tirsdag 9. november 2010

Tysdag 9.november

Vi er snart midt i november og det nærmar seg jul. (Nesten litt for fort). Dagane har litt for få timar, men det er vel ikkje akkurat nytt av året. Eg tenker som regel at eg har tid til det eg har lyst til å ha tid til. Det er viktig at ein set av tid til det ein likar å gjere.
No høyrest det nesten ut som om at eg er frykteleg travel. Eg er ikkje det!! Det er berre eg sjølv som trur det...... Joda, eg har mykje å gjere på arbeid, men eg har nok av høve til å styre ettermiddagen min sjølv. Det er berre at eg føler det er så mykje som står ugjort og ventar på meg. Det likar eg ikkje. Eg vil aller helst ligge foran skjema. (Det gjer eg altså ikkje....).
Når eg ikkje eingong klarar å legge bandnotane i system (eigentleg ei enkel sak), ja, då er det vel på tide å ta seg i nakken. :=)

Det har vore ein lang dag, men likevel ein interessant dag. For det meste har det gått på "diskusjonar" om engelskfaget. Det er utroleg nyttig å få innputt hos andre....... Så er det no eingong slik at vi er skapt for å skli litt ut også når dagane blir lange. Så for å gjere det litt meir interessant, fyller vi på med litt fordummande tv og slikt. Det er eingong slik at det er mange elevar som ikkje alltid gjer det dei skal. Kommentarar som at dei ikkje har hatt tid til å gjere alt osv førekjem med kvart. Det viser seg likevel at dei har hatt tid til den firkanta boksen på benken eller veggen i stor grad. Fordummande tv. Kva er det?? Heilt enkelt forklart er det tv som er så teit at dei faktisk blir dummare av å sjå på det. Det er mange program dei likar å sjå på, men fleire av dei er rett og slett heilt teite. Sjølv tenker dei ikkje over det. Dei flirer og koser seg program etter program. Dei mistar rett og slett evna til å reflektere.
Det kan jo vere greit å kome med eksempel på slik fordummande tv. "Bartenderskolen" skorer høyt der. Sjølv har eg ikkje sett eit einaste program (og burde vel difor ikkje ha noko meining om det), men etter å ha høyrt kva det handlar om..........Say no more!
Det fins kanskje ein måte ein kan bruke programmet til noko fornuftig på. Om ein diskuterer sjølve programmet som tema, og spør elevane om dei trur at personane eigentleg er slik dei blir framstilla, trur eg at ein kan oppnå gode refleksjonar hos elevane. Kanskje dei klarar å sjå forbi det dei eigentleg ser. (Gjer det noko meining???)

Eit nytt uttrykk eg lærte i dag er "Generation me". Eit genialt uttrykk som stemmer heilt perfekt på den generasjonen som er født etter 1970. Kva innhaldet i det er skal eg kome attende til om ein dag eller to, men det var veldig treffande det som stod om det!! Så då har eg noko å sjå fram til å skrive om. Det slår faktisk dei teite KK-artiklane. Hehe.....

Ein slik dag, som inneberer eindel reiseing og venting, betyr også god tid til å lytte til musikk. Litt flaut å seie, men eg har faktisk brukt all mi ledige tid i dag til ein einaste song. (Ein ballade av Celine Dion). Den er så utroleg flott og eg berre MÅ høyre på den om att og om att. Fergeturen gjekk rimeleg kjapt med kryssordblad og Celine Dion! Eg håper berre eg hadde vett nok til å la vere å synge dr eg sat. Det har skjedd før, så det vil i så fall ikkje vere første gongen. Jaja, det var berre ukjente trailersjåførar rundt meg. Eg overlever det også.
Dessutan var tankane mine heile tida ein heilt annan stad medan eg lytta:=) Eg trur eg er ganske god på å drøyme meg vekk!!

"Dagens" høgdepunkt har nok vore musikkøvinga. Eg blir alltid glad når det tikkar inn melding om øving frå favorittgitaristen min:=) Då veit eg at eg har noko å sjå fram til. Alt har sin sjarm!

Med musikkøving for kort tid sidan og Greys anatomy på tv-skjermen, er det lite tid til å ergre seg over kommunen sin heilt feilslåtte seniorpolitikk som blei pressa på i forhandlingane. Det kommer til å koste kommunen grueleg mange pengar om veldig få år. Dei det gjeld vil aldri stå lengre i arbeid på grunn av litt pengar ekstra FØR dei når rett alder. Dei er jo "spist opp" innan den tida kjem at dei kan velge å gå av. Dei vil ha fridagar. Det er det som er viktig for dei eldre. Men når det er vanskeleg å få dei som treng å skjønne det til å skjønne det......Jaja, det er vel det samme som å skyte seg sjølv i foten!
Ops......Litt dumt å nemne det når eg først seier at det er lite tid til å ergre seg over slikt. Godt det går fort over. Blikket opp på skjermen på veggen og seniorpolitikken er gløymt!! :=)

I morgon er det attende til USA, Sovjet og den kalde krigen. Reagen og Gorbatsjov var smarte karer og er nok ein av grunnane til at vi slapper meir av no enn for nokre tiår sidan..........

Jag trodde englarna fans.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar