mandag 9. desember 2013

Kvalitetstid! Det er vel strengt tatt noko ein burde ta seg tid til oftare. I dag blei det skigåing med påfølgande kvelds. Då sjølvsagt ein kvelds som er litt meir enn det vanlege. Då må det vere både varm og kald mat og kakao dersom nokon ønsker det. Med tente stearinlys og fine adventsserviettar, blei det ei kjempefin stund.
Skiforholda var heilt greie, men lysforholda var/er ei heilt anna sak. Det er ikkje særleg hyggeleg når du renn ned ein forholdsvis lang bakke og lyset som var der då du starta på bakken plutseleg blir borte midt i bakken. Då er det berre å la det stå til og satse på at du hamnar nederst i bakken PÅ føtene. Vi gjorde nok det, heldigvis……. =)
Så spørs det…….Kor lenge blir snøen liggande? Såvidt eg har høyrt, så skal det kome mildvèr no straks. Eg håper det ikkje stemmer.

Etterlysning. Har du hatt en pinlig date med noen du møtte på nettet? Da ønsker VG å snakke med deg. Ta kontakt. HAhahaha…… Gud betre, eg er jaggu meg glad for at eg kan svare nei på det spørsmålet. Hadde eg kunna svare ja, hadde eg sikkert vore tøven nok til å kontakta VG og fortalt det! Thihihi…….. Nei, takke seg til det meir jordnære.
Dessutan…… Ein date med Jomfru Knutsen kan aldri bli pinleg! Hahahaha…..

Etterlysning. Har du og partneren din fortsatt et godt sexliv etter mange år? Ta kontakt med VG sin journalist. Som eg kanskje har hinta tidlegare, så har VG ein tendens til å overgå seg sjølv. Spørsmåla kjem som perler på snor, uke etter uke. Eg er mest spent på kva tid dei skal gå tom for spørsmål å stille (og ikkje minst på kva veg spørsmåla vil ta om dei skal skifte emne etterkvart).

Eit gammalt ektepar er vel ikke like heftige i valsen som dei var då dei var ungfular, men alt er jo relativt. Eg vil tru at haldningar til kva som er godt eller ikkje endrar seg med åra. :=)

Nei, no har eg lege her i ei heil evigheit og ikkje klart det å samle hovudet mitt nok til å få ned noko som helst fornuftig her. Farmen var sjølvsagt med og påverka det litt. Det blei jo ganske spanande i duellane og saueklippinga måtte ein jo berre flire til.
Akkurat no heiar eg på kvinnheringen. Eg trur nok ikkje det blir han som stikker av med sigeren, men lojalitet til heimkommunen er viktig. :=)

Uansett, Farmen, eller ikkje……… Det nyttar ikkje å ligge her og tru at berre klokka går litt kjappare så vil det bli lettare å skrive. Det må nok vere skigåinga som har tatt knekken på meg. Haha……Særleg! (Vel, eg måtte jo i det minste ta litt i viss eg skulle klare å halde følge.)
No er det ikkje meir tid for ski i dag (kanskje ikkje meir i år visss vèret slår seg vrang), så då får det heller vere greit at Liza Marklund ligg og lokkar.
Det tar si tid når ein skal lese ein roman og ikkje snaskar seg i seng før klokka er så mykje at ein ikkje evnar å lese meir enn maks fire-fem sider. Då tar det si tid når ein til slutt skal hamne sånn rundt rekna på side 500. (Eg trur eg må skjerpe meg der.)

Jaja, uansett kor du er i denne verda. Uansett om du skal legge deg for å sove, eller om du er på arbeid i  natekulda……….Ha ei god natt! Det fins vel nok av radioprogram som kan halde deg med selskap. Eg er mest glad for at eg ikkje skal noko anna enn å krype under ei god og varm dyne og forhåpentlegvis få meg ei god natts svevn. Bye, bye…..

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar