onsdag 20. oktober 2010

Mimre, mimre....

Eg kom nett på noko eg tenkte å skrive om tidlegare i haust, før armen slo seg vrang. No kan eg ikkje lenger skulda på den, så då tenker eg at eg går litt attende i tid. Det var i dei tidlege morgontimane....... Både Steffen og eg var ute i god tid. Det var knallvèr og det var full aktivitet frå byggingsbransjen på nabotomta her. Ambulansestasjon seier dei at det skal endast opp med.
Som alle andre morgonar, hadde dei radioen på med ganske høg lydstyrke. Akkurat det er vel nødvendig om dei skal klare å høyre noko i arbeidsbråket.
Jaja.....Tilbake tl kluet. Dei hadde radioen på og vi starta på skulevegen vår. Vi kom ikkje lenger enn til postkassa før Matti Røssland ruva ut av høgtalarane. For eit flashback!!! Vår alles kjære Matti:=) Åh....kor eg saknar den tida! Trur kanskje bror min var kompis med han ei stund attende i tid.... Sjølv blei eg mo i knærne av søskenbornet hans.
"Tøffe tider" heiter songen som blei spelt for n'te gong i radioen. Veit ikkje heilt kor mange gonger den er blitt nynna på opp gjennom tenåra. Den var verkeleg ein hit på den tida. Seinare har han kome med tøffe låtar som "Stjålen båt" og "Lyseblå hagestolar". Det er nok ikkje meg han syng om i "Stjålen båt", men heldig er ho som har fått ein song skriven til seg.

Eg hugsar godt når Matti opptredde under Husnesrock i Husneshallen. Då var det ikkje så spennande med Morten Hjøllo og Divin' Ducks, sjølv om dei var 100 gonger meir kjent. I dag er nok Matti Røssland like kjent som han.
Vi digga Matti Røssland, men det var nok ikkje personen vi digga. Det var rett og slett mange av dei tøffe låtane som fengte så flott.
Spesielt hugsar eg ein song som eg trykte til hjartet mitt, men problemet mitt er at eg ikkje kjem på kva den heiter. Trur kanskje eg må be mamma om å prøve å sjå etter kassetten min som eg hadde. Det var jo sjølvsagt medan det enno gjekk an å kjøpe kassettar.

Eg var på tur på arbeid, ja, det var visst slik det var. Lett å skrive seg bort når ein mimrar........ Hehe........ Resten av den dagen gjekk eg og nynna på songen og eg leita den opp på nettet.
Eg var liksom ikkje heilt førebudd på at det skulle kome ein song frå ein kjenning over radioen her eg gjekk og trødde i ei nordlandsbygd langt, langt unna opphavsstaden. Det er nok ein grunn til at dei enno speler låter av han.

Det er nok hverken Matti eller søskenbornet hans som gjer meg mo i knærne no. Det er lenge sidan det gjekk over, men mo i knærne kan eg nok enno bli:=)

I must be crazy now
Maybe I dream to much
But when I think of you¨
I long to feel your touch.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar