tirsdag 31. desember 2013

I dag har eg ofra framsida til Fremover eit par tankar og tenker eigentleg "Kor dum går det an å bli?".
Eg tenker ikkje då på mannen som er avbilda, men dei han siktar til i kommentaren sin.
Hovudsaka på årets siste dag er rett og slett "Damene blir lurt". Hahahahahaha……Særleg!! Eg skal no ta og kommentere kva eg meiner, så kan jo du avgjere om det er slik eller ikkje.

Ivar Rande seier følgjande:"Når damer er ute for å shoppe klær eller sko, sier de alltid at de har kjøpt det på salg. Akkurat det sier menn om fyrverkeri også." Poff, poff…..seier no eg.
For det første så tener eg mine eigne pengar. Viss eg då skal vere nøydd til å lyge om prisen av di eg skal rettferdiggjere kva eg kjøper meg…… Då er det noko som skurrar oppe blant dei små grå hos meg, for så redd er eg ikkje mannen i huset at eg treng å seie noko anna enn som sant er. Anten syns eg prisen er grei å betale, eller så lar eg vere å kjøpe det. Veldig enkelt!
Såååå til hovudkjerna bak det at eg tenker "Kor dum går det an å bli?". Fyrverkeri!! Menn og fyrverkeri!
Eg er då ganske sikker på at det ikkje er lov til å selge fyrverkeri på salg. Prisane er ferdigsatt og reklamen som dett ned i postkassa di fortel kva det kostar. Du kjem ikkje opp på butikken og så får du beskjed om at du får det til halv pris.
Så har du ein mann som kjem heim med mykje fyrverkeri og årøver å skulde på tilbodsprisar, ja då er han ikkje særleg smart. Ikkje du heller, forsåvidt, om du går på "løgna".
Det er berre å innsjå at fyrverkeri er, for mange menn (ikkje alle), veldig viktig og då er det verdt å bruke indel pengar på det.
Med tanke på at enkelte har sære og sure kjerringer, så er det forståeleg at dei prøvar å ro den økonomiske biten bort, men hallo……finn no på ei betre årsak enn ei som er så opplagt feil!
Når kjerringa står der i døra med kjevla i handa…..ja då er det sikkert ikkje så kult å seie "Ops, æ brukte visst strømpengan mine på nån raketta. Håpa det ikkje gjær nåkka?!"
Blåauge og knekte ribbein, eller det som verre er……ei kjerringa som lar deg bli pint med kjeft heile nyttårskvelden…….. Velg og vrak… Hhahahahahha……..

Eg skal no følge med litt ekstra i kveld og sjå om det dukkar opp nokre ekstra putt-putta. Tviler…….

Stemples som komisk og kulturløs. VG har denne overskrifta i dag. Det gjeld den nye kulturministeren som no får pes av di ho ikkje veit kva som var årets høydare for ho på filmfronten, eller kva album (musikk) som var det beste.
Jaja….så har eg lært noko nytt i dag også. Skal du vere kulturminister, må du vere ivrig kinogjengar og kjøpe ein drøss med cd-ar. Viss ikkje er du ute på djupt vann. (Så kan ein dra innom kvar ein heim i dette land og sjekke kor mange det er som eigentleg har så ufatteleg mange cd-ar av nyare dato. Spotify osv…..treng eg seie meir?)

Joda, ein kulturminister skal i bunn og grunn halde seg oppdatert, men kva film eller musikk ho likar best, har vel ikkje så mykje å seie for jobben ho eventuell måtte gjere bra eller dårleg. Kultur er så mangt og ho vil uansett aldri få vore innom alle kategoriane av kultur i dette land i sin periode som minister.
Det viktigaste må no vel vere kva haldningar ho har til filmbransjen, musikkbransjen og alle dei andre kulturfrontane vi har. (Og det er mange!!) Viss ho ser kor viktig det er med kultur, så er det vel der fokuset bør vere. Eg vil tru at døgeret hennar har like mange timar som vårt……..
Sjølv trur eg ikkje at ho er så kulturlaus. Ein kan meine mangt om Erna og Siv, men dei er då vitterleg ikkje så "toskåt" at ei tilsetjer ei som er kulturlaus i den stillinga.

Hva husker du fra idrettsåret 2013? Ta nyttårsquizen.  Hahaha…….. Eg trur eg står over. Faren for at eg skorer langt under pari, er så absolutt tilstades. Det verste er at minstemann i huset sikkert ville ha 100% fleire rette enn eg. Ikkje det at eg ikkje ser på sport….men ein ting er å sjå….ein annan ting å legge seg det på minne.
Eg hugser at Noreg sine handballdamer ikkje vann det siste meisterskapet, at Northug terga på seg svensker (dog ikkje i løypa), Messi netta fleire gonger, United- og Liverpooltilhengjarane tok ting til nye høgder når det gjeld å krangle(!), Drillo blei "skvisa", Magnus C. vann sjakkmeisterskapet, George Clooney……….…ops, nei han er visst ikkje ein del av idretten……
Jaja, det eg vil fram til er friidretts-VM, alpint, skiskyting, Europa-cup, ski-VM…….you name it…… Korleis skal eg klare å halde tankane oppdatert på dei greiene der?
Eg hugser jo ikkje eingong kven som var i årets cup-finale… (Er det litt flaut, kanskje? Håper ikkje det!)

Vel, eg skal ikkje ta ein quiz som psyker meg ned. Så finn heller ein betre quiz til å lokke meg med.

Del dine nyttårsforsetter. Jaaaaa, hurra for VG! Dei veit kva som opptar folk i desse dagar. I morgon! I morgon startar det nye og betre livet. Igjen! Det gjekk ikkje i år, men i morgon er det nytt forsøk. Alt blir så mykje betre i morgon.

Eg har rett og slett ingen nyttårsforsett. Ikkje skal eg slutte å røyke (hahaa….), ikkje skal eg slutte med godsaker, ikkje skal eg trene så himla mykje meir (kanskje urpitelitt), ikkje skal eg utfordre skjebnen så ufatteleg mykje at det gjer noko, ikkje skal eg bli snillare (så synd for dei som såg for seg det), ikkje skal eg seie ja til ny bil, ikkje skal eg la vere å "bølle", eg skal framleis ete popcorn fleire gonger i uka og ikkje skal eg bestige Himalaya med Torunn. (Sorry, Torunn….. Du blir for sprek for meg!!)

Eg vil tippe på at 12% av det norske folket (kanskje litt færre) kjem til å sende inn sine forsett, så då får vi andre noko å lese dei neste dagane. Kanskje er enkelte av forsetta så spenstige at dei faktisk kan virke kul….. Då kan det jo hende vi kan stele idèane?! Hmmmm…….. "Ingen" forsett kan jo fort bli til eitt eller to??! Tja…..

2014! Forventningar…… Eg trur det likaste er å gå inn i det nye året med "open mind". Å tru at det er så mykje som skal endre seg av di det bekkar over til eit nytt år, tja, kva skal ein seie?
Livet blir som det blir. Vi kan sjølvsagt sørge for å påverke det i stor grad sjølv. Mykje blir etter kva vi vi vel å gjere det til.
Likevel, det er så mykje vi ikkje kan styre, og vi kan berre håpe på at han der oppe ikkje har tenkt p gjere ting så ufatteleg vanskeleg for oss.
Det startar no med januar. Det er ikkje lange tida før februar inntrer og sånn går året. Raskare enn nokon gong tidlegare. (Her innrømmer eg ikkje at eg blir eldre……..det er tida sjølv som går raskare!!!)
Før vi veit ordet av det, er det eit nytt år som skal innviast og dei løftene vi ga for det nye året vi går inn i no, må fornyast av di vi ikkje fulgte dei opp.

Eg veit berre ein ting, eg…… Det er at vi må alle saman bli flinkare til å leve i nuet. Vi veit ikkje kva som skjer og difor er det viktig at vi er tilstades her og no. Det er for seint i ettertid og kome og tenke på det ein ikkje gjorde (som ein eigentleg hadde lyst til).
Vi lev i ei lita verd (samanlikna med "gammeldagan"), så moglegheitene ligg der rett foran føtene på oss.

Det er 31.desember 2013. Det er nyårsaften. Det skal vere ein "gladdag" der vi takkar alle for året som er gått og ønske glede for alle i det nye året som kjem. Så då gjer sjølvsagt eg også det. Ønsker dåke alle ein fantastisk fin kveld og at alle får eit fint nyår!! Ingenting vil glede meg meir!

Ha ein super kveld og så er vi igong att i morgon, 2014!

Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar