tirsdag 31. august 2010

Tysdag 31.august.

Det er siste dag i august og i dag kom Steffen heim og sa "I mårra er det høst!" Ja, det stemmer bra det....... Snart kommer trea til å vere fargerike og flotte.
Eg har stort sett ikkje sett så mykje på tv på over to månader og med hausten kjem også tv-seriane attende. Eg tenker sjølvsagt på Greys anatomy og Privat praksis. Tv er aldri eit "must", men tysdagskveldane er definitivt eit høgdepunkt i uka.
Dei siste dagane har vore ganske hektiske. Det har vore nok å hengje fingrane i....... Derfor har det vore deilig å berre slappe av her i sofaen i kveld (vel vitande om at eg sikkert ikkje kan gå etterpå...).

Første skuleveke er over for elevane og ei ny er påbyrja. Ein kan trygt seie at det var ein liten gut som var totalt utslitt på fredag då han kom heim frå skulen. Det var nok mange inntrykk for han i løpet av uka. Det var så vidt eg klarte å få han ut av senga halv ni laurdagen. Endå så "fotballgal" han er og at han visste det skulle vere fotballskule. Det seier litt, men det går seg vel til.....:=)
Ein ting er i alle høve sikkert...... Det er deilig å slippe å køyre i bornehagen om morgonen. No tar vi berre føtene fatt og koser oss med praten på skulevegen.

I forrige ukes KK var det intervju med tre stykker og det handla om kven som var forbiletet for dei. Det var ganske stor variasjon i svara og eg hadde slett ikkje høyrt om alle forfigurane før.... Uansett, det fekk meg til å tenke etter.........Tenke etter på kven eg sjølv ser opp til. Eg må ærleg innrømma at eg syns det er vanskeleg å finne ein spesifikk person. Den einaste eg kan komme på som verkeleg har satt spor hos meg er pappa. Det blir kanskje litt for "dumt"?? Det går då sjølvsagt på personlegdommen hans.
Årsaka til at det er "dumt" er av di at det kanskje blir feil sidan det er kjærleik med i biletet. Då blir ein kanskje ikkje heilt realistisk?? (I mangel på eit betre ord).
Det må kanskje bli nokon som har påverka meg i den retninga eg valgte anten som yrke eller hobby.........Då blir det vanskeleg å velge ut berre ein. Musikken har eg jo hatt i meg heile livet, men utan inspirasjon frå enkelte, ville eg kanskje ikkje ha valgt å utforske den sida av meg. Sentrale personar vil då vere blant anna Clive Anderson som satte høge krav til meg i tillegg til å overtale meg til å gå sommerskole, Edwin Hawkins for at han oppmuntra meg til å halde på med det eg brenn for (alle har vel høyrt han med songen O happy day)....og ikkje minst Egill Juvkam som verkeleg var ein stor inspirasjon med sine kunnskapar. Det er vel aller helst han som har inspirert meg mest! Han sørga for at eg alltid ville vise det beste i meg og det gjorde at eg øva kvar einaste dag, av di eg ville vise at eg kunne bli betre og betre. Det gav resultatar......... At eg ikkje har utnytta det betre dei siste åra, er berre min eigen feil. Så sånn er det!
Eg hugsar eg sa til han før eg flytta hit at eg håpa eg sjølv ein eller annan gong kan inspirere ein annan på samme måte som han inspirerte meg. Eg meinte det av heile mitt hjarte. Det satt sine spor.

Det er seint og det er ikkje akkurat helg. Det er vel berre å gjere som dei andre i huset allereie har gjort......leggje seg. Ein burde vel ikkje sitte oppe til nesten midnatt midt i uka, men sånn er det berre.
I morgon trur eg at eg vil skrive litt om dei mest ekstreme områda i denne verda. Det finnes jo fleire områder på planeten vår som er så ekstreme at det ikkje kan bu mennesker der. Himalaya er berre eit av eksempla. Tanken på at det ligg mange daude mennesker der oppe av di ingen tørr hente dei ned av redsel for eigne liv er ekkel.

I really miss you.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar