søndag 24. november 2013

Då ørna var mindre enn ein meter unna! Jomfrua har vore "farleg" nær ei ørn i dag. Det var aldri direkte farleg, men nær var ho. (Eller han for den del. Eg er ikkje så inne på ørn at eg kan definere om kva kjønn fuglen har.)
No hadde eg tenkt å lage ei lita fantasy-forteljing her aller først, før eg skulle avsløre at det ikkje var heilt slik som forteljinga seier. (Det er jo trass alt mykje ein kan sjå for seg når det er snakk om ei ørn, ei jomfru og ein avstand på under ein meter.)

No har eg fleire gonger her skrive at det var under ein meter i mellom oss. 10 cm er kanskje litt meir korrekt å seie! Hadde det heile skjedd i ei anna setting, hadde eg nok vore hakket meir redd enn det eg var i dag. Enkelt og greitt fortalt så er det ikkje kvardagskost at ørna stirrar denne knetta rett inn i kvitauget!

Det heile utarta seg på følgjande vis……… Jomfru Knutsen sat i eigne tankar (i bilen) medan ein annan viss kar sat bak rattet og skulle sørge for å halde bilen på vegen. Det siste var kanskje ikkje så vanskeleg når det er på ein "avsides" veg der det ikkje er forsvarleg å halde meir enn 40 km/t.
Uansett…… Plutseleg utbraut han "Sjå ørna!", noko som sjølvsagt fanga merksemda mi og eg stirra rundt meg (lettare febrilsk) utan at eg klarte å fange ørna med synet mitt.
Plutseleg hadde han køyrt rett opp på sida av ørna som sat så fint i vegkanten saman med nokre kråker. Utan at eg veit det, vil eg tippe på at det låg eit eller anna dyr i veggropa som dei forsynte seg av då vi dukka opp på eit ubeleileg tidspunkt for desse krapyla.
Fyren tenkte sjølvsagt ikkje på at han skulle stoppe bilen ein god del tidlegare slik at eg kunne få ta eit supert bilete. Det ville jo ha blitt eit fantastisk bilete om eg kunne fått eit bilete av ein ørn på få meters avstand.
Istadenfor stoppa han opp på sida av ørna og ørna valgte då å lette urpittelitt. Det vil seie at ho steig opp i høgde med bilvindauget på mi side. Noko som gjorde at eg fekk okesterplass! Vingen strauk over sidespegelen og augene på ørna stirra rett på meg. Eg turte sjølvsagt ikkje å opne vandauget. Ikkje av di eg var redd for at ørna skulle fly inn i bilen, for det var den for stor til. Eg veit eigentleg ikkje kva som stoppa meg, men noko var det i alle fall. At mobilen låg i lomma, klarte eg sjølvsagt ikkje å tenkte på før det var for seint. Då eg kopla at eg kunne forevige det heile med mobilen, fann fuglen ut at den likeså skulle ta seg ein liten flytur.
I og med at vi skulle nå ei ferge, måtte eg berre innsjå at det ikkje var tid til å vente på at den skulle kome attende for å gjere seg ferdig med det den var starta på.
Likevel……. Det var berre ruta mellom ørna og meg, og det var eit frydblanda augeblink!

Yngstemann i huset er straks 20 kroner rikare. 20 kroner, som ikkje er all verda til sum, men sjølv ein slik symbolsk sum er lykke på jord. Dette av di desse 20 kronene er vunne eit veddemål mot ei av kollegaene mine.
No skal det også poengterast at det ikkje er første gong at dette skjer. Det same skjedde faktisk på same tida i fjor. Vi snakkar "Skal vi danse" og kven som kom til å vinne heile showet.

I fjor, etter første episode, sa gutungen at Hanne Sørvaag kom til å vinne heile greia. Alle som fulgte med på programmet veit jo at ho gjekk vidare og vidare og vidare.
Så dukka kollegaen min opp og sa at dersom ho Hanne vann, skulle han få 20 kroner og viss ho ikkje vann, skulle han gje ho 20 kroner. Hanne Sørvaag vann og gutungen blei 20 kroner rikare.

I år, etter første episode, sa han at Eirik Søfteland kom til å bli årets vinnar. Kollegaen min inngjekk same veddemålet i år. Viss Eirik kom til å vinne heile skiten, skulle han få 20 kroner.
I føremiddag tok han telefonen min og ringte ho opp. "Æ ska ha tjue krona hos dæ!" Hahaha……. Herleg! Så høyrte eg berre "Ja, det går bra", og reknar med at det blei avtala korleis pengane skulle bytte eigar.

Har ørret hukommelse? Det er spørsmålet som blir stilla på VG sine nettsider. Ikkje veit eg svaret, ikkje har eg tenkt å sjekke opp svaret og eigentleg er berre spørsmålet teit. Teit nok til at eg hengte meg opp i det! :=)
Kva er det eigentleg ørreten treng å hugse? Kva veg kompisen svømte? Viss han ser forskjellen på dei…….

Sier hun kan lese dyrs tanker. Hahaha….. Skikkeleg kul greie å trakte etter. Eg veit ikkje heilt om eg ville ha visst kva ein hund tenker når eigaren brukar "babystemme" til han, eller kva som eigentleg foregår oppi hovudet til ei papegøye når ho seier "Polly vil ha mat".

Nina, som kvinna heiter, påstår at hunden har betrodd seg til henne. Han har sagt at det er ei "jente" han ønsker å tilbringe meir tid saman med.
Vel…… Ein slik ting kunne sikkert eg også klart å tippe meg fram til. Det er jo berre å sjå om hunden lograr litt ekstra når jenta er tilstades. Då skjønner ein jo at noko er på gong blant hormonane til den mest sannsynleg virile hunden.

Hmmm…… Det viser seg visst at hunden er ei guttejente. Ein maskulin type, men i kvinneform.
Det er vel med hundane som med oss menneske. Vi er alle ulike og kanskje er dette ein transvetitthund??? Who knows?
Viss hunden nektar å ta på seg kjole, så får vi kanskje svaret på det.
I alle fall…….om hunden har betrodd at ho vil møte ei anna jente, er det ikkje sikkert at ho er så viril likevel. Så feil kan ein ta!
Når jenta i tillegg er ei menneskejente på fem år, knuses alle tankar denne jomfrua har hatt om saka. Alle argument er smuldra opp og skulle det vise seg at det er ei femårig jente som hunden av og til brukar å vere med, ja så kan vel denne Nina lese hundens tankar også!!

Nei, ei avslappandes helg er over…..I den grad ein kan kalle det å bruke laurdagskvelden til å rette matteprøver og norskinnleveringar for å slappe av. Hyttelivet har vore særdeles avslappande, der høgdepunktet var å fordype seg i boka om hundreåringen som stakk av frå sjukeheimen på sjølvsaste stordagen sin. Ei fornøyeleg bok på 400 sider. Viss du klarar å sjå det heile for deg medan du les, vil du garantert flire fleire gonger.
No er ho ferdiglest og skal plasserast attende i bokhylla, med mindre nokon hyler ut og vil låne den. Den er i alle fall verdt å lese.
Det er inga krimhistorie, sjølv om det at ein hundreåring tilsynelatande tar livet av tre unge vaksne og stikk av med 50 millionar. Tja……. Eg veit ikkje. Kanskje det er litt krim i det likevel. Humorkrim!!

Ha ei fantastisk fin natt med mykje god svevn!

Hasta luego!

IWALY!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar