torsdag 28. november 2013

Jomfru Knutsen har hatt husmordag. Sylterullen er akkurat ferdig og er lagt i saltlake for dei neste tre dagane. Den ser riktig så god ut der den ligg. Eplekaka er komen i frysaren og i tillegg har krumkakene kommet seg i boksen der dei høyrer heime.
No er horisontalen inntatt i sofaen og her har eg tenkt å vere dei neste timane til senga overtar.

Arne (90). Då 90-åringen først blei tatt utan å ha tilgjengeleg flytevest i båten, fekk saka mykje merksemd pga at han nekta å vedta bota. Store deler av folket engasjerte seg i denne saka og kommenterte kor kuldei syns 90-åringen er.

No er det slik at det eigentleg blei litt artig og alt det der i den kategorien. Etter å ha lest om det gong på gong no, er eg eigetleg berre mest lei heile saka. Det er til og med oppretta eiga gruppe som talar hans sak.
Det er nett det siste som eg syns blir litt overdrevent. Fleire og fleire heng seg med på dette, og då blir spørsmålet mitt: Kva er det som er så spesielt med denne karen at han skal ha noko særhandsaming i forhold til alle andre? 
Viss han skal få slippe unna, ja då kjem vel aldri eg heller til å akseptere det om eg blir stoppa for det same. At han er 90 år har vel ingenting med saka å gjere. I utgongspunktet skal lova vere lik for alle.

Det som gjorde denne saka artig, til å byrje med, var jo språket og måten han svara politiet på. Han blei sett på som litt kul. Han er jo trass alt 90 år og då er det jaggu meg sprekt at han er ute og fiskar på eigenhand.
Likevel, ein opparbeider seg ikkje fripass hos politiet etter kor gamal ein er. Så difor klarar eg ikkje å henge med når "alle" tar saka til nye høgder.
Mannen har fått eit forelegg og det er jo berre å betale det. Sure pengar, men det er det også om du blir tatt i 10 km/t over fartsgrensa også, eller om du køyrer utan bilbelte.

For all del…Mannen er kul, men sympatien han får blir heilt………
I det augeblikket vi seier til politiet at dei ikkje skal handheve lova…….
Ein treng ikkje alltid vere einig i alt dei gjer, men det er faktisk ikkje våre private meiniger som skal legge grunnlaget for kva dei reagerer på.

Norwegian-fly var nær ved å styrte. Vi snakkar 2.juledag i fjor. Eit heilt år etter kjem det i media. Så kan ein spekulere på kvifor det kjem akkurat no OG kvifor fekk vi ikkje vite om det i fjor?
Det er jo ikkje så tillitsverdig om slikt skjer og det berre blir tidd ihel………

Dei som kun svergar til SAS og Nowegian av den grunn at dei er dei einaste som er sikker å reise med….. Tja, kanskje ikkje heilt rett.

Kjøpte lik-henger for 6000 kr. Bardu sokn skulle kvitte seg med ein likhengar og fekk den solgt ganske umiddelbart. Prisen var 6000, men hadde dei holdt urpittelitt att, ville dei ha oppnådd eit mykje høgare beløp. Hengaren fekk viss bra mykje merksemd og kanskje mest etter at den blei seld.

Kva skal ein liksom gjere med ein lik-hengar? Då tenker eg på vanlege menneske……….for det var ein privatperson som kjøpte den.
Svara kan vere mange. Enkelte av dei står på nettet……..
At enkelte ville ha den som rekvisitt eller til eit gravferdbyrå, er ikkje rart…..MEN det ar ein mann som faktisk ønska å kjøpe hengaren av di han ville innreie den til ein sovehengar med to senger i! (Det fortener vel eigentleg eit tonn med utropsteikn bak, men då blir berre klokka så mykje før eg blir ferdig.) Hahaha………..

Likhengar - sovehengar……so what? It´s just the same. Særleg.
I mitt hovud så betyr det berre at det fins galne menneske i Noreg også. Å kjøpe ein likbil for å sove i den er berre sååååååå ekkelt.
Eg klarar ikkje i min aller villaste fantasi å sjå for meg at eg skulle klare å legge meg til å sove i ein bil som eg veit har vore brukt til å frakte daude menneske i. No way!
Det hjelper fint lite om bilen er nedvaska. Assosiasjonen vil alltid vere der, uansett.
(Berre så det er sagt……I min fantasi går det meste an, så det må jo berre bety at dette er creepy.

Visste du at over 80% av hjernen er vann? Det forklarer jo ein heil del!! Thiihi……… Har du ikkje svømmedyktige små grå, så slit du…
Eller…….at griser ikkje kan svette og at elefanta ikkje kan hoppe? Jaja, takk Gud for den siste!

Kontorpulten din har 400 gonger meir bakteriar enn ei doskål. (Oppløftade, eller?) Det vitat jo berre om at vi må ta kluten over pulten hakket oftare enn det som skjer no. (No er det berre til jul og sommar - på arbeid vel og merke…)

Det er berre tre kongar i kortstokken som har bart! Hjarterkongen har det slett ikkje. (Ja, det er berre å sjekke. Du blir ikkje lurt.)

Nei, når jomfrua byrjer med slike tullesetningar som dette, tyder det i særs stor grad at ho er stuptrøytt. Det betyr med veldig enkle ord på norsk at det er leggetid. Augene har vel hatt ein tendens til å leve sitt eige liv dei siste minutta, så det er nok på tide at eg tar hintet.
Eg skal heller sørge for å slå til på ordentleg i morgon kveld!
Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar