tirsdag 19. oktober 2010

Bærekraftig utvikling.

Bærekraftig utvikling........ Eit uttrykk som kanskje treng ein definisjon?!
Bærekraftig utvikling kan forklarast så enkelt som at det er eit forsøk på å imøtekome behova og forventningane til dagens menneske utan å svekke sjansane til å innfri framtidige generasjoners behov og forventningar. Endå enklare sagt, er det slik at vi som lev akkurat no må forvalte jorda vår på ein slik måte at også dei som kjem etter oss skal kunne leve like godt som oss. Det handlar sjølvsagt om bruken av ressursar i eit langsiktig perspektiv.
Kort sagt kan ein seie at det er to hovudproblem som må følgast opp, CO2-utslipp og overfiske. Det siste er rein rovdrift på naturen.

Om ein går eit par hundre år attende i tid, vil ein ende opp i ei tid der det låg an til ein industriell revolusjon. Eller......Det er rettare å seie at det er tida for ein verkeleg industriell revolusjon! Kva har så denne revolusjonen ført med seg av goder?? Mange, spør du meg! Tenk berre på den handlefridomen vi har. Tidlegare generasjonar kunne berre drøyme om akkurat det. Av di vi har ein moderne kommunikasjons- og transportteknologi, kan vi kjøpe og selge varer og tenester produsert på eit kva som helst stad i verda.
200 år etter har vi endeleg skjønna kva industrisamfunnet og fossilt brensel gjer med naturen.

Det er nær samanheng mellom økologi og forbruk. Derfor meiner eg at dern jobber økologane legg ned er svært viktig. Ein skal verkeleg ikkje undervurdere det yrket.
Kva er det ein økolog gjer? Enkelt og greit......Han studerer økosystema på jorda. Ein kan blande inn ei vitenskapeleg forklaring av kva økosystem er, men ein forenkla versjon er at det er ei skildring av korleis plantar og dyr innanfor eit geografisk område er avhegige av kvarandre for å overleve.
For at vi menneske skal kunne leve og få i oss den maten vi treng, kan eg påstå at vi er avhengig av fotosyntesen. Den set igang planteproduksjon som er mat for planteetande dyr, som deretter blir mat for kjøttetande dyr. Vi veit alle kva store deler av folket lever av!
Så kan ein spørre om kva det har med bærekraftig utvikling å gjere.

Den industrielle revolusjonen starta ein kraftig vekst i produksjonen av forbruksvarer. Utvikling av ny medisin kom, og moderne jordbruks- og fiskeriteknologi gjorde det mogleg å mangedoble verdas matvareprodusksjon.
Her kjem kluet. Dagens industriproduksjon og industrialiserte jordbruk, skogbruk og fiske set varige spor i dei mange økosystema vi har på jorda.
Jorda, lufta og vannet blir gradvis øydelagt av industriell jordbruks- og fiskeproduksjon. Vi haustar meir og meir av naturen og det fins ei grense for kor mykje som er forsvarleg å hauste (med tanke på dei som kjem etter oss). Vi skal jo ikkje øydeleggje kloden vår!!

Global utvikling er eit tema som er heftig debartert dei siste åra. Dei blir aldri heilt einige, men 90% sikkerheit om at global oppvarming skuldast menneskeleg aktivitet held for meg. Det er nok til at eg tenker på temaet og ønsker at fleire skulle engasjere seg i nettopp dette. Eg er lite engasjert sjølv og eg kjem nok til å forbli det, men eg håper andre har litt betre vit enn meg på det området. Det er lett å tru at ein ikkje kan gjere så mykje sjølv, men det er jo berre tull. Eg kan sjølvsagt gjere mykje for å hjelpe til å minske prblema. Eg kan starte med meg sjølv og samtidig håpe at fleire gjer det same.
Ein kjem ikkje unna at oppvarminga har sine konsekvensar. Heitebølger som tar liv, ørkenspreiing, tap av plante- og dyreartar, ekstremvèr, surare verdshav, stigning av havnivået, isbresmelting, tining av tundraen og store mengder av CO2 og metan slippes ut. Dette for å nemne noko. Lista kan sikkert bli veldig mykje lengre......

For å klare å gjere jorda vår ein stor teneste, er vi avhengige at klimaverstingane hiv seg med. USA, Kina og India har tidlegare nekta å skrive under på avtalar som innebærer at dei må begrense eiga forbruk av fossilt brensel. I fjor snudde heldigvis USA og no er også dei med.

Det er fleire alvorlege måter som øydelegg økosystema våre. Fiskeriressursane våre overbeskattes. Det fiskes minst 50 gonger meir no enn det blei på 50-talet. Fleire stader blir våtmarkene drenert bort eller fylt att for å gjere plass til bygninger eller nye jordbruksområder. Jordbruksområder utsettes for omfattande erosjon og begyggelse. Dette reduserer jordsmonnet som matproduksjonen er avhegig av. Så kan eg nemne overbeite, avskogning og for høgt forbruk av vann enkelte stader.

Det er ingen tvil om at noko må gjerast. Kven tar ansvaret for det? Vi har folk som kjem etter oss. Forhåpentlegvis er det endå mange generasjoner etter oss som skal få oppleve jorda vår. USA har ny teknologi som kanskje vil fungere. Det handlar om å pumpe CO2 ned i havbunnen. Det skal prøvast ut. Så attstår det å sjå resultatet. Om det virker, vil det vere eit stort bidrag til å redusere CO2-utslippa globalt.

Internasjonalt samarbeid for bærekraftig utvikling er heilt avgjerande for framtida vår. Det er lov til å håpe.

Det er tid for Greys anatomy nå, så det får bli med det....... Kvelden har vore bra. Vi har øva, noko eg alltid likar, men det var ein som eg sakna.

Hasta luego....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar