tirsdag 17. august 2010

Be good to me.....

I eit par uker no har eg hatt ein song på hjernen. Eller.....det vil seie at eg har hatt 4 ord frå ein eller annan song på hjernen. Det håplause er at eg har ikkje eingong peiling på kva song det er. Teksten er "Be good to me..." og melodien på akkurat dei 4 orda kan eg. Merkeleg...... Ingen fleire ord og heller ingen peiling på resten av melodien. Jaja.... Det går vel over eingong.
Løysinga kan jo sjølvsagt ligge i at eg sjølv har dikta det opp, men i såfall kan eg ikkje hugse det. Så då er det vel heller tvilsamt.

Eg er heime, ferien er over, det er tid for arbeid. Kva les eg då?? Joda, det låg eit KK og venta på meg heime. Der kan dei informera meg om at no når ferien er over, ja då skjer det mykje rart i tigerstaden. To månader der folk har hatt ferie og sjansen til å farte rundt.......Så slår dei til no!??! Sukk.........
Kva er det som skjer i byen? Litt av kvart. Blant anna åpna jazzfestivalen i går. Det er mange dyktige og profilerte musikarar/artistar som deltar der. Latteruka....... Det er standup-festivalen denne uka! Oslo fashion week and so on...

Det er første haustutgåve og då er det jo naturleg at bladet er proppa fullt med mote. Årets haustmoter er på veg inn i motehusa og alle dei andre klesbutikkane som finnes. Det er mykje fint å sjå, ja. Det spørs vel berre om ein er interessert i å betale over 3000 kr for eit par støvletter. Hehe....

I følge Pernille Sørensen er det få ting som er så sexy som ein mann i snekkarbukse med spiker i munnen. Veit ikkje heilt om eg ser for meg at Dagfinn Lyngbø er så sexy sjølv om han tar på seg ei snekkarbukse. (Han er mannen hennar). :=)
Ellers er det mange som gjer alt dei kan for å bli sexy. I dag vil mange føle seg 20 år yngre enn dei allereie er. Då er vegen til botox kort.
Eg skal gladeleg innrømma at mange ser fantastisk ut sjølv om dei er godt opp i åra, men likevel... Det er ikkje naturleg. Det er nesten litt synd på alle desse "Hollywoodfruene" som alle forventer skal sjå ung ut til eikvar tid.
I Noreg brukte "vi" 35 millioner på botox berre i 2009. Veit ikkje eg, men det høyres ut som veldig mykje pengar.

Ellers er det eigentleg ganske mange tema som blir drøfta i denne utgåva. Den første teksten tar for seg temaet "Berre vener". Då går det sjølvsagt på problemstillinga om det er mogleg for ei kvinne og ein mann å vere berre nære vener. (Utan at sex og følelsar kjem i vegen). Dei har i denne samanhengen kopla inn ein biolog, kjønnsforsker, sex-ekspert og ein psykolog. Det er ganske stor variasjon på svara. Det er alt frå "Sex vil alltid vere ein faktor" til "Klart vi kan". Eg for min del trur eg skal helde meg langt unna eigne meininger og erfaringer på akkurat det området....men det er jo litt interessant å sjå kva "fagfolk" påstår om temaet. Dei er gode på å definera oss menneske, og av og til skulle ein tru at vi alle er like.
Eg vil tru at svaret på spørsmålet vil variere etter kven du er som person.

Biologen meiner at det biologiske behovet for fleire partnere alltid vil vere til stades i eit venskap mellom mann og kvinne. Dette gjeld visst i stor grad. Det er berre at det nødvendigvis ikkje betyr at mannen vil "prøve seg".
Om ein mann og ei kvinne sit i sofaen og prater og mannen på impuls kastar augene på brystene til venninna, ja då får han slike tankar.....men så tenker han at det berre blir tull og legg av seg tanken. Joda...... Det er greit at alle menn blir definert som like.
Om det hadde vore slik, då trur eg det likaste ville vore om han sa det rett ut. Han kan jo ikkje få noko verre enn nei til svar :=)

I følge kjønnsforskeren er venskap i utgangspunktet ingenting som har noko med kjønn å gjere. Det er vel aller helst at kjønn og sex kan komplisere venskapet mellom mann og kvinne.

Sex-eksperten påstår at det er mogleg, men at ein forutsetnad må vere at den erotiske tiltrekninga er fråverande og at det finns ein felles definisjon av at det kun handlar om venskap. (Kor langt ut i venskapet er ein komen før ein kan svare på det, då?? Kan ikkje tiltrekning bygge seg opp over tid?)

Psykologen er meir realistisk og seier at ein biologisk, fysisk dragning kan dukke opp. Den ligger der under overflata, og så kommer det an på evnen til å kontrollere den.

Ho som har skrive teksten har også forholdt seg til eit knippe mannfolkvener. Dei fleste der har svara at det er mogleg å berre vere vener.
Rett før ho skulle levere artikkelen fekk ho ei melding frå ein av dei. Han svara "Ja". Då han blei spurt om kvifor svara han "Om vi svarar noko anna får vi bank av samboarane våre". Hehe..
Eg vil sjå at det er ein mann som er i eit forhold som ville turt å svare anna enn at det er fullt mogleg å berre vere vener.........:=)

Om eg skal kommentere noko til det utan å trekke det for langt, så må det bli at eg trur at det går an i ein viss grad. Det kommer an på kva ein tillet seg sjølv.
Det viktigaste er at ein kan stå for det etterpå om noko skjer. Eit venskap blir berre øydelagt om ein endrar seg etter at det er skjedd. (Og at ein er open om kva det betyr eller ikkje).

Etter å ha vore borte i ei uke var det godt å kome heim att og få lese litt på norsk. Eg hadde sjølvsagt gløymt både lesestoff og kryssord heime....... (Kanskje til nokon si store glede).
Vi stoppa på ein bensinstasjon like etter vi kom over på rett side av grensa, men der var det berre kryssord i eit alltid så kjent sladderblad som var tilgjengeleg. Sladderet kunne eg vere forutan, men det var både kryssord og sudoku i det (så då blei kvelden og neste dag berga). :=)

Ein ting har eg lært om svenske vegar. Ulykker er ein ting dei ikkje vil oppleve! Det var lett å skjønne det...... Vegane går for det meste rett fram og har kanskje nokre slakke svingar eingong i ny og ne. Var vi så heldig å møte ein ordentleg sving.....Ja, då var det jaggu meg einvegskøyring. Midt på europavegen deler den seg plutseleg inn i to einvegskøyrte vegbaner, berre for å ta unna ein sving.
Det vil i praksis seie at dersom strekninga Dragskrysset-Ulsvåg hadde vore innanfor den svenske grensa, så hadde mesteparten av vegen vore laga for einvegskøyring.
Eg vil gjerne sjå eit kostnadsoverslag over kva det ville ha kosta om ein skulle ha det slik på vestlandsvegane.

Nei. det er fint å vere borte, men det er jaggu meg godt å kome heim att. Det beste var å få legge seg i badekaret og å få ordna den fantastiske sveisen som hadde sitt utspring i fleire årsaker. Huset er rydda og klargjort for ny haust. Det er ikkje akkurat huset som får førsteprioritet når det er sommar......
Forhåpentlegvis er det ein som får litt mindre munndiare no etter han er heimkommen att. Det er utroleg kor mange ord som kan komme ut av ein liten munn under ein køyretur som i utgangspunktet er ganske lang. Det er ikkje rart han aldri kjeda seg i bilen.
500 mil er unnagjort i sommar. Det er mykje tid som kunne vore brukt på anna, men det har vore verdt det.
No er det tid for å stramme munnmusklene og forberede seg til ein ny musikalsk haust. Håper det er mange som stiller i korpset i år.

Wish I could be the one
the one that could give you love.
The kind of love you really need.
Wish I could say to you..........

I could say that I will be all you need
but that would be a lie.
I know I only hurt you
I know I'll make you cry.
I'm not the one you need.
I love you, goodbye.

I'm doing this for you
I don't really wanna go....

When you love someone so much as I love you
It tears me up inside.
I'll never be the one you need.
I love you, goodbye.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar