lørdag 7. august 2010

Daddy - a pilot???

Jaja.......Har vel sikkert høyrt det eingong for lenge sidan, men no skjønner eg kvifor pappa brukte å spøke med at dersom dei var fri for billettar til meg, så skulle han leige eit privatfly å hente meg sjølv:=)
Eg har sett meg ned for å få orden på eindel av sakene etter han. Eg var sjølvsagt spent på kva som låg i eskene og eg fek ei litt artig stund. Mange av attestane hans låg i den eine eska. Han har veldig mange attestar og blant anna låg der bevis for at han kan vere pilot både nasjonalt og internasjonalt.
Eg fann attestar heilt attende til 1961. Då var han berre 16 år.

Pappa var ein mann som var veldig bereist i denne verda. I si tid blei det oppretta ei eiga "potetstilling" berre for å behalde han. Dei var så nøgd med han og han kunne vere kva det måtte vere ombord i ein båt. Derav uttrykket potet...... (Maskinist, matros osv....).

Han har også tatt vare på passa sine som blei brukt då han var sjømann. Det er slike som du må ha med fingeravtrykk i og dei var masse stempel i.
Eg hugser då eg var lita.....Då brukte han å ha med ein liten gave frå dei landa han besøkte. Det var kjempestas. Mest glad blei eg då eg fekk ein kjempefin kjole som han hadde kjøpt i England. Berre så synd eg kun fikk gleda av den i berre ein dag før eg blei utsatt for ei ulykke. (Eg hadde sjølvsagt akkurat den kjolen på meg i ulykka og dermed blei den like ubrukeleg som eg).

Det er rart kor mange minner som dukker opp når ein ser igjennom gamle saker.
Ikkje det at at dei gamle papira som er skrive rundt 30-talet gjer meg så mange assosiajonar, men ikkje alle er like gamle....:=)
Litt "gøy" å lese notater om skyldører osv frå gamledager. Ikkje det at eg forstår så veldig mykje av det......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar