søndag 1. desember 2013

Denne knetta har intatt horisontalen for resten av kvelden. Frå eg stod opp i morges, har eg vore på føtene konstant. Eg hadde ikkje baken til kvile ein einaste gong før det blei servert middag, og det var ikkje før kvart på ni. Litt vel lovleg sein middag, men av og til må det berre bli slik.
Det einaste eg veit, er at eg er veldig glad for at det er sundag i morgon og ikkje ein vanleg kvardag.

I dag har eg vore sånn høveleg passe effektiv. Dagen starta med produksjon av heile tre svære sylterullar. Så var det speling til julegrantenninga, før det bar heim til sying av kjøttrullar. Så då blir det jul i år!
Det tar si tid å skjære kjøtt, så difor den seine middagen. No er den fortært og eg kjenner at det ikkje er så mykje energi att av dagens dose. Difor blir det sofaen resten av kvelden, noko som passar bra av di det akkurat no byrjar ein film på Tv2. (Det er ikkje alltid at eg klarar å få med meg ein film heilt frå byrjinga av…..så det er jo litt unikt det!)
Med dataen i "fanget" så er jo sjansen stor for at eg får med meg heile handlinga.

Akkurat no kunne eg tenkt meg ein "privat butler", men han er diverre oppteken med å lese for minstemann.
Det ville vore "berre lekkert" om eg kunne løfte fingeren og seie at det ville vore fint med litt brus og popcorn, for så å få det plassert rett foran nasen min, sånn heilt utan vidare.
No må eg diverre løfte den godt plasserte ræva mi ut av sofaen, gå alle dei femten stega inn til kjøleskapet og sørge for å diske opp med det eg vil på eigenhand. Kjipe greier……….. :=)

I morgon er det første desember, så det betyr at adventskalendaren måtte gjerast ferdig i dag.
I den samanhengen måtte eg jo berre så fint påpeike at det fins dagar der det er ganske ok å vere mann!
Ikkje det at eg trur at ingen menn pakkar inn adventspakkar, men eg trur nok ein stor del, prosentmessig, går i favør kvinner der. (Med mindre det er nokon som har kjærring som forlangar at ho også skal ha kalender. Kvifor har ikkje eg tenkt på det før?)

Sånn eigentleg skulle eg nok ha gjort innpakkinga og opphenginga sånn sirka akkurat no. No er eg "åleine" og det kan ofte vere ein føremon.
Eg har ikkje talet på kor mange spørsmål eg har fått om kalendaren til no og om kva som er inni.
I tillegg kom det eit hint om at ein må jo kunne starte oppakkinga av første gåve no i kveld? Det er vel ikkje nødt til å vere slik at ein skal vente heeeilt til i morgon……..
For så i netse augeblikk seie "Mamma, dersom æ lar vær å åpne kalendergavan nu og heiller venta tell i januar…….. Kan æ då få 500 kr hos dæ?" "Smartass"……….. Økonomen sjølv!
Han er pinadø verre enn mora!

Jaja, kalendaren er komen opp på veggen. Eg reknar med at han spør om han kan få stå opp klokka halv sju i morgon tidleg, og mora kjem til å bli irritert for at ho blir vekka så tidleg. (Normalt vil han sove myyyyykje lenger.)
Sånn kjem dagane i desember til å gå! Hadde det berre ikkje vore så vanskeleg å hugse attende kor spent ein sjølv var når det nærma seg jul.

Marinbiolog klager på manglende hummersex. Han klagar på at hummaren ikkje får seg eit nummer. (Kanskje hummaren held på å ta att menneska?)

Hovudproblemet er at hummaren ikkje får vekse seg stor nok til at den kan ha verknadsfull sex. Ergo blir heller ikkje den gruppa noko større. Akkurat som om det skulle uroe denne knetta….. Eg er vel aller helst berre glad til. La dei få lov til å la vere å ha sex, så kanskej dei blir borte.
Det er ikkje så ufatteleg kult om ein av dei plutseleg et av meg stortåa mi, eller noko i den duren.
Det kan godt gjelde tåa di, for den del…. Hummaren har sterke klør, den. Det kan umogleg vere deileg å hamne blant dei!

Leveforhold for hummaren…………Vi menneska skulle vel kanskje hatt dei same forholda, så hadde folketalet synkt litt. (Sjølv om livet ville blitt betrakteleg mykje kjedelegare for mange……..)

Her legges nissefar i jern. Jaujau….. Det må jo berre vere kult å vere politi når du får sette handjern på nissen, eller…? Kva er vel større enn nett det?
Eg kan tenke meg eitt alternativ, og det er berre av di eg kjenner ein "kul" fyr som hamna i den situasjonen. Det eg snakkar om er å sloss med nissen.
Ein kompis av meg og broren hans var på bytur og sjølvsagt klarte dei å provosere ein nisse og det heile endte med at dei byrja å sloss. Hehehe…….

Normalt ville eg aldri ha flirt til det at nokon har sloss, men akkurat denne episoden er superkomisk. Superkomisk fordi det kun er han (og broren) som kan hamne i ein slik situasjon OG samtidig vere dei einaste i denne verda som faktisk ikkje er i stand til å sloss med nokon som helst.
Dei skyr unna trøbbel og når dei for ein gong skuld skulle hamne i bråk………så måtte det jo sjølvsagt vere med nissen!

Vel…..for å få pakke av nissen må du ha vore snill i år. Kva gjer du då når det er nissen som har vore ulydig? Då blir det vel krise?!

Nei, no har eg verkeleg sulla bort fleire timar på å skrive så kort som dette. Filmen som Tv2 har sendt, var visst hakket betre enn forventa og eg klarte ikkje å halde augene borte frå skjermen. Så eg som trudde at det kom til bli mest skriving og lite tv……eg må tru om att. Berre at no veit eg det blei motsatt.
Filmen nådde heilt inn til hjarterota og for første gong har Will Smith klart å "sjarmere" meg.
Joda……Will Smith er ikkje så ille å sjå på, men han likevel aldri vore favoritten min. Langt ifrå.
I denne filmen har han ei heilt anna rolle enn den tøffe fyren han brukar å bli framstilla som. Det gjorde inntrykk……. (Spesielt truverdig at eg seier det når eg ikkje eingong veit tittelen på filmen. Hehehe……)

I og med at kvelden har spelt meg "eit puss", trur eg nett at eg skal vente med å plage dei små grå til i morgon. (Det er farleg å tenke så seint på kvelden.) Når eg først er på lag med tv´n, er det berre å fortsette med det. Det kan jo bli riktig så triveleg.

Stjerna er komen opp, adventsstaken, gardinene, kalendaren…………Då er ein vel sånn passe i rute med førebuingane tilførste sundag i advent. Det er berre om at ein hugsar at ein skal tenne eitt av lysa i morgon.
Denne knetta er såpass "svimmel" at det kan ho fort gløyme. Staken står der, men det er likevel ikkje logisk at ein skal kople tankane i det augeblikket ein ser staken. Slik er det berre…….

Ha ei god natt! Sov godt!
Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar