onsdag 8. januar 2014

Hadde nyttårskrutt i farens sigarett. Hevnaksjon av den "kule" sorten! Thihihihi……. Litt skummelt, men også litt digg. Kva skal ein eigentleg finne på når ein har ein far som brukar å gjere "faenskap"? Han ber jo på ein måte om at han ein dag må få attende. Det fekk han!
Eg veit ikkje om eg er så smart at eg ville komen på å putte urpittelitt krutt i ein sigarett. Eg trur mest eg ville vore dyrisk bekymra for at det ville gått galt, men slikt tenkte ikkje denne ugdomen.
Eg såg opptaket av "poffet", det gjekk bra, men eg trur likevel ikkje at eg nokon gong kjem til å gjere det same!

Eg kan godt bake ei sjokoladekake og fylle den med litt kattemat (med laksepatè), for det har eg vore med på før, men krutt……..

Steinalderfolk hadde råtne tenner. Tja, det kjem vel ikkje akkurat som ei overrasking av den heilt store sorten. Likevel……Hadde eg komen over noko som var 15.000 år gammalt idag, ja då trur eg neppe at eg hadde forventa at det såg fullkomment ut. 15.000 år gamle tenner må vel ha litt "svinn"?!

Viss eg skal vere heilt ærleg……. Hadde eg funne så gamle tenner, hadde eg tenkt at det var meir ekkelt enn kult. Ikkje vil eg ha tatt i dei, og aller helst ville eg ikkje tatt det opp og faktisk forstått at dette er "viktig". Ergo ville historisk informasjon gått tapt.
Hadde det vore tenner, ja då hadde eg vel sprunge for livet i frykt for at det skulle ligge eit lik der.

I USA er det nå så kaldt at til og med isbjørnene nektes å være ute. Aller først måtte eg opne saka for å lese om det er ein dårleg spøk, eller om det faktisk er reine fakta. Så kaldt at isbjørnen ikkje kan vere ute? Det høyres berre teit ut. For kor kaldt er det eigentleg ved Arktis? Der har dei, i den perioden vi går inn i no, enkelte gonger temperaturar heilt ned i -40 grader……..men det kan jo hende at det ikkje er ein spøk?!

Det er snakk om ein temperatur som har vore nede i  -26 grader, så det er no ikkje så dyrisk kaldt at det gjer noko. Kaldt, ja, og kaldt nok til at eg ikkje ville ha ønska den kulda hit, men dog ikkje kaldare enn at det har vore det dobbelte (i raud forstand) oppe i Finnmark. DÅ kan vi snakke om kulde!!
Dessutan er det snakk om ein isbjørn som har tilhaldsplass i ein zoologisk hage. Dei har nok sørga for at det er høveleg kaldt der, men sikkert ikkje så kaldt som den verkeleg verda har fleire stader.
At ein isbjørn som dei har kallenamn på, som nesten er som eit "kjæledyr", fryser litt, er vel ikkje akkurat nok til å skrive at det er så kaldt at isbjørnane må haldast inne. Det er snakk om EIN isbjørn……Jaja, kva skriv dei ikkje for å få lesarar.

Av di det er totalt mangel på nytt i avisene, spurte eg her heime "Kva er det første du tenker på?". Tanken var jo at eg skulle ta utfordringa og blogge om nett det og at eg ikkje kunne vri meg unna det, uansett kva svar som kom. Blæææææææææææ…………. "Nye stuevindu!" Hallo? Eg kan jo ikkje skrive om det?
Løfte til meg sjølv her, og løfte til meg sjølv der og til slutt løte til meg sjølv midt i ræva! Sukk……Jaja, here it comes.

Jomfru Knutsen har nokre fantastiske vindauge i stova som verkeleg sørger for utsikt i alle retningar. Lykke på jord…….. (Ordet ironi har aldri blitt oppfunnen…) Aller helst vil ho at det ikkje skal vere gardiner foran dei. Tenk kva naboane går glipp av då (og elles alle andre som går forbi)……….
PS: Samtidig som eg skriv om stovevindauga, viser dei bilete av gamlingar(!!) utan undertøy. Jeeeeeezes, korleis skal eg då klare å halde fokus på stova mi? Valets kvaler, liksom.

Nei, jomfrua har nok lyst å tette att nokre av vindauga og få nye der det høver seg litt betre. Kvifor ikkje berre hive seg rundt med ein gong no når ein har fiksa på alt anna. Kjøkken, bad, rom, delvis stova……. you name it.
Det er neppe noko som irriterar ho meir i huset enn at det er så himla mange vindauge og det med tynne karmar.

Sanninga er at eg skjønte raskt at dette ikkje er noko eg gidd skrive om, så eg sendte heller stafettpinnen vidare (UT av huset) og fekk svar! SPOONING! Hallo?! Skjønte eg det ikkje?
Å ikkje akseptere å skrive om vindauge og heller be om tema ute, ja det er det same som å be om "bråk". Spooning……… Hahahahahaha…….Forslaget kom sikkert berre av di lysta over å vere snill med meg gjorde seg gjeldande.
Javel, eg skal såvisst ta det på alvor. Vil ho ha soponing, skal ho få spooning!!

Kva er spooning? Joda, det er soving i skje-form! Definisjonen lyder som følgjande: Ei form for kjærleik mellom eit par. Mannen legger foran til bak med jenta. De passer sammen som skjeer. 
Og der kom nedturen…… Eg som trudde spooning var noko spanande.
Eg skjønte sjølvsagt at det hadd emed skjei å gjere pga "spoon"og i tillegg rekna eg med at det var på kanten av di det blei foreslått.
Vel, spooning blei litt for lite på kanten!! Ikkje det at eg ville ha noko på kanten, men når det først går i den retninga, så kan det jo likesågodt gjere det 100 %.
Vel……Ein skal i alle fall ikkje krangle på at spooning er godt! :=)

Viss ikkje stovevindauga og spooninga ga meir blodomløp i kroppen, ja då må eg vel tenke hakket vidare. Til dømes forskjellige sovestillinger……….. 
Kva kan ein klare å hoste opp om det?

(Ukjent fotograf……)

Vel, enkelte stillinger er meir heldige enn andre…………. (Fotografen er ukjent.)

(Publisert av Dagbladet. Namn på fotografen står ikkje.)

Hahaha……  Det er mykje rart ein finn om ein googler litt. Ingen av bileta er tatt av meg, berre så det er sagt. Dei er rett og slett henta rett frå nettet. 
Viss eg skulle velje meg ei stilling og dette var dei tre alternativa eg kunne velje mellom, så ville ikkje valet ha vore vanskeleg! 
No er det ikkje akkurat så heftig "herleg" å sovne med hovudet på doskåla, men eg tvilar rett og slett på at eg evnar å ligge i den stillinga i det heile. Wow…..ho er mjuk! Spagat, liksom!
Når det gjeld det første biletet, så trur eg neppe eg ville ha fått sove særleg godt.
Ergo må eg jo berre gå for nummer tre…….. Problemet der er berre det at i ei slik stilling ville det vere umogeleg å sove. Ikkje av di det ville vore ubehageleg, men………tja, eg treng vel ikkje utdjupe det særleg meir. Jomfrua, liksom…… Thihihihihi!

Sovestillinga di har mykje å seie for helsa di og har du ein partnar, ja då har den eindel å seie for forholdet også. Slik er det berre. For å seie det med andre ord…….Sovestillinga di avslører parforholdet.
Kjærleiksknute! Wow, for eit vakkert ord!! Hahaha……. Andlet mot andlet! Det appellerer sjølvsagt til romantikken i oss. (Jeeeezes……Ein skal no vel ikkje døy av dårleg ande mot nasen i løpet av natta heller?????) I England sover 10 % slik. (Men så er britane ikkje riktig rett heller…)
Så er det denne skjeia då…….. Populær stilling…..forelskelse……… What??? Hudkontakt er vel deileg uansett.
På kvar sin kant av senga……….. Finito!!! Done deal…….Bye, bye…..

Nei…… Einkvar må no sove i den stillinga dei sjølv ønsker. Eg er berre glad eg ikkje har noko skjult kamera på rommet mitt. Eg har sikkert 14 ulike stillingar i løpet av natta og det går heilt fint det. 
Det einaste som er sikkert er at klokka no akkurat entra over til onsdag og då har ikkje eg tenkt å sitte oppe og gruble noko meir. Ni skal eg stenge av all tankeverksemd og legge mitt søte hovud på puta og drøyme søtt. Så få r eg sjå kva stilling eg vel å sovne i. Sikkert den same som 98% av dei andre kveldane. 
Jaja……. Ha ein fortsatt fin kveld….natt…..whatever! Sov godt! 

Hasta luego!

IWALY!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar