tirsdag 21. desember 2010

"Likegyldigheten er vår verste fiende."

Kva seier verdserklæringa til FN? Kvifor og korleis blei den laga? Kvifor blei FN stifta? Korleis bruker dei erklæringa til å arbeide for utvikling, fred og sikkerheit?
Eli Wiesel fekk oppleve skrekken på nært hald då han var fange i Auschwitz under andre verdskrig. Han har ytra det overskrifta seier, og eg syns den passer bra. Han har seinare mottatt Nobels fredspris for sitt arbeid for fred, forsoning og menneskeverd. Bodskapet hans var at vi må tilgje (tilgje, men ikkje gløyme). Det er viktig å ikkje gløyme, av di det då er lett for at vi kan bli likegyldige til det som skjer rundt oss. Kampen mot det er minst like viktig, og kanskje viktigare, enn kampen mot sjølve hatet.

Historien om Dei forente nasjonar........ Ein viktig dato i denne samanhengen er 14.august 1941. Vi veit alle at det er midt i 2.verdskrig, men veit vi kva som er spesielt med akkurat denne dagen? Joda.......Alle dei millionane av mennesker som blei drepne berre pga etnisitet gjorde noko med personar som har betydd mykje for verda. Personar som Roosevelt og Churchill. Churchill var ein drukkenbolt, men likevel spelte han ei viktig rolle. Desse to mektige menna møttes på eit skip i Atlkanterhavet. Årsak? Dei hadde samme ønske begge to. Fred!!!

USA var ikkje offisielt med i krigen enno. Likevel underskreiv både Churchill og Roosevelt "Atlanterhavserklæringa". Det er ein plan for korleis demokratiske land kunne samarbeide for å skape ei fredeleg verd.
Eg vil tru at det i prasis også vil seie at USA gjennom dette nesten forplikta seg til å bli ein del av krigen for å få det til.
Først 24.oktober 1945 (etter krigens slutt) trådte pakten i kraft. I dag kaller vi den for FN-pakta. I dag teller det 192 medlemsland.

Sjølve pakten viser heile tida til grunnleggande menneskerettigheiter. Så spørs det....... Kva ligg det i det begrepet. Det kan jo tolkast ulikt frå person til person. Difor var det viktig at dei laga eit dokument som konkret kunne vise kva menneskerettigheiter er for noko. Sjølve verdserklæringa kom i 1948. Ei fredeleg, fri og rettferdig verd var målet. Tja........ Vi er vel ikkje heilt der enno!??!
Det er ikkje nok å berre prøve å forhindre krig. Ein må også styrke dei sosiale, kulturelle og politiske menneskerettigheitane. Akkurat det er viktig om ein skal oppnå hovudmålet - fred.

Tanken om at alle mennesker er like mykje verdt, er ikkje noko som oppstod under 2.verdskrig. Den tanken kan ein spore heilt attende til opplysningstida (1700-talet). Den perioden var jo prega av tenkning.... Langt på veg er den tanken i stor grad oppfylt i mange land. Gjennom demokratier har fleire land bygd seg opp til å bli det dei er i dag. Veldig bra kan vi påstå, men det er ikkje nok å tenke innad i kvart enkelt land. Hovudbaugen no er dei store skilnadane som skiljer den vestlege verda frå den tredje verda, som består av fattigdom og elende.

Det er ikkje få punkter i meneskerettserklæringa. Den dekker ei stor breidde av rettigheiter...... Alle er født frie, ingen skal dømmes etter rase, farge, kjønn, språk, religion osv..... Slaveri er forbudt, alle er like for loven, uskuldig til det motsatte er bevist, rett til statsborgerskap, asyl, rett til å gifte seg utan avgrensninger av rase og religion (utan tvang), tanke- og religionsfridom,
................ Enno er eg berre halvvegs!
Rettigheitene gjeld, utan unntak, alle menneska i verda. Årsaka til at rettigheitane ikkje berre blei nasjonalt anliggande, er blant anna Hitlers brutale og nådelause framferd overfor jødane. Det gjorde at ein såg behovet for å arbeide internasjonalt. Rettigheitene er universelle og dei er individuelle.

Det er ikkje snakk om ein internasjonal lovtekst, og difor er den ikkje juridisk bindande. Det vil enkelt seie at dersom eit land bryt ein artikkel i erklæringa, kan det ikkje stillast rettsleg ansvarleg for det.
Noreg har ratifisert alle FNs konvensjonar om menneskerettigheitene og gjort dei til ein del av norsk lov. Det vil i praksis seie at vi er rettsleg beskytta mot brudd på rettigheitene.

Vi er komen langt, men enno er det slik at mange rettigheiter brytes kvar einaste dag rundt om i verda.(I stor grad). Akkurat det er godt dokumentert. Det viktigaste vi kan gjere for å hjelpe, er å halde fokus på det heile tida og la dei ulike landa sitt styre forstå at det følges med på heile tida. Eksempler som at born blir kidnappa og brukt som bornesoldatar er ikkje nytt. Helseskadeleg bornearbeid..... Pislkeslag og daud ved steining. You name it!
Pga ulik tolkning av rettigheitene, gjennomføres det enno daudsstraff. Fleire land har utelatt enkelte punkt når dei har ratifisert seg til rettigheitene.
Når det gjeld fattige land, er det mange andre faktorar som speler inn på kvifor det er mykje som ikkje fungerer. (Retten til mat, helsetilbod, utdanning osv......) Dei har rett og slett ikkje økonomi til å følgje opp noko som helst. Nettopp difor er eg tilhengjar av bistandshjelp og det at vi som er så rikt eit land faktisk bruker penger på andre. Ja, vi har mange i vårt eige land som slit..... Det betyr ikkje at vi skal slutte å bry oss om andre. Dei som klagar høgt på problema her....Kvifor gjer ikkje dei noko sjølv for våre eigne? I denne førjulstida er frelsesarmeen på alle senter for å samle inn pengar. Eg putter på ein seddel når eg går forbi og veit samtidig at eg har hjulpet eit menneske som stiller svakt her i vårt eige land.

I dag vil eg sjølv påstå at vi har ein like stor trussel på eit anna område. Trussel mot demokratiet....... Terror. Terrorangrep har prega oss fleir gonger og det er synd å tenke på at det mest sannsynleg berre vil bli verre. Skal verda bli styrt av at enkelte som ikkje får viljen sin berre kan true med terror?? Skummelt. Så den største krigen som utkjempes akkurat no er krigen mot terror. Det viser eigentleg kor vanskeleg det er å forene respekt for menneskerettigheitene med bekjempelse av terrorisme. Vi ønsker jo at den skal bekjempes, men samtidig må vi stille spørsmålet: Kor langt syns vi det er greitt at styresmaktene går i kampen mot terror?

I år hamna fredsprisen i Kina. For eit oppstyr!!!! Det er ikkje lenge sidan det var OL i Kina. Det satte dei kinesiske brudda på rettigheitene på dagsorden. Det er ikkje noko Kina syns noko om. Kina er jo det landet som er vansklegast å få til å inngå avtalar på klimatiske forhold også. ERg vil påstå at det landet er eit av dei verste. Det er berre å sjå på reaksjonane som kom i etterkant av informasjonen om kven som skulle få prisen. Alle møter med Noreg avlyst!! Stakkars mann. Ikkje eingong med heile verdas auge retta mot seg blei han sett fri. Kina har ein lang veg å gå.

Uansett...... Fredsarbeid nytter! Det er vondt og vanskeleg å lese om enkelte saker som skjer i verda med enkeltpersonar, men mange organisasjonar arbeider for at ting skal bli betre. Når nokon bryr seg, kan mykje positivt komme ut av det. Kvar einaste dag vinner menneskerettigheitene små og store sigrer. Internasjonalt press fører til at fanger lauslates, daudsdommer blir oppheva osv...

fredag 17. desember 2010

Å jul med din glede.....

Det er fredag, det er snart jul og det merkes godt på menneska rundt meg. Eg har vore borte ei stund no.....Ikkje for at det har vore så hektisk, men av di forholda ikkje har lagt til rette for at skriving har vore førsteprioritering. No er det slutt på det! I'm back.......

Eg har diverre ikkje løyst noko verdsproblem den siste tida. Ei heller merka eg noko særleg til fredspristildelinga i Oslo sjølv om eg var der på sjølvaste dagen. Nokre ambassadebilar og eit par politibilar var det eg kunne leggje merke til. (No er ikkje eg den som legg merke til alt heller, då...).
Den som var lukkeleg for at foreldra ikkje var heime, var sonen min. Han var rett og slett i himmelriket i fleire dagar og var redd for at han ikkje skulle få vere der lengre då vi kom heim att! Eg må no flire...... Etter å ikkje ha sett meg på ei veke, var det første han sa "Eg skal ikkje heim idag!!" Først etter å fått "det er greitt" av meg, kunne han kaste seg i armane for kos. Han var bra engsteleg for at han skulle få avslag på grått papir. (Han var jo hos søskenborna sine, og det er det gøyaste han veit).
Lille Iver har han forelska seg heilt i. Han seier ofte "Iver er veldig glad i mæ". Når saknet etter han blir for stort, byrjer han på faren og stryk han på kinnet og later som om han er babyen:=) Jaja......Berre han ikkje startar opp med å spørre meg etter baby. Då blir han skuffa:=)

Som sagt er det snart jul, og julestemninga er i rute. Eg går ut frå at dei fleste som var på skulen onsdags ettermiddag også har fått den. Flenke born og nydeleg song av kvintetten frå ungdomsskulen satte preg på dagen.
Sjølv fekk eg ein liten klump i halsen då dei minste (inkludert min eigen gut) kom inn i mørkret med høg og tydeleg Lucia-song. Det er rart med det...... Det er første og einaste gongen han får gjere det i løpet av sin skulegong. Han gledde seg slik og var så stolt. Då er det gøy å vere mor og få høyre og sjå på!

Medan eg skriv no, høyrer eg på ein kjempefin song eg fekk over mail her ein dag. Den er veldig fin så det er berre å la repeat-knappen stå på.

Det er fredag og helg..... Noko sikkert dei aller fleste syns er deileg!?! Likevel..... Ein må sove då også. Så no tar eg kveld for denne gong, men er snarare enn du trur attende.
God natt!

Part of me and part of you....

fredag 10. desember 2010

Kommer snart sterkt tilbake :=) Er berre ikkje heilt i slag til konsentrasjon enno.........

søndag 21. november 2010

Generation me.

Generation me. Kva i alle dagar er det?? Det er rett og slett så enkelt som at det er eit uttrykk for generasjonane som er født etter 1970. Akkurat det tyder på at eg også er ein del av "Generation me".
Desse folka er de som er dei yngste i dagens samfunn. Mange som i stor grad tar det som ein sjølvfølge at "eg sjølv" kjem først. Generasjonen har aldri skjønt det med at ofte må ein setje plikta foran seg sjølv. Ikkje så rart eigentleg. Kven er ikkje vekse opp med å høyre utsegn som "Vær deg selv", "Ha tro på deg selv" og "Du må lære å elske deg selv før du kan elske andre".

Aldri før har vi hatt så stor frihet og uavhengighet, men likevel så masse av depresjoner, engstelegdom, kynisme og einsemd.
Som born før dei høyre kor flinke dei er. Det er ikkje mykje som skal til før dei vaksne seier "Å, kor flink du er" osv....... Om ein er vant å høyre det for kvar minste ting ein gjer, ja, då vil eg tru dei ikkje får ei realistisk oppfatning av den verkelege verda. Det er større krav enn før til utdanning, du skal finne ein god jobb og du skal kjøpe hus. Forventningane er så store at det blir ei så stor grop mellom forventningane og den verkelege verda. Mange blir rett og slett skuffa når dei blir vaksne.

Generasjon direkte: Før var det mer vanleg å vere høflig. I dag er det meir slik at ein vel å vere ærleg og i same slengen er uhøfleg. "It's all about me!"

Generasjon selvfølelse: Born treng å ha det godt med seg sjølv og difor har skuler eigne program som sørger for dette. Enkelte vil ikkje gjere noko med sjølvbiletet til born, og difor lar dei vere å korrigere det dersom dei svarer feil i klasserommet. Så, er det då rart at dei blir overraska når dei møter det verkelege livet som vaksen.

Generasjon rett: Dei unges sjølvsentrering gjer at dei føler at dei fortener å ha rett uansett kva. I tillegg forventer dei at dei får arbeid der dei får ansvar heilt frå byrjinga av. At det er mange med masse meir erfaring "vører" dei ikkje.

Generasjon tynn-huda: Kom for all del ikkje å kritiser meg!! Eg kan vel ikkje gjere noko galt?! Så når sjefen ber dei om å skjerpe seg, ja, då skjønner dei ingenting (eller seier sjefen er ein fjott). Har nokon vore så uheldig at dei har kritisert nokon, så blir dei garantert baksnakka i form av at den som er blitt kritisert tydeleg seier at "han" ikkje liker vedkommande.

Generasjon drøym det umoglege-draum: Du kan bli kva du vil. Gje aldri opp draumen din. Ingenting er umogleg. Du kan ikkje skrive, men journalist skal du bli!

Generasjon få ei utdanning: Aldri før har det vore eit slikt press på å få seg ei skikkeleg utdanning. "Generation me" har lært at dei kan bli kva dei vil, men kva betyr eigentleg det? Mange sliter med å finne den rette vegen å gå. Det er eit slit å finne ei rett utdanning (for det må faktisk leggjast ein innsats i arbeidet), og det finnes alltid ei anna utdanning å ta om det ikkje blir vellukka.

Generasjon - vil ikkje kjede seg: Høgskulane osv forbereder studentane for ein arbeidsplass, men kven forbereder dei emosjonelt? Sjølvopptattheita og dei ulike karakterane som vises på tv,i spennande stillingar, gjer at generasjonen meg nesten står for fall. Ein trur at ein skal få så spennande jobbar at forventningane ikkje kan matche med realiteten.
Det må aller helst skje noko heile tida.

Generasjon - det er ikkje min feil: Borna klagar på læraren om dei ikkje skorer så høgt på skulen. Innsatsen som mangla frå dei sjølv er ikkje eit tema.

Generasjon - kan ikkje endre noko som helst: Kvifor bry seg med å finne ein god jobb når det til sjuande og sist handlar om å vere på rett stad til rett tid? Kvifor bry seg med å stemme når stemmen ikkje påverker i det heile?

Dette er ikkje eit uttrykk som er meint til å bruke negativt mot dagens unge. Det er mykje "trist" i endringa frå før til no, men i utgangspunktet er det meint som ei forklaring på kvifor enkelte ting er som dei er idag.
Om eg tenker meg nøye om, ser eg at det er mykje som stemmer med veldig mange av dei eg kjenner i den rette aldersgruppa. Spesielt det som går på å vere dårleg til å motta kritikk, snakke frå levra (som gjer at det blir uhøfleg), alltid vere skråsikker og seie ting på ein slik måte at det verker arrogant. Respekt for at andre er eldre enn dei sjølv eksisterer ikkje. Her er det mykje som har gått tapt. Eg vil sjå at mor mi ville akseptert det om eg hadde vore frekk mot nokon eldre enn meg sjølv då eg var yngre. Nei, stakkars meg då!
Eg har heller ikkje talet på alle dei "wanna-be"-personane som har vekse opp dei siste åra. Det er ikkje måte på kor mange som trur dei kan bli popstjerner, sånn heilt utan vidare. Så kjem det med å kjede seg på toppen av det heile........For ei herleg verd!!! Hehe.....

Puh.......Eg blir reint sliten berre av å tenke på temaet.

Snart er det jul, og det betyr at det heldigvis fins mykje anna å tenke på no for tida. Neste helg er det første sundag i advent. Då skal adventstjerna opp og julemusikken kan starte sitt inntog i stua:=)
Det betyr også at ein må byrje å tenke på kva ein ønsker seg under juletreet. I år ønsker eg meg harde pakkar. Bøker som "Sukkerdøden" av Unni Lindell, "Dypet" av Tom Kristensen, "Panserhjerte" av Jo Nesbø og sist, men ikkje minst "Morgen i Jenin" av Susan Abulhawa. Vinteren blir sikkert lang, og då er det jo fint å ha nokre bøker å lese på kalde vinterskveldar.
Er eg riktig heldig kjem vel nissen til meg også:=) Ja, eg trur på nissen.....Hihihiihhi.

Så, frå generation me og den norske jula, trur eg at eg følgjer på med litt kvile av dei små grå (som kan glimte til gong i ny og ne om dei ikkje blir utfordra for ofte!).
Hmmmmmm.........Eg såg meg rundt i stova og såg tilfeldigvis på dei som sit der borte i sofaen (skal ikkje nemne namn) og så var det gjort. Så når eg berre får flirt meg ferdig, så blir det bra. (Heilt normalt.....) Jaja.......Litt latter har vel ingen døydd av???!

You are the reason.
You are the reason I wake up every day.

onsdag 17. november 2010

Sover elgen nattestid??

Eit litt paranoid emne kvinnfolk (les: meg) lurer på dette.....eller i alle høve lurte ho på det. Jaja......

Måndagskveld (seint), det er mørkt og kaldt ute, litt snø i lufta og småglatt på vegen. Trøtt er eg også! Sjølvsagt er eg advart opptil fleire gonger om alle farane som kan oppstå og kor forsiktig eg må vere på turen heim (Eg er visstnok litt verdifull for nokon.....Tenke seg til det?? Hehe...)
Slike åtvarningar kan vere bra å få, men dei kan og ha motsatt verknad. I alle høve når det kjem til rare meg. Eg trur ikkje eg nokon gong har vore så sliten i armane som etter denne bilturen.
Heile vegen sat eg og tenkte på elg! Kva om den plutseleg hoppar fram på vegen? Då slit eg!! Difor er det jo særs viktig å ha på langlysa til einkvar tid. Noko som ikkje lar seg gjere om det kjem motgåande trafikk. Det kan jo skje sjølv om det er seint på kvelden. (Og det hendte seg at ein og anna bil dukka opp). Stressa?? Jepp, eller kanskje meir engsteleg og paranoid.
Kjempeskøy er det når trailere kjem i mot deg og du må dimme ned lysa. Det hjelper veldig på ei som allereie i tidleg alder var overnervøs for slike bilar. (Har sett nokre av dei velte som born). Det er ikkje mange åra sidan sist nokon hadde blåe lår av å sitte ved sida av meg i ein bil..... Eg er redd dei enno, men det tar seg vel ikkje heilt ut om eg kniper augene att medan eg har hendene mine på rattet. Det vil vel seie sånn sirka 50-50 % sjanse for heldig /uheldig utfall. Ikkje å trakte etter, nei! Eg tvinger meg sjølv, men pulsen er vel nærmare 130 i desse augneblikka. Det er berre slik det er....... Jaja. Dimme ned må ein uansett, og dei metrane frå ein dimmar ned til ein kan skru langlysa på att er jaggu meg lange!
Det er vel heller ikkje uvanleg at dei av og til er litt langt over i feil køyrebane. Gøy!!! (Nope..).

Så var det denne elgen då....... Eg var så elgkonsentrert heile turen. Såg eg nokon elg?? Niks!
Eller....no lyg eg. Eg såg ein. I Ballangsmarka! (Sjokk). Den stod ved nokre høyballar, men eg trur kanskje den aldri var i røyrsle. Uansett, eg blei ikkje mindre redd. Så eg spør: Sover elgen om natta??? Det vil jo vere ei gledeleg overrasking å gje meg om det stemmer. Det vil spare meg for bra mykje resten av livet mitt...:=)

Det er greit nok at ein må vere forsiktig om det er glatt på vegen. Eg lå heile tida under fartsgrensa, berre for å vere sikker. Det er ikkje populært om det kjem bilar bak......så difor var eg veldig flink til å blinke dei forbi meg. Kjempelurt!!!!!!!!! Då fekk jo dei lysa mine i speila, så jaggu meg måtte eg dimme ned då også. Det er altså ikkje særleg lurt å ligge bak andre i mørkret. Så då blei eg ikkje mindre stressa av det. . Med elgen liggande på lur i eine hjernehalvdelen og kort sikt............
Enno godt at det fins radio og cd-spelar i dagens bilar. Trur eg hadde blitt tøven om eg ikkje hadde det til å slappe litt av til. Altså.........Det skal visst ikkje så mykje til for å gjere ei skrullete dame nervøs. Sukk!
Eg er like heil enno og eg rakk heldigvis ikkje å bli schizofren på turen. Eg kan i alle fall ikkje huske at eg storprata så mykje med meg sjølv. Kven veit?? Etter å ha lese "Si meg hva du drømmer" er det stor sjanse for at eg ikkje veit om det sjølv dersom eg hadde små glimt av det.

Vel heime er alt berre velstand og eg kan puste letta ut, riste laust med armane og gle meg til ei innhaldsrik uke.

I miss you now tonight.
I miss you more than ever.
And if you only hold me tight.....

søndag 14. november 2010

Joda....

Heimlengt!!! (og eg kjedar meg). Hotellovernattinger er ikkje så kult når ein må vere der åleine og kvelden enno så ung. Enno godt dei har internett-dekning på romma. På tv'n er det Skavlan som intevjuer Sissel Kyrkjebø og Carola om tryggleikskjensler osv. Juhuu...... Skikkeleg interessant på ein slik kveld. Så er det vel også litt om den sanne og sunne kjærleiken. Jaja, dei er jo begge dei rette til å uttale seg om det.
Eigentleg er det heile fem personar som sit i ein ring. Alle fem har vore gjennom skilsmisser. Litt teit å kringkaste det gjennom tv, då??! Snakk om å utlevere seg sjølv. Godt at her ligg ein fjernkontroll.......Svitsj, og der var dei borte:=)
På tv2 er jo alt så mykje betre.......Nanny! Jøsses, enkelte slit! Litt for mykje utlevering av seg sjølv der også, men det er i alle høve ikkje tvil om at enkelte treng den hjelpa Nanny tilbyr. Eg blir berre overgjett. Stooooooort og flott hus. Reine luksusen, men kustus på dei fire borna sine? Nope.... Plutseleg er eine bornet borte. Megastor eigedom med usikra basseng. Eg trur eg hadde fått panikk av mindre. Ingen faste rutiner, dei eldste borna må legge seg først, alle sover i samme rom (lite) på trass av at det er eit megastort hus og for ein elendig kommunikasjon.
Faren er rimeleg defensiv når det kjem til familien hans. Ingen skal kritisere han! Mike James er så viktig at han ikkje treng å gjere noko som helst heime. Kjerringa må gjere ALT! Han må jo trene, og det i seg sjølv er utmattande nok...... Det er jaggu godt vi ikkje er toppidrettsutøvarar då. Trur ikkje eg ville ha takla presset. For ein fjøsnisse..... Ei forgylla verd utan logikk.

Nei....Berre møl. Eg trur eg skrur av både tv'n og dataen. Det er vel ingen som har tatt skade av eit par ekstra timar med svevn. Eg får la tankane flyte litt først......

tirsdag 9. november 2010

Tysdag 9.november

Vi er snart midt i november og det nærmar seg jul. (Nesten litt for fort). Dagane har litt for få timar, men det er vel ikkje akkurat nytt av året. Eg tenker som regel at eg har tid til det eg har lyst til å ha tid til. Det er viktig at ein set av tid til det ein likar å gjere.
No høyrest det nesten ut som om at eg er frykteleg travel. Eg er ikkje det!! Det er berre eg sjølv som trur det...... Joda, eg har mykje å gjere på arbeid, men eg har nok av høve til å styre ettermiddagen min sjølv. Det er berre at eg føler det er så mykje som står ugjort og ventar på meg. Det likar eg ikkje. Eg vil aller helst ligge foran skjema. (Det gjer eg altså ikkje....).
Når eg ikkje eingong klarar å legge bandnotane i system (eigentleg ei enkel sak), ja, då er det vel på tide å ta seg i nakken. :=)

Det har vore ein lang dag, men likevel ein interessant dag. For det meste har det gått på "diskusjonar" om engelskfaget. Det er utroleg nyttig å få innputt hos andre....... Så er det no eingong slik at vi er skapt for å skli litt ut også når dagane blir lange. Så for å gjere det litt meir interessant, fyller vi på med litt fordummande tv og slikt. Det er eingong slik at det er mange elevar som ikkje alltid gjer det dei skal. Kommentarar som at dei ikkje har hatt tid til å gjere alt osv førekjem med kvart. Det viser seg likevel at dei har hatt tid til den firkanta boksen på benken eller veggen i stor grad. Fordummande tv. Kva er det?? Heilt enkelt forklart er det tv som er så teit at dei faktisk blir dummare av å sjå på det. Det er mange program dei likar å sjå på, men fleire av dei er rett og slett heilt teite. Sjølv tenker dei ikkje over det. Dei flirer og koser seg program etter program. Dei mistar rett og slett evna til å reflektere.
Det kan jo vere greit å kome med eksempel på slik fordummande tv. "Bartenderskolen" skorer høyt der. Sjølv har eg ikkje sett eit einaste program (og burde vel difor ikkje ha noko meining om det), men etter å ha høyrt kva det handlar om..........Say no more!
Det fins kanskje ein måte ein kan bruke programmet til noko fornuftig på. Om ein diskuterer sjølve programmet som tema, og spør elevane om dei trur at personane eigentleg er slik dei blir framstilla, trur eg at ein kan oppnå gode refleksjonar hos elevane. Kanskje dei klarar å sjå forbi det dei eigentleg ser. (Gjer det noko meining???)

Eit nytt uttrykk eg lærte i dag er "Generation me". Eit genialt uttrykk som stemmer heilt perfekt på den generasjonen som er født etter 1970. Kva innhaldet i det er skal eg kome attende til om ein dag eller to, men det var veldig treffande det som stod om det!! Så då har eg noko å sjå fram til å skrive om. Det slår faktisk dei teite KK-artiklane. Hehe.....

Ein slik dag, som inneberer eindel reiseing og venting, betyr også god tid til å lytte til musikk. Litt flaut å seie, men eg har faktisk brukt all mi ledige tid i dag til ein einaste song. (Ein ballade av Celine Dion). Den er så utroleg flott og eg berre MÅ høyre på den om att og om att. Fergeturen gjekk rimeleg kjapt med kryssordblad og Celine Dion! Eg håper berre eg hadde vett nok til å la vere å synge dr eg sat. Det har skjedd før, så det vil i så fall ikkje vere første gongen. Jaja, det var berre ukjente trailersjåførar rundt meg. Eg overlever det også.
Dessutan var tankane mine heile tida ein heilt annan stad medan eg lytta:=) Eg trur eg er ganske god på å drøyme meg vekk!!

"Dagens" høgdepunkt har nok vore musikkøvinga. Eg blir alltid glad når det tikkar inn melding om øving frå favorittgitaristen min:=) Då veit eg at eg har noko å sjå fram til. Alt har sin sjarm!

Med musikkøving for kort tid sidan og Greys anatomy på tv-skjermen, er det lite tid til å ergre seg over kommunen sin heilt feilslåtte seniorpolitikk som blei pressa på i forhandlingane. Det kommer til å koste kommunen grueleg mange pengar om veldig få år. Dei det gjeld vil aldri stå lengre i arbeid på grunn av litt pengar ekstra FØR dei når rett alder. Dei er jo "spist opp" innan den tida kjem at dei kan velge å gå av. Dei vil ha fridagar. Det er det som er viktig for dei eldre. Men når det er vanskeleg å få dei som treng å skjønne det til å skjønne det......Jaja, det er vel det samme som å skyte seg sjølv i foten!
Ops......Litt dumt å nemne det når eg først seier at det er lite tid til å ergre seg over slikt. Godt det går fort over. Blikket opp på skjermen på veggen og seniorpolitikken er gløymt!! :=)

I morgon er det attende til USA, Sovjet og den kalde krigen. Reagen og Gorbatsjov var smarte karer og er nok ein av grunnane til at vi slapper meir av no enn for nokre tiår sidan..........

Jag trodde englarna fans.......

søndag 7. november 2010

Jul i vår stue!

Ja, det stemmer. Overskrifta er slett ikkje langt unna sanninga! Vi har delvis jul i stua vår. Det står eit juletre på litt over ein meter, vi har hatt pakker under det, litt julepynt på pianoet og i hyller og sist, men ikkje minst, pinnekjøtt til middag. Det rimer vel litt på jul....??
I samme vendinga kan eg vel seie, nei, vi har ikkje fått drypp eller noko som helst anna:=) Vi har berre fått Helene heim på førjulstur. Studenten skal nemleg vere i Sør-Afrika i jula. (Vil tru det blir rart for oss alle som ein). Så sidan ho av samme årsak kom heim ein snartur no, ja, då slo vi til. Litt gøy å overraske då!!
Snø utafor døra, glade jul i høgtalarane, raude servietter......Ja, stemninga kom litt sigande sjølv om det enno er ei stund attende.

Det er ikkje berre Helene som no har vore her heime. Vi har også hatt besøk av mamma. Difor den lille uteblivinga av aktivitet her på nettet den siste uka....
Med både søster og "mommo" på besøk, har det vore full tenning frå første stund. Eg skulle ønske eg hadde hatt ein fjerdedel av energien til ein viss kar. Så dersom ikkje han har hatt kjennsla av å vere i himmelen dei siste dagane, ja, då veit ikkje eg.
I tillegg til besøk, hadde "mommo" med nyskia vi har bestilt frå Bodø. Det var skøy!! Med nysø utfor veggane, bar det i full gass rundt om på plenen. Ingen tvil om at han elskar å stå på ski. No håper eg berre at snøen blir liggande ei stund!

Når ein har besøk, er det ikkje berre å ha tid til alt. Difor har KK måtta vike denne uka (heilt til i dag). No har vestlandsfrua forlete reiret her, og svigersonen kan puste letta ut. Han blei ikkje hengt denne gongen heller:=) Hihihi......
Eg har vore knalleffektiv, og det på ein sundag! Ikkje berre har eg retta matteprøver og ordna opplegg om den kalde krigen....... Eg har øva på kornetten (noko som eg eigentleg har vore flink til dei siste to ukene). Ein må det når dirigenten finn ut at ein av og til må få ei utfordring!

På bordet foran meg ligg det berømmelege KK-bladet og skuler på meg. Det er ei stund sidan sist. Eg har smugtitta i det......Av den enkle grunn at det på framsida står "Har menn alltid lyst på sex?" Lure meg gjekk fem på denne gongen. Totalt overbevist om at dei no har intervjua tre nye menn som skulle gje meg dei svara eg trengte, åpna eg bladet og så var det så kjedeleg som nokre myter. Som om eg bryr meg om myter om sex??!! Hallo........Gje meg heller fakta!
Men, sidan eg no ein gong måtte glo på denne såkalla myteartikkelen..........Eg klarar visst ikkje å la vere å kommentere den. Eg slit.........:=)

Første myte er at god sex betyr heftig og kreativ sex. Wow....akkurat det eg trudde, jo! Nope..... Kan eigentleg skjønne kva svaret dei vil kome med er før eg les det. Eg les det likevel....
Det er tydlegvis ein myte som vi kvinnfolk heng oss opp i. Hmm......Godt å vite! Masse bubbel og den gylne middelvei......jaja.....men kva er eigentleg svaret på myten?? Det står søren meg ikkje nemnt om den er sann eller ikkje. For noko vrøvl. Det er jo å kaste bort tida mi! Dumme meg må sjølvsagt fortsette....... Myte to vil kanskje bringe meg nærare eit svar? Norske par har sex gjennomsnittleg to gonger i uka". Bla, bla, bla.....Det e viktig å skilje mellom kva som er snittet og kva som er bra for deg og din kjære. Det spiller ingen rolle kor ofte det er, berre det er det som passer for dykk. Herreminhatt......... Eg ville vel ikkje få bekredta at sexlivet mitt er slik eller slik.... Eg ville vite om myten stemmer. Kan det ikkje stå f.eks at denne myten stemmer ikkje osv.......Jaja....
Nummer tre: Alle kvinner både har og liker oralsex". Eg trur nesten eg blir heilt svett! Eg kan aldri i min villaste fantasi kunne komme på å kommentere om det stemmer eller ikkje ut frå eige hovud. Det ville nok blitt litt for avslørande! Hehe..... Så den overlet eg glatt til bladet åleine.
Ahhh....Endeleg kunne dei avkrefte eller bekrefte ei myte. Dei har faktisk skrive som følgande: Det stemmer at det er normalt, men omfang og popularitet er likevel sterkt overdrevet! Juhuu. Det må i aller høgaste grad tolkast som at det er ei myte! Om kvinnfolk flest liker det eller ikkje, kan diskuterast. Det ein likevel veit, er at dei fleste gjer det uansett. (Heldige mannfolk....).:=)

Skreiv ikkje eg at det på framsida stod "Har menn alltid lyst på sex?"? Kan ikkje sjå at noko av det her kan svare på akkurat det spørsmålet. Så skjerp dykk i KK. Frontsida bør vel i ein viss grad speile attende på noko i teksten?!
Det er visst ei myte nummer fire også. Menn har alltid lyst på sex. Endeleg. Der byrjer det å likne på noko. Dei tenker på sex kvart sjuande sekund! Javel, det skal eg tenke på neste gong eg sit der og speler piano med gruppa. HAhahaaaa......
Mange kvinnfolk trur visst på dette. Difor blir dei også skuffa når mannen ikkje har lyst. "Kva er galt med meg??......osv...... Joda, kvinnfolk er ofte rare dyr!

Kva med denne? Menn har fleire sexpartnarar enn kvinner. Eg vil tru det kan vere vanskeleg å bevise slikt!??!. Bladet er faktisk einig med meg. Sexvanane sine er vel ikkje akkurat det folk er mest ærlege om i livet sitt, så studier ville nok berre vere delvis rettleiande.
Menn oppgjer ofte fleire partnerar enn kva sanninga er. Hos kvinnfolka er det motsatt. Dei skal gje eit så mest mogleg prektig bilete av seg sjølv som det går an å gje.
Single har mykje og spanande sex. Ha!! Aldri i verda. Det skal ingen påstå. I alle høve ikkje overfor meg. Eg vil tru at dei fleste single som oftast ordnar seg når dei er på fest, der skapningen dei har nedantil er halvdaud og det som verre er. Om ikkje det gjer dårleg sex, ja, då veit ikkje eg....... Eg skal sjå kva bladet har å seie. Skjønna det!!! Det er den myten som stemmer minst! Då er det stadfesta.

Til slutt: Sexlivet blir aldri det samme etter ein fødsel. I enkelte land er dei så desperate at dei tar keisersnitt på bakgrunn av denne myten. Ja, at vi lev i ei gal verd........ Her til lands blir myten samanlikna med menns frykt for ikkje å ha stor nok penis. Jaja.......Stakkars menneske. Om det ikkje er meir å vere redd for i denne verda, ja, eg seier ikkje meir.
Det er visst mange verdsproblem som treng å bli løyst.
Kvinnolk må berre sjå til å kjøpe KK. Der får dei jo svara........Så slepp dei å ha angst for at det er noko gale. Hihi.... Nei, det er godt at vi enno er nokon som lev i den rette verda!

No skal eg trø ut av mitt gode sinn og klatre meg opp ein etasje. Det er vel i morgon ei ny uke startar. Så får eg håpe på ei god og deilig natts svevn. KK legg eg glatt att på bordet her i kjellaren. Det var visst berre møl denne gongen:=)


The thought of you make me smile............

lørdag 30. oktober 2010

Helg!!

Det er laurdag og det er helg! Deilig med andre ord....... I går var eg full av energi (grensa til adhd), så eigentleg burde eg ha sotte meg ned for å skrive då. Tenker det ville ploppa ut mykje rart, fpr det var ikkje måte på kva eg klarte å lyre ut av meg i går! (Ikkje noko ille, vel å merke).
Eg trur eigentleg det starta med at eg fekk eit stort gjennombrot når det kjem til rytme i ein musikktime i går. Synkope er ikkje så lett for dei, men i går gjekk det som berre juling. Etterkvart som dei spela betre og betre, fekk eg energi etter energi etter energi påfylt. (Trur nesten dei må ha vore glad timen var over då dei gjekk derifrå!!! Dei tenkte sikkert "Makan te tulling!") :=)
Når ein først får eit slikt adrenalinkikk, er det ikkje berre, berre å komme seg ned att. Om eg ikkje tar heilt feil, byrja energien først å avta rundt kl,.23. Heldigvis var det ingen som klaga. Det beste var jo at då fekk huset seg ein omgang med pleie. Musikk og vasking går godt overens, og under vasking skal det gjerne vere litt høgt. Ofte er vasking pliktoppgåve, men i går var det ein sann glede!!
Det må vere ganske fint for ein mann å komme heim frå arbeid og kjenne den deilige kjøttlukta som kjem frå kjøkkenet, for så etter å ha ete få beskjed om å slenge seg ned på sofaen og sove ein god og lang middagskvil medan huset blir shina. Eg høyrde ingen klagar:=)

Eg kan dessverre ikkje skryte på meg den samme energien idag...... Sjølv syns eg at eg har fått gjort mykje, men det er slett ikkje av di eg ikkje klarte la vere. I dag slo plikta til, og det på ein laurdag. (Laurdag er vel strengt tatt ein fridag???)

Posten er ganske ustabil her......Er eg heldig, så er det berre min post i postkassen. Er eg ikkje heldig så har eg naboens post i min og han min post i sin. Eller andre som har samme namnet som eg......... Som regel får eg KK i posten kvar fredag (om eg er heldig). Det hender det tar nokre dagar ekstra. Det betyr at eg har vore heldig denne uka, for ellers ville eg ikkje sotte her og lest om Anette Stai, Unni Lindell, Liv Ullmann og Kari Bremnes no. Kva kan dei ha til felles då??? Eigentleg ingenting! Joda, dei er alle kjendisar.......... Det er ikkje berre derfor dei er med i samme reportasje alle saman. Litt derfor sjølvsagt, men dei har fått i oppgåve å skrive brev til seg sjølv som 30-åring!! "Jau,jau", seier eg!!! Hvis ikkje det er ei utakknemmeleg oppgåve, veit ikkje eg.
No har dei eit litt anna utgangspunkt enn meg i livet sitt, men hadde det vore ein stakkar som hadde foreslått at eg skulle ha gjort det samme.......Nei, det ville vore ganske så mislykka! Garantert!!
Kva er det naturleg å ha med i eit slikt brev? Eg vil tru at ein må ta med advarslar om enkelte ting ein har opplevd. Sjølvsagt ville eg tatt med at framtida er mindre stress enn ein som 20-åring kanskje kan tru. Ein har jo gjort seg fleire erfaringar opp gjennom åra. Likevel, eg trur det forventes at ein i eit slikt brev på ein eller annan måte skal advare mot å gjere dei feila ein gjorde. Så kan ein ramse opp fleire av dei tinga ein skulle ønske var ugjort. Eller.......... Sjølv om det moralsk vil vere rett å ønske det ugjort, er det slett ikkje sikkert at det er det eg eigentleg meiner. Dei einaste tinga eg, for min del, ville ha ønska bort, er om eg har vore direkte ufin mot nokon. Det skal ein ikkje vere. Ellers har eg sjølvsagt trødd over enkelte grenser og gjort ting eg ikkje burde. Likevel er eg ikkje så sikker på at eg angrar på det.
Nei.... Om eg skulle ha skrive eit slikt brev til meg sjølv: "Du skulle berre visst"....... Uff, det hadde berre blitt superteit. Det ville sikkert blitt minst 4 A4-sider fulle av mykje unødvendig skit. Eg er altfor frittalande og om eg skulle skrive om alle dei gongane eg eigentleg berre burde tidd stille, ja....Det hadde vel blitt fleire sider åleine, det.

"Evig ung" er tittelen på ein annan reportasje. Den har ein layout og ingress som gjer at eg får lyst å lese den. (Det er vel det som er målet deira også).
Den handlar eigentleg om at vi idag kanskje er litt aldersforvirra!! Akkurat den kjøper eg. Eg har faktisk vore inne på den tanken før.
Det er noko som ikkje heilt stemmer om mora på seksti år er sprekare enn dottera på 30. Sekstiåringen trener meir, reiser meir, shopper meir, går lengre skiturar osv osv......
Dagens bestemødre er spreke, eventyrlystne, sjølvrealiseringsorienterte og økonomisk ressurssterke. Dei er såkalla suprforbrukarar. Det er ikkje lenger slik som det var før då bestemødrene var gråhåra og sat i gyngestolen og strikka.
Førtiårskrisa er faktisk eit utdøande fenomen. Tjueåringane er enno tenåringer. Når eg tenker meg om, er eg nok einig i det meste av dette. I stor grad, sjølv om det fins unntak.

Så snur eg om sida og finner denne overskrifta: "Bør vi fortelje alt?". Hups.....Farleg å uttale seg om, kanskje...........?!?!?!?!?! Den viser i og for seg til ein god del ulike "tema", men likevel er det jo lett å skjønne kva hovudbaugen i eit slikt spørsmål er. Heldigvis er det ingen forskning som underbygger at det alltid er riktig å fortelje sanninga.
Det er nok greit å ta ei kvit, lita løgn om kjærringa spør om ho ser tjukk ut i den nye kjolen ho har kjøpt osv..... Det handlar på ein måte om å vise omsorg istadenfor å vere hensynslause.
Kva om ein er betatt av nokon på arbeid?? Bør det komme fram? (Berre for å avklare det, så er det heilt generelt eg meiner. Eg er alt anna enn betatt av nokon på min arbeidsplass. Så er det sagt!!). Hehehe... Noko slikt vil vel kunne skade meir enn det er gagnar for eige samvit. Ser for eit senario der, ja.
Eg trur eg stoppar der...... Det står så mykje, mykje meir på dei sidene, men eg finn det best å la vere å kommentere resten.

Det er laurdagskveld. Eg sit her åleine med min lille data. Ein ligg og får skjønnhetssvevnen sin medan den andre er på halloweendiskotek!! Halloween........Eg er imot det!! Det er jo ikkje ein tradisjon vi har her?! Med mindre vi kan kalle det tradisjon av di det no er nokre år sidan det blei brakt hit til landet. Handelstanden gjer sikkert store pengar på det! Eg er imot det, sonen min er 110% for det. Enno meir om det går an. Han har altså prata om denne kvelden og kor han gler seg i fleire dagar no. Når han våkner om morgonen, reiser han seg opp i senga og danser limbo. (Han må jo øve seg til konkurranse i kveld). Gud betre.....
I tillegg kan han jo lese...... så når han skal forklare så seier han berre l-i-m-b-o. Alt går i stavelser. Det er visst fryktelig morosamt! Sjå for deg ein lang setning og den tida det tar før den er ferdigsnakka........ M-a-m-a k-a-n æ g-å p-å d-i-s-k-o-t-e-k i k-v-e-l-d. Nok til å bli "hautullåt" av! Eg ser verkeleg fram til han kjem heim og skal fortelje om alle inntrykka for i kveld. Eg trur eg vekker den eldste og trør meg ein tur sjølv i regnvèret heller. :=)
Men, som Bjørn Eidsvåg syng......Når ungar lek, ler og har det godt. Ja, då er livet utrolig flott!


.......always on my mind, in my heart, in my soul.

mandag 25. oktober 2010

Måndag 25.okt.

Det er måndag, det er ny uke, det er nye sjansar..............
Haustferie, mykje arbeid osv = ingen tid til KK (før i dag). Det er nokre uker sidan eg sist las i eit KK. Kanskje like greit...... Så fekk eg sjansen til å bli spora over på noko anna. Det har vore haustferie og etter det har det vore veldig mykje arbeid. Det har resultert i at eg ikkje har følt noko behov for å tyngje det fagre hovudet mitt med meir lesing enn nødvedig:=) I dag gjekk det over...... Eit KK låg der så fint ved sida av senga og såg så innbydande på meg. Kva skulle eg gjere?? Eg kunne jo ikkje berre ignorere det heller. "Les meg"......Eg kunne høyre dei bedande orda som strutta i mot meg av lengsel etter omhug! Så då måtte eg berre løfte det opp og ta det med meg inn i sofaen, og her sit eg no.

Om eg tenker meg om så godt eg berre kan, ja, då må eg innrømme at det er ei stund sidan eg sist fann ein gjevande artikkel i bladet. Hmm...... Lurer på om det kan grunne i at dei ikkje har hatt med dei magiske, tre menn??? Ikkje utenkeleg. Dei har visst gått tom for idear! For eit tap for meg. Eg som lærte så mykje av dei!! Hehehe.......... Neida, det har ikkje rabla for meg. Eg berre manglar noko fornuftig å bruke tida mi på. Jaja.

Kva inneheld så denne ukas blad? Tja......Det står blant anna at meir enn halvparten av alle norske kvinner har ein dildo! Mange fleire vil ha, men dei tør ikkje heilt. Eg trur at eg set strek for det temaet med ein gong. Eg følte liksom ikkje for å diskutere temaet onani og hemningaene folk har i forhold til det. Det kan plutseleg ta litt av og det kan vi ikkje ha noko av. (Men eg les sjølvsagt artikkelen!!).

"Kven er i best form?" Ja, den hopper eg glatt over... "Kjærleikslivet til Mikael Persbrandt..." Ikkje av direkte interesse, nei. Då står eg vel berre att med "Kjærleik til overs". Den er jo forholdsvis grei, så då er det jo greit:=)
I overskrifta kan temaet eigentleg verke oppløftande. At ein har meir kjærleik å gje, er vel ikkje i utgangspunktret noko negativt (etter mi meining). I dette tilfellet handlar det om litt meir alvorlege tilfeller av kjærleik. Det handlar om dei borna som får for lite. Det handlar rett og slett om dei som har overskudd til å ta desse borna til seg for ein periode og gje dei så mykje kjærleik som det berre går an. (Slike folk står det stor respekt av). Beredskapsheimar kallar dei det.

Mange born strever av ulike årsaker. Born blir henta av årsaker som husbråk eller skytedrama. Det er no ein gong slik at vi lever i ei sjuk verd med mange galningar. Mange born lir under dette. Politiet må jo ein stad å gjere av desse borna. På to timar må ein beredskapsheim vere klar for å ta imot........ Ubetinga kjærleik må tilførast borna. Kanskje inneber det lite søvn og lange dager med tilvenning og håp om tillitt. Eg vil tru dei første døgera er ganske så intense!
Beredskapsheimar er berre midlertidige..........
Avskjedane kjem og eg vil tru dei er vanskelege dei også. Når ein først har opparbeidd tillitt, er det klart at borna gjerne vil vere der i den heimen. Det er ikkje slik det fungerer.
I tillegg er det viktig å få fram at eit slik tiltak krev at heile familien synes det er greit. Om ein har eigne born, krever det faktisk ein god del av dei også!! Dei må jo avsjå store deler av den omsorgen dei er vant med og overlate den goden til dei borna som plutseleg kjem.
Så all æra til dei.

Ellers har bladet intervjua forfattaren av boka "Saras nøkkel". Det er forøvrig ei bok eg har lese og funne veldig bra. Forfattaren er Tatiana de Rosnay og er ein av dei mest leste franske forfattarane. Boka er lest av millioner og eg vil tru at det er grunner til det.
Ut over dette syns eg eigentleg at bladet ikkje har så mykje meir å fortelje denne gongen. Litt synd. Eg gledde meg jo eigentleg til litt lesing i kveld, men blei rett og slett skuffa.
Eg lærte i alle høve korleis eg skal bryte hemningane i forhold til onani....så det er jo noko! Skikkeleg intellektuell utvikling med andre ord!!

onsdag 20. oktober 2010

Mimre, mimre....

Eg kom nett på noko eg tenkte å skrive om tidlegare i haust, før armen slo seg vrang. No kan eg ikkje lenger skulda på den, så då tenker eg at eg går litt attende i tid. Det var i dei tidlege morgontimane....... Både Steffen og eg var ute i god tid. Det var knallvèr og det var full aktivitet frå byggingsbransjen på nabotomta her. Ambulansestasjon seier dei at det skal endast opp med.
Som alle andre morgonar, hadde dei radioen på med ganske høg lydstyrke. Akkurat det er vel nødvendig om dei skal klare å høyre noko i arbeidsbråket.
Jaja.....Tilbake tl kluet. Dei hadde radioen på og vi starta på skulevegen vår. Vi kom ikkje lenger enn til postkassa før Matti Røssland ruva ut av høgtalarane. For eit flashback!!! Vår alles kjære Matti:=) Åh....kor eg saknar den tida! Trur kanskje bror min var kompis med han ei stund attende i tid.... Sjølv blei eg mo i knærne av søskenbornet hans.
"Tøffe tider" heiter songen som blei spelt for n'te gong i radioen. Veit ikkje heilt kor mange gonger den er blitt nynna på opp gjennom tenåra. Den var verkeleg ein hit på den tida. Seinare har han kome med tøffe låtar som "Stjålen båt" og "Lyseblå hagestolar". Det er nok ikkje meg han syng om i "Stjålen båt", men heldig er ho som har fått ein song skriven til seg.

Eg hugsar godt når Matti opptredde under Husnesrock i Husneshallen. Då var det ikkje så spennande med Morten Hjøllo og Divin' Ducks, sjølv om dei var 100 gonger meir kjent. I dag er nok Matti Røssland like kjent som han.
Vi digga Matti Røssland, men det var nok ikkje personen vi digga. Det var rett og slett mange av dei tøffe låtane som fengte så flott.
Spesielt hugsar eg ein song som eg trykte til hjartet mitt, men problemet mitt er at eg ikkje kjem på kva den heiter. Trur kanskje eg må be mamma om å prøve å sjå etter kassetten min som eg hadde. Det var jo sjølvsagt medan det enno gjekk an å kjøpe kassettar.

Eg var på tur på arbeid, ja, det var visst slik det var. Lett å skrive seg bort når ein mimrar........ Hehe........ Resten av den dagen gjekk eg og nynna på songen og eg leita den opp på nettet.
Eg var liksom ikkje heilt førebudd på at det skulle kome ein song frå ein kjenning over radioen her eg gjekk og trødde i ei nordlandsbygd langt, langt unna opphavsstaden. Det er nok ein grunn til at dei enno speler låter av han.

Det er nok hverken Matti eller søskenbornet hans som gjer meg mo i knærne no. Det er lenge sidan det gjekk over, men mo i knærne kan eg nok enno bli:=)

I must be crazy now
Maybe I dream to much
But when I think of you¨
I long to feel your touch.

tirsdag 19. oktober 2010

Bærekraftig utvikling.

Bærekraftig utvikling........ Eit uttrykk som kanskje treng ein definisjon?!
Bærekraftig utvikling kan forklarast så enkelt som at det er eit forsøk på å imøtekome behova og forventningane til dagens menneske utan å svekke sjansane til å innfri framtidige generasjoners behov og forventningar. Endå enklare sagt, er det slik at vi som lev akkurat no må forvalte jorda vår på ein slik måte at også dei som kjem etter oss skal kunne leve like godt som oss. Det handlar sjølvsagt om bruken av ressursar i eit langsiktig perspektiv.
Kort sagt kan ein seie at det er to hovudproblem som må følgast opp, CO2-utslipp og overfiske. Det siste er rein rovdrift på naturen.

Om ein går eit par hundre år attende i tid, vil ein ende opp i ei tid der det låg an til ein industriell revolusjon. Eller......Det er rettare å seie at det er tida for ein verkeleg industriell revolusjon! Kva har så denne revolusjonen ført med seg av goder?? Mange, spør du meg! Tenk berre på den handlefridomen vi har. Tidlegare generasjonar kunne berre drøyme om akkurat det. Av di vi har ein moderne kommunikasjons- og transportteknologi, kan vi kjøpe og selge varer og tenester produsert på eit kva som helst stad i verda.
200 år etter har vi endeleg skjønna kva industrisamfunnet og fossilt brensel gjer med naturen.

Det er nær samanheng mellom økologi og forbruk. Derfor meiner eg at dern jobber økologane legg ned er svært viktig. Ein skal verkeleg ikkje undervurdere det yrket.
Kva er det ein økolog gjer? Enkelt og greit......Han studerer økosystema på jorda. Ein kan blande inn ei vitenskapeleg forklaring av kva økosystem er, men ein forenkla versjon er at det er ei skildring av korleis plantar og dyr innanfor eit geografisk område er avhegige av kvarandre for å overleve.
For at vi menneske skal kunne leve og få i oss den maten vi treng, kan eg påstå at vi er avhengig av fotosyntesen. Den set igang planteproduksjon som er mat for planteetande dyr, som deretter blir mat for kjøttetande dyr. Vi veit alle kva store deler av folket lever av!
Så kan ein spørre om kva det har med bærekraftig utvikling å gjere.

Den industrielle revolusjonen starta ein kraftig vekst i produksjonen av forbruksvarer. Utvikling av ny medisin kom, og moderne jordbruks- og fiskeriteknologi gjorde det mogleg å mangedoble verdas matvareprodusksjon.
Her kjem kluet. Dagens industriproduksjon og industrialiserte jordbruk, skogbruk og fiske set varige spor i dei mange økosystema vi har på jorda.
Jorda, lufta og vannet blir gradvis øydelagt av industriell jordbruks- og fiskeproduksjon. Vi haustar meir og meir av naturen og det fins ei grense for kor mykje som er forsvarleg å hauste (med tanke på dei som kjem etter oss). Vi skal jo ikkje øydeleggje kloden vår!!

Global utvikling er eit tema som er heftig debartert dei siste åra. Dei blir aldri heilt einige, men 90% sikkerheit om at global oppvarming skuldast menneskeleg aktivitet held for meg. Det er nok til at eg tenker på temaet og ønsker at fleire skulle engasjere seg i nettopp dette. Eg er lite engasjert sjølv og eg kjem nok til å forbli det, men eg håper andre har litt betre vit enn meg på det området. Det er lett å tru at ein ikkje kan gjere så mykje sjølv, men det er jo berre tull. Eg kan sjølvsagt gjere mykje for å hjelpe til å minske prblema. Eg kan starte med meg sjølv og samtidig håpe at fleire gjer det same.
Ein kjem ikkje unna at oppvarminga har sine konsekvensar. Heitebølger som tar liv, ørkenspreiing, tap av plante- og dyreartar, ekstremvèr, surare verdshav, stigning av havnivået, isbresmelting, tining av tundraen og store mengder av CO2 og metan slippes ut. Dette for å nemne noko. Lista kan sikkert bli veldig mykje lengre......

For å klare å gjere jorda vår ein stor teneste, er vi avhengige at klimaverstingane hiv seg med. USA, Kina og India har tidlegare nekta å skrive under på avtalar som innebærer at dei må begrense eiga forbruk av fossilt brensel. I fjor snudde heldigvis USA og no er også dei med.

Det er fleire alvorlege måter som øydelegg økosystema våre. Fiskeriressursane våre overbeskattes. Det fiskes minst 50 gonger meir no enn det blei på 50-talet. Fleire stader blir våtmarkene drenert bort eller fylt att for å gjere plass til bygninger eller nye jordbruksområder. Jordbruksområder utsettes for omfattande erosjon og begyggelse. Dette reduserer jordsmonnet som matproduksjonen er avhegig av. Så kan eg nemne overbeite, avskogning og for høgt forbruk av vann enkelte stader.

Det er ingen tvil om at noko må gjerast. Kven tar ansvaret for det? Vi har folk som kjem etter oss. Forhåpentlegvis er det endå mange generasjoner etter oss som skal få oppleve jorda vår. USA har ny teknologi som kanskje vil fungere. Det handlar om å pumpe CO2 ned i havbunnen. Det skal prøvast ut. Så attstår det å sjå resultatet. Om det virker, vil det vere eit stort bidrag til å redusere CO2-utslippa globalt.

Internasjonalt samarbeid for bærekraftig utvikling er heilt avgjerande for framtida vår. Det er lov til å håpe.

Det er tid for Greys anatomy nå, så det får bli med det....... Kvelden har vore bra. Vi har øva, noko eg alltid likar, men det var ein som eg sakna.

Hasta luego....

søndag 17. oktober 2010

Trøytt.no

Trøytt, ja! Helga er snart over og eg har eigentleg eit lite ønske om at den kan vare ein dag ekstra. Eg har nok ikkje evner til å skape den ekstra dagen, så det er berre førebu seg på helgeslutt.

Vi har hatt seminar heile helga. Så no har det vore speling kvar einaste dag sidan torsdag. Det merkes godt at amasjøren ikkje er heilt på topp for tida.
Det har vore ei lærerik helg som er tilbrakt i lag med musikantar frå Narvik. Eigentleg har vi øva kvar for oss, medan det også blei tid til litt fellesspeling også. Då fekk vi kasta over oss to songar som skulle spelast på konserten i dag. Jippi....... Marsjen var i utgangspunktet heilt grei, men hadde eindel krumspring som skulle takast i løpet av songen. Etter ei hurtiggjennomføring av låta (bladspilling) spelte vi gjennom den andre songen. Namnet på den er "Samba loco". Tru meg..... namnet passar perfekt til songen. Om eg ikkje tar heilt feil så betyr namnet "den gale sambaen". Det var den!!!! Eg trur kanskje eg ikkje har spelt verre song før. Det var rett og slett eit hav av noter på arket. Så var det å få alle til å spele alle notene heilt likt. Utfordring?? Jepp:=) Det blei mykje rar speling. Det seier seg sjølv at når 8-10 trommeslagarar skal spille i lag, ja, då må det bli krøll. (Sjølv om den faktisk ikkje blei så ille på konserten).
Så kan det diskuterast kor vidt det er lurt å ha ein konsert som avslutning til eit seminar. Slitne lepper......eg sei ikkje meir.

Det er alltid viktig med eit hyggeleg, sosialt samver ei slik helg. Det blei det sjølvsagt sørga for også denne gongen. Det er stor fare for at mange koste seg i går kveld. Sjølv var eg litt usikker om eg skulle gå. Eg er glad eg valgte å møte opp:=)
Som på alle andre festar er det fleire som skiller seg ut mange måtar. Vi var ei stund usikker på om vi skulle skaffe til veie ein ADHD-tablett osv.......
Maten, bakalao og viltgryte, falt i smak hos dei fleste og det utvikla seg tterkvart til å bli ein kjempetriveleg kveld. Mykje fliring blei det i alle høve.
Det er vel ingen som kommer til å gløyme det fantastiske forsøket på å starte opp snøscooteren på scena.........
Hovudproblemet med slike kvelder er vel aller helst at ein ikkje har vett nok til å ta kveld på eit høveleg tidspunkt. Det var nok tungt å spele for dei aller fleste, inkludert meg, i formiddag. Det ville gjort seg med eit par timar ekstra svevn!! Det er no på ettermiddagen ein kjenner at det blei litt for langt inn i det nye døgeret før ein la seg. Jaja.....Sjølvgjort er velgjort. Ingen å skulde på her i garden.
Uansett, prikken over i'en mangla i går kveld, utan at eg skal utdype det noko nærmare......

Helga er over, det er på tide å forberede seg på den nye uka som kjem. Det er fleire ting å sjå fram til, så det blir nok ei bra uke:=)

I wanna hold you close,
I wanna feel your breath.
I wanna hear you say the words.......
I love you.

tirsdag 12. oktober 2010

Tysdag 12.oktober.

Eg byrjer likesågreit med slutten...... Eg er på tur i senga og med meg skal eg ha eit juleblad. Jepp, det er sant. Eg trur det ikkje heilt sjølv, men det er fakta. I går, då eg var ein snartur innom butikken, kjøpte eg eit juleblad.
Dette bladet er hverken full av julegavetips eller liknande. Det er rett og slett tips til ting ein kan lage for å pynte huset til jul. (Det vere seg oppdekking av bord, pynt på hverandaen, vindauga osv...). Eg har ikkje byrja å tenke på jul enno, eller, det vil seie at eg hadde ikkje ofra jula ein tanke enno, før i går....... Så gjekk eg rett i fella!!! Kvart år "klagar" eg over at dei startar med alt julestyret så tidleg. Eg er eigentleg heilt imot at det skal vere noko som omhandlar jula i butikkhyllene no! Det er berre eit triks for å tene meir pengar, og gjekk fem på! Sukk......., og sjølvsagt har eg ikkje vit til å la bladet ligge ei stund framøve. Eg skal sluke i meg alt av informasjon. Jaja........Ein veit vel ikkje betre?!

Greys anatomy er akkurat ferdig. Det rare er at der var det jule- og nyttårsfeiring på gong. Det kan virke som om heile verda samarbeider om å spre jula ut til folket i oktober! Normalt ville eg ha sitte i sofaen og sett på Medium no, men eg vel å la vere. Vil ikkje risikere at det samme skjer der.

Det er tysdag og det har vore ein fin dag. Etter å ha vore på skulen i formiddag, bar det vidare til Oppeid på møte. Eit innhaldsrikt sådan:=) Eg gler meg til dei neste tre vi skal ha. Då gjer det ingenting om dagane blir lange.
Ekstra bra blei det då eg kikka innom mobilen og det låg ei melding til meg der. Øving! Jippi!! Eg klarte helidigvis å styre mi begeistring overfor dei andre:=) Uansett, eg fekk plutseleg noko å sjå fram til. Det er alltid fint å vere på øving!
Sjølve øvinga var vel de beste biten av dette døgeret. <3

Nei, eg trur eg er for trøytt til dette. Eg antar eg skal skrive litt om bærekraftig utvikling i morgon. Så får eg sjå kor det endar. Må tenke litt meir på temaet først!!

You are so beautiful to me......

mandag 11. oktober 2010

Bistandsarbeid.

Når det gjeld bistand og utvikling er det eitt spørsmål som må stillast. "Kvifor er innsikt i lokale forhold og behov minst like viktig i bistandsarbeid som fagkunnskap og kapital?"

Først må eg vel kanskje definere kva eg legg i begrepet bistandsarbeid. Bistandsarbeid er kampen mot fattigdom. Enkelt og greitt! Så spørs det om bistand fungerer slik det i utgangspunktet skal (som hjelp til dei aller fattigaste).

Fattigdom er på lik line med apartheid og slaveri menneskeskapt. Det er kun menneskelege handlingar som kan avskaffe det.
Ordet bistand blir brukt om overføringen av ressursar frå eit land til eit anna i form av gåver, ekspertise eller rimelege lån.Hjelpa skal baserast på mottakarens premissar og ikkje dei føremoner som gjevaren kunne ha fått. Det er viktig å få med at militær hjelp ikkje kjem under det som kallast for bistand.

Om vi går attende til kolonitida, så oppstod der store forskjeller på fattige og rike land nett på den tida. Kolonistane sørga for at kolonilanda ikkje kom seg opp og fram. I staden for brukte dei koloniane til å sjølv bane seg vei mot rikdom.
Eksempel på det kan vere at dei henta ut mest mogleg billege råvarer til eiga bruk. Utbygginga av infrastrukturen var ikkje til noko føremon for dei som budde i koloniane. I utgangspunktet blei vegar og jernbanar bygd frå dei råvareproduserande delane av landet og ut til hamnene ved kysten. Derifrå blei varene frakta til kolonimakta.
Forutanom dette blei det brukt ein metode som i dag er kjent for "splitt og hersk-metoden".

Galskapen er prøvd retta på etter denne tida. Noreg er eit land som gjer ganske mykje bistand. Noreg har jo alltid hatt misjonærar, og bistandsarbeid blir på ein måte ei vidareføring av tradisjonar dei har bygd opp.
Problemet har vel aller helst lege i att vi nordmenn føler oss litt for gode. "Er du norsk, er du ekspert". Det er ei haldning ein ikkje kjem langt med. Bistandsarbeid er kjempeviktig, men som eg skreiv i innleiinga mi så er det eit viktig spørsmål som må stillast. Det er spørsmålet om innsikt i lokale forhold og behov. Har ein ikkje det, er det stor sjanse for at arbeidet ikkje lukkast. Det kan kanskje ha kortvarige betringar, men på sikt kan det øydeleggje meir enn det gagnar. I enkelte tilfeller skjærer det seg heilt.
Eg bør vel kanskje komme med eksempel på dette for å få fram kva eg eigentleg siktar til her. Det har vore saker som har vore mindre bra, der Noreg er eine aktøren. Masse pengar er spruta inn i prosjekt som har vore bortkasta.
Krealaprosjektet var i manges auge ein fiasko. Det var ei modernisering av fiskerinæringa i "India". Denne utbygginga førte til eit sterkt overfiske og ei utarming av naturgrunnlaget. Dei tradisjonelle, fattige fiskarane fekk lite ut av prosjektet.
Så har vi Turkana-prosjektet. Eit område som er klassifisert som halvørken. Nomadane der levde av dyrehald. I 1960 var det ei langvarig tørketid. Det blei nød og Noreg skulle stille opp. Prosjektet skulle gjere nomadane om til bufaste fiskarar og jordbrukarar. Ved hjelp av vanningsanlegg skulle store landområder dyrkes opp.

Det meste gjekk galt. Det burde ein jo sjølvsagt ha forutsett (dersom ein hadde hatt innsikt i lokale forhold og behov). Vannstanden sank heile 17 m under byggeperioden. Jordbruksdelen av prosjektet fungerte heller ikkje. Det blei planta ein amerikansk plante for å få stoppa erosjonen der. Denne planten skulle binde jordsmonnet. Planten er i dag blitt eit kjempestort problem. Den sprer seg hurtig, danner tett krattvegetasjon og er i tillegg giftig for husdyra!

Det er fleire årsaker til at det gjekk galt...... Samaarbeidet mellom Noreg og Kenya kunne ha vore betre. Det var manglande forundersøkingar, og dei bagatelliserte problemet med å omdanne ein tradisjonell nomadekultur til ein fastboande fiskar- og jordbrukskultur.

Heldigvis er mange blitt flinkare til å kombinere lokalkunnskap med moderne teknolog. Også samarbeid med lokalbefolkningen og ansvarleggjeringing av lokale styresmakter er blitt viktigare.
I Namibia sa dei "Vi ønsker ikkje skolar og vegar frå dåke, men sjansen til å tene på fisken vår, slik at vi kan bygge det sjølv". I samarbeid med Noreg klarte Namibia å få kontroll over eigne fiskeressursar og dei fekk bygd opp eit havforskningsinstitutt til å overvåke ressursane i havet. I dag sysselsetter fiskeindustrien over 13 000 mennesker (mange av dei kvinner)!! Dette er eit eksempel på godt bistandsarbeid.

Noreg har sju hovudsamarbeidsland som vi gjer bistand til. Det er Tanzania, Mosambik, Uganda, Zambia, Malawi, Bangladesh og Nepal.

"Vi trenger ingen almisser, vi er ikke tiggere. Hvis vi får en anstendig pris for kaffen vår, kan vi klare oss uten veledighet". Ein setning som nok vil gje mangen bismak....... Det er ikkje meir som skal til.

søndag 10. oktober 2010

Sukk....:=)

I dag har eg høyrt på den nydelege songen. Garth Brooks med "To make you feel my love". Eg trur kanskje det er Bob Dylan som har skrive teksten? Uansett, eg har aldri høyrt den før og den var kjempefin.










lørdag 9. oktober 2010

Toback in Norway!! :=)

Toback.........attende/tilbake........ Det er visst den nye oversettinga av ordet. Eg overhøyrde at dei foran meg på flyet flirte og lo av at det var så mange som trur at det er rett oversetting. Sjølv trur eg dei fleste berre fleiper i så måte??!!
Uansett, eg er attende i vår kjære nordlansbygd. Borte bra, men heime best. Bra ordtak eigentleg. Det er svinaktig godt å vere heime og skal sove i eigen seng, MEN, eg kunne likevel tenkt meg å vore borte ei uke til.

No skal eg prøve å lage ei "lita" liste over kvifor ein bør velge Alcudia og La dorada (Prins otel) som sitt neste reisemål:
- Barnevennlig
- Roleg nattestid
- Fine rom/leiligheter (stoooort bad og soverom, stue og eit lite kjøkken).
- Masse (!) basseng (vann "overalt"), innebasseng, boblebad, treningsrom, badstu osv...
- Du risikerer å spise deg halvt i hel (Er det positivt??????)
- Minidisco med opplegg for born kvar einaste kveld
- Barneklubb på dagtid
- To tennisbaner, sjakkbane, bordtennis, biljard, hoppeslott
- Ponniridnig
- Bar (ute og inne) og restaurant
- Vasking av rommet kvar dag
- Spanjolene KAN kunsten og får deg til å føle deg spesiell
- Skokastingsbane!!!!!!
- Underholdning kvar kveld (Ekstremt spennende til tider!)
- Gratis trådlaust Internett på rommene
- Drops på rommet etter vasking
- Stilfullt
- "Hotte" badevakter med SOS på ryggen (Vi vurderte å teste SOS'n nokre gonger, men motet svikta - synd)
- Ansiktsmaling, leikeplass, skattejakt osv.......
- Kort veg (200m) til stranda. (Der var det verkeleg fint. Kjempefin badetemperatur.)
- "Hotte" badevakter også på stranda.
- Sandslott
- Massasje og fletting av hår.
- Kort veg til marked.
- Hotell med veldig høg standard!!!! Anbefales.
- Dessertbordet må ikkje gløymast. Viktig!
- Eve's Mojito
- Dei lar borna bestille sjølv og så kommer dei berre med regninga til oss (Hehe.....) Standarduttrykk frå min kar: One cola!! Gracias.
- Du får sannsynlegvis eindel av songane der (spes. ein på hjernen)
- Ingen 4 cl's regel der nei. (Ikkje akkurat på hotellet, men borti gata).

Lista kan fortsette i det uendelege...... Berre spør Eve. Ho fekk ein fantastisk venn i lille Lois nest siste kvelden. Han var (er) ikkje stor, men jaggu meg var han søt!! Akkurat passe lang og rund på toppen.

Likevel......... Det er nokre aber med slike steder også.
1) Du må stå opp kl.04.00 ved avreise. Drepen, kallar vi det. Du har såvidt sovna og så skal du plutseleg opp att. Frukost midt på natta. Hallo!?! Det var nokre skeive auger, ja.
2) Du risikerer at du vil attende. (Ikkje bra med tanke på at ein aller helst vil oppleve mest mogleg av denne verda).
3) Altfor mykje god mat.
4) Menn i trangtsittande badebukser som ikkje overlet noko til fantasien.
5) Du blir påprakka "fake-solbriller". (Men det er jo standard over alt). :=)
6) Du blir obs på kva norske menn ikkje kan. (Våre eigne)...... Spanjolane kan kurtisere!!!!!! Det er ikkje måte på kor stor pris dei set på oss.
7) Sidan det er familievennleg, må du ta med deg både mann og born. Med tanke på shopping så er det håplaust. Det må nok ein jentetur til.
8) Hotellet ligger i eit område der dei ikkje sel Roma (parfyme). Det gjorde forøvrig ikkje taxfreen heller. (Trudde alle hadde den....?) Ca, 200 ulike parfymer lina opp, og så manglar dei den beste...:(

Jaja..... Vi har hatt ein fantastisk fin tur til Alcudia. Vèret har vore toppers for det meste, og vi har kosa oss både ved basseng og hav.
Det er nok ikkje siste gong eg set føtene mine der.
Ellers trur eg det er bra vi er komen heim. Det er tendenser til at det er ein liten gut som trur han er grueleg god i spansk no. Kanskje like godt å stoppe han no før han blir litt for verdensvant:=)
På ferga i stad sa han til kassadama: "Du, æ kan spansk!" Ho blei jo kjempeimponert og ville høyre han prate litt. "Si", sa han og gjekk. .......Hehe.

You make me feel......

fredag 8. oktober 2010

onsdag 6. oktober 2010

Un dia muy buen.

Livet er herleg i desse dagar!! Det er sol, sol og atter sol.
I går kveld valgte vi å finne ein annan stad og ete berre for å ha prøvd noko anna...... Det funka ganske bra. Sjølv om vi er veldig nøgd med staden her, var det ganske greit å prøve noko nytt. DEt beste er at veldig mange stader har dei tatt lærdom av at mange har born med seg og lagar opplegg til dei:=)
Eg veit ikkje kven som hadde set skøyast i går......Mannfolka sine mislykka forsøk på å flørte med servitrisene, eller vi kvinnfolk som faktisk fikk tilbodet om å bli med eine kelneren!??!! Seint blei det i alle høve.

I dag har vi hatt eit fantastisk vèr. "Kjærringan" tok turen på stranda rett over gata medan borna hadde pappadag. Det fungerte utmerka (i alle høve for oss). Så no har vi verkeleg fått slappa av og bada i havet. Det beste med dagen var vel den deilige massasjen vi fekk. Sjølv om massøren ikkje var verdas kjekkaste mann, var han dog flink. (......og vi likar at menn gnur på oss!!!!).
I tillegg var det ei som fekk gleda av å flette håret mitt. Berre så synd at eg ikkje tenkte på det med det samme eg kom ned hit. Helsebot, ja!!!

Ein ting har vi forstått her nede. Her spises det dessert til alle måltid. Veit ikkje om andre stader eg har vore som har laina opp lange dessertbord til frokost. Vi kan velge mellom det meste av mat og desserter. Eg trur eigentleg vi nesten et oss ihjel. Det blir hardt å kome heim att.

Ellers er det gøy å sjå kor lett borna hugsar spanske ord og songar. Det brukes verdskjente bornesongar i opplegget her, så borna veit kva dei syng sjølv om det er på spansk.
I går kveld gjekk dei glipp av showet sidfan vi åt ein annan stad. Trur ikkje dei er så lysten til det i kveld......så vi får sjå.
Det er i alle høve helsebot å vere her i sola.

I morgon skal vi attende til stranda. Då tar vi i med borna også. Kanskje blir det meir massaje på oss.
Vi får sjå........... No vil eg berre ut på shopping. Det er rart med det.......shopping er gøy:=)

Caveza ombro pierna pieze.........

When I need you
I just close my eyes and I'm with you.......

lørdag 2. oktober 2010

Deilig!!

Joda, overskrifta passer perfet. Eg har det ganske deilig her eg ligg i ei seng langt, langt borte......... Dagen har vore bra lang, men det har verkeleg vore verdt det. Så har det også blitt sagt ein del artige kommentarar i løpet av det siste døgeret.


Ikkje berre har eg sørga for å snakke meg til at dei måtte ta av meg gipsen (bandasje fungerer vel greit det og???), for i samme slengen har eg sørga for at eg slipp å få ein kvit arm og ein brun. (Ja, for ein bandasje kan ein vel lure av seg av og til....!!). Ergo kan eg nyte dei neste dagane for fullt.


Det heile har vel ein start....... Klokka var 08.00. Ingen av oss kjente vel eigentleg for å vakne opp så tidleg ein laurdags morgon. (Spesielt ikkje med tanke på at eg har en son som var grueleg glad for å treffe søskenborna att slik at klokka blei nærare elleve før han kom seg i seng. Sjutida er vel meir i rett høve for han.

Avgang til flyplassen skulle vere ca kl.09, og det er vel ingen i familien som er kjent for at dei er ute før dei må...... (Har ein vag hukommelse at det er mangen som rekker ferga sekunder før ho skal gå....) Jepp, that's my "family"...... Veit ikkje om det kan vere eit syndrom?!

Uansett, vi var litt sein i dag, men dog ikkje seinare enn at vi hadde god tid til å slappe av før flyet skulle lette.


Det er vel aldri slik at ein kan dra på tur utan at det er nokon som stikke seg litt meir ut enn andre. Medan vi satt og venta på flyavgang, var det sjølvsagt ei som måtte krangle med desse securitasvaktene eller kva dei no er. Ho trudde tydlegvis at reglane gjaldt for alle andre enn ho. Jaja.... Det roa seg no etter kort tid.


At lufttrykket er annleis oppe i lufta enn nede på bakken, ja, det veit vel alle? Likevel har eg eigentleg aldri erfart det sjølv på anna måte enn at ein kan få litt "dott" i øyrene. I dag slå den delen til for fullt. Både kjekspakken og ostepoppen til minstemann var oppblåst....... (Til det ytterste!). Ein kan trygt seie at det smalt då han skulle opne det, og ein kan trygt seie at kjeksane ikkje holdt seg i posen. Ein eksplosjon der kjeksane flaug imellom.......joda.


Over fire timer på fly kan virke ganske lenge for born. Derfor er det ganske greit at det er to av samme alder. Det gjorde turen litt kjappare unnagjort, i tillegg at det er meir "gøy" for oss vaksne også. Vi får liksom litt meir å snakke om..... (Veit ikkje heilt om de som satt foran oss var like einige i det...). Vi blei også kjent med ei som snakker fire gonger meir enn meg.....huttetu. Trur kanskje det var prosenter i alt ho drakk og at det kan forklare litt av det.


Vel framme var det ein time på bussen. DÅ byrja vi å merke at borna var prega av all stillsittinga den dagen. Dei prata i eitt heile busstrekninga, og det var ikkje måte på kva dei fann på for å ha det skøy. For å nemne noko, kan eg seie at ostepop i øyrene er veldig gøy.

Vi måtte rett og slett innføre stilleleken. Den som var stille lengst, skulle få ein euro. Problemet med så små born er at dei endrar reglane på det meste (slik at det alltid går i deira favør). Eg veit ikkje kor mange gonger vi måtte prøve på nytt og på nytt.......


Ellers så har eg funne ut at enkelte ting er det best å teie stille om. Steffen var litt for ivrig med å dulte i setet mitt. Irritert fortalte eg han om at i Spania så er det slik at alle måtte vise respekt og høyre etter kva dei som er eldre enn deg sjølv seier. (Det innebar at han skulle la vere setet mitt ved FØRSTE beskjed). Joda.........Det kommer til å forfølge meg resten av ferien. Den første kommentaren som blei sagt rett etterpå var at den setningen skulle eg få bite i meg.
(Sjølvsagt må det vere slik at eg er den yngste av oss fire. Med tanke på at eg liker å gjere litt ugagn, ja, eg seier ikkje meir.)


Etter å ha konstantert at vi var sikre på at sjåføren har betalt for kvar køyrde kilometer han køyrer, var vi endeleg framme ved hotellet. (Då hadde vi sett fleire av hotella opp til fleire gonger).
Men, vi blei ikkje skuffa. Det er eit utroleg flott kompleks vi har hamna i. Megastore bad, stort og fint soverom og eit opphaldsrom som det står stil av. Her blir det bra å bu!!!! (Her er heile fire basseng).

Bufèen i restauranten innheld det meste av matsortane og det er show om kveldane for både born og vaksne. Opplegget i kveld var knalltøft!!

Hovudaktiviteten til borna er foreløpig skokasting. (Dei kastar sko med føtene). Det verste er at dei klarte å lure mannfolka med på det ogå. Det såg rimeleg teit ut, og eg har foreviga det!!! Vå lille venninne var så god at skoen hamna på taket heile to gonger. Tar eg ikkje mykje feil, ligg den der enno......

___________________________________________________________________

No er det gått eit par dagar og vi lever framleis. Borna har storkosa seg med bading, ansiktsmaling og danseshow. I tillegg var det eit megabra afrikansk show i går kveld. Eg datt ut av tellinga på kor mange gonger Steffen sa "herremin" i løpet av showet (av di han var imponert).

I dag var vi inne i Port' d Alcudia. hyggelege drosjesjåfører sørga for å få oss heilberga fram. Por favor..........
Shopping?? Nope, det er ikkje noko som passer å gjere når ein drassar på små born. Eg trur kanskje at det må ein damekveld til for å få gjennomført det. Herved er det bestemt!!!!

Eg gløymte å fortelje om dei fantastiske vrikkeøvingane vi utførte i går kveld. Vi blei utfordra til å delta i litt afrikans dans. Oh, my God!!!! Trur dei fleste må ha tenkt sitt, ja:=) Vi var dog sporty!!! (Er stygt redd for at mannfolka ikkje kan skryte på seg det).
Dei ist jo ikkje eingong å løfte revo så dei kan studere fine senioritaer.

No er det litt kvile før det braker laus på ny. Det er uansett deilig å vere norsk i Spania:=)

onsdag 29. september 2010

"Vi skiller oss".

Det er vanskeleg å skrive med venstrehanda, men no syns eg det er gått så lang tid at eg ikkje klarer å la vere likevel. KK har framleis glimrande artiklar!!!! Eg klarer ikkje å dy meg.......

Om eg ein dag vel å ta ut skilsmisse, ja, då skal eg sørge for å få det med i ein notis i både Kvinnheringen, Fremover og Avisa Nordland. Det er klart eg må det!!! Tenk på alle føremonene........og at ingen trenger å lure på det.
Så skal det feires med ein durabeleg fest!

Eg har forstått det dit hen at det er skjedd noko historisk i år. Det gjeld faktisk ein notis om ein skilsmisse, den første notisen ever. I tillegg kjem skilsmissefestene. Dei er på veg i full anmarsj. Endeleg!! Genialt....... Midt blant alle fødselsdagshelsingane, lykkelege giftarmål, forlovingar og jubilantar ellers, står altså denne skilsmissenotisen.
Årsaka til det?? Joda, ho (Anita) var lei av at folk spurte ho om ho var skilt eller ikkje. Så kvifor ikkje??
Ser for meg eindel reaksjonar i etterkant av denne notisen. :=)'
Jaja, det virka i alle høve. Andre har fulgt etter i samme spor.

Vi har eit anna lovverk i Noreg enn dei andre landa rundt oss. Ta Danmark til dømes..... Der kan du skilles på nokre få dagar. Du rekk nesten ikkje å tenke over om du vel det rette. Å skilles i sinne er vel ikkje optimalt??
Her til lands må du vere separert i eitt år etter at skilsmissen er bestemt. For mange føles det ganske så håplaust. (I alle høve der dei ikkje kan komme seg unna fort nok).

Det er fleire, både profilerte og mindre kjente, som tar til orde for at dei saknar skilsmissefest. Det er visst ein trend i USA, England og Frankrike. Kvifor kunne ikkje vi ha vore tidlegare ute?? Tenk på alle dei som er snytt for ein fest.
Denne såkalla trenden har gjerne eit innhald. Først skal det vere ein seremoni, som i eit bryllaup, berre at dei fraskilte ikkje feirer ilag. Brudevalsen spilles og ein dansar seg opp mot alteret. Sjå for deg at brudevalsen spilles og at plutseleg blir musikken sur. Knæsj, spør du meg!!!! Frå brudevals til "I will survive"! For ein kickstart på det nye livet.....
Så er det berre å putte gifteringen i ei lita kiste som gravlegges, skrive under på eit dokument og sprette champagnen.
Eg er mest sur for at det ikkje var eg som kom opp med denne ideen!!!!! :=)

Andre stader møter dei begge opp og får utlevert kvar sin hammar til å knuse ringene med. Utroleg bra.
Slike fester må jo berre vere heilt rensande!???!
Det fins nok av songar å ta av til ein slik fest. Eksempler kan vere "Love stinks", "Idiot Wind" og "Here's a Quarter" (call someone who cares).

Jaja.....Det er ikkje lenger noko som forundrar meg. Eg har heile tida trudd at eit samlivsbrudd som oftast er ei vanskeleg livskrise. (Eller, kanskje ikkje heilt slikt, men mangler ord for å få det rett fram). Uansett, for mange kan eit slikt brudd opplevast like ille som eit dødsfall. Sjølv om eine parten vil ut av eit forhold, kan det jo hende at det fører til depresjonar og liknande hos den andre.
Sett i lys av det,trur eg ikkje at eg vil bli tilhengar av skilsmissefestar. Det er jo eigentleg alt anna enn ein fest.......
60% av brudda har hatt store konflikter, fiendskap, bitterhet, hat og uvennskap. Ganske stort tal, spør du meg.

Ennå verre er det at i Danmark kan dei ha kyrkjelege skilsmisser. Dei skriv kvar sine avskjedsbrev og tar gjerne med tekstlesing frå Bibelen. Dobbeltmoral?????? Eg veit ikkje. Eg har sikkert mista eit eller anna på vegen (ein eller anna gong).
Puh.....Det her føles som det berre er vrøvl heile greia. Kanskje eg berre innbiller meg at eg har lese det?? Skilsmissenotiser og fester? Joda, for all del........, men eg trur kanskje eg vil vere litt meir privat enn det!!

Eksponeringslyst???? Nope!

There's nothing not worth tryin' for.
I can't help it, there's nothing I want more.......

søndag 12. september 2010

Sundag 12.september.

Ufrivillig keivhendt!!!! Det er visst ikkje berre, berre det...... Eg skal ikkje klage. Kanskje eg skal seie det vanlege pisset om at det alltid er nokon som har det verre....:=) Det er jo det!?! Trur kanskje ikkje at det er det eg tenker på desse dagane.

Hjelpeslaus er ikkje bra å vere for ei som likar å vere det motsatte. Eg er bra sta, så eg skal få til det meste. Til no er hovudproblema bh-en og sokkane. Noko anna hjelp vil eg ikkje ha!!!! Kanskje eg må lære meg eit par triks av dei "don juan-ane" om å ta av bh med berre ei hand.....Eller, det er vel aller helst påkledninga av plagget som plagar.... Kva betyr eigentleg det for mitt daglege liv?? Joda, følgeleg må eg opp mykje tidlegare enn eg brukar (så eg når Einar før han stikk av til arbeid).
Stakkars meg!! Så grusomt.....Stå opp før halv sju..... Jajajaja, eg veit det er å syte!!! Det er ikkje sååå gøy å stå opp tidleg når dyna er så varm og god. (Like viktig som alle verdsproblema!).

Det er berre gått tre døger no. Tro kor lei eg skal bli på slutten..... Då blir det sikkert syting.
Det er godt dei enno har med sjuke tema i KK, så har eg noko anna å gnøfla tankane mine på!! :=)
"Bedre sex med alkohol?" og menn om å seie "jeg elsker deg". Veit ikkje heilt kva svar eg forventer av dei, men eg skal no åpne bladet og sjå!

1) Alkohol gjer oss meir lystne på sex (går det an??), samtidig som evna til å fullføre blir dårlegare. Tjo og hei.....Best å finne ein balansgang då:=) Litt av begge deler....hehe.
Så har eg nettopp lært (av eit magasin!) at vi bruker lengre tid på å få orgasme. I tillegg er fylleorgasmen svakare. (Det vil vi vel ikkje ha noko av?)
Avslutningsvis konkluderer dei med at den subjektive opplevinga av sex ikkje alltid stemmer med objektive målingar..... Kva i alle dager betyr det???? Det må vere at når hemningane blir borte, kan halvbra sex opplevast som fantastisk! Halleluja!!!

2) Eg elsker deg...... Kor ofte vil vi høyre dei orda. Trur kanskje vi er ganske ulike på det området.
Kvinnene altså..... Om eg ikkje tar heilt feil, er det nok dei som ville ha blitt bra skeptisk om mannen kom heim og brukte dei orda. "Ka galt har du gjort nå da??".
Det magiske antallet tre menn er intervjua. Dei har innarbeidd godt dette her med tre stykk! Det merkelege denne gongen er at dei er ganske så samstemt. Ingen av dei seier det så ofte... Årsak? Jo, då mistar orda sin verdi. Hmm!! Trur ikkje eg ville valgt ein av dei, nei.... Det er jo koselege ord å høyre:=) Eg må inrømme at eg ikkje er i samme båt som dei som syns det berre er ein klisjè.
Så når dei berre er opptatt av å få fram at behovet for å høyre desse koselege orda ikkje er så stort, ja, då gidder eg heller ikkje lese alt dei seier.

No har eg til og med klart å få skrive dette tullet med berre ei hand. Kva er det då å klage over??? Nei, god natt og sov godt:=)

Look into my eyes
you will see......

onsdag 8. september 2010

Vondt.no

Ehhhhhhh........Ein treng ikkje leggje så mykje i det som står i overskrifta. Humøret er på topp og det har vore ein fantastisk fin dag!!
Har vondt, ja....... Men det var eg vel smerteleg klar over at ville bli følgene før eg la ut på tur i dag. Så sånn er det. Gleda over å ha prestert og det at vi har hatt det så fint idag, overskygger heilt klart det andre. Det var verdt det!!!

Vi har hatt hausttur i dag og har verkeleg vore heldige med vèret. Vi kunne ikkje ha bedt om meir....... Med jevnt og trutt tempo stavla vi oss opp til Storbotnvatnet.
Der oppe hadde vi ei flott stund, både born og vaksne. Det virka som om alle var glade og nøgde og det blei mykje fliring.
Etter mattid var det fleire som absolutt skulle ha meg til å bade. Eg sa at eg skulle gjere det om dei overtala Torunn til det samme. Om ho sa nei, så kom eg og til å seie nei! Kor mange grader kan det vere uti?? 4-5?? Ikkje veit eg.......... MEN, eg veit ein ting og det er at Torunn tilslutt ga etter for presset. Etter å ha leksa opp for elevane om moralen til kong Ødipus (av Sofokles) i ein norsktime i forrige uke, ja, då måtte eg jo sjølvsagt følge opp og halde ord. Moralen i stykket er blant anna at ein må stå for det ein seier. Eg sa jo at om Torunn sa ja, så skulle eg også. Eg holdt ord!! Fy f.......!! Det var kaldt! (Burde brukt 100 utropsteikn her). Det var så kaldt at det var vanskeleg å puste. Kuldesjokk kallar ein det. Ikkje greit når ein held på å flire seg i hjel medan ein svømmer og held på å fryse seg i hjel. Jaja........ Det blei til stor glede for mange:=)
Så sånn er det!!
Ellers var det beste berre å stille seg mot sola og nyte kvar ein stråle. Det var så fin temperatur og i tillegg var det ingen vind. Heilt utroleg at vi klarte å få det til å passe så bra.

Eg håper verkeleg at det vèret som er no kjem til å fortsette leeeenge. Joda, eg har mine tvil, men det er alltid lov til å håpe:=)

Så her sit eg, glad og nøgd med dagen og prøver å overbevise meg sjølv om at det ikkje er så ille å ha vondt. Fingrane er heller ikkje meir vonde enn at eg klarer å sitte her og skrive. Så lenge dei duger til det og at dei maktar å presse pianotangentane ned, så skal eg ikkje klage:=)

<3

Wherever you go.........
I will be right here waiting for you.

tirsdag 7. september 2010

Tysdag 7.september.

Jaja......Dette har vore ein interessant dag på mange måtar. Det interessante på arbeid skal eg ikkje nemne, men ettermiddagen fulgte hakk i hel.
Frå skuleslutt til leggetid har Steffen vore i lag med ei venninne. Dei har verkeleg kosa seg i dag! Medan dei lekte ute hadde dei fleire latteranfall. Kva dei eigentleg flira av, veit ikkje eg........ Uansett, eg spurte om dei hadde lyst å bake ei sjokoladekake. Svaret var vel ikkje heilt uventa. Kva unge er det som seier nei til å få leike seg på kjøkkenet med masse ingrediensar og miksar?? Så då blei det kake!!
Sjølv syns eg dei var veldig flinke. Det blei lite søl og kaka blei heilt fin. Glad og nøgd sa eg ifrå til dei då kaka var ferdig stekt. Dei måtte jo ha ein smaksprøve. Med hovudet ein heilt annan stad, skjærte eg opp to litt for store stykker og serverte dei. Det tok ikkje lange tida før verknaden var eit faktum..........
Eg hadde eit lite ærend på butikken og hadde med meg begge to. Eg må seie at det er den mest stressande butikkturen eg nokon gong har vore på. Det var ikkje måte på kor mykje energi den kaka skulle føre over på borna. Det var rett og slett ikkje berre, berre!
Den eine spring med vogna med den andre hengandes på......... Munnvikene??? Begge hadde dei ganske så nært øyrene. Eg kan sei så mykje som at eg er glad det ikkje var så mykje folk der då! :=)
I bilen heim blei heile turen prega av hysteriske latterbrøl. Eg hadde ikkje litt snøring eingong på kva det var som var så skøy!!?! Slik fortsatte det resten aav tida også. Jaja......... Det er jo gøy at dei morar seg.
Litt synd at eg ikkje tok bilete av dei frå bakinga. Det blei nokre fine farger i ansikta deira. Godt vannet enno duger til å vaske seg i:=)

Ellers så har jo kvelden vore prega av fotball. Hadde eigentleg ikkje tenkt å sjå kampen, men akkurat no er eg glad eg gjorde det. Det var skikkeleg skøy å sjå at Noreg spelte så godt mot ein av favorittane!! Eg har alltid hatt sansen for Drillo!! Mi storhetstid som tv-fotballsupporter var på topp sist han leia laget og det har nok satt sine spor:=) (Då heia til og med Husnes' største antifotballsjel på dei!!).
I kveld har det altså ikkje mangla på orgasmiske rop frå stua her (ikkje frå meg!), så gøy var det!!

Det er jo ganske gøy å høyre Watne visa Mini også, då...... Kommer nokre fine replikkar innimellom der!
Det er heller ikkje ofte at Drillo har humoristiske pressekonferanser i etterkant av ein kamp.

Før kampen spelte dei nasjonalsongane. Eg må ærleg innrømme at eg blei litt rørt då eit fullt stadion song av full hals. Det oppstod heilt klart ei tydeleg nasjonal kjensle her. Heile stemninga var flott!!

I morgon er det hausttur med elevane. Det er meldt sol og fin temperatur. Så alt lig vel tilrette for ein ny, fin dag.
O du herlige........

I dreamt that love would never die....

Still I dream you come to me.
That we will live our life together.
(Les Mis.)

søndag 5. september 2010

Sundag 5.september. (Ekstreme områder del 2).

Eg blei aldri ferdig med å skrive om dei ekstreme områda vi har på planeten vår. Eg var vel innom Himalaya, havdjupet og til dels Antarktis/Arktis. Vel.......Vi har fleire ekstreme områder. Eg går ut ifrå at det vil vere naturleg å ta med blant anna ørkenområder. Vi har jo Sahara, men det fins fleire av dei også. Frå Antarktis/Arktis til Sahara & co kan vi seie "frå is og kulde til tørke og varme".
Om ein er sunn og frisk, kan ein greie seg i nokre uker om ein er fri for mat. Eg er redd det samme ikkje gjeld vatn (væske). Det er noko vi ikkje kan unnvære! Då snakkar vi i beste fall om dagar. Dagar utan fysisk arbeid....... For ellers kan det faktisk vere snakk om timar. Derfor kan eg trygt seie at det er tungtveiande grunner til at det ikkje bur folk i dei fleste ørkenområda.

Sahara er faktisk større i areal enn heile USA. For dei som trudde det berre var varmt i ein ørken, så er det feil. Det kan faktisk bli ganske kaldt om natta. Til og med minusgrader. Høyrest rart ut, men det stemmer.
Det er fleire grunner til at ørkenområder får spreie seg. Menneskeleg aktivitet er også med på dette. Gjennom husdyrhald er det mange som har bidratt til nettopp dette. Kvifor eg kan påstå det er enkelt å svare på. I mange områder mangler det nedbør. Når det då i tillegg drives med nedbeiting, seier det seg sjølv at det blir slik. Jorsmonnet tørker ut og eroderer. Desse områda blir då ubeboelege.

Det skal nemnast at det finnes hardføre menneske som klarer seg under desse vanskelege forholda som ein ørken kan ha. Der er småstammer , som blant anna tuaregene, som leier karavanene sine frå oase til oase gjennom Sahara.
I tillegg er det fleire som har prøvd å flykte gjennom ørkenen til eit naboland pga krigshandlingar. Eg veit ikkje kva skjebne som er verst!???! Å døy av ein krig eller ute i ørkenen.............

Dagens mennesker utvinner mykje tømmer. Spesielt går det hardt ut over regnskogen. Nettopp regnskogen er den skogen som vi kaller for "verdas lunger". Forskjellen frå dei andre områda eg har nemnt og dette er at her bur det faktisk mennesker. Likevel......Dei lev under ekstreme forhold og levealderen der er veldig lav.

Klimaet i den tropiske regnskogen er varmt og fuktig. I motsetning til i ein ørken, held temperaturen seg ganske jevn i skogen.
Regnskogen er ekstrem på mange områder. Årsnedbøren som gjennomsnittleg ligg på 2000 mm......... Tre gonger meir enn årsnedbøren i Oslo. I enkelte områder er det vel oppe i heile 10 000 mm.
Det er vel heller ikkje noko område i verda ein finn så rikt eit dyre- og planteliv som nett her. Om eg ikkje tar heilt feil, er det opp mot 50 000 ulike treslag der.
Dei fleste som bur der tilheld ein eller annan indianerstamme. Dei er vant til å leve av naturen, og blant anna er det der dei får medisinen frå. Spørs om vi hadde klart å leve under dei forholda dei gjer....

Som eg skreiv tidlegare, er det berre 1/24 av jorda som er beboeleg.....Nettopp pga dei ekstreme områda som fins. Faren er jo sjølvsagt at denne delen berre blir større og større, og til slutt skal vi pressast inn på mindre og mindre område.
I dag har vi i gjennomsnitt ca 3000 kvadratmeter kvar å leve på. (Om ein fordeler alle menneska ut over dei beboelege stadene). 3000! Det er det samme som 10m x 300 m. 3000 er eit høgt tall, og det gjer at det ikkje høyres så ille ut. Deler ein det opp i meir forståelege tall, sit ein ikkje att med så mykje. Ikkje om ein i bakhovudet veit at talet på verdensborgarar stig heile tida. Det vil i praksis seie at den biten som er fordelt gjennomsnittleg på oss vil bli innskrenka, litt etter litt. Veit ikkje heilt om eg likar tankegangen min, men eg er stygt redd for at det stemmer.

Kva tiltak som må setjast i gong for å stoppe utviklinga er sikkert mange. Eller....Vi har i alle høve høyrt om mange. Personleg er eg redd for at vi ikkje kan stoppe det, uansett kva vi vel å gjere. Det er berre slik det er. Det er vi mennesker sjølv som kommer til å sørge for at vi blir utsletta. Vi som lev no er på ein måte heldig. Vi slipper nok å få ein slik skjebne, men etterkommarane våre er nok ikkje like heldig. (Kanskje ikkje neste generasjon, men om nokre generasjonar). Vi slipper det...............Om ein ikkje trur på reinkarnasjon, då:=) (Tørr ikkje spå kva eg ville ha blitt attfødt som.....) Hehe......

Triste greier det her..... Då er det bra vi har vett til å leve no:=) Hausten er i gang, vi er igang med å øve att (veldig gøy). Det har vore ein fin kveld!
I morgon er det ei ny arbeidsuke. :=)

Smile, an everlasting smile
a smile can bring you near to me.....

fredag 3. september 2010

Fredag 3.september.

Idag har eg pressa meg sjølv litt. Eg har gått til skihytta:=) Værst var vel nedturen......... Målet mitt har vore at eg i slutten av mai skal klare å gå til toppen av Lifjellet. Vi får sjå........ Eg håper. Denne dagen var jo veldig positiv i så måte. Eg satser på at eg skal bli "heilt bra" att.

Eg skal ikkje klage. Det er så mange som har det mykje verre enn meg.



Det er ikkje dei som har det verre eg skal skrive om......... Derimot skal eg skrive litt om dei områda som på planeten våres kalles som ekstreme områder. I det begrepet legg eg vekt på at det ikkje er mogleg å bu der.

Når det gjeld jorda vår, er det mindre enn 1/3 som er landareal. Av den brøken er det berre 1/8 som er beboeleg. I mitt hovud vil det seie det samme som at det er 1/24 som er beboeleg på den kjære planeten vår. Det høyres veldig lite ut, men det er faktisk fakta!



Eit av områda som heilt klart kommer inn under begrepet ektreme områder er Himalaya. Mange kaller dette fjellmassivet for verdas tak. Om vinteren ligger gjennomsnittstemperaturen på ca -36 grader. Likevel hender det at den snik seg heilt ned på -60 grader. Eg syns det høyres frykteleg kaldt ut!

Øverst har vi eit område som blant klatrerane kalles "dødssonen". Mount Everest er ein del av dette fjellmassivet, og nært toppen der ligg det ca 120 daude mennesker. Dei vil nok aldri bli frakta ned. Årsak?? Det er ingen som tørr å hente dei. Skulle nokon vere så dum å prøve, ja, då er det med livet som innsats.

Hovudproblemet er sjølvsagt mangelen på oksygen......... Likevel, temperaturen der sørger for frostskader. Problema som oppstår under ein slik tur er blant anna at hjarterytmen aukar og at kroppsfunksjonar stopper opp midlertidig. Når ein aukar pusterytmen til det tredobbelt, seier det seg sjølv at det ikkje tar lang tid før ein blir utmatta. I høgder som dette er det umogleg å tilpasse seg. Er ein der for lenge så døy man. Slik er det berre.........



Himalaya er høyt oppe i lufta. Om vi går motsatt veg, så hamnar vi under havoverflata. Det er liv der, men dog ikkje menneskeliv. Havet er ikkje eit naturleg element å leve i for oss mennesker. Det er også ei verd vi ikkje klarar å tilpasse oss.

Alle veit vi at havbunnen ikkje er flat. Om vi legg heile verda til grunn, fins det mange dypvannsgrøfter. Enkelte av dei kan trygt kallast for ekstreme områder.

Den djupaste grøfta er Marianegropa, ei grop på bunnen av Stillehavet. Den er faktisk så djup at den er to kilometer djupare enn Mount Everest er høg.

Sjølv ikkje med dagens teknologi er det interesse for å utforske området. I 1960 var det to som kom seg ned dit. Det har stoppa med dei to. Ei spesialkonstruert dykkarklokke blei laga og to menn blei senka ned. Med seg i klokka hadde dei eit lys som skulle tennast når dei nådde bunnen. Trykket der nede tilsvarar det samme som å putte 22 elefantar oppå ein pakke margarin........!!

Dei ytre vindauga i klokka sprakk pga trykket. Dykkarklokka krympa også litt, så liten plass blei til veldig trang plass.

Uansett......Dei var der av ein grunn og lyset blei tent. Overraskinga var stor då dei såg flyndreliknande fiskar som svømte bort. Då er det liv heilt der nede!



Dei kalde utpostane, som vi kallar Arktis og Antarktis, er også ekstreme områder. Det er faktisk deler av Noreg som tilhøyrer området Arktis. Her er det tøffe klimatiske forhold. Til trass for dette er området bebodd. Desse områda er sjølvsagt nord i Finnmark.

Om vi går til området rundt Nordpolen, er det berre eit goldt isøde. Der fins det ikkje fast land. Det er berre isflak som brytes opp og skrus mot kvarandre. Planteliv eksisterer ikkje (om vi ser bort ifrå dei pittesmå mikroorganismane som lever i isen). Under isen (i havet) er det eit høveleg bra dyreliv. Det gjer at selen har eit bra livsgrunnlag. Berre så synd at dei att er livsgrunnlaget for isbjørnen.........Kanskje like greit at det er ubeboeleg for oss?!!?

Antarktis er ikkje eisamling med drivis. Det er faktisk eit megasvært landområde. Det er eit kontinent på heile 14 millionar kvadratkilometer!
Temperaturane her er ekstreme. Gjennomsnittstemperaturen varierer mellom -60 grader og -40 grader. (Vinter og sommar). Sjølv med moderne utstyr er forholda temmeleg barske.

Eg hadde i utgansounktet tenkt å skrive litt om ørken- og regnskogområder. Det er berre det at akkurat no så har hovudet mitt bestemt seg for at eg skal vere kjempetrøytt og "unfocused". Eg må vel berre fortsette ein annan dag. Difor vil ein eventuell konklusjon ikkje komme før eg har tatt med alle områda.

I just wanna call you
Hear your voice
Ask you how you are
Because I care for you..........

tirsdag 31. august 2010

Tysdag 31.august.

Det er siste dag i august og i dag kom Steffen heim og sa "I mårra er det høst!" Ja, det stemmer bra det....... Snart kommer trea til å vere fargerike og flotte.
Eg har stort sett ikkje sett så mykje på tv på over to månader og med hausten kjem også tv-seriane attende. Eg tenker sjølvsagt på Greys anatomy og Privat praksis. Tv er aldri eit "must", men tysdagskveldane er definitivt eit høgdepunkt i uka.
Dei siste dagane har vore ganske hektiske. Det har vore nok å hengje fingrane i....... Derfor har det vore deilig å berre slappe av her i sofaen i kveld (vel vitande om at eg sikkert ikkje kan gå etterpå...).

Første skuleveke er over for elevane og ei ny er påbyrja. Ein kan trygt seie at det var ein liten gut som var totalt utslitt på fredag då han kom heim frå skulen. Det var nok mange inntrykk for han i løpet av uka. Det var så vidt eg klarte å få han ut av senga halv ni laurdagen. Endå så "fotballgal" han er og at han visste det skulle vere fotballskule. Det seier litt, men det går seg vel til.....:=)
Ein ting er i alle høve sikkert...... Det er deilig å slippe å køyre i bornehagen om morgonen. No tar vi berre føtene fatt og koser oss med praten på skulevegen.

I forrige ukes KK var det intervju med tre stykker og det handla om kven som var forbiletet for dei. Det var ganske stor variasjon i svara og eg hadde slett ikkje høyrt om alle forfigurane før.... Uansett, det fekk meg til å tenke etter.........Tenke etter på kven eg sjølv ser opp til. Eg må ærleg innrømma at eg syns det er vanskeleg å finne ein spesifikk person. Den einaste eg kan komme på som verkeleg har satt spor hos meg er pappa. Det blir kanskje litt for "dumt"?? Det går då sjølvsagt på personlegdommen hans.
Årsaka til at det er "dumt" er av di at det kanskje blir feil sidan det er kjærleik med i biletet. Då blir ein kanskje ikkje heilt realistisk?? (I mangel på eit betre ord).
Det må kanskje bli nokon som har påverka meg i den retninga eg valgte anten som yrke eller hobby.........Då blir det vanskeleg å velge ut berre ein. Musikken har eg jo hatt i meg heile livet, men utan inspirasjon frå enkelte, ville eg kanskje ikkje ha valgt å utforske den sida av meg. Sentrale personar vil då vere blant anna Clive Anderson som satte høge krav til meg i tillegg til å overtale meg til å gå sommerskole, Edwin Hawkins for at han oppmuntra meg til å halde på med det eg brenn for (alle har vel høyrt han med songen O happy day)....og ikkje minst Egill Juvkam som verkeleg var ein stor inspirasjon med sine kunnskapar. Det er vel aller helst han som har inspirert meg mest! Han sørga for at eg alltid ville vise det beste i meg og det gjorde at eg øva kvar einaste dag, av di eg ville vise at eg kunne bli betre og betre. Det gav resultatar......... At eg ikkje har utnytta det betre dei siste åra, er berre min eigen feil. Så sånn er det!
Eg hugsar eg sa til han før eg flytta hit at eg håpa eg sjølv ein eller annan gong kan inspirere ein annan på samme måte som han inspirerte meg. Eg meinte det av heile mitt hjarte. Det satt sine spor.

Det er seint og det er ikkje akkurat helg. Det er vel berre å gjere som dei andre i huset allereie har gjort......leggje seg. Ein burde vel ikkje sitte oppe til nesten midnatt midt i uka, men sånn er det berre.
I morgon trur eg at eg vil skrive litt om dei mest ekstreme områda i denne verda. Det finnes jo fleire områder på planeten vår som er så ekstreme at det ikkje kan bu mennesker der. Himalaya er berre eit av eksempla. Tanken på at det ligg mange daude mennesker der oppe av di ingen tørr hente dei ned av redsel for eigne liv er ekkel.

I really miss you.......