lørdag 21. desember 2013

Det er straks jul, og jula er kanskje den tida av året som er avsatt til ettertanke på mange områder. Vi "fråtser" i mykje forskjellig. Vi bruker stinn i pengar på både nyttige og unyttige ting. Mat bugnar det for det meste over av. Dyre gåver er handla inn. Lista kan bli uendeleg lang om eg legg litt innsats til for å få dei små grå opp og gå.
Då gjer det noko med meg når eg les artiklar som omhandlar det totalt motsatte. Akurat som eg nett gjorde. Eg har surfa litt på nettet og i stad kom eg over ei overskrift som sa følgjande: Her blir hun steinet til døde for å ha hatt en mobiltelefon. Ein slik setning set enkelte ting litt i perspektiv.

Steina til dauden……. Det verste er at dette er noko Noreg "støttar". Vi støttar dei av di vi sender masse pengar dit. I 2010 sendte Noreg 400 millionar til Pakistan. Eit land der ein då altså aksepterer steining som straff. (Ein skulle nesten tru at vi er 2000 år attende i tid.)
Fundametalistar og terrorisme får mykje drahjelp av desse pengane vi er så naive å tru at skal hjelpe landet.
Slik eg ser det, kan det berre bety at Noreg er elendige på det å konsekvensutreie det dei støttar. Akkurat det burde vore eit minstekrav, så her er det fleire som ikkje gjer jobben sin.

No kan det sjå ut som om at det også skal bli lovleg med steining i Afghanistan. I dag er det Karzai-regime, og dei vurderer no å innføre steining som straff att. Vi veit jo alle at det var noko som blei brukt under Talibanleiinga i si tid. Så det er ei skrekkens tid mange går i møte.

Å bli steina av di ein har ein mobiltelefon……Hallo?! Det er jo galskap! Det må jo vere av di dei skal ha full kontroll på alle for at dei ikkje skal kunne kommunisere med nokon som helst.
Galskapens verd som gjer at det er lett å bli takksam for at vi har dei moglegheitene vi har.
Så i julerushet og alt det vi tar som ein sjølvsagtheit………. Det er tid for litt ettertanke også.
Å eige ein telefon burde vore ein menneskerett uansett kor du bur. Å ikkje bli steina er ein endå større menneskerett. Verda burde vende seg imot dei til dei tar til vit!

Når eg no eingong er inne på temaet jul og det forbruket vi har, er det vel betimeleg å kome inn på det som omhandlar januar og at folk faktisk gruar seg til det bekkar over til nytt år. Då skal røyndomen innhente mange. Den innhentar dei som kjøpte alle dei dyre julegåvene dei eigentleg ikkje hadde råd til.  Dei ville så gjerne…….men gjerne er nok ikkje dei beste forutsetnadane for å faktisk gjere det.
Likevel, det er forståeleg. Det er det.
Når dei ser alle andre som investerer i dyre gåver, vil dei ikkje vere noko dårlegare. Det er dessutan ikkje særleg kult å sjå borna vere lei seg når dei kjem heim frå skulen og har høyrt om dei flotte gåvene "alle" andre har fått….og så har dei sjølv berre fått ein enkel, "liten" ting som dei ikkje ønsker å fortelle andre om at dei har fått.

Kven er det som har skulda for at det har blitt sånn? Eit spørsmål som i utgongspunktet ikkje er så lett å svare på, samtidig så det er nett det. Det er klart at det er alle oss som har råd til det…… Eg er sjølv ein del av det. Eg brukar masse penger når det nærmar seg jul, og ergo er eg med på å dra lasset om kjøpepress.
Eg veit at eg ikkje får problemar i januar og at eg difor kan gjere det. Likevel….Har vi ikkje alle eit ansvar? Når vi veit om alle dei som sultar? Når vi veit at mange brukar pengar dei ikkje har og må gå i banken og be om ein betalingsfri (eller to) månad på lånet sitt for å få endane til å gå opp?
Det er ikkje så lett……
Eg trur nok det er "for seint" å gjere noko med det no. Ulikskapane er komen for å bli. Det er eg ikkje i tvil om.

I dag har galskapen nådd eit såpass høgt nivå at det er fleire som har innsedd at det fins vikigare ting i livet. Difor er det mange som heller kjøper eit par middagar til nokon som ikkje har råd til det sjølv når dei skal kjøpe julegåver. Dei pakkar berre inn provet på at dei har betalt inn pengar til veledigheit.
Ein fin gest som vi aller fleste har råd til å gjere. Ein gest som er mykje meir verdt enn DS´en til 2400.-, den nye tv´n, fiolinen…….you name it.

Steining set ting i perspektiv. Det gjer kjøpegalskapen også!! Og handelstanden gnir seg berre i fingrane og sjekkar om dei har nådd nye høgder økonomisk i år. Det er det som gjeld. Så kan dei klappe kvarandre på skuldra og tenke at no er det berre eit år til neste gong. (Eeeehhh……feil! Det startar jo allereie i september. I alle fall føles det slik.)

Det er laurdagskveld og her i huset har det gått i biljard store delar av kvelden. Alle som ein, store og "små". Tap og vinn med same sinn. (Det er i alle fall det det heiter.)
No har eg entra dataen og denne sida, og om litt skal eg sjå om det er noko som freistar på tv. Ein etter ein tilter dei i seng, men eg tenker eg ikkje er heilt der enno.

Ha ein fin laurdagskveld og ha ei god natt etter kvart som natta tek til.
Hasta luego! :=)

IWALY!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar