torsdag 12. desember 2013

I dag har eg hatt tidas oppleving! Oh, my God, seier eg berre.
No skal eg ikkje gå inn i djubden på det som skjedde i dag, men eg kan i alle fall seie at det var ei "dette gjer du ikkje heime"-oppleving av dei store. Det inneberer ein god del beis, glasskolbe, steikeomn……tja osv i den duren.
Steikeomnen må sjølvsagt evne å bli varm for at du skal få eit minneverdig resultat, men det er så absolutt ikkje å anbefale. Eg åtvarar deg på det sterkaste.
Til trass for at det kan medføre ein god del fliring, ja så trur eg ikkje du ønsker å få eit kjøkken som ser ut slik som det eg såg i dag i samanheng med denne saka.
(Berre sånn for å ha det sagt……Det er ikkje EG som hamna i noko situasjon Eg berre prøvde å hjelpe etterpå med å få opp messet for å vere grei.)

Shit happens all the time….

Ivar…. Ja, så klarte dei endeleg å få eit mannleg namn på ein storm. Det beste er at det er ikkje snakk om ein tøffelheltstorm. Den tar godt i, så det prover jo godt at det ikkje berre er vi kvinnfolk som er nokre rivjern!

Den ultimate spøk? Å bli lagt i narkose for så, når du vakner, bli fortalt at du har lagt ti år i koma.
Tja…… Eg veit ikkje. Det er liksom anten eller. Anten er spøken fantastisk bra, eller så er den nett det motsette. Det spørs nok kven ein spøker med. Enkelte ville vel ha ledd av det, men eg trur nok fleire vil bli rasande.
Ein må vel hamne i same situasjon for å finne svaret……. (Hahahaha……)

Rune Øygard møtte selv til soning. Hahahahaha….. dagens "beste". Er det slik som i action-filmane? Der har dei stuntmenn der skodespelarane sjølv ikkje tør, kan eller vil utføre handlinga sjølv.
Skulle det liksom dukke opp ein heilt annan person enn Øygard sjølv? Joda…….
Dårlegare overskrift skal ein vel leite lenge etter!
Det verste er at denne overskrifta var ei retting av noko som har stått tidlegare. Så om dei har retta det til at han møtte sjølv, så må det jo berre bety at dei har skrive noko heilt anna tidlegare. Sprøtt! (Eg lurar på kven det er dei har skrive som møtte opp……. )

No har eg lest meg opp litt og det dreiar seg om at dei hadde skrive at han hadde blitt henta av politiet. Jajaaaa…….. Overskrifta er ikkje god likevel.

Bestemødre rundstjal julekake-konkurranse. Thihihihihih….. Eg ser det for meg! Tre eldre damer som stjal over 100 småkaker som var ein del av ein konkurranse. Slu var dei også. Ei av dei spurte om å få sjå eitt av romma for å avleie den daglege leiaren. Så slo dei til!
Er det det vi kallar for "råe" damer?

Hadde dette vore ein del av ein film, hadde vi sikkert sotte heime i sofaen og flirt godt av den artige komedien. I røyndomen er det nok ikkje sikkert at det blei sett på som såveldig skøy.
(Eg tippar også den daglege leiaren vil le av det, berre han får litt tid på seg.

Det står ingenting om dei var så gamle at dei brukar gåstol, eller om det er "spreke" bestemødre. I dag er jo det så mange unge eldre……
Jaja…….. Dei sikra seg i alle fall litt julebakst, så kan dei vel sjølv slappe av på det området. :=)

FpU vil tillate flerkoneri. Jaujau…….. Då må jo vi kvinnfolk også få lov til å ha fleire menn. Det er jo berre rett og rimeleg?!
Det er greit at samfunnet endrar seg over tid, men det må no vel gå ei grense ein eller annan stad?!

Jaja…. Ein artig dag er over, og det er på tide å byrje med planlegginga av kveldens legging. (Det er hardt å vere på topp.) :=)
Ha ein fortsatt fin torsdagskveld og sov godt sjølv om det bles litt rundt om novva.

Hasta luego!

IWALY!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar