onsdag 4. desember 2013

Akkurat no har eg ei stille stund for meg sjølv. Eg er åleine heime, viss eg ser bort i frå gullet mitt som ligg i draumeland. Av og til kan det vere godt berre å slappe av heilt for seg sjølv. Tv´n på lavaste lydnivå, minimalt med lys rundt meg, mat på kok og det einaste som no manglar er litt fotmassasje!

Hva kan eleven gjøre? Endeleg er det ein som lagar artikkelen eg har sakna i uendeleg lang tid. Ein som våger å peike på andre momenter enn dei som er komen fram når det gjeld resultatar av PISA-testane og liknande.

Det snakkes til eikvar tid, føles det som, om at lærarane må ha påfyll, læraren må fylle hovuda til elevane med kunnskap og så vil alt bli bra. Læraren i fokus………. Så kjem spørsmålet…..Kva med eleven? Og då sluttar eg meg til same spørsmålet. Kva med eleven?

Vi veit alle saman at elevar er mennesker på lik linje med oss vaksne. Deira erfaringar er nokså ulike, det same gjeld kunnskapane og interessene dei har. Enkelte er veldig motivert for matematikk, medan andre likar historie eller språk best.
Så kjem eg til kluet! Skulen og lærarane kan gjere mykje. Det er ikkje tvil om det, men skal læring foregå, på lang sikt, så er det ikkje til å unngå at eleven også må gjere noko.
Om ein elev ikkje gidd å gjere noko, ja då hjelper det fint lite kva læraren har av kunnskapar. Eleven må også vere mottakeleg for kunnskap. Dette er noko som sjeldan kjem fram i debattane som er.

Sanninga er at vi er blitt eit "rettigheit-samfunn". Vi snakkar om kva rettigheiter elevane har. "Meg sjølv-samfunnet".
Det ropes så høgt om rettigheitene og elevane er fullt ut klar over kva rettigheiter dei har. I alle fall dei fleste. Sanninga er at mange av dei norske elevane veit å bruke desse rettigheitene til "føremon" for seg sjølv.
I dag treng ein jo ikkje møte opp til undervisning for å få karakter i faget. Det er nok at ein dukkar opp til prøvane. (Fraveret kjem jo sjølvsagt på vitnemålet, men du skjønnar sikkert kva eg meiner.)
Vi har ei opplæringslov som seier at eleven skal delta aktivt. Likevel eksisterer det, over heile landet, elevar som gjer blaffen i det. Kva kan lærarane gjere med det? Fint lite……Ingenting! Det fins ingen sanksjonssjansar. Ein kan ikkje stryke.

No er det ikkje slik at det er så mange som ikkje møter opp til undervisninga, men om ein set det litt på spissen, så er det realiteten.
I tillegg har alle krav til å kome inn på videaregåande skule. Om dei ikkje legg noko innsats i arbeidet itt i grunnskulen, veit dei at dei likevel har ein vgs-plass å kome til. (At det ikkje er sikkert at dei klarar å  fullføre den, er nok ikkje noko dei tenker så hardt på.)

Vi har ikkje lenger ein kultur for læring i Noreg. Kultur for hardt arbeid blir mindre og mindre tilstades i samfunnet generelt. I tillegg kan du få deg jobb utan særleg høg utdanning og likevel tjene såpass godt at du har råd til å stifte familie, kjøpe høveleg bra "tak over hovudet", reise til syden eller ta deg eit par storbyferiar i løpet av året. (Sjølvsagt ikkje alle, men majoriteten.) I tillegg treng vel dei fleste ein bil.
Med andre ord kan ein då påstå at norske ungdommar i stor grad ikkje treng å kjempe for å få eit godt liv.
Slik er det blitt i Noreg, medan i andre land er det nettopp høgare utdanning som er inngongsporten til eit godt liv. Difor etterstreber dei også dette i andre land.

Det har blitt slik at vi har så mange rettigheiter. Læraren skal gjere ditt og datt, og om han no ikkje har gjort det, ja då er det berre å klage på karakteren.
Lekser? Kva er det for eit framandord? Det er vel eit generelt problem her til lands at store delar av dei norske elevane ikkje vil ha lekser eller gjere ein ekstra innsats på ettermiddagstid. For ikkje å snakke  om det måtte gjerast noko i helgane.
For å ta eit sitat frå artikkelen: Gud forby om man leste en bok av egen fri vilje.

Mange elever jobber godt av di dei forstår at karakterane dei får på skulen er med og påverker framtida deira. Likevel………Mange av dei jobbar for karakterane og ikkje for læringa si del. 
Dagens politikarar innbiller seg at dagens elevar er nokre tente lys i klasseromma og berre sit der og ventar på at lærarane skal fylle dei med kunnskap. Røyndomen er ikkje slik!

Vurderingssystemet vårt skapar ikkje motivasjon for læring. Vi lærer elevane å jage etter karakterar istadenfor å hige etter kunnskap. 
Har dei ein prøve på ein onsdag, ja då les dei til den for å få god karakter, men ikkje for at dei skal hugse det dei har lest i etterkant av prøven. 

Vi vaksne kan legge til rette for at læringa skal finne stad. Vi kan tilpasse læringsstoffet og vi kan tilpasse tilnærmingsmåtar. Læring er ein prosess i mennesket og til sjuande og sist er det eleven som må legge ned innsats i arbeidet sitt for å lære. 

Det er Assad Nassir, som sjølv er lærar som har tatt til orde for denne problematikken. Eg har eigentleg berre gått og venta på kva tid ein eller annan skulle ta opp temaet. 
No er det komen ut i media og forhåpentlegvis når det fram til politikarane. Så attstår det berre å sjå om Erna og hennar undersåttar fangar det opp og prøver å tenke nytt i forhold til dette. 

Personleg syns eg at det første ein burde vurdere, er om det skal vere lovfesta rett til vgs. Dei må vurdere om det skal vere slik at elevar som gjer blaffen skal ha krav på karakter sjølv om dei ikkje deltar. Skal det kome ein lov som seier at ein kan vurdere ulike sanksjonar? 

No er det ikkje slik at dei fleste elevane ikkje møter opp på skulen eller deltar i timane. Dette er ei problemstilling som gjeld enkeltelevar. 
Tar du alle enkeltelevane og plasserer dei ilag, vil gruppa likevel bli ganske stor. Det er trass alt snakk om ein god del klassar rundt om i dette landet. 
Ikkje veit eg kva klassar det er som har tatt PISA-testen heller. Likevel antar eg at det er såpass mange det gjeld og at resultatet sånn sett viser eit generelt grunnlag for dette landet. 

Landet vårt er avhengig av at det er nok mange som vil ta høgare utdanning. Viss ikkje, kjem vi til å slite i framtida. 
No er det ikkje slik at ein skal forvente at "alle" skal ta høgskule- og universitetsutdanning. Det kan vere fleire årsaker til at enkelte ikkje hamnar på den stien. Det treng så absolutt ikkje vere negativt. Vi er likevel avhengig av at majoriteten vel det. 
Vi må ha sjukepleiarar, legar, lærarar, ingeniørar, politi, osv osv osv……..(i det uendelege) for å få landet til å gå rundt. 
(Vel, strengt tatt har vi jo hatt eindel rikspolitikarar som aldri har utdanna seg. Likevel har dei vore med og styre landet………) 

Det eg prøver å seie med alt det eg har skrive her, for det blei ganske langt…….er at ein sjølvsagt må sjå på det som angår lærarsida, men ein må for all del ikkje gløyme "kva med eleven sjølv?"
Ingenting fungerer om ikkje eleven speler med på lag.

Ha ei god natt!
Hasta luego!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar