onsdag 31. juli 2013

Det er onsdag og heldigvis sit eg på innsida av vindauga. Ute bles det meir enn eg er glad for, men heldigvis er dette første dagen eg opplev det denne sommaren.
Sjølv om det bles, er det sikkert ikkje så kaldt ute, men for å finne det ut, må eg vel snart komle meg ut døra. (Det blir ikkje med det første).

Eg har vore åleine på Dalelvbua (Grunnvoll) i nokre dagar. Det er kanskje det dei kallar husmorferie?! Uansett var det ufatteleg deileg å berre vere der inne og nyte dei naturlege lydane naturen gjer ifrå seg.
Dagane gjekk nok mest med til maling og beising, men sjølv det var "medisin" for kropp og sjel.

Vèret var strålande!
Det å vakne til sol og blikkstille hav er noko eige. Å sitte på verandaen og innta frukosten og sjå fisken som vakar i overflata. Småfuglane kvitra i bakgrunnen og ein kunne såvidt høyre litt "sus" frå elva.
Ikkje ei einaste bølgje! Meir fredfullt går det ikkje an å få det!

Minstemann har vore ei uke åleine på Vestlandet no. For første gong har han tatt flyet åleine sørover for å feriere litt på eigenhand.

Vel vitande om at det heile kom til å gå kjempebra, stakk det litt i eit mammahjarte då han gjekk nedover landgangen og inn i flyet. 
Han var nøgd berre han fekk med seg litt lommepengar! Hahaha........ 

Så medan han har kosa seg med bading, golf, nye vener osv.... har mora feriert litt inni fjorden. 
Begge har nok sakna kvarandre mykje, men vi har sikkert begge hatt veldig godt av det heile. :=)

For ikkje så lenge sidan, på hytta, las eg i avisa. Det var sjølvsagt ein artikkel om vèret. Det har vore eindel av dei denne sommaren.
At journalistar skriv litt feil innimellom, er slett ikkje noko nytt, men nett denne dagen var det verre enn verst. 
Følgjande er eit sitat frå avisa: I Nord-Norge ser det ut som om det vil holde seg tørt utover uken. Men fra torsdag eller fredag vil det gradvis komme nedbør inn fra vest over Sør-Norge, sier Hansen. Det er bare å nyte finvværet mens du kan. 

Han skriv om Nord-Noreg og så brukar han ordet MEN. Då forventar ein jo at det skal kome ei oppfølging om at det er tørt no, men at det vil endre seg torsdag eller fredag. Så korleis var eigentleg vèrprognosane for Nord-Noreg den uka? 
Ikkje lett å seie........... og jomfrua irriterte seg litt lettare over den dårlege journalistikken. Hahahaha........

Angrer på feriesex og pengebruk. Dagbladet.no.......... Kanskje ikkje ein sjokkartikkel.Om eg tenker meg nøye om så las eg vel om det i fjor også og året før der og før der og før der........ Aner eg ei "historie" som er ein gjengangar år etter år? Eg trur det......
Einaste forskjellen er at det er nye menneske det omhandlar. 

Feriesex har vel aldri vore heilt trygt. Det er mange farar forbunden med nett det. Så spørs det kva sjansar du tør å ta. Du kan vere heldig og du kan vere det motsatte. 
Dei fleste slepp vel aller helst unna lett, men enkelte er slett ikkje så heldige. 
Moralen i det heile er vel ei  anna side av saka.  

Kva er det som gjer at kvinner fell for utanlandske menn og trur at menna faktisk har falt for dei også? Det er faktisk slik at fleire av kvinnfolka forelsker seg i menn medan dei er i utlandet og så er dei så godtruande at det same gjeld mannen. 
Mannen får seg nok ein ferieflørt og er særs nøgd med det. To uker med ei norsk kvinne, så to nye uker med ei anna kvinne. Han nyt livet og kvinnene sit att med at dei angrar. 
Kanskje har ferieflørten også fått konsekvensar......... Sånt som skjer......

Problemet gjeld vel både single og gifte. Ferierusen tar litt av til tider. Alkoholen flyt kanskje litt lausare enn vanleg og vips så er skaden skjedd. Kjipt. 
Kanskje er det mange som har gjort ting dei ikkje eingong veit om at dei har gjort?!
Det skjer jo at kvinner vakner på morgonen og faktisk ikkje hugsar korleis kvelden blei avslutta. Dei kan ha fått noko i drikka si i løpet av kvelden og vips så kan dei ha blitt utnytta og ikkje eingong vite om det. 
Litt kjipt å kome heim og oppdage at det har fått konsekvensar utan at du veit kva konsekvensane kjem av. 

Historiane er mange......og ulike. Nokon slit med det resten av livet, medan andre ser forbi det og lever som om at det ikkje har skjedd. Vi er alle ulike mentalt sett, så det er vel ikkje noko rart bak det. 
Det er uansett for mange "episodar". Det burde ikkje vere slik. 
Det har vore slik "alltid" og det kjem nok til å fortsette. Det er nok ingenting som tydar på noko anna. 
Statistikken seier jo at det er fleire og fleire som vel å feriere utanlands og då aller helst i sydlege strøk.

No refererer eg berre til kvinnfolk. Det er nok eit problem som gjeld fleire menn også. Likevel trur eg det er lettare at kvinnfolk blir utnytta enn menn. 
Menn skal trass alt få eit eller anna opp og stå.......... Med for mykje innanbords er ikkje det så lett. Kvinnfolk treng vel aller helst berre vere tilstades. 
Så er eit mannfolk altfor full, stoppar det heile seg sjølv. Kvinnfolk derimot mistar kanskje evna til å forsvare seg og tydeleg seie nei. Det er ei årsak til at kvinnfolk kalles "det svake kjønn". Fleire årsaker, sjølvsagt...men dette er nok ei av dei. Menn er sterkare enn kvinner generelt. 

At ein angrar på pengebruken etter ferien? Tja, det er vel mange som gjer det. Det spørs om du har ei lommebok som tåler det eller ikkje. Sikkert ikkje så lurt å bruke kredittkort til å dekke det i håp om at du skal klare å gjere opp for det resten av året. Kvardagen innhentar deg nok fort att. 
Kredittkortselskapa gjer seg nok søkkrike på slike folk. Dei skor seg på brukarane ved å ta skyhøge renter, så det er dyrt å bruke kredittkort. Så det er nok ikkje verdt det. 

Steve skulle fly hjem da en fremmed dame la seg i fanget hans for å sove. Hahahahahahaha........ 
Eg veit ikkje om ein skal kalle det for lykke eller ikkje?! Ikkje kvar dag ein har sjansen til å ha ei "anna" dame i fanget! 
Kanskje det var ei av dei som tok ferien litt "for langt"? Kven veit.....? I så fall blei det flaut når ho vakna til liv att (om ho fekk gleden av å sove der). 
(Sjølv trur eg kanskje at eg hadde flippa ut omein framand mann hadde lagt seg i fanget mitt!)

Plutseleg er klokka meir enn ho bør vere og følgeleg må eg slutt eav i ei forrykande fart. Snart kjem det fleire sultne heim og då kan det jo vere litt godt med middag på bordet. 
Så ha ein flott ettermiddag og nyt dagen! 

Hasta luego! 

IWALY!




Kos på stranda!



Steffen i lufta :=)


Teen Idol - Steffen.


Har nok ikkje berre lata meg! 


Snart klar for "take-off". No skal vi opp i lufta!! 



Ikkje dumt at Jan Fredrik Karlsen plutseleg entra scenen under Vg-lista-showet.


Grunnvoll <3 p="">

Tunga rett i munnen - klargjering av lasso.............


....... og hiv!



tirsdag 9. juli 2013

Er det så galt med litt regn? Det er berre å sjå positivt på det. Du slepp å klippe plenen.....
Joda, graset veks det. Det er ikkje det. Du kan berre fint lite gjere noko med det når det høljar ned og ergo kan du lene deg attende og slappe av. (Med mindre du faktisk har eit stort ønske om å sveitte bort eit par av dei kaloriane du sikkert har unna deg ekstra dei siste dagane (og sjølvsagt no slit med dårleg samvit).

Blomane tørkar ikkje ut. Noko som er eit pluss om du likar å reke litt. Sjølv om rekinga ikkje gjer heilt den store kjensla av å oppleve noko når det dryp og dryp og det ingen ende vil ta.
Jaja, shit happens all the time.

Eg har ikkje klaga på vèret ein einaste dag, eg! :=)
Det er snart gått ein månad og vèret har vore strålande. (Om ein tar bort dei to små timane i føremiddag som sørga for litt skugger rundt om kring. (Dog ikkje verre at ein kunne ta seg litt betre tid med napparen og gjere seg litt meir "hot" for omgjevnadane før ein viste seg. Det gjekk bra, det også!

Det einaste som er mangelvare for tida, er trim. Eg kan ikkje skryte på meg å vere så aktiv at det gjer noko.
Joda, det går sikkert ein kalori eller to med til å stirre på sola. Kanskje tre når ein snur litt på seg.......
Ellers er jo tennis vel og bra, men då burde det kanskje vere snakk om kvar dag og ikkje ein fem-seks gonger fordelt ut over nokre uker.
I tillegg er det hardt og, dag etter dag, ligge der og sjå at enkelte slit seg heilt ut med vanngymnastikk.
Dei har ikkje skjønna at instruktøren som står på land, berre lurar dei.
Ho narrar dei til å gjere mykje rart i vannet, men sørger for at ikkje noko anna skjer enn at du blir sliten og forbrenn fleire kaloriar. Eit slit, med andre ord.
Ferie skal vel ikkje vere slit? Eller.........?
Eg trur kanskje eg løftar fingrane mine litt innimellom i takt med musikken, så litt trim kan ein kalle det.

Eg er ganske sikker på at enkelte trur at alle skandinaviere elskar ABBA. Eg kan ikkje skjønne noko anna.
I uke etter uke etter uke har eg no høyrt ABBA og nesten berre det. I alle fall på dagtid og minst ein eller to kveldar i uka.
Viss eg ikkje kan tekstane deira utenat no, ja då veit ikkje eg.
Vel, eg har alltid "digga" ABBA, men er litt usikker no.

Ei gruppe som var midt på treet, har no sørga for å synge seg opp. Plutseleg satt alt som det skulle og det var faktisk bra å høyre på. Så dei siste kveldane har det faktisk vore bra musikk for øyrene.

Laurdagen var det berre vondt å høyre på den stakkars trubaduren som underholdt oss. Gitaren kunne han traktere bra, inegnting å seie på det, men når du syng "Proud Mary" og du syng melodien ein ters under det som du skal........ Ja, då bommar du litt.
Tonane passa forsåvidt inn, men ein melodi som er så kjent som nett den, gjer du ikkje slikt med.
Promblemet var vel aller helst at den skulle vore transponert litt ned så han ikkje hadde trengt å utfordere falsetten sin.
Og Elton John.......... "What do I gonna do to make you love me......?"
Kven tør å synge Elton sine songar utan å kunne dei?!

Ellers så var dei ei lita utfordring der mor og son hadde twistekonkurranse til "Achy breaky heart" (ein song trubaduren faktisk kunne bra). Sonen hadde nok litt betre kondis enn mora, men ho holdt no godt følge ei god stund. (Og så tvinga ho seg til å halde pusten normalt til sonen var utanfor rekkevidde før ho starte med "tungpustinga".
Ho kunne jo ikkje avsløre kor sliten ho eigentleg var........

I morgon kveld skal jomfru Knutsen stå i vindauget og vinke til naboen sin og sjå at han smiler nøgd attende når han endeleg får sola som jomfrua har bestilt.
Det handlar jo om å ha ein god tone med han der oppe. Då ordnar det meste seg.
Blant anna slik at naboane mine ikkje treng å ta med seg snorkel for å få ausa den regnfulle båten sin!! Hahahahaha...........

Ha ein fortreffeleg fortsettelse på tysdagskvelden og sov godt når den tid kjem. (Det er vel tysdag???)
Hasta luego!!

IWALY!!

mandag 8. juli 2013

Du har en egen plass............

A-a-aaa........"Æ savne dæ. A-a-aaa......Du har en egen plass i hjertet mett!"  Vel, her er det snakk om song og dans. Heeeeile tida!
I same augeblikk som døra til leiligheita går opp, går musikken på. Ein liten trådlaus høgtalar spyr ut musikken frå ipod´n til poden. For det meste "Bestevenna" med Celina.
Sjarmerande nok, berre ikkje når du har høyrt songen 14 gonger for mykje i løpet av ganske kort tid.
Teksten er fin nok den, men å sitte og høyre på "æ savne dæ" i eininga er jo oppløftande......

Dagens roman er ferdiglest. Ja, det er vel på tide å snart kalle det for dagens. 400 nye sider med engelsk (amerikansk) litteratur er lest og i morgon tidleg er det berre å krøke seg ned og kjøpe ei ny bok. (Krøke? Det høyrtes nesten ut som ein er dårleg til beins, men det er vel ikkje akkurat tilfelle.)
Uansett. No har eg lest så mykje om mord dei siste dagane at snart kjem dei vel til meg i dramane mine også. (Forhåpentlegvis ikkje, men ei stakkarsleg jomfru klarar vel ikkje å styre det sjølv).

Morgondagens mål må vere å ta salto! Denne knetta og x antal liter vann under seg.
Det ser jo så lett ut....... Spring, hopp, bøy føtene slik at knærne kjem opp til brystet, ta tak, snurr rundt (!) og land like heil i vannet. Sist, men ikkje minst, hugs å strekke føtene ut att slik at ein veit at ein kjem seg opp til vannflata att. Kan vere litt dumt å gje seg att der nede på botnen.

Sukk. Eg trur det likaste vil vere å la vere i det heile. Det blir alt for mange ting å hugse på, så for å vere sikker på at eg lev også i morgon kveld, så får salto vere den yngre gardes aktivitet.
(Eg kan meir enn gjerne filme eller ta bilete....... Det er hakket under salto når det kjem til vasklegheitsgrad).

Så kva kan då morgondagens mål vere? Tja, det same som kvar dag. Ikkje gjere noko som helst! Hahaha......

Ny søkefunksjon vil forby pupper, gambling og homofili. Oioioioioi...... Her er det berre å gøyme seg unna. Null pupp?? Her må mange legge seg under kniven!

Eg ser for meg alle margarinpakkane dei kan lage av desse feittkulene som heng og dinglar på brystkassa til dei fleste kvinnfolka. (Enklete menn også, for den del).
Eg trur at dersom eg må kvitte meg med mine, så vil eg ha dei attende i små porsjonspakningar med margarin. 30% mindre feitt, eller noko liknande!
(Spørs om vi ikkje hadde gått handelstanden i næringa då).

Viss ein er redd for kniven, er det sikkert berre å ta litt sportsteip og trevje rundt brystkassa. Presse dei så godt du kan fast mot kroppen slik at dei blir minst mogleg.
Berre "easy" det om du har sånne der puppar som heng litt og sleng.

Nei, det er vel ikkje margarinpupper det er snakk om. Pupper, gambling og homofili i ei og same setning, tja det må vel ha noko med internett å gjere. Ikkje så vanskeleg å tippe, det.
For sikkerheits skuld skal eg no ta og opne saka.

Vg-nett skriv om halalgoogling. (Halal? Er ikkje det tyrkisk?) Uansett....... Det er i alle fall ikkje "waterproof".......vanntett.
Joda, det er ein muslimsj søkefunksjon som skal sette ein stoppar for blant anna pupper.

Orda som ikkje står på fy-lista, vil bli sendt vidare til Google, Bing, eller you name it.
Eit tiltak som er meint til å tilfredsstille muslimar (men også den vestlege folkemassen).
Jaja....... I ei verd der homofili er i oppadgåande kurve, når det kjem til aksept, spørs det om dei ikkje vil møte ein god del motstand frå ulike hald, dei som står bak denne søkefunksjonen.

Det er måndag og ny uke. (Tja, eg må vel strengt tatt sove litt først, men så.........) Sånn eigentleg er det ganske bra at eg har klart å få med meg så såpass mykje at det straks er måndag. Det er slett ikkje kvar dag eg har full kontroll.
Det kan jo av og til vere ei føremon om ein veit kor ein er og til kva tid ein er der!

"What must det stå?" Hahahaha....... Fatastisk herleg ordlyd!
Ikkje alltid like lett å vere ni år og gjere seg forstått på eit framandt språk. "What must det stå?"
Vi snakkar is og på ispinnen står det ein kode. Ein kode han har funne ut må bety at dersom du har rett kode, ja så vinn du ein porshe.
Ikkje veit eg kor han hentar infoen ifrå, men han spurte no ho i disken om det og faktisk så fekk han eit svar. Ho forstod kva han meinte! (Ikkje dårleg.)
Berre han ikkje no skal ha meg til å kjøpe 50 is´ar kvar dag, i håp om at han skal bli ein porche rikare.

Sitatet "What must det stå?" er berre eitt av veldig mange.
Kva er det dei seier? Det er dei små tinga som skaper lykke i livet.
Vel........ Då skaper minstemann nett det. Lykke i tilværelsen med sine herlege spørsmål og svar når han kommuniserer med andre.
Mora flirer i alle fall!

Nei, det er på tide å finne senga. Eller....... Eg er allereie komen meg dit. Som einaste vakne person, er det eigentleg veldig deileg med ro. Ikkje anna lyd enn det airconditionen klarar å bryte ut av seg. (Ikkje så mykje, med andre ord).
Føtene er godt planta under dyna. Minstemann ligg og sover ved sida av meg. Føtene hans har lagt seg vel til rette over mine. Det er jo viktig å kjenne nærleik for å få til å sove. (Påskudd for å få litt ekstra mammakos og for å sørge for at augene hans forblir opne nokre ekstra sekund). :=)

Dataen skal av og jomfru Knutsen skal finne draumeland. Forhåpentlegvis av den gode sorten. "Love letters in the sand" og gode greier...........
Ha ei fortreffeleg god natt! Sov godt!

Hasta luego!

IWALY!!





fredag 5. juli 2013

Mannen som angreip frisøren.

Hahahahahaha.................. Eg ler enno!!
Hendinga fann stad i går kveld, men det går ikkje an å la vere å flire no heller når ein først tenker på kva som skjedde. Sånn er det berre. :=)

Ein kan vere vitne til mykje rart i denne verda. Ingen tvil om det. Alt frå trippel salto, mage full av iskrem, eller rett og slett noko så enkelt som ein pappa som angrip frisøren.
Joda, det er nok det aller siste eg siktar til OG det er ikkje kven som helst sin pappa det er snakk om. Hahahahaha........... Det er nok min kjære son sin pappa som fekk eit lite illebfinnande seint på kvelden.
Det er i alle fall det mest komiske eg har sett på lenge og er verdt ein god latter. Definitivt!

Klokka var rundt ti og minstemann tenkte at han kunne trenge seg ein hårklipp. Etter å ha sotte i ro på eit tak og spist ein betre middag og fulgt med på alle dei som gjekk ut og inn av sjappa der dei tydlegvis klipper hår, bestemte han seg for at det fekk vere hans tur.
"Mamma, æ trur æ klæpp det heilt kort?!" 
Mora sa sjølvsagt at det er heilt greit, det. "Du bestem sjølv."

Bestemte skritt mot ein frisørstol. Eine frisøren skjønte teikninga og spurte han om han skulle klippes. "Yes!"  Han fann seg godt til rette i stolen og frisøren spurte meg, the boss, om korleis han skulle ha det.
Eg svarte at gutungen forstår spørsmålet om han snakkar engelsk til han og at det var hans hår.
Så då frisøren spurte, svarte han "I want it short". 

Frisøren leita fram ein "barbermaskin" og byrja å barbere han i nakken. Dette fekk faren med seg og trudde at frisøren skulle barbere gutungen heilt fri for hår. At han skulle gjere han skalla.
I vill panikk heiv han seg over frisøren. "No, no, no, no, no............. Don´t do that. No, not!!"
Med armane rundt handleta til frisøren, følte ei viss jomfru at ho måtte gripe inn.
"Don´t listen to him. Just stick to the plan". 
"Han skal nu vel før faen ikkje barber bort aillt håret hainnes! Æ trur dåkker e stein tuillåt. Aldri i værden om æ går med på det." Eit stirrande blikk mot augene til frisøren som sa "ligg unna med den maskinen"
Stakkars frisør. Han visste vel ikkje heilt kva han skulle seie eller gjere.
Til slutt nådde eg fram til faren med følgande beskjed: "No sit du deg der borte i stolen. Det er gutungen som skal klippast og han har sjølv forklart frisøren korsen han skal ha det. Så poff............"
Om enn motvillig.....Han gjekk til stolen. Frisøren stirra nrvøst i spegelen medan han løfta opp maskinen for å fortsetje. Eg nikka berre eit samtykkande "Jada, det går bra. Berre klipp i veg."

Guten blei stilig på håret! Akkurat slik han ville ha det. Han fekk det til og med stripa for at det skulle sjå enno meir tøft ut.
Etterpå var han mest opptatt av om fargen (bleikinga) ville vare heilt til han kjem heim, slik at venene kan få sjå det.

Det heile endte opp med at då vi gjekk derifrå så hadde han far sjølv fiksa båda f"ace and hair". Dog av ein annan frisør som ikkje hadde latt seg skremme av han. Hahahaha...........

Eg lo då, eg lo etterpå, eg ler enno.......... Berre så synd at eg ikkje filma det heile. Definitivt månadens "happening".
Idiotiske nordmen, tippar eg dei tenkte då vi entra dørstokken på veg ut.

1800 sider lesing på to uker klassifiserer vel til at alle ikkje syns det er like spanande å vere rundt meg. Oppslukt av bøker, er det ikkje så masse anna som fristar.
Nesbø laga ei altfor spanande bok, hyttenaboen hadde berre EI anna bok med seg. men heldigvis viste det seg at dei selger bøker her nede også. Dog på engelsk.
Sidan tysdag har eg lest to kriminalromanar på engelsk. 800 sider til saman (på litt over tre døger). EG har nett vore nede og kjøpt ei ny.
5.juli og eg er på roman numer fem. Målet er å slå fjorsommaren. Då rakk eg ti romanar. Eg er på god veg........

Det er kanskje all lesinga som har sørga for at eg er så svimmel og innimellom klagar på at prisen er for lav. (Sjølv om det har sin eigen "story".............)
Kanskje ikkje heilt normalt å nekte å kjøpe ein vare av dei den ikkje kostar nok mykje pengar?!
Som sagt......Idiotiske nordmenn! :=)

Nei, klokka nærmar seg bysselalle. Eg er trøytt og skal sørge for å få skjønnheitssvevnen min.
Sånn eigentleg lurar eg på kvifor vi kallar det for det........
Om ein får servert ein spegel i senga i same augeblikk som ein slår opp augene.........Kven er det som verkeleg syns dei er eit vakkert syn då?
Håret til vers og trøytt i augene. Yeah, right! (For ikkje å gløyme ein herleg god ande.....)
Ein treng i alle høve svevn for å få kroppen til å lystre morgondagen, og det får vel vere nok grunn til å sove det. :=) Skjønheit eller ikkje........

Så ha ei fortreffeleg natt! Bruk ho til det same som eg. Svevn! :=)
Hasta luego!

IWALY!