onsdag 31. juli 2013

Det er onsdag og heldigvis sit eg på innsida av vindauga. Ute bles det meir enn eg er glad for, men heldigvis er dette første dagen eg opplev det denne sommaren.
Sjølv om det bles, er det sikkert ikkje så kaldt ute, men for å finne det ut, må eg vel snart komle meg ut døra. (Det blir ikkje med det første).

Eg har vore åleine på Dalelvbua (Grunnvoll) i nokre dagar. Det er kanskje det dei kallar husmorferie?! Uansett var det ufatteleg deileg å berre vere der inne og nyte dei naturlege lydane naturen gjer ifrå seg.
Dagane gjekk nok mest med til maling og beising, men sjølv det var "medisin" for kropp og sjel.

Vèret var strålande!
Det å vakne til sol og blikkstille hav er noko eige. Å sitte på verandaen og innta frukosten og sjå fisken som vakar i overflata. Småfuglane kvitra i bakgrunnen og ein kunne såvidt høyre litt "sus" frå elva.
Ikkje ei einaste bølgje! Meir fredfullt går det ikkje an å få det!

Minstemann har vore ei uke åleine på Vestlandet no. For første gong har han tatt flyet åleine sørover for å feriere litt på eigenhand.

Vel vitande om at det heile kom til å gå kjempebra, stakk det litt i eit mammahjarte då han gjekk nedover landgangen og inn i flyet. 
Han var nøgd berre han fekk med seg litt lommepengar! Hahaha........ 

Så medan han har kosa seg med bading, golf, nye vener osv.... har mora feriert litt inni fjorden. 
Begge har nok sakna kvarandre mykje, men vi har sikkert begge hatt veldig godt av det heile. :=)

For ikkje så lenge sidan, på hytta, las eg i avisa. Det var sjølvsagt ein artikkel om vèret. Det har vore eindel av dei denne sommaren.
At journalistar skriv litt feil innimellom, er slett ikkje noko nytt, men nett denne dagen var det verre enn verst. 
Følgjande er eit sitat frå avisa: I Nord-Norge ser det ut som om det vil holde seg tørt utover uken. Men fra torsdag eller fredag vil det gradvis komme nedbør inn fra vest over Sør-Norge, sier Hansen. Det er bare å nyte finvværet mens du kan. 

Han skriv om Nord-Noreg og så brukar han ordet MEN. Då forventar ein jo at det skal kome ei oppfølging om at det er tørt no, men at det vil endre seg torsdag eller fredag. Så korleis var eigentleg vèrprognosane for Nord-Noreg den uka? 
Ikkje lett å seie........... og jomfrua irriterte seg litt lettare over den dårlege journalistikken. Hahahaha........

Angrer på feriesex og pengebruk. Dagbladet.no.......... Kanskje ikkje ein sjokkartikkel.Om eg tenker meg nøye om så las eg vel om det i fjor også og året før der og før der og før der........ Aner eg ei "historie" som er ein gjengangar år etter år? Eg trur det......
Einaste forskjellen er at det er nye menneske det omhandlar. 

Feriesex har vel aldri vore heilt trygt. Det er mange farar forbunden med nett det. Så spørs det kva sjansar du tør å ta. Du kan vere heldig og du kan vere det motsatte. 
Dei fleste slepp vel aller helst unna lett, men enkelte er slett ikkje så heldige. 
Moralen i det heile er vel ei  anna side av saka.  

Kva er det som gjer at kvinner fell for utanlandske menn og trur at menna faktisk har falt for dei også? Det er faktisk slik at fleire av kvinnfolka forelsker seg i menn medan dei er i utlandet og så er dei så godtruande at det same gjeld mannen. 
Mannen får seg nok ein ferieflørt og er særs nøgd med det. To uker med ei norsk kvinne, så to nye uker med ei anna kvinne. Han nyt livet og kvinnene sit att med at dei angrar. 
Kanskje har ferieflørten også fått konsekvensar......... Sånt som skjer......

Problemet gjeld vel både single og gifte. Ferierusen tar litt av til tider. Alkoholen flyt kanskje litt lausare enn vanleg og vips så er skaden skjedd. Kjipt. 
Kanskje er det mange som har gjort ting dei ikkje eingong veit om at dei har gjort?!
Det skjer jo at kvinner vakner på morgonen og faktisk ikkje hugsar korleis kvelden blei avslutta. Dei kan ha fått noko i drikka si i løpet av kvelden og vips så kan dei ha blitt utnytta og ikkje eingong vite om det. 
Litt kjipt å kome heim og oppdage at det har fått konsekvensar utan at du veit kva konsekvensane kjem av. 

Historiane er mange......og ulike. Nokon slit med det resten av livet, medan andre ser forbi det og lever som om at det ikkje har skjedd. Vi er alle ulike mentalt sett, så det er vel ikkje noko rart bak det. 
Det er uansett for mange "episodar". Det burde ikkje vere slik. 
Det har vore slik "alltid" og det kjem nok til å fortsette. Det er nok ingenting som tydar på noko anna. 
Statistikken seier jo at det er fleire og fleire som vel å feriere utanlands og då aller helst i sydlege strøk.

No refererer eg berre til kvinnfolk. Det er nok eit problem som gjeld fleire menn også. Likevel trur eg det er lettare at kvinnfolk blir utnytta enn menn. 
Menn skal trass alt få eit eller anna opp og stå.......... Med for mykje innanbords er ikkje det så lett. Kvinnfolk treng vel aller helst berre vere tilstades. 
Så er eit mannfolk altfor full, stoppar det heile seg sjølv. Kvinnfolk derimot mistar kanskje evna til å forsvare seg og tydeleg seie nei. Det er ei årsak til at kvinnfolk kalles "det svake kjønn". Fleire årsaker, sjølvsagt...men dette er nok ei av dei. Menn er sterkare enn kvinner generelt. 

At ein angrar på pengebruken etter ferien? Tja, det er vel mange som gjer det. Det spørs om du har ei lommebok som tåler det eller ikkje. Sikkert ikkje så lurt å bruke kredittkort til å dekke det i håp om at du skal klare å gjere opp for det resten av året. Kvardagen innhentar deg nok fort att. 
Kredittkortselskapa gjer seg nok søkkrike på slike folk. Dei skor seg på brukarane ved å ta skyhøge renter, så det er dyrt å bruke kredittkort. Så det er nok ikkje verdt det. 

Steve skulle fly hjem da en fremmed dame la seg i fanget hans for å sove. Hahahahahahaha........ 
Eg veit ikkje om ein skal kalle det for lykke eller ikkje?! Ikkje kvar dag ein har sjansen til å ha ei "anna" dame i fanget! 
Kanskje det var ei av dei som tok ferien litt "for langt"? Kven veit.....? I så fall blei det flaut når ho vakna til liv att (om ho fekk gleden av å sove der). 
(Sjølv trur eg kanskje at eg hadde flippa ut omein framand mann hadde lagt seg i fanget mitt!)

Plutseleg er klokka meir enn ho bør vere og følgeleg må eg slutt eav i ei forrykande fart. Snart kjem det fleire sultne heim og då kan det jo vere litt godt med middag på bordet. 
Så ha ein flott ettermiddag og nyt dagen! 

Hasta luego! 

IWALY!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar