tirsdag 31. august 2010

Tysdag 31.august.

Det er siste dag i august og i dag kom Steffen heim og sa "I mårra er det høst!" Ja, det stemmer bra det....... Snart kommer trea til å vere fargerike og flotte.
Eg har stort sett ikkje sett så mykje på tv på over to månader og med hausten kjem også tv-seriane attende. Eg tenker sjølvsagt på Greys anatomy og Privat praksis. Tv er aldri eit "must", men tysdagskveldane er definitivt eit høgdepunkt i uka.
Dei siste dagane har vore ganske hektiske. Det har vore nok å hengje fingrane i....... Derfor har det vore deilig å berre slappe av her i sofaen i kveld (vel vitande om at eg sikkert ikkje kan gå etterpå...).

Første skuleveke er over for elevane og ei ny er påbyrja. Ein kan trygt seie at det var ein liten gut som var totalt utslitt på fredag då han kom heim frå skulen. Det var nok mange inntrykk for han i løpet av uka. Det var så vidt eg klarte å få han ut av senga halv ni laurdagen. Endå så "fotballgal" han er og at han visste det skulle vere fotballskule. Det seier litt, men det går seg vel til.....:=)
Ein ting er i alle høve sikkert...... Det er deilig å slippe å køyre i bornehagen om morgonen. No tar vi berre føtene fatt og koser oss med praten på skulevegen.

I forrige ukes KK var det intervju med tre stykker og det handla om kven som var forbiletet for dei. Det var ganske stor variasjon i svara og eg hadde slett ikkje høyrt om alle forfigurane før.... Uansett, det fekk meg til å tenke etter.........Tenke etter på kven eg sjølv ser opp til. Eg må ærleg innrømma at eg syns det er vanskeleg å finne ein spesifikk person. Den einaste eg kan komme på som verkeleg har satt spor hos meg er pappa. Det blir kanskje litt for "dumt"?? Det går då sjølvsagt på personlegdommen hans.
Årsaka til at det er "dumt" er av di at det kanskje blir feil sidan det er kjærleik med i biletet. Då blir ein kanskje ikkje heilt realistisk?? (I mangel på eit betre ord).
Det må kanskje bli nokon som har påverka meg i den retninga eg valgte anten som yrke eller hobby.........Då blir det vanskeleg å velge ut berre ein. Musikken har eg jo hatt i meg heile livet, men utan inspirasjon frå enkelte, ville eg kanskje ikkje ha valgt å utforske den sida av meg. Sentrale personar vil då vere blant anna Clive Anderson som satte høge krav til meg i tillegg til å overtale meg til å gå sommerskole, Edwin Hawkins for at han oppmuntra meg til å halde på med det eg brenn for (alle har vel høyrt han med songen O happy day)....og ikkje minst Egill Juvkam som verkeleg var ein stor inspirasjon med sine kunnskapar. Det er vel aller helst han som har inspirert meg mest! Han sørga for at eg alltid ville vise det beste i meg og det gjorde at eg øva kvar einaste dag, av di eg ville vise at eg kunne bli betre og betre. Det gav resultatar......... At eg ikkje har utnytta det betre dei siste åra, er berre min eigen feil. Så sånn er det!
Eg hugsar eg sa til han før eg flytta hit at eg håpa eg sjølv ein eller annan gong kan inspirere ein annan på samme måte som han inspirerte meg. Eg meinte det av heile mitt hjarte. Det satt sine spor.

Det er seint og det er ikkje akkurat helg. Det er vel berre å gjere som dei andre i huset allereie har gjort......leggje seg. Ein burde vel ikkje sitte oppe til nesten midnatt midt i uka, men sånn er det berre.
I morgon trur eg at eg vil skrive litt om dei mest ekstreme områda i denne verda. Det finnes jo fleire områder på planeten vår som er så ekstreme at det ikkje kan bu mennesker der. Himalaya er berre eit av eksempla. Tanken på at det ligg mange daude mennesker der oppe av di ingen tørr hente dei ned av redsel for eigne liv er ekkel.

I really miss you.......

fredag 27. august 2010

Likestilling og fødselspermisjon.

I utgangspunktet er eg ei som er for likestilling. Så spørs det kva eg legg i akkurat det ordet versus det andre legg i ordet. Det er framleis slik at det er enkelte ting som er forbeholdt menn og likeså med kvinner. Slik meiner eg det skal vere. Det skal vere typiske "manne- og dameting". Slikt held eg langt unna uttrykket likestilling.
Det eg legg i begrepet er at begge kjønn skal ha like mykje betalt for å utføre samme jobb. Fleire stader får menn betre betalt enn kvinner på trass av at dei har gjort samme stykke arbeid. Det føles ikkje rett!
No er det heldigvis mange yrker som er styrt av tariffer osv, men likevel er det store forskjeller i enkelte yrker.
I tillegg meiner eg at kvinner skal ha like stor rett/sjanse til å kunne få ein jobb som menn har. Det har sjølvsagt blitt mykje betre.......:=)
Det betyr ikkje at eg stiller meg hundre prosent bak loven om at ein viss prosentandel i alle styre osv skal vere kvinner. Det er ikkje alltid at det er like lett å få kabalen til å gå opp då, og då kan også sjansen for å få eit mykje dårlegare alternativ vere stor. Likevel. Ein viss prosentndel kvinner må med, men det er litt for strengt slik det er no. (Sjølv om kvinner mjuker opp miljøa rundt om.... Vi er ikkje berre bitch).

Uansett........Det var eit spesielt tema innanfor likestilling som eg hadde tenkt å drøfte litt. Det gjeld nemleg fødselspermisjon. Ein permisjon eg meiner begrepet skal halde seg langt unna. Det skal og bør ikkje vere liketilling på det området.
Eg skjønner at fedre ønsker å vere heime med babyen sin, det er ikkje det som det står på. Forståelsen er tilstades i stor grad, men likevel bør den ikkje deles likt (med tvang vel og merke).

Eg er sjølvsagt tilhengjar av pappapermisjon og vil ei heller ha eit mammavelde........Det handlar mykje om morsinstinktet. Mødre passer betre på borna sine. Det er berre å like det eller ikkje. (Sjølvsagt kan det finnes unntak frå dette, men det høyrer til det sjeldne).
Ein kan stille seg spørsmålet "Kven er best for bornet?" Eg er sikker på at om ein åpna for ein mediestorm rundt akkurat dette temaet, ja, då ville vi fått nettopp det, storm!
Det fins mange svar ein kan komme med. Det spørs berre om ein vil ha bråk eller ikkje. Sjølv vil eg leggje vekt på biologien, men det kan vere litt risikabelt. Sanninga er at det finnes mange bra mammaer, men det finnes også "drittmammaer". Det samme gjeld på mannfolksida, så det heile kan vere "farleg" å gje seg ut på i drøftinga.

Det er fleire forskarar som har sagt at menn ikkje er like god på omsorg. Det viser også alle statistikker. Det er vel nettopp derfor ein har uttrykket "Få er som far, men ingen som mor".
Så kan ein stille eit motspørsmål til det at kvinner er best på omsorg. "Kan det vere at det er avdi menn mangler trening på området?" Er det berre det som skal til?? Om menn tar ansvar, så vil dei samtidig utvikle omsorgsevna........ Ikkje veit eg. Det eg veit, om det hadde gjeldt meg, er at eg ville kjempa med nebb og klør for å vere lengst heime. Eg hadde aldri gitt meg på det!! Bom basta!

Dei harde fakta seier at det i alle samfunn og til alle tider er menn som dominerer når det gjeld overgrep, vald og utroskap.
Dei fleste menn er ikkje valdelege overgriparar, men å seie at dei er like god på omsorg er å lure seg sjølv.

Eg er heilt sikker på at det er eit tettare bånd mellom mor og baby enn far og baby. Båndet mellom mor og barn knyttes allereie tidleg i svangerskapet. I tillegg har ein all kosen som følger med amminga. Det er vanskeleg for menn å konkurrere mot det.
Så kan ein då lure på kvifor akkurat dette treng å vere eit poeng i vurdert opp mot om det skal vere likt delt i permisjonstid. Kvifor bruker vi kvinner amminga for alt det er verdt berre av di vi ikkje vil gje frå oss fritid med bornet??
Svaret er ganske enkelt. Det er ikkje av rein egoisme. Eg vil sjå at det er mange som kan påstå at det er bra for bornet at mamma plutseleg skal ut i arbeid att etter berre nokre få månader. Sjølve amminga er jo ikkje akkurat av hensyn til mora. Det er jo eit behov bornet har. Om ein blir tvinga attende i arbeid, er det jo bornet det går ut over. Bornet mistar jo den daglege rutinen som er innbakt i amminga og kosen. Eg er livsikker på at bornet også sakner det om det blir tatt i frå det.
Det heiter at det er helsemessig bra for bornet å bli amma lenge. Det vil utsette ein heil del seinare i livet. Er det ikkje då viktig at vi tar hensyn til nettopp det?

Vi får lenge fri. Det er det ingen tvil om. MEN, vi går då jaggu meg lenge med ungen i magen, og det er vi som må presse bornet ut og ta alle smertene rundt det. Klart vi føler at vi har rett til majoriteten av permisjonstida. Kvifor skal menn, berre av di dei har deltatt i gleden av å lage bornet, ha samme rett som vi. Ved å ha dei vekene dei allereie har, så blir dei jo belønna for den innsatsen dei la ned ei natt for månader sidan. :=)

No er det jo heller ikkje slik at alle kvinner ønsker veldig sterkt å vere lenge heimne. Mange karrierekvinner syns det er flott om mannen ønsker større del av permisjonstida. Ære vere dei for det. Då kan dei jo berre avtale seg imellom og bli einige om det.
Det er ikkje slik at eg er motstandar av at dei som ønsker det skal kunne dele permisjonen likt. Det må jo sjølvsagt vere opp til kvar enkelt å bestemme. Det eg er imot, er at det skal lovfestast at permisjonen skal delast likt. Akkurat det trur eg vil få følgjer som ingen aner verknadane av. Mange born vil li under nettopp det.

Om eg skulle ha gitt frå meg halvparten av permisjonstida, så ville eg ha kjent det både psykisk og fysisk. Det trur eg vil gjelde majoriteten av dei andre også.
Dei fleste er jo for likestilling, så derfor trur eg mange tvinger seg sjølv til å ignorere desse følelsane som oppstår.
Derfor meiner eg, i likskap med mange andre, at kvinners biologiske tilknytning til bornet må tas på alvor.

Det er også ein stor påkjenning for eit lite born å plutseleg skulle forhalde seg til ein ny omsorgsperson. Det kan oppleves både ustabilt og skremmende. Akkurat det er eit godt poeng, meiner eg.....

Konklusjon: Eg er for likestilling, men berre innanfor det avgrensa området eg nemte først. Alt det andre er ikkje eindel av det uttrykket. Eg er totalt imot å bli pressa til likestilling når det kjem til fødselspermisjon og det kommer eg alltid til å vere. Så då er det ingen tvil om det!!

Rendevouz, just me and you.....

onsdag 25. august 2010

Onsdag 25.august.

Eg lurer litt på kor lenge folk skal gidde å skrive det samme i "Si det i Vg". Ein kan trygt seie at det er dei samme temaene som har versert der i uke etter uke. Det får vere måte på kor mykje eg gidd å lese om eit og samme tema.

Hardanger er Hardanger og eg trur vi no kan seie at vi veit kva hardingane meiner om saka. Kanskje dei no kan teie stille om det på akkurat den sida. Eg er sjølv harding og har eit veldg avslappa forhold til det heile. Det er nok hausa litt for mykje opp av enkelte. Reis rundt og sjå andre stader. Det skjemmer ikkje Hardanger meir enn det skjemmer andre på andre stader. Så mykje pes....... Stakkars regjering som må forhalde seg til det norske folk. Vi er slett ikkje eit enkelt folkeslag. (Vi er rett og slett for bortskjemte!!).

Ein ting har eg skjønna.........Det er mange fotballekspertar i landet. Eg sit atmed minst ein akkurat no:=) Dommaren er "blindbukk" og uttrykk som "Ser han ikkje at han må.......?" "Nei, nei, nei!!!" Osv...... Rosenborg speler mot FC Københamn (trur eg). Rosenborg vann heimekampen, men det ser ut som at dei blir overkjøyrd i denne kampen. Det er ikkje vanskeleg å vite kva som blir lagt vekt på i morgonsdagens aviser. Ein slik kamp er jo "store saker"!

Veit ikkje om den prosentandelen i Noreg som hatar fotball er einig i det:=)

Jaja.......... Alle frontsider er vel betre enn den om at Fredriksen flagger ut. La han flagge ut så mykje han vil. Med ein heilt annan kroneverdi i andre land er det ein sjølvfølge at det er billigare å flagge ut. Vi nordmenn er jo millionærar i enkelte land. Ein kan vel ikkje akkurat fovente at han skal bli behandla etter kva han kan slippe unna med i eit anna land som kanskje har det minst like dyrt om det hadde vore sine eigne landsmenn.

Alle seier det er så mykje billegare i Sverige (mat osv.....). Er det det??? Joda, for norske pengar får du kanskje meir. Det betyr ikkje at det er billegare der og at det er samanliknbart med her heime. I Sverige tener dei mindre enn oss. Det er ikkje billegare for ein svenske å handle i svenske butikkar enn det er for nordmenn å handle i norske butikker. Faktisk, så kommer det eindel svensker over til Norge for å handle eindel matprodukter som er billegare enn i Sverige.

Nei, kvifor i alle dagar hoppa eg inn på dette temaet?? Det må då vere viktigare ting å bruke cellene til enn å grunne på dette! :=)

Eit anna tema som har vore oppe er skoleferien. Det er sjølvsagt ein og anna tigerstadskule som har gjeve elevane fri tidlegare enn andre skular og i tillegg har ikkje elevane byrja enno. Eg skjønner godt at dei reagerer på det, men dei treng jo ikkje å legge det fram som eit problem for heile skulenorge. Då må dei jo heller ta det opp med dei få skulane det gjeld. Det er mykje som blir diskutert ut frå kva som skjer ved skulane i Oslo. Det gjeld forsåvidt ikkje berre i skuletema, men i veldig mange andre tema også.

No diskuteres det om ferien skal vare i berre 4 uker. Joda, ein kan lure på kor hjernecellene hos dei som seier det har rømt. Dei er ikkje heilt på stasjon. Ser dei ikkje dei kjempeproblema som vil oppstå av det???

I dag skal dei minke skuleferien til elevane. Samtidig går dei ut og fraråder føresette å ta borna ut av skulen i løpet av skuleåret. Det er fokus på at foreldra tar borna for mykje fri frå den ordinære undervisninga.

Det vi her står att med blir då: Elevane skal til einkvar tid møte på skolen og ferien skal vere i 4 uker. Joda...... Eg byrjer å skjønne poenget. Av og til tar det litt tid før eg skjønner poenga til enkelte. Det er nok akkurat det som har skjedd i denne situasjonen også. At det går an......... Endeleg forstår eg at det er jo sjølvsagt avdi foreldra skal få sjå borna sine endå mindre enn dei allereie gjer. Genialt!!! Meir fri frå borna.....Så flott!

Det er berre om å få dei tidlegast mogleg avgarde om morgonen og ha dei borte lengst mogleg på ettermiddagen. Det er ikkje nødvendig å hente dei før ein må. Er ein heldig, får ein kanskje ei lita stund i lag før det er leggetid. (Vi ser borna våre for lite i dagens samfunn!!!)

4 uker ferie løyser mange problem. Hvis heile Noreg skal ta fri samtidig, ja, då seier det seg sjølv at det vil gå i stå. Med mindre det er snakk om at borna faktisk ikkje skal få ha ferie saman med foreldra då...?!? Ikkje skjønner eg korleis dei skal få til å planlegge ferien sin. Med skuleferie på 4 uker vil det skape store problemer for familiane med tanke på familiesamvær. Det skal godt gjerast at dei føresette begge får ferie i dei aktuelle ukene det gjeld. Dette med tanke på kor stor del av folket det gjeld.... Er dei riktig heldig, får dei kanskje berre ei uke i lag. Så det er derfor eg kommer til konklusjonen om at det må vere for at dei vil ha mindre tid i lag med borna.........
Litt synd å reise bort eller la vere å reise bort avdi det ikkje passer med skuleferien. (For alle borna må jo ha fri samtidig om det skal fungere).

Eg skjønner at mange foreldre i enkelte deler av landet kan slite pga den lange ferien. Er sfo og bornehage stengt i spesielle uker kan det skape trøbbel om dei ikkje har nokon til å sjå etter borna sine. Akkurat den er grei. Det er berre det at eg trur ikkje dei har tenkt så nøye gjennom det når dei foreslår at det derfor må minkes på ferie. Det er heilt andre fokus dei må ha.

Lite ferie og ikkje uttak av born frå undervisning i løpet av skuleåret er lite gjennomtenkt. Rett og slett ugjennomførbart vil eg seie.

Sjølv meiner eg at eg har ei betre løysing på problemet. Eg er heilt einig om at ein ikkje tar borna ut av undervisninga (berre så det er avklart). Først og fremst bør regjeringa gripe inn overfor dei skulane om legg opp til heile ni veker ferie. Eg er heilt einig at det er heilt feil........ Foruten det meiner eg personleg at regjeringa må sette krav til at ingen bornehagar eller sfo-avdelingar kan ha ein månad sommarstengt. Om ein heil bornehage stenger i fire uker, vil det føre til problemer for dei som ikkje har ferie i nett dei ukene. Forståeleg nok....... Det samme gjeld sjølvsagt sfo. I Kjøpsvik fungerer dette bra. sfo og bornehagen samarbeider om sommaren og dei klarer å få det gå rundt heile sommaren utan å ta inn store mengder med vikarer.
Nei, krev at alle bornehager og skulefritidsordninger skal ha åpent alle ukene heile sommaren. Då vil det vere lettare for alle å planlegge.

Eg vil sjå at det er meir lærdom å la borna gå eit par uker lengre på skulen. Tida før sommarferien er den tida der elevane er minst motiverte. Det er heller betre å effektivisere resten av året på ein betre måte.
Ferien kan ikkje minskast avdi føresette må ha ein plass å plassere borna sine. Det blir feil. Då må dei heller presse på mot dei forslaga eg har satt fram (mi meining sjølvsagt).
Borna treng faktisk meir enn 4 uker fri for å fungere heile året. Sanninga er at Norge er eit av dei landa som har kortast ferie for borna.

Det kan vere nærliggande å tru at eg har ein skjult agenda bak det eg nettopp har skrive (sidan eg er lærar og ei innskrenking av ferien betyr mindre fri for meg). Eg kan med handa på hjartet seie at dette er mi personlege meining ut frå eit pedagogisk synspunkt. Heilt uavhengig av min eigen ferie og fritid.
Eg har eit klart inntrykk av at mange foreldre overlet meir og meir til skulane og samfunnet ellers. (No snakkar eg ikkje av erfaring ut frå bygda her, men generelt). Dei vil at skulane skal ta seg av frukosten, opplæring i å smøre brødskivene sine (for det er vanskeleg å lære heime), ......og så ender eg opp på at om eg skal nemne den uendeleg lange lista så blir det morgon att før eg blir ferdig.

Å få born er ikkje ei lett oppgåve å følge opp, men det er ei viktig oppgåve og (for meg) eit krav ein må fylle. Ein kan ikkje berre sette born til verda berre for skøy og overlate alt ansvar til andre. Det blir for lettvindt og samtidig vanskeleg. Sjølv får eg dårleg samvit om eg er litt for lenge på arbeid og sonen min må vente 10 minutter ekstra på meg. Har eg fri, ja, då får han fri han også.
For meg som person er bornehage og sfo instansar som brukes av den enkle grunn at eg er avhengig at det er nokon som ser etter sonen min når eg sjølv er på arbeid. Han er rett og slett for liten til å vere åleine. I dag er han eindel av sfo'en på skulen her. Først og fremst av overnemnte grunn og ikkje avdi eg vil ha bornefri.
Det er eg som har hovudanvaret for han og då får eg ta det. Det er eg sjølv som har bedt om å få han, og ikkje han sjølv.

Eg håpar eg ikkje trør nokon på føtene, for det er ikkje meininga...... Det kan godt vere enkelte som er nett det motsatte av meg og som har heilt andre meininger (som er heilt greit). Det er det som er så flott med ytringsfridomen. Som sagt så er det ganske generelt og ikkje ut frå eigne kjenningar. Ein får eit visst inntrykk gjennom media og meiningsytringer som kommer gjennom dei ulike media som er i tillegg til ei skriva som skulane får i heile landet.
Uansett....Det blir spanande å sjå kva dei ender opp på.

Til helga blir det fotballhelg i bygda. Ørjan Berg, Stig Johansen og Øyvind Iversen kommer for å ha fotballskole for borna. Det skjer noko kjempepositivt her!! :=) For dei som vil sjå dei i fotballmodus er det berre å møte til opninga av banen kl.14.00. Etter opninga deltar dei under kampen mellom "oldboys-laget" og "youngboys-laget".
Er vi riktig heldige, møter store deler av bygda opp ogf deltar på fotballfesten vår. Det er verkeleg gøy at det skjer noko slikt her. Det er viktig å gripe fatt i dei positive tinga som skjer og ikkje berre vere negativ over alt det andre. Av positivitet skapes mykje!! (Negativitet øydelegg!).
Be open minded!!

How can I stop thinking.......
thoughts I can't control.
Dreams still keep on turning
affect my inner soul.

Tell me what to do.....

søndag 22. august 2010

Spent!

Ja, så kan eg trygt seie eg er spent på morgondagen! Det er ikkje kvar dag ein får oppleve å følge sonen sin til sin første skuledag. Ein milepæl i livet kallar dei det...... Så får eg håpe eg klarar å skilje mellom det å vere mor og lærar.
Han har hatt full nedtelling den siste uka, og i dag var det litt vansklegare å få til å sovne enn dei andre kveldane. Han gler seg, men brukar å seie at han gruar seg til at det er han som må byrje å lese for meg.....:=) Eg er glad han er likar å bli lest for (i stor grad).

Det har vore godt å byrje på arbeid att. Tre planleggingsdagar er unnagjort, så no er det berre for elevane å komme. To av dagane har vi tilbrakt på Drag, så då har eg likesågodt pendla frå hytta. Fint å køyre for seg sjølv tidleg på morgonen og berre nyte den musikken ein vil. Ingen som klagar på at samme song speles opp att og opp att. :=)

Vèret har vore kjempebra og har vore med på å gjere dagane veldig fine. Det er kjempefint langs strendene på slike dagar. I tillegg så blir dei fleste menneska mykje blidare når det er sol.....
Når det er slikt eit flott vèr, er det jo ein sjølvfølge at det er soling som gjeld. Berre så synd at ein ikkje kan liggje splitter naken og sole seg (For stakkars naboar då!!!). Resultatet at solinga er vel aller helst mindre bra. Skillet er blitt veldig tydeleg, og brunfargen er berre fin heilt til ein kler av seg og det kvite titter fram. Jaja....... Sola gjer kroppen ei vitamininnsprøyting, og det er vel nettopp derfor det er viktig å utnytte ho akkurat i år.

Midt i solinga blei vi faktisk forstyrra på laurdagen. Plutseleg var området fullt av sjørøverballongar, flagg og kart. Ungane rundt på hyttene blei heilt forstyrra. Årets show var dermed igong. Sjørøver Rødsjegg har sendt kartet sitt heilt frå Carribean til Korsnes (ei bra lang reise).... Han frykta at kaptein Gottsjuk var etter skatten hans som hadde tilhaldsstad i Herøyvika. Han ba borna instendig om å beskytte skatten hans.
Det er kanskje ikkje så lurt å be born om å passe på ein skatt. Dei vil nok aller helst ha skatten sjølv.
Rødskjegg fekk rett. Kaptein Gottsjuk dukka opp!!! Fryktinngytene..........
Borna blei både redd og stressa samtidig som dei var superspent. Dei fann skatten ut frå kartet. Dei har vel aldri brukt ein spade i så hurtig tempo før som i år då dei såg at sjørøveren var på tur rett mot dei.
Av ein eller annan grunn så stemmer antall "skattar" med antall born. Akkurat det har dei ikkje gjennomskua enno...... Min kar var så nervøs at han ikkje turde halde sin del av skatten sjølv. Det ville han overlate til ein vaksen.
Då kaptein Gottsjuk kom for nære, måtte vi ta eit lite raid mot han for å skremme han. Han tok med seg dei fæle ropa sine og sprang til skogs......... Skipet låg vel eit stykke unna.
Trur kanskje reglene borna ropte etter han var med på å skremme han. Alltid like gøy, år etter år.
Det einaste som var litt sørgeleg i år var at heksa ikkje kom. Dei fann eit brev på stranda frå ho der ho sa at ho har brekt foten og at det renner av nesa heile tida...... Ho går glipp av både Tysfjord og heksefesten på Bloksberg i år. Det blir litt langt å gå heilt frå Gællivare og til Korsnes med brekt skanke!! Empatien til borna kom tydeleg fram........Stakkars heksa! Vi får håpe foten har lega seg til neste sommer:=) (Og nei......vi er ikkje gal!).

Ukas KK blei attgløymt på hytta, men eg hugsar det stod noko om fobiar. Trur det var tre stykk som det blei skriven om. No skal ein vel ikkje spøke med eit slikt tema, for det er sikkert veldig alvorleg for dei det gjeld...... Personleg så syns eg dei kunne funne nokon med litt andre fobiar. I alle høve den som hadde fobien mot slangar. Å ikkje like å møte på ein orm i skogen er vel ikkje ein fobi som er uvanleg. Det er vel ein heilt vanleg reaksjon å bli "engsteleg" om ein møter på ein huggorm eller slikt. I alle høve ville eg bli redd!! Likevel føler eg ikkje at det er ein fobi eg har.

Ei anna hadde fobi mot å stå på ski. I alle former...... Joda, om ein har skrekk for å stå på ski så er det vel alvorleg nok for den det gjeld. Litt vanskeleg å sjå for seg at ein har skrekk for å gå på langrennski rett fram på ei rett slette. Så er visst tilfelle.....

Den siste fobeien er vel meir reell. Flyskrekk...... No har eg reist åleine med fly sidan eg var fem år gammel, så det er ikkje så lett å sette seg inn i situasjonen til dei som har ein frykt for å fly. Likevel, eg trur det er ganske mange som har nettopp denne fobien. Eg har sjølv ei tante som har det.
Då bror min reiste med ho ein gong for lenge sidan kleip ho han så hardt i låret at han hadde merker i fleire dagar etterpå. Trur faktisk ho blei tilbudd valium at ei flyvertinne......
Sidan det har ho ikkje flydd (før i fjor). Så redd var ho for å fly at ho ikkje kunne komme i sin eigen fars gravferd. Då er det snakk om å vere redd. Derfor veit eg at nettopp denne fobien kan vere eit stort problem for dei det gjeld. Det er rett og slett ikkje til å spøke med!!
Ho som i KK har denne fobien, fekk den utløyst av 11.september-ulykka. Det er sikkert mange andre som også har fått slike reaksjonar...... Ikkje kan eg sette meg inn i korleis dei har det, men det må vere grusomt å måtte ha det slikt.
Tanta mi, forresten, var så tøff at ho trassa skrekken for to år sidan. Broren hennar (onkelen min) døydde den sommaren. Ho og søskenbornet mitt kom køyrande med buss og tog for å delta i gravferda.
Då dei kom til meg , på mellomstasjon, fekk søskenbornet mitt blindtarmbetennelse der tarmen faktisk sprakk. Ho fekk seg eit sjukehusopphald her........ (Litt langt å dra for fritt sjukehusvalg brukar vi å spøke med overfor ho).
Uansett, det ville vore ganske "harry" å tvinge ho til å reise den lange vegen frå Senja til Vestlandet med buss og tog i fleire dagar etter noko slikt. Då ho var såpass oppgåande at dei kunne tenke på heimreisa, trassa tanta mi frykten og bestilte flybillettar. Tru meg..... Det kosta ho litt (og då snakkar eg ikkje om pengar).
Ho mista ikkje berre broren (50). Kort tid etter mista ho mannen sin(52). Ho hadde verkelg ei tøff tid. I tillegg døydde pappa mellom dei to, og ho var veldig glad i han også.
Borna hennar ville gjerne feire jul ein annan stad enn heime det første året etter å ha mista far sin. Derfor valgte tanta mi å trasse fobien ein gong til. Ho og døtrene dro til syden. I dei dagane var eg faktisk veldig stolt av ho!! (Kjente at eg blei veldig glad).
Ikkje berre det. I haust fekk eg melding frå søskenbornet mitt. Då var dei i London.......med mora på slep!!
Eg trur nok ho er redd for å fly enno, men ho har nok fått betre kontroll på følelsane sine og har funne sine metodar for å tore å fly. (Kanskje ikkje åleine).

Det er synd at det skal vere slik at ein treng å gå rundt og bekymre seg for ting som dette., Det minskar eindel sjansar til å oppleve ein heil del. Slik er det berre. Det kommer nok alltid til å vere slik.
Om eg skal prøve å finne noko eg sjølv har fobi mot, ja, då slit eg. Eg kjem ikkje på noko som helst. Eg er ganske sikker på at eg har ein eller annan form for fobi, men det er ingen som eg går rundt og tenker på i det daglege. Om mange rundt meg hadde ramsa opp fobiar, kunne eg sikkert heve meg på bølgen........ Eg velger å tru at det er positivt at eg ikkje kjem på noko umiddelbart. :=)

Det er kveld, det er ny arbeidsdag i morgon og det er rett og slett på tide å finne fram dyna og trekke den over hovudet. Ehhh..........høyrtes betre ut i hovudet mitt enn det var å lese det. Eg har forhåpentlegvis hovudet ute av dyna:=)
Så får eg håpe at eg ikkje ligger for lenge vaken og "grubler" på morgondagen og minstemann sin første skuledag.

Memories are good to keep
to think about before you sleep
In time it helps you to move on
because the love comes from the deep.
Savner deg!! <3

tirsdag 17. august 2010

Be good to me.....

I eit par uker no har eg hatt ein song på hjernen. Eller.....det vil seie at eg har hatt 4 ord frå ein eller annan song på hjernen. Det håplause er at eg har ikkje eingong peiling på kva song det er. Teksten er "Be good to me..." og melodien på akkurat dei 4 orda kan eg. Merkeleg...... Ingen fleire ord og heller ingen peiling på resten av melodien. Jaja.... Det går vel over eingong.
Løysinga kan jo sjølvsagt ligge i at eg sjølv har dikta det opp, men i såfall kan eg ikkje hugse det. Så då er det vel heller tvilsamt.

Eg er heime, ferien er over, det er tid for arbeid. Kva les eg då?? Joda, det låg eit KK og venta på meg heime. Der kan dei informera meg om at no når ferien er over, ja då skjer det mykje rart i tigerstaden. To månader der folk har hatt ferie og sjansen til å farte rundt.......Så slår dei til no!??! Sukk.........
Kva er det som skjer i byen? Litt av kvart. Blant anna åpna jazzfestivalen i går. Det er mange dyktige og profilerte musikarar/artistar som deltar der. Latteruka....... Det er standup-festivalen denne uka! Oslo fashion week and so on...

Det er første haustutgåve og då er det jo naturleg at bladet er proppa fullt med mote. Årets haustmoter er på veg inn i motehusa og alle dei andre klesbutikkane som finnes. Det er mykje fint å sjå, ja. Det spørs vel berre om ein er interessert i å betale over 3000 kr for eit par støvletter. Hehe....

I følge Pernille Sørensen er det få ting som er så sexy som ein mann i snekkarbukse med spiker i munnen. Veit ikkje heilt om eg ser for meg at Dagfinn Lyngbø er så sexy sjølv om han tar på seg ei snekkarbukse. (Han er mannen hennar). :=)
Ellers er det mange som gjer alt dei kan for å bli sexy. I dag vil mange føle seg 20 år yngre enn dei allereie er. Då er vegen til botox kort.
Eg skal gladeleg innrømma at mange ser fantastisk ut sjølv om dei er godt opp i åra, men likevel... Det er ikkje naturleg. Det er nesten litt synd på alle desse "Hollywoodfruene" som alle forventer skal sjå ung ut til eikvar tid.
I Noreg brukte "vi" 35 millioner på botox berre i 2009. Veit ikkje eg, men det høyres ut som veldig mykje pengar.

Ellers er det eigentleg ganske mange tema som blir drøfta i denne utgåva. Den første teksten tar for seg temaet "Berre vener". Då går det sjølvsagt på problemstillinga om det er mogleg for ei kvinne og ein mann å vere berre nære vener. (Utan at sex og følelsar kjem i vegen). Dei har i denne samanhengen kopla inn ein biolog, kjønnsforsker, sex-ekspert og ein psykolog. Det er ganske stor variasjon på svara. Det er alt frå "Sex vil alltid vere ein faktor" til "Klart vi kan". Eg for min del trur eg skal helde meg langt unna eigne meininger og erfaringer på akkurat det området....men det er jo litt interessant å sjå kva "fagfolk" påstår om temaet. Dei er gode på å definera oss menneske, og av og til skulle ein tru at vi alle er like.
Eg vil tru at svaret på spørsmålet vil variere etter kven du er som person.

Biologen meiner at det biologiske behovet for fleire partnere alltid vil vere til stades i eit venskap mellom mann og kvinne. Dette gjeld visst i stor grad. Det er berre at det nødvendigvis ikkje betyr at mannen vil "prøve seg".
Om ein mann og ei kvinne sit i sofaen og prater og mannen på impuls kastar augene på brystene til venninna, ja då får han slike tankar.....men så tenker han at det berre blir tull og legg av seg tanken. Joda...... Det er greit at alle menn blir definert som like.
Om det hadde vore slik, då trur eg det likaste ville vore om han sa det rett ut. Han kan jo ikkje få noko verre enn nei til svar :=)

I følge kjønnsforskeren er venskap i utgangspunktet ingenting som har noko med kjønn å gjere. Det er vel aller helst at kjønn og sex kan komplisere venskapet mellom mann og kvinne.

Sex-eksperten påstår at det er mogleg, men at ein forutsetnad må vere at den erotiske tiltrekninga er fråverande og at det finns ein felles definisjon av at det kun handlar om venskap. (Kor langt ut i venskapet er ein komen før ein kan svare på det, då?? Kan ikkje tiltrekning bygge seg opp over tid?)

Psykologen er meir realistisk og seier at ein biologisk, fysisk dragning kan dukke opp. Den ligger der under overflata, og så kommer det an på evnen til å kontrollere den.

Ho som har skrive teksten har også forholdt seg til eit knippe mannfolkvener. Dei fleste der har svara at det er mogleg å berre vere vener.
Rett før ho skulle levere artikkelen fekk ho ei melding frå ein av dei. Han svara "Ja". Då han blei spurt om kvifor svara han "Om vi svarar noko anna får vi bank av samboarane våre". Hehe..
Eg vil sjå at det er ein mann som er i eit forhold som ville turt å svare anna enn at det er fullt mogleg å berre vere vener.........:=)

Om eg skal kommentere noko til det utan å trekke det for langt, så må det bli at eg trur at det går an i ein viss grad. Det kommer an på kva ein tillet seg sjølv.
Det viktigaste er at ein kan stå for det etterpå om noko skjer. Eit venskap blir berre øydelagt om ein endrar seg etter at det er skjedd. (Og at ein er open om kva det betyr eller ikkje).

Etter å ha vore borte i ei uke var det godt å kome heim att og få lese litt på norsk. Eg hadde sjølvsagt gløymt både lesestoff og kryssord heime....... (Kanskje til nokon si store glede).
Vi stoppa på ein bensinstasjon like etter vi kom over på rett side av grensa, men der var det berre kryssord i eit alltid så kjent sladderblad som var tilgjengeleg. Sladderet kunne eg vere forutan, men det var både kryssord og sudoku i det (så då blei kvelden og neste dag berga). :=)

Ein ting har eg lært om svenske vegar. Ulykker er ein ting dei ikkje vil oppleve! Det var lett å skjønne det...... Vegane går for det meste rett fram og har kanskje nokre slakke svingar eingong i ny og ne. Var vi så heldig å møte ein ordentleg sving.....Ja, då var det jaggu meg einvegskøyring. Midt på europavegen deler den seg plutseleg inn i to einvegskøyrte vegbaner, berre for å ta unna ein sving.
Det vil i praksis seie at dersom strekninga Dragskrysset-Ulsvåg hadde vore innanfor den svenske grensa, så hadde mesteparten av vegen vore laga for einvegskøyring.
Eg vil gjerne sjå eit kostnadsoverslag over kva det ville ha kosta om ein skulle ha det slik på vestlandsvegane.

Nei. det er fint å vere borte, men det er jaggu meg godt å kome heim att. Det beste var å få legge seg i badekaret og å få ordna den fantastiske sveisen som hadde sitt utspring i fleire årsaker. Huset er rydda og klargjort for ny haust. Det er ikkje akkurat huset som får førsteprioritet når det er sommar......
Forhåpentlegvis er det ein som får litt mindre munndiare no etter han er heimkommen att. Det er utroleg kor mange ord som kan komme ut av ein liten munn under ein køyretur som i utgangspunktet er ganske lang. Det er ikkje rart han aldri kjeda seg i bilen.
500 mil er unnagjort i sommar. Det er mykje tid som kunne vore brukt på anna, men det har vore verdt det.
No er det tid for å stramme munnmusklene og forberede seg til ein ny musikalsk haust. Håper det er mange som stiller i korpset i år.

Wish I could be the one
the one that could give you love.
The kind of love you really need.
Wish I could say to you..........

I could say that I will be all you need
but that would be a lie.
I know I only hurt you
I know I'll make you cry.
I'm not the one you need.
I love you, goodbye.

I'm doing this for you
I don't really wanna go....

When you love someone so much as I love you
It tears me up inside.
I'll never be the one you need.
I love you, goodbye.

lørdag 14. august 2010

Laurdag 14.august

Ikkje veit eg kven som har hatt den göyaste dagen i dag.......Pedersen senior eller pedersen junior. Vi har hatt nokre knallfine dagar her i Sverige. Det er faktisk så mykje å gjere at det er umogleg å komme over alt. I går var det så fint vèr at det var nödvendig å leggje seg i sola på ei kjempefin og lang sandstrand. Etterkvart bar det over på eit badeanlegg så borna (og menna) fekk pröve litt sklier.
Ellers gjekk det i leiking og tivoli osv..... Hannkjönna over 10 fekk seg ein herleg runde golf för vi avslutta med ein like herleg svensk komedie på kino.(Alt på samme anlegget som vi bur).

At dei har store isar her, ja, ingen tvil om det. Trur ikkje alle er like godt förebudd når dei seier dei vil ha ein stor softis. Herreminhatt........Isen var nesten like stor som hovudet til tantebornet mitt.......Sukk! Eg bestilte ein medium og holdt på å dåne av det! Det var ikkje godt for magen seinare, nei..... Så rådet er at det kan vere lurt å bestille liten "mjukglass" om lysta etter is blir stor:=)

I dag har det og vore bra vèr, men vi har valgt å bruke den inne. Dei har eit enormt badeland her som berre måtte prövast. Her har både born og menn verkelg fått storkosa seg og utfordra konkurranseinstinktet sitt. Det er nok det göyaste dei har gjort på lang, lang tid!! Det gjekk nokre timar der, ja. Så var det berre å slappe av ei kort stund för det bar bort til lekeland (kor vi forövrig er i skrivande stund). Her er mykje leikeareal og dei får verkeleg utfalde seg. I tillegg kom sjöröveren og prinsessa og haldt eit show for dei minste.
Ellers er det både bowling og minigolf her på huset, så det er nok å finne på.
Dinosaurlandet kan det sjå ut som om at vi ikkje rekk å besöke. Det og mykje anna...... Planen er vel at vi vender nasen heimatt i morgon, om ikkje senior finn ut at han vil vere ein dag ekstra.

Ein ting er sikkert...Her er eit utroleg bra anlegg og vi kan verkeleg sei at det er verdt å ta ei slik reise. Om eg ikkje tar mykje feil er det ein som allereie har "booka" for neste sommer. Det er no heldigvis ei stund til det enno.
Det har verkeleg vore ein tur der ein har fått både slappa av og samtidig trimma:=) Så flott er det!

No er det berre å håpe på ein kjempefin haust med myjke godvèr osv. Om eg finn det for godt kan det hende eg legg ut eit par bilete av menn i "nydeleg" positur i sin elleville leik....Hehe:=)

It should have been you........

lørdag 7. august 2010

Ukas tabu: "Åpne forhold" - polyamorøse.

Som vanleg har KK med sitt tabuemne. Denne gongen er det snakk om åpne forhold, eller polyamorøse som mange kallar dei. Eg skal ikkje kommentere kva eg eigentleg syns om temaet, men eg kan seie så mangt som at det virker som at det må vere eit litt slitsomt liv........I alle høve definert ut frå erfaringane til dei som stiller opp i bladet.
Hovudlina seier: "Sigrid er samboer med Svein, kjæreste med Truls og John og tidvis elskerinne til to, tre andre." Jaja...... Det er der eg syns det høyres forferdeleg slitsamt ut. Om eg skulle forholdt meg til heile fem stykker.....Joda:=)

Forskjellen på polyamorøse forhold og utroskap ligger i at utroskap skjer i det skjulte, medan polyamorøse mennesker er åpne om det. Følgeleg veit både Svein, Truls, John og dei andre om kvarandre og alle syns det er heilt greit.
Vi snakker Norge og vi snakker heilt vanlege folk!!!
Kanskje vi kjenner slike rundt oss utan å vite det.

I følge artikkelen er det snakk om kjærleik. Sigrid seier: "Det sies at du skal spre kjærlighet, men hvorfor skal det kun gjøres til èn om gangen?"
Veit ikkje om eg heilt klarar å sjå for meg at det er kjærleik når så mange blir involvert!?! Men, men....... Eg er tilbøyeleg til å seie at det sikkert går en å elske fleire enn ein, men fem??
Personleg trur eg det er snakk om kjærliek-wannabe.

Årsaka til at ho meiner det er kjærleik, er av di det ikkje berre er snakk om sex. Hos ein type er det humor som tiltrekker. Hos ein annan er det dei gode samtalene. Slik fortsetter det...... I monogame forhold må du finne eigenskapane hos ein og samme person. Det slipper du å tenke på om det er fleire personar.

Sigrid trur at alle er født, frå naturens side, polyamorøse. Det er samfunnet som former oss som monogame. Det er berre den forma som er den akseptable samlivsforma.
Sgrid drøymer om ei verd der ein kan gifte seg med fleire.........

Eg ser for meg at hovudbaugen må vere sjalusi. I dette tilfellet er vsst ikkje det noko problem. Så lenge ein er ærleg og åpen om alt, går alt heilt greit. Sigrid tar til og med nye typar heim til seg sjølv om Svein ligger og sover der. Akkurat det er jo litt "Harry".
Dei tar berre ei madrass og koser seg på eit anna rom......

Veit ikkje heilt, eg........ Om vi er polyamorøse eller ikkje så trur eg ikkje samfunnet er heilt klar for det enno. Veit eigentlig ikkje heilt kva eg sjølv meiner om temaet. Akkurat det betyr ikkje at det er nokon sjanse for at eg vil sjå på det som normalt, men likevel manglar eg erfaring for å uttale meg om i kva grad det kan vere snakk om kjærleik.

Det heiter at kjærleiken kan komme og gå..... Det kan det nok vere noko sanning i. Det er berre det at det er langt mellom dei orda og det at ein kan føle kjærleik til ein heil hurv på ei og samme tid.
Trur ikkje eg har nok energi til å fordele meg slik........ Slitsomt?? Tja, det høyres i alle høve slik ut.

Du er forbuden frukt......

Daddy - a pilot???

Jaja.......Har vel sikkert høyrt det eingong for lenge sidan, men no skjønner eg kvifor pappa brukte å spøke med at dersom dei var fri for billettar til meg, så skulle han leige eit privatfly å hente meg sjølv:=)
Eg har sett meg ned for å få orden på eindel av sakene etter han. Eg var sjølvsagt spent på kva som låg i eskene og eg fek ei litt artig stund. Mange av attestane hans låg i den eine eska. Han har veldig mange attestar og blant anna låg der bevis for at han kan vere pilot både nasjonalt og internasjonalt.
Eg fann attestar heilt attende til 1961. Då var han berre 16 år.

Pappa var ein mann som var veldig bereist i denne verda. I si tid blei det oppretta ei eiga "potetstilling" berre for å behalde han. Dei var så nøgd med han og han kunne vere kva det måtte vere ombord i ein båt. Derav uttrykket potet...... (Maskinist, matros osv....).

Han har også tatt vare på passa sine som blei brukt då han var sjømann. Det er slike som du må ha med fingeravtrykk i og dei var masse stempel i.
Eg hugser då eg var lita.....Då brukte han å ha med ein liten gave frå dei landa han besøkte. Det var kjempestas. Mest glad blei eg då eg fekk ein kjempefin kjole som han hadde kjøpt i England. Berre så synd eg kun fikk gleda av den i berre ein dag før eg blei utsatt for ei ulykke. (Eg hadde sjølvsagt akkurat den kjolen på meg i ulykka og dermed blei den like ubrukeleg som eg).

Det er rart kor mange minner som dukker opp når ein ser igjennom gamle saker.
Ikkje det at at dei gamle papira som er skrive rundt 30-talet gjer meg så mange assosiajonar, men ikkje alle er like gamle....:=)
Litt "gøy" å lese notater om skyldører osv frå gamledager. Ikkje det at eg forstår så veldig mykje av det......

torsdag 5. august 2010

Deilig!

For ein flott dag!!! Det er berre så deileg å slappe av på verandaen.......... Det er ikkje alltid like skøy å vakne tidleg, men i dag var det heilt greit. Det er bra at det ser ut som denne og neste uka blir fin.

Det er fleire som har sagt at eg burde bada ofte i sjøen og at det er bra for kroppen. No har ikkje eg følt så veldig for å bade denne sommaren (men tanke på temperaturen som har vore), men i dag slo eg til. Eg bestemte meg for at eg skulle nyte godvèret til fulle og følgeleg bada eg:=) Det var rett og slett kaldt!!!! Eg trur slett ikkje eg skal gjere det til noko heilårskontinuerleg aktivitet, nei.

Det vises også på ein liten gut at det er deilig å vere ute når det er sol. Det er så mykje lettare å sette seg ned med nintendoen om det regner. Akkurat det er ikkje noko problem i dag:=) Hovudproblemet er vel aller helst at han er grueleg glad i ball....... Han har uendeleg mange baller og det er ikkje EIN dag han ikkje er opptatt av å spille. Akkurat det er det vel ei som ikkje er altfor nøgd med (eg). Eg er så lei av ballsparking overalt. Verandaen skal vere ballfri, men det er som å snakke for døve øyre.
Eg håper inderleg ikkje han har planar om å bli fotballspelar....:=)

Her om kvelden spurte eg han, berre for gøy, om kva han skulle utdanne seg til når han blir stor. Han tenkte seg litt om før han svara "Æ ska bi sånn derre som tar blodprøva på sjukehus". Kor den ideen kom frå veit eg ikkje, for eg trur ikkje han er så "happy" for å vere prøvefigur sjølv.
Like etterpå sa han "Hvis ikkje det går, så skal eg jobbe på butikken!" Då håper eg heller på det første! Hehe.....

Rett over fjorden står Stetind så flott. Det er ikkje mange gongene eg har sett toppen i sommar. Vi berre nyter utsikten. Berre så synd det ikkje blir noko tur til Svartvannet i år. Vi var i fjor og det var heilt fantastisk å sjå nedover mot havet!
Jaja............Det kjem vel ein sjanse seinare i livet. Ting må berre få gått seg litt til.
Det heiter vel "Det kjem alltid ein ny vår".

For jeg er den du veit....

onsdag 4. august 2010

RASENDE dekker ikkje ein prosentdel eingong!!!!!

Det er ikkje ofte du kan høyre at eg banner, men akkurat no renner det uendeleg mange stygge ord gjennom hovudet mitt. Ingen av dei egner seg på trykk!!
Eg er som regel blid og glad, og er kanskje naiv, men eg trur nå for det meste at eg ikkje gjer ei floge fortred.........
Det er ikkje gøy å vere på hytta og få Fremover i fanget, og det for å oppdage at ellers så fredlause meg er hengt ut i all offentleghet. Jævlig dårleg gjort og jævleg dårleg journalistikk. Det første ein lærer er vel at ting skal kvalitetssikrast og at den som blir angrepen skal ha sjansen til å uttale seg før det går i trykken.
Eg har lært ein ting..... Det finnes FEIGE personar her i verda. Å gå ut i avisa og sverte nokon for å berge si eiga ræv......Hallo. Ikkje EIN opplysning i avisa var korrekt. Ikkje kan eg forstå at vedkommede tørr å gjere det. Dette skal eg altså ikkje la gå upåakta hen!!!!!

Vi har hatt ein leietaker i eit år no. Han seier han denne tida har betalt 25ooo kr i månaden. Fakta: summen er 17500. Litt dumt å uttale seg om noko som er beviseleg.
Han påstår han i tillegg betaler kommunale avgifter. Farleg at han tørr det og. Både eg og kommunen veit at det er langt frå sanninga! Det er EG som sørger for at dei kommunale avgiftene betales (det er til og med kontraktfesta). Pengene går ut frå VÅR konto, ikkje hans...........
Kjøpesummen: 1500 000. Feil. Den er lavere.
Einaste utgiftene han har er dei som er direkte knytta opp til bedrifta og ikkje huset.

Han samanliknar med Amfiet.....Jaja...Dei vi snakka med betaler 75000 i mnd. Så rart at han gjer eit poeng av det.

Han seier vidare at det er avtalt møte med huseigar som skal avholdast i dag. Hmmmm.....Bror min er innerst i Grunnfjordbotnen og eg på hytta mi...... Eg har absolutt ikkje høyrt om eit møte i dag!!! Så at ein journalist kan skrive alt dette utan eingong å spørre oss om uttale......Ja det er dårleg. Det bør komme ein oppfølgande artikkel på dette!!!!!!!
Eg skal søren med ikkje bli hengt ut i bygda avdi ein annan ikkje er ærleg!!!

Sanninga om nedlegginga er ei heilt anna. Eg kan kome med mange opplysningar, men eg held meg for god til å synke ned på samme nivå. Det einaste som er sikkert er at dette skal ikkje endast med siste ord frå han.
Det foreligger både verditakst og salgstakst på bygget. Det er heller ikkje eit bygg som selges men ei bedrift. Korleis han kan seie at han har ei økning i salg på
56 (?) % er uforståeleg. Han gjekk ut i avisa og skraut over kor godt det gjekk. Kven sitt reknskap er det han har samanlikna med??? Hvis det er ut frå våre tall han gjer det , så er det jo meir enn ei gullgruve. Er det dei som var etter oss..... Ja, så veit vi kva omsetninga var då og. Så det var lite lurt å seie det til avisa i vår!! Uansett...I så fall er det langt frå konkurs hvis det han sa i avisa i vår stemmer. Det var jo berre fryd og gammen.

Som sagt......Eg sit på mange opplysningar som kunne vore nemnt her. Det er berre det at eg anser dei som konfidensielle sjølv om eg aldri har skrive under på noko taushetserklæring....
MEN, blir det meir styr ut av dette framover og eg blir svarteper......Ja, då kjem eg til å seie ting som dei er. Då sparer eg ikkje på noko krutt.
Kvifor skal eg vere grei når ikkje andre er det. Det er eg lei av å vere!!!
Sanninga er at vi sitter att med null av å leie det ut. Vi skatter av det, betaler kommunale avgiter, holder huset forsikra osv..... Ein kan ikkje leige ut noko og gå i tap.... Hallo?????

Det beste er at han i avisa klagar på summane (som er feilaktig beskriven). Då skal alle vite at han ikkje EIN EINASTE gong har PRØVD å forhandle på prisen. Alle som skal starte opp med noko prøver å forhandle. Han har altså ALDRI sagt eit ord til oss om at han ønsker lavere pris, eller spurt om det er mogleg å gå ned på salgsprisen. Litt rart at han då vel å uttale seg om det. Eg vel å kalle det FEIG!!!!! Kva er det han håper å oppnå???? At vi skal føle oss pressa????? Det verserer så mange uriktige rykter at eg blir heilt kvalm.
Eg har aldri bedt om å få alt eg har fått. Eg finnes ikkje materialistisk i det heile. Til det har eg for stor respekt for dei som ikkje har sjansen til det. Eg kunne sjølvsagt sagt frå meg arven, men det ville då vore frykteleg respektlaust overfor far min!! Alt han har bygd opp skal vidareførast.....

Det er så mange som har ei meining om alt...... Ingen av dei veit sanninga, så kvifor gidd dei høyre på rykter. At det er ein som ikkje vil få lån på lenge hos banken (som også veit at vi legg det ut for salg no) og i tillegg har ei som ikkje trives i Kjøpsvik.....Ja, eg kunne ha nemnt mange grunnar til at han kan ha ønske om å legge det ned....men eg gidd ikkje.
Eigentleg kunne eg ha latt vere å skrive det eg har skrive, men når ting blir framstilt på ein så ille måte som dette og det gjennom media......Ja, då er det klart eg svarer.
Det hadde ikkje vore eg som hadde fått til å sove med god samvit etter slikt. Sparke føtene under andre for sin eigen del. Akkurat det har eg lært tydeleg og klart at ein ikkje gjer.

Eg har satt meg sjølv til å kontakte media og Einar til å kontakte kroa. Eg må seie at eg er spent på kva den samtalen vil innehalde. I stad var det dårleg dekning, men han fikk med seg nok til at han "rodde" veldig. No er han gått til eit område med betre dekning. Dette er ikkje slutt.

Eg har allereie informert Fremover om mi meining om arbeidet som er lagt ned bak artikkelen. No sit eg her og ventar på oppringing av journalisten.

Det er ikkje mange som har opplevd meg rasande, men no er eg det....... .......

søndag 1. august 2010

Joda......

Her er eg att! Har mista litt tellinga det siste døgeret. Jaja.....Er ikkje lenge innom kvar gong, så i tid er det vel ikkje mykje å skryte av. Uansett.......Eg kom nett heim og fekk ei uhorveleg trang til å stikke innom. Så får eg håpe alle saman er i like godt humør som eg. Livet er eigentleg ei fantastisk gåve, så det er dumt å sudla det bort på å vere negativ. Det har eg lært meg....:=)
Så kan ein lura på kva som er så fantastisk med det ganske så A4-aktige livet vi lev. Hallo.....det er jo berre å tenke sjølv. Livet er det ein vel å gjere det til.
Sjølv har eg nett hatt det gøy med gode vener. Det åleine er nok til at eg er glad og og nøgd. Eg valgte å forlate "åstedet" først. Litt av årsaka er vel at det kan vere godt å berre vere for seg sjølv og la tankane flyte. Det er mykje rart fantasien kan la deg tenke på......... (Det skal vere sikkert og visst)!

Det er skøy å vere sosial, men det er jaggu meg godt å slappe av på eigenhand av og til også! Ein skal ikkje vere så altfor sosial heller. Likevel, det er sommar og fri. Då er det meste avslapping uansett:=)

På veg heim i dag (natt) ................ Trur kanskje eg er litt schizofren, for eg har ein tendens til å la tankane løpe løpsk med meg sjølv om eg er åleine. Uansett, på veg heim i dag var det store samtaleemnet som verserte oppi hovudet mitt kjærleik. "Åhhhh, så standard kjedeleg" vil nok dei aller fleste tenke. Problemet mitt er vel aller helst at eg tenker for mykje på akkurat det temet. Kvifor skal vere usagt!!
Men eg trur eg på ein eller annan måte kom fram til noko som kan likne på ein definisjon av kva kjærleik er, eller i alle høve vere som ei slags forklaring på det!?! (Mykje vrøvl her, ja........).
Faktisk så trur eg at dei fleste definerar kjærleik ut frå dei kriteriane som ligg til grunn for det livet dei har. Om ein er nyforelska, ser ein ikkje så lett dei feila ein ville ha sett hos ein som ein har delt livet med i fleire år. Fell ein for ein mann, så definerer ein gjerne kjærleik ut frå det ståstedet ein har i forhold til denne mannen.
Det lettaste vil vere å bruke meg sjølv som eksempel. Utan at det nødvendigvis treng å ha rot i røyndommen, så trur eg kanskje at eg ville ha definert ordet ulikt etter kven ein er med.
Alle har vi vel eit ønske om å føle at ein lev eit bra liv og at ein er lukkeleg.....??
I eit forhold ville eg kanskje definert kjærleik som at ein føler seg trygg i lag med den ein er med og at ein har eit ok liv. I eit anna forhold kan eg sjå for meg at eg ville ha definert det som at eg føler lykke for at den eg er med gjer meg så stor glede gjennom musikk (for eksempel).......

Uansett kva ein syns og vil i livet, trur eg det er viktig at ein føler seg levande. I praksis vil vel det eigentleg seie at ein bør vere med ein som får deg til å le, snakke om dei viktige spørsmåla, tryggleiken, osv....... Det optimale ville ha vore om ein kunne ha utvikla seg i lag gjennom felles hobby. Då kunne ein ha nådd store høgder. Gleden av å gjere noko ilag sammen med gleden av å meistre noko.........Eg ser for meg at det ville vore noko, ja.
Diverre er det ikkje berre berre å finne slike medmennesker som ein kan dele livet med. Ein forelsker seg og vel eit liv ut frå dei forutsetnadane ein set seg når ein faller for ein person. Eg trur dei aller ferraste tenker over kva dei har felles før det faktisk har godt ei tid og forholdet har fått satt seg.
Den optimale lykke er vel noko dei aller ferrsaste nokon gong får oppleve. Det er rart med det, men ofte er det slik at det faktisk er andre mennesker enn den ein eigentleg har eit forhold til som får deg til å flire og som gjer at du føler deg levande. Gjerne er det då for seint å gjere noko med det.

Det er vel berre slik vi er skapt........ Slik vil det vel alltid vere. Ein tar for lange steg til at det kan endrast på seinare.
Eg lurar på kor mange som eigentleg har gått i den fella???

Jaja....når ein går og tuslar for seg sjølv er det mykje rare tankar som dukker opp. Det beste ville vel berre vore å oversjå dei.........Skjer det, då?? Nope!!!!