onsdag 18. desember 2013

Ja, så har ein fått unnagjort årets julekonsert. Litt sånn halvdau, kom det no nokre tonar ut av minien.  Om eg forstod det rett, var det over 150 tilhøyrarar. Det må vel ein kunne påstå er bra med folk på ein liten plass som dette. Det blei i alle høve ein koseleg kveld!
Diverre klarte ikkje handballen og Noreg å halde den fine kvelden der den burde vere, men vi overlev det også.

Se hva jeg fant i skapet til mor. Mat frå 1986!! No er det berre snakk om krydder, men likevel….. Dessutan, det skapet eller skuffa som krydderet har vore i, har jo neppe vore vaska særleg ofta.
Viss eg skal vaske ein stad der det står mat, sjekkar eg likesågodt om det er noko som er gammalt.
1986…… Det er jo horribelt! (Spør du meg……)

Eg veit berre at eom noko er gått ut på dato, ja då skal de ikkje inn i min munn. I alle fall ikkje om eg er klar over det. Ei uke over tida er meir enn for lang tid på overtid. (Ja, eg veit eg er sær.)

Justin Bieber!! Kva enn ein gjer i denne verda, så fortel ein ikkje Bieber-fans (jenter) at det står på nettet at Bieber skal legge opp som artist!! I alle fall ikkje om målet er at ein skal kose seg i lag heile dagen.

Dagen i dag……… I ein pause oppdagar fleire gutar at Bieber har annonsert sin avgang. Dei klarar sjølvsagt ikkje halde det for seg sjølv og det første som skjer, er at det spreier seg som ild i tørt gras. Plutseleg dukkar det fleire gutar opp og seier ifrå om at det er krise ute og går. Jentene strigret av di dei har fått seg eit kraftig "slag" i magen. Bieber, verdas "alt" kan jo ikkje berre sånn heilt utan vidare slutte av??!! Joda………MEN det kunne vi jo ikkje svare. Gode råd blei dyre og vi endte opp med å seie at vi var rimeleg sikker på at det kun var eit PR-stunt, eller at det er nokon som har spreidd noko som ikkje stemmer. "Dåkker veit jo at det er slikt som skjer heile tida. Bieber er sjølsagt i ein slik posisjon at han kan bli utsatt for det." "Buhuu……………" Ikkje snakk om at den beskjeden kom fram………
Så eg tenker det er fleire frustrerte mødre og ikkje minst fedre som er bra fortvila i kveld.
Har dei ikkje tidlegare harr problem med at ungdomen deira låser seg inn på rommet sitt (og nektar å kome ut), ja så opplever dei nok nett det i kveld. Det er nok landesorg blant store delar av jentene mellom 10 og 20 år her til lands.
(No står det no vitterleg i avisa at det er snakk om ta pause fram til at han finn ut kva retning musikken hans skal ta, så han kjem vel sterkt attende.)

Jaja, Bieber meg her og Bieber meg der. Gid eg hadde ein eg såg like mykje opp til som desse jentene har. Eg trur nok aldri at eg har vore så "inne i" ein kjendis. Det næraste må vere Johan Olav Koss (men han var/er jo då ikkje særleg musikalsk). Årsaka kan ikkje ha vore anna enn at eg må ha syntes at han var ganske "hot". Det var jo snakk om eindel musklar og Johan Olav Koss (på den tida) var jo rimeleg fin å sjå på når han hadde bar overkropp. Akkurat det er det vel ingen som kan seie noko på.

Bieber……. Tru kva for eit comeback han får når den tid kjem. (Kanskje det er nett det som er målet?!)
Det går i alle fall like hardt inn på tilhengjarane hans som tapet av handballkampen i kveld har gått inn på dei norske handballspelarane. Så kan ein jo sette dei to sakene opp mot kvarandre og vurdere…….

Forsøkte å bytte til seg en øl mot en stjålet alligator. At enkelte ikkje er riktig rett, tja…det lurer vi strengt tatt ikkje så veldig mykje på. Vi veit!
Du er i alle høve tørst om du hamnar i ein slik situasjon og samtidig passe dum.

Stripset fast barna sine til stoler mens de var i butikken. Kanskje oppfinnsamt, men dog ikkje særleg smart. Eg reknar med dei fleste vil påstå at noko slikt er bornemishandlling……
Kva om det hadde starta ein brann i det tidsrommet dei foresatte var borte? Eg tør nesten ikkje tenke tanken.
Det verste er at dette er sikkert ikkje eit eineståande døme på slikt. Eg er ikkje i tvil om at det er fleire som kan finne på slikt.

Det blør i eit mammahjarte å lese slikt. Ein tar ikkje ifrå eit born sjansen til å kunne rømme om det skulle bli nødvendig.
Tru for ein skrekk det ville ha vore for borna om dei måtte ha stirra på at flammane nærma seg dei med stormskritt. Smerten dei ville følt når flammane tok tak i dei……… Fy flate, eg kjenner eg blir sint!
Å skulle leve vidare etter noko sånt…..ja, eg veit ikkje korleis nokon som helst ville klart det.
Stripsa fast……

I denne saka er straffen på 6 og 8 månadar. Mora og stefaren får ulik straff. Stefaren for å feste dei og mora for ikkje å gripe inn og stoppe det. Begge deler, spør du meg, er vel akkurat like ille?

Eg veit ikkje, men eg syns eg til stadigheit les om mødre og stefedre som blir tatt for mykje rart når det gjeld born. Kva er det med relasjonen born og stefedre? Og kvifor lar mødre seg styre til å delta på slikt?
Eg er klar over at eg er ute på ganske djupt vann her, og eg kjenner personleg mange stefedre. Eg har ikkje noko grunn til å tvile på at dei gjer ein utmerka "jobb". Det er berre det at det er fleire og fleire saker som kjem fram, og då er det ofte denne relasjonstilknyttinga som står i fokus.

Stefedre kan nok vere blant dei beste foresatte på jord, i alle fall fleire av dei. Dei knyttar seg til borna og er med på å gje dei ein trygg oppvekst. Likevel er det då desse sakene som media hostar opp og som rystar meg.
Rystar meg på ein slik måte at eg ikkje skjønner kvifor mødrene ikkje berrre gjer dei avslag på grått papir.
Like fort tenker eg "Stakkars lille meg, eg veit nok ikkje stort…..Det er lett å sitte på sin høge hest og anta, medan sanninga er at det er nok er mykje vansklegare og større enn det kan sjå ut som. Og at i slike saker er det "skummelt" å berre anta når ein eigentleg ikkje veit ein skit om korleis andre har det."
Det er likevel ikkje så lett å å la vere "å bry seg" når det kjem til slike saker. Når ein les om små born som er skada, eller har døydd av skadar dei har blitt påført. Det gjer berre vondt å lese eller høyre om slikt.

Eit nytt forhold til ei som har baggasje i form av born, er det same som å tenke at ein får ein pakke. Når pakken opnast, pakkar ein ut både mor og born. Anten må ein ta imot heile pakken, eller så må ein berre la vere å ta imot noko som helst. Borna er jo uansett alltid uskuldig i det heile. Utan unntak!
Så kan ein ikkje klare å fungere med borna, kan ein heller ikkje vere i det forholdet. Borna er uansett det viktigaste.

For all del……… Eg har skrive stefedre…… Det kan sjølvsagt gjelde stemødre også. Det er slett ikkje slik at alle stemødre er nokre unikum av menneske. Det er berre det at stefedre tronar høgare på statistikken når det kjem til slike saker.
Heldigvis kjenner eg fleire snille og gode stefedre som i mange samanhenger kan kallast for unikum.
Dei som ikkje er grei, er nok spreidd ut over det ganske land og forhåpentlegvis er det ein liten prosentvis andel som er slik. Vi kan aldri vite……..

No skulle eg eigentleg sjå om eg ikkje kunne kome over ei gladsak, men eg fann liksom ikkje heilt motivasjonen til det etter å ha lese om desse borna som blei stripsa fast til stolar. Det er berre trist.
Så då tar eg heller kveld og kjem sterkare attende i morgon.
I alle fall……Ha ei god natt og sov godt!

Hasta luego! :=)@

IWALY!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar