lørdag 22. juni 2013

Harry Hole!!

Aldri har eg vel nokon  gong vore så forelska som eg var i han Harry Hole. Den fordrukne politietterforskaren som på eitt eller anna vis klarte å få både frelsesarmèberta og leiaren for AA til sengs. (Og halve stokken av bekjentsskapskretsen hans også, for den del.......) Så noko må det vere med han og det er vel då heller ikkje rart at ein går hen og forelsker seg hovudstups i han. Denne rå mannen som har ei løysing på det meste. Han som set prikken over i´en. (Så skulle det stått mange flotte superlativ her!)

Sorga var til å ta og føle på då Jo Nesbø turte å gjere det vi alle ikkje ønska at han skulle gjere. Ingen "rører" Harry Hole og aller minst tar livet av han. Likevel var det nett det Jo Nesbø lot oss tru. Han lot oss kjenne på sorga over å miste ein trofast ven i livet. Vi skulle ikkje få lese meir om han. Han blei tatt av dage.
Eller..........?

Tida går, presset blir for stort. Jo Nesbø ser seg nøydd til å skrive ei bok til. Harry Hole.
Når det endeleg er tid for å legge sorga på hylla, tar han oss på ny med til høgda. Harry Hole er slett ikkje daud! Han lev i beste velgåande.
Kunne han ikkje latt vere å seie at det ikkje skulle kome fleire bøker? Kvifor må alt vere så spanande?
Så spørs det kva ein legg i ordet velgåande.
For det første så lar Nesbø oss tru at Harry Hole ligg i koma og kan døy. Identiteten hans skal vere hemmeleg for alle på sjukehuset og det er politi som vaktar over han til ei kvar tid. Trur "vi".......

Harry Hole ligg ikkje på noko sjukehus. Han underviser ved politihøgskulen. Det er ein heilt anna mann som ligg på sjukehuset og døyr....
Harry Hole har fått eit liv som familiemann. Han "vil" ikkje lenger etterforske. Han vil satse på ekteskapet.
Kan dei tidlegare kollegaene akseptere det? At denne geniale mannen ikkje skal sørge for å halde prosentandelen på oppklarte saker oppe?
Ikkje lett......
Og aller sist......Klarer Hole å stå imot presset då dei byrjar å presse på for å få han til å hjelpe?

Ein mann som Harry Hole treng spaning i livet. Ein mann som han er født til å leve med livet som innsats og å bruke det ekstremt smarte hovudet sitt.
Han er til og med blitt så snusfornuftig at han klarer å la andre kvinnfolk i fred. Faktisk blir han berre irritert over at ei studine er så håplaust forelska i han (læraren sin) og ho gjer alt for å fange interessa hans. Han står imot og det er det slett ikkje sikkert han ville gjort tidlegare.
No veit han at skal han halde på sin elskede, er det nett det han må gjere. Halde seg sjølv i skinnet. Ingen andre kvinnfolk og ingen alkohol.
Ingen alkohol av di han ved å smake på det, risikerer å hamne på kjøret att. Ruskjøret. Akkurat som politietterforskning gjer han rus. På akkurat same måte som alkoholen......
Det er difor det er lett å seie at han er født til å ta kriminelle. Født til å gjere oss kvinnfolk geleaktig i føtene. Kjenne at han er "hot" og det utan å ha møtt han.

Eg er ikkje ferdig med boka "Politi" enno, men i løpet av eit par dagar har eg fått unna over 200 sider. Det er litt meir enn planlagt.
Tanken var å fordele den ut over dei neste tre ukene, men det lar seg rett og slett ikkje gjere. Boka må lesast og det er vanskeleg å leggje ho ifrå seg. Så på måndag må eg vel prøveå skaffe meg ei ny bok. 300 sider att å lese, men reknar med det går fort!

Forskjellen på Nesbø og andre forfattarar er at Nesbø skriver så bra at ein berre må lese kvart einaste ord han skriv.
Joda, eg les sjølvsagt det meste i kvar bok eg les, men av og til hender det at ting blir for detaljerte og du berre veit kva dei neste to linjene seier utan å lese dei.
Dette er ikkje mogleg når det gjeld Nesbø. Ein må berre lese ALT! Det er ingen linjer å hoppe over. Er det rart ein blir bitt av Nesbø-basillen? Er det rart at det er så mange som diggar han? Til og med fleire som ikkje les bøker til vanleg.
Eg har sjølv vore vitne til dei siste dagane at ein kompis som nesten ikkje les til vanleg har saumfara kvart eit ord i Nesbø-boka. Nokre få dagar brukte han på å lese heile boka.
Når ein mann som sjeldan les, ikkje klarar å leggje ifrå seg ei bok, ja, då er ho vel bra, då?!!

Så har du ikkje lest boka eller ikkje eingong summa deg ferdig til å kjøpe ho......løp og kjøp!
Eg kjøpte ho same dagen som ho kom på markedet. Eg har "spara" ho til denne helga (noko som har vore vanskeleg). Kven vil vel utsetje ei lesing om Harry Hole?
Det holdt hardt, men no er eg igong! (Kanskje litt kjedeleg for dei rundt meg, but who cares?)

Ha ein fantastisk kveld!
Hasta luego :=)

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar