fredag 27. august 2010

Likestilling og fødselspermisjon.

I utgangspunktet er eg ei som er for likestilling. Så spørs det kva eg legg i akkurat det ordet versus det andre legg i ordet. Det er framleis slik at det er enkelte ting som er forbeholdt menn og likeså med kvinner. Slik meiner eg det skal vere. Det skal vere typiske "manne- og dameting". Slikt held eg langt unna uttrykket likestilling.
Det eg legg i begrepet er at begge kjønn skal ha like mykje betalt for å utføre samme jobb. Fleire stader får menn betre betalt enn kvinner på trass av at dei har gjort samme stykke arbeid. Det føles ikkje rett!
No er det heldigvis mange yrker som er styrt av tariffer osv, men likevel er det store forskjeller i enkelte yrker.
I tillegg meiner eg at kvinner skal ha like stor rett/sjanse til å kunne få ein jobb som menn har. Det har sjølvsagt blitt mykje betre.......:=)
Det betyr ikkje at eg stiller meg hundre prosent bak loven om at ein viss prosentandel i alle styre osv skal vere kvinner. Det er ikkje alltid at det er like lett å få kabalen til å gå opp då, og då kan også sjansen for å få eit mykje dårlegare alternativ vere stor. Likevel. Ein viss prosentndel kvinner må med, men det er litt for strengt slik det er no. (Sjølv om kvinner mjuker opp miljøa rundt om.... Vi er ikkje berre bitch).

Uansett........Det var eit spesielt tema innanfor likestilling som eg hadde tenkt å drøfte litt. Det gjeld nemleg fødselspermisjon. Ein permisjon eg meiner begrepet skal halde seg langt unna. Det skal og bør ikkje vere liketilling på det området.
Eg skjønner at fedre ønsker å vere heime med babyen sin, det er ikkje det som det står på. Forståelsen er tilstades i stor grad, men likevel bør den ikkje deles likt (med tvang vel og merke).

Eg er sjølvsagt tilhengjar av pappapermisjon og vil ei heller ha eit mammavelde........Det handlar mykje om morsinstinktet. Mødre passer betre på borna sine. Det er berre å like det eller ikkje. (Sjølvsagt kan det finnes unntak frå dette, men det høyrer til det sjeldne).
Ein kan stille seg spørsmålet "Kven er best for bornet?" Eg er sikker på at om ein åpna for ein mediestorm rundt akkurat dette temaet, ja, då ville vi fått nettopp det, storm!
Det fins mange svar ein kan komme med. Det spørs berre om ein vil ha bråk eller ikkje. Sjølv vil eg leggje vekt på biologien, men det kan vere litt risikabelt. Sanninga er at det finnes mange bra mammaer, men det finnes også "drittmammaer". Det samme gjeld på mannfolksida, så det heile kan vere "farleg" å gje seg ut på i drøftinga.

Det er fleire forskarar som har sagt at menn ikkje er like god på omsorg. Det viser også alle statistikker. Det er vel nettopp derfor ein har uttrykket "Få er som far, men ingen som mor".
Så kan ein stille eit motspørsmål til det at kvinner er best på omsorg. "Kan det vere at det er avdi menn mangler trening på området?" Er det berre det som skal til?? Om menn tar ansvar, så vil dei samtidig utvikle omsorgsevna........ Ikkje veit eg. Det eg veit, om det hadde gjeldt meg, er at eg ville kjempa med nebb og klør for å vere lengst heime. Eg hadde aldri gitt meg på det!! Bom basta!

Dei harde fakta seier at det i alle samfunn og til alle tider er menn som dominerer når det gjeld overgrep, vald og utroskap.
Dei fleste menn er ikkje valdelege overgriparar, men å seie at dei er like god på omsorg er å lure seg sjølv.

Eg er heilt sikker på at det er eit tettare bånd mellom mor og baby enn far og baby. Båndet mellom mor og barn knyttes allereie tidleg i svangerskapet. I tillegg har ein all kosen som følger med amminga. Det er vanskeleg for menn å konkurrere mot det.
Så kan ein då lure på kvifor akkurat dette treng å vere eit poeng i vurdert opp mot om det skal vere likt delt i permisjonstid. Kvifor bruker vi kvinner amminga for alt det er verdt berre av di vi ikkje vil gje frå oss fritid med bornet??
Svaret er ganske enkelt. Det er ikkje av rein egoisme. Eg vil sjå at det er mange som kan påstå at det er bra for bornet at mamma plutseleg skal ut i arbeid att etter berre nokre få månader. Sjølve amminga er jo ikkje akkurat av hensyn til mora. Det er jo eit behov bornet har. Om ein blir tvinga attende i arbeid, er det jo bornet det går ut over. Bornet mistar jo den daglege rutinen som er innbakt i amminga og kosen. Eg er livsikker på at bornet også sakner det om det blir tatt i frå det.
Det heiter at det er helsemessig bra for bornet å bli amma lenge. Det vil utsette ein heil del seinare i livet. Er det ikkje då viktig at vi tar hensyn til nettopp det?

Vi får lenge fri. Det er det ingen tvil om. MEN, vi går då jaggu meg lenge med ungen i magen, og det er vi som må presse bornet ut og ta alle smertene rundt det. Klart vi føler at vi har rett til majoriteten av permisjonstida. Kvifor skal menn, berre av di dei har deltatt i gleden av å lage bornet, ha samme rett som vi. Ved å ha dei vekene dei allereie har, så blir dei jo belønna for den innsatsen dei la ned ei natt for månader sidan. :=)

No er det jo heller ikkje slik at alle kvinner ønsker veldig sterkt å vere lenge heimne. Mange karrierekvinner syns det er flott om mannen ønsker større del av permisjonstida. Ære vere dei for det. Då kan dei jo berre avtale seg imellom og bli einige om det.
Det er ikkje slik at eg er motstandar av at dei som ønsker det skal kunne dele permisjonen likt. Det må jo sjølvsagt vere opp til kvar enkelt å bestemme. Det eg er imot, er at det skal lovfestast at permisjonen skal delast likt. Akkurat det trur eg vil få følgjer som ingen aner verknadane av. Mange born vil li under nettopp det.

Om eg skulle ha gitt frå meg halvparten av permisjonstida, så ville eg ha kjent det både psykisk og fysisk. Det trur eg vil gjelde majoriteten av dei andre også.
Dei fleste er jo for likestilling, så derfor trur eg mange tvinger seg sjølv til å ignorere desse følelsane som oppstår.
Derfor meiner eg, i likskap med mange andre, at kvinners biologiske tilknytning til bornet må tas på alvor.

Det er også ein stor påkjenning for eit lite born å plutseleg skulle forhalde seg til ein ny omsorgsperson. Det kan oppleves både ustabilt og skremmende. Akkurat det er eit godt poeng, meiner eg.....

Konklusjon: Eg er for likestilling, men berre innanfor det avgrensa området eg nemte først. Alt det andre er ikkje eindel av det uttrykket. Eg er totalt imot å bli pressa til likestilling når det kjem til fødselspermisjon og det kommer eg alltid til å vere. Så då er det ingen tvil om det!!

Rendevouz, just me and you.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar