke at "Nei, ikkje i dag. I dag vil eg gjere noko anna".

Heilt til at både "born" og/eller foreldre blir mentalt innstilt på at det er på tide å flytte. Anten til ein omsorgsbolig eller på sjukeheimen.
Sjølv om ein klarar seg delvis sjølv i ein omsorgsbolig og at ein har tilsyn med jamne mellomrom, trur eg likevel mange vel å besøke foreldra sine kvar dag. Anten at dei gjer det sjølv , eller at dei avtalar med nokre andre i familien.
Eg skjønner det godt!! Vi veit jo ikkje kor lenge vi har dei........ Joda, levealderen går opp, den, men det gjeld nok ikkje alle.

Kven er det som sørgar for at levealderen går opp? Dei mentalt friske, eller dei som ikkje er det? Det er jo litt vesentleg for saka, det også. Jo fleire som ikkje er mentalt friske, jo fleire pleiarar vil det vere behov for i framtida.
Statistisk sett så er det vel ikkje så lovande på det området. Dessutan har det jo vore ei ganske radikal haldningsendring frå det å vere ungdom før og no.
Ikkje for å vere frekk, men eg er litt meir bekymra for kven det er som skal ta vare på oss når vi blir gamle enn dei som er gamle no.

Eg vil tru at dei aller fleste syns det er vondt når plutseleg av av dei ein har kjær byrjar å gløyme. Gløyme kven sine eigne er. Det er nok alltid sårt.
Enkelte vil nok svare at det ikkje er noko å bry seg om for det er berre naturens gong, berre slik det er . At den "sjuke" ikkje er klar over det sjølv og at det av den grunn ikkje gjer noko.
Sjølvsagt gjer det noko. Det er vel "ingen" som syns det er noko særleg at sin eigen far eller mor ikkje kjenner deg att?
Hadde ikkje far min kjent meg dei siste dagane han levde, ja då trur eg at eg ville fått problemar med å takle det. Eg trur eg ville slitt med det den dag i dag.
Dei fleste er glad i foreldra sine og det er spesielt når dei blir eldre og plutseleg er dei som treng hjelp.

Om ein snakkar med folk som er i nett slike situasjonar, trur eg ein skal vere litt forsiktig med kva ein seier. For før ein veit ordet av det, har ein faktisk sagt noko som sårer den andre. Vi veit ikkje korleis kvar enkelt reagerer på at dei eldre ikkje lenger er "normal" og alle må få lov til å føle det dei vil utan at utanforståande skal fortelje dei at dei ikkje treng å vere "lei seg" eller ikkje.
Ein skal heller lytte til det dei har å seie og heller berre vise støtte, uansett kva dei seier. Syns dei at ting er vanskeleg, har dei nok meir behov for at folk viser at dei forstår enn at dei skal høyre at dette er heilt vanleg, så ikkje bry deg om det. Det er sårt når forledre "svinner hen"...........Uansett kor gamal dei blir.

Sjølv var eg ikkje så heldig at eg fekk ha far min så lenge. Han blei berre 63 år. Eg var/er så heldig at eg budde/bur i same bygda som han. De gjorde at eg kunne besøke han kvar dag. Det gjorde at eg kunne vere med han døgeret rundt den siste levetida hans. Vi aller næraste fekk sjå kampen han sleit, noko som gjorde svært vondt å vere vitne til. Likevel, det føles så enormt giodt å vite at ein faktisk var der. "To the bitter end".
Heldigvis kjente han meg heile tida!!

Far min er ikkje den einaste som har døydd ung her i bygda i løpet av dei siste åra. Om eg går på kyrkjegarden, der han ligg, så er det ein stor prosent andel med folk på hans alder (eller yngre for den saks skuld).
Mi oppfatning er at det er fleire og fleire som blir sjuke. Ja, det er fleire og fleire som berges av medisinar, men kva hjelper det når antalet sjuke også aukar.
Pga den hersens kreften, døyr mange i ein alder vi enno kan kalle ung. Difor lurar eg på om desse menneska er tatt med i statistikken når dei prøver å finne forventa levealder.
Dei seier jo at levealderen stig......... Kva betyr eigentleg det? Betyr det at det gjeld dei som ikkje blir sjuk.....at dei kan forvente å leve lenger? Eller er det faktisk heilt generelt? At det i utgongspunktet gjeld om dei tar med dei sjuke i utrekningane sine.....

Joda, levealderen må berre auke, men eg håper det er nok folk til å ta seg av dei eldre om nokre år. Det er ikkje overflod av arbeidskrefter innen dette yrket.
Med det meiner eg ikkje at eg ikkje vil at folk skal leve lenge....tvert imot, men kor bra vil dei eldre få det om det ikkje er nokon der til å ta seg av dei?

Noko av det trivlegaste eg veit, er faktisk å snakke med eldre. Dei sit med så mykje kunnskap og historie som vi unge ikkje har noko peiling på. Lokalhistorie til dømes........Og ikkje minst det at dei faktisk set stor pris på ein gidd å ta seg tid til ein samtale! Vi er nok altfor lite flinke til nett det!

Hasta luego:=)

IWALY
 

torsdag 27. desember 2012

Håper jeg kan få både mann og barn i 2013. Partileiar Siv Jensen har blitt intervjua og ho har vore ganske "åpenhjertig".
Som overskrifta seier, ønsker ho seg både mann og born. At begge deler skal dukke opp i 2013 er vel kanskje litt........ I følge ho sjølv, er ho singel og skal ho rekke å få born med en mann i løpet av 2013 så må han dukke opp rimeleg raskt og så må dei stort sett hive seg rundt i halmen med det første!!
Så spørs det om ikkje det berre er journalisten som har vridd litt på det ho har sagt og endt opp med akkurat denne overskrifta. Rimeleg sannsynleg........

Siv Jensen er ikkje eit kvinnfolk med haldningar utad som eg identifiserer meg med. Likevel, etter å ha lese denne artikkelen om ho, må eg seie at det er mykje ved ho som vi andre aldri får sjå og som vi aldri ville trudd om det ikkje er av di ho seier det sjølv.
Eigentleg trur eg ho er ei veldig sympatisk dame!

Ho er jo på lik line med oss andre "berre eit menneske". Likevel må ho tole ein heil del mykje meir enn oss andre "dødelige". Som partileiar er ho ganske utsatt for både sjikane og andre ubehagelegheiter. Ikkje all kritikk som dukkar opp i løpet av ei politisk karriere er konstruktiv. Mange har jo (som dei aller fleste veit) ein tendens til å synke ganske langt ned når dei argumenterer for sine syn. Av og til er ting påeit slikt lavmål at det berre er synd å vere vitne til det.
Umodenskap kan kanskje vere eit ord ein kan bruke om slikt. Uansett, dette er kvardagen for dei framste i landet og det kan umogleg vere like lett alltid.
Eg som likar positivitet rundt meg kunne aldri ha tenkt å utsetje meg for slikt frivillig. Bli kasta til ulvane, liksom.

Utad virker Siv Jensen ganske hard, til tider, men det er kanskje ein måte å byggje opp ein mur på for å hindre at alt skal trenge inn.
Den siste tida har ho brukt til å reflektere eindel over livet sitt. Det har jo kosta eindel å vere den ho er. Ho saknar jo det å ha ein mann. (Ikkje det at ein kan garantere at ho hadde hatt ein om ho var mindre aktiv).
Ho er 43 år no og då betyr det at den biologiske klokka tikkar rimeleg kjapt. Sjansen for å bli gravid minkar jo etterkvart som alderen aukar. Det er no eingong slik at naturen set sine grenser. Det ër ikkje så mykje vi kan gjere for å endre det.

Neste år skal ho, ilag med dei andre partileiarane, kjempe om å få Stoltenberg fjerna. Det håper eg vitterleg ikkje skjer, men det gjenstår å sjå.
Det betyr at det er eit ganske "heftig" år ho har framfor seg samtidig som ho ønsker å stifte familie. Sikkert ingen lett kombinasjon.
Ho ønsker ikkje å bli åleinemor, noko som er forbunden med ganske stor risiko om ho skal bli mor dette første året. Det er jo trass alt tidleg å få born det første året ein er i lag, men gudane skal vite at det har gått bra med mange. Viss det er "ment to be".

Siv Jensen seier sjølv at ho har hatt fleire kjærestar. Dei fleste har "stukket av" av di dei ikkje taklar det presset som følgjer av den rolla ho har. Eigentleg litt forståeleg, men samtidig litt synd.
Det er nok ikkje så kult å heile tida vere eit offer for mediaverda. "Mannen til Siv" må nok vere litt av eit mannfolkemne!
Det har alltid vore ei viss form for interesse for Jensens privatliv, som om det er så stort om ho "dater" eller ikkje. Enkelte gonger har sikkert enkelte blitt plukka ut av media til å vere kjæresten hennar utan at det stemmer i det heile. (Det er slik verda fungerer i dag).
At Siv Jensen kanskje blir lei seg av slikt, reflekteres sikkert ikkje mykje over.

Kven veit vel at Jensen har si kristne tro? Eg tippar det er mange som ikkje kan tenke seg til det om dei ikkje får det fortalt. Det er faktisk slik at ho er truande.
Sjølv om ho ikkje renn kyrkjedørene ned, finn ho mykje trøyst i trua si. Aftenbøn er ikkje noko ¨som sjeldan høyrer med i livet hennar. Det er meir regelen enn unntaket.

No er eg rimeleg sikker på at ein stor andel av folket vil påstå at denne artikkel kun er eit spel i den polistiske verda. Det er valgkamp snart og dette er eit ledd i det å få Siv Jensen til å virke mjuk overfor folket.
Etter å ha lest enkelte av kommentarane under artikkelen, kan det virke som at enkelte meiner at ho prøver å få sympati hos Krf-sympatisørene, slik at Frp kan framstå som mer spiseleg.
Eg veit i alle fall ikkje kva som er sant, men om det skal vere slik kvar gong det er noko "fint" om Siv Jensen, så kan ho jo aldri uttale seg om noko som er så menneskeleg som det ho gjorde i denne artikkelen.
Det kan virke som at enkelte trur at Jensen ikkje kan vere "åpenhjertig" utan at det ligg noko politisk bak. Trist.........(at enkelte ikkje veit betre enn å berre tenke slik).

Denne artikkelen er ganske personleg, så mi private meining er at den aldri burde ha vore opna for kommentarar. Nett av di vi veit at enkelte kan gå litt langt i sine ytringar og samtidig påstår at dei ikkje seier meir enn det ho burde tole av di ho er ein offentleg person. At det ikkje er meir enn ho kan forvente.
Ergo betyr det vel at dei meiner at politikarar skal vere "stålmenn".

Eg har prøvd å vere forsiktig med kva eg har skrive her. Difor håper eg at eg har klart å vere konstruktiv og ikkje dømmande på noko måte. Det har i alle fall ikkje vore intensjonen min.
Eg er ingen tilhengjar av Siv Jensen, men ho fortener nok betre omtale enn det ho får, mange gonger. Privatpersonen Siv er nok langt ifrå den same som politikaren Siv Jensen.

Andre klagar på at det i det heile er tatt med som sak i ei avis. Dei meiner at det heller høyrer heime i "Se og Hør" osv.... Vel, no er det eingong slik at på ei nettavis, trykker du på dei sakene du ønsker å lese. Vi du ikkje lese ein privat tekst om Siv Jensen......Kvifor gjer du det, då?? Ingen logikk bak det, liksom. (For å kommentere saka, må ein jo lese ho først. Ergo har ein jo sjølv valgt å plukke ut ei sak som ein meiner ikkje høyrer heime i ei avis. Forstå det den som kan!)

Eg syns eigentleg at det er litt koseleg med ei slik sak. Det er så mykje negativitet i nyheitsbiletet med drap, valdtekter, krig og anna elende. Det er fint med nokre saker som mjuker det litt opp.
Om det er eit politisk spel eller ikkje.....Eg gjer meg no katta. Eg las det, fekk sympati med Siv, men stemmer likevel på Jens.
Om Siv ønsker seg mann og born......Ja, då håper eg ho er så heldig at ho får det!! :=)




If I could give you one thing in life, I would give you the ability to see yourself through my eyes.
Only then would you realize how special you are to me.

Jomfrua er visst i det poetiske hjørnet idag. Berre så synd at det ikkje er ho sjølv som har dikta desse to linene. Det stod visst "ukjent" under, så eg kan nok heller ikkje informere kven denne supersmarte personen er, som kom rett inn i hjernen min og fortalte akkurat det eg sjølv ville seie.
Verset kunne faktisk ha vore mitt!! Så synd at det ikkje er det............

Bridget Jones........... Så uendeleg god i vere klumsete, men likevel så herleg! Eg har sett filmen fleire gonger før, men heile den vegen ho må gå for å få eit frieri............Ja, ein må berre bli fasinert!! Ho vinn jo "gullguten" til slutt. Kven øsnker ikkje det??

Død passasjer kjørte t-bane. Hmm.........Kunne det ikkje ha stått "mann" i stadenfor "passasjer"?? Då kunne i alle fall eg fått fundert ei lita stund på om det er snakk om sjåfør eller passasjer.....
Saka ville jo definitivt vore litt meir sprita opp om det var snakk om at det var ein daud sjåfør som styrte toget!!
Byen rundt........ Dei andre trudde berre at han sov.

Slik er byttereglene. Tja, i år som i fjor er det vel mange som er misnøgde med gåvene dei fekk på julaften. Då er det jo fint at ein kan bytte dei inn...... Det er nok ikkje alle som blir like glad for gåven, uansett kva den inneheld.
Som mor mi sa seine julaften etter å ha prata med sonen min. Ho har aldri høyrt nokon som har vore  så ivrig som han når han sa kva han hadde fått i gåver og iveren var like stor for den lille "klubba" som fulgte med.
Det er jo fint at det går an å tanke at det er tanken som tel.

Ikkje det at det er teit å bytte. Har ein no fått ein genser i størrelse smallog den aller helst skulle ha vore i latge, slik at det var mogleg å få bruke den............... Men det er eigentleg litt utroleg kva folk byttar inn. Eg hugser blant anna ein artikkel etter jula i fjor som fortalte om symaskinar og liknande.
Vel.....Eg trur ikkje eg ville investert i ein symaskin om eg ikkje visste at mottakaren ville ha det (og trengte det). Ein symaskin kostar gjerne eit par tusen kroner, så det er vel ikkje så lurt å gje ei slik gåve utan at ein veit at den vil bli brukt.

Berre folk hugser på at ein må vere høfleg i butikken. Det er faktisk ikkje lovpålagt at du skal ha rett til å bytte. Likevel er dei fleste butikkane stort sett greie på det området.

Eg skal nok ikkje bytte noko gåve. Alle mine gåver passa heilt perfekt! Det kan nesten virke som om at det er veldig gjennomtenkt, så eg skal verkeleg ikkje klage.
Vel, i kor stor grad eg treng ein popcorn-maskin, kan diskuterast. Likevel, tanken bak var veldig god og det blei veldig humoristisk.
No skal det seiast at i dette huset poppes det enormt mykje popcorn!! Popcorn er veldig godt, utan tvil!! Ei årsak bak kjøpet med andre ord. :=)

Slik får du sexy, sotete øyne til julefesten. Not interested!! Kva skal eg med sota auge når eg ikkje har nokon eg skal stirre i senk?? (Hahahahahahahah........fekk du med deg at eg ikkje kommenterte det med sexy?? Thihihihihi............)

"Fifty shades of Grey" kåret til årets nok. Som om det kom som noko sjokk?!! Det kunne vi vel alle ha forutsett. Når ein ikkje treng meir enn nokre få dagar på å lese 1800 sider..............
Erotisk bestselger......

Slutt mellom Haddy og ektemannen. Javel?? Det er eit bilete av eit kvinnfolk. Eg går sterkt ut ifrå at det er Haddy som er på biletet.
Likevel kan eg ikkje skjønne kvifor dei har ei så stor overskrift med den tittelen. Kven er eigentleg Haddy?? Eg trur aldri eg har høyrt om ho og likevel kjem ho i Dagbladet av di ho ikkje skal vere ilag med han der mannen ho har budd med lenger. Vel, shit happens all the time..........
Er det berre eg som er treig sidan eg ikkje veit kven ho er?? Burde eg vite det??
Ho er vel kjendis i og med at ho er blitt plukka ut blant dei hottaste nyheitene det siste døgeret. Så kva veit vel ei ung jomfru som eg??

Denne videoen fra 1898 avkrefter at det var Coca-Cola som skapte den moderne nissen. Nei, no tar dei visst heilt av! Coca-Cola og nissen?? Eg ser ikkje heilt samanhengen........... Er nissen "kokakoliker"????
Cola kan skape mykje rart, men nissen................... Nei, det er stor forskjell på bilringar, kviser og nissen!!

Klokka er passert to, så det betyr at denne frøkena skal ta kveld. På tv'n er det uansett berre vald og atter vald, så eg føler ikkje heilt behovet for å bli sitjande.
Må dåke alle ha ei strålande og givande natt!! Hahahaha..........Jada, eg har artigtrusa på.........
Uansett, sov herleg godt så morgondagen blir fin! :=)

Hasta luego!

IWALY

onsdag 26. desember 2012

Fikk sparken fordi hun var "uimotståelig". Retten i USA meiner at det er heilt greit. Så då er eg spent på kva saka dreiar seg om. Eg får opne ho og sjå :=)

Ein ting er sikkert og det er at det er ikkje lovleg årsak til opsigelse dersom sjefen føler at ekteskapet hans er truga av di ein av dei ansatte er "altfor" fin her til lands. Slike reglar eksisterer visst ikkje "over there".
Så viss testosteronet bugnar over hos ein viss "litj-kar", så kan du faktisk risikere å vere utan arbeid!!
Det må også poengterast at kvinna det er snakk om, ikkje har gjort noko tilnærmingar overfor sjefen sin (ekssjefen!!). Det er kun frå hans side alt gjeld.

Tenk å vere ansatt hos ein mann i ti år og så plutseleg er det over pga utsjånaden din? Det er vel ikkje kvinna sin feil at det titt og ofte bula ut i buksa hans. Viss han ikkje klarar å kontrollere bestekompisen sin litt betre enn det der, ja då er det vel ikkje logisk at det er ho som skal straffast for det?!
No skal det seiast at retten var samansett av berre menn.
Her til lands ville det blitt stor oppstandelse av slikt. Det ville blitt snakk om erstatning og å få arbeidet attende (som sjølvsagt blir svara med at ein ikkje ønsker seg attende) osv osv.........
Med andre ord ville saka vore litt meir delikat her.

Nei. la "småkarane" berre leve sine eigne liv, for min del, men la det ikkje gå ut over livet til den "skuldige". Hahahaha.......... Ikkje heilt korrekt språkbruk, men satsar på at du skjønner den.......

Jesus ville vært venn med alle på Facebook. Er du så sikker på det, kjære biskop?? Eg trur ikkje eg skal ta og utfordre deg i den saka, men berre konstantere at du meiner det. :=)
Joda, det ville han sikkert.... Vend det andre kinnet til, liksom! Så spørs det om alle ville vore venn med han?!
Å "ville" er vel ikkje alltid godt nok? Å ha lyst er absolutt ingen garanti for at det skjer.
Det spørs om eg ville ha hatt han til ven her på nettet. Eg hadde vel engsta meg i hel for at alle syndene mine hadde blitt gjennomskoda! Hahahahaha.............. Jomfru Knutsen, liksom?? Yeah, right!

Hva spiser du i jula? Ta bilder og send inn!! Hmm....... Som om det er så ufatteleg spanande å sjå eit bilete av maten min? Kven gidd å følgje denne oppfordringa?
Sikkert mange, om eg ikkje tar heilt feil. Eg er sikkert berre sær som syns at å sende inn bilete av maten eg et, for å bli med i ei trekning om eit gåvekort, er teit. Likevel, eg syns det!
Tja, eg kan sikkert nemne både ribbe (pinnekjøtt) og svineribbe her, men ein nasjonal "konkurranse"?? Vel, bordet blir pynta og serviset er eksklusivt, men viss biletet skal kunne ha ein ørpitteliten sjanse til å vinne, må det skille seg godt ut. Så mykje tid gidd eg ikkje bruke på det, berre for ein promilles sjanse til å få meg eit gåvekort eg mest sannsynlegvis ikkje vinn og i tillegg sannsynlegvis aldri vil få bruk for av di eg bur for langt unna.
Kanskje ein skal fylle kalkunen med så mykje sært "stoff" at den tar pusten frå dei fleste? Det går jo an å vere litt utspekulær......... Eg veit nøyaktig kva eg skulle ha dytta i den!!

Bo som prins Charles. Nei, takk! Det blir altfor stort for meg. Det bør nok vere hakket meir intimt. :=)

Snøskuffekrangel endte i basketak. Ja, for ei snøskuffe er jo ein minst like god grunn til å krangle som alt anna?!
Det er på Tromøya at det skjer. Til og med klokka kvart over ti på føremiddagen. Den delen av døgeret vi etter mest sannsynlegheit er mest opplagt.
Eine deltakaren måtte på sjukehus med blåauge, men veit dei eigentleg kva som har skjedd? Nei......

Hmm...... Skal vi sjå. Kva grunner kan liggje til grunn for ein snøskuffekrangel?
Det er neppe av di den er så fin at ein blir blenda av den når ein går forbi. Ei heller av di ein skuffar for mykje........ (sånn der for å vere snill med naboen, liksom).
Tvilar på at det er av di den eine har lege og solt seg i hagen og så kom den andre og var så ufyseleg at han trevja snøen rett over han som sola seg. (Det kan jo sjølvsagt hende at nokon trur ein blir brun til trass for mørketida? Kva veit vel eg?).
Kva med at den eine nekta den andre å låne skuffa? Nyforelska skulle han imponere kjæresten med at han var eit arbeidsjern av dei store? Han berre mangla reidskapen.............Forelskelse gjer blind, så då hissar ein vel seg lett opp om ein ikkje får viljen sin?! Smash, og vips eit fint og blått auge! Det er vel ikkje sååååååå ille det? Litt må ein jo tåle?! Definitivt!!
Eg ville blitt superlykkeleg om nokon laga blåauge berre for min del!! Heilt klart!! :=)
Nei........... Dei blir vel å leve i uvissa, både politiet og "gjerningsmenna". Det er for mykje forlanga å tru at dei sjølve skal hugse kva dei gjer!

Bytter gaver mot sex. Akkurat den trur eg ikkje at eg anbefaler. Heller sex utan gaver!!

Det er visst ikkje berre vi mennesker som har våre behov. I ein artikkel på vg-nett blir vi mest samanlikna med edderkoppar. Hurra......Det kan vi like.
Edderkoppar byttar faktisk gåver mot sex. Så då veit vi kor langt denne gruppa er komen i forhold til oss mennesker. Berre dei ikkje tar oss att og går forbi!!! (Thihihihihi.............)

Edderkoppane drassar rundt på eit bytte i håpom at dei skal treffe på ei "dame". Eit tungt bytte, for å seie det meir korrekt.
Hannane har skjønt ein ting og det er at gjensidigheit er ein sterk følelse. Dersom ein får ei gåve, blir ein gjerne takksam og gavmild mot gjevaren.
Denne kunnskapen brukar hannane fullt ut i livets store kamp. Så dei er nok nokre "grabukkar" dei også!!

Nei, det kan virke som at denne jomfrua er klar for senga og skjønnheitssvenen sin no.....Når ein ser at ho plutseleg byrjar å prate om graskapen til edderkoppar. Då er ho nok byrja på den delen av døgeret som seier at ho er overtrøytt og ikkje bør passere. For elles kan klokka bli bra mykje, og det vil ho neppe ha noko av!!
Jomfru Knutsen er litt spalta i dag. Litt førsteperson og litt tredjeperson. Så får vi sjå kven av dei som vinn seg sjølv i natt! Det blir ein spanande kamp.............

Uansett, ha ei strålande natt!! Så kan du sjølv definere kva ei stråland natt vil seie. :=)
Her betyr det i alle høve augene lukka på ei mjuk og god pute og masse gode draumar!
Hasta luego!!

IWALY


mandag 24. desember 2012

O, jul med din glede! :=)

Som regel syns ein at heimlaga gåver frå borna er dei "beste" gåvene ein får. I alle fall brukar det å vere slik med meg. I år er ikkje noko unntak. Tvert imot!! I år kjente eg ein liten tåre i augekroken........
Sonen min har definert meg som engel. Engelen Beathe. Frå sitt hjarte og rett i hjarterota mi!

Han har laga ein duk til meg. Øverste del av duken er pynta med teksten til "Glade jul", skriven fritt frå eige hovud slik han hugsa teksten der og då.
Nederste del av duken er då engelen Beathe som han er så glad i! Sukk.....<3 p="p">(Litt artig at åtteåringen har full kontroll på skj-lyden, medan eit enkelt ord som hellig......... Hahahaha......)
Eg må berre vise duken her. Den er litt stor, så eg har delt den opp på to bileter for å få teksten ordentleg fram.



I kveld er det godt å vere mamma!!!! <3 p="p">
Fantastisk!!! Guten vibrerer av glede!! Mildt sagt...... Her er det snakk om å elske jula. Endeleg er all ventinga over. Endeleg er det jul!!

I går kveld sørga dei spente nervene for at han ikkje sovna før bortimot midnatt. Klokka halv tre på natta var det ein liten kar som stod ved sida av senga og "pikka" mora på skuldra. "Mamma, mamma, nissen har vorr her, for det e masse godta i strømpen!"
Gjett om det var ei som bekymra seg for at "julaften" skulle byrje er og då! Heldigvis kraup han berre opp i senga og la seg for å sove.

Ein halv time før eg hadde klokka på ringing (ja, eg må jo vere sikker på at eg skal skjønne at eg må stå opp) ringte ein telefon. Det tok ikkje meir enn eit sekund før minstemann stod i senga og ropte "Det er jul!!
Full fart ut i stova for å opne siste adventspakke. Julestrømpe og ein pakke som inneholdt noko han ønska seg. Lykke!!!
Det var ikkje vanskeleg å skjønne at i dag var det berre å la dyne vere dyne og smil og latter smittar, så det var ikkje vanskeleg å vere blid på morgonkvisten.

Så var det om å få kokt den der grauten då......... Nissen må jo ha mat! Litt graut til å setje på trappa må jo til, slik at nissen kan kjenne lukta og finne fram. Og nissen kom!! Det banka på nede på stovevindauget i kjellaren. Med propell i "ræva" sprang han ned trappa for å sjå at der stod nissen. Etter ei lita stund var plutseleg nissen borte. "Kor blei han av? Vi må skynt oss opp tell grøten!"
Det gjekk ikkje snart nok. Grauten var borte og istadenfor stod der ein sekk. Ein sekk med gåver frå nissen.........

Det var lov til å opne ein pakke, medan resten måtte under treet til i kveld. Han plukka ut ein pakke som kunne likne på noko han garantert ønska seg.
Pakken blei opna og guten byrja å vibrere. "Mamma, det er heilt sjukt!! Sjå ka æ har fått! Hurra!!" Dagen er redda (sjølv om det ikkje var noko å redde).
"Mamma, æ blir jo alltid glad for alt æ får, uansett ka det er, men det her va bære lekkert!"

Som sagt.......Ikkje vanskeleg å kome i stemning, her i huset, :=)

Klokka er straks fire, så eg ligg mest berre og ventar på at klokka skal bli halv fem. Det er då vi skal møte i kyrkja. Maten står på kok og det meste er godt i rute.
Herleg julemusikk står svakt på i bakgrunnen og det er rett og slett deileg å berre slappe av. Null stress!

I peisen er det komen ved og flammer. Det er ikkje kaldt i huset, men eg fekk berre så lyst til at vi skulle fyre litt i omnen. Det er så kosleg å "sjå på" flammene. Så no kjennest det veldig bra! :=)

Eg håper dåke alle har ein triveleg dag og at heile jula blir ei kjempefin "feiring".
Det er ikkje mange dagane att av året, så ein må berre nyte dei siste dagane så godt ein kan.

Ha ein kjempefin kveld!!
Hasta mañana! :=)

IWALY
Det er ikkje berre, berre å få til og sove når ein er åtte-ni år gamal og er så spent som berre det på morgondagen. Eller.............. Kanskje like spent på kva natta bringer med seg!
Strømpen er komen på plass og det er litt spanande å tenke på at nissen faktisk kjem til å vere inne på soverommet. Ein burde vel vere vaken når han kjem??
Klokka halv tolv var han enno ikkje slukna og eg byrja å sjå for meg at det ville bli seine natta før eg sjølv kunne få leggje meg.
Heldigvis sover han no!! Ergo er strømpen fyllt og pakkene komen under treet og eg kan snart krype under ei kald dyne. (Neida.....Ei tjukk og god vinterdyne er vel aldri kald.....).
Det er berre om at ho ikkje er så altfor varm og god i morgon tidleg, slik at denne jomfrua maktar å forstå at det er på tide å stå opp i normal tid.
Sånn eigentleg trur eg at eg er gana!! Det nyttar ikkje kor lyst eg har til å stå opp. Det nyttar ikkje kor herleg fin himmelen er på føremiddagen. Dyna har nok fått sin dose med stjernedryss (av ein eller annan) slik at ho skal vinne kampen kvar dag. Ikkje bra!!
Kanskje det er draumane på morgonkvisten som har skulda?? Hahahahaha.........

Det er ikkje akkurat lystig lesing om ein går på nettavisene og les på lillejulaftenen anno 2012. Det må eg verkeleg seie. Eg trudde mest det skulle vere nokre gladsaker på ein slik dag, men det er rett og slett berre dystert.
Ei har mista taket i storm, "88 døde i kulda", "Mor hørte datteren bli voldtatt", "Skulle ta brudebilde - forsvann i dypet", "Bjørgen med hjerteproblemer", "Nelson MAndela må tilbringe julen på sykehus", "60 drept i luftangrep på bakeri" (Ikkje det at ein kan ha eit luftangrep inne i eit bakeri - så eg reknar med at det berre er dårleg journalistikk), "Jente (2) alvorlig skadd".......... Ja, sånn går no dagane.
Ikkje heilt det eg såg for meg då eg opna sida.

Eg trur eg skal skifte nettavis og sjå om blir heldigare der. Det blir vel som å vinne i lotto!!

Plasttre, akevitt, Syden-tur eller gudstjeneste. Sjå der, ja! Første sak og greier!! Hahahaha........ No skal eg endeleg få vite korleis nordmenn eigentleg feirar jul.
I og med at det står nett det, så feires den vel på alle andre måtar enn det eg sjølv trur, då?? Hmm........ Kan jo vere greit å vite kva naboen gjer som ikkje eg sjølv gjer!!

Stikkord for desember må vel kanskje vere julegåver, julebord og julefeiring. Noko dei fleste nordmenn deltar på. Alle i ulik grad sjølvsagt..........

I følge Dagbladet er det fleire som drikk akevitt enn dei som går i kyrkja!! Fantastisk!! Takk til Dagbladet for at dei held meg oppdatert på slikt.
Det beste ved det heile er at eg faktisk går i kyrkja på julaften og eg likar ikkje akevitt. Så om dei hadde ringt meg og spurt i denne undersøkinga, ja då hadde eg vore med og påverka resultatet i andre retninga.
Nei, akevitten kan dei ha for seg sjølv. Eg er vel like "tullåt" om eg står over smaken!! :=)

Jula handlar vel bunn og grunn om tradisjonar. Kva vi er vane med. Som regel gjer vi det same om att og om att, år etter år.
I alle høve gjer eg det! Ikkje det at det har så mykje å seie, men gamal vane vond og vende?! Eller noko slikt.
Eg trur nok at eg ville overlevd om det hadde blitt anna mat på bordet eller om andre tradisjonar hadde komen til. Likevel, det er koseleg med tradisjonar.
Litt av poenget er vel at det ikkje skal vere noko endring. Dessutan trur eg at mykje er det same no som for 20 år sidan.

Det viktigaste er at alle prøver å gjere sitt beste for at alle skal ha det bra og at ein gjer litt ekstra av seg sjølv for at humøret skal vere "på topp".
Jula minnar jo også om at det er mykje å vere glad for. (Sjølv om det for ein åtte-niåring handlar mest om å få pakkar!)

Ei ny trend blant enkelte, er at dei reiser til Syden i jula. Akkurat det vil vere ei annleis jul. Definitivt.
Kva eg sjølv ville tenkt om eg seriøst skulle vurdert eit slikt alternativ, veit eg ikkje. Det kan godt hende eg ville likt tanken...... I don't know. Det spørs kor djupt tradisjonane sit i.

Ein ting er sikkert. Jula er positiv for dei fleste, men det fins også dei som ikkje syns at det er så kult når desembermånaden inntrer og dei veit kva dei går i møte.
Vi snakkar så ofte om at jula er familietid. Då har ein tid til å roe ned og ha masse kvalitetstid og alle skal vere glade.
Det er berre eit glansbilete mange har laga av jula.
Jula er også ei tid der mange stressar for å bli ferdig med alt dei skal. Vi veit jo godt at stress i mange stunder også kan avle negativ energi. Ein tåler mykje mindre av andre når ein er stressa.
I mange samanhengar er det også heimar som ikkje bryr seg om å prøve å halde energien positiv. Det er ikkje så nøye å legge til litt ekstra godvilje berre fordi det er jul.

Sjølv er eg oppteken av at guten min skal ha det godt rundt seg i desse tider. Difor baker eg med han, speler spel, ser filmar ilag og har eg eigentleg ikkje lyst til det han spør om, ja då prøver eg å ta på meg eit smil og seie ja berre for å glede han. Rett og slett av di eg meiner det er eit borns rett å kunne glede seg til jul, for då er det litt ekstra stas.

Det er så godt å kunne legge kvardagens mas og kjas litt unna og berre kose seg. Kose seg med alt som er ein sjølvsagtheit for oss, men for mange er det berre draumar. Draumar om å få ha det slik som det glansbiletet vi ofte lagar av jula.
Ein draum om at foreldre ikkje skal krangle av di dei har drukke for mykje, dag etter dag. Det er fleire av dei.
Det er ikkje til å skyve under ein stol at alkoholkonsumet er mykje større i desembermånaden.
Eg vil tru at dei fleste klarar å styre bruken vettugt, men diverre er det ikkje slik for alle.
For enkelte er heile månaden ein fest og enkelte born er faktisk glad jula er over når feiringa tar slutt.

Enkelte har ikkje råd til å gje borna sine skikkelege julegåver, men alkohol har dei råd til. Så å forstå alle sine prioriteringar er ikkje lett.
Andre syns det er vanskeleg med jula av di dei veit at mange audslar med pengar og kjøper dyre og fancy'e julegåver, medan dei sjølv aldri har hatt sjansen til å kunne gjere det same.
Enkelte skammer seg av di dei syns det er ekkelt at dei ikkje kan gje borna sine meir enn det dei gjer, når sanninga er at dei faktisk gjer dei noko som er mykje viktigare.
Det er ikkje det materielle som er det viktige. Det er alt det andre.
Til dømes kan ein ikkje sette pris på ein klem. Eg er sikker på at for mange så er ein klem veldig mykje meir verdt enn alt anna på denne jorda. Ein klem kan faktisk redde liv.

Eg syns det er flott at mange kjøper middag til fattige som julegåver. No veit ikkje eg kva det er inni gåvene mine under treet, men om nokon har kjøpt meg "middag til andre", vil eg synes at det er ei super gåve å få!!
Av og til syns eg jula blir så alt for overdådig. Når julehandelen er over, tenker eg ofte "Har eg bruk for alt eg no har kjøpt?" Neppe........ Når nyåret er starta, sit ein att med mykje av det ein handla inn og når ein då veit at enkelte ikkje har råd til ein heilt enkel middag.......Då set det ting litt i perspektiv.
Det verste er at når eg no sit og skriv det, så får eg litt dårleg samvit.
Om eg lar guten min vekse opp med "overflod", ja då lærer han kanskje ikkje å sette pris på mindre?? Berre ein tanke eg gjer meg.
Om ein ikkje veit kva det vil seie å ha lite, er det kanskje vansklegare å vere takksam for at ein har mykje?

Eg er grueleg nysgjerring kvart einaste år på kva som er inni pakkane under treet. Det har eg alltid vore. Eg elskar pakkar!!!! Likevel, når eg får spørsmålet om kva eg ønsker meg til jul, så brukar eg ofte å svare at eg eigentleg ikkje har så mange ønsker. Når eg svarer det, er det av di eg faktisk meiner det......at eg eigentleg er mest opptatt av heilt andre ting. At jula må bli bra, til dømes.......
Gode ord er ei betre julegåve enn alt som er materielt. Eg ønsker meg eigentleg ikkje anna enn gode ord. At eg føler at eg er verdsatt. Materielle goder kan ikkje gje gje den følelsen. I alle fall ikkje meir enn kortvarig. Akkurat der og då.
Den ekte gleden ein kan føle i hjartet............ Ingenting kan slå det!!!

Klokka er rundt halv to. Eg har sjølvsagt klart å snu døgeret. Det er på tide å legge seg slik at ein ikkje bli så trøytt i morgon. I morgon er det så absolutt ikkje lov å la seg lure av dyna!! :=)
Då skal eg bruke formiddagen med den herlege sonen min som kjem til å vere smørblid av glede over at endeleg er det jul. Så kjem han til å kikke i eininga i vindauga for å sjå om det kjem ein raudkledd mann for å ete grauten han set ut. Forhåpentlegvis med ein sekk over skuldra............
Pappa må få blomar og lys. Det blir ikkje jul før det er gjort!

Eg håper at dåke alle får ei kjempefin jul og at det nye året tar vel imot dåke. Ta vare på livet, for det kjem ikkje i reprise. Har du noko du har lyst til å gjere....... Gjer det før det er for seint!

Ha ei god natt!
Hasta luego :=)

IWALY

søndag 23. desember 2012

Laurdags kveld og "Det stor korslaget". To flinke kor, men det var ikkje det som hadde best kvalitet som vann. Det er likevel ikkje anna å gjere enn å gratulere vinnarane. Folket har talt.......

Det er ikkje lillejulaften før i morgon, men denne jomfrua byrjer å bli lei av å vente. Det er så mange som har lagt ut bilete på Facebook av juletreet dei har pynta osv...i lang tid no. Første treet dukka vel opp 1.dsember (eller noko sånt). Eg har aldri før vore borti at sååå mange pyntar seg heilt ferdig til jul i same augeblikk som advent startar.
No har eg sett så mange ferdigpynta tre at eg mentalt trur at jula er byrja før ho faktisk er det. Så i ettermiddag måtte eg berre gje etter, eg også.
Steffen sa "Mamma, kan vi ikkje bære ta å pynt treet nu, vi åsså??"
Det skulle ikkje meir til.............. Så no er det juletreet ferdig pynta, alt av julegardiner er komen opp, juledukar på borda og ein skokk med nissar! Så då er det store spørsmålet: Kva i all verda skal eg finne på i morgon kveld????? Kanskje vi berre skal leite fram pakkane og leggje dei under treet og så feirar vi jul i morgon? (Ikkje så dumt).....

Den finaste julesongen "ever" er "Det lyser i stille grender". Eg trur ikkje det er nokon av elevane som tvilar på at det er den songen som er min favoritt.
No innbiller sjølvsagt dei seg at det er av di det er ein nynorsk song, men det er nok ikkje difor.
Eg har fått den inn med morsmelka og syns den er heilt herleg.
Av ein eller annan grunn, brukar dei ofte berre fire vers her nord. Ikkje veit eg kvifor, men femteverset må vere med for at den skal vere fullkomen.

Eg var innom her litt tidlegare i kveld. Eg fann ikkje ei einaste sak i avisene. Kreativiteten var ikkje heilt på topp, så då orka eg heller ikkje utfordre dei små grå så hardt. Då er det heller likare å vere attende no!

Første hund som finner skumle bakterier. Det er mykje rart dei skal til med! Nyskapninga innen bakteriestudiene er ein hund som kan lukte seg fram til bakteriar. Bakteriar som skaper diarè, på sjukehus.
For å hindre smitte mellom pasientar, er det ein hund som sørger for å markere at her er det ein pasient med bakteriar..........Hald han unna andre!!!
Hmmm........ I utgongspunktet ikkje så dumt, men det er nok eindel problemar knytta til det.

Treffsikkerheita er rimeleg bra. Hunden fann 25 av 30 blant ein pasientmasse på 300. Så det er jo ikkje så ille.
Likevel, no er det slik at også hundar kan dra med seg smitte og ikkje minst er det mange som er allergiske mot hundar. Så spørs det kven sitt hensyn ein skal tale?!
Hundar inne på sjukehus???

Politiker kalte Mila Kunis "skitten jøde". Verda er visst ikkje komen lenger i dag, i slutten av desember 2012.
Igjen er det på Facebook at "mobbing" finn stad. Mobbing på nettet er ikkje noko nytt fenomen.
Mobbing er eigentleg klassifisert som noko negativt som skjer om att og om att. Derimot, skjer noko negativt på nettet, er det nok at det skrives ein einaste gong.
Det er alltid mange som får det med seg og det kan aldri slettes 100%.

Antisemittisme er nok noko som foregår i mykje mindre grad i dagens samfunn. Likevel er det nok mange som har denne haldninga framleis. Fleire er rasistiske, men vel å vere det litt i det skjulte, medan andre er litt "tøffare" og tør å stå fram som det.
Eg vil tru at den ukrainske politikaren ser på seg sjølv som "tøff" sidan han våger å bruke eit sosialt medium til slike haldningar.

Det er synd, men dog ein realitet!!

Postbud stjal konvolutter med bankkort og pinkoder. Etterpå tømte ho kontoen deira. I heimen hennar fann dei over 200 bankkort.
Det største uttaker er på bortimot 100 000.

No er det slik at kort og kode ikkje blir sendt ut ilag, men det tar vel ikkje så lang tid før eit postbud kjenner att korleis ein slik konvolutt ser ut. Dei er jo stort sett like, uavhegig av om du heiter Hansen eller Nilsen. Kunde er kunde, liksom...........

Skulle det heile ha vore vellukka, måtte ho ha stoppa etter nokre få kort.......Så det var jo lite lurt å ta så mange. Slikt blir det etterforskning av!!!!! Hahahahahaha......... Det er nok likast å vere lovlydig!!

Eg sit og ser ein romatisk komedie på tv. Så det betyr at det går ganske sakte med skrivinga her. Ikkje alle menn som er så heldige at det er bortimot 100 brurer som står der i kvit kjole og håper på at brudgomen skal velgje akkurat "meg".
Ikkje spør korleis det har seg at det møter opp så mange kvinnfolk (pengar får skulda), men det endar med at kjærleiken vinn.
"Og alle hjerter gleder seg!"

"Halvtullåte" filmforfattarar, spør du meg!

Av alle ting sit ein oppe til langt på natt. Nei, det er om å ta seg sjølv i nakken og pelle seg dit ein bør vere på denne tida av døgeret.
No har ikkje eg så mykje å gjere i morgon at det gjer noko, men det skal i alle fall ikkje gå ut over kvalitetstida med minstemann på ein slik dag!!
(Kveldens kvalitet var kinasjakk! Kinasjakk er gøy!)

Ha ein fin lillejulaften!
Hasta luego! :=)

IWALY

fredag 21. desember 2012

Jordas undergong!!  Hehehehhehe......... Syns det er litt "kult" at dei set eit program som heiter "Vil jorda gå under 21.desember 2012" på planen til NRK 2 i kveld klokka 21.10.
Hadde jorda gått under, ville vi i alle høve ikkje fått sett programmet.
Når tittelen er framtidsretta...............og hendinga allereie skal ha funne stad. Tja, det er vel skikkeleg gjennomtenkt?! Spesielt då med tanke på at det er ein dokumentar.
Hadde vore litt likare om dei hadde sendt programmet i går kveld, eller noko sånt. Av den enkle grunn at då kunne vi ha sett det utan å vite svaret (som vi sjølvsagt visste). 99,9 poeng til NRK!

Kvalitetstid. Kvalitetstid i kveld, er det same som å sjå film!! Steffen og eg pressa oss inn i eine sofakroken, putta "Alene hjemme 1" i DVD-spelaren, hadde godteri i skåla og høge forventningar om mykje latter. Slik blei det riktignok også, sjølv om denne knetta var så trøytt at ho nesten slukna medan det var på det mest artige. Eg sovna heldigvis ikkje. Det handla berre å kome over den der "kneika".
No er det berre to dagar att til "Alene hjemme 2" skal visast på tv. Eg har lova han at dersom han søv lenge på morgonen, skal han få vere oppe lenge nok til å sjå den.
Eg veit ikkje heilt..... Det er liksom noko anna å sjå ein slik film om han er tilstades. Eg trur nok det har med at han flirar så hjarteleg å gjere. Då flirer jo sjølvsagt eg også!! Herleg!
Kvalitetstid betyr ikkje nødvendigvis å gjere så store sprell. Ein god film kan vere eit minst like godt alternativ. I alle fall om kosen og nærleiken til kvarandre er representert.
Ingen tvil om at den var tilstades i kveld. Ingenting slår vel mammakos?!!

Vinter? Eg kan gå ut på trappa og lese av temperaturen. Det tar meg berre sekundar og eg vil finne ut at det er nokre minusgrader (sånne der artige blå grader som gjer at jomfrua til tider frys når ho er ute med alt for lite vit til å kle seg rett!).
MEN............. Derimot, om eg kikker ut vindauget og gløymer at eg veit at det er "blåvèr" ute, ja då er det ikkje mykje som vitnar om akkurat det. Ikkje eit snøfnugg på bakken.
Om eg tar turen til klubbhuset og vender inn mot Joholla, kan det vere eg er heldig og finn litt is som er resultatet av ein vannlekkasje og som temperaturen åleine har sørga for å skape om til is. Det er vel det nærmaste eg kjem ordet vinter.
Lite, eller ingenting, vitnar om at det er den årstida vi har no og det tett oppunder jul.
Grasbana er grøn og son min er der og speler fotball i to timar nesten kvar dag. I desmber.
Han er ikkje ute og står på ski, men på fotballbana. Tja...... Det skurrar no litt må eg ærleg innrømme.
Det er nok til litt irritasjon for han også. Han har jo som mål at han skal gå "så så langt" på ski denne sesongen. (Ein må jo ta gull x antal gonger for å få dei litt større pokalane).

Fant slangereir i barnehage. Creepy!!! 24 slanger og 41 slangeegg. Saka var interessant heilt til eg såg at det var snakk om ein bornehage i Australia. Då var det ikkje så spanande likevel!!
Hmm......... Kva betyr det?? Syns eg borna i Australia ikkje er like mykje verdt??? Hahahahahaha.......

Sprengkåt og skinnhellig. NRK 1 har slått på stortromma og skal vise eit show der kvinnas historie endeleg blir fortalt uimotsagt.
Sikkert og visst er det nok at det vil treffe bra for mange. Kor mange skinnheilage har vi ikkje rundt oss og så er sanninga at dei eigentleg ikkje er så skinnheilage i det heile?! Lillejulaftan klokka halv tolv......sorry, då har eg andre ting å gjere.
Det gjer ingenting. Eg fell sikkert under same gruppa sjølv, så då er det vel ingenting å lære.......

Dette vil menn ha til jul. Vel, det står at 36% av mannfolka ønsker seg ein drill. Eg trur dei tar feil. Dei ønsker seg sikkert ei blidare kjerring!!! HAhhahahahaha............ Mindre sure miner og oftare sjansen til å ha rett. (Kampen tapt allereie før den er starta???)
Tja, kven vil ikkje ha ro rundt øyrene???
Eg har i alle fall ikkje kjøpt noko drill!!
(I tillegg får kvinnfolk som regel det dei ønsker seg...... Så ei urettferdig verd??? Neppe.... Berre slik det skal vere).

Skal eg no gjere eit ørlite forsøk på å vere alvorleg, kan eg jo seie at mitt ønske er alt anna enn materielt. I utgongspunktet er det materielle berre eit augeblikks lykke. Gleden der og då........men ingen nødvendigheit.

Det kan sjå ut som at det er ormetid i Australia. Eg har knapt fått logga meg av Vg og inn på Dagbladet før det dukkar opp ei ny sak om slangar. Også denne gongen i Australia. I motsetnad til den forrige saka, er det i denne saka snakk om giftige slangar. Hakket verre med andre ord!

Det var ein treåring som fann nokre egg i hagen sin. Lite visste han om kva egg det var. Han tok dei likesågodt med seg inn og la dei i klesskapet sitt. Lukka var at han hadde dei i ein boks.
Denne uka fann mora hans dei i skapet. Dog ikkje som egg........
Hadde bornet opnet boksen, hadde han mest sannsynleg døydd. Det er snakk om verdas giftigaste sort!

Ellers har eg no funne ein som kan måle seg med George Clooney! Dennis Quaid!!

Ha ei god natt!!
Hasta mañana :=)

IWALY




torsdag 20. desember 2012

Her er forsikringsbransjens skitne triks som sliter ut ofre. Forsikringsbransjen har knep for å trøytte ut skadelidte.
Forsikringene selger i utgongspunktet ansvarsforsikringer som er lovpålagte. Dette skal vere ei økonomisk sikkerheit dersom ulykka inntreffer. Problemet er berre det at bransjen brukar uthalingsstrategiar og tøffe metodar mot dei kundane som har blitt offer for trafikkulykker eller i arbeidslivet, for den del.
I følge fleire advoatar er det Gjensidige som er versting på dette. (Ikkje akkurat god reklame for dei!)
Kanskje ikkje så rart at dei går med milliardoverskudd.
Ved å sette saka ut til ein ekstern advokat som får frie tøyler når det gjeld å få til lavast mogleg  erstatningsutbetaling...................

Gjensidige har eigne saksbehandlarar, men det er ikkje desse som er problemet. Problemet er når dei gjer saka til ein ekstern advokat.
Desse advokatane gjer skambud. Løpande tap dekkes ikkje i det heile. Dei svarar ikkje når kundane prøver å nå dei og dei engasjerer ein sakkyndig som kjem til ein konklusjon selskapet ønsker.
Er det slik det skal vere??

Dei som blir hardt skada har nok med seg sjølv og orkar sjeldan å gå til retten med saka si. Dessutan kostar det å ta ei sak til retten. Mange har ikkje økonomi til det.
Som regel får dei som tar saka til retten høgare utbetaling enn ved ikkje å gjere det. Blant anna var det ei sak der selskapet tilbydde 100 000 kr. I retten blei kjennelsen ein million. Det er litt forskjell på det.

Trodde kona døde på sykehuset. Så ringte hun. Trur kanskje eg hadde fått frysningar då!!
Kjerringa hadde blitt operert og mannen ringte sjukehuset for å snakke med henne. (Ho er 70 år, så det er snakk om eit eldre ektepar). Svaret han fekk var at ho ikkje hadde våknet igjen etter narkosen. Dei burde kanskje tilføydd ordet enno for å poengtere at ho var i live då han ringte, men det gjorde dei altså ikkje. Ergo misoppfatta han det heile og trudde ho ikkje hadde overlevd operasjonen.
Han fekk sjokk og spurte difor ikkje om kva som hadde gått gale osv.....han berre la på røret. Så informerte han familie og vener som sørga over dama i over eit halvt døger. (Trur det var frå eine ettermiddagen til dagen etter.)
Plutseleg ringte ho.................  Creepy!!!!

Julenissen fotalte barna om drap. Først fortalte han om massakren i USA og så sa han at nissen ikkje fins!! Smart?? Neppe...... Han er i alle høve arbeidslaus no!!

Det var i England det skjedde. Tre born fortalte nissen at dei hadde vore snille. "Vel, det finnes slemme folk i verden også"...... ............. Så kom alt som perler på ei snor.

Det stopper ikkje der!! Som plaster på såret, valgte familien å ete på ein restaurant som låg like i nærleiken.
Der var det ingen nisse, men ein ballongartist. Han var ikkje særleg smartare enn "nissen".
Borna fortalte han at dei hadde skrive brev til nissen. Svaret?? "Det er bortkasta tid!! Julenissen er min beste venn. Vi gikk på ski forrige helg og han sa at han ikke gidder å lese brev. Han har bedre ting å gjøre!"
Hahahahahahahahahaha.................... Unskyld meg, men eg flirer faktisk!! :=) Saka er jo berre så "tragisk" og eigentleg litt hjarteskjærande når ein tenker på dei stakkars borna. Likevel...... Det går jo ikkje an å ikkje sjå det komiske i det heile når ein sit og les om det.
Justin har brukt 500 000 kr på å se ut som Barbies kjæreste. Den menneskelege Ken, liksom??
Eg må ærleg innrømme at eg syns litt synd på dei som er så opphengt i andre at dei gjer kva som helst for å likne den dei er opphengt i.
I denne samanhengen er det snakk om ei dukke. Ei dukke som eg sjølv leika med då eg var born.

90 operasjonar!!! Trengs det kommentarar??? Han sjølv ser det på som ein hobby...... Jaja, det er godt vi alle er ulike!
Det kan vere at det er eg som er sær, men eg trur nok ingen vil kunne klare å overtale meg til at det er kult å bruke 500 000 kr på å få den perfekte kropp. På å etterlikne "idealet" sitt.
Han sjølv seier at dukka Ken, for born, er biletet på mannleg skjønnheit. Hallo??? Born evnar vel ikkje å tenke på kva som er mannleg skjønnhet eller ikkje?? Tar eg såååå feil??
For meg er uansett mannleg skjønnheit noko heilt anna enn å sjå ut som han godeste Ken!!

God natt!!
Hasta mañana :=)

IWALY

tirsdag 18. desember 2012

Det er ein gong slik at alle dagar ikkje er like. Godt er no det, forsåvidt, men eg skal ikkje påstå at eg syns at det er så gøy å ha ein dag der alt føles som om det går motsatt veg av det som er ønskeleg."Drittdagar" kalles det og dagen i dag er ein "drittdag"! Ergo er nok ikkje humøret på topp. Er eg heldig, vil skrivinga vere ein positiv opptur................

Det har vore kommunestyremøte i dag. No må eg presisere at akkurat det har ikkje påverka humøret mitt!! Sjølv om eg er totalt ueinig med enkelte ting som skjer.
Kulturskulesaka er tatt til heilt andre dimensjonar enn det som bra er. I ettermiddag er det fleire som har gjort det til ei Drag-Kjøpsvik sak og at det er ein spiker i kista for kommunedeling.
For noko tøv!! At representantar frå Kjøpsvik meiner noko anna enn representantar frå Drag har i laaaaange tiden avla til fjordskonfliktar. Her har vi ei sak som ikkje dreiar seg om dette forholdet i det heile, men så klarer fleire å gjere det til nett det. Og sjølvsagt tar folk parti ut frå rykter og det dei les andre skriv blant anna på nettet.
Saka gjeld Hamarøy-Tysfjord. Ikkje Drag-Kjøpsvik. Begge sidene må ivaretas på lik line, slik det er no.
Det blir spanande å sjå framover på korleis det blir. Eg håper at kommunen har valt rett. Dei burde i alle fall få det til.

Det er ei anna sak som irriterer meg meir! Om få månadar er skulen fri for vaktmeister. Når han som no er vaktmeister går av med pensjon, skal stillinga avviklast. Totalt uforståeleg. Eg trur ikkje ein einaste av politikarane eit kva ein skulevaktmeister gjer. For hadde dei visst det, ja då hadde dei ikkje valt å gjere det dei gjer no.
Hadde i det minste ein einaste politikar gidda å kvalitetssikre det heile ved å hente inn nødvendig informasjon om følger osv...... Nei, det er berre å gå for ei sak utan å kjenne til noko som helst. Berre tala!
Skal borna kome til låste dører på morgonen? Eller er det meininga at inspektøren som må ordne vikarar og anna på morgonen skal gjere det? (Det er snakk om mange dører). Bassenget?? Skal dei vere nøydd til å vere utan svømmeopplæring av di det ikkje kjem til å vere nokon der med kunnskap om drifta av det? Kva med vintersnøen? Skal dei andre vaktmeistrane i kommunen kome og måke den unna? (Dei klarar vel det i tillegg til dei arbeidsplassane dei allereie åker? Det er jo berre å stå opp ein time tidlegare. Kva gjer det vel om arbeidsdagen byrjar midt på natta?) Når elevane kjem på morgonen, må skoleplattingen vere ferdig måka. Elevene skal vel stille inn alle pultene og stolene sine selv. Kven skal passe ventilasjonsanlegget og "storomnen"?
Eg er sikker på at om eg prøver, kan eg finne minst 100 punkter som er viktige i forhold til vaktmeisterstillinga ved skulen. Mange gonger treng vi han akutt.
Eg trur absolutt at politikarane ikkje er klar over kva dei gjer.
Eg som lærar skal vel bruke tid på å strø sand på isen utanfor ytterdørene og i og langs trappene? Så skal vi vel anten svette oss i hel eller fryse oss i hel av di det ikkje er nokon til å passe på det.

Kutt heller på kursbudsjettet og oppretthald stillinga. La det gå eit år utan at folk får dra på kurs (for det er jaggu meg mange som elsker å dra på kurs i eininga!!). Lovpålagte kurs må sjølvsagt gå som vanleg.
No er ikkje eg noko spesialist, men eg trur nok at ein kunne ha spart bortimot ein million på dette tiltaket.

Norges best kledde mann. John Olav Nilsen er Noregs mest velkledde mann. (For å hindre spekulasjonar her, så må eg vel seie at det ikkje er sambygdingen vår. :=) Han har bindestrek mellom namna.)
Han kler seg sikkert kjempestilig, men har dei vore i Kjøpsvik og sjekka forholda?? Hahahahahaha.................

Kalte lagkammerat homo - fikk 90 000 kroner i bot. Tja, det svir å ikkje ha eit opent sinn!!
Svir og svir............... Neppe. Han tener vel så godt at det knapt er ei dagsløn.

Naboer kjemper om den kuleste julepynten.  Det er om å dekorere huset mest mogleg både utvendig og innvendig. Jaja, viss dei ønsker ei skyhøg straumrekning berre av di det går prestisje i slikt, så versågod! :=) Eg syns eigentleg ikkje at det er så fint om det blir alt for mykje. Det går liksom ei grense for det meste. Heller koseleg enn overdådig! :=)

Gravde ned Phoebe til halsen og skjøt henne to ganger i hodet. Unskuld språket, men kven i helvete er det som er så sjuk at dei grev ned ein hund, lar han pines med berre hovudet fri for sand og så skyte den to gonger i hovudet??
Hunden overlevde. "Fjotten" stakk av og andre fann hunden (i live). Eg kjenner eg blir provosert!!

Gravde seg ut av fengsel - ville fjerne åreknuter. Hahahahaha........... Århundrets løgn?? Eller??  Eg har ikkje opna saka, så eg veit faktisk ikkje kva det dreier seg om, men eg har sett biletet av holet i veggen.
Eg har ikkje tenkt å opne saka heller, men rett og slett berre sjå for meg at det dreiar seg om ein som har blitt tatt for å rømme og i den samanheng har kokt ihop ei løgn. :=)

Nei, det er plutseleg Greys på tv og det vil gjerne denne jomfrua få med seg. Så ha ein fortsatt fin kveld!! :=)
Hasta mañana!

IWALY
Måndags kveld og berre ei uke til julaften. Her i huset er det full nedtelling!!
For eit par dagar sidan var minstemann i avisa og då han sjølv såg at tunga hadde sneke seg ut av munnen (noko han aldri elles gjer på bileter), blei han heilt nerimellom. "Mamma, trur du nissen læs avisa?" Hahahahahahahaha............ Stakkars, det einaste han tenkte på var om nissen kunne sjå at han hadde geipa! Herleg!!!!
Eg måtte sjølvsagt forklare at nissen veit forskjellen på "tullball" og "troillskap".........

Moren til massemorderen var dommedags-prepper. Eg har aldri forstått det der med dommedagshysteriet. Eg skjønner at folk har si tru, men å vere så overbevist om at jorda berre heilt sånn plutseleg skal gå under på ein gjeven dato?? Hallo?!
I stad las eg på nettet at det var ein mann i Kina som på fredag knivstakk 23 skuleborn pga dette med at dommedagen skal kome. (Like mange born som i USA, men kanskje ikkje like viktig å fokusere på kinesiske born som amerikanske???) Dette var på fredag. Første gong eg høyrte om det var no nettopp....... Jaja!

Uansett.....Det var mora til massemordaren som var temaet til denne overskrifta. Kan det at ho var dommedags-prepper vere med på at det som skjedde, skjedde? Ikkje veit eg, men eg berre stiller meg sjølv det spørsmålet. Eg tenker som så at det må jo vere ein grunn til at media har valt å fokusere på dette.
Ho førebudde seg på det verste og handla inn ein heil masse av di ho og familien skulle vere førebudd om noko skjer. Vel....... Om noko skjer, kva i verda skal ho med mat då? Om verda går under, er vi alle ferdige uansett.
I tillegg hadde  ho DEN våpensamlinga for å sikre seg mot inntrengarar og det var ho som lærte sonen sin å bruke våpen.
Ikkje forstår eg den mentaliteten som er i statene som seier at dei må få ha våpen for å hindre vald. "God dag mann økseskaft" kallar ein det. Eg vil då vitterleg påstå at våpen avlat nett det, vald!!

Prepper betyr visst berre at ein lagrar mat og førebur seg i tilfelle dommedag. Så akkurat den prepper-biten var vel ikkje med på å påverke det som skjedde. Likevel kan det hende at det gjorde det indirekte. Det at ho heldt på med slikt, kan jo kanskje påverke det mentale. Viss ein blir proppa med ord om dommedag................Til slutt får ein nok.
Eg veit som sagt ikkje, men det er mine antakingar.

Michael Douglas var ein fantastisk kysser! Hahaha........ Matt Damon skulle spele elskaren til Michael Douglas (som ein annan rollefigur, sjølvsagt) og bekymra seg for nett dette.
Han konstanterte at det ikkje var noko å grue seg til av den enkle grunn at Douglas kan det med å kysse!!
Kanskje ein skulle ta ein telefon til Mr.Douglas for å avtale eit møte så ein kan få det bekrefta?? Hmm....... Ingen dårleg idè!! Eller......??
Eg trur han får ha kjendisleppene sine for seg sjølv,  i alle fall frå jomfrua, for han er nok ikkje så "hot" at det gjer noko.

Han hacket seg inn på kontoen hennes, stjal nakenbilder og spredde dem for all verden. Straff?? 10 års fengsel!! Ikkje at eg syns det er feil, men kor lang straff får andre meir alvorlege "kriminelle"? Eg skal ikkje gå nærmare inn på noko sak for å samanlikne, men eg kan jo nemne at det blei avsagt ein dom i ei sak for under eit døger sidan.
Dersom det er hald i det dommen seier, tja........... Så er straffa veldig mykje mildare enn hackesaka og litt meir alvorleg. Det set ting litt i perspektiv......... (Som eg sa...... Dersom dommen dekker sanninga).
Det er berre eit lite eksempel og det fins nok mange verre.........

Eg trur kanskje eg ville vore forsiktig med å ha nakenbileter av meg sjølv på dataen min. Vel..... No har eg absolutt ingen nakenbileter nokon som helst plass, men skulle eg ha det, ja då ville det ikkje vore ein stad der sjansen for at andre kan "stjele" det er tilstades. Sjansen der er jo høveleg stor i dagens samfunn.

På ein måte kan ein seie at det blir heilt feil når ein seier at ein ikkje burde lagre slikt på pc'n sin. Pga rettigheitene til eit privatliv og at dersom ein ikkje skal kunne lagre det ein vil, så har ein tapt mot "det ulovlege". Likevel....... Det er no eingong blitt ei slik kynisk verd v lev i!!

10 års fengsel........ Spørs om han syns det var verdt det?!!

Klokka er visst i maratonhumør i dag. Det betyr at det berre er å slå av og pelle seg i seng!
Sov godt!!

IWALY!




søndag 16. desember 2012

Wishing you were somehow here again.....

Ei uke til jul :=)

Det er tredje sundag i advent. Som alltid er det koseleg med levande lys og "fred og ro". Med to venninner på besøk, har minstemann ein super dag i kjellaren med wii-dansing og andre aktivitetar.
Småkakene går ned på høgkant og det er tydeleg at borna syns det er stor stas at det er julemånad.

Handball på tv er vel eit "must" i dag. Bronsefinalen er unnagjort, og no er det avspark..... hmm.......Det er vel ikkje lov til å sparke ballen?! Avkast vil vel vere eit betre ord. Måtte Noreg vinne!!!

Dro på chartertur - ble lurt av ferieflørten. Ja, til pass åt dei!! Overskrifta er henta frå vg-nett, men om eg ikkje hugsar heilt feil, var dette eit tema som pryda ei av hovudstadsavisene si framside i går. Berre at då stod det at det gjaldt eldre kvinner.

Eg lurar eigentleg på korleis det kan ha seg at eldre kvinner faktisk trur at dei plutseleg blir så attraktive berre dei kjem til eit nytt land. Om ein er over seksti og ein 25-åring plutseleg kurtiserer deg...... Er det ikkje då grunn til å vri dei små grå litt og tenke at det mest sannsynleg må liggje ei anna årsak enn forelskelse bak??
Det er vel heilt normalt å låne bort 2-300 000 kr til ein ferieflørt?? Klart at ein får pengane attende?? Det er vel ingen som er så frekk at dei lurar nokon på den måten?? Ikkje i dagens samfunn!! Neida............
Ferieflørtar som varer høyrer vel til det sjeldne.

No i det siste er det heile sju eldre damer som har søkt om gjeldsofferhjelp. Dei har overført pengar over tid til menn dei har trudd at dei var kjæreste  med. (Kan ein liksom berre gå rundt å tru slikt?) Ho eine har faktisk overført så mykje som 1,6 millionar fordelt over fleire gonger.
Heilt normalt er det å seie at ein kjem snart, men treng først litt meir pengar.
Nei, ein skal i utgongspunktet vere forsiktig med ferieflørtar uansett karakter og er dei no 30 år yngre enn deg sjølv, så vil eg påstå at det er riktig så dristig å innleie eit forhold til dei! (Vel vitande om at det fins mange dyktige sjarmørar i syden-landa og at dei etter all sannsynlegheit veit kva dei skal seie for å få kvinna på kroken.........)

Julegavetips til kjæresten. Altså ei side som ikkje passar meg!
 Tvilar på at det er nokon som er interssert i å kjøpe ei øy til meg........... Det er ikkje måte på kva enkelte kjøper til den har hjartens kjær!! Jaja.......... Det er sikkert romantikk i fleng.

Kanskje eg skal kome med eit ønske?? Spørs kven eg skal rette ønske mot........... Eg trur eg ønsker meg månen!!

Jomfrua har problemer med å konsentrere seg om å skrive. Visse handballjenter sørger for ei slik spenning at det er umogleg å halde adrenalinet i sjakk. To minuttar att...........
Jaja, eg trur nok ikkje resultatet vil prege kvelden min noko særleg. Ikkje anna enn at eg sjølvsagt vil bli glad om Noreg tar sigeren. Det ser "skummelt" ut........ Thriller!!
Rett og slett heilt på grensa!!

Nei, ein slik dramatikk er ikkje sunt for hjartet til denne jomfrua. For å takle presset er det berre å slå av dataen og halde fokuset på ein einaste ting. (Spørs om ikkje prioriteringa burde vere motsatt - med tanke på hjartet).

Ha ein fortreffeleg kveld!!!
Hasta mañana!

IWALY

lørdag 15. desember 2012

God blanding......

Fredags kveld, helg, sløv hjerne, "søppel-tv"-titting, wordfeud, data, osv....osv.......... Jomfrua gjer visst alt for mange ting på ein og same gong. Ikkje rart at alt blir berre halvgjort. Om det er gått ein liten halvtime sidan eg lasta opp denne sida, ja då blir eg ikkje forbausa.
Eigentleg skulle eg sjå "Alene hjemme" i lag med "snusket" mitt, men det kom eg først på 10 minuttar før filmen var over. Veldig synd.....for eg er sikker på at han hadde flirt seg halvt ihel. Ei "vaken" mor med andre ord.

What is friends with benefits?? Spørsmålet blei akkurat stilla på tv. Reality-tv, liksom.......... Vener med føremoner!! Kva føremoner då?? Joda, rote rundt utan at det er følelser innvolvert. Heilt greit, liksom. Det er jo i alle høve betre enn å berre ende opp med framande!! Tja......Kva med berre å avstå frå det heile??
Eg har aldri forstått det der "null følelsar"-begrepet. Det er sikkert heilt normalt (neppe), men eg trur kanskje det er dei færraste forunt å ha sex utan at det utviklar seg følelsar. I alle fall ikkje om det skjer med vener. Det kan bli vanskeleg å trekke grenser for kva ein er for kvarandre, vil eg tru..... Litt dumt å gje av heile seg sjølv om det ikkje betyr noko!! "Love", liksom.......... (Berre tre "liksom" til no!!!!)

Om eg tar turen inn og ser på hovudstadsavisene, så ser eg for meg at det mest er EI sak som har fokus akkurat no. Massakren borti USA.......... Naturleg nok er det ei sak som vil bli ofra stor medieplass, men eg trur likevel eg skal avstå frå å drøfte det her. Saka er rett og slett så grusom at eg lar vere. Viss ikkje trur eg berre at eg øydelegg min eigen kveld og det har eg ikkje noko ønske om. Når born er involvert................. Sukk!!! Eg kan berre tenke meg til korleis det er for ein lærar å sitje inne på eit toalett og gøyme seg med små born og seie "Dere skal få feire jul". Det krevst både mot og styrke til å halde hovudet så kaldt at ein klarar å berolige born på den måten.
Hmm........Sjå der. Plutseleg er eg igong likevel. Det er best å stagge med ein gong!!

Løke og Bøhn går i fra hverandre. Sjølvsagt må media bruke plass på akkurat slike saker dagen før ein semifinale i handball. Som om ikkje både Løke og Bøhn har nok å konsentrere seg om i forhold til å prestere bra i kampen. No skal liksom heile verda bry seg med sivilstanden deira.
Det er ikkje heilt superferskt at dei ikkje er eit par, men dei har sjølv valgt å liggje lavt med det og då må media ha såpass vit at dei kan vente til etter "turneringa" før dei slår det stort opp.
Hahahahahha.......... Kanskje nokon ivrige handballtilhengjarar vil ta det ille opp at eg kallar det for ei turnering?! Nesjda, det er jo nettopp det som er sanninga. Den er liksom berre litt meir internasjonal enn Byåsen mot Larvik. :=)
Norge skal møte Ungarn i morgon Eg håper ho får sove godt i natt og at ho klarar å halde fokus i morgon.
Ein ting er sikkert. Speler ho dårleg, kjem media til å spekulere i om det har med brotet å gjere. Så stå på Løke!!

Politiet advarer mot mulig dødssprit. Ja, no har det vel aldri vore heilt trygt å kjøpe sprit av framande. Berre det at ein tar imot sprit av folk ein ikkje kjenner som ven, er å leike med ilden. No er det heile tre daudsfall i tilknyttning til det dei kallar urein sprit. I Noreg, Hedmark!!

Hodeplagg er sensuelt. Hahahahahahahahaha............ Viss jomfrua skal vise seg i det hovudplagget som er vist på biletet som tilhøyrer "ingressen", ja då trur eg vitterleg at det er mange som kjem til å svime av. Viss ho ikkje klarar å vere sensuell utan å bruke eit slikt plagg........Tja, då har ho ikkje noko ønske om å vere det heller!!
Sjølve plagget ser jo ganske jomfrueleg ut, så det har kanskje ein baktanke??? (Eg fekk lyst til å slenge på ein liten "liksom", men eg skal la vere).

............Og SAS-fly blåste inn i gaten på Sola. Då jomfrua leste denne overskrifta, mangla ho litt av dei her små som svømmer rundt i topplokket. Det kan jo vere at enkelte av dåke som lesarar også gjekk i smae fella som eg, men eg reknar meg eg ikkje har så stor klubb i nett denne saka.

For det første leste eg ikkje "gaten" på flyspråket. Eg leste det meir som gata. Ei heilt vanleg bygate, liksom. At Sola er flyplassen var jo ikkje så nøye. Eg såg for meg eit fly rett i mot ei gate i Stavnger. Sjølvaste Stavanger.
Eg har enno ikkje rukke å opne saka. Eg blei så fortumla då eg las det og sjølvsagt sa eg setningen høyt......... "Du meine vel "gaten"?" Joda.... I same augeblikk forstod eg kor lite smart det gjekk an å vere...........
Kva skal ein skulde på? At det er helg?? Tja, vi seier det!!

Twilight-stjernen får kjolekritikk. Korleis går det an då?? Kjolen er jo berre heilt rå!!!! (Ironi om du lurar!!)
Ho har liksom ei litt stor "truse" og ein BH på seg. Utanpå trer ho ein gjennomsiktig "sekk" (ops....sa eg sekk??......Jaja, den er i alle fall 120% gjennomsiktig). Rart at det skal bli sånt eit oppstyr for slikt. Det er jo ikkje verre enn å dukke opp med ein bikini??!! :=)
Jomfru Knutsen og Twilight-stjerna med kvar sin bikini på den raude løparen. Eg er ikkje heilt sikker på om dei faktisk ville kome til å ta bilete, eller om dei ville bli skremt avgarde!!!! Hahahahahaha............

Nei, det er bekka over midnatt. Ikkje er det nokon som helst stjerner i sikte (grunna skyene) som eg kan stirre meg i hel på. Då er det berre ein ting å gjere. Eg svergar til den fantastisk gode dyna mi (som ikkje speler heilt på lag med jomfrua på morgonkvisten).
Eg meiner faktisk heilt seriøst at det burde finnes ei dyne som evnar å sparke eit mennekse ut av dyna når klokka ringer. Ingen bøn, liksom.
Eller ein kynisk mann som ikkje er redd for ein liten krangel på morgonkvisten om han skulle våge å dytte eit kvinnfolk ut av senga når dyna er hennar beste ven.
Eg veit ikkje heil kva alternativ eg ville valgt...............

Eg skal i alle fall ikkje gløyme å ønske alle ei kjempegod natt!! Sov godt!

Hasta mañana!

IWALY

torsdag 13. desember 2012

Snill??

Klokka er godt over elleve og sånn eigentleg (viss eg kjenner etter djupt inni hjarterota) burde eg vel ha vore ein annan stad enn akkurat i sofaen. Så kan jo du bruke den villaste fantasien din og tippe på kva eg meiner med det!!!! Hahahahaha...............
Det er no eg skal la vere å seie at eg snakkar om badet og nattstellet, for eg reknar med at ingen vil tru meg likevel. Jajajaja.......La no jomfrua få lov til "å ro" litt! (Og så kan du ta den skitne fantasien din med på mørkloftet!!) :=)

Dagen har vore lang og hektisk, så å tru at eg har klart å samle hovudet mitt lenge nok, i slengen, til å komme opp med eit tema, er det same som å innrømme at du trur på han der "santaclåsen"!!! Mirakler skjer, så kanskje han kan finne på å gje meg den mest vidunderlege gåva til jul?? Neppe........Har nok mine sterke "tvil". Men.........som ordtaket seier........Liten tue kan velte stort lass!
Diverre har eg ikkje nok stor pipe til at han kan kome seg inn til meg, men taket har i alle høve plass til reinsdyra!!! Kanskje dei hektar seg fast i nylontråden som går frå" mønet til mønet"(sånn som glupingar har funne ut er bra for å halde fuglar borte) og då kan jo eg berge dei laus og vere lukkeleg i lang tid for å ha hjulpe sjølvaste nissen!!!
Det er ikkje no du skal seie at nissen ikkje fins.............Alle veit jo at han fins?? Det er berre vi som ikkje har vore snill nok enno til at vi fortener å sjå han. Det var det der med snille "born". Han har nok gjennomskoda oss for lengst.

Nei, som dåke sikkert har skjønna allereie, så er ikkje jomfrua klar for noko "Love me tender" i kveld. Ho skal sakte, men sikkert stille hjernen inn på rett kanal (for å hindre at ho ikkje gjer etter for noko roman eller liknande). Det er tida for å få skjønnheitssvevnen sin (og det må vel ein del svevn til om DET skal oppnåast!!) Hahahahahaha.............

Så om du er trøytt eller ikkje......Ha ein fortsatt fin kveld!! :=) Drøym søtt.....

Hasta mañana.

IWALY

onsdag 12. desember 2012

Flotte greier...........

Jomfrua har vore i tigerstaden i fleire dagar og er no komen heim att. Kurs kallar dei det for.......Denne gongen var det faktisk eit nyttig kurs, så Kristin Halvorsen har i alle høve gjort noko riktig denne gongen. Det skal ho ha. :=) Ivrige kurshaldarar var plukka på øverste hylle og målet deira var at vi skulle lære mest mogleg før kursslutt. Faktisk var dei så ivrige at det gjekk slag i slag og det blei så mykje informasjon at det var vanskeleg å finne tid til  å ta alt innover seg og sjå over det vi lærte. Då kvelden kom, hadde i alle høve EG nok med å områ meg sjølv om eg ikkje skulle "studere" meire...............

Intensjonen min var heile tida at eg skulle stå opp tidleg for å trene på treningsrommet hotellet har. Kva ville ha vore ein betre start enn det, liksom? Ein slik start på dagen hadde garantert vore deileg. Berre så synd at treninga glatt tapte kampen mot den varme og gode dyna. Jomfru Knutsen kjente nok ikkje i ein einaste muskel, tideg på morgonen, at ho ville trene. Berre det å løfte armen etter alarmen og stille den på eit litt seinare tidspunkt, var meir enn nok anstrengelse. (Nei, det skulle ha vore ein eller annan med pisk der!!!)
Eg klarte å prestere heile to ting på morgonkvisten.........Ikkje ille det heller?! Stille klokka + ein liten ting til, men det kan vere det same. Så var augene attlukka att i same sekundet!! Såååååå mykje for treningslysta. Likevel, intensjonen var jo god?? (Eg "rakk" aldri så mykje som å gløtte inn på trimrommet.............

Eg skjønnar godt at hotell har trimrom. Eg har faktisk klart å konstatere noko........ Folk som er på kurs ET heile tida. Kaker, frukt, mat, anna snacks....... Gud betre meg!! At ikkje dei som er på kurs fleire gonger i månaden, er smellfeite og trillar bortetter gongen.....?!! Det må vere på grunn av det der trimrommet. Eg kan ikkje forstå noko anna.  For det stod "mat" framme heeeeeile tida. Eg føler meg som det matvraket.
Eg vil tru at andre er litt meir standhaftige enn meg. Eg tippar at alle dei andre trena der kvar dag!!!n Hahahahahaha...........særleg! :=)
Så dei som til stadig er på kurs.........Ja, anten er dei så lei av mat at dei lar den vere, eller så bur dei på trimrommet all den ledige tida. Noko anna er uforståeleg..... Det er berre eg som er så "teit" og går og gøymer meg på hotellrommet for å nyte at eg er åleine.
Tv, internett, Se og hør (som eg i utgongspunktet syns er søppelblad, men som kjøpes når ein skal reise med fly), popcorn, stooor seng (med meg MIDT i), bok på nattbordet (for at det skal sjå ut som at eg les- som eg ikkje gjer på eit hotellrom), deileg innebukse.................. Det er deileg med hotell!!!!
Berre det ikkje blir for ofte.........

På Gardermoen var det skuffande lite kjendisar. Jomfrua hadde håpa å få eit lite glimt av Clooney, men han hadde ikkje tid til å forære denne jomfrua av si tid. (Kva er han så opptatt med, mon tru???) Hmmm......... Det var vel til det beste at han ikkje dukka opp. Kanskje jomfrua då hadde komen ned på jorda att når ho hadde skjønna at han ikkje er like fin i røyndomen som på film.......... Karisma!!

Så har vi den svartens sikkerheitskontrollen! Eg blei ikkje kroppsvisitert i dag heller......... Urettferdig!! Kanskje eg ikkje ser skummel nok ut? Neste gong skal eg dynge på med eit tonn sminke og sende mange rare blikk.
Eigentleg er det rart at det ikkje er sikkerheitskontroll på Oslo City, eller T-banestasjonen for den del....... Viss det er ein eller annan galning som vil gjere noko sprøtt, ja då gjer han det vel. Kanskje "Storsenteret" i Narvik kunne hatt sikkerheitskontroll?? Supergod idè!!
Aha....NO kom eg på det!! Det var faktisk litt aksjon........ Dei måtte sende eine nettet mitt gjennom kontrollen heile to gonger! Hahaha....... I stadenfor å berre gløtte ned i det. Smartinga!!
Det skulle tatt seg ut om statsråd Kristin Halvorsen har gjeve meg materiell som kan klassifiserast som farleg av vaktane på Gardermoen. Det kunne vore litt artig det.
Eg klarte ikkje å teie stille, så eg måtte no spørre om dei fann noko dei kunne bruke........Dama såg berre rart på meg og tenkte sikkert at eg var eit rart dyr!

I morgon er det vanleg kvardag att. Det ser eg eigentleg fram til. Etter å ha levd i ei boble i fleire dagar, er det kanskje på tide å oppsøke den verkelege verda. Torsdag........OI, då er det jo snart helg! Sukk......sååååååååå leit.

Jaja, ha ein fin kveld!! (Og sjølvsagt ei god natt!) Til i morgon skal eg vel klare å kome opp med eit tema......:=)

Hasta mañana!!

IWALY

søndag 9. desember 2012

Juleavslutning?

Dagen i dag byrja med at eg berre låg i senga som eit slakt og visste at eg eigentleg ikkje var nøydd til å gjere noko som helst. Ergo kunne eg liggje akkurat så lenge eg ville. Deileg!!
Herleg frukost med fint oppdekka bord og dei gamle og tradisjonelle julesongane kom svakt ut av høgtalarane i bakgrunnen. Ute var det pittelitt skumring, så det var heilt på sin plass med litt stearinlys.
Det var med andre ord ein flott start på denne sundagen.
Det beste med julesongane i bakgrunnen, er at minstemann lærer seg songane han også. Det er altfor mange av dagens born som knapt nok har høyrt fleire av dei kjente og kjære julesongane.

Etter frukost var eg ein aldri så liten kjapp tur innom nettet for å sjekke noko. I same slengen gløtta eg innom for å sjå om det var noko nyhende........ Eg beit meg merke i at det var diskusjonar om temaet juleavslutning. Skulen og juleavslutning i kyrkja.
Eg tok meg tida til å lese eindel av argumenta fleire brukte, både for og imot, og eg må seie at eg innimellom blei litt rysta over kva vaksne folk kan få seg til å seie.

Eg trur det heile byrja med at regjeringa har tatt opp dette temaet, om det skal vere skulegudsteneste eller ikkje. Ein eller annan har reagert på dette og sagt at no må det antireligiøse stoppe litt opp før det går for langt.
Det var til dels sterke meiningar om temaet, enkelte av dei fornuftige og enkelte heilt bak mål.
Eg trur at når det kjem til eit slikt tema, skal ein vere litt forsiktig. Ein bør trø varsomt av di religion er ganske viktig for mange.
Alle har vi lov til å ha våre meiningar, men vi må samtidig hugse å vise respekt. Ingen tvil om at vi mangla det, stundom.........

Eg tenker at eg har lyst til å kome med mi meining i forhold til temaet her. Eg har mi meining som sikkert mange støttar, men det er nok fleire som er ueinig også. Likevel, eg skal prøve å vere sakleg og ikkje kome med teite argument, hverken for eller imot.
Det er lov å vere ueinige med kvarandre, men ein må i det minste vere konstruktiv og ikkje så einspora at ein ikkje klarar å sjå begge sidene av ei sak.

Eg syns det er heilt flott at det er juleavslutning i kyrkja. Kjempeflott! Det gjer eg av fleire årsaker. For det første handlar det litt om tradisjonar. Eg syns at fleire og fleire tradisjonar blir borte. Tradisjonar er viktig!! Samtidig at eg syns det er kjempekoseleg.
I alle fall om den blir gjennomført slik den blir gjort her.
Julesongar, elevar som les juleevangeliet, innslag av enkelte klassar og sjølvsagt litt frå presten. Likevel ei litt annerledes gudsteneste.
Dessutan er det mykje lærdom i det også. Blant anna det at ein tar av seg lua........... I tillegg syns eg det er viktig at ein lærer korleis ein oppfører seg i ei kyrkje. Enkelte vil påstå at det får vere opp til dei enkelte foreldra å gjere det, men når vi samtidig veit at det sviktar på det området hos mange, syns eg ikkje at det gjer så mykje om skulane gjer det.

For at dette ikkje skal vere noko som blir pressa ned på elevane, så er det faktisk slik at det er frivillig. Skulen har alltid eit anna alternativ til dei som absolutt ikkje vil i kyrkja. Dei kan vere att på skulen og gjere noko anna hyggeleg.
Likevel ser vi år etter år at nesten alle vel å gå i kyrkja. Ikkje av di dei er religiøse, men av di det er koseleg og at det er ein tradisjon.
Fleire elevar har sagt at det har føltes litt spesielt når dei har vore i kyrkja som tiendeklassingar. Dei har visst at det er siste juleavslutninga dei har vore med på og det har virka litt rart å tenke på at dei ikkje skulle attende året etter.
Dette med at ein har sjansen til å velje noko anna, er viktig. Nettopp for å ta hensyn til dei som er "motstandarar" av kyrkja eller av ein eller annan grunn ikkje ønsker å delta. Ein må sjølvsagt ha respekt for at enkelte ikkje ønsker det også.

Ein har jo fleire gonger lest om foreldre som kjempar mot kyrkja og seier at deira born ikkje skal setje sin for i ei kyrkje. Ikkje av di bornet ikkje vil, men av di foreldra ikkje vil det. Så kan ein spørreseg om det er rett??
Eg veit ikkje svaret på det, men eg har ei meining om det! EG meiner at vi er alle frie individar og at det er noko vi sjølv må få ta stilling til. Vi "eig" ikkje borna våre. Vi har ansvaret for dei. Det er ein vesentleg forskjell i det. Difor syns eg at det er å gå litt langt om ein nektar sitt eige born å gå i kyrkja (dersom bornet ønsker det) berre av di dei sjølv ikkje har eit forhold til kyrkja.

Så kan ein spørre seg.......Kven har ansvaret for å lære bornet om den kristne trua?
Enkelte vil svare samfunnet, medan andre vil seie foreldra. Problemet er berre at dersom ikkje foreldra vil fortelle borna sine om kristendomen, ja då får dei heller ikkje sjansen til å ta eit eige standpunkt i forhold til det.
Det er slik at det er reglar for bruken av faget i skulen. Faget skal ikkje vere forkynnande. Det skal vere meir "I følge historia........." "I følge dei kristne........" osv..... Eg går ut ifrå at dåke skjønner kva eg meiner. I tillegg er det eit \fag som tar for seg alle hovudreligionane i verda. Faget heiter ikkje kristendom lenger.
Samtidig veit eg at det er fleire som meiner at det er ok å besøke ein synagoge eller ein moskè. Det er kyrkjer det også! Berre frå ein annan religion.

Uavhengig av mitt eige livssyn, om eg trur eller ikkje, så meiner eg at det er viktig å lære historia. Eg meiner det er viktig å følgje dei få tradisjonane vi har (spesielt dei som virkar samlande).
Dessutan er jula ei kristen høgtid.
Viss det er slik at ein er så absolutt imot kyrkja, ja då bør ein vel heller ikkje feire jul. Då bør julefridagane tilhøyre dei som trur?!
Eg las blant anna eit innlegg der ein mann påstod at det var rett og rimeleg at vi feira jul sjølv om han var imot kyrkja. Jula handlar om å samle familien og gjere koselege ting ilag. Vel, det speler inga rolle det. Bakgrunnen for at vi har julefeiringa, er kristen. Det er religion som gjer at vi har tradisjonen med å kose oss i jula, ha fritt for å gå i påskefjellet på ski, reise på slalomferie med "afterski"i påska, sørger for at ein ikkje må ta så mange dagar fritt frå arbeid for å dra til syden om ein drar i jula eller påske, osv osv osv  Lista kan bli uendeleg lang om eg prøver.
Det blir litt feil at dei som angriper kristendomen mest samtidig meiner at desse fridagane skal behaldast. (For det finst fleire av dei med den haldninga).

Eg er rimeleg sikker på at det ikkje er lenge til Kristi himmelfartsdag blir avskaffa som fridag. Den neste dagen som forsvinn blir skjærtorsdag. Eg er ganske sikker i mi sak. Få folk i arbeid i fleire dagar, for det er pengar i det. Etterkvart vil nok denne trenden balle på seg........trur eg.

Eg har ingen problem med at son min skal lære om religion eller å lære korleis ein oppfører seg i kyrkja. Det er så mange ulike forum ein skal forhalde seg til og kyrkja er berre eit av dei.
Å sende dei i kyrkja er ikkje det same som å be dei om å bli religiøs. Det får bli opp til eitkvart individ å ta stilling til sjølv. Eg meiner likevel det blir feil om ein nektar dei sjansen til å få dette valet ved å utelukke dei frå dette forumet.

Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego:=)

IWALY