torsdag 2. januar 2014

Sammen igjen! Dagens gladnyheit. Michael Douglas og Catherine Zeta Jones har funne lykken på ny, hos kvarandre.
Dei har rett og slett hatt ein evalueringsperiode i forholdet og funne ut at dei faktisk høyrer saman.
Det er ikkje ofte ein er vitne til at Hollywood-par finn saman att, så dette var jo hyggeleg.
Hadde eg vore mann, så hadde eg garantert forstått Douglasen. Zeta Jones er jo rimeleg vakker.
Liekvel, eg er ikkje mann, men kvinne, og ergo er det ikkje sikkert at eg har same oppfatninga andre vegen.
Auget som ser…….heiter det så fint.

Mørketiden kan ødelegge sexlivet. Jaja, då kan ein vel trygt tippe på at det er snakk om mangel på lys. For det er neppe kulda som ofte følger den tida som har skulda. Eg vil tru at veldig mange koser litt ekstra i mørketida, nett av di dei faktisk frys. Kva er vel då betre enn å kjenne kroppsvarme (dersom du har ein å varme deg mot - vel å merke)?

Det er nok mangelen på sollyset som gjer seg gjeldande. Etter jula er det ein viss sjanse for at du føler deg stinn, samtidig som at du er bleik i huda (og kanskje ein antydning av blått) og er stuptrøytt i stor grad og følelsen av berre ha lyst til å gå og egge deg etter middag, gjer seg gjeldande veldig ofte.
Heilt normalt…….
Likevel…..hormonane brusar ikkje ekstra i denne tida (med mindre du er over øyrene forelska…).
Skal sexen koem av seg sjølv, er det viktig å hugse på å hygge seg ilag den tida ein ikkje har sex. Ellers tvilar eg på at lysta vil dukke opp. Lys, musikk, ro………sukk ……. romantikk kalles det.

I dag er det ofte slik at nærleiken blir nedprioritert. Dagane er hektiske og då er det ikkje alltid like lett å finne tid til sengehygge.
Vel……eg veit no ikkje heilt om eg er einig med dei som har laga denne artikkelen i nett det.
Har du lyst, har du lyst. Då er det ikkje klokka som avgjer. Menneska har sine behov og har du tid til å sjå eit par filmar på tv (eller ein god serie), ja då har du tid til kosen også. Då handlar det i "bunn og grunn" om kva du ønsker å prioritere.
Å skulde på hovudverk og heller sette deg foran skjermen?? Hmm……..Tvilsamt om det er så forenleg med logikken.
Har du hovudverk, ja då hjelper det vel ikkje akkurat så mykje på å anstrenge augene foran ein svær skjerm (eller ein liten pc - for den saks skuld).
Kjem ein i ein slik "ring" at ein ofte skuldar på hovudverk og andre årsaker for å slippe, bør ein heller gå inn i seg sjølv og kanskje prøve finne ut kor ein datt av på vegen. For då handlar det vel meir om at partnaren du har ikkje tenner deg nok lenger.

Viss ikkje sexen gjer deg noko lenger, så er det nok heller ikkje så lett å finne lysta.
Utan lysta forsvinn "magien" i forholdet og ein kan påstå kva ein vil, men sexen er viktig i forholdet.
Ikkje sexen åleine……..for det fins heilt klart viktigare ting i eit forhold, men sexen er uansett eindel av det som limer forholdet mellom to menneske saman. Også dette temaet handlar om å gje og ta. Av og til  kan ein prøve å legge alt anna til sides og i det minste gjere eit forsøk på å finne litt lyst. Om ikkje for si eiga skuld, så berre av di ein har lyst å gjere noko "positivt" for den ein er glad i.
I mange tilfeller skal det ikkje meir til enn at ein legg seg inntil partnaren når ein legg seg for å skape harmoni i eit forhold.
Vil du ikkje ha sex, kan du likevel vise kjærleik og omsorg ved å halde litt rundt partnaren din. Akkurat det krever ingenting av deg, Ikkja anna enn at du løfter armen din litt og legg den rundt den andre.
Då føler i alle fall partnere din at du "ser" han og annerkjennr han som partnar.

Gode ord……Korleis har dagen din vore? Eit spørsmål som viser at du bryr deg. Ein klem når du kjem heim frå arbeid. Ein klem er gratis og krev ikkje mykje energi uavhengig om du er opplagt eller sliten.
Eit lite smil……
Det er dei små deltajane som kanskje til sjuande og sist er det som berger forholdet. Det som held liv i det. Det som gjer at livet ikkje blir ein evig runddans er ein berre er tilstade utan at det eigentleg gjer deg noko.
Følelsen av at det er nokon som bryr seg om deg, gjer deg noko. Eg kan ikkje tenke meg til anna enn at dei fleste syns det er godt å vite at nokon bryr seg?
Det er nok mange som føler at det er mangelvare i livet deira. Og nett difor er det viktig å ikkje hamne i ein situasjon der du sjølv blir den som kjenner på denne mangelvaren.

Mørketida er kanskje tida der du ikkje har det største overskuddet, men er det ikkje når ein manglar overskuddat det er ekstra godt å ha nokre armar å slappe av i? Eg veit ikkje…..men eg spør no berre. Vi er jo alle ulike som menneske.
Maktar ein å halde på alt det andre gjennom mørketida, så er i alle fall sjansen for at sexen ikkje uteblir når mørketida er over større. Kanskje noko å tenke på?!

Skulle ikkje desse råda virke, så kan du jo sjølvsagt teste ut om det hjelper å spise litt chili! Thihihi……
Spice up your life……
Det fører i alle fall til auka blodsirkulasjon og blodstraum i kroppen.

Ha ein super sistedel av dette døgeret. Kanskje har du tid til ei lita hyrdestund før du legg deg! :=)
Sjølv er eg på tur i seng. Det var berre vondt å stå opp tidleg i dag. Det var håplaust å få sove o når ein skulle snu døgeret attende. Eg trur kanskje eg sov 2,5timar i natt, så eg har pressa meg sjølv til ikkje å sovne på sofaen i ettermiddag/kveld.
No skal eg tilte i seng og sluknar vel før eg rekk å slå at nattlampa…………..God natt!!

Hasta luego!

IWALY!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar