torsdag 5. desember 2013

Det snør, det snør! :=) Eg har akkurat vore ute ein tur og måka litt snø. Det er nok ikkje første gongen for i dag, så litt trim har det no blitt. Kanskje akkurat nok til å ta knekken på den sjokoladebiten eg "sneik" i meg i stad.
Brøytebilen er visst langt unna i dag, men det betyr vel berre noko så enkelt som at det sikkert er andre som har trengt han meir enn eg på ein slik dag.
No er det i alle fall mogleg å få bile ut av garasjen, ein kan gå "tørrskodd" i postkassa og verandaen kan brukes til herleg utekos for den som måtte ønske det! Den er i alle fall så og seie fri for snø no, og vi har no nokre kvadratmeter med veranda…..

No skal eg ta meg ein tur inn på nettet og finne gode tatoveringsforslag til ei venninne som har tenkt å dekke kroppen sånn halvvegs. Ikkje noko "gud kor fin"-tatovering, men meir sånn der "wow, den var råstilig!".
Eg har jo då allereie komen med enkelte forslag som innebærer litt tekst. Då lokalisert til nederst på korsryggen. Sjølv trur eg at eg skal løfte opp hengepuppene og få gravert inn "Kva er det du glor på?".
Venninna mi har ikkje dei største hengepuppene, så i ei slik sak kjem ho litt til kort, så då er det jo berre rett og rimeleg at ein annan må overta den idèen.
Korsryggteksten hennar blir likevel tusen gonger betre!

Tatoveringer, silikon i puppane og botox i "facen". Tru kor fin ho skal bli?! (Berre så det er sagt…….Det er ikkje eg som har funne ut alt dette. Det har ho sjølv fint klart. Eg berre hjelper ho litt på veg.) :=)
Enkelte er tøffare enn andre og når eg møter min overmann (kvinne), så er det jo berre å bøye seg i støvet og seie "go for it".

Det stoppar ikkje der. Viss ein skal kjøre stil over heile linja, ja då må ein jo gjere det. Skal det inn litt botox, silikon og tatoveringer, ja då manglar berre motorsykkelen. (For ei rype det kjem til å bli!)
Ho er langt ifrå overgongsalderen, så det er ikkje krisa som har tatt ho. (Det kan vi like.)
Det blir så heftig at eg tør jo aldri å seie kven det gjeld. (Med mindre det er mange som vil sponse ho, for då kan vi jo opprette ein eigen sykkel/fiksepåkroppen-konto.)

Dette kan gjøre deg syk. Å dusje for ofte…….. Hmm, kanskje det faktisk kan gjelde meg?! Eg er i alle fall slik at ein varm dusj er nødvendig på morgonkvisten før eg går på arbeid. Eit "must", liksom, som eg nok deler med mange andre også.
Dusjer ein for ofte, kan ein forstyrre kroppens bakterieflora. Det er sjølvsagt ikkje bra, men eg trur nok at det helst gjeld dei som dusjar fleire gonger pr dag. Dei fins dei også.
Huden blir uttørra. Fettlaget på overhuden blir vaska bort. Så har du eksem, ja då bør du i alle fall passe deg!

Før i tida dusja ein av helsemessige årsaker. Det er ikkje tilfell i dag. I dag dusjer vi av årsaker som er av sosial og etisk art. Vi må vere reine for at vi skal føle oss vel og slik at vi kan føle oss komfortable i sosiale settinger.

Bakteriane som beskyttar oss mot infeksjonar og som kontrollerer inflammasjonar blir også hardt råka av den stadige dusjinga vår.
For all del……dette gjeld ikkje hendene våre!!! Det er nok av dei som gjer sitt fornødne og som kjem ut av toalettet utan å ha hatt nevane under vatn. Isj…….

Eg kjem vel til å dusje i morgon tidleg att. Eg les kva som står om dette, og så fortset eg akkurat som før. (Noko eg trur gjeld dei fleste.) Eg vil tru at det skal litt meir drastiske ting til for å endre folks vanar.

Jonathan kunne gå og snakke da han var 7 mnd. Nå er han ett år, bruker laptop og danser Gangnam style. Hahahaha…Rått! Det var i alle fall det første eg tenkte. Heilt til eg faktisk byrja å tenke! Thihihihi……….
Vel, no er det jo ganske unikt å snakke og gå i ein alder av 7 månadar. Likevel, å bruke laptop i ein alder av eitt år treng jo nødvendigvis ikkje bety så mykje. Det spørs jo i kva grad han klarar å nytte den.
(Eg har enno ikkje opna saka, så det attstår å sjå.)
Gangnam style……..Det er kult det. :=)
(Det som også er sikkert, er at ut ifrå biletet av han, ser han superkul ut!)

Når eg opnar saka, viser det seg at det er ein artikkel som omhandlar spørsmålet "Er livet en konkurranse?" Hovudfokuset på artikkelen er ikkje denne lille guten. Han er berre brukt som eksempel.
Kor kult er det at bornet ligg i vogna og berre seier babababa, medan poden i nabovogna (same alder) seier "Tusen takk, mamma!"
Det betyr berre enkelt og greit at fokuset er at born er ulike og dei utviklar seg i ulikt tempo. Så kan vi spørre oss om det er så viktig å samanlikne borna våre med ndre sine born.
Så vinklininga var nok ei heilt anna enn den eg hadde sett for meg før eg opna saka.
Så var det kanskje meininga at det var det eg skulle gjere, også? For kven kan forutsjå at eit bilete av ein gut på eitt år med teksten "Jonathan kunne gå og snakke da han var 7 mnd. under seg" eigentleg er relatert til det som teksten eigentleg tar for seg? Vi fekk inga hint…….

Nei, det er på tide å få min eiga pode i seng. Ha ein fortsatt fin kveld!!
Hasta luego!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar