mandag 1. desember 2014

Returen….

Korleis var ordtaket att? Borte bra, men heeime best…. Det stemmer vel godt, det. Eg kjenner det skal bli godt å dra i retning heimover i morgon. Ikkje det at det hadde gjort noko om vi skull evore her i Israel noko lenger. Det er ikkje det. Eg trur ofte det er slik at når ein er innstilt på at ein skal reise då og då, ja så ser ein fram til det av di ein veit ein skal heim. Hadde eg visst at eg skal heim om to uker, ja då hadde eg vel sett fram til å reise heim først då. Eg kunne glatt ha vore her kjempelenge, men då må ein vere mentalt innstilt på det før ein drar, og sjølve tidsaspekteret blei jo satt før eg dro nedover.
Dessutan er det nok ikkje det same å vere lenge borte i dag som for nokre år sidan. Eg har fått sagt natta til mitt "lille" hjarte kvar einaste kveld, og det utan at det har kosta meg eit raudt øre. Skype er ein fantastisk ting!! I går kveld såg vi faktisk siste del av farmenfinalen ilag.

Så kva har eg eigentleg erfart den tida eg har vore her nede? Eg tenker ikkje då på det faglege, men heller meir på alt anna. Eg er ganske sikker på at du er klar over at Israel er eit konfliktfylt land. Det er slett ikkje slik at vi ikkje har lagt merke til det.
For å seie det enkelt…..Eg har sett meir våpen på den korte tida her nede enn eg hadde håpa på å sjå i løpet av heile mitt liv.
Den følelsen når du går forbi eit våpen og dersom du strekk ut handa di litt, ja då vil du faktisk "tøtsje" det (om du tør!!). Dei fleste har vel livet sitt kjært og lar vere nett det. Likevel……Så nære var eg! Det gjer noko med meg kvar gong eg passerer ein mann med eit svært gevær.
Dei som lev her er så vant til det at dei ikkje reagerer på det, men det gjer eg. Eg har kjent det i magen kvar gong. Ikkje av di eg blir redd for mitt eiga liv……langt frå, eg har følt meg "safe" mesteparten av tida, men meir det at det vitnar om korleis dei har det her og det at eg veit kva eit slikt våpen kan gjere mot mennesker. Skuldige eller ikkje………

Ordet ekstremistar er berre eit ord eg har forholdt meg til i samtaler der ein diskuterer situasjonen her nede (og sjølvsagt andre stader også). No har ordet ei anna meining for meg av den enkle grunn at eg har følt på ordet og erfart kva det kan gjere med meg. Eg hamna midt i området der ekstremistane held til (utan at det var med hensikt). Heldigvis skjønna eg ikkje det før drosja var i god gang med å få meg og dei tre andre studievenene mine ut av området.
Likevel…. Vi følte spenninga i lufta i same sekund vi trådte ut på marka der. Vi følte at "her bør vi ikkje vere".

Vi har ofte høyrt rakett-provokasjonar, og i går høyrde vi skotveksling. I dag fekk vi ikkje forlate universitetsområdet då vi skulle attende til hyblane for å hente koffertane våre. Politiet sa at vi måtte vente på grunn av ein mogleg bombetrussel rett borti gata. Det kunne ta eit kvarter, halvtime, eller det vi kan kalle lang tid. Det kunne dei ikkje svare på.
Det heile gjekk berre bra, men akkurat der og då er det ikkje særleg kult å kjenne på følelsen "kva om".
Denne gongen gjekk det bra. Det fann ikkje noko og vi fekk lov å dra.
Halvannan time seinare sat vi på eit hotellrom i Tel Aviv og naut utsikta over stranda og havet. Like etterpå var vi i gatene og trødde. "Where is the shopping mall?"
Livet i Jerusalem var så uendeleg langt unna, det til trass for at det berre er ein times busstur i mellom dei to byane.
Plutseleg føler du at du er i ein vestleg by. Etter å ha vore i ein by som eigentleg tar deg "hundre" år attende i tid (på mange måtar), er du plutseleg attende i den verda du er vant med, berre at du er i ein heilt anna verdsdel.

Ja, det er uroleg her nede. Det skremmer likevel ikkje meg. Eg kan tenke meg å dra ned hit fleire gonger.
Denne gongen reiste vi frå Bodø i sjutida på morgonen og var her i Tel Aviv rundt 5. Det er ei overkommeleg reise det. Tidsmessig er vi berre ein time foran, så noko jetlag får ikkje.

Her er frå siste kvelden vår i Gamlebyen. Ein hyggeleg handelsmann som vi blei kjent med var snill og foreviga oss på eit bilete. (Eg har ikkje fått spurt dei andre to om det er greit at eg publiserer biletet, så difor har eg retusjert andleta deira - in case you wonder…). Eg er i alle fall til høgre på biletet og det ser i alle fall ut som at eg er rimeleg nøgd med kvelden, så då då var det vel ein vellukka bytur. Like etterpå sat vi i drosja heimover. "What´s the prize???" Setningen er ein gjengangar!! Hehehehe……….. Vi var god til å prute, den eine verre enn den andre. Ergo blei ikkje lommeboka fullstendig tømt. 

No er det avslapping på rommet med ei god bok og litt kryssord. Det er straks leggetid heime, så ein liten skypetur blir det nok også. Halv ti i morgon tidleg sit eg i ein buss på veg mot flyplassen, vel vitande om at det berre er timar att til at norsk jord er under føtene mine att. Ei verd som er så ufatteleg alt anna enn denne. 
Eg har ikkje talet på kor mange som har spurt kor vi kjem ifrå. Då vi har svart Noreg, er det mange som har kommentert at vi kjem frå det fredfulle landet. Det stikk i hjartet mitt kvar gong! 
Eg håper at eg ikkje må sjå slike våpen fleire gonger. EG håper eg kan kome ned att og sjå at gatene ikkje er fulle av politi og millitære menn. Draumar er lov til å ha! 
Ver takknemmlig om du bur i Noreg. Aldri gløym kor heldig du er og ta ingenting eller ingen for gitt. Vi har ikkje peiling på kor heldige vi eigentleg er før vi opplever det motsatte. Vi er så ufatteleg heldige. 

Ha ein fortsatt fin kveld! 

Hasta luego!

IWALY!