mandag 11. oktober 2010

Bistandsarbeid.

Når det gjeld bistand og utvikling er det eitt spørsmål som må stillast. "Kvifor er innsikt i lokale forhold og behov minst like viktig i bistandsarbeid som fagkunnskap og kapital?"

Først må eg vel kanskje definere kva eg legg i begrepet bistandsarbeid. Bistandsarbeid er kampen mot fattigdom. Enkelt og greitt! Så spørs det om bistand fungerer slik det i utgangspunktet skal (som hjelp til dei aller fattigaste).

Fattigdom er på lik line med apartheid og slaveri menneskeskapt. Det er kun menneskelege handlingar som kan avskaffe det.
Ordet bistand blir brukt om overføringen av ressursar frå eit land til eit anna i form av gåver, ekspertise eller rimelege lån.Hjelpa skal baserast på mottakarens premissar og ikkje dei føremoner som gjevaren kunne ha fått. Det er viktig å få med at militær hjelp ikkje kjem under det som kallast for bistand.

Om vi går attende til kolonitida, så oppstod der store forskjeller på fattige og rike land nett på den tida. Kolonistane sørga for at kolonilanda ikkje kom seg opp og fram. I staden for brukte dei koloniane til å sjølv bane seg vei mot rikdom.
Eksempel på det kan vere at dei henta ut mest mogleg billege råvarer til eiga bruk. Utbygginga av infrastrukturen var ikkje til noko føremon for dei som budde i koloniane. I utgangspunktet blei vegar og jernbanar bygd frå dei råvareproduserande delane av landet og ut til hamnene ved kysten. Derifrå blei varene frakta til kolonimakta.
Forutanom dette blei det brukt ein metode som i dag er kjent for "splitt og hersk-metoden".

Galskapen er prøvd retta på etter denne tida. Noreg er eit land som gjer ganske mykje bistand. Noreg har jo alltid hatt misjonærar, og bistandsarbeid blir på ein måte ei vidareføring av tradisjonar dei har bygd opp.
Problemet har vel aller helst lege i att vi nordmenn føler oss litt for gode. "Er du norsk, er du ekspert". Det er ei haldning ein ikkje kjem langt med. Bistandsarbeid er kjempeviktig, men som eg skreiv i innleiinga mi så er det eit viktig spørsmål som må stillast. Det er spørsmålet om innsikt i lokale forhold og behov. Har ein ikkje det, er det stor sjanse for at arbeidet ikkje lukkast. Det kan kanskje ha kortvarige betringar, men på sikt kan det øydeleggje meir enn det gagnar. I enkelte tilfeller skjærer det seg heilt.
Eg bør vel kanskje komme med eksempel på dette for å få fram kva eg eigentleg siktar til her. Det har vore saker som har vore mindre bra, der Noreg er eine aktøren. Masse pengar er spruta inn i prosjekt som har vore bortkasta.
Krealaprosjektet var i manges auge ein fiasko. Det var ei modernisering av fiskerinæringa i "India". Denne utbygginga førte til eit sterkt overfiske og ei utarming av naturgrunnlaget. Dei tradisjonelle, fattige fiskarane fekk lite ut av prosjektet.
Så har vi Turkana-prosjektet. Eit område som er klassifisert som halvørken. Nomadane der levde av dyrehald. I 1960 var det ei langvarig tørketid. Det blei nød og Noreg skulle stille opp. Prosjektet skulle gjere nomadane om til bufaste fiskarar og jordbrukarar. Ved hjelp av vanningsanlegg skulle store landområder dyrkes opp.

Det meste gjekk galt. Det burde ein jo sjølvsagt ha forutsett (dersom ein hadde hatt innsikt i lokale forhold og behov). Vannstanden sank heile 17 m under byggeperioden. Jordbruksdelen av prosjektet fungerte heller ikkje. Det blei planta ein amerikansk plante for å få stoppa erosjonen der. Denne planten skulle binde jordsmonnet. Planten er i dag blitt eit kjempestort problem. Den sprer seg hurtig, danner tett krattvegetasjon og er i tillegg giftig for husdyra!

Det er fleire årsaker til at det gjekk galt...... Samaarbeidet mellom Noreg og Kenya kunne ha vore betre. Det var manglande forundersøkingar, og dei bagatelliserte problemet med å omdanne ein tradisjonell nomadekultur til ein fastboande fiskar- og jordbrukskultur.

Heldigvis er mange blitt flinkare til å kombinere lokalkunnskap med moderne teknolog. Også samarbeid med lokalbefolkningen og ansvarleggjeringing av lokale styresmakter er blitt viktigare.
I Namibia sa dei "Vi ønsker ikkje skolar og vegar frå dåke, men sjansen til å tene på fisken vår, slik at vi kan bygge det sjølv". I samarbeid med Noreg klarte Namibia å få kontroll over eigne fiskeressursar og dei fekk bygd opp eit havforskningsinstitutt til å overvåke ressursane i havet. I dag sysselsetter fiskeindustrien over 13 000 mennesker (mange av dei kvinner)!! Dette er eit eksempel på godt bistandsarbeid.

Noreg har sju hovudsamarbeidsland som vi gjer bistand til. Det er Tanzania, Mosambik, Uganda, Zambia, Malawi, Bangladesh og Nepal.

"Vi trenger ingen almisser, vi er ikke tiggere. Hvis vi får en anstendig pris for kaffen vår, kan vi klare oss uten veledighet". Ein setning som nok vil gje mangen bismak....... Det er ikkje meir som skal til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar