mandag 28. desember 2009

Motivasjonen for øving tebake:=)

Det er vel kanskje ikkje motivasjonen som har mangla..... Men det er ikkje noko særleg å setje seg ned og øve med huset fullt av folk. I dag er det berre familien som er her, og då kom lysta sivande. Plutseleg sat eg der og spelte låter eg ikkje har spela på aldri så lenge. Trur kanskje dei høyrer til studietida... Dei var i alle høve ikkje komen i gløymeboka. Stort sett er det songar om forelskelse osv...."Ung og forelska, famlande forvirra, håvelaust betatt av deg...... ". Jaja..... Det stemmer på meg heile tida det, så då går den vel aldri av moten!?!?! :=)

Lærte meg forresten eit nytt uttrykk i dag! Her ein dag stod det i ei melding eg fekk ...... btw...... Kva i alle dager? btw? Kva betyr det, liksom?? Ville ikkje vise at eg er heilt blåst på det området, så eg berre lot livet gå vidare som om eg forstod det. Mobilspråk kallar dei det. Joda, berre det ikkje går ut over det normale skriftspråket. Uansett! "By the way" betydde det!!! Jauda...heilt klart at det var ein ting som var logisk!!? Det måtte eg vel forstå?! Neste gong kanskje...om det ikkje går i gløymeboka. Har i alle høve lært meg mg, dg, sg, d, gid, z og så videre.... Til å bli svett av:=) (Ikkje bra når eg som lærar har byrja å ta i bruk både smileys og anna når eg skriv....Eg er på veg ut i fella eg og!).

Trur det er tredje gongen eg er på dataen i dag. Kor bra er det?? Vel, nå er eg ikkje lenge innom, så sånn sett i minutter er det ikkje så mykje. Det er deilig med stille dager, men det blei så stille og roleg så plutseleg. Lett å kjede seg då. Ikkje er det godt med mat heller. Ein et alt for mykje i jula.... I tillegg er ein nesten ikkje i rørsle. Farleg, spør du meg.
Burde ta å trø ein tur, men det er vanskeleg å finne den berømte motivasjonen for å gå på eigenhand. Gidder ikkje spørre nokon no når det er romjul. Går ut frå at dei fleste vil bruke tida på familiane sine. Er eg heldig, er det eg som får spørsmålet:=) Svaret er uansett JA!!

I morgon er det ein snartur til byen før det bere rett på hytta. Eg GLER meg til å feire nyåret der. Vi har brukt å feire nyåret der anna kvart år. Så i år blir det! Vi er tre på vår hytte, og på nabohytta blir det to. Ingen stress med andre ord. Skulle det no dukke opp ubudne gjester så skal vi vel klare å huse dei og. Sengeplassar er det nok å ta av:=) Det er om å gå roleg inn i det nye året, så blir det kanskje eit roleg år?? Kven som veit?!

2009: Året som blir huska for: 1) Eindel uro i bygda..:=(
2) September regna bort.
3) Bryllup i Spania.
4) Fantasien til mannfolka landa på under pari!!
5) Andreas kjøpte max julegave!!!! :=) (Igjen!! ).
6) Jenteturen endte i havet med kledane på!! (To av oss)...
7) Marita sin amarulla.....sei ikkje meir!!
8) Stor overraskelse som venta då eg kom heim frå Spania:=)
Ein som verkeleg har overgått seg sjølv!!!
9) Kleda som Eve og eg bestilte. Say no more!!!
10) Steffen oppdaga at det er noko som heiter "Fersk" leverpostei
11) Speling under blueshelga.
12) Året der stemming ikkje var så viktig... Lenge leve unoter.
13) Remme tapte veddemålet om at eg kom til å havne på
førstesida i Vg i løpet av ti år!!! YES!! Djævelskapen har nok
roa seg litt. Sjølv vestlendingar roar seg etterkvart:=)
14) Onkel Olaf.....
15) Eg løfta kollegaen min opp etter veggen på lærarrommet....
Berre spikeren mangla. (Stor glede for dei andre.) :=)
16) Tante Tove tok FLY til London. (Og Egypt!!!!!) Det er faktisk
ein stor prestasjon.
17) Skitur på Ulvsvågskaret.....
18) Forelskelsen som aldri går over...
19) Monica svikta og dro til Eikelandsosen av alle stader!!
Ho har ikkje skjønna at det er her som er staden:=)
20) 40-årslaget eg blei snytt for!!
21) Noregs fløtepus vann Grand Prix... Stakkars jenter som
forelsker seg i han...Han er litt for ærleg:=)
22) Nissen flytta til sørpolen.
23) "Slektningen" som fikk betennelse i den eine testikkelen. Kor
kult er ikkje det?? Og kor sur skal han ikkje bli om han leser
dette?? Då er det hevn som gjelder!! Hjelp......
24) Hevnen som er lova til Kenneth, men dog ikkje gjennomført
enno. (Den kommer..!! ). Grufull!!!
25) Eg gjekk ut av mitt gode skall og var ufin (mildt sagt), men
dog berre ein gong.
26) Ironi mangla hos enkelte.
27) Mine fantasier om Jan Fredrik Karlsen!!!!!! Hehehe.... Her i
huset er han ikkje likt av den mannlege delen:=)
28) Steffen sin hukommelse når det gjelder navn..... Ingen over
ingen under.
29) Beathe blei kalla for pudding av Eve!!! I love it!!!!!! :=)

Mandag!!

Så var det ei ny uke..... Her i gården kan ein trygt seie at det er ei som er trøytt. (Eller to). Halv tre i natt hadde eg enno ikkje sovna. Plutseleg skjærer eit forferdeleg rop i gjennom lufta. Det høyrtes verre ut enn ei hysterisk kvinne. Eg hoppa sjølvsagt i senga...... Det var Steffen som hylte. Kva han har drøymt husker han ikkje sjølv eingong...men noko forferdeleg må det ha vore. Han låg klistra opp til meg resten av natta. Han påstod at han ikkje var redd, men heile han skalv og han klamra seg hardt fast!!! Eg trur klokka var nærmare halv seks før han sovna att. Då var eg ganske så trøytt, ja. Å vakne 4 timar etterpå var ikkje godt.
No er det blitt ettermiddag og han byrjer å kvikne til. Når ein liten gut ikkje vil ha noko på butikken, er det noko som ikkje stemmer! Han fekk endeleg i seg litt mat, så då retter vel det meste på seg.

søndag 27. desember 2009

2.juledag er over...

Klokka er såvidt passert eitt og her sit eg. Er liksom på kroa nå og det var vel meininga å vere der til the bitter end...Hm....Slik blei det ikkje. Då eg kom traltande inn døra var det ein som blei overraska. Lysa var såvidt slokna i huset. Det var ingen som venta ei nesten edru Beathe heim så tidleg.

Kvelden har vore triveleg. Det er ikkje noko å seie på det. Det var berre det at det plutseleg blei så mykje folk i lokalet at det hverken gjekk an å få seg noko å drikke, og aller minst bevege seg i mellom alle folka.



Nye Dynamites har opptrådt på årets julejam. To høveleg lange økter i løpet av kvelden fekk vere nok, meinte fleire i gruppa, og det var greit nok det. Det var jo andre i salen som også hadde lyst til å spele. Det var då vi var ferdige å spele at problema oppstod...... Skaff Yngve ein gitar var ord som surra rundt fleire gonger. Det viste seg at han ville spele, men der var ingen gitar?? Det er kanskje ein forutsetnad at ein stiller med eindel gitarer når ein arrangerer jam session. Dei bomma litt der, ja. Rart, for det vart sagt at det skulle vere nok av gitarer. Jaja....

Vi var ferdige med å spele, stemninga mi tok aldri heilt av....Var berre vanleg glad. Tenkte at det då likesågodt kunne vere flott å vakne i normal tid i morgon og ha ein kjempefin dag. Har forsåvidt spurt Steffen om han har lyst til å gå på ski i morgon. Så då kan eg halde det løftet!



I forhold til spelinga, så sa dei som kommenterte det at det var veldig bra. Sjølv kan eg ikkje uttale meg om saka. Det var ikkje berre berre å høyre seg sjølv i monitoren. Trur det var fleire som opplevde det. Då er det vansklegare å spele. Alt i alt trur eg det gjekk sånn passe. Ikkje det værste vi har prestert, men ei heller det beste. Uansett er det flinke musikarar i gruppa, så det låt nok bra:=)

Eg hadde vel eigentleg eit ønske om at vi kunne ha hatt litt fleire vokalsanger. (Men det har eg aldri sagt høgt...). Instrumentallåtene vi speler er veldig fine, det er ikkje det. Det kunne likevel vore greit å ha nokre sanglåter også. Vi spelte to i kveld, men vi burde kanskje hatt fire:=) Vi bør kanskje bli litt meir trygg på oss sjølv. Det er fleire som er litt redd for at det ikkje skal vere godt nok. Så feil kan dei ta. Alle saman er meir så god nok til det dei skal, også vokalmessig, så det er berre å stå på.

Som alle andre kvinner elsker eg å høyre når ein mann syng ein "lovesong". Det er jo berre så "søtt" (mangel på andre ord). Som eg skriv i min eigen song: I like to watch you when you sing a lovesong.

Klokka har rukket å passere halv to no. På tide å finne vegen til badet. Sjølve julehelga er over og om litt over eit døger er det mange som må attende på arbeid. Håper det har vore ei triveleg jul rundt om i bygda. Her heime har det vore ei fin jul.
Det er koseleg med masse besøk i desse dager, men det er også deilig når det blir roleg rundt seg sjølv også.

Jula er ikkje lenger det samme for meg, det vil alltid vere ein som manglar. Den gladaste og snillaste personen i verda.... Ein time ved grava samme dag som julaften får vere mitt bidrag til saknet. Så lenge ein har born må ein gjere det beste ut av alt. Tårene får trille den stunda på kyrkjegarden, men så må smilet vere attende etterpå. Det skuldar ein dei små. Det er no eingong slik at det er ein som aldri ville ha villa at ein skal gå rundt å vere lei seg. Som han sjølv ville ha sagt: Pell deg heim og feir jul med familien. Vær glad og nyt livet!!
Det vil alltid gjere vondt på merkedagar, men livet har gått vidare, eg har gått vidare. Lev i dag. I morgon er det kanskje for seint. Gjer det du har lyst til i dag. Ikkje vent! Ikkje tru at det kommer til å skje langt opp og fram. Ingen veit kva morgondagen bringer. Eg prøver å vere opptimist. Ingen får ta det i frå meg.
Det er tida for å gå videre......

Håper det er nokon som har varma ei dyne til meg. Det er så godt å krype under ei god og varm dyne. Om eg ikkje tar mykje feil, er det sikkert ein liten kar som har innynda seg hos faren.....Då har han nok okkupert min plass i senga. Stor er sjansen for at eg er forvist til senga hans. Då kan eg trygt seie at eg kjem til ei mindre varm dyne. Aller helst ganske så kaldt.
Jaja..... Litt speling i bytte mot ei varm dyne går vel opp i opp. Kvifor er det berre eg som skal ha alle føremoner??? Hehe...

Ha ei god natt og sov godt. Det skal i alle høve eg gjere!! Gode tankar skal gjere draumene mine fine. Det blir godt å vakne til ein fin sundag. Glad er eg for at eg gjekk heim. Ellers hadde eg vel stått i kø enno.........

tirsdag 22. desember 2009

Tysdag 22.desember 2009

Dagen då eg gjorde mykje utan å gjere så mykje! Forstå det den som kan. Eg gjer det i alle høve :=)
Rundt meg er det heilt stille. Einaste lyden er vinden som har teke seg opp på utsida av veggane. Det er ikkje så lenge sidan eg kom heim frå øving. Guten sov og dei andre er borte i kveld. Her sit eg og er overlatt heilt og haldent til meg sjølv. Eg klagar ikkje......
Har vore tidleg ute med det meste i år, så føler slett ikkje at det er tida for stress. Faktisk sit eg ganske så godt her i sofaen.
Dei neste dagane blir fylt med det glade bodskap osv..... Julemusikken kjem sikkert til å finne vegen ut høytalarane, masse god julemat, familie og anna kos. I måro står pyntinga av juletreet for tur. Det er jo ein koseleg tradisjon. Mange har allereie gjort det, men eg har i alle år gjort det på lillejulaften. Det er ei fin tid vi går i møte. Vi har mykje å vere takksame for. Med tanke på dei som ikkje har det så godt, tenker eg ein god del på kor heldig eg er:=)
Mi største bekymring er i kor stor grad kan eg ta meg eit glass rødvin til den gode julematen pga voltarenkuren eg må ta pga det skada kneet mitt....... (puh...lang setning..)...Eg burde vel ikkje lage ei problemstilling ut av det. I det vide og breie ein bagatell...!!

Pelle politibil er 25 år i dag. Bilen som har kjørt seg inn i alles bornehjarter er like stor i dag som før. Den ekte bodøværingen feires i dag. Helsa til Pelle i det verkelege livet er heller skral.
(Berre ei lita avsporing........ei viktig sådan......hehehe).

mandag 21. desember 2009

Rettighet eller gave??

I helga leste eg ein artikkel i VG som omhandla det å få born. Det vart stilla spørsmålet om det å få born er ei gave eller om det er ein rettighet. Overskrifta var Statens farskap. Trur det som i størst grad har provosert forfattaren av artikkelen er at staten påtvinger far til å måtte ha lengre fødselspermisjon. Samtidig jobber fleire sentrale politikarar for å få meir lempelege lovar i forhold til det å få born. Med det meines einslege kvinner som ønskjer born.... Då trengs visst nok ingen far vere innblanda i det. Då kjem dobbeltmoralspolitikken inn.
Adopsjon er utelukka frå problematikken i dette, for gjennom adopsjon hjelper ein også eit menneske som trenger det. Akkurat det er jo ein flott ting. Det går meir på kven skal ha rett til å få born, og på kva måte skal dei få det.

Dette temaet er ganske sårbart for mange, og ein skal difor vere forsiktig med å ordleggje seg. Det skal ikkje mykje til for at ein blir skulda for å ha dårlege haldningar om ein ikkje trør varsamt. Tenkjer då mest på dei som er homofile av legning.
Eg har på lik linje som forfattaren av artikkelen ikkje noko problem med å skjønne at alle, uansett legning, har lyst på å få born. Sjølvsagt er det forståeleg! Problemstillinga spør om det er ein rett vi som vaksne har , eller om det er ein gave å få born.

Statens farskap?? I kva grad skal staten blande seg inn for å dekke dei vaksnes behov i denne saka? Er det likegyldig om eit born veks opp med mor og mor, med far og far, eller med mor og far? Eller, det nye forslaget som seier berre mor? Eg meiner det ikkje er likegyldig! Ein vanskeleg debatt, ja, men dog ganske innlysande for meg! Eg utelukker heilt det som mange argumenterer med......Evnen til å gje omsorg. Evnen til å gje omsorg er heilt sikker like stor hos dei temaet gjeld som hos dei som følger den "normale" normen. Alle born skal tas i mot med kjærleik og respekt. Kva rolle bør staten ha i forplantninga?

Eit born treng både ein far og ei mor. Livet blir ikkje alltid slik av ulike årsaker. Fleire veks opp med berre ein vaksen. Andre veks opp med andre enn sine biologiske føreldre. At livet blir slik, er noko heilt anna enn at staten skal planleggje at born settes til verda utan mor eller far.

I dag brukes argumenter som urettferdighet og diskriminering. Då er ikkje vegen lang før også einslege menn vil ha hjelp til å få born.
Fleire homofile menn bruker ei surrogatmor frå USA. Egget som blir planta inn er gjerne frå ei anna kvinne. Kven av kvinnene er eigentleg mor? Disse borna får inga mor......

Alle born kjem ein eller gong til det stadiet i livet at dei vil sakne anten å ha ei mor eller ein far dersom dei manglar det. Er det rett å utsetje borna for det berre for å tilfredstille dei vaksnes behov?? Eg berre spør.....

lørdag 19. desember 2009

Flotte laurdagen:=)

Så var kveldens meny klar. Nå er det berre for gjestene å komme:=)

Roastbiff
Spekemat
Lammelår i skiver
Eggerøre
Laks
Kylling
Potetsalat
Waldorfsalat
Grønnsakssalat
Sennepsaus
Ferske rundstykker og loff + + +

torsdag 17. desember 2009

Torsdag 17.desember 2009.

Så var ein ny dag over. Det er torsdag og for første gong på lenge kan eg seie at den siste uka ikkje har floge avgarde. Normalt ville eg ha hatt sundag i dag...men det er visst berre torsdag. Jaja, må vel ha sånne uker også.
Akkurat no sitter eg her og føler meg ganske sliten. Hovudet henger ikkje fast i kroppen (føles det). Heile uka har det gått i eitt. Då meiner eg i eitt!! Noko av det har sjølvsagt vore morro. Øvinga på tirsdag var vel eigentleg ei avkopling frå stresset ellers omkring. Har konstantert for meg sjølv at stress ikkje er noko for meg. Trur kanskje det ikkje er så sunt heller!??!!! Men når døgeret ikkje har nok timar slik som no, så blir det slik. Det einaste som er sikkert er at eg ikkje skal bo på aulaen neste desember. Hovudet er fyllt til randen av rytmer og strofer som ikkje har noko som helst der å gjere. 16 timar med musikk på få dager er litt i meste laget. Det går ut over dei her heime som må stille ned lyden på tv. Nett no vil eg berre ha det stille.

Nei, det er vel berre å summe seg og gå inn i stova og prøve å vere nokonlunde blid. Det er trass alt juletider.....Ein dag att, så venter heile tre fridager i neste uke.
Det er sikkert ei koseleg helg som kjem oss i møte. Det er berre å sjå opp og fram.

Det er vel heller ingen som seier noko på det om eg legg meg no...klokka er snart ti.

tirsdag 15. desember 2009

I will give you my life in a lovesong.

My world has changed
and everything is different.
Times are changing.
From you comes all of my hope.

I will give you my life in a lovesong.
All thing comes together in you.
I open my heart so that
I can show you love.

There is no one like you.
I feel my heart beats faster.
You give me strenght to carry on.
My head is filled with you.

I will give you my life in a lovesong.
All thing comes together in you.
I open my heart so that
I can show you love.

You make me smile everytime I see you.
You make me feel alive.
I like to watch you
when you sing a lovesong.

I will give you my life in a lovesong.
All thing comes together in you.
I open my heart so that
I can show you love.

Så attstår det å la deg høyre songen..... There is a time for everything.

God natt!

Tysdag 15.desember!

Det er uke nr 51, det er tysdag. Uka er såvidt byrja, men trur den vil bli unnagjort i løpet av ganske kort tid... :=) Så er det juleuka!! Den gler vi oss til alle mann! I alle fall her....

Akkurat no sitter eg og tenker kor godt det er at vi alle er ulike og ikkje minst at vi har ulike meininger om mangt. Det er det som gjer oss levande! Tenk kor kjedeleg det hadde vore om alle var like og meinte dei samme tinga... Då skulle i alle fall ikkje eg ha stått modell:=) Hehehe.
Eg syns det er flott, eg. Eg har mi meining medan andre har si. Det gjer at eg er mitt eiga individ! Flotte ord... Kva?
Ein ting er i alle høve sikkert. I desse dagar held eg meg langt unna diskusjonar her heime som omhandlar budsjett og politikk her i kommunen. Men eg får min dose likevel! Trur telefonen her er ganske så varm for tida. Ordet som blir nevnt oftast er eigedomsskatt. Eg er glad eg ikkje skal ta stilling til det spørsmålet. Det overlet eg til dei som skal røyste over saka. Kan seie så mykje at vi ikkje er hundre prosent einige her i huset. Då er det vel best å teie....så slepp ein dei store diskusjonane. Trur nok politikk kan vere årsaka til mange diskusjonar rundt om i heimane.
Som sagt...Det er flott med mange meiningar.

Det er mange saker som engasjerer for tida... Ikkje berre eigedomskatten. Det må jobbast mykje med å få budsjettet på plass og mange har vel sine saker dei kjempar for. Ikkje alle får gehør, sjølv om dei meiner sakene er aldri så viktig. Ei anna sak er legesituasjonen. Eg skal for all del ikkje komme inn på kva eg eigentleg meiner i saka. Det har eg holdt for meg sjølv heile tida. Det er vel ikkje opp til meg å meine noko som helst om eg skal sette det litt på spissen.... Men sjølvsagt, eg er som alle andre.....så eg har ei meining om det eg og!!
Det einaste eg er interessert å dele i forhold til mi meining om temaet er: Kva er alternativet?? Det vil med 100% sikkerhet bli masse dyrare for kommunen å ikkje gripe fatt i problemet. Kva er likast? Auke to lønningar litt og beholde 3 legar, eller den dyre vikarordninga vi har forholdt oss til før?? Då er svaret enkelt for meg!! Kommunen blir ikkje så mykje fattigare på lønnsauke om ein ser det opp mot alternativet..... Men kva veit vel eg??
Som sagt....eg har ikkje med reine ord sagt kva eg meiner om saka. Eg har berre prata litt rundt temaet. (Eg må jo og seie at eg berre har gode røynsler frå mine legebesøk.....Så eg er difor nøgd med tilbodet vi har i dag).

Nokre gonger syns eg det er litt gøy å seie ting som eg i utgangspunktet ikkje står for. Misforstå meg rett.... Eg seier aldri at det er mi meining som kjem fram, men eg argumenterer for ting eg eigentleg er imot. Det er berre for å få lufte temaet ordentleg og å vise at ei sak kan ha fleire sider.

Han "artigkaren" som sitter borti sofaen er grimm på akkurat dette. Når mamma er på besøk, bruker han å byrje med å argumentere for Frp. Eg som bur i lag med han veit jo såpass at er det noko han ikkje stemmer, så er det Frp. Dei vil jo ha kommunesamanslåing. Det vil ikkje han.... Men han elsker å "provosere". Ho er då eit typisk Arbeiderpartimenneske samtidig som han veit ho lar seg fyre.... Eg har høyrt diskusjonane og argumentane så mange gonger at eg har lært meg tidleg med å gripe inn og seie til mor mi: Husk at han stemmer Arbeiderpartiet akkurat som deg. Han prøver berre å provosere!! Ho svarer sjølvsagt at ho veit det, men lar seg rive med likevel.... Det har blitt betre med tida skal det seies. (Berre så synd at det er så mange som trur at han faktisk stemmer Frp.... Men det kan han takke seg sjølv for)!

Det er bra med ulike meininger....berre ein ikkje gløymer akkurat det når ein diskuterer. Mange gonger er det lett å la seg rive med. Det betyr ikkje alltid at det ein meiner er det beste eller det rette svaret. Ein skal jo og passe seg for å presse sine meininger over på andre og forvente at dei skal meine det samme. Det er ikkje bestandig like lett å halde tunga rett i munnen, og sjølv om meiningane er ulike i ei sak som for meg er veldig viktig, må eg ikkje gløyme at det ikkje gjer noko om ikkje alle er einige med meg. Problemet er at av og til kan ting virke så opplagt og spesielt då er det vanskeleg å forstå at vi faktisk ikkje meiner det samme. Dette er sikkert noko både eg og mange med burde blitt flinkare til.
Det einaste som er sikkert er at eg føler meg meir levande når eg kan utveksle meininger som ikkje bestandig er like med dei andres enn om vi bestandig skal vere einig.

Eg er sta som person.....men eg prøver å forbetre meg heile tida. Eg vil vel aldri bli bra nok på det området...Men det er akkurat det som er så bra. Det betyr at eg held på det som er meg. Eg kan ikkje vere ein annan enn eg er. Take it or leave it!!

søndag 13. desember 2009

Bodøbyen.

Bodø - eigentleg ein fin by å bu i - men dog ikkje byen å leggje førjulshandelen til når det er under to veker til jul. Med mindre du har god tid, kan dei lange køane gjere sitt til at du blir ei utålmodig og rastlaus sjel. Been there - done that!!

Denne helga har eg vandra frå butikk til butikk i Bodø. Håpet var at eg skulle få gjort meg ferdig med det meste allereie laurdagen. Så feil kunne eg ta! Eg treng nok både sundagen og måndagen også.....
Eg har ikkje talet på kor mange gongar eg drog kortet, men eg veit det var mange! Like mange gonger stod eg i kø. Lange køar!!! Spesielt på El-kjøp var det ille. Først var det å stå kø etter å ha trekt kølapp. Då kjøpmannen trudde han var ferdig med oss, hasta han vidare til neste nummer på lista. Så då var det å stå i ny kø.... Etter ei stund vart det vår tur på nytt. Vi fekk ordna det vi skulle, men så sa ekspeditøren at vi måtte stille oss i kø ved utgangen kor vi skulle oppgje namnet på ein av oss. Butikken var lang å tråle gjennom. I enden såg vi kassane og lange køar. Huff!! Ny kø. Ikkje nok med det....Vi oppga som avtalt namnet og fekk betalt varen. Då sa kassadama at vi måtte stille oss i endå ein ny kø. Nemleg der varen utleveres! Vi fekk kvitteringa med oss og måtte trekke ny kølapp. Om det var gøy å handle???? Ikkje med tanke på at eg hadde gløymt at det var ein ting til eg skulle kjøpe der, og då måtte ta heile sirkuset på nytt..:( Trur kanskje eg endte opp med 8 køar for to små gjenstander......med ein 5-åring på slep.

tirsdag 8. desember 2009

Tysdag 8.desember!

Så var nok ei ny uke igang. Om ikkje lenge er vi midt i desembermånaden. Månaden blant dei store hos borna. Trur ikkje det går ein einaste dag utan at det første som blir sagt er "Kan æ åpn en adventspakke?" Steffen er eigentleg litt treg å få opp om morgonen sjølv om han legg seg tidleg. ¨Han er det sjølvsagt enno.....men berre til han kjem på at det henger nokre pakkar på veggen i stova. Då er han plutseleg lys vaken...på null komma niks. Vi var vel likedan vi og, men eg hugsar det ikkje.
Det skal ikkje så mykje til for at han blir glad. Trur det er mange som har dei "fancy'e" pakkane, men ikkje denne guten! Eg bestemte meg tidleg at han skulle få bli vant til at adventskalender ikkje er einstydande med at han skulle få mykje av det han ønsker seg. Han får ein liten ting kvar dag. Han blir sjølvsagt gladast når det er snop i pakken, men dog ikkje så glad av di han då må spare den til etter bornehage.... Trur ikkje tantene der ville vore så glad om alle borna hadde ete snop før dei kjem i huset der....Det kunne blitt ei fin smørje.

Denne desembermånaden har faktisk vore den minst stressande julemånaden på mange år....heilt tilbake til eg var 12 år. Det er lenge sidan det. Det har alltid vore ein aktiv månad, men i år har eg heller vore aktiv heime. Kjenner eg har lyst å både vaske/rydde og bake stort sett kvar dag. Ein skal vel vere takksam for at ein føler at ein har energi nok til det. Det er faktisk null stress.

Steffen har ein kompis på besøk no. Høyrer dei sitter og ler til Tom og Jerry i bakgrunnen. Det er det gøyaste programmet å sjå her i huset. Om Steffen står tidleg opp og det er Tom og Jerry på tv, ja då merker vi det på fliringa i stova. Det er rett og slett rå latter. Då er det ein til som står opp!! Kan seie så mykje at den andre som står opp ikkje er meg! Det kommer ikkje til å skje at eg ofrar den gode, varme dyna for ein teikneserie (sjølv om eg er glad i Tom og Jerry).
No sit dei der og flirer medan dei har si barnetvstund foran skjermen. Koseleg!

Når brøda er ferdigstekt , tenker eg at eg vil ta meg ein svømmetur. Det er godt å vere i bevegelse. Når eg ikkje kan springe den næraste tida, fungerer svømming godt (jogging er skøyare).

lørdag 5. desember 2009

LEV I DAG!!!

Det er for seint å angre på det ein ikkje har gjort når ulukka er ute. Akkurat i dag, når ein får høyre om den tragiske ulukka på Norcem, virker alt så bagatellmessig. Ingenting er viktig. Det er berre så uverkeleg. Eg berre tenker på alt eg sjølv henger meg opp i. Kva er vitsen?? Nei, det er viktig å leve medan man kan det. Ikkje utsett det ein har lyst til i dag og sei at til neste år......då kan vi unne oss det.

Hvil i fred, Kjell!!! Tankane går til familien din og dei du hadde rundt deg. Dei får ei tung jul og eg håper dei har mange rundt seg som støtter opp i denne vanskelege tida. Det er berre trist...Eg er heilt satt ut.

Happy ever after???

Klokka er halv tre på natta. Eg og han der som kaller seg husbonden min har vore ein tur på kroa., Vi åt juletallerken (anbefales verkeleg!!!). Eg er akkurat kommen heim. Burde vel vore alle andre plaasar enn på dataen no (les i senga), men klarte berre ikkje å la vere!! Kvelden har vore toppers. Dette var ein av dei tre gongane eg unner meg det livlege i året....og tru meg.... det var verdt det. Det var eigentleg TPL som skulle ut...og eg lot meg til slutt overtales til ¨å vere med. AAkkurat no føles det som om det var det rette. Ikkje farleg når ein har barnevakt i huset:=)
Nokre mannfolk frå kommunen var også ute....og det gjorde at eg fekk det ganske så skøy:=) Dei har faktisk litt humor!!!!
Eit par (eg kan jo leve i trua) drinkar gjer at eg burde leggje meg, men det er litt for gøy å vere meg til at eg burde leggje meg ennå.
Jajaja........Har aldri flirt før, så eg må nytte høvet no:=)......hehehehehehhehehehehehehehehehehehe

Gler meg til andre juledag....då er det jam,!!!!! Jajajjjajajaja...det er ikkje måte på kven eg er glad i i kveld, så berre nyt det folkens....det går snart over. Eg har mine favorittgutar, og dei veit o det. Det får vere nok:=)
Nei.....god natt. Vi snakkes i mårra når........

torsdag 3. desember 2009

Klager??.......Kven, eg???

Har akkurat kommunisert med ei venninne frå lærarhøgskulen. På lik linje med oss har også dei tentamen denne uka. Tentamensretting er skøy.... Ho hadde visst 120 norskstiler å rette! Skal vi se.....Eg har 16 i norsk, 10 i engelsk og 16 i matematikk. Det blir i mitt hovud 42 tentamenar å rette. Har eg klaga??? Trur i alle fall eg berre skal teie stilt på meg heretter.. Om eg byrjer å samanlikne med dei store byskolane sørafor, er det berre barnemat her. Stakkars Marianne!!!

onsdag 2. desember 2009

Vi levde med hua i handa.......

Halvdan Sivertsens "Nordnorsk julesalme" speler i bakgrunnen frå dataen. Kjempefin song! Det er deilig å ha ein sånn song i øyrene så tidleg på dagen. Eg sitter og retter tentamener. Satser på at eg skal få gjort mest mogleg her på skulen så eg slepp å ta dei med heim...... Det er litt tungt å sitte så konsentrert og rette over lang tid, så då tar eg meg ein liten pause og skriver her heller.

Velsignelse, Guds fred...det er ikkje måte på kor fine ord som blir brukt. Songen er ei bøn om fred. Vi treng å bli passa på. Sjølv om det er mykje å gjere før jul må vi ikkje gløyme at vi ikkje skal slite med å kave oss fram. Jula skal vere gledens høgtid. Kven klarer å glede seg om ein berre slit og kaver....og ikkje minst stresser? Håp om ei utstrakt hand...... Mange treng den handa.
Ein kan meine kva ein vil om Trygve Hoff, men teksten til denne julesongen har han truffe bra på. Eg skal lære elevane songen slik at heile skulen kan syngje den i lag på juleavslutninga. Det blir flott!!

I dag lever vi i ein verden som heile tida sett krav til oss. Heilt frå vi er små. Det byrjer med dei føresettes "krav " til borna. Alle foreldre har sikkert eit ønske om at akkurat deira born skal vellukkast. Kven avgjer om ein har lukkast eller ei? Om ein gjer det bra i det meste er det ikkje sikkert ein er lykkeleg. Eg trur det er viktig å la alle få finne ut kven dei eigentleg er og leve deretter. Det treng eg ikkje gå lenger bort enn min eigen heim for å skjønne. Sjølv har eg forventninger for min eigen gut. Eg forventer at han skal te seg skikkeleg. Eg ønsker at han skal lære å få eit forhold til musikk. Men det går ikkje på mine premisser! Eg føler meg fram og lar han styre det sjølv (til ein viss grad). Faren hans snakker berre om at han skal spele på Barcelona når han blir stor. Seier han det nok mange gonger trur han det til slutt. Ved skulen her er det mange som går rundt og drøymer og trur at dei skal bli oppdaga. Dei har ingen reell oppfatning av kor dei eigentleg ligg i forhold til kvalitet på spelinga. Foreldre må ikkje føre sine eigne drøymer som ikkje blei oppfylt over på borna. Fleire born er overbevist om at dei er god nok. Eg har allereie sagt til fleire av dei at eg skal spise ein hatt om så skjer!
Ein må sjølvsagt ha drøymer!! Ein må ha lov til å ha noko å jobbe mot. Det er berre det at ein må også lære å vere realistisk. Ein tonedøv gut kan aldri bli ein god songar. Nokon må fortelje det for han om han trur han skal fronte ei gruppe i framtida!

Så kjem samspelet med andre. Det handler om å gje og ta. Ein skal lære å dele og fungere med andre. Samspelet der er viktig. Ein skal lære å besinne seg..... Kva om eit born alltid får beskjed om å besinne seg? Er det alltid rett av oss å kreve det? Skal ein aldri få utløp for sine verkelege kjensler? Kven er det som aldri har lyst å vere sint og få lov til det? Vi vaksne bremser borna på dette området...Vi vil fortsette å gjere det. Eg gjer det sjølv.

På skulen stilles det krav om resultater. Ein blir måla mot dei andre borna- Ein blir måla mot resten av landet. Han er betre enn landets gjennomsnitt.... Korleis føler han seg, han som kom under landets gjennomsnitt? Dum?? Ikkje veit eg, men offentleggjering av nasjonale prøver...kven sitt forslag var det? Eg er glad det er bestemt at resultata ikkje lenger skal komme i storavisene. Det er likevel langt å gå før ein kan klare å spare den svake for ydmykelsen. "Du er ikkje god nok".... Den som øver blir meister. Nei, langt frå alle, men det hjelper. Kva skal ein måle eit born i? Kva med dei kvalitetane som ikkje kjem fram i det skriftlege eller det ein les? Kva med dei kvalitetane som kanskje er viktigast og som viser kven personen eigentleg er? Dei maktsjuke ledarane våre er kun opptatt av resultatar. Dei bryr seg ikkje om det andre.
Har nokokn forska på sosiale forhold opp mot resultatar? Ja, det kan eg garantere at det er fleire som har gjort. Mange lærarar må bruke tid på å vere ein sosialomsorgsperson. Det går ut over tida til anna. Kan ikkje regjeringa prøve å få meir bukt på det området? Kven skal skulda om ein elev gjere det dårleg på skulen når ikkje dei sosiale normene er oppfylt?? Læraren, foreldra, staten....?? Uansett, det er foreldra som har hovudansvaret for sine eigne born! Kan dei ikkje klare å følgje dei opp, har ikkje staten då noko ansvar? Eg har ikkje svaret.....Eg berre lurar. Kor ligg ansvaret??

Halvdan Sivertsen og julesalmen siver fortsatt ut av dataen. "Du signe folket som lever her nord". Det er ingen krav bak desse orda.
La førjulstida bli koseleg. La oss huske kva som er viktig. La borna få fine tradisjonar, la dei få glede seg til ei høgtid som skal feirast og ikkje minst la dei slippe å få føle presset!
Desember er kos:=) Mange baker til jul. Det betyr og at mange stresser med å bli ferdig med bakinga til jul. La det heller vere slik at ein baker fordi det er koseleg. Det gjere vi. Baking i lag med Steffen er kvalitetstid! Er det stress å bake? Kvifor ikkje berre ta seg ein tur på butikken og kjøpe dei kakene ein vil ha i hus? I dag selges det meste. I alle høve selges det julekaker. Gode er dei sikkert også. Så slipper ein strevet...... Eg baker, men skulle dagen komme at det er eit pes.. ja, då veit eg kva eg har å gjere! Desember er koseleg!!!

Ha ei fin førjulstid!!

mandag 30. november 2009

:=)

Ny uke, nye sjanser.
Føler meg som den husmora for tida. No sitter eg og venter på at bollene skal bli ferdigstekte. Ferske boller er godt!!!
I går laga eg og Steffen pepperkakehus. Minn meg på til neste år at dette var siste gongen!! Det sa eg forresten i fjor også...... Kvart år seier eg at til neste år skal eg ikkje lime huset saman med smelta sukker. Så.....i år som alle andre år er fingrane mine vonde. Får håpe at det ikkje går betennelse i dei. Smelta sukker er VELDIG varmt. Slett ikkje noko å få over fingrane sine. Men, når ein er så dum år etter år, må ein jo berre ha det så godt! Det skjer vel til neste år og.
I morgon skal vi alle 5 hive oss rundt i pepperkakelaginga. Steffen ville vente til ho Dadda og ho søster kommer. Så det blir koseleg. :=)

søndag 29. november 2009

O du herlige....

Så er adventskalenderen kommen seg opp på veggen, julestjerna heng i vindauget, og på kjøkkenet er julegardinene kommet på rett stad. Første sundag i advent..... No ventar speling i kyrkja og julegrantenning på utsida.
Har vel eigentleg lova ein liten kar at vi skal lage pepperkakehus i dag. Håper det blir tid til det før spelinga. Har jo ikkje lyst å skuffe han heller.

Så får vi sjå kva verdensproblem vi klarer å løyse idag. Dei neste dagane vil vel avisene stort sett berre bære preg av at fredsprisvinnaren snart melder sin ankomst. Det er bra ein ikkje bur der sør no. Det blir nok mykje styr. Alt for eit blikk av Obama. Klarer meg godt uten. Er ikkje redd eg skal gå glipp av noko. Alle dei norske kanalane kjem nok til å vere gjennomsyra heile døgeret av ein ting. Heldige Jagland!

Dagen i dag er gårdagens framtid.
Dagen i går er dagens fortid.
Vi veit ikkje kva morgondagen bringer,
men eg håper det er fred i alle heimar.

lørdag 28. november 2009

Laurdag:=)

Det er laurdag, klokka går mot halv fem. Det har vore ein ganske kald dag.
Klokka to var det julegateopning. Musikk til juletregang, julenisse, tipping av høgde på juletre og antall julelys og ikkje minst masse folk. ¨
Det var koseleg, men det var kaldt. Eg fekk jo oppfylt ønsket mitt om at marka skulle vere kvit idag, men likevel hadde ikkje hovudet vore like klår oppi toppen. Det handler om å kle seg etter vèret.....
Steffen tippa at det er 140 lys som henger på treet. (Han kom med talet av seg sjølv). Då offentleggjeringa av svaret kom, viste det seg at det er 136 lys. Snakk om å vere nære:=) Sjølvsagt var det berre ei tilfedigheit at han kom så nære, men det var jo litt gøy. Berre så synd at Einar var der like etterpå, og han tippa 136........ Så då vart det jaggu meg premie til dette huset likevel!!!

Leste på nettet i dag der ein kjenning av meg frå Kvinnherad ba folket i kommunen om å slutte å syte og klage. Alle var så negativ for tida. Eg skreiv ein kommentar der eg poengterte at det sannsynlegvis var slik i dei fleste kommunar, inkludert her. Dei har det nok ikkje verre enn alle andre....... Så eg hive meg med i oppfordringa hans. SLUTT Å SYT!!!!
Det er meir enn nok menneske som syt og klagar kvar dag. Eg har vel eigentleg aldri heilt klart å forstå det der. Har vi det så ille??? Ikkje eg i alle fall! Eg har alltids vore ute for ei eller anna bekymring i løpet av dei åra eg har levd, men eg har då alltid hatt både mat og tak over hovudet til einkvar tid.
Eg kan forstå at dei som har det ille klagar!! Men generelt har dei fleste menneska i Noreg det bra. Det er gjerne dei som har mest som klagar mest og. Eg bruker å tenke at eg har arbeid, eg har familie og folk rundt meg som bryr seg, eg har hobbyar og eg har alt eg treng for å leve. Kvifor i all verda skal eg gidde å bruke så mykje energi på å vere sur for at vi ikkje har det betre?? Det er jo noko som er heilt galt hvis eg skal klage, eg som har det eg treng. Det er ikkje synd i meg om eg ikkje har sjansen til alt her i livet. Egentlig har eg sjansen til kva om helst. Om ein verkeleg vil noko så får ein det til. Hvis fleire hadde brukt energien på ein meir positiv måte ville det vore ein betre plass å vere her nede på "tellus kvintus".
"Gud bedre" eg kan vere sur eg og. Ingen tvil om det!! Men eg tar det ikkje med meg overalt. Det er nok av folk som er sur for eit eller anna, og så tar dei det med seg ut blant andre. Kor er logikken der? Det skal vel ikkje gå ut over alle andre om ein har hatt ein dårleg dag. Om eg er blitt sur heime, skulle eg då vere gorrsur på musikkøving i lag med 30 andre?? Nei.... Alle har lov til å ha dårlege dagar, men er det verdt å la det hengje over seg heile tida?? Kor trist skulle ikkje eg vere om eg aldri smilte eller lo (trur ikkje det kommer ¨så mange av dei dagane):=) Eg hadde nokre slike dager i fjor då pappa var så sjuk. Gudane skal vite at det satte gråe hår i skolten på meg. Bekymringer er ikkje bra. Så dersom ein kan unngå det, bør ein gjere så godt ein kan. Eg skal i alle fall ikkje ha fleire gråe hår på minst 20 år!!! Så eg må nok berre halde meg glad......

Har vel eigentleg gjeve meg sjølv ei utfordring i det eg nettopp sa! Det er no i førjulstida saknet er størst. Eg må gå inn i meg sjølv og sørge for at det ikkje skal ete meg opp innvendig. Eg skal tenke positive tanker "heile tida". Det ville han ha ønska, og derfor må det bli slik. Vi har jo så mykje å vere takksame for!!!!

Tenk, det er snart jul:=) Det er ikkje lenge sidan sist, og no er ho her på nytt. Tenk at nissen kom idag!! Veit ikkje kva tid det er på tide å seie at nissen ikkje finst!??! Kanskje det er meininga at det skal finnast ut på eigenhand? Nokre gleder må dei små få ha. Det er no i alle høve triveleg i desse dagar. Det er på tide å leite fram adventskalenderen. 24 små pakker er pakka inn og ligger der klar for å komme på veggen. Berit Henriksen er fadder på Steffen, og for eit par/tre år sidan laga ho ein kjempeflott adventskalender til han:=) Ho har brukt lappeteknikk.

Ellers så har eg mine tankar og ønsker for den næraste tida. Så attstår det å sjå kva som blir oppfylt eller ikkje. Det er jo lov til å drøyme!! Kva hadde vi vore utan drøymer? Ein treng å satse av og til.......

Ha ein fin laurdagskveld!! I måro er det første sundag i advent og då skal julestjerna opp.

fredag 27. november 2009

Ti over halv tolv......stuptrøtt. Jaja. Det er vel berre å pelle seg iseng. I måro er det julegateopning på torget.
Kvelden har eigentleg gått ganske tregt. Ikkje lenge sidan eg kom inn ifrå ein liten spasertur i regnet. Vèret er ikkje noko hinder for å gå tur. Eg syns faktisk det er deilig å gå tur når det regner. Syns tankane klarnar så mykje lettare då, og så er det så deileg å komme inn etterpå. Litt musikk i øyrene og regnet merkes ikkje.

Går med ein ny song i hovudet i kveld. Trur kanskje den skal få tittelen "I will give you my life in a lovesong". (Det blir sjølvsagt ein ballade). Det er om å gjere den mest mogleg ekte.

Ellers er eg lei av heile x-faktor. Trur ikkje eg gidde å sjå dei tre siste episodane. Det er eigentleg ingen av dei som utmerker seg spesielt på enkelte områder. Så no får eg halde meg til faktorane i mitt eige liv.

Helg!!

Ja, så var det helg på nytt. Det er ganske deilig det:=) I huset er det stort sett stille. Ein ligg og søv og ein ser på barnetv. Sjølv slapper eg av med litt rydding og vasking. Ja, eg kaller det å slappe av! Det går ikkje i noko hurtigtempo. Eg går no rundt her og tar litt etter litt. Akkurat no har eg tatt meg ein liten pause. (På nytt.....).
Ein er vant til å ha mange mennesker rundt seg store deler av uka, og plutseleg blir det helg og så stille. Ikkje at eg klager på det, men det er rart med det. I mitt yrke må ein forhalde seg til andre heile tida. Sånn sett er det deilig å berre sitte her i godstolen og sløve.
Eg er forresten ferdig med "verdas" dårlegaste bok. Ho var ikkje verre enn at eg følte eg måtte lese h0 ut, men akk ja, elendig. Det var kanskje ein underliggandes moral i boka om ein leitar godt, for den var ikkje så gjennomsyra av logikk.
Det er ein familie som skal på hytta og vere i nokre veker i løpet av sommaren. Kvinna skylder på arbeid og lover å komme etter neste dag. Sanninga er at ho skal ligge og knulle på ein ho såvidt har møtt før. Då neste dagen kom, dro ho ikkje til hytta. Ho skyldte på migrene og tok ei ekstra natt med heftige rørsler. Familien hennar bestod av ein heil bunsj av små born, og stakkaren ho hadde til mann måtte klare å ta seg av dei alle heilt åleine. Nesten 400 sider med stakkarslig slit hos ein og heftig sex hos den andre.
Ho røpa seg sjølvsagt over telefonen. Mannen ringte hustelefonen som ho aldri svara på sidan ho ikkje var heime. Smart!!!
Hadde innhaldet vore av ein litt anna karakter, kunne eg ha latt elevane korrekturlest boka. Ingen adverbial i heile boka. Det skal ikkje gå an. 14--åringane i Kjøpsvik kan betre enn det!
Nokon må ha likt boka......for ellers ville den vel ikkje ha blitt utgjeven?? Av og til var den skriven i første person. Så var det plutselig skriven i tredjeperson. Det tok si tid å komme inn i det og skjønne sammenhengen mellom dei to variasjonane, men når eg først forstod det gjekk det greit å henge med i svingane. Likevel.....ingen bok å anbefale. (Ingenting å angre).

Det er fredag, helga er såvidt starta. Så attstår det å sjå kva helga bringer med seg............

torsdag 26. november 2009

Endeleg eit opplegg!!

Det kan sjå ut som om vi i NPC-musikkken skal vere med på "svære" greier. På tide seier eg. Vi snakker storband, helaften osv.... Korps, band og solister. Proffe arrangører i ryggen, ordentleg lys og lyd og heile pakken. Musikken blir skriven for berre oss. Eg forstod det slik at vi skulle hive oss med på det:=) Så no vil eg få eit mål å øve mot. (Trur kanskje eg skal spille akkustisk piano)..... Uansett, det er ti år sidan sist eg hadde sjansen til noko sånt, så det er på tide. No må eg byrje å gje av meg sjølv. Då blir det slutt på å leke musiker, for det er klart det må settes krav til ein viss standard.

Ellers har det vore ein kjempefin torsdag.
Hasta luego!
Så var pepperkakedeigen kommet seg i kjøleskapet. Den må vel ligge der i x antall timer før den kan rullast ut?? På tide å få unna litt baking til jul. Satser på å lage eit pepperkakehus også:=)

Så var det torsdag igjen...... og eg har storøva på kornetten. Not!! Uff, veit ikkje heilt kor tankane har vore den siste uka. Har visst gløymt av at instrumentet står der. Jaja. Det går for det meste i pianospeling i disse dager. Holder på å lære meg "The greatest love of all" med Withney Houston. Ho har berre så fantastisk fin stemme, og i tillegg har ho eit x antall songar som er knallfine. Denne songen er ikkje noko unntak. Trur eg kan den utenat no. Det er forspelet til songen som er finast. Eg kan sitte der og berre spele det om att og om att. Ellers går det i litt jazz. Men det får ingen høyre meg spele. Det speler eg kun om eg er heilt åleine. Eg er jo eigentleg ikkje noko jazz-menneske, men av og til er det litt gøy å spille det likevel.

Steffen liker og å spele. Då går det for det meste i enkle akkorder. Han har jo ikkje så lange fingrar endå, men han er blitt flink. Han har veldig god rytme i kroppen!! Så eg må prøve å vere flink til å utnytte det.

I dag, no nettopp, har eg og Steffen vore hos helsesøstera og tatt pandemivaksinen. Det gjekk berre godt det. Foreløpig er det ikkje kommet nokre syptomar på at ting ikkje er bra. Eg spurte han nettopp om det går bra med armen. Han svarte berre ja og skulle til å sjekke stikket. Han tok då feil arm og sjekka, så det tyder på at han ikkje kjenner noko som helst. Eg håper han ikkje får nokon som helst reaksjon på sprøyta. Det var vel aldri noko alternativ at han ikkje skulle ta ho.
Det er på tide å leite fram kasserollane og få middagen på kok. I dag blir det salt uer. Ikkje akkurat min favoritt, men det har heldigvis ikkje Steffen arva frå meg. Han et alt berre det heiter fisk eller kjøtt. Så bra er det.
Etterpå blir det forhåpentlegvis litt tid til "The greatest love of all" og:=)



tirsdag 24. november 2009

Dagen blei ikkje som forventa...

Dagen i dag blei ikkje akkurat som eg hadde sett for meg. Ikkje det at det gjorde noko. Ikkje hadde eg nokon planar heller..... Då eg kom heim frå arbeid rett før fire, kjente eg at eg var heilt tom i hovudet. Tysdagane er ganske lange..... Akkurat i dag følte eg meg ganske trøtt, så eg såg for meg at det kom til å bli ein riktig så slapp ettermiddag og kveld. Men så feil kan ein ta! Dagen blei vel alt anna enn roleg.

Etter middag klarte Steffen å overtale oss alle til å spele "Robot Jam". Sidan vi var fire spelarar og eg eigentleg ikkje liker så godt å tape, var det berre å gje alt. Steffen blei jo sjølvsagt litt surmulande og sa eg ikkje fekk vere så god, men born har vel godt av å tape innimellom?? Hehehe... Koste meg storveis på toppen av seierspallen eg (eller i rampelyset som dei seier i spillet).


Etter endt speling fekk Steffen det for seg at han ville bake. I lang tid veksla han mellom fleire kakesortar og endte til slutt opp med noko heilt anna....karameller!! Det var berre å hive seg i bilen for å kjøpe det som mangla i huset for at det skulle kunne lagast. Han var jo litt lur då. Karamellane må mora helde seg langt unna! Må og må...... Ja, det er vel best det:=)

Etter ein liten øvelseskøyretur med Helene bar det rett heim i kokinga av sirup og diverse. Det var Steffen som skulle vere kokk. Han har aldri svikta på det området før, men i dag slo han til. Då han skjønna at det å lage karameller betyr å stå og røre i ei gryte i tre kvarter, la han inn årene og overlot det heile til meg. Etterkvart fann han ut at vi kune bytte på det.

Håper det blir lenge til neste gong det ska lagast karameller, for det krevdest visst litt etterarbeid også.

I stadenfor å ete karameller tok eg heller turen ut på ein liten "date" langs veien. Vi gjekk til brenneriet og attende. Sidan vi avtalte å møtes på vegen, var det eit stykke å gå åleine. I dag var det Jahn Teigen som opptok ørene mine. Mange vil sikkert synes at det er kjedeleg å høyre ei låt om att og om att, men av og til bruker eg å gjere det. I dag var det "Det vakreste som finns" som blei repetert x antall gonger. Syns det er greit å høyre på mp3-spelaren når eg går, og så drøymer eg meg heilt bort frå den verkelege verda.! Då er alt akkurat som eg vil ha det.


Dagen har vore alt anna enn roleg, men det har på ein måte vore veldig positivt. Det er godt å ikkje ha nokon planar og berre gjere det som fell deg inn akkurat der og då. I dag har det vore ein slik impulsdag. Akkurat no er klokka elleve og eg kjenner at det å sette seg ned i sofaen gjer at eg kjenner at den positive energien er brukt opp. Det er utroleg godt å sitte her og slappe av. Eg kjenner at det ikkje er lenge før gjespinga tar meg.

Det er kveld
dagen er på hell.
Tankene flyr avgårde,
noen gode andre såre.
Kanskje følger de med inn i drømmen
om å leve en stund på rømmen.
Jeg blir her likevel.

Morgendagen vil komme
vi har ikke vikt oss en tomme.
Vi skulle vært nær,
du skulle vært her.
Det er rart hva mitt hjerte kan romme.

mandag 23. november 2009

.....!

Det er mandagskveld, og klokka går mot halv elleve. Har eigentleg vurdert å gå å leggje meg ei stund no, men det blir visst berre med tankane. Må vel vente til rundstykkane blir kalde så eg får putta dei i frysaren. Eg har vore litt effektiv i dag, og no som det nærmar seg jul må ein vel sørge for å bake litt også!
I stad satt eg her og trudde det var tysdag. Fekk ein liten nedtur då eg skjønna at det berre er mandag. Fann det faktisk ut heilt på eigenhand......:=) Ikkje det at det gjere så store forskjellen på kva dag det er eller ikkje. Trur nok denne uka blir ganske roleg. For ein gong skuld har eg ingen planar i løpet av kvardagane. Vel, må vel arrestera meg litt der. Torsdagen er jo opptatt uansett.
Om det går som eg vil, gler eg meg til fredagen.

No har eg "sløst" bort ei god stund foran denne skjermen. Kanskje på tide å leggje den unna!?! Skulle jo eigentleg berre innom ein kjempesnar tur, og her sitter eg.

I måro blir det nok julekortproduksjon i kjellaren. Skal lage eit spesielt fint eit til Monica, søskenbarnet mitt. Ho er 31 år og har downs syndrom, men ho er verdens beste!!! Tenk, ho bur på Borkenes, og her sitter eg i Kjøpsvik....... Eg burde skamme meg som ikkje tar å ser til ho oftare. Sist eg var med ho var i fjor sommer! Over eit år sidan......og då var det på grunn av at onkel Frank plutseleg forlot oss. Dumt at det er slike ting som skal til for å samle familien. Det er vel eit varsku om å roe seg ned og tenke på kva som er viktig. Monica er viktig!!! Så her og no lover eg meg sjølv at det ikkje skal bli lenge til ho ser meg!!!

God natt og sov godt. Litt kryssord og bok på senga så gjere eg det samme....:=)

søndag 22. november 2009

Just a little question....

Finns det ein mann i denne verda som ikkje ELSKER fotball??? Ein som klarer seg ei heil helg utan United, Arsenal, Bolton, Blackburn, Liverpool og whatever?? Gje han adressa mi!! :=)

Flotte dagen!!!!!

Var litt skeptisk i går då det regna så grasalt. Det har heldigvis ikkje vore standarden for idag. Eg er nett komen heim frå ein kjempefin tur forbi vannverket. Det var utroleg mykje fint å sjå....om ein då tar vekk dei metrane som går forbi søppelfyllinga. Der flyt det , JA!!! Det er heldigvis ikkje det som har brent seg mest fast oppi hovudet mitt.

No er det skistafett på NRK, så får vi sjå kva standard som blir satt for årets skikarar. Litt spennande å sjå på, og litt misunnelse dukkar opp her....vi som ikkje har snø. Håper i alle fall at vi får kvit jul!!
Eigentleg bør det kome litt snø i løpet av den nærmaste uka. Det er jo julegateopning neste helg. Då blir det vel speling på torget og kyrkja som vanleg.

17.desember er det konsert på klubbhuset? Trur det skal vere der..... Foreløpig ser det ut for at det kommer til å bli ein fin konsert. Håper vi får Queen rules klar til då:=) Queen har jo mange bra låter!! Sjølv må eg nok øve litt. Eg var jo borte frå spelinga ein heil månad. Det tar tid å få god amasjør (skrives det slik???) att. Dirigenten vår har funne fram nokre fine arrangement på julesongar. Problemet er at dei går så lyst for min del. Det er berre å øve!!!

Jaja.... Det er vel på tide å få potetane på kok så dei sultne magane får middag. Ellers burde eg vel hive meg rundt å få gjort litt skulearbeid. Med tanke på at det ligger ein bunke noveller, engelskstiler og ett sett med samfunnsprøver og venter så tett oppunder tentamensrettinga, kjenner eg at eg blir reint svett. Håper eg får tid til ein "liten" svømmetur i dag. Fin trim:=)

Denne flotte dagen er enno så ung.......

e-mail-stopp???

Skulle ønske nokon kunne vise meg korleis ein kan slette e-post ein har sendt.......... Av og til sender man ein e-post, og det er greit.....men når ein følger opp med ein teit e-post etterpå, så skulle ein ønska at den var usendt!!! Enkelte ting ligger opp i dagen, men av og til tar det litt tid å fatte det og må absolutt sende informasjon som er totalt unødvendig med tanke på at enkelte ting forstår man utan at nokon fortel deg det.... jajajajaja LOL:=)

Klokka er passert midnatt og det er larurdagskveld, eller natt til sundag....whatever...! Det er vel på tide å finne stien til senga ein burde liggje å sove i. 1,50 m brei!! Akkurat nok til to. Passser heilt perfekt med tanke på at det er stor sjanse for at ein på 5 plutseleg dukkar opp midt på natta. Ikkje snakk om at eg viker plass der!!!!!!! Det er berre å breie seg, så er det ein annan som må karre seg ut av senga og inn på eit anna rom. EG.......overtar ei god og varm dyne!!!!

I kveld har blikket vårt kvilt seg på tv'n og "Skal vi danse". Er glad for at det var Karstein som vant!!Hmmm!!.....Farleg! Eg er visst allereie på førenamnet hans. Han passer godt bar overkropp, så det at han måtte barbere seg der i løpet av programmet var berre eit pluss. Ellers er det jo heller litt mandig at ein mann har litt hår på brystet........ Ikkje at det er så viktig tema uansett!!! As before....whatever:=) MEN er glad Mia Gundersen kun vart nummer to. Eg er absolutt ikkje fan av ho!!! Problemet er at ho er flink å danse. Då passer det perfekt at ho vart nummer to. God til å danse.....nummer to....Bra prestasjon.

Hadde eg skifta kjønn eller vore "tvilsam", kunne eg gått nærmare inn på å beskrive ho, men eg ser nok berre på rumpene til mannfolka!!! (Skreiv eg det?????? Huffda!!).......
Ingenting sjokkerer lenger:=)

I vasken ligg fårekjøttet til tining. Då er sundagsmiddagen sikra:=)

Det einaste som står att er å seie god natt og sov godt.......Kanskje eg må inn og slette dette i måro. Kven veit?? Får sjå humøret an når eg vaknar......Sannsynlegvis er det godt humør og fliring av at eg er så teit i dette innlegget. Då lar eg det sjøvsagt stå som det er!!!!!! :=) Natta!!!

Smask!!!

fredag 20. november 2009

Hmmm......Klokkesletta for innlegga stemmer overhodet ikkje. No er ho 19.28.

Kor blei det av tida??

Kor blei det av tida?? Det er helg på nytt. Det var jo nettopp helg. Klarer ikkje heilt å hengje med i svingane her... Jaja, det er jo sjølvsagt godt med helg. Om eg tenker etter, trur eg eigentleg ikkje at eg har fått utretta så mykje denne uka. Vel, noko må eg no ha gjort, det berre følest ikkje slik.
På onsdag var eg og mala litt på internatet. Om eg skal vere ærleg, kan eg ikkje fatte at det eingong har vore snakk om at det skulle vore komen asylantar allereie. Uavhengig av kva mi personlege meining om asylmottak er, så skal det seiast at om dei kjem ,så må dei kome til forhold det går an å leve i. Hadde dei komt tidlegare så ville det ha vore ei skam. Mykje er fiksa den siste tida, men enno står mykje att før det er leveleg der. Eg går ut frå at dei kommer til å arbeide på spreng og får det ferdig til asylantane kjem. Håper og trur det! (Det heile gjorde meg litt satt ut....Det betyr jo at Hoff og dei ikkje har så store krav til kva dei skal kome til. Godt det er nokon som har satt krav om standard).

Tysdagen var den beste dagen. Det er alltid gøy å avslutte ein "dag" med musikkøving. Tysdagsøvingene er nok litt gøyare enn torsdagsøvingene, men eg er glad eg er med i begge.
To musikkøvinger og ein malarkveld..... Skal vel ikkje klaga på at det ikkje har skjedd noko denne uka. Likevel, det virker som om tida spring i frå meg. Tørr ikkje eingong tenke på korleis det er for dei som er passert 50. Jo eldre ein blir, jo fortare går tida (seies det). Trur eg får halde meg til denne alderen ei god stund først. Om det skal gå fortare så detter eg av lasset.

No er det helg. Eg sitter i godstolen og slapper av. Planar for helga?? Har ingen foreløpig.... Det er eigentleg godt å kunne ta ei helg som den kjem. Neste helg er det julegateåpning. Då er førjulstida igang for fullt. Hmmm! Det var jo nettopp jul!

onsdag 18. november 2009

Et lite dikt.

Jeg vil være det rolige regn
som faller når min elskede har glemt sin paraply.
Jeg vil være den heldige dråpen
som renner langs hans panne.

(Litt omskrevet etter et dikt av Lars Saabye Christensen).

mandag 16. november 2009

søndag 15. november 2009

Klatremus i skogen!!





















I skogen nedanfor hytta har eg laga ei lita tauløype som borna kan leike og utfalde seg i. Her er Steffen i 2.etasjen og klatrer. Er det noko han syns er skøy, må det vere å klatre i trær. (Det har han arva av mor si!! ) :=)



Det har vore ei fin helg. Betre laurdag må ein langt attende for å finne! I fleire timar var vi ute og leika i skogen og på stranda. Dei kuldegradane, som var meldt av dei som liksom skal ha peiling på slikt, kom aldri til Korsnes. Litt vind gjorde likevel sitt til at det var litt kaldt, men ikkje meir enn at vi trossa det. I tillegg til tauklatring har vi fått laga "stige" i eit anna tre. Det fins trær som har greinene sine veldig langt oppe, men som likevel kan sjå fristande ut for klatring. Det har vi gjort noko med!!
Det beste var likevel at Einar var på hyttetaket til nokre naboar fra Bardu for å ta nokre mål av pipa. Vinden tok tak i stigen, og eg var den einaste som kunne gjere noko med det! :=) Først så slo djevelen i meg til, men så vakna eg no til livet og fann ut at det beste var å vere snill.....hehehe... Stigen kom til slutt opp langs veggen til taket. Eg har ein uimotståeleg trang som bygger seg opp innimellom til å ha det skøy. Å vite at han ikkje kunne komme seg ned frå taket utan MI hjelp....ja, om eg skal vere ærleg.....så fryda det meg litt meire enn litt!!!!!!
Litt seinare kom også folka på Herøybua, så då var det duka for sosialt samvær og grilling. NICE!
I dag for vi eigentleg litt tidleg heim. Det var nok årets siste tur. (Kanskje vi feirer nyåret der...vi får sjå). Kjøleskapet og frysaren er i alle fall avrima og vaska.
Etter koseleg ettermiddagsbesøk har det vore skulearbeid som har hatt størst fokus. Er heldigvis ferdig no, så då er det tid for å lese litt i romanen min før eg legg meg. Eg syns framleis at det er rart at eit forlag har gått med på å gje den ut. Den inneheld ALT det eg lærer elevene at dei ikkje skal ha med. Og kommafeil??...........fleire hundre. Korrekturlesing er visst eit gløymt kapittel. Det einaste som er bra er at forfattaren klarer å skrive ein heil roman som berre gå over to døger. Jaja...... Kommer ikkje til å anbefale den for ungdommen:=)
Hasta luego!

fredag 13. november 2009

Helg!!

Endeleg er det helg!! Endeleg er det hytta!!!
Har ikkje vore på hytta på aldri så lenge..... Gjett om det skal bli delilig!?! Gler meg om ein liten unge. Eg liker godt å vere på hytta! I tillegg ser det ut som om vèret slår til. Fantastisk. Ingenting er som ei flott helg på hytta.
Den som gler seg mest, er Steffen!! Han hadde ikkje lyst å vente heilt til idag. Han har masa om å få fera på hytta lenge no! Grilling på hytta overgår alt:=)
Ei fin kvardagsuke er over og no er det helg. Måtte alle få fine dagar!

GOD HELG!!!

mandag 9. november 2009

Fear factor!!!

X-faktor, xtra-faktor, solfaktor, faktorisering........No har vi jaggu meg fått "Fear factor" også!!! Det er ikkje måte på kor mange faktorar vi skal oppleve. Må berre sei det, dagens høgdepunkt må vere den lille halvtimen av dette døgeret eg såg på tv'n. Det var til og med på ettermiddagen. (Skal ikkje tv'n eigentleg vere av då??). Uansett....Fy flate. Adrenalinkick, spenning, mageomveltning, frysninger....say no more. FFFF. Har ALDRI så mykje som høyrt om programmet "Fear factor" før. Ikkje har eg tenkt å sjå det fleire gonger heller, men er likevel mållaus. Folka som er med er rett og slett gal!!!!! Eg hadde jaggu meg glidd rett i i ei rolle der! Digg:=)

Poenget er at det skal vere 4 lag me to bestevenner på kvart lag. Tillit er grunnen til det...og det trengs! Kjenner at eg vil seie fy flate etter kvar setning, men skal prøve å begrense meg. Eindel tester må bestås før vinnerlaget stikker av med 50 000 dollar. Først var det ei dykkeoppgave som var ganske så utfordrande (berre eit lag fulførte), men ingen kunne ryke ut då. Neste dag skulle dei ha ei blodigle-oppgåve. Den eine måtte ha på seg blindebriller og dykke med hodet ned i eit kar med fleire tusen blodigler. (Creepy).... Det var om å få flest mulig inn i munnen, springe bort til ein vegg (i blinde) og spytte blodiglene gjennom eit lite hull i veggen og inn i munnen på lagkammeraten. Så var det å få dei vidare til ein bolle lengre bort i lokalet. Kven klarte å få samla flest blodigler i løpet av 2 minutt?? Trur vinnerlaget klarte heile 212 blodigler. Ekkelt!!!!!
Eit av laga måtte heim. Dei klarte berre å frakte 58 blodigler via munnen. Hm....Lite!
Siste dagen måtte dei springe på ein trommel som gjekk rundt og rundt, fortare og fortare 60 m oppe i lufta. Det var om å ikkje falle av. Vinnarane av denne dagen ville sitje att med premien.

søndag 8. november 2009

Rastlaus....

Klokka er 19.50 og eg kjeder meg. Huset har vore fullt heile helga, men alt av besøk er reist, så det blei plutseleg så stille. Steffen sover og eg sitter her og lager kort. Har laga meg nokre snømenn som skal malast og pryde deler av julekorta i år. Kreativ!!! Mest av alt har eg eigentleg lyst å ta meg ein tur ut i den "friske" lufta. Er det ingen som vil gå tur i kveld???
Ikkje har eg lyst å sjå tv, boka har eg allereie lest eindel i. Sikkert bortimot ein time..... Ingenting å angre heiter den. Skal skrive bokomtale om den seinare. Har allereie mykje klart for meg når det gjelder den!
OG DER ringte det på døra......Einar roper ned til meg at vi har fått besøk. Det er vel berre å gløyme heile spaserturen som eg vil ta......jaja.

lørdag 7. november 2009

Senil.......

Skreiv om x-faktor tidlegare. Eg gløymde å ta med det siste men viktigaste avsnittet!!! Veit ikkje om det er alderen eller.......
Uansett. Slik skulle det ha sett ut:
Eg treng ikkje nokon med x-faktor rundt meg. Eg er nøgd som vi har det. Tror alle koser seg på øving!!
Så var det sagt:=)

No treng eg berre hjelp med å lage komp/melodi til den nye teksten eg har skreve. Ser for meg litt DDE-stil?? Har for det meste skreve ballader før, så eg fekk plutseleg ei utfordring når eg no prøvde meg på noko anna. Hadde eg vore betre på gitar, ville det vore enklare. :)
Her er teksten:'

FORELSKA
Lørdagskveld på lokalet.
Festen e' i gang.
Øl og vin på bordet.
Kvelden den blir lang.

I kroken, ja, der sitt du
i din flotte positur.
Men min vei ser du ikkje.
Æ trur æ trør en tur.

Refr: Æ e' forelska, håplaust forelska,
men mest naiv og dum.
Æ burde ta til vettet.
Ikkje tru at det går an.
Om æ fortsett blir æ såra,
for det e' nok ingen sjangs,
for at du skal kall mæ kjærring,
og æ kall dæ for mann.

Alt for full det blir æ,
æ må drekke mæ til mot.
Avslaget sett dypt i mæ
når æ ber om dansefot.

Oppi hodet raser ubalanse,
ut kjæm stygge ord.
Neste dag så angre æ
på alt det som æ gjor.

Refr: Æ e' forelska, håplaust forelska,
men mest naiv og dum.
Æ burde ta til vettet.
Ikkje tru at det går an.
Om æ fortsett blir æ såra,
for det e' nok ingen sjangs,
for at du skal kall mæ kjærring,
og æ kall dæ for mann.

X-FAKTOR.

Om du spør majoriteten her i bygda, trur eg ikkje det er mange som ville ha svart at dei har x-faktor. Ein ting er å ha det, ein annan ting er å skjønne at ein har det og tørre å seie det. Eg kjenner fleire som har potensiale. Problemet er at dei manglar det å tørre å slå se laus utan å vere redd for kva andre tykjer.
For å ha x-faktor må ein tørre å gjere det samme som ein tørr etter eit par drammar. Om ein klarer å ha positiv energi og utstråle den til publikum utan noko innabords, er det større sjanse for at ein er "velsigna" med x-faktor. Sanninga er vel ikkje så langt unna om eg tippar at mange syns det hjelper på med ein liten dram for å roe nervene..... Sidan det er så mange som syns det, er det vel eit faktum at det fungerer og. Ellers ville ein vel ikkje gjere det om att og om att??

Sjølv er eg ikkje redd for å feile. Eg har vel aldri tatt meg sjølv så høgtideleg. Det er ikkje i nærleiken av det å ha x-faktor, men poenget er vel mest for å påpeike at dei som har potensiale bør prøve det samme.
Mange har så lyst, men likevel har dei sperrer. Ein treng ikkje vere god til å syngje for å ha x-faktor. Eg trur x-faktor er knytta til om du har det når du framfører noko uansett art. Det kan vere ein tale, ein vits, song, instrumentspeling og ellers mykje anna!
Eit band stiger i rang om det er nokon med x-faktor med. Difor tenkte eg at eg skulle prøve å skrive litt om korvidt bandet "mitt" har x-faktor. Då tenker eg sjølvsagt på menna! For gudene skal vite at det er god blanding.
5 menn! Alle er dei flinke og alle glimtar dei til inni mellom. Men dugleiken deira kjem ikkje ordentlig fram via glede. Det vil seie at alle elsker å spele, men det ser berre ikkje slik ut. Det er nettopp kjærleiken dei har for musikken som bør kome fram.Så eit framtidig mål må vere at denne såkalla kjærleiken skal kome fram i form av "attitude". "Attitude" er ikkje x-faktor, men må likevel sjåast i samanheng med det. Ingen "attitude" - ingen x-faktor.

Ein av dei ville glidd rett inn i rolla som ein av Beatlesgutta. Stilen er ganske så lik. Måten han står på og speler...... Trur kanskje han er Beatlesfan og! Forutan det er han nok også litt "Hippie wannabe". Han har potensiale der, men ikkje nok til at han har x-faktor.

Å elske å vere i sentrum burde vel eigentleg også bety at utstråling er tilstades i høg grad. Om ein liker å vere midtpunkt, nyttar det ikkje å spele bra medan ein berre står der rett opp og ned utan eit blikk på publikum. Då fanger ein ikkje augeblikket. Å ha såpass sjølvtillit at ein kommuniserer med dei ein speler for, ja, då kan ein nå langt. Vi har ein som liker å vere i sentrum. Her må "attituden" opp.

Eit anna ytterpunkt er ein som gjer uttrykk for at han ikkje ønsker å vere i sentrum. Likevel er han nødt til å vere det ein god del. Han gjer vel eigentleg uttrykk for at han ikkje er så god, når han veit at sanninga er noko heilt anna. Mi personlege meining er at han ønsker å vere der, men vil ikkje vere den som brautar seg fram. Han lærer gjerne opp dei andre og viser dei korleis dei skal spele soloar i stadenfor å berre ta dei sjølv. Han har ofte glimt i auga på øving. Bør ta det med seg i evnt. spelejobbar.I tillegg må han stenge nervene ute. Det gjeld forresten dei alle.

Når ein har spelt eindel år, burde ein klare å lausrive frå ark med akkordar og slikt. Musikk er logikk, kjensler (det å føle seg fram), naturleg og det er formidling. Å bli betre på dette området vil utvilsamt gjere ein av gitaristane til ein mykje betre musiker.Han har tildels evnen til å vise publikum at han liker å spele. Årsaken til det er gliset og knebøyen han tar innimellom. Det sprer humør....

Alt i alt vil eg påstå at ingen av dei har x-faktor. MEN!! Det betyr ikkje at det ikkje finst potensiale. Om eg hadde fått lov til å bruke litt tid på det personlige til kvar enkelt musiker og tvinga dei til å tenke på korleis dei speler og ter seg, trur eg at stor framgang ville vere å spore. Men det er tidkrevande og ein får mindre tid til anna.
Trur kanskje ikkje ein skokk med menn,som speler slik dei har gjort i 40 år, syns det ville ha vore så skøy me instruksjon frå ei som ikkje er halvvegs i livet. Det beste vil vere å la vere å spørre.

tirsdag 3. november 2009

Advent???

Ein skulle tru at det snart er jul..... Eller, det er jo det, men ikkje så kjempenært. Det er sikkert eit par uker sidan eg oppdaga at adventskalenderen var komen i butikkhyllene. Er det ikkje meininga at det er borna som skal ha dei?? Kanskje ikkje... I så fall ville det jo vere teit å kjøpe ein allereie no, berre for at borna skal glo på den i over ein månad. Julemarsipanen er og komen. Nidar er vel ikkje større enn at dei er avhengig av å selge jule- og påskeprodukter det meste av året for å få det til å gå rundt!
Nei, når det blir desember og snøen kjem, ja då skal eg kjøpe julegodter. Adventskalenderen må dei no berre ha for min del. Eg er ikkje ein av kundane der. Eg lager heller eigen. Tror kanskje eg skal legge inn nokre "aktivitetsgaver". Noko som tvinger meg til å setje av tid til kvalitetstid. Ingen dum idè!

mandag 2. november 2009

Svigermor på besøk.....

Det finnes jo eigne ordtak om svigermødre....... Av ein eller anna grunn så har den "myten" oppstått. Her i huset har ikkje det vore noko problem. Svigermor til "Einar" er ikkje av den værste sorten. Likevel...... Onsdsag kjem ho. I dag ved middagsbordet byrja han plutselig å snakke om at huset måtte vaskes. Det er ikkje mange dagane sidan sist, men joda, huset måtte vaskes. Eg tenkte meg litt om, og etterkvart skjønna eg jo årsaka. Eg prøvde å overbevise han om at det sikkert gjekk bra om det ikkje dufta grønnsåpe i samme augneblikk ho entrar døra. Plutselig var det å bortforklare seg..... Neida, då var det ikkje det som var grunnen. Så då måtte eg spørre han om kor mange gonger han hadde spurt om vi skulle vaske huset på ein mandag dei siste ti åra.
Han var jo litt søt då.... For å vere grei heiv eg meg rundt og vaska litt. Så nå kan mamma trygt komme på besøk på onsdag. Ho vil ikkje i alle høve ikkje døy av overflod av støv!!

lørdag 31. oktober 2009

Igjen!

Så var det 31.oktober igjen..... Det er visst den såkalla halloweendagen. Har blanda følelser for denne dagen. Det er vel ikkje ein del av vår tradisjon å feire det?? Er nok utdelt positivt, ja. Men, det er vel meininga at vi skal setje oss sjølv til sides og la borna få ha gleden av å gå halloween.
Eg har skreve igjen i overskrifta... Ikkje at det passer for min del. Eg var nok ikkje ein del av halloweenverdenen i fjor. Hadde adresse prestegårdstunet då, men går sterkt ut frå at borna feira i fjor også.
Sidan eg sjølv er mor, avgrensa eg motstanden min for denne dagen til å nekte sonen min å gå halloween. For at han skulle få følelsen av å feire dagen litt han også, fekk han lov til å bake muffins til borna som eventuelt måtte komme.

Denne kvelden har det faktisk vore eindel born på døra. Vil eigentleg sei at det var litt stressande. Var på Norcem ein tur og trena. Veit ikkje kor lang tid eg brukte på å komme meg i badekaret etterpå...... No har det heldigvis roa seg, og rein blei eg til slutt:=)

Det er ikkje berre borna som feirer i kveld. Fleire og fleire vaksne har no blitt bitt av basillen. I kveld er det fleire party rundt om i bygda. Felles for mange av dei er at dei vaksne har kledd seg ut og tent lys i gresskar på trappa. Trur nok det ennå vil ta nokre år før eg er der.... Men kven veit?!

Steffen baka jo muffins i dag, men det eg ikkje skreiv var at han har baka meir. Heilt åleine har han laga skuffkake!! Eg filma og han baka. Han er berre så flink. Han blir vel akkurat som han "Beste". Han liker seg godt når han får vere på kjøkkenet og hjelpe til.

Nå ringer det visst på IGJEN, så hasta luego!

fredag 30. oktober 2009

Alkoholbruk.

Ei stor gruppe av den norske befolkningen forbinder fest med det å drikke. Mange påstår til og med at vi ikkje kan ha det moro utan at vi drikker alkohol. Ein stor del av dei som kjem til landet vårt , er overraska over den drikkekulturen vi har her til lands. Eksempelvis kan ein også nemne dei mange tilfella som er når nordmenn kjem til sørligare land på ferie. Enkelte tar sånn av at det er til stor irritasjon for lokalbefolkningen.
Dei spørsmåla som vil vere naturleg å stille er for eks. 1) Kva kan grunnen vere til at mange nordmenn meiner at dei må drikke for å ha det gøy? 2) Kven er det som påverker ungdommen til å drikke? 3) Kvifor skiller den norske drikkekulturen seg ut i så stor grad som den gjer i forhold til mange andre land?
Desse spørsåla har eg ikkje tenkt å bruke masse tid på i kveld, men eg meiner dei kan vere viktig å fundere over.

Hvis ein skal tru på statistikk som blir laga, bur kvar fjerde barn/ungdom under 18 år i ein familie der minst èin person misbruker alkohol eller anna rusmiddel. Dette er tall eg syns er skremmande. Som regel er det borna det går ut over. I fleire tilfelle må borna ta seg av foreldra, og det er jo heilt fundamentalt galt!! Det er ein kvardag ingen born og unge skal ha. Likevel er det kvardagen til mange. Ingen born skal kan heller ha ansvar for at vaksne skal slutte å drikke eller ruse seg. Det er noko dei vaksne sjølv må ta ansvar for.
Uansett, misbruket må ha starta eingong. Mange av dei som misbruker alkohol har sjølv vekse opp i heimar der alkohol har blitt misbrukt. Det er alltid eit MEN i ein sak. Her er det ikkje noko unntak. Her er då vitterleg mange som kan spore problema sine attende til ungdomstida si. Statistikk frå 2007 viser at 60% av ungdom mellom 15 og 17 år har vore fulle. 40% har vore så fulle at dei ikkje klarte stå oppreist. 20% så fulle at dei ikkje kunne stå oppreist dagen etterpå. Kven er dei uansvarlege som kjøper eller gjer ungdommen denne alkoholen? Den samme ungdommen vil garantert vere blant dei som reiser utanlands og "skjemmer ut" den norske drikkekulturen. Nokre av desse vil ikkje bremse ned alkoholforbruket når dei kjem så langt at dei er så gammel at dei skal ta ansvar for andre. Ikkje veit eg om det er noko som ligg latent i genene til folk. Om ein først har fått smaken på alkohol, så er det gjort??

Om kvart fjerde born er i ein heim med rusproblem, vil det heldigvis seie at 3/4 av borna ikkje gjer det. Dei fleste klarer å begrense seg. Men talet er likevel for høgt.
Eg sikter ikkje til dei som syns det er godt å ta seg eit glass vin til god mat, eller eit glass cognac ein kveld. Det er dei som ikkje klarer å begrense det til ein og to stk. det er snakk om.

I og med at dei fleste festane eg sjølv deltar på inneberer at det er alkohol tilstades, skjønner eg godt at mange forbinder fest med det å drikke. Eg skulle likt å vere floge på veggen på ein fest der alle skal vere edrue heile kvelden. Trur kanskje stemninga aldri vil nå nye takhøgder. Det er godt det er lenge mellom kvar fest.
Heldigvis er ikkje eg blant dn prosenten som skjemmer landet ut i drikkekultur utanlands. Ei heller skjønner eg at dei som gjer det tørr det. Det er vel ikkje på ettertrakta å få trøbbel i eit framandt land. Enkelte ting bør ein vere forsiktig med.

søndag 25. oktober 2009

A lovely day, again:=)

Så blei klokka stilla på nytt. Om eg er så happy for det veit eg ikkje akkurat, men ein time ekstra fri er ikkje å forakte.
I dag diska eg først opp med deilig omelett på bordet. Ein liten gut, som allereie hadde ete frokost, holdt på å forete seg på nytt!
Klokka elleve stod bilen parkert nedanfor "Lappgamman". Der ifrå tok vi og familien Eve turen oppover fjellet. Vi fann oss ein koseleg og lun plass kor ungane kunne boltre seg. Det var triveleg. Det beste var vel at ein forbrenn nokre kaloriar på ein slik tur:=)
Då eg kom heim, fekk eg det for meg at plenen burde rakast. Så da var det berre å hive seg rundt. Heile plenen vart dog ikkje raka, men store deler av den.
Akkurat no har eg det gøy på fjesboka. Har lagt ut eit "fint" bilete av Einar og Eve i fin positur. Kommentarane under biletet seier sitt om eg har det gøy eller ei!!! :=)
Klokka er såvidt passert fem og det føles slett ikkje sånn...... Nå blir det nok ein tur på skolebana for å spele fotball. Det er rart kor glad ein liten gut kan vere i ball........ Jaja... Så lenge han held dei unna stua!

Ellers så har vi preika med India i dag. Litt anna klima der enn her, ja. Gler meg til å sjå bilete frå nattbussen dei skal dra med i natt. Det skal visst vere ein buss med senger..... Ser det ikkje heilt for meg. Berre dei kjem trygt fram til Bankok så er vel det det viktigaste:)

Fotball på Tv, data i fanget, sang og turning....... Trur det er på tide å kome seg ut!! For glade Liverpool-tilhengjarar er nok dette ein glad dag. Veit det er dei som får ein dårleg dag i måro pga kampen. Synd for Unitedfans..... Klart fotball er viktig. Viktigare enn alt anna. Det virker i alle fall slik på meg når eg høyrer kor dårleg humør enkelte er dagen derpå........ Godt vi ikkje er like alle mann! Eg skal nå vere glad uansett, eg.

No logger eg av. På tide med luft.
Hasta luego!!

lørdag 24. oktober 2009

Alt og ingenting.

Det er laurdagskveld og klokka er snart åtte,
eg følte nett at eg måtte,
hit på bloggen for å skrive
litt om alt og litt om livet,
kanskje litt om menn som er hotte!

Dagen i dag
er alt untatt jag.
Langs fjorden låg isflak så tynne.
Eg kjente eg fekk lyst til å nynne.
Vi alle var glade i lag!

Nei, føler ikkje akkurat at rimetalentet er tilstades i dag, så det er vel best å slutte før det går riktig ille...:=) Får heller prøve ein annan dag.
Dagen i dag har vore ganske herlig. SOL og blå himmel. På andre sida av E-fjord-tunnelen låg det isflak langs store deler av fjorden. Havet var blankstille og alt var berre så fint. Vi var på tur til Ballangen eit ærend, men eigentleg berre for å køyre bomtur... Men det var fint berre å få seg ein liten tur. Steffen var i alle høve nøgd med å få kjøpe seg keeperhanskar. Han og eg har prøvd dei ut i ettermiddag.
Formen er stigande, og sjølv om det er endå eit stykke att å gå til ein eg er heilt bra, er det deilig å berre å vere ute i "frisk" luft.

I går kveld var det fleire som maila meg om eg skulle vere med ut ein tur. I dag er eg glad eg takka nei. Det er eindel som er i mindre bra slag i dag:=) I kveld er det korpset sin tur. Dei har hatt seminar i helga og skal avslutte med å gå på kroa og ete "pappapizza". Trur ikkje eg orker å hive meg med....... Ein skal vel aldri sei aldri:=) Akkurat no klarer eg meg godt med "Skal vi danse" og ein bart-laus Halvard Flatland. Han blei vel eigentleg ikkje så mykje meir "hot" utan bart.
Trur eg skal sende ei liste til TV2 med aktuelle deltakarnamn til neste sesong. Veit akkurat kven som burde stå på den lista.

Ellers så har vel dagen ikkje hatt så mykje større innhold enn at den ber preg av at det er helg. Ikkje har eg møtt nokon hotte menn heller....så det er kjedelege greier:=) Ok, kanskje ein. Har faktisk sakna han den siste tida.

On my own, pretending he's beside me.
All alone I walk with him 'till morning.
Without him I feel his arms around me.
And when I lose my way I close my eyes and he has found me.

And I know it's only in my mind
that I'm talking to myself and not to him.
And although I know that he is blind,
still I say there's a way for us.

I love him, but when the night is over,
he is gone, the river's just a river.
Without him the world around me changes.
The trees are bare and everywhere the streets are full of strangers.

I love him, but everyday I'm learning.
All my life I only been pretending.
Without me his world will go on turning.
The world is full of happiness that I have never known.

I love him.
I love him.
I love him, but only on my own!

fredag 16. oktober 2009

Helg! :=)

Så var det helg att! Nå har eg stort sett hatt helg i tre veker, så ikkje at det vil gjere store forskjellen... Jaja. Har fått gode meldinger i dag. Ikkje har eg kyssesjuko (ikkje det at eg har kyssa på så mange...så var vel eigenteg klar over det) og ei heller svineinfluensa. Så eg slepp å gå rundt å grynte, så bra er det. Det negative må vel då vere at sjansen enno er tilstades for at eg kan få ein ny runde med influensa. Når gryntingo kjem til Kjøpsvik.....Så sånn sett skulle eg ønska at det var det eg har hatt. Det vil også seie at eg ikkje kan smitte nokon no, så då gler eg meg til måndag og arbeid!! Eg er ikkje skapt for å liggje heime og synes synd på meg sjølv. I alle høve ikkje når ein har eit arbeid ein trives i. (Berre lungene vil ta til vett og kome seg litt meir).

Å vere sjuk inneberer at ein ikkje kan vere sosial. Tre veker uten noko sosialt liv av det større merkes også på kroppen. Kjenner eg treng litt sosial aktivitet!! Sjansen baud seg jo sjølvsagt i kveld. Øving!! JA!!! Har så lyst!!! Det hadde vore så gøy å brukt fredagskvelden til å øve! Kor ofte er det at vi øver ein fredag?? Sjelden vare..... Kan ikkje øve i kveld, eg. Det er derfor eg skreiv sjølvsagt... Trenger nokre dagar til på meg før eg får energi nok til det. Får håpe dei andre får ein koseleg kveld!

Eg byrjer å få eit forhold til ein heil haug med såpeseriar... Nice! NOT. Men det er snart over heldigvis:) Men det er jo koseleg å sjå "Med hjartet på rette staden" kvar dag, då:=) Sjølv om det ikkje er så mykje action av nyare dato i den gården, har mange av dei som er med i serien sin eigen sjarm og det gjer serien ganske bra. I alle høve koseleg og lett å flire til. Kanskje eg skulle foreslå kjenningsmelodien for bandet!! Hehehehe.....

Har akkurat karra meg ut av sofaen og vore ein snarttur på kjøkkenet. Kjenner lukta byrjer å sive inn i stova. På ovnen står pinnekjøttet og putrer. Det er ein mann her i huset som trur det er jul året rundt, så i dag har han visst lyst på pinnekjøtt. Heilt normalt! Trur eg står over det sjølv. Har ikkje så stor matlyst for tida og julemat er ikkje det eg aller helst vil ha fredag 16.okt... Så eg trur det blir pitabrød med innhold på meg i dag.
Det er vel obligatorisk å lage noko godt som serveres på fint oppdekka bord når det er fredag og laurdag. Då skal ein jo slappe av og nyte at det er helg! Slik ser eg det i alle høve... Men i dag har eg ingen fredagsfølelse i det heile, så då gjer det ikkje noko om vi alle et ulik mat:) Heilt greit. ikkje kjenner eg energien til å lage ramma rundt det heller, så vi får seie at neste helg er ein attende i rett spor att.

Om tre timar kjem den flotte sonen min heim frå barnehagen: Han har vore så omsorgsfull den siste tida. Spesielt mot mor si!! :=) No tar han helg han og. Håper eg kan vere litt ute med han i helga. Det er mest han den siste tida har gått ut over. Han saknar nok å herje litt med "mamma".

Så då tar eg helg!! I kveld er eg ein annan stad i tankane :=)I staden for å spele sjølv får eg ta til takke med kveldens episode av X-factor. Kanskje slenge ut nokre fine kommentarer om Jan Fredrik Karlsen. Hehehe.... Bruker å seie at han er så deilig..... berre for å irritera ein annan her i huset... Han liker han ikkje i det heile. Spesielt ikkje når eg later som om han er "Gud"...ahhh.
I utgangspunktet er han ein energirikrik (litt for mykje) og flink mann, men dog IKKE deilig. Men som sagt....gøy å late som om når nokon bryr seg om det!! YES! LOL!!

Hasta luego!

fredag 9. oktober 2009

Barak Obama.

Så var fredsprisen gjeven. Årets heldige var Barak Obama. Eit ganske spenstig valg, spør du meg. Dette er nok ei kåring som har vekka ein del reaksjonar!
Etter å ha fulgt med på sendingane i dag kan ein trygt seie at reaksjonane spenner seg frå latterliggjering til sterke positive ord. Så attstår det å sjå om prisen kom til rett person. Med det meiner eg at prisen ikkje berre kom av di han allereie har utretta mykje, men også av di det ligger eindel forventninger og oppfordringer bak prisen. No blir han nøydd å følgje opp det som går på internasjonal diplomati, ei verd uten atomvåpen og ikkje minst det som skjer i Afghanistan. Får håpe det ikkje blir liggjande som ein byrde på hans skuldre.
Sjølv var han ydmyk. Det burde han også vere.

onsdag 7. oktober 2009

X-factor?

Har akkurat sett ein episode av tvserien X-factor. Dommarane skal plukke ut sine fire favorittar som skal gå vidare.... Kven skal dei velgje?? Kva er x-factor? Trur ikkje det er så lett å definere det. Det kan vere den med mest utstråling, men kan det ikkje også vere den stillaste av dei alle som formidler musikken på ein så særeigen måte at ein får gåsehud av stemmen? Der er ei god blanding dommarane har å forhalde seg til. Der er ei som er så svaksynt at ho nesten ikkje ser dommarane der dei sit. Ikkje utfaldar ho seg i noko større grad. For det meste står ho berre der. MEN du verden for ei stemme! Så kven avgjer om det er x-factor eller ikkje?

Har vi nokon med x-factor her i bygda?? Skulle gjerne drøfta nokre menn i eit band eg kjenner godt til, men trur eg gjer best i å la vere! :) Det kunne sjølvsagt vore skøy, men ikkje sikkert alle dei ville tykt at det er så skøy. Så denne runden vel eg å vere fornuftig.

Vi er alle ulike mennesker og alle bør respektere det, men det er ikkje til å stikke under stolen at det er lettare å "like" dei med litt x-factor:)

Hasta luego!!

fredag 2. oktober 2009

Energilaus uke..

Så blei det min tur til å vere sjuk.. :( Syns ikkje det er så lenge sidan sist. Har ein vag hukommelse om 17.mai-helga. To gonger same året. Hmm... Det blir reint for mykje!
Jaja.... Har fått med meg alle såpeseriane som går på tv, så kan ikkje klage. Ellers har det jo regna den siste månaden, og då er det jo godt å vere inne. I dag ser det ut som om det blir betre vèr, så det er om å bli frisk raskt. Hytteturen i dag er utsatt på ubestemt tid...

Det er eigentleg rart kor mykje ein såpeserie kan påverke eit menneskes liv. Om ein først blir hekta er det vel ikkje så lett å la vere å sjå. Det er bra ein har eit arbeid å kome til. Mange born har nok lidd under skjebnen til mora som blei hekta av tv! Den dagen kjem aldri der eg er avhengig av at dagens rutinar må følgje tv-tidene. Det ville vore tragisk. Internett og tv stjel allereie mykje av den verdifulle tida vi er tildelt. Altfor mange bruker for mykje tid foran desse to media. Å bruke fleire timar dagleg foran ein skjerm, berre for artig, er vel i utgangspunktet sløsing med tida. Det gjer sikkert ei eller anna form for lykke av å vere på nettet i fleire timar, men ei falsk sådan. Lykke må heller klassifiserast under tid brukt med dei ein bryr seg om og det at ein prøver å gjere noko ut av livet. Ser med gru på tida femti år framover. Då trur eg det er mange som ikkje veit kva livet uten dataen er. Kanskje tar det lengre tid enn 50 år, men den tida kjem. Håper eg slepp å vere ein person av den tida.
NPC-musikken var i England for nokre år sidan. Då var vi på musikalen Queen. Den var råbra. Det var akkurat problemstillinga med teknologien musikalen handla om. Ingen visste vel lengre at musikken nokon gong hadde eksistert. Sjølve musikalen var om "leitinga" etter det som var. Er stygt redd for at musikalen er forut si tid og at dette er ganske nær sanninga om framtida vår. Men det er sjølvsagt berre mine tankar og meininger om temaet.

Nå har eg faktisk konsentrert meg over bra lang tid, berre for å formulere desse orda. Det tyder vel på at eg er på bedringens veg! :) MEN sidan eg ikkje kan erklære meg heilt frisk enno, grip eg sjansen til å få med meg deagens episode av "Home and away" - ein såpeserie av dei mange!!

Hasta luego!

søndag 27. september 2009

Innholdsrik og bra uke!!!

Denne uka har eigentleg vore ganske innholdsrik. Den starta ganske bra då!! Fekk ei melding tysdag formiddag som gjorde meg veldig glad. Det skulle vere øving med gruppa på kvelden. Eg gledde meg til å øve og gøy var det!! Liker alltid å spele. Nokre mjuke og nokre stive fingrar møttes for å spele litt. Håper det ikkje blir lenge til vi møtast att!
Torsdagen skulle eg eigentleg berre ein snartur innom skulen på ettermiddagen. Det endte med at eg og Steffen deltok aktivt i fotballkamp med ein skokk av born. Det var gøy det og. Vi blei ganske svett, ja. Alltid gøy å leike med born!! Kvelden blei avslutta med ei hyggeleg øving på klubbhuset.
Fredag var det årsmøte i NPC og pizza + flytandes på kroa. Som dei førre tinga var også dette ganske hyggeleg. Eg var først med musikken før eg "joina" Eve. Vi hadde avtala på forhånd at vi skulle gå ut i lag. Koseleg!
Roger har fått det kjempefint på kroa. Han har fått mykje skryt og det ser ut som han gjer ein bra jobb. Flott! Ikkje minst at han serverer middag kvar dag og tar hensyn til dei eldre kaffedrikkarane som har sakna den stunda på formiddagen. I sommar dreit drivarane både i middag og dei eldre. Det seier seg sjølv at det ikkje går bra. Roger ser på dette som viktig. BRA!!
Lørdag var det fotballspeling på nytt. I heile to timar var vi i aktivitet på skolebana. Då gjorde det godt med indrefilèt på seinettermiddagen!! I tillegg baka eg ei kaka:) Men den overlet eg til dei andre å spise. Ellers er det jo ingen vits i treninga......
I haust har eg holdt eindel på med kortlaging. I dag har eg vore på eit tre timar langt kurs med ei frå Fauske. Lærte mykje!! Det beste var at også dette var skøy!! Så takk til Tone Iversen som maser på meg og drar meg med på dette!!
Litt trim har det blitt i dag og. Litt jogging i regnet og sykling i kjellaren har vel forbrent nokre kaloriar. Det kjennest bra!

Så alt i alt har eg eigentleg holdt på med mykje denne uka.
Nå er det sengetid og kryssordløysing som står for tur. Så håper eg det ikkje blir for lenge til eg får melding att..... :)
Hasta luego!

lørdag 26. september 2009

Saknar deg!!

I går satt eg og spelte piano. Midt inni ein song såg eg plutseleg eit bilete av deg. Då var det gjort. Tårane berre kom ustanseleg.... Det har gått ei stund no, og eg skulle ønske at eg kunne sleppe taket. Men det er ikkje så lett skal eg seie, for du var ingen kven som helst! Det var ikkje utan grunn at kyrkja var heilt fyllt. Det var så mange som var ein del av deg, og det var vanskeleg å dele deg med så mange då du gjekk bort. Eg hadde nok med meg sjølv, og då var det vanskeleg når det var så mange som fortalte kor dei sakna deg. Mange gjer det enno.
Det er mykje som ikkje er det samme. Dei fleste seier at det er ikkje det samme utan deg. Gudane skal vete at dei har rett. For meg vil livet aldri bli det samme att. Slik det ser ut no, må eg berre innfinna meg med at eg ikkje klarer å slippe taket på deg. Bildet av mi hand i di skal alltid vere på grava di!
Kvar dag ser eg at du kommer smilande inn døra mi og spør etter "Beste" sin gut! Det er ikkje så mange som har det samme gode humøret som du. Trur ikkje eg veit om nokon andre som har smilt like mykje som deg. Det har lært meg mykje. Den gleden du utstrålte smitta. Det er beviset på at glede kan smitte. Derfor bør vi smile til folk kvar eeinaste dag. Derfor bør ein smile på arbeid kvar dag. Kvardagen blir så mykje enklare då!
Eg var vant med å vere med deg kvar einaste dag. Då eg var på Nesna, ringte du minst tre gonger dagen berre for å vere sikker på at eg hadde spist middag. Du gjorde alt du kunne for at eg skulle skjønne kor du brydde deg om meg. Aldri har nokon gong trengt å få bekrefta kva eg var for deg. Det viste du meg gjennom handling heile livet. Det er ikkje mange dagane i oppveksten du ikkje ringte meg. Sjølv i vaksen alder blei eg kalla for gulldokka av deg.
Eg har så mange gode minner med deg! Det er berre at eg såg fram til mange gode minner framover også. Då Steffen var baby, bad eg kvar dag om at ingenting måtte skje med deg. Steffen måtte få bli så gammel at han kunne huske deg resten av livet. Eg ville du skulle sette dine spor hos han. Det klarte du. Han var og er enno veldig glad i deg. Han "Beste" var den snillaste i verden. Det stemmer godt det. Eg veit ikkje om nokon snillare person. Du var gjennomføt snill. Du brydde deg om alle. Til og med dei som ikkje hadde noko hjalp du. Eg husker den gongen du stod på trappa og han Aldor kom gåande forbi ute på torget. Du syntes så synd på han og ropte han bort til trappa. Du ba han vente litt og så forsvann du inn. Like etterpå kom du ut med fleire fine dressar og andre klede. Så gav du dei til han. Eg husker enno smilet hans og kor glad han blei for å få ordentlige klede. Det var slik du var. Du hjalp dei svake.
Ikkje likte du at born skreik heller. Eg husker då du var på dei små stuer. Dersom ein unge var lei seg hadde du alltid ein is på lur. Så du blei fort bornas favoritt. Som sagt...det var sånn du var.

Det er ikkje rart eg saknar deg. Du har satt dine spor. Det er derfor eg tar meg bryet med å tenne lys sjølv i dei lyse tider. Det er ikkje noko bry. Eg og du hadde noko spesielt!

Kvil i fred!!

søndag 20. september 2009

Impulsiv?

Tja...veit ikkje heilt kor grensa for å vere impulsiv går, men trur eg er i nærleiken. For å vere heilt ærleg er det fleire som burde vore ein god del meir impulsiv enn dei er! Uansett.... Eg har vel alltid vore litt impulsiv av meg. Siste nytt på den fronten er visstnok det siste prosjektet mitt. Forrige helg var eg i Bodø og besøkte storebror min. Det er klart ein ikkje drar på noko bytur utan at det går litt pengar! Eg er vel ikkje noko unntak der.
Laurdagen tok vi alle borna med på "lekedilla", eit eldorado for leikelystne born. Etter ei stund lot vi bror sitje att der med alle borna, medan vi andre tok oss ein etterlengta bytur. Der har dei mykje bra! Ikkje minst hadde dei eit flott bilete. Det var berre å dra kortet det!
Då eg kom heim sundags ettermiddag, så eg på stueveggen. Hmm......biletet skulle hatt litt anna farge rundt seg for å gjere susen. Så på null komma null var det bestemt. Med ein overgjett husbond ved sida av seg, var det berre å konstantera at det var einaste moglege utveg. Han var snar med å seie at skulle stua males, så måtte eg berre sørge for å få det gjort på eigenhand. Det var greit nok det... Det første eg gjorde mandagen etter arbeid var å sørge for å få malinga i hus mendan impulsen enno var fersk. Kunne ikkje sørge for at den skulle få sjansetil å gå over!
To vegger med to strøk seinare, var det ein som ikkje kunne halde fingrane sine i ro lengre. Kor blei det av han som sa at eg måtte fikse alt sjølv?? Då han såg kor fint det blei, fekk han blod på tann. Det passa meg utmerka. Ting gjekk mykje raskare med to.
Så no har eg fått ny stue med eit stort, flott bilete på vegen. Temaet på biletet?? Tipp ein gong... Musikk:)

Helga kom og eg var stuptrøtt. Det hadde vore LANGE kveldar heile uka. Då var det godt å kome på hytta. Trur det blir 2 uker til neste gong. Einar har planer om ei guttehelg på hytta. Då skal eg kose meg her heime!

No skal eg gjere noko uvanleg! Klokka er såvidt passert ti og eg skal rett og slett kome meg i seng. Blir farleg utkvilt i måro då!! :) Natta!