søndag 22. august 2010

Spent!

Ja, så kan eg trygt seie eg er spent på morgondagen! Det er ikkje kvar dag ein får oppleve å følge sonen sin til sin første skuledag. Ein milepæl i livet kallar dei det...... Så får eg håpe eg klarar å skilje mellom det å vere mor og lærar.
Han har hatt full nedtelling den siste uka, og i dag var det litt vansklegare å få til å sovne enn dei andre kveldane. Han gler seg, men brukar å seie at han gruar seg til at det er han som må byrje å lese for meg.....:=) Eg er glad han er likar å bli lest for (i stor grad).

Det har vore godt å byrje på arbeid att. Tre planleggingsdagar er unnagjort, så no er det berre for elevane å komme. To av dagane har vi tilbrakt på Drag, så då har eg likesågodt pendla frå hytta. Fint å køyre for seg sjølv tidleg på morgonen og berre nyte den musikken ein vil. Ingen som klagar på at samme song speles opp att og opp att. :=)

Vèret har vore kjempebra og har vore med på å gjere dagane veldig fine. Det er kjempefint langs strendene på slike dagar. I tillegg så blir dei fleste menneska mykje blidare når det er sol.....
Når det er slikt eit flott vèr, er det jo ein sjølvfølge at det er soling som gjeld. Berre så synd at ein ikkje kan liggje splitter naken og sole seg (For stakkars naboar då!!!). Resultatet at solinga er vel aller helst mindre bra. Skillet er blitt veldig tydeleg, og brunfargen er berre fin heilt til ein kler av seg og det kvite titter fram. Jaja....... Sola gjer kroppen ei vitamininnsprøyting, og det er vel nettopp derfor det er viktig å utnytte ho akkurat i år.

Midt i solinga blei vi faktisk forstyrra på laurdagen. Plutseleg var området fullt av sjørøverballongar, flagg og kart. Ungane rundt på hyttene blei heilt forstyrra. Årets show var dermed igong. Sjørøver Rødsjegg har sendt kartet sitt heilt frå Carribean til Korsnes (ei bra lang reise).... Han frykta at kaptein Gottsjuk var etter skatten hans som hadde tilhaldsstad i Herøyvika. Han ba borna instendig om å beskytte skatten hans.
Det er kanskje ikkje så lurt å be born om å passe på ein skatt. Dei vil nok aller helst ha skatten sjølv.
Rødskjegg fekk rett. Kaptein Gottsjuk dukka opp!!! Fryktinngytene..........
Borna blei både redd og stressa samtidig som dei var superspent. Dei fann skatten ut frå kartet. Dei har vel aldri brukt ein spade i så hurtig tempo før som i år då dei såg at sjørøveren var på tur rett mot dei.
Av ein eller annan grunn så stemmer antall "skattar" med antall born. Akkurat det har dei ikkje gjennomskua enno...... Min kar var så nervøs at han ikkje turde halde sin del av skatten sjølv. Det ville han overlate til ein vaksen.
Då kaptein Gottsjuk kom for nære, måtte vi ta eit lite raid mot han for å skremme han. Han tok med seg dei fæle ropa sine og sprang til skogs......... Skipet låg vel eit stykke unna.
Trur kanskje reglene borna ropte etter han var med på å skremme han. Alltid like gøy, år etter år.
Det einaste som var litt sørgeleg i år var at heksa ikkje kom. Dei fann eit brev på stranda frå ho der ho sa at ho har brekt foten og at det renner av nesa heile tida...... Ho går glipp av både Tysfjord og heksefesten på Bloksberg i år. Det blir litt langt å gå heilt frå Gællivare og til Korsnes med brekt skanke!! Empatien til borna kom tydeleg fram........Stakkars heksa! Vi får håpe foten har lega seg til neste sommer:=) (Og nei......vi er ikkje gal!).

Ukas KK blei attgløymt på hytta, men eg hugsar det stod noko om fobiar. Trur det var tre stykk som det blei skriven om. No skal ein vel ikkje spøke med eit slikt tema, for det er sikkert veldig alvorleg for dei det gjeld...... Personleg så syns eg dei kunne funne nokon med litt andre fobiar. I alle høve den som hadde fobien mot slangar. Å ikkje like å møte på ein orm i skogen er vel ikkje ein fobi som er uvanleg. Det er vel ein heilt vanleg reaksjon å bli "engsteleg" om ein møter på ein huggorm eller slikt. I alle høve ville eg bli redd!! Likevel føler eg ikkje at det er ein fobi eg har.

Ei anna hadde fobi mot å stå på ski. I alle former...... Joda, om ein har skrekk for å stå på ski så er det vel alvorleg nok for den det gjeld. Litt vanskeleg å sjå for seg at ein har skrekk for å gå på langrennski rett fram på ei rett slette. Så er visst tilfelle.....

Den siste fobeien er vel meir reell. Flyskrekk...... No har eg reist åleine med fly sidan eg var fem år gammel, så det er ikkje så lett å sette seg inn i situasjonen til dei som har ein frykt for å fly. Likevel, eg trur det er ganske mange som har nettopp denne fobien. Eg har sjølv ei tante som har det.
Då bror min reiste med ho ein gong for lenge sidan kleip ho han så hardt i låret at han hadde merker i fleire dagar etterpå. Trur faktisk ho blei tilbudd valium at ei flyvertinne......
Sidan det har ho ikkje flydd (før i fjor). Så redd var ho for å fly at ho ikkje kunne komme i sin eigen fars gravferd. Då er det snakk om å vere redd. Derfor veit eg at nettopp denne fobien kan vere eit stort problem for dei det gjeld. Det er rett og slett ikkje til å spøke med!!
Ho som i KK har denne fobien, fekk den utløyst av 11.september-ulykka. Det er sikkert mange andre som også har fått slike reaksjonar...... Ikkje kan eg sette meg inn i korleis dei har det, men det må vere grusomt å måtte ha det slikt.
Tanta mi, forresten, var så tøff at ho trassa skrekken for to år sidan. Broren hennar (onkelen min) døydde den sommaren. Ho og søskenbornet mitt kom køyrande med buss og tog for å delta i gravferda.
Då dei kom til meg , på mellomstasjon, fekk søskenbornet mitt blindtarmbetennelse der tarmen faktisk sprakk. Ho fekk seg eit sjukehusopphald her........ (Litt langt å dra for fritt sjukehusvalg brukar vi å spøke med overfor ho).
Uansett, det ville vore ganske "harry" å tvinge ho til å reise den lange vegen frå Senja til Vestlandet med buss og tog i fleire dagar etter noko slikt. Då ho var såpass oppgåande at dei kunne tenke på heimreisa, trassa tanta mi frykten og bestilte flybillettar. Tru meg..... Det kosta ho litt (og då snakkar eg ikkje om pengar).
Ho mista ikkje berre broren (50). Kort tid etter mista ho mannen sin(52). Ho hadde verkelg ei tøff tid. I tillegg døydde pappa mellom dei to, og ho var veldig glad i han også.
Borna hennar ville gjerne feire jul ein annan stad enn heime det første året etter å ha mista far sin. Derfor valgte tanta mi å trasse fobien ein gong til. Ho og døtrene dro til syden. I dei dagane var eg faktisk veldig stolt av ho!! (Kjente at eg blei veldig glad).
Ikkje berre det. I haust fekk eg melding frå søskenbornet mitt. Då var dei i London.......med mora på slep!!
Eg trur nok ho er redd for å fly enno, men ho har nok fått betre kontroll på følelsane sine og har funne sine metodar for å tore å fly. (Kanskje ikkje åleine).

Det er synd at det skal vere slik at ein treng å gå rundt og bekymre seg for ting som dette., Det minskar eindel sjansar til å oppleve ein heil del. Slik er det berre. Det kommer nok alltid til å vere slik.
Om eg skal prøve å finne noko eg sjølv har fobi mot, ja, då slit eg. Eg kjem ikkje på noko som helst. Eg er ganske sikker på at eg har ein eller annan form for fobi, men det er ingen som eg går rundt og tenker på i det daglege. Om mange rundt meg hadde ramsa opp fobiar, kunne eg sikkert heve meg på bølgen........ Eg velger å tru at det er positivt at eg ikkje kjem på noko umiddelbart. :=)

Det er kveld, det er ny arbeidsdag i morgon og det er rett og slett på tide å finne fram dyna og trekke den over hovudet. Ehhh..........høyrtes betre ut i hovudet mitt enn det var å lese det. Eg har forhåpentlegvis hovudet ute av dyna:=)
Så får eg håpe at eg ikkje ligger for lenge vaken og "grubler" på morgondagen og minstemann sin første skuledag.

Memories are good to keep
to think about before you sleep
In time it helps you to move on
because the love comes from the deep.
Savner deg!! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar