fredag 17. desember 2010

Å jul med din glede.....

Det er fredag, det er snart jul og det merkes godt på menneska rundt meg. Eg har vore borte ei stund no.....Ikkje for at det har vore så hektisk, men av di forholda ikkje har lagt til rette for at skriving har vore førsteprioritering. No er det slutt på det! I'm back.......

Eg har diverre ikkje løyst noko verdsproblem den siste tida. Ei heller merka eg noko særleg til fredspristildelinga i Oslo sjølv om eg var der på sjølvaste dagen. Nokre ambassadebilar og eit par politibilar var det eg kunne leggje merke til. (No er ikkje eg den som legg merke til alt heller, då...).
Den som var lukkeleg for at foreldra ikkje var heime, var sonen min. Han var rett og slett i himmelriket i fleire dagar og var redd for at han ikkje skulle få vere der lengre då vi kom heim att! Eg må no flire...... Etter å ikkje ha sett meg på ei veke, var det første han sa "Eg skal ikkje heim idag!!" Først etter å fått "det er greitt" av meg, kunne han kaste seg i armane for kos. Han var bra engsteleg for at han skulle få avslag på grått papir. (Han var jo hos søskenborna sine, og det er det gøyaste han veit).
Lille Iver har han forelska seg heilt i. Han seier ofte "Iver er veldig glad i mæ". Når saknet etter han blir for stort, byrjer han på faren og stryk han på kinnet og later som om han er babyen:=) Jaja......Berre han ikkje startar opp med å spørre meg etter baby. Då blir han skuffa:=)

Som sagt er det snart jul, og julestemninga er i rute. Eg går ut frå at dei fleste som var på skulen onsdags ettermiddag også har fått den. Flenke born og nydeleg song av kvintetten frå ungdomsskulen satte preg på dagen.
Sjølv fekk eg ein liten klump i halsen då dei minste (inkludert min eigen gut) kom inn i mørkret med høg og tydeleg Lucia-song. Det er rart med det...... Det er første og einaste gongen han får gjere det i løpet av sin skulegong. Han gledde seg slik og var så stolt. Då er det gøy å vere mor og få høyre og sjå på!

Medan eg skriv no, høyrer eg på ein kjempefin song eg fekk over mail her ein dag. Den er veldig fin så det er berre å la repeat-knappen stå på.

Det er fredag og helg..... Noko sikkert dei aller fleste syns er deileg!?! Likevel..... Ein må sove då også. Så no tar eg kveld for denne gong, men er snarare enn du trur attende.
God natt!

Part of me and part of you....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar