lørdag 3. august 2013

Wow.........

Wow.........Seier eg berre! Du veit ikkje kva regn er før du har opplevd Vestlandet "live". Det dei nordafor klassifiserer for regn, ja det er berre lett yr.
Akkurat no REGNAR det!! Tordnar, lynar og regnar om einannan. Tunge dråpar. Ekte vestlandsvèr.
Eigentleg ganske heilt greit, det også.
Eg satsar no på at det blir både grilling og badestamp i kveld, uansett! (Med mindre lynet finn vegen gjennom veggen og tar knekken på oss.) Hahaha.......

Gårdagen var super. Sola varma og vi var på havet bak "Sommeråpent"-båten. Den vitja Rosendal og følgeleg tok vi havvegen dit. Litt bølgjer, men ikkje uoverkommelege. Det er berre å ha ein båt med litt storleik på, så går det bra.
Vi var ni stykk i båten, så då var det vel passe stor båt som la ut på havet. (Men vi kjente bølgjene godt!)

På land blei det servert gode mjølkekaker (noko ein nordlending ville kalla pannekaker). Mykje kvinnheringar og Tore Strømøy........... Ikkje så dumt, det heller.

Ein sliten Vestlending sovna stittande i sola og steike seg i båten. Havluft og sol blei for mykje for ei som ikkje hadde sove det siste døgeret.
Torsdag kl.13 køyrde denne jomfrua frå Drag og fredagsmorgonen kl halv elleve stod ho på ei trapp på Husnes, trøytt i trynet.
Eg trur rett og slett bilsoving aldri har lege denne knetta så nært hjartet, så då betyr det null svevn på turen.
Det blei berre med tannpussen før det var å kome seg på havet. Så då var det kanskje ikkje så rart at jomfrua ikkje klarte å halde seg lengre enn til heimturen starta.
(Det var i alle fall godt med litt svevn.....)

Den største lykka var nok å få minstemann i armane! Lykke på jord! Etter over ei uke ifrå kvarandre, var det deileg å putte armar og kroppar rundt kvarandre og berre kose.

Når ein køyrer 150 mil i eitt, får ein som regel sjå mykje langs vegen. Denne gongen blei halvparten av strekninga køyrt nattestid og då har ein som regel nok med å halde augene på vegen slik at ein faktisk ser kor vegen svingar eller ikkje. 
I alle fall dukka det opp masse revar og harer langs heile vegen etter å ha passert Mosjøen. Elg såg vi ingen av, men eit par dådyr dukka opp og rista på revo si litt før dei stakk inn i skogen og herja for seg sjølv. 
Når det gjeld moskusar, så blei eg vel litt skuffa på det området. Det har jo stått i media om at det er mykje moskusar på Dovrefjell no. (Det er no eg ikkje skal innrømme at det var mørkt over Dovrefjell og det uansett ikkje ville vore mogleg å sjå ein einaste moskus, med mindre den fann ut at den skulle hoppe foran bilen medan eg køyrte. Så spørs det kva ein er mest glad for.) :=)

Sjølv om det auser ned ute, betyr det ikkje at denne jomfrua har tenkt å halde seg inne. (Inne som i inne i heimen). Dårleg vèr betyr eigentleg at ein bør ta turen ned på shopping. Butikkane held seg forhåpentlegvis tørre innvendig og då er det jo alltid hyggeleg å ta nokre blikk på varene og kanskje svi kortet litt. 
Eg skulle gjerne hatt med ein hengar, men eg trur eg berre skal vere glad for at eg ikkje har det. 

Ifølge Vg, er det ei hytte som står i brann på grunn av lynnedslag. Så då er det vel ein prosentvis sjanse for at det kan skje her også (veeeeeeldig lite trolig). Vi å vel vere takksame for spaninga det gjer ved å vere usikker. Blir vi trufne eller ikkje? Haha......

Krf meiner rødgrøn familiepolitikk gjer høge aborttal. Så feil ein kan ta! For mykje feil sengehyggje gjer høge aborttal! Akkurat det er vel ikkje diskuterbart. 
Omfolk tok sine forhaldsreglar, ville dei ikkje blitt gravide og ei heller komen i ein situasjon der dei treng å vurdere det eine eller det andre. (Og ja, det fins sikkert unntak frå dette, men eg snakkar om den generelle graviditetsmengden av menneska her til lands......ikkje dei som er utsatt for noko kriminelt). 

Om folk vel abort, er det av di dei har blitt gravide og at det anten ikkje passar eller rett og slett ikkje ønsker born i det heile. Likevel, uansett korleis vi vrir og vrenger på det, så er det til sjuande og sist vi sjølv som gjer vala. 

No ser eg for meg at det er fleire som tenker at ein er uvitande som kan påstå slikt. At vi måtenke på dei som.....og dei som...... og så vidare og så vidare. 
Joda, eg er fullstendig klar over dei tilfella og at det er mange årsaker bak, Likevel er det mange heilt oppegåande folk som tar abort av di dei ikkje meinte å bli gravid og det rett og slett ikkje passar inn med planane deira. 
Hadde desse menneska tatt sine forhaldsreglar, ville tala vore mykje mindre og Krf sannsynlegvis litt meir nøgd med tala. (Egvil tru at talet må på null for å oppnå lykkestatus). 

No skal jomfrua ut i den vide verda og sjå i butikkar. Regn får vere regn. 
Ha ein fortreffeleg fin dag. Spesielt dei para eg kjenner som skal gifte seg i dag. Eg håper dei får ein strålande og minnerik dag!! 

Hasta luego! 

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar