torsdag 29. august 2013

Eg er nett heimkomen frå sesongens første musikkøving. Eg kan trygt seie at munnen ikkje duger til noko som helst anna enn å spise i kveld, men så har vel planen heller aldri vore noko anna.
Popcorn-skåla er fyllt og då er alt heilt greit.

I ettermiddag hadde eg nokre småting eg måtte kaste og følgeleg tok eg turen ned til miljøstasjonen for å hive det i containarane der.
Eg er kjempeglad for vi har eit slikt tilbod og det trur eg no aller helst at dei fleste er

Den siste tida har eg sett fleire poste bileter, på nettet, som viser søppel på utsida av containarane. Ikkje noko nydeleg syn for ein vanleg oppegåande person, men tydlegvis er det ikkje alle som er einig.
Det kan i alle høve verke slik når dei trur at dei pyntar opp området ved å berre droppe det av der nede.

Eg må ærleg innrømme at då eg sjølv kom ned dit, var det hakket verre enn eg hadde sett for meg.
Det går ikkje eingong an til å skulde på at containarane var fulle, for det var kjempegod plass i dei enno og søppelet har nok lege der ei stund.
Ganske skammeleg, eigentleg.


Det er ikkje lite søppel det er snakk om!
Eg er ganske sikker på at det er lett å finne ut kven syndarane er, for blant så mykje søppel er det garantert "ark" eller anna som inneheld namn. 
Mi meining er at desse burde bli straffa i form av ei bot (som kjennest). Då trur eg det er færre som hadde "turt" å gjere dette. I verste fall fell heile tilbodet bort for alle dei som faktisk brukar tilbodet på rett måte. 

Ein skulle berre tatt søppelet og tømt det ut over hagen til dei det gjeld, så kan ein sjå om dei syns det er så frykteleg kult.
No veit ikkje eg kven det er sitt søppel, for eg gadd då vitterleg ikkje stå å leite i andres søppel, men eg veit det er folk som har observert litt av kvart. Så nokon er det som veit........

Det er berre trist........

Asia Bibi ble dømt til døden for èn slurk vann. Henging! Asia er ei firebornsmor som er dømt til dauden.
- Jeg, Asia Bibi, har blitt dømt til døden fordi jeg var tørst. Jeg er en fange fordi jeg drakk vann av den samme koppen som de muslimske kvinnen gjorde, og fordi vann servert av en kristen kvinne blir regnet som skittent. (Utdrag frå boka ho har skrive medan ho har vore fengsla i påveta av sjølve henginga). 

Ved å drikke av den same koppen som ei muslimsk kvinne, har ho spotta profeten Muhammed og følgeleg må ho døy. Det er slik det er i Pakistan. 
Kanskje ikkje så rart at verda no vender nasen sin mot Pakistan og dei riv ruskande gale haldningane som eksisterer der. (I alle fall for ein nordmann). 

Det heile blir rekna som blasfemi. For dei som ikkje er heilt fortrulege med det begrepet, så betyr det "snakke stygt om". Veldig ofte blir det brukt om gudsbespottelse. Gudsbespottelse er det visst når ein kristen gjer ei handling som dette. 
Satkkars både mor og born!

- Jeg vet ikke hvor lenge jeg har igjen å leve. Hver gang døren til cellen åpner seg slår hjertet litt raskere. Mitt liv er i guds hender, og jeg vet ikke hva som vil skje med meg. Jeg er uskyldig. Jeg begynner å lure på at å være kristen i dagens pakistan ikke bare er en tabbe, men at det er kriminelt i seg selv, skriver Asia Bibi i boken. 

Eg har sagt det fleire gonger tidlegare.........Eg er glad eg bur i Noreg!

Uinformert føleri. Dette er såvisst ein ny ordkombinasjon for meg. (Håper ikkje eg er den einaste...). For kva i alle dagar betyr uinformert føleri? 
I og med at ordet sluttar på -ri (føleri), kan det verke som at det er snakk om ei bedrift. Snekkeri, bakeri, konditori, rederi.......you name it........ og no føleri! Til og med uinformert.

Handlar det om ei bedrift som sel følelsar, kanskje? For det ville ikkje vore så dumt. :)
"Hei, har du enno inne glede i sortimentet ditt og kva kostar det eventuelt? Kan du sende meg eit par esker?"
I og med at føleriet er uinformert, kan det jo hende at varane kjem i sånn der "lykkepakke" som mange har. 
Betal for ein pakke og så får du vite kva den inneheld først når du opnar den. Kanskje er du heldig, kanskje er du det motsette.........Who knows?

Når eg les litt nærmare på saka i Aftenposten (jepp.....eg har faktisk byrja å lese Aftenposten også, i håp om at dei har litt betre journalistar enn dei to andre hovudstadsavisene), ser eg at det omhandlar "Norge AS". Noreg er blitt eit firma! 

Jaja......så var eg jo ikkje så ille langt unna sanninga i mine refleksjonar. Det omhandla jo då ei form for bedrift! :=)

Kvinnelige dirigenter har for mye seksuell energi til at orkesteret kan fokusere på musikken. Hahahahaha........ Eg trur kanskje eg kan like denne avisa! 
Jaja.....Viss ikkje dette kan kallast for mannssjåvinisme på høgt plan, ja så veit ikkje eg. 
Eg tvilar på at alle kvinnfolk har så mykje seksuell energi at det gjer noko. I alle fall ikkje med augen godt planta på notene til ein sonate eller liknande. 
Då trur eg heller det er menna som er overgått av testosteron! Feigt å skulde på kvinnene når problemet ligg hos overkåte mannfolk. (Så var det sagt!)

Nei, verda er vel komen lenger enn dette......

Jomfru Knutsen skal pelle seg i seng. Leppene har fått attende kjenslene sine og fungerer som dei skal att. Så då er at berre velstand. 
Dyna ventar og det gjer eigentleg "Salander" også, men eg trur ikkje augene er heilt klare for lesing i kveld. Dei vil vel aller helst berre lukkast og forhåpentlegvis vere i dvale ganske raskt. (Så får ein håpe at Jomfru Knutsen sitt hovud ikkje tenker fo hardt medan dyna varmar seg, slik at augene får den roen dei treng).
Uansett...... Ha ei god natt! 

Hasta luego. :=)

IWALY!!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar