mandag 26. august 2013

Etter å ha sett på VG-nett at det er ein hund som er riktig så lykkeleg og nøgd etter å ha blitt farga lilla, så tenkte eg "Nei, Knutsen, no er det jaggu på tide å blogge att!" Så her sit eg foran skjermen og er skråsikker på at ein hund ikkje har kjensler i forhold til slikt og at eigaren berrre er teit og innbiller seg at hunden er så lykkeleg pga fargen.
Betre sjølvtillitt osv osv.......bla, bla.......
Eg tenkte mest "stakkars hund".

Jenta som lekte med ilden. Er det berre eg som syns at denne boka er utroleg detaljert?
Tidlegare har eg høyrt at triologien til Stieg Larsson er knallbra og vel verdt å lese. No har eg starta med den første og ber til høgare makter om at det vil bli mindre detaljar etterkvart.
Detaljar er vel og bra, det, men eg har då vitterleg lest mange bøker opp i gjennom åra og veit at det fins grenser for også det.
At Salander er ein racer i matematikk, treng ikkje å kome fram ved å skrive veeeeeldig mange sider i strekk om Dimensions in Mathematics. Boka for dei største matematikarane........... Side opp og ned med formlar osv....
Det skal jo ikkje akkurat vere nødvendig å tenke så hardt medan ein les. Uendelege kombinasjonsmoglegheiter.......... Differansen mellom neste potens av 2 og 1..... og bra mange sider seinare, ser eg ikkje heilt at det har vore relevant for "storyen".
Det attstår å sjå. Kanskje eg tar heilt feil!

Viss eg skal nå målet mitt om å lese 40 romanar før neste sommar, så treng eg ikkje akkurat ei bok som sørger for at eg må tenke matematikk medan eg les.

Følg din lengsel. KK har overskrifta under kropp og sjel. Så spørs det kva dei meiner med lengsel. Ein lengtar jo etter bra ulike ting i livet.
Poenget er vel at KK meiner at ersom ein alltid tenker "safety first", kan ein lett gå glipp av spanande moglegheiter. (Det har ho nok særs rett i).

Kva er det som gjer at vi byrjer å lengte? For det må jo ligge noko bak......  Det er eit signal som sendes innanifrå og sørger for å la oss vite at det er noko som er ubrukt i oss.
Så kan ein like det eller ikkje.
Om ein vel å oversjå lengselen, så vil det fortsatt stå ubrukt......

Mange lengtar etter å få leve livet fullt ut. Alt for få gjer nett det. Lev livet fullt ut.
Draumane deira. Drøymen om å tørre å ta fleire sjansar. Ta steget ut av komfortsona si og sjå om sona vil utvide seg eller ikkje. (Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste veit kva ei komfortsone er).

Det er slett ikkje feil å søke tryggleik. Tvert imot. Det er heilt forståeleg. Det er berre det at dersom ein er komen dit at ein går og lengtar etter noko/nokon, kan det vere tida for å gjere noko med det.
Dersom ein blir i det "trygge", så er det klart ein veit kva ein har. For mange kan det vere godt nok......., men dersom ein ønsker ei endring og er villig til å hente fram litt villigheit når det kjem til risiko, kan ein faktisk oppleve at ein tar valg ein før ikkje kunne tru at ein ville våge å ta.
Resultat?? Kanskje oppnå det ein drøymer om........
Å ta det første skrittet dit ein ønsker kan vere tøft, men då er ein i alle fall tro mot seg sjølv.

Snart er det valg og landet rundt blir i desse dagar besøkt av kjente og mindre kjente politikarar som ønsker at folk skal stemme på dei.
Det siste er Frp som deler ut 50-lappar til folk av di Ap deler ut roser. Eigentleg berre teit. Rosa symboliserer noko og har vore eit varemerke i mange år. Viss dei ikkje klarer å kome noko betre, er det ikkje særleg kreative.

Bompengar........ Mange roper høgt om bompengar. Dei er imot det.
Joda, enkelte stader kan ein skjønne det, men eg vil tru at det er fleire stader det er urimeleg.
Eit enkelt eksempel på det er rett og slett: Kor mange bompengestasjonar er det ikkje som erstattar ei ferge? Det bygges bruer og tunnelar der det tidlegare har gått ferger. Bilistane slepp ventetid og fergekø. Mykje reisetid blir spara......
Kva kostar det eigentleg å ta ei ferge?
Kvifor klagar ein på at ein å betale bompengar på ei vegstrekning der ein tidlegare måtte ta ferge til ein pris som var mykje høgare enn det bompengane tilseier?
Kortare reisetid og billegare enn å ta ferga. Hallo??

Frå eg passerte Vøringsfossen og til eg kom heim hit, passerte eg ikkje ein einaste bompengestasjon bortsett frå i Trondheim. (Her er det snakk om å køyre i frå Hordaland til nord i Nord-Noreg!)
Den eine bomstasjonen kosta 5 kr. Den neste trur eg kanskje kosta 12 kr.
Ingen uoverkommeleg sum, med andre ord.
Har eg råd til å køyre bil 300 mil (tur-retur), så har eg råd til dei kronene begge vegane.

Kva med vegane her rundt om i distriktet? Er det ikkje ganske nyleg gjort utbetringar på dårlege vegar i Hamarøy? Berre eit lite eksempel i det store havet, men rundt om i landet er det tonnevis av slike småeksemplar. Der er heller ingen bompengestasjon.

Vi er ekspertar på å leite opp dei sakene som ein kan lage noko negativt ut av.
Om det er ei sak som er uheldig når det kjem til helse, slås det stort opp. Alle gladhistoriane kjem ikkje fram.
TV2 lyg og seier at dei har tatt 10 000 telefonar og skapt eit bilete av helse-Noreg som ikkje stemmer.
Dei kontakta 1700 og fekk nokre få svar. Spørsmåla dei stilla var veiledande......
Kor blir det av seriøsiteten? Betyr det ikkje meir for dei?

Vi har parti som er veldig mykje meir kapitalistiske enn det som har vore til no. Dei klagar på den store ulikskaen mellom fattige og rike her i landet.
Ser dei verkeleg ikkje at den kapitalistiske verda dei prøver å skape, vil gjere ulikskapen endå større?
At dei svakaste vil bli enno meir "uthengt"....... Eliteskolar for dei rike.....

Betre vegar, betre helsevesen, betre alt saman........og skattelette!! Eg trur ganskeså visst at det er fleire sentrale politikarar som må ha strøke i matematikk under utdanninga si!
Noko anna er ikkje mogleg.....

Kven er det som peikar på at det er mange årsaker til at enkelte sjukeheimar og sjukehus som slit? Det er ikkje alltid det at dei ikkje har fått nok pengar av staten som er skulda.
Kommunane får pengar dei..... Det er berre det at i kvar ein kommune så bur det mange slike som deg og meg. Personar som "ausar" ut pengar på dårlege prosjekt. Personar som fordeler pengar på ein liten økonomisk måte.
Som regel er det skule og helse som får li for nett det.

Staten kan gjerne pøse på med meir pengar. Det betyr ikkje at vi vil få betre skulevilkår. Det betyr ikkje at sjukeheimane vil få det betre.
For at nett det skal vere mogleg, må alt av pengar som kjem frå staten vere øyremerka dei formåla.
Kva er då vitsen med kommunestyrer rundt om i landet? Kva er vitsen med at lokale er med å styrer dersom staten skal styre kva pengane blir brukt til? Og kva menneske i dette landet er i stand til å ta den jobben det er med å detaljstyre kvar og ein kommune?
Eg berre spør......

Eg er sikker på at dei aller fleste kjenner til saker som har kosta mange kroner og som rett og slett er bortkasta pengar. Pengar som kunne vore brukt meir nøysomt.
At det er fleire kommuneadministrasjonar som gjer blaffen i kva dei ulike kommunestyra har vedtatt, fins det mange eksemplar på også. Administrasjonar som eigentleg har lite kontroll på det heile.
Eg vil tru at ein stor del av skuldtyngda også ligg der. (Og vi veit alle at dette gjeld kommunar med både blåe og raude leiarar).

Så lenge det fins "menn" heilt ned på bakkenivå, hjelper det ikkje uansett kven som styrer landet. Leiaren vil alltid ha "svikarar" under seg uansett. Noko anna er umogleg.
Difor er det viktig å sjå dei store linjene.

Å tru at pengar løyser alt....er som å tru på nissen. Det er nemleg ikkje mogleg å drive fleire skular og sjukeheimar utan ansatte.
Sjukeheimsplassar krever ansatte som kan ta seg av dei.
Kven skal tvinge folk til å bli sjukepleiarar? Eller lærarar for den del........
For tru meg.......Det er ikkje overfylt på høgskulane innanfor desse yrka. Det er ikkje der skoen trykker.
Det er mangel på folk som gidd.
Folk ønsker ikkje å bli sjukepleiarar eller lærarar. Då hjelper det fint lite med mange sengeplassar og pengar så det suser etter.

Når folk berre høyrer kor negativt det er å arbeide i helsesektoren.....er det då vitterleg nokon som trur at det lokkar folk til det yrket?
Media og opposisjonen har fokusert så mykje på det under valgkampen at det er sikkert fleire som tenker at dersom det er slik, vil ikkje eg arbeide i den sektoren.

Det meste som skjer i denne verda, heng som regel fast i ein heilskap som er vanskeleg å kome unna.
Fattigdom er det ingen som vil klare å utrydde. Slik er det berre. MEN vi må alltid halde fokus på det.
For at vi skal klare det, er vi avhengig av eit skattesystem.
Alternativet er lågare lønninger.........
Eg betaler meir enn gjerne dei skattepengane eg gjer, så lenge eg veit alle føremonene det gjer oss. Sikkerheiten det gjer oss.
Så kan vi gjerne samalikne oss med andre land som har "gode" vegar og liknande. For det er mykje viktigare enn at dei faktisk har eit mykje dårlegare helsevesen enn det vi har. (For å ta eit døme.........).

Vi veit kva vi har og vi har det jæ......godt. Nesten for godt, med tanke på at vi krever enno meir.
Vi vil uansett aldri bli nøgd. Uansett kor godt vi får det, vil vi vere misnøgd.

Klokka er sengetid og jomfra skal ta kveld.
Så med vissheita om at det spradarein lilla hund rundt der ute ein stad, så trur eg at eg får sove godt. Hunden er jo lykkeleg og då er det jo greitt! :=)

Ha ei fantastisk god natt!
Hasta mañana!

IWALY!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar