søndag 1. desember 2013

Sundags kveld og eg har ikkje vore eit sekund på utsida av huset i dag. Og der laug eg……….. Hmm…..eg kom akkurat på at eg var på verandaen og festa nokre lys på føremiddagen. Ikkje fortel det bort, men eg er enno i pysjen og klokka er "Farmen-tid". Eigentleg burde eg trø meg ein tur ut, men eg trur nok eg lar vere. Eg går ikkje glipp av tvekampen til føremon for litt frisk luft.

Berre så det er sagt…….Eg har ikkje berre lege og sløva i pysjen på sofaen heile dagen. Det ville vore luksus, men luksus er heller ikkje ønskeleg. Det ville berre blitt kjedeleg.
Det er i og for seg ei lykke i det å vaske hus på ein slik dag. Det ein ikkje rakk igår, må ein jo gjere ferdig i dag. Det er jo trass alt advent.
Advent betyr også litt snikinnføring av jula, så då er det nok komen opp nokre smånissar i trappeoppgongen. Vi får håpe at dei ikkje livnar til i løpet av natta……….

Liza Marklunds nye roman begynner bedre enn den slutter. Hmm….. Det lover ikkje bra. Det er akkurat den boka eg held på med no i desse dagar. Det er jo kjipt å vite at den kanskje vil tape seg i løpet av boka. Eg håper sjølvsagt at anmeldaren av boka ikkje har dei same meiningane som meg.
Thorbjørn Ekelund seier at boka ikkje innfrir. Så då står det att å sjå.

Nesten 10 % biter negler. Dette er vel eigentleg litt bekymringsverdig? Eller……. Kanskje ikkje bekymringsverdig, men tenk berre på kor mange bakteriar det vil seie som hamnar inn i kjeften på dei det gjeld.

Det verste er at dei fleste mest sannsynleg ikkje legg merke til det sjølv når dei bit neglene sine. kvifor er det eigentleg så vanskeleg å la være å bite negler?
Eg går sterkt ut ifrå at det er dei færraste som har eit ønske om å bite……. Spesielt med tanke på at det er ganske så lite "sexy" å sjå på noko så lite fint som nedbitne negler. Det ser mest vondt ut.

Då eg var "liten", beit eg negler. Det første til at eg byrja å smøre dei inn med "Gonegl", eit superekkelt middel som visstnok skulle hjelpe mot problemet.
Eg skriv "visstnok" av di ein ting er kva målet skal vere, ein annan ting er om at det hjelper deg å nå målet.
"Gonegl" fungerer i to dagar, kanskje tre. Max! Det smakar pyton første gongen du biter etter å ha byrja med å bruke middelet. Så smaker det pyton andre gongen også.
Eg kan sjølvsagt ikkje snakke for alle andre, men tredje gongen var eg blitt vant med smaken og hensikten med å smøre neglene var like fort borte. Bortkasta penger, med andre ord. (Sjølv om det ikkje var snakk om mange kronene.)

I dag bit eg ikkje negler. Ikkje i noko særleg grad og i alle fall ikkje offentleg. Ikkje veit eg kvifor eg beit på dei då eg var yngre heller. Om det fins noko fasitsvar på kvifor, veit eg ikkje.
Det eg veit er at dei snakkar om at det kan vere psykisk. Det kan vere relatert til stress og nerver.
Då kan eg i alle høve slå fast at det var neppe årsaka til at eg gjorde det.

Det er uansett ikkje bra. Blant anna kan du få skade på naglerota. Det gjer ikkje lite vondt. Virus, bakteriar og anna møkk trives godt under neglene, noko som er litt heslig å tenke på. Dessutan kan du utvikle vorter på fingrane dine.

Bit du på neglene dine? Tenk på kor du har plassert hendene dine i løpet av dagen før du bit.

8 kule ting du kan gi til din kollega. Etter å ha lest litt om dette, har eg funne ut at til neste år så må vi arragere gåvebyttefest blant kollegaene mine. Det er visst ein heilt vanleg tradisjon. I tillegg er det mange her til lands som bytter gåver i form av ein julekalender. Så eg skal hinte til dei andre om at dei kan spleise på ein musikkjulekalender til meg, neste år. (No er jo desember allereie i gong, så det får gå for denne gong.)
Eit nytt instrument for kvar av dei 24 dagane julekalendaren må innehalde. (Eller annakvar dag går også heilt greit. Ein kan jo ikkje bli så altfor kravstor heller.)

Det var dette med dei åtte tinga vi kunne gje ifrå oss. Her kjem dei……….Lik dei, eller ikkje.
1) Fail-knapp! Ein knapp som brukes når ein vil uttrykke "fail". Det er då heilt klart at det er ein trombonelyd som er ganske nedstemt som sementerer den miserable følelsen som ofte dukkar opp når enkelte har gjort noko skikkeleg failig. (Kult? Eg veit ikkje heilt………)
2) Verdas mest irriterande boks: Ein boks som er nesten umogleg å opne. Det kule er sjølvsagt då ordet "nesten". Det betyr jo at det faktisk går an, og kven klarar å la vere freistinga som ligg bak. Konkurranseinstinkt kalles det!
3) Mustasjekake: Ein mustasjebart full av hår? Kven likar hår i maten, eller kaka for den del? Kva er vel då smartare enn å lage ei kake som ser ut som om at den er full av hår utan å faktisk vere det? Skikkelg innbydande!
4) Hva sier reven?: Og no har faktisk eg også høyrt songen! Ikkje dåleg! Eg gjorde det for eit par uker sidan, så no er eg ikkje blant dei 5 % av folket som ikkje har høyrt nett denne songen. (Sjølv om det blei med den eine songen og at eg aldri fekk den på hjernen.)
Uansett……..Boka kan jo vere ei kul gåve å gi. Hovudpoenget må vel vere at vi alle ville vere nysgjerrige på kva vi kunne få ut av denne boka. Kjøper vi den til ein kollega, er det jo ein urpiteliten sjanse for at ein kan smugkikke i boka. Årets humorjulegåve, liksom.
5) Idiotkunnskap: Spelet som lærer deg alt det du ikkje lærte på skulen. Spelet som gjer deg heile 400 bisarre og underlege spørsmål som definitivt gjer deg svar på absolutt alt det du sjølv ikkje visste at du ville vite. Det må jo berre bli bra. (Berre hugs å inviter deg sjølv på spelekveld innimellom.)
6) Bobleplastkalender!!: Kven er det som ikkje likar å klemme bobler på plast? Eller kvener det som klarar å la vere om dei får sjansen?
Hahaha….. Ei boble til kvar dag! WOW!!! (Ironi!!) Det er meininga at du skal klemme ei boble kvar einaste dag i eit heilt år. (Eg veit kven eg skulle kjøpt den til!)

I og med at eg ikkje har lært meg å telle, så betyr det at eg er komen til 8 punkt og sluttar av med det! Om eg syns at desse forslaga er så kule sjølv, skal vere usagt. Eg veit i såfall kven av kollegaene mine som skulle fått dei ulke gåvene er. Berre så synd at ei av dei allereie har troppa av!!

Dette hater damene på julebordet. Det kan jo vere greit å vite i og med at det lar seg gjeldande i desse dagar. Enkelte er kanskje allereie for seint ute med å bli åtvara, men shit happens all the time, så who cares?

1) Ein mann må ikkje vere for vågal i klesvegen. (Hmmm…….. No blei no eg litt satt ut. Eg såg ikkje heilt for meg at det var slike punkt det var snakk om. Eg trudde det var meir sånn der "hald fingrane av fatet"-mentalitet og "la ræva mi vere i fred". Jaja….)
2) Det kjem ikkje noko punkt to! Etter å ha lest heile artikkelen, kan eg konstantere at det nok ein gong har vore eit ordspel ute og gått hos ein viss journalist. Eg gjekk sjølvsagt rett i fella! Det heile handla utelukkande om klede.
Er det noko eg kan stadfeste, ja då må det vere at eg gjer blaffen i kva menn har på seg når dei går ut. Vel……..om det er snakk om julebord, er det jo greit med ein dress. I alle fall må det vere noko anna enn dongeri, liksom.
Eg kan i alle fall ikkje påstå at eg vil føle meg støytt om eg skulle sjå ein mann med ein dress eg ikkje syns ser så kul ut. Viss han føler seg vel i den, ja då er det vel greit?!
Viss eg er meir opptatt av kva folk har på seg enn å kose meg, ja då seier det litt meir om meg enn han som kom med den ukule dressen!

Etter å ha hatt denne nedturen…….Eg var jo førebudd på å få "djuzie" detaljar å dele her………så må eg nok berre skuffa innsjå at det er å pelle seg i seng.
Så er det berre å håpe på at det nederlaget som kom ikkje går så hardt utover stoltheita mi og at eg får sove godt likevel. I morgon er vel alt så mykje betre!
Hahahaha……. Joda, jomfru Knutsen treng visst litt svevn.Ingen tvil om det, forno kom det jo berre vrøvl ut her…….. God natt!!

Hasta luego!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar